SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Leiv Erik Husabø Arkiv: H00 Arkivsaksnr.: 12/588-14



Like dokumenter
Sogn lokalmedisinske senter

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Saksnr Utval Møtedato

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Helga Bakken Arkivsaksnr.: 12/ Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS)

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Referat Møte i arbeidgruppa Interkommunal legevakt, akutt- og intermediære senger

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

1. Mål med samhandlingsreforma

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

Rapport frå forprosjekt

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Interkommunal legevakt

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

a) Etablering og drift av eit fast legevaktnummer som er betjent heile døgnet b) Etablering og drift av LV-sentral, jf. 8 og 10.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Strategiplan for Apoteka Vest HF

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt

REFERAT Del 1 og 2. Møte i Styringsgruppen Sogn Lokalmedisinske Senter (Sogn LMS)

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Samarbeid om førebyggjing

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

REFERAT. Møte i Styringsgruppen Sogn Lokalmedisinske Senter (Sogn LMS)

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SAKSFRAMLEGG. Side 1 av 8. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 12/1505

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Forslag frå fylkesrådmannen

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

Helse Førde. Nytt frå Helse Førde. Nettverkssamling helse og omsorg Samhandlingssjef Vidar Roseth

Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn

10/60-14/N-211//AMS

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

NOTAT om familiehuset

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Vurdering av allianse og alternativ

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Vinje kommune. Sluttrapport

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Forstudie Næringshage i Vinje

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Leiv Erik Husabø Arkiv: H00 Arkivsaksnr.: 12/588-14 Forprosjekt for Sogn lokalmedisinske senter TILRÅDING: 1. Leikanger kommune ønskjer å kjøpe legevakt-telefontenester frå interkommunal legevakttelefon lokalisert til Lærdal sjukehus etter avtale med Lærdal kommune som vertskommune. Det må i hovudprosjektet vere ein prosess der ein utarbeider avtale om kjøp av tenester, kostnadsfordeling, kvalitet og innhald. 2. Leikanger kommune ønskjer å delta i interkommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp/observasjonssenger lokalisert til Lærdal sjukehus i tråd med tilrådingane frå prosjektet. Leikanger kommune inngår avtale med Lærdal kommune som vertskommune om legetenester knytt til tilbodet. Leikanger kommune sluttar seg til framlegg av 17.10.13 til særavtale mellom Helse Førde og kommunane om døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp lokalisert ved Lærdal sjukehus. Underteikna søknad vert å sende Helse Førde innan 01.03.2014. 3. Leikanger kommune sluttar seg til at det i hovudprosjektet blir gjort ei nærare utgreiing av behovet for samarbeid om rehabilitering, psykisk helse og rus. 4. Leikanger kommune sluttar seg til at det i hovudprosjektet tidleg blir avklara vidare framdrift, innhald og retning for delprosjekt 2 (fagnettverk) og delprosjekt 3 (pasientforløp). 5. Leikanger kommune sluttar seg til at følgjande leiarstillingar blir oppretta: - Koordinator/leiar i 50 % stilling for alle delfunksjonane 6. Leikanger kommune sluttar seg forøvrig til tilrådingane frå forprosjektet og føreset at bemanningsbehov, arealbehov, kostnader og kostnadsfordeling blir utgreidd nærare i hovudprosjektet. DOKUMENT: 1

