Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF



Like dokumenter
Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå ekstraordinært styremøte i Helse Førde HF

Aktivitet Aktivitetsdata for desember er ikkje klart før 30. januar Rapporteringa per desember 2009 er difor basert på budsjett for perioden.

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

Verksemdsrapport for Psykisk helsevern

Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk. Avvik vs. plan

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Verksemdsrapport kirurgisk klinikk

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTET I HELSE BERGEN HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Selje kommune MØTEBOK

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Tid: Styret for Helse Vest RHF , 16:00 17:00 Møtestad: Helse Vest RHF, Nådlandskroken 11, Stavanger

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF

Protokoll frå styremøte i Helse Vest RHF

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Forslag frå fylkesrådmannen

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF

Styresak. Framlegg til vedtak. Føretak: Helse Førde HF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I SJUKEHUSAPOTEKA VEST RHF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I SJUKEHUSAPOTEKA VEST HF

Telemedisin Sogn og Fjordane

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Møteprotokoll Komité for rehabilitering, helse og omsorg og open høyring

Styresak. Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld: Leif Terje Alvestad Investeringsbudsjett Helse Fonna HF 2014

Sogn lokalmedisinske senter

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Styresak. Jan Erik Lorentzen m. fleire Rapportering frå verksemda per mars Arkivsak 2011/11/ Styresak 047/12 B Styremøte

Styresak. Forslag til vedtak. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per august 2010

Verksemdsrapport frå Psykisk helsevern

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

1.1.1 Somatikk Sørge for og egen produksjon

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

MØTEBOK - Høgskulestyret

Budsjett Medisinsk klinikk Helse Førde HF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Møteinnkalling Formannskapet

NOTAT om familiehuset

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Protokoll nr. 10/16 Styremøte

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Medlem Medlem Medlem Medlem Varamedlem

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Helse Bergen HF. Utvikling frå 2002 til 2010 Styret si rolle

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE FONNA HF

Visjon og verkelighetframtidas

Transkript:

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF Tid: 27.01.2012, kl. 09.00 14.20 Møtestad: Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, Førde Styremøtet var ope for publikum og presse Deltakarar frå styret Clara Øberg Jorunn Ringstad Trude Brosvik Knut C. Schønberg Helge E. Bryne Anni Felde Harry Mowatt Wenche Kristin Røkenes Kjell Nygård Rune Larsen Berit J. Hornnes Styreleiar Nestleiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem/ tilsetterepr. Medlem/ tilsetterepr. Medlem/ tilsetterepr. Medlem/ tilsetterepr. Deltakarar frå administrasjonen Jon Bolstad, administrerande direktør Vidar Vie, viseadm. direktør Tore Dvergsdal, direktør Kirurgisk klinikk Olav Hesjedal, direktør Medisinsk klinikk Ole Christian Reusch, direktør Psykisk helsevern Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør Arne Eithun, kommunikasjonssjef Torstein Solset, direktør Intern service Arild Fålun, direktør Drift og eigedom Bård Eikeset, jurist Berit Irene Haarklau, referent Andre deltakarar Stig Hegrestad, seksjonsoverlege nevrologi Bjørn Morten Øen, beredskapssjef Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 1

Sakliste 001/2012 A Godkjenning av innkalling og dagsorden 002/2012 A Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 15.12.2011 003/2012 O Administrerande direktør si orientering 004/2012 A Rapportering frå verksemda per desember 2011 005/2012 A Årleg melding 2011 for Helse Førde HF 006/2012 A Plan for oppstart av ruspost på Eid med driftsbudsjett 007/2012 O Bygningsmessig kartlegging vedlikehaldsstatus i Helse Førde HF 008/2012 A Overordna rammeavtale mellom Helse Førde HF og kommunane 009/2012 Eventuelt Skriv og meldingar 010/2012 A Luftambulansebase ved Førde sentralsjukehus, kjøp av grunn U.off. Off.l. 23, første ledd 011/2012 O Arbeidsgjevartilhøve - orientering U.off. Off.l. 23, første ledd Styreleiar Clara Øberg ønska styret, publikum og presse velkommen til dagens styremøte ved Førde sentralsjukehus. STYREMØTET STARTA MED FAGLEG ORIENTERING Seksjonsoverlege Stig Hegrestad orienterte om: Behandling av hjerneslag i Helse Førde HF o 85% er infarkt, og 15% er blødninger o Diagnostikk, CT o Behandlingsgrense i dag er på 4,5 timar o Regional plan for behandling av hjerneslag Helse Vest, skal på høyring CT bør takast seinast 20 min etter innkomst CT-angio bør utførast hos alle pasientar innlagt med rød respons Konklusjon: - Diagnostikk kan vere vanskeleg - CT angio er eit Bør ved trombolyse og heilt nødvendig før intervensjon - Døgnbehandling CT- og trombolysebehandling nødvendig - Sjukehuslaboratorium i døgndrift med umiddelbart prøvesvar - Behandlingsteam som kan overvake under trombolyse - Tverrfagleg tilbod innan rehabilitering Styremedlem Bryne presiserte at dette er eit viktig fagområde å følgje opp vidare i Helse Førde. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 2

