14 0 13/2 0 E 2 G LE BARNEHA AL V AN // ÅRSPL

Like dokumenter
ÅRSPLAN VALLE OG HYLESTAD BARNEHAGE 2015/2016

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Velkommen til foreldremøte

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN VALLE BARNEHAGE 2014/2015. Det er godt å vere meg!

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Knøttene familiebarnehage

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

LEKER'N ÅPEN BARNEHAGE

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

Vetlandsveien barnehage

Furuhuset Smart barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Klatremus familiebarnehage avd. Knerten

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Øystese barneskule April - 08

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

FORELDREMØTE PICASSO LEK, LÆRING OG OMSORG

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Åpen Barnehage. Familiens hus Hokksund. Vil du vite mer, kom gjerne på besøk. Våre åpningstider:

Årsplan 2013/2014 HYLESTAD BARNEHAGE

Velkommen til. Kringletoppen barnehage

Virksomhetsplan

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember

Blåbærskogen barnehage

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

ÅRVOLLSKOGEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

Steinspranget barnehage

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Velkomen til Mork barnehage

Telefon: Webside: ÅRSPLAN progresjonsplan og kalender 2016

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

ÅRSPLANEN 2015/16 VI ER BEST SAMMEN

Årsplan for Sjøstjerna barnehage

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

KANUTTEN PRIVATE FAMILIEBARNEHAGE. Årsplan

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Mellombølgen barnehage

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Alna Åpen barnehage - Tveita

ÅRSPLAN BARNEHAGEÅRET 2012 FOR HØYSPENTEN BARNEHAGE. Tlf: , Adresse: Myrullveien 9, 9800 VADSØ

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet.

KROPPANMARKA BARNEHAGER. Okstad og Okstadvegen barnehager. VIRKSOMHETSPLAN for

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

PEDAGOGISK ARBEIDSPLAN FOR ELGEN HØSTEN 2014

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

Plan for Liabygda SFO

Ellingsrud private barnehage Årsplan

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Barnehagen mål og satsingsområder.

Grorud Åpen Barnehage

Tilbudet til barn og familie skal ha høy kvalitet Hva er ditt bidrag? Om krav og forventninger som følger med godkjenning

10/60-14/N-211//AMS

OMSORG // ANERKJENNELSE // RESPEKT

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage

Bærekraftig utvikling

Barnehagebruksplan

Plan for overgangar. for barn og unge

Oslo kommune Bydel St. Hanshaugen ÅRSPLAN. Melkeveien barnehage. progresjonsplan og kalender. Telefon: Webside på kommunens portal:

Transkript:

ÅRSPLAN // VALLE BARNEHAGE 2013/2014

2

ÅRSPLAN // VALLE BARNEHAGE 2013/2014

HENSIKT MED ÅRSPLANEN Lov om barnehagar og rammeplanen er saman med kommunale planar styrande for barnehagen si verksemd, og er ein forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av verksemda. Alle barnehagar skal ha ein årsplan som presenterer barnehagen. Årsplanen har fleire funksjonar: Eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet til å styre verksemda i ei bevisst retning. Eit utgangspunkt for foreldra til å kunne påverke innhaldet i barnehagen. Eit grunnlag for det kommunale tilsynet med barnehagen. Ein informasjon om det pedagogiske innhaldet til foreldra, politikarane, kommunen, samarbeidspartnarar og andre interesserte. Utarbeidinga av årsplanen vert gjort felles i personalgruppa. Gjennom refleksjonar, drøftingar i grupper vert barnehagens pedagogiske innhald utforma. Godkjent i samarbeidsutvalet 11.juni 2013. 5