Rapport frå forprosjekt m/vedlegg, 20.11.13 (vedlagt) Framlegg til «Særavtale med HF om døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp (vedlagt) Tilbod frå Sogndal kommune om kjøp av ØH-senger, e-post dat 13.01.14 (vedlagt) Sogndal kommune framlegg til avtale om levering av ØH-senger,e-post 14.02.14. (vedlagt) Div spørsmål frå rep T Risnes, e-post dat 11.01.14 (vedlagt) Kommuneoverlege L E Husabø notat med svar på spørsmål frå T Risnes (vedlagt). SAKSUTGREIING: 1. Samandrag For å utvikle helse- og omsorgstenestene og følgje opp samhandlingsreforma har dei 7 kommunane i Sogn etablert prosjektet «Sogn lokalmedisinske senter». Basert på ein forstudie har det i forprosjektet blitt nærare utgreidd samarbeid om 1) legevakt, legevaktsentral, øyeblikkeleg hjelp-senger og intermediære senger, 2) fagnettverk 3) pasientforløp. Kommunane Sogndal og Luster deltek ikkje i delprosjekt 1, med unntak av legevakttelefon. Det er tilrådd at kommunane samarbeider om - Interkommunal legevakttelefon lokalisert til Lærdal sjukehus (gjeld alle kommunane under visse føresetnader) - Interkommunal legevakt lokalisert til Lærdal sjukehus (gjeld i utgangspunktet kommunane Lærdal, Aurland og Årdal) - Døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp/observasjonssenger. I utgangspunktet er det planlagt 5 senger lokalisert i tilknyting til medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus (gjeld i utgangspunktet kommunane Lærdal, Aurland og Årdal, og eventuelt Leikanger). - Vidare utgreiing av samarbeid om andre intermediærfunksjonar, som t.d. rehabilitering. - Vidare utgreiing av samarbeid om fagnettverk og pasientforløp. Det er utarbeidd framlegg til særavtale om døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp. Det er vidare utarbeidd føresetnader for ein drifts- og leigeavtale som gjeld legevakt/legevakttelefon og døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp. Som ein del av avgjerdsgrunnlaget er det i tillegg til dei faglege vurderingane synleggjort kva bemanning og kostnader som kan følgje av dei tilrådde tiltaka, og det er skissert ei fordeling av kostnadene mellom aktuelle kommunar. Dette er føresett utgreidd nærare i hovudprosjektet og det er viktig å vere klar over at dette er førebels vurderingar. 2. Bakgrunn 2

Dei samla helse- og omsorgstenestene er utfordra av ei framtid med ein sterk auke i tal eldre og eit nytt sjukdomsbilete, med framvekst av livsstilsrelaterte sjukdomar. Spesialisering av tenestene inneber for stor grad av fragmentering, og førebyggjande arbeid har hatt for liten vekt. Samhandlingsreforma skisserer ei utvikling over tid med sterkare innsats innan folkehelse og førebygging. Kommunane si rolle skal bli utvida, og dei skal i større grad yte tenester «før, i staden for eller etter» sjukehus. Spesialist- og kommunehelsetenesta skal samhandle betre for å kunne gi eit godt heilskapleg tenestetilbod til den enkelte. Auka vekt på rehabilitering er framheva i reforma. Gjennom desse tiltaka vil ein oppnå tenester som både er betre for den enkelte og som er meir berekraftige over tid. Kommunale lokalmedisinske senter vil vere eitt av tiltaka for å sikre gode og berekraftige løysingar på rett nivå, med den bemanninga og kompetansen som trengst. Eit lokalmedisinsk senter blir gjerne definert som helsetilbod i ein interkommunal/kommunal institusjon før, i staden for eller etter opphald i spesialisthelsetenesta. Det er kjenneteikna av tenester som er utvida i høve til tradisjonelle kommunale helsetenester. Det er oftast basert på eit interkommunalt samarbeid og eit samspel med spesialisthelsetenesta. Slike senter vil kunne tilby øyeblikkeleg hjelp med døgnopphald, observasjonsplassar, rehabilitering, lindrande behandling og lærings- og meistringstilbod. Stortinget har lagt ei føring på at det skal arbeidast for å etablere eit lokalmedisinsk senter for Sogn ved Lærdal sjukehus. I revidert nasjonalbudsjett for 2011 vart det løyvd 2,5 mill kr til kommunane og 2,5 mill kr til Helse Førde til å utgreie og legge til rette for dette. Ein ser føre seg at det er naudsynt med eit interkommunalt samarbeid for å kunne klare å få den bemanninga, kompetansen og fagmiljøet som trengst, og for å kunne få tilstrekkeleg pasientgrunnlag, stordriftsføremoner og synergieffektar. Å samlokalisere interkommunal legevakt, legevaktsentral og dei funksjonane som er nemnde ovanfor blir forventa å gi ei god samling av tenester som høyrer saman og ei god samla bemanning. Vidare vil lokaliseringa til sjukehuset gjere det mogleg å dra nytte av infrastrukturen og støttefunksjonane der. I forstudien er det utgreidd kva samhandlingsreforma inneber, kva ressursar og kompetanse kommunane har, kva utfordringar ein ser og kva tenester og oppgåver det er føremålstenleg å samhandle om. Vidare skisserer forstudien korleis eit slikt samarbeid kan organiserast og kva midlar kommunane kan ha til rådvelde. Forprosjektet har i tråd med konklusjonane i forstudien omfatta følgjande samarbeidsområde: 1) legevakt, legevaktsentral, øyeblikkeleg hjelp-senger og intermediære senger, 2) fagnettverk 3) pasientforløp Av dei 7 kommunane er Sogndal og Luster ikkje med i delprosjekt 1 no, med unntak av legevaktsentral. For nærare informasjon om bakgrunn, innhald og organisering av forprosjektet blir det vist til rapport frå forprosjektet av 08.11.13. 3