001/2012 A Godkjenning av innkalling og dagsorden Styreleiar Clara Øberg orienterte om følgjande: Dagsorden: - Møtet starta med fagleg orientering - Møtet hadde først ein open del - Sak 010/2012 A og 011/2012 O vart behandla i lukka del Skriv og meldingar: Følgjande dokument var utdelt i møtet: - PFU-sak 296/11 vart behandla i Pressens faglige utval 24.01.2012, og gav medhald i saker for Helse Førde - Framtidig fødetilbod i indre Sogn sluttbehandling (styresak i Helse Vest RHF 01.02.2012) - Brev frå HOD vedr. Informasjon og gjennomføring av samhandlingsreformen, datert 21.12.2011 - Årsrapport 2011 - Multidisiplinær tilnærming til sjukleg overvekt - Forskingsmagasin 2012 Det var ingen merknader til innkalling og dagsorden. 002/2012 A Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 15.12.2011 Merknader: Nestleiar Ringstad hadde merknad til manglande samsvar mellom sak 078/2011 O Administrerande direktør si orientering og sak 080/2011 A Budsjett 2012 Helse Førde HF, side 3 og side 10 i protokollen, og henviste til: - Overskrift Endra drift medisinsk avdeling, side 3 - Vedtaket punkt 5, side 10 - Opplista nye tiltak i tabell, side 10, med forslag å stryke dato i kulepunkt 4 og 8. Kulepunkt 4 og 8 i tabellen side 10 vert følgjande: MED NSH, redusere til 15 senger i medisinsk sengepost. MED LSH, redusere til 15 senger i medisinsk sengepost. Styremedlem Brosvik hadde merknad til ordlyd side 4 i protokollen, og ordet etterspør var teke vekk. Setninga blir følgjande: Styremedlem Brosvik hadde ei oppmoding til tilsette om å gå/sykle til jobben. Protokollen frå styremøte 15.12.2011, med ovannemnde merknader, vart godkjent og underteikna. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 3

003/2012 O Administrerande direktør si orientering Adm. direktør Bolstad innleia med kort orientering om tema til neste møte: - Prostatakreft i Sogn og Fjordane - Indremedisinske tenester døgnbehov - Nærare om polikliniske kontrollar - Meldingsløftet i Sogn og Fjordane 1. Kriseberedskap erfaringar med Dagmar Beredskapssjef B.M. Øen orienterte om: o Ekstremvervarsel søndag 25. desember o Erfaringar, tele: AMK Førde var operativ heile tida o Erfaringar, tele/straumforsyning o Erfaringar, stengde vegar ved midnatt 25. desember o Kombinasjon stengde vegar og manglande telesamband var svært krevjande o Erfaringar, informasjon/kommunikasjon o Bodskapen frå Helse Førde var : - Køyr til nærmaste sjukehus om du treng hjelp. o Media som ein ressurs få ut viktig informasjon. Ros til NRK lokalt. o Tiltak i Helse Førde: Beredskapsleiing tett opp til AMK (som infosentral). Kartlegging av eit utfordringsbilde i stadig endring. Kommunikasjonsløysingar. Styrking av ambulanseberedskap. Kva har vi lært? o Det utenkelege skjer! o Ein må vere Pro- aktiv (ekstremvarsel) o Aktivere linje leiinga ansvars- og oppgåvedeling o Samarbeid og samordna planverk o Etablere/ sikre kritiske kommunikasjonsløysingar o Sikre intern infrastruktur o Informasjon o Beredskapsplan revisjon/ ta inn læringspunkt Tiltak som må vurderast: Fast møtepunkt ved kriser i kvar kommune (ambulanse, legevakt, brann, kommuneleiing osv.) 2. Helse Førde 2020 Adm. direktør Bolstad orienterte om: o Prosjekt ortopedi gjennomføring o Etablering av skade- og akuttpoliklinikk NSH o Prosjekt føde m.v. status Indre Sogn og Nordfjord o Endra drift medisinsk avdeling kartlegging er gjennomført, og rapport er tilnærma ferdig. o Etablering av ruseining Nordfjord Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 4