6

BARNEHAGEN SITT VERDIGRUNNLAG Me ynskjer at alle barn skal ha ein god kvardag i barnehagen, der kvar og ein skal føle seg verdifull for den dei er. Kvart barn er unikt og det skal få komme til uttrykk hjå oss. For oss er det viktig at barna kjenner på tryggleik, glede og omsorg i barnehagen, samt at dei får nok mat, kvile og tørre klede. Det skal alltid vere rom for å ha eit godt fang å krype opp i når ting vert vanskeleg. Dei vaksne sine haldningar er veldig viktig for at me skal få gjennomslag for verdigrunnlaget, difor har dei fått vere med på å danne dette. Me ynskjer at barna skal oppleve at me har tillit til dei, og ser på dei som kompetente menneskjer og anerkjenner dei med å lytte, bekrefte, vise forståing, aksept og toleranse for dei og deira meiningar. Då må me vaksne vere svært sensitive ovanfor barna og gje dei rom for gode samtalar, leik, utfordringar og mestring. Samstundes skal kvardagen i barnehagen bere preg av mykje humor og glede, for målet er at alle skal glede seg til å vere i barnehagen. Me vil også at barnehagen skal vere ein plass der barna opplev å verte møtt med mykje moglegheiter og JA. Me meiner at det viktig at me i det daglege har fokus på skikk og bruk, som å vere høflege ovanfor kvarandre, gode bordmanerar, spørje på ein grei måte og takke for seg. Presentasjon Valle barnehage opna i 1993. Den er i dag ein treavdelingsbarnehage for barn 0 6 år. Barnehagen ligg på ein teig under garden Harstad i Valle Kommune. Barna er fordelt på ei småbarnsavdeling 0 3 år og to 3 6 års avdelingar. Uteområdet er oppgradert i 2012 og framstår som ein spanande plass til uteleik og friluftsliv. Me har om lag 20 mål og berre delvis inngjerda. 7

TILSETTE I VALLE BARNEHAGE Magnhild Hovet, styrar Tlf. 379 37 590 / 928 31 727 magnhild.hovet@valle.kommune.no Ingunn M. Viki, pedagogisk leiar Tlf. 945 04 413 ingunn.viki@valle.kommune.no Anne Løyland, førskolelærar anne.loyland@valle.kommune.no Marianne Rysstad, førskulelærar marianne.rysstad@valle.kommune.no Jannicke Ruud, pedagogisk leiar, Tlf. 945 04 414 jannicke.ruud@valle.kommune.no Ingeborg Åkre Løyland, fagarbeidar Ingebjørg Aabø, assistent Eli Andersen, fagarbeidar Grete Rike Uppstad, fagarbeidar 8

Astri Viki, fagarbeidar Marianne Trydal, fagarbeidar Anne Uppstad, assistent Vikar for Trine Brottveit. FASTE VIKAR Eliezer Ivan Mendez Det kan skje endringar i personalet i løpet av året etter barnegruppa sitt behov og dei tilsette sin kompetanse i samband med dette. 9

VISJONEN VÅR ER LÆRING GJENNOM RØRSLE OG DET SKAL VERE GODT Å VERE MEG For å jobbe mot denne visjonen, ynskjer me å fortsette med fagområdet kropp, rørsle og helse som satsingsområdet. Me ynskjer at rørsle skal vere ein naturleg del av kvardagen, for barna og personalet. Når me er aktive med barna, kan me vere med å gjeve dei positive haldningar til eigen kropp. Dette vil igjen styrke sjølvkjensla, som vil ha mange fordelar seinare i livet. Me vil bidrage til at dei skal få ein aktiv og sunn livsstil. Gjennom leik og rørsle vil barn skaffe seg mykje god erfaring om seg sjølv og om andre. Me vil at dei skal lære å stole på og tru godt om seg sjølve. Ein barnekropp er stadig i endring og vekst. Me vil vere med på å gjeve dei eit godt grunnlag i deira rørsleerfaringar og motoriske utvikling. Me er konstruert for rørsle og det er svært viktig at barn får tid til å utfolde seg i allsidig fysisk aktivitet og mykje leik. Den beste garantien for fysisk aktivitet er å vere ute. Me har eit fantastisk og stimulerande uteområdet som inviterer til aktivitet og leik. Ved å vere mykje ute erfarer me at det er færre konfliktar og leiken er meir kreativ enn inne. Me opplever at barna leiker betre og lengre i lag ute. Utemiljøet vil enkelt gjeve barna nye utfordringar og meistring. PEDAGOGISK INNHALD Det pedagogiske innhaldet i barnehagen vår er tufta på Barnehageloven og Rammeplanen. Me skal heile tida sjå omsorg, danning, leik, læring og sosial kompetanse i samanheng. Dette er gjensidige prosessar og det skjer i det daglege i samspelet mellom dei vaksne, barna og miljøet rundt oss. Danning Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling (Barnehageloven 1). I samspel med andre utviklar barna evne til å sjå resultat av eigne handlingar og sin eigen veremåte. Barna får høve til å gjere eigne val og får støtte for det. For oss betyr dette Dei vaksne må vere gode rollemodellar innan høflegheit, merksemd og bordskikk. Det er viktig at me gjev barna moglegheiter for å prøve ut og erfare, sjølv om me veit svaret. Me må late barna få erfaring av sine val og late dei prøve og feile, samt at me viser dei stor tillit. Me ynskjer at barna skal lære seg korleis me omgår kvarandre som å seie hei, ha det og takke for maten. Me vil at gjennom leik skal alle øve seg på å vente på tur, vise omsyn og utøve empati. 10