Nedanfor vil utgreiingane og tilrådingane i dei ulike delane av forprosjektet bli nærare omtalt. 3. Legevaktsentral/legevakttelefon Legevaktformidlinga for indre Sogn var tidlegare lokalisert ved sjukehuset i Lærdal. Frå hausten 2012 blir tenestene ytt frå AMK i Førde. Helse Førde har sagt opp gjeldande avtale om medisinsk naudmeldeteneste frå 01.01.2014. Helseføretaket tilbyr vidare drift fram til november 2014 etter same modell som i dag, men med ein kostnadsauke for kommunane frå 68,74 kr per innbyggar til 110 kr per innbyggar. Denne prisen gjeld fram til 01.11.2014. Deretter er det, på grunn av krav som bygger på det nye naudnettet og heildøgnsdrift, varsla ytterlegare kostnadsauke for kommunane. I samband med innføring av nytt naudnett i Sogn og Fjordane frå november 2014, har det vore behov for å avklare framtidig organisering no og ta stilling til kva utstyr som trengst. Krava inneber m.a. at svarstaden uansett tid på døgnet skal vere utstyrt med kontrollromløysning /operatørarbeidsplasser samt funksjonalitetskrav som blir stilt til kommunikasjons-beredskap. Gjennom ei løysing der legevakttelefonen blir organisert saman med legevakta oppnår ein driftsmessige og kostnadsmessige føremoner, og kostnadene synest å bli klart lågare enn ved framtidig kjøp av tenester frå Helse Førde. Alle dei 7 kommunane har ut frå dette vurdert at det er ønskjeleg å slutte seg til eit interkommunalt samarbeid med legevakttelefon lokalisert til Lærdal sjukehus. Kommunane Luster, Sogndal, Leikanger og Vik har knytt følgjande føresetnader til dette: Kommunane ønskjer å drøfte vilkåra for å kjøpe legevakttelefonteneste i Lærdal kommune i god tid før avtalen desse kommunane har med AMK går ut i november 2014. Føresetnader for ein evt. avtale om tenestekjøp vil m.a. vere: - Eit tilfredsstillande fagleg tilbod. - Ein konkurransedyktig/gunstig pris. - Medverknad på utforming/dimensjonering av tilbodet. Kommunane legg til grunn av ein avtale om tenestekjøp kan seiast opp med kort varsel og at ordninga blir evaluert etter 2-3 års drift. Det er nedanfor gjort greie for førebels stipulerte kostnader med legevakttelefonen ut frå føresetnadene som går fram av forprosjektrapporten. Tenestene i det lokalmedisinske senteret er dels integrert i kvarandre (legevakttelefon, legevakt, døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp m.v.). Det er gjort ei nærare vurdering av korleis dei samla kostnadene kan fordelast på dei ulike tenestene. Dette går fram av pkt 9 i denne saksutgreiinga. Det er vidare sett opp fordeling mellom kommunane ut frå ulike alternativ. Dette vil bli utgreidd og vurdert nærare i hovudprosjektet. 4