3. Prosjekt matforsyning - evaluering Direktør T. Solset orienterte om: o Prosjektet vart tidlegare vedtatt av styret i Helse Førde 2003 o Prosjektet vart sett i gang 1. februar 2011 o o o o Planleggingsarbeidet har vore utført av ei breitt samansett arbeidsgruppe Oppsummering kva har skjedd i perioden frå oppstart? Tilpassa felles middagsmeny Kvalitetstiltak Innsparing på 3 mill kr Betre organisering av lærlingeordninga Lågare sjukefråvær Betre samhandling mellom seksjonene Felles elektronisk bestillingssystem Oppsummering - vurdering Eit økonomisk berekraftig prosjekt og eit fagleg berekraftig prosjekt Vegen vidare vidareutvikle konseptet 4. Retningslinjer for kontakt med media Kommunikasjonssjef Eithun innleia om mediestatistikk, og orienterte vidare om medieretningslinjer i føretaket: o Mål, hovudregel og opplysningsplikt o Konsekvensar, feil informasjon o Lojalitet og ytringsfridom Styret drøfta retningslinjene. 5. Talegjenkjenning, radiologi er i drift og fungerer tilfredsstillande Adm. direktør Bolstad orienterte. 6. Magasinet Helse i vest Adm. direktør Bolstad orienterte. Styret tok meldingane til orientering. 004/2012 A Rapportering frå verksemda per desember 2011 Oppsummering: Styrerapporteringa er utarbeidd per 31.12.2011. Rapporten fokuserer på ulike indikatorar innanfor følgjande perspektiv: Kvalitet Ventetider for behandla pasientar er på veg nedover, og nådde nesten målsetninga på 65 dagar i løpet av 2011. Vi var nær målsettinga om ingen fristbrot i løpet av 2011, og talet på korridorpasientar er gledeleg lågt. Det er betring innan psykisk helsevern for barn og unge. Talet på langtidsventarar aukar og målsetninga kan ikkje nåast her i løpet av 2011. Stadig Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 5

aukande del kontrollar ved poliklinikkane vil gjere det vanskeleg å nå måla framover. Epikrisetidene held seg stabilt bra. Aktivitet - Akkumulert ligg produksjonen 93 DRG poeng bak budsjettet (0,4 %). - Dagkirurgi/dagopphald er 0,7 % færre enn fjoråret (67 opphald). - Poliklinisk aktivitet er 4,1 % høgare enn fjoråret (4.536 konsultasjonar) - Vi har 655 færre heildøgnsopphald enn fjoråret (3,6%). Økonomi førebels per 13. januar 2012 Perioderesultatet var 4,0 mill. kroner svakare enn budsjett for månaden: Inntektene var 4,5 mill. kroner høgare enn budsjett og kostnadane var 8,5 mill. høgare enn budsjett. Bokført resultat etter tolv månader er negativt med 54,5 millionar kroner, noko som er 14,5 millionar svakare enn budsjett. Eit underskot på 55 mill. er det mest trulege resultatet for 2011. Medarbeidarar - Sjukefråværet i november var 6,15 %, mot 7,13 % i november førre året. - Brutto månadsverk i desember var 17 fleire enn same periode førre året. - Netto månadsverk i desember var fire færre enn same periode førre året. - I høve desember 2010 er deltid redusert med om lag 4,8 %, og faste stillingar auka tilsvarande. Adm. direktør Bolstad orienterte om kvalitet, herunder: - Gjennomsnittleg ventetid (behandla), ventande pasientar - Ungdomsgaranti - Langtidsventande - Korridorpasientar - Epikrisetid - Døgn, utskrivingsklare pasientar Adm. direktør Bolstad orienterte vidare om aktivitet, økonomi og medarbeidarar. Styret drøfta rapporteringa. Rapportering frå verksemda per desember 2011 vert teken til vitande. 005/2012 A Årleg melding 2011 for Helse Førde HF Oppsummering: Meldinga er eit ledd i eit samanhengande plan- og styringssystem mellom Helse Vest RHF og helseføretaka, og skal i tråd med 13 i vedtektene til helseføretaka innehalde: A. Styret sitt plandokument for verksemda B. Styret sin rapport for det føregåande året Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 6