Omsorg Barnehagen skal i samarbeid med og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling ( Barnehageloven 1). Barna opplever tryggleik når dei er i barnehagen og vert møtt av sensitive og omsorgsfulle vaksne. Barna får tydelege grenser og forhalde seg til samt opplever å bli sett og høyrd. For oss betyr dette Dette er barnahagen si primæroppgåve. For oss er det viktig at alle barn opplever at dei har eit fang å krype opp i. Me må vere tilgjenglege og vere der borna er. Me vil snakke med barna og ikkje til barna. Barna skal oppleve at dei får mykje kos og ros. Me skal sjå kvart individ. Ein omsorgsfull vaksen skal anerkjenne barna ved å lytte, bekrefte, forstå og akseptere kvart enkelt barn. Omsorg betyr for oss å vere tydelege og setje grenser, slik at barna veit kva dei har å forhalde seg, dette vil gje eit trygg og forutsigbar kvardag. Me vil møte barna når dei kjem om morgonen slik at dei føler seg sett og velkomne. Leik Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter (Barnehageloven 2). Alle barna har ein å leike med. Barna får god tid til å utvikle leiken. For oss betyr dette Det aller viktigaste for oss er at me gjev barna god tid til å starte ein leik, god tid til å halde på og tid til avslutte leiken. Barn bearbeider mykje når dei leiker og då må me vite når det er viktig å deltake eller berre vere observatør. For barn er leik ein alvorleg og avansert aktivitet som me vaksne må respektere. Det er dei vaksne sitt ansvar å hjelpe til når eit barn ikkje kjem inn i leiken. Stundom kan det sjå ut som dei leiker greitt, men me må vere sikre på at ingen barn er hunden eller babyen kvar einaste gong. Me vil innreie rom ut frå barna sine interesser og ynskjer at barn utviklar gode evner til å igangsetje leiken sjølve. Læring Barnehagen skal støtte barns nysgjerringhet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter (Barnehageloven 2). Barna får kunnskap og erfaringer i eit variert læringsmiljø. Barnehagen er ein arena for formell og uformell læring. For oss betyr dette Alle vaksne må leggje tilrette for eit stimulerande, kreativt miljø som utviklar heile barnet. Det betyr at me må vere svært tilstades i her-og-no situasjonar. Me må bruke tid på å gjeve dei opplevingar som gjev 11