Kostnader legevaktsentral (telefon) Andel (%) Helsepersonell (spl) natt 50 788 118 Kostnad dagleg leiar 50% 50 228 404 Helsepersonell (spl)dag/kveld 60 1 813 755 Totalsum kjøp av tenester 484 347 Kjøp av tenester Helse Førde 35 169 521 Koordinator/Leiar Sogn LMS 10 45 681 Driftskostnad legevakssentral 150 000 Samla kostnad LVS: 3 195 479 Fordeling mellom kommunane etter folketal: Ny kostnad pr kommune: Kommune folketal Nokostnad Frå nov. 2014 Kostnad pr innbyggar: 119 68 190 Vik: 2 748 327 082 186 864 522 120 Leikanger: 2 236 266 141 152 048 424 840 Sogndal: 7 348 874 600 499 664 1 396 120 Luster: 5 026 598 222 341 768 954 940 Aurland: 1 712 203 772 116 416 325 280 Lærdal: 2 205 262 451 149 940 418 950 Årdal: 5 572 663 210 378 896 1 058 680 Totalt 26 847 3 195 479 1 825 596 5 100 930 Kostnaden frå november 2014 er basert på eit førebels overslag og må vurderast nærare dersom det skulle vere aktuelt med slikt kjøp av tenester. Alternative fordelingar (20 % likt/80 % etter folketal, 40 % likt/60 % etter folketal) 5

Årdal, Lærdal, Aurland. Vik. Leikanger, Sogndal, Luster Folketal 26 847 Total kostnad 3 195 479 Fordelt likt på kommunane 20 639 096 40 1 278 192 Fordelt etter folketal 80 2 556 384 60 1 917 288 kommune folketal kostnad 20/80 kostnad 40/60 1 Aurland: 1 712 254 317 1 712 304 862 2 Lærdal: 2 205 301 261 2 205 340 070 3 Årdal: 5 572 621 868 5 572 580 525 5 Vik: 2 748 352 965 2 748 378 848 5 Leikanger: 2 236 304 212 2 236 342 284 6 Sogndal: 7 348 790 979 7 348 707 359 7 Luster: 5 026 569 877 5 026 541 532 Tilråding frå prosjektet: Det blir etablert legevakttelefontenester ved Lærdal sjukehus for dei sju kommunane: Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe med naudsynte faglege ressursar i hovudprosjektfasen som skal ta ansvar for planlegging, organisering og drift av tilbodet. Samarbeidet skal organiserast etter ein vertskommunemodell. Det må arbeidast vidare med å utgreie kostnadene med dei nye tilboda og kostnadsfordelinga mellom kommunane. Det må i hovudprosjektet vere ein prosess der ein utarbeider avtale for kjøp av tenester, kostnadsfordeling, kvalitet og innhald. Skriv av 20.09.13 frå dei aktuelle kommunane (Vik, Leikanger, Sogndal og Luster) blir teke med i vidare arbeid med legevakttelefonen, jfr vedlegg til rapporten. Kostnader og kostnadsfordeling må utgreiast nærare i hovudprosjektet, men i saka til kommunane må det gjevast eit overslag over kostnader totalt og det må synast alternativ for fordeling på kommunane. 4. Legevakt 4.1 Eigen legevaktrapport og handsaming av denne Tilrådingar frå arbeidsgruppa, frå rapporten: «Plan for etablering av Interkommunal Legevakt som del av Sogn Lokalmedisinske Senter», februar 2013 (vedlegg 1 til forprosjektrapporten). «Lærdal kommune fremjar sak om oppretting av interkommunal legevakt tilknytt Lærdal sjukehus med heimel i kommunelova 28-1b vertskommunemodell med Lærdal kommune som vertskommune. 6