I 2011 har føretaket hatt høgt fokus på å gjennomføre vedtekne omstillingar: Kirurgisk klinikk/ortopedisk avdeling Nedlegging av ortopedisk seksjon ved Nordfjord sjukehus, samt omstillingar ved Førde sentralsjukehus og Lærdal sjukehus for å ivareta aktivitetsbehovet. Det er etablert ein mellombels skadepoliklinikk for å ivareta behovet for å ivareta enklare undersøkingar og behandlingar, slik at pasientar slepp unødig lange reiser. Ei meir langsiktig løysing vil bli vurdert i regi av Utviklingsprosjektet for Nordfjord lokalsjukehus, der ein vil vurdere tilbodet utifrå korleis ein kan få ei riktig oppgåveløysing i samarbeid med kommunane i Nordfjord. Medisinsk klinikk Forprosjekt, kartlegging av tenestetilbodet, vart starta opp hausten 2011. Omstillingsprosjekt med sikte på å gjennomføre vedteke målbilete vil bli starta opp vinter/vår 2012. Tenestene vi bli tilpassa konklusjonane i kartlegginga. Fødetenestene Det er gjennomført ei undersøking blant kommunane i høvesvis Nordfjord og Lærdal lokalsjukehusområde vedrørande eventuell etablering av jordmorstyrt fødestove. Utifrå dei to prosessane har Helse Førde HF gjort innstilling om at det ikkje blir etablert jordmorstyrt fødestove i dei to lokalsjukehusområda. Sakene er oversendt Helse Vest HF for handsaming der. Det vil i 2012 bli arbeidd vidare med dei framtidige fødetenestene etter sluttbehandling i Helse Vest. Utviklingsprosjektet «Framtidas Nordfjord lokalsjukehus» starta opp desember 2011. Dette er eit prosjekt i regi av Helse Vest HF. Pilotprosjektet skal vurdere framtidige lokalsjukehusfunksjonar i Nordfjord, og også ha eit nasjonalt perspektiv. Adm. direktør Bolstad orienterte. Styret drøfta og kommenterte årleg melding: - vere tydeleg på det som ikkje er levert - meir tekst om omdømmemåling i føretaket - retting side 9: Helse Førde har lagt til grunn at økonomiske ressursar skal fordelast med 80% til vaksenpsykiatri (VOP) og 20% til barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). - tilbod rus regionalt - omgjering stillingar - omfang 1. Årleg melding 2011 for Helse Førde HF vert vedteken som den ligg føre. 006/2012 A Plan for oppstart av ruspost på Eid med driftsbudsjett Oppsummering: Det har lenge vore eit ønskje å få starta drifta av rusposten på Eid, men det har til no ikkje vore budsjettdekning for igangsetting. I samband med Utviklingsprosjektet for Nordfjord, der det er løyvd 75 mill. kroner over 3 år, er det gjeve løyve for føretaket til å nytte inntil 25 mill. kroner til oppstart av rusposten og drift ut 2013. Helse Vest RHF vil løyve resterande midlar. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 7

Styret har i møte 15. desember 2011 bede om å få seg førelagt plan for oppstart av rusposten, og budsjett for drifta. Det er i gang eit todelt arbeid: Ein del er utarbeiding av eit notat til departementet med innspel til modellar for lokalsjukehusfunksjonar for ein ruspost. Den andre delen er sjølve etableringa av rusposten. Etablering av rusposten er også ein del av utviklingsprosjektet i Nordfjord, og dette kan ha betydning for framdrift i ulike prosessar. Vidare er det i gang eit omfattande omstillingsarbeid ved NSH, og overtallige frå denne omstillinga har føretrinnsrett til ledige stillingar i føretaket. Det blir her lagt fram ein plan for oppstart, og eit budsjett, som byggjer på tidlegare utarbeidd funksjonsplan for rusposten. Direktør Reusch orienterte. Styret drøfta planen og fekk avklaring på spørsmål. 1. Styret vedtek budsjett for ruspost ved Nordfjord sjukehus 2012. 007/2012 O Bygningsmessig kartlegging vedlikehaldsstatus i Helse Førde HF Oppsummering: Saka gjer greie for resultatet av kartlegginga av vedlikehaldsstatus for bygningsmassen til Helse Førde. Må - tiltak (investering innan 0-5 år) er berekna til 170 mill kr for føretaket som heilheit. Bør tiltak (investering innan 6-10 år) er estimert til 470 mill kr. Føretaket har såleis eit samla investeringsbehov, ut frå kartlegginga, på omlag 640 mill kr innan dei neste ti åra. I samarbeid med Helse Førde HF, avdeling Teknisk Drift, har Multiconsult bistått i kartlegging av bygningsmassen i føretaket. Kartlegginga har omfatta basisdata som: areal, alder og hovudfunksjonar for den enkelte etasje. I tillegg registrering av teknisk tilstand og tilpasningsdyktigheit. Adm. direktør Bolstad og direktør Fålun orienterte. Styremedlem Bryne etterspør ein revisjon av rapportens kartlegging, der bygningsmassen i Florø og på Tronvik blir synleggjort på anna måte i høve utfordringsbildet. 1. Styret i Helse Førde HF tek framlagde rapport om bygningsmessig kartlegging og vedlikehaldsstatus til orientering. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 8