dei læring og erfaringar. Me må vere gode til ikkje å forenkle fakta, forklaring eller ord me må take utgangspunkt kva barna er interesserte i og integrere læring i dette. Me vil gjeve mykje rom for uformell læring, til dømes i påkledning, rundt måltid og i frileik. Me vil vere kreative og bruke nærmiljøet og take med oss opplegg og aktivitetar ut. Barns rett til medverknad Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige viksomhet. Barn skal jevnlig få muligheten til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet (Barnehageloven 3). Barna opplever å bli tekne på alvor. Barna har ein reell innflytelse på kvardagen sin. For oss betyr dette Alle barna i vår barnehage skal oppleve at dei får medverke på innhald og at dei vert lytta til. Personalet må bruke tid for å få dette til. Me må vere flinke til å lytte, observere og tolke kroppsspråket deira. Materiell må vere lett tilgjengeleg og miljøet godt tilrettelagt, slik at dei enklare kan uttrykkje kva dei vil. Me må vere bevisste på å ikkje avleie barna når dei prøver å fortelje oss noko, men sjå moglegheiter og ikkje begrensningar. Me vil ha ein dag i veka der me ikkje har nokre vaksenstyrte aktivitetar, men take barna med på planarbeidet og høyre kva dei er interesserte i. Dei vaksne må vere innstilte på å endre planane sine og vere impulsive. Me vil ha barnesamtaler som vurdering av kvardagen vår og korleis barna opplever det. Sosial kompetanse Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap (Barnehageloven 2). Barna utviklar evne til samspill gjennom samhandling med barn og vaksne. Barna tileignar seg sosiale spelereglar, som å vente på tur og dele med kvarandre. For oss betyr dette Barna skal oppleve godt samver med andre. Me vil jobbe aktivt for å setje oss inn i kva dei føler og lære dei empati. Barna må øve seg på å unne andre noko og lære seg å rose kvarandre. For oss er det viktig at barna får til å gå inn i leiken på ein god måte og inkludere andre barn. Me må vere aktive og tydelege der humor og glede skal prege kvardagen. Me ynskjer at barna skal lære seg å vise omsyn og stundom setje eigne behov til side. Likestilling Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering (Barnehageloven 1). 12

Like moglegheiter for jenter og gutar. Personalet møter barna på individnivå, ikkje på kjønn. For oss betyr dette For oss er det svært viktig at likestilling ikkje betyr å gjere gutar og jenter like, men at dei vert behandla likeverdig. Begge kjønn skal få same merksemd frå dei vaksne, same type hjelp og skal verte tiltala med namn like mykje. Me vil jobbe for at me viser dei same forventningane til gutar og jenter. Barnehagen skal ha ei innreiing og material som tiltaler begge kjønn. Me vil oppfordre barna til fellesskap i alle aktivitetar uavhengig av kjønn. PEDAGOGISK DOKUMENTASJON Læringa til barna og arbeidet til personalet må gjerast synleg som grunnlag for refleksjon over verdigrunnlaget og oppgåvene til barnehagen og barnehagen som arena for leik, læring og utvikling (Rammeplanen 2011). Synleggjere det arbeidet vi gjer saman med barna. Gi foreldre og andre innblikk/innsyn i barnehagekvardagen. For oss betyr dette Dokumentasjon skal vere eit middel for å få fram ulike oppfatningar slik at me kan reflektere over praksisen vår. Me vil bruke plakater, bileter og utstillingar, som skal opne opp for dialog og refleksjon omkring barna sine læringsprosesser. Me ynskjer å vere prosessorientert og ha fokus på det som skjer undervegs og ikkje sluttproduktet. Ein god dokumentasjon vil gjeve oss grunnlag for god erfaringsdeling mellom kollegaer. VURDERING AV BARNEHAGENS ARBEID Trivselen og utviklinga til barnegruppa og det enkelte barnet skal derfor observerast og vurderast heilt tida. Merksemda må rettast både mot samspelet barna i mellom, mellom barna og personalet og mellom dei tilsette i barnehagen (Rammeplanen 2011). Barna er med å vurderer barnehagen sin kvardag. Gjennom vurdering fornyar og forbetrar me praksisen vår. For oss betyr dette Me vil bruke personalmøter, avdelingsmøter, planleggingsdager og medarbeidersamtaler er møter der me kontinuerleg reflekter over eigen praksis og gjennomførte planer. Både foreldremøte og foreldresamtalar skal me leggje tilrette for foreldre sine innspel og kva dei tenkjer om barnehagen sitt innhald og arbeid. Me vil vere opne og imøtekomande for tilbakemeldingar, konstruktiv kritikk, tips og innspel frå born og foreldre. Barnehagen si verksemd skal vere gjenstand for vurdering i samarbeidsutvalet. 13