Det vert oppretta 50% stilling som dagleg leiar med utdanning som sjukepleiar, evt. med vidareutdanning i legevaktssjukepleie, intensiv sjukepleie eller akuttsjukepleie. Det vert oppretta 20% stilling som legevaktssjef dekka av lege. Det vert oppretta 1.43 stilling for anna helsepersonell primært dekka av sjukepleiar. Arbeidsgruppa legg til grunn rapport av 25.01.12 om etablering av interkommunalt samarbeid med fordelingsmodell 50 % likt mellom medlemskommunane og 50% vert delt etter folketalet i kvar kommune med folketal pr siste årsskifte som grunnlag.» Vidare legg (den same) arbeidsgruppa til grunn: «At Lærdal kommune utformar utkast til avtale mellom deltakande kommunar. At Lærdal kommune gjennomfører forhandlingar med Helse Førde vedr lokale, bruk av utstyr samt andre ressursar for legevakta som del av Sogn lokalmedisinske Senter. At Lærdal kommune gjennomfører forhandlingar med Den norske legeforening i høve til tilsetting og lønsvilkår for legane. At det som vidareføring av etablering av Sogn lokalmedisinske Senter, vert utarbeida plan for etablering av ØH døgnplassar og LMS plassar frå hausten 2013, og for oppretting av legevaktssentral frå hausten 2014.» Oversyn over handsaminga av legevakt i forprosjektet: Handsaming i prosjektgruppemøte, m.a.: o Tilrådingar til forprosjektrapporten den 01.11.13 Handsaming i styringsgruppemøte, m.a.: o 15.05.13 diskusjon om finansieringsmodell (her deltok ikkje Sogndal og Luster) «Vertskommune går inn med grunnfinansiering. 30% av kostnaden fordeles likt 70% av kostnaden fordeles etter innbyggertall Avstand til Lærdal mer enn 1 time får 25 % rabatt Avstand til Lærdal mer enn 2 timer får 50 % rabatt» o 08.11.13 semje om tilrådingar i forprosjektrapporten (Sogndal og Luster observatørar i denne delen av styringsgruppemøtet) Eigarmøte o I april 2013 vart det lagt fram eit ønskje om å utgreie to legevaktslokasjonar i Sogn 7

4.2 Vidare utgreiing i forprosjektet For kommunane Årdal, Lærdal og Aurland er det fagleg semje om etablering av interkommunal legevakt knytt til Lærdal sjukehus. Tilgrensande kommunar har gjennom forstudien vist interesse for delprosjektet og kommunane Vik og Leikanger har delteke i prosessen. I eigarmøte i april 2013 vart det lagt fram eit ønskje om å utgreie to legevaktslokasjonar i Sogn. Argumentet for dette ønsket var å gi Vik kommune eit alternativ for legevakt i eigen region. Dei to aktuelle lokasjonane er Sogndal legekontor og Sogn lokalmedisinske senter ved Lærdal sjukehus. Ved å organisere legevakta slik, vil ein til dømes kunne samordne legevakta på natt mellom dei to lokasjonane. I tillegg vil ein kunne samarbeide om ferie- og høgtidsavvikling. Dette fører med seg ei meir rasjonell bruk av legeressursar, det vil gi mindre vaktbelastning, og det vil gi ein økonomisk vinst for dei samarbeidande kommunane. Det vart skissert tre kostnadsfordelingsprinsipp, gjeldande for begge lokasjonane: Vertskommunetilskot, 30/70-fordeling og avstandsrabatt, jfr tilrådingar i møte i styringsgruppa den 15.05.13. Prosjektleiinga valde å ikkje gå djupare inn i dette alternativet, fordi det utløyste sterke motargument og det verka forstyrrande på dei andre prosessane. Denne løysinga er difor ikkje lagt fram som eit aktuelt alternativ no, men kan takast opp att seinare om det er grunnlag for det. I arbeidet har prosjektgruppa hatt fleire møte med Helse Førde som vil stille eigna lokale, utstyr og ressursar til rådvelde. Når det gjeld arealspørsmål, er ei førebels løysing skissert under. Legevakt og legevakttelefon er plassert i første etasje ved Lærdal sjukehus. Den interkommunale legevakta blir samlokalisert med legevaktsentralen, og dette kan bidra til både synergieffektar og eit heva fagnivå for begge. Gjennom eit samarbeid mellom prosjektet Sogn lokalmedisinske senter og Helse Førde sitt pågåande arealprosjekt, skal det arbeidast vidare med ei endeleg løysing fram mot årsskiftet. Plan 1 med legevakt/legevaktsentral 8