008/2012 A Overordna rammeavtale mellom Helse Førde HF og kommunane Oppsummering: I samband med samhandlingsreforma og nytt lovverk er det utarbeidd eit framlegg til ny rammeavtale mellom Helse Førde HF og den enkelte kommune i Sogn og Fjordane. Fristen for inngåing av avtalen er sett til 31.01.2012. Det vert vidare arbeidd med delavtalar på nokre område der departementet har sett same frist. Det vert tilrådd at Helse Førde HF inngår rammeavtale i samsvar med koordineringsrådet sitt framlegg, med ei endring som gjeld dialogmøtet. Det vert vidare tilrådd at adm. direktør inngår aktuelle delavtalar med kommunane. Adm. direktør Bolstad orienterte om: Ny overordna rammeavtale, prosessen i høve rammeavtalen, framlegg til ny overordna rammeavtale og oversyn aktuelle delavtaler. Styremedlem Schønberg ber om månadleg rapportering om prosessen med innføring av Samhandlingsreforma. 1. Helse Førde HF inngår rammeavtale med dei enkelte kommunane i Sogn og Fjordane i samsvar med framlegg av 01.12.2011 frå koordineringsrådet, med slik endring av 2. setning i pkt 3.1: Deltakarar frå Helse Førde er styret og adm. direktør. Frå kommunane deltek ein representant frå kvar kommune/fylkeskommunen, primært frå politisk leiing, og i tillegg møter leiaren i rådmannsutvalet i KS. Helse Førde ivaretek saman med KS sekretariatsfunksjonen. 2. Adm. direktør har fullmakt til å inngå delavtalar med kommunane på dei områda som går fram av rammeavtalen pkt 4. Styremedlem Bryne forlet møtet kl. 13.30, og deltok ikkje i sak 009/2012, 010/2012 A og 011/2012 O. 009/2012 Eventuelt Ingen saker. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 9

Skriv og meldingar Følgjande skriv og meldingar var sendt ut til styret: Referat frå møte i Brukarutvalet 17.11.2011 Referat frå møte i Kvalitetsutvalet 22.11.2011 Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus mandat Protokoll frå møte i styringsgruppa for utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus 02.12.2011 Følgjande skriv og meldingar var lagt på bordet i møtet: Framtidig fødetilbod i indre Sogn sluttbehandling (styresak i Helse Vest RHF 01.02.2012) Brev frå HOD vedr. Informasjon og gjennomføring av samhandlingsreformen, datert 21.12.2011 Årsrapport 2011 - Multidisiplinær tilnærming til sjukleg overvekt Forskingsmagasin 2012 PFU-sak 296/11, vedtak i Pressens faglige utval 24.01.2012 Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 10

LUKKA DEL Deltakarar frå styret: Øberg, Ringstad, Brosvik, Schønberg, Felde, Mowatt, Røkenes, Nygård, Larsen, Hornnes Deltakarar frå administrasjonen: Bolstad, Vie, Dvergsdal, Hesjedal, Kleiven, Eikeset, Haarklau 010/2012 A Luftambulansebase ved Førde sentralsjukehus, kjøp av grunn U.off. Off.l. 23, første ledd Adm. direktør Bolstad orienterte om saka. 1. Med bakgrunn i det som kjem fram i styresaka, gjev styret administrerande direktør fullmakt til å gjennomførte forhandlingar med grunneigar og inngå avtale. 011/2012 O Arbeidsgjevartilhøve - orientering U.off. Off.l. 23, første ledd Styreleiar Øberg innleia. Adm. direktør Bolstad orienterte om personalsaker. Styret tok orienteringa til vitande. Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 11

Ref. Berit Irene Haarklau Clara Øberg Styreleiar Jorunn Ringstad Nestleiar Trude Brosvik Knut C. Schønberg Helge E. Bryne Anni Felde Harry Mowatt Wenche Kristin Røkenes Kjell Nygård Rune Larsen Berit J. Hornnes Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 27.01.2012 12