FAGOMRÅDER Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter (Barnehageloven 2). For kvart fagområde er det formulert mål for arbeidet med å fremje utviklinga og læringa til barna, samt presisere personalansvaret. Fagområda vil overlappe kvarandre; språktrening kan gå føre seg i gymsalen, teljing og kunnskap om matematiske formar kan like gjerne lærast på ein skogstur som inne på kjøkkenet. Me jobber tverrfagleg og ser moglegheiter for rørsle gjennom dei andre fagområdet. Kropp, rørsle og helse Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffer barn seg erfaringer, ferdigheter og kunnskaper på mange områder. Barn kontakt starter ofte med kroppslige signaler og aktiviteter. Dette har betydning for utvikling av sosial kompetans (Rammeplanen 2011). Barna liker godt å vere i fysisk aktivitet. Barna får erfaring med varierte og allsidige rørsler og kroppslege utfordringar, ute og inne. Tiltak Fokus på grove og finmotoriske aktivitetar. Turar i nærmiljøet som trollskogen, rådyrhagen eller postvegen. Me vil bruke bassenget og hallen, samt Brokke Skisenter om vinteren. Barna skal få oppleving med dans, musikk og rørsle. Aktive vaksne som stimulerer og er aktive i lag med barn. Me vil leggje godt til rette for at dei aller minste skal verte inspirerte til å bruke kroppen. Utetida ynskjer me å gjere positiv, spesielt om vinteren. Kommunikasjon, språk og tekst Både den nonverbale og den verbale kommunikasjon er viktig for å utvikle et godt muntlig språk. Å få variert og rike erfaringer er avgjørende for å forstå begreper (Rammeplanen 2011). Barna har eit språkstimulerande miljø i barnehagen og er språkleg aktive i kvardagen. Me vil støtte barn som brukar morsmålet sitt, og på same tid fremje barna si norskspråklege kompetanse. Tiltak Alle avdelingane brukar BRAVO. Vaksne skal bruke eit variert språk i kvardagen i alle situasjonar, me skal setje ord på kva som skjer og kva som er i vente. Høgtlesing og bruk av bøker, rim og regler, vitsar, song og dikt. Me vil bruke eventyr og drama. 14

Nærmiljø og samfunn Barns medvirkning i det indre liv i barnehagen kan være det første skritt for å få innsikt i og erfaring med deltakelse i et demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra med at barn møter verden utenfor familien med tillit og nysgjerrighet (Rammeplanen 2011). Barna får kunnskap om sitt nærmiljø og ulike samfunn. Barna veit kven dei er og kvar dei kjem frå. Tiltak Vidareføre lokale tradisjonar som lefsebaking og salting av kjøt. Me ynskjer at alle barna veit om kvarandre og kven som er i familien deira. Me vil verte kjende med andre kulturar, vise kor andre barn me har i barnehagen kjem frå, korleis flagget ser ut og kva slags mat som er vanleg i det landet dei kjem frå. Me vil bruke «stev, slått og stad.» Natur, miljø og teknikk Naturen er en kilde til skjønnhetsopplevelser og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståelse for planter og dyr, landskap, årstider og vær (Rammeplanen 2011). Barna opplever naturen sitt mangfald til alle årstider og i all slags vèr. Barna lærer seg respekt for liv, natur og miljø. Tiltak Turdag kvar veke. Fast plass i skogen/naturen der me fylgjer årstida si endring. Planting av blomar om våren. Stimulere barna til å oppleve med alle sansar og gi dei moglegheiter til eksperimentering. Etikk, religion og filosofi Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfoldet som er representert i barnegruppa, samtidig som den skal ta med seg verdier og humanistisk arv og tradisjon (Rammeplanen 2011). Respektere kvarandre for den me er eg er meg og du er deg. Arbeide mot at alle opplever å verte inkludert i eit fellesskap. Tiltak Leggje til rette for ein god samtale og møte barna når dei spør og undrar seg over filosofiske spørsmål, undring og tru. Me vil vise den kristne kulturarven, gjennom jol- og påskebodskapen. Vere gode rollemodellar ved å vise toleranse for andre kulturar og religionar. Gjennomføre samtalar om grunnleggjande tema i sjel og sinn, kva gjer meg glad, sint, misunneleg? Kva er rettferd? 15

Tal, rom og form Barn er tidlig opptatt av tall og telling, de utforsker rom og rom, de argumenterer og er på jakt etter sammenhenger. Gjennom lek, eksperimentering og hverdagsaktiviteter utvikler barna sin matematiske kompetanse (Rammeplanen 2011). Barna utviklar matematisk kompetanse. Barna gler seg over å utforske og leike med tal og former. Tiltak Dei eldste vil nytte seg av mattemeisen og mattekista. Få erfaringar med ulike matematiske begrep gjennom å måle, vege, sortere, telje og kjenne ulike former, mønster og tal. Bruk av konstruksjonsleik som lego og klossar. Praktisk matematikk ute og inne. Kunst, kultur og kreativitet Barn skaper sin egen kultur ut fra egne opplevelser. Gjennom rike erfaringer med kunst, kultur og estetikk vil barn få et mangfold av muligheter for sansing, opplevelser, eksperimentering, skapende virksomhet, tenkning og kommunikasjon (Rammeplanen 2011). Barna skal få moglegheit og rom til å uttrykkje seg, skape og vere kreative ut frå eigne føresetnader. Barnehagen skal gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og sjølve uttrykkje seg estetisk. Tiltak Barnehagen må ha tilgjengeleg materiell ute på avdelingane. Barna skal få lage kreative ting som me kan hengje opp og stille ut i dromba. Me vil nytte all slags gjenbruksmateriell. Kulturskulen inn i barnehagen, kor og erfaring med instrument vil at barna skal verte kjende med ulike kulturformer og ha prosjekt ut frå det. SAMARBEID HEIM BARNEHAGE Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings og aktivitetsmuligheter i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem (Barnehageloven 1). For at barnet ditt skal ha eit meiningsfylt opphald i barnehagen, er det naudsynt at føresette og tilsette har eit godt samarbeid. Eit godt samarbeid er tufta på gjensidig respekt og interesse frå båe partar. 16

Frå barnehagen si side lovar me At me skal take imot deg og barnet ditt med høfleg framferd, respekt og interesse. At barnet ditt skal møte vaksne som synar omsut, har fagleg bakgrunn og erfaring. At barnet ditt skal ha medverknad på eigen kvardag. At me, så langt som råd, skal take omsyn til barnet sitt individuelle behov. At du skal få tilbod om minst to foreldresamtalar i året. At du vil bli invitert til minst eit foreldremøte i året. At du skal få informasjon om korleis barnet ditt har det i barnehagen. At du vil bli invitert til ulike arrangement i barnehagen. At du vil få tilbod om å deltake i brukarundersøking i barnehagen. Å informere deg om barnehagen sine rådsorgan. At alle tilsette har teieplikt (forvaltningslova 13). At nytilsette skal levere politiattest. At me har opplysningsplikt i høve sosialtenesta og barnevern. For at me skal halde desse løfta Må du gjere deg kjend med barnehagen sine vedtekter, planar og rutinar. Må du respektere barnehagen sin opningstid. Må du syte for at barnet ditt har høvelege klede og utstyr til aktivitetar ute og inne. Må du melde frå om barnet ditt er sjukt eller ved anna fråvær. Må du informere barnehagen om særlege tilhøve som påverkar barnet sin kvardag. Må du deltake på foreldrearrangement og samarbeidsmøte/samtalar. Dersom du ikkje er nøgd med arbeidet vårt Må du take det opp med pedagogisk leiar på avdelinga. Førar det ikkje fram tak det opp med barnehagestyrar. OVERGANG BARNEHAGE/SKULE I løpet av hausten er pedagogisk leiar ansvarleg for å kalle inn lærer i 1. klasse til møte. Saman skal dei lage ein møteplan for fem treff mellom førskulegruppa og 1. klasse. Desse treffa startar opp etter jol, barnehagen er innhaldsansvarleg for to av treffa, skulen har ansvaret for tre av dei. Skulen arrangerer prøveskule i mai/juni. Skulen er ansvarleg for innkalling og opplegg denne dagen. Dersom nokre barn møter i barnehagen før skulestart, vil ein pedagog fylgje barna over til skulen til rett tid. Lærar på skulen er ansvarleg for å fylgje barn attende til barnehagen etter skuleslutt. Førskulegruppa vil være fast ein til to gonger i veka. Her vert det lagt opp til skuleførebuande aktivitetar med fokus på sosialt samspel, samarbeid, sjølvstendigheitstrening, turar, fysisk aktivitet, lydtrening, matematikk, førebuande skrive- og leseopplæring på barnehagenivå og formingsaktivitetar. 17

NYTTIG Å VITE VED BARNEHAGESTART Opningstid Alle vekedagar kl. 07.00-16.00 Syn respekt for dei tilsette si arbeidstid - barna skal hentast innan kl. 16.00. Jol og nyttårskveld: Stengt Onsdag før skjærtorsdag: Kl. 07.00-12.00 Samdrift med Hylestad barnehage og SFO i jol- og påskeveka. I barnehageåret 2013/14 er Hylestad barnehage open medan Valle barnehage er stengt. Dette skjer kvar dag Kl. 07.00 Barnehagen opnar. Kl. 07.00-08.30 Frukost. Kl. 08.30-09.30 Samdrift for alle tre avdelingane. Kl. 09.30-11.15 Ulike aktivitetar på kvar avdeling. Barna i Nyestog og Lislestog får frukt/grønnsaker. Kl. 10.45/11.15 Måltid. Kl. 11.45 14.00 Sovetid for dei minste. Uteleik og andre aktiviteter for resten. Personalet avviklar pause. Kl. 14.00 Ettermiddagsmåltid. Kl. 14.15-16.00 Leik ute og inne. Kl. 15.00-16.00 Samdrift alle avdelingane. Kl. 16.00 Barnehagen stengjer. Klokkesletta kan variere noko frå dag til dag. Me ynskjer at barna vanlegvis skal vere i barnehagen mellom kl. 09.00 og 14.00 av omsyn til turar, utfluktar og andre aktivitetar. Måltid Barna får alle måltida i barnehagen og skal ikkje ha med niste. Forsikring Barna er forsikra i den tida dei er i barnehagen. Forsikringa gjeld ikkje for reise til og frå barnehagen, det er eit foreldreansvar, - men sjølvsagt er barna forsikra på turar som barnehagen organiserer. Ferie- og plandagar Barnehagen har 5 tariffeste plandagar, og sumarferie i tre veker frå og med andre måndag i juli. Plandagar dette året er 12. og 13. august, 18. oktober. 2. og 30. mai 2014. Nytt barnehageår starter onsdag 14. august. 18

Praktisk huskeliste for føresette Meld ifrå dersom andre enn føresette skal hente barnet. Meld ifrå til barnehagen om barnet skal ha fri eller er sjuk. Tøflar eller innesko. Merking av klede, sko, sutter, koseting og vogn med tilbehør. Klede og skotøy tilpassa ver og årstid. Me ynskjer at barna skal ha høve til å vere med på ulike aktivitetar som klatring, måling, vann- og sandleik. Er kleda for fine vil barna lett oppfatte det som ei avgrensing dei er redde for å skitne seg til. Send difor med klede som tåler rift og målingsflekkar. Ekstra skift (kvart barn har si eiga korg til dette). Bleier for dei som treng det. God tursekk med bryst og magereim når me skal på «langturar». Dette skjer kvart år Bursdagen til kvart barn markerast, bilete i dromba, bursdagskrone, frukt. Riksteatervitjing. Nepespa måltid. Nissefest. Felles adventstund kvar veke. Songstund før jol på Bygdeheimen. Luciafeiring. Solfest i januar. Fastelavn/karneval. Ski / akedag i februar / mars. Påskefrokost for barn, føresette og tilsette siste fredag før påske. Førskulebarna har avslutningstur og avslutningsfest m/føresette i juni. Foreldrekaffe i juni. Vere med på verdens aktivitetsdag. Meir informasjon om desse arrangementa og aktivitetane vil kome i månadsplanane. VEDTEKTER Vedtektene for barnehagane i Valle kommune finn du på kommunen si heimeside. Du kan gjerne få dei i papirversjon spør oss i barnehagen eller i Velkomstsenteret. Det er naudsynt at føresette kjenner til vedtektene, der finn du mykje nyttig informasjon for deg som brukar av barnehagen! 19

20

- Meistre - Her er eg - midt i meg. Målt mot verda - målt mot meg sjølv. Med ein usynleg linjal, trekkjar eg ein strek - målast av andre. Eg kan alt eg kan - likevel - Når du tvilar, tvilar eg. Når eg feilar, tvilar du. Eg set bare bremsespor og inga hindring blir for lita. Vert eg noko gong god nok?

Barnehageloven 1. Formål. Endret ved lov, 2010. Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.