Prinsippskissa byggjer på sambruk av areal med poliklinikken ved Lærdal sjukehus. Blant anna kan legevakta bruke skaderom, gipserom og eit eige rom for å ta EKG. Poliklinikken vil nytte arealet til legevakta på dagtid. Prosjektet Sogn lokalmedisinske senter har i samarbeid med Helse Førde utarbeidd eit grunnlag for ein avtale om kjøp av tenester av Helse Førde HF: «Føresetnader for ein drifts- og leigeavtale». (Sjå vedlegg 3) I styringsgruppemøte i mai 2013 vart kostnadsfordeling for legevakt diskutert, og det var semje om ei kostnadsfordeling der 30 % av kostnadane vert likt fordelt mellom kommunane og 70 % av kostnadane vert delt på innbyggjartal. Lærdal kommune vil bidra med eit vertskommunetilskot på 300 000 per år. Ved ei førebels utrekning av kostnad for ny interkommunal legevakt ligg desse prinsippa til grunn. Det blir og lagt til grunn at kommunane Lærdal, Årdal og Aurland kjem til å samarbeide om ei interkommunal legevakt. Det er ikkje rekna ut nokon rabatt for pasientar med reiseveg over ein time. Kostnader legevakt Andel (%) Netto driftskostnad LV 400 000 Kostnad legar inkl LV-sjef 2 369 515 Helsepersonell (spl) natt 0 - Kostnad dagleg leiar 50% 50 228 404 Helsepersonell (spl) dag/kveld 40 1 209 170 Kjøp av tenester Helse Førde 65 314 826 Koordinator/leiar Sogn LMS 10 45 681 Samla kostnad legevakt 4 567 595 Vertskommune tilskot (300 000) Samla kostnad til fordeling: 4 267 595 Fordeling mellom kommunane: Årdal, Lærdal, Aurland Folketal 9 489 Total kostnad 4 267 595 Fordelt likt på kommunane 30 1 280 279 Fordelt etter folketal 70 2 987 317 kommune folketal kostnad 1 Aurland: 1 712 965 729 2 Lærdal: 2 205 1 420 935 3 Årdal: 5 572 2 180 930 For meir detaljert oversyn over totalkostnad sjå punktet som viser et oversyn over total kostnad for Sogn lokalmedisinske senter (pkt 9). Tilråding frå prosjektet: Det blir etablert interkommunal legevakt ved Lærdal sjukehus for dei tre kommunane Årdal, Aurland og Lærdal i tråd med rapport frå arbeidsgruppa. Knytt opp mot døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp, vil det vere behov for ein eigen avtale mellom Leikanger kommune og vertskommunen, sidan Leikanger kommune ikkje deltek i den interkommunale legevakta ved Lærdal sjukehus. 9

5. Døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp Frå 2016 får kommunane plikt til å etablere tilbod om øyeblikkeleg hjelp med døgnopphald. Ordninga skal fram til 2016 finansierast gjennom øyremerka tilskot som blir tildelt kommunane etter søknad. For å få utbetalt midlar må kommunane dokumentere at dei har forpliktande planar for etablering av eit slikt tilbod i tråd med intensjonane. Dette skal dokumenterast gjennom samarbeidsavtale mellom kommunen og helseføretaket. Prosjektet har teke utgangspunkt i ein modell som samarbeidskommunar i Nordfjord og Helse Førde har utvikla. Denne modellen er vedteken og starta opp ved Nordfjord sjukehus lokalisert i tilknyting til Medisinsk avdeling. Modellen omfattar kjøp av sjukepleiepleietenester og alle støttetenester frå Helse Førde. Legeressursane i tilbodet er kommunale. Ein vurderer at kommunale legar bør ha ansvaret for dei kommunale sengene med døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp. Med bakgrunn i dette har prosjektet vurdert moglege løysingar for å få dekka personalbehovet og moglege plasseringar i sjukehuset. Det er krav om at sjukepleiar skal vere tilstade heile døgnet. Vidare er det krav til dagleg legevisitt, og at lege er tilgjengeleg heile døgnet, med ei utrykkingstid på under ein time. Det er konkludert med at det er naudsynt å etablere og starte opp interkommunal legevakt i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland for å få til denne modellen. Ein har behov for å samlokalisere legevakt og eit øyeblikkeleg hjelp-tilbod for å ha god og robust beredskap for akutte behov ved øyeblikkeleg hjelp-sengene. Ved vurdering av tal sengeplassar er det teke utgangspunkt i tal liggedøgn per år, som er lagt til grunn av Helsedirektoratet. Desse går fram av tabellen nedanfor. Kommune Tal liggedøgn Lærdal 124 Årdal 318 Aurland 94 Leikanger 120 Vik 175 Sum 831 Dersom ein legg til grunn at alle dei 5 kommunane er med i samarbeidet, vil dette utgjere eit behov for 3 senger (831/365 = 2,3) dersom innleggingane fordeler seg nokså jamt utover året. Ein må rekne med at det vil vere variasjonar i behovet, og at det difor må vere ein ekstra kapasitet og beredskap for å handtere dette. Vidare er det ønskjeleg å kunne ha høve til å leggje inn pasientar til observasjon før eventuell sjukehusinnlegging, eller etter utskriving frå sjukehus. Det kan også vere at andre kommunar enn dei 5 vil vurdere å slutte seg til samarbeidet etter ei tid. Ein har difor kome til at det bør etablerast eit tilbod med 5 sengeplassar for øyeblikkeleg hjelp/observasjon. Dette vil gje 10

tilstrekkeleg kapasitet til å møte kommunane sine plikter og ha ein tenleg fleksibilitet. Ein legg til grunn at det dei bemanningsmessige kostnadene vil vere dei same ved 5 som ved 4 senger. Skilnaden i kostnader vil dermed i hovudsak vere knytt til arealleige og støttefunksjonar (totalt ca 50-60 000 kr). Dersom Vik kommune ikkje er aktuell for samarbeidet, bør det vurderast om tal senger skal reduserast til 4. Det er utarbeidd eit framlegg til «Særavtale om døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp» (vedlegg 2 til forprosjektrapporten). Denne omfattar mellom anna kva pasientgrupper som er omfatta av tilbodet, innhaldet i tenestetilbodet, ansvarstilhøve, organisering og finansiering. I tillegg omhandlar avtalen Helse Førde sitt ansvar. Partane har og utarbeidd eit grunnlag for ein avtale om kjøp av tenester frå Helse Førde HF: «Føresetnader for ein drifts- og leigeavtale» (vedlegg 3 til forprosjektrapporten). Det er i prosjektet gjort vurderingar av organisering og bemanning av tilbodet og synergiar ved samlokalisering av legevakt, legevaktsentral og kommunale senger med døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp. Når det gjeld vurderingar av areal, er det som nemnt lagt opp til at dei kommunale sengene skal leggjast i tilknyting til medisinsk sengepost. Plan 2 med døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp/observasjonssenger: 11

Kostnader ø-hjelps-/observasjonssenger Andel (%) Løn legevaktslege (usikker) 320 000 Helsepersonell (spl) natt 50 788 118 Kostnad dagleg leiar 50% 0 - Helsepersonell (spl) dag/kveld 0 Kjøp av tenester Helse Førde 3 710 786 Tilsynslege 20% st. 240 000 Koordinator /leiar 10 45 681 Medisinar 60 000 Øyremerka tilskot (2 930 880) Samla kostnad til fordeling: 2 233 705 Fordeling mellom kommunane etter forventa bruk: Leikanger, Årdal, Lærdal, Aurland Total kostnad 2 233 705 Kommune Liggedøgn Kostnad 1 Vik - 2 Leikanger: 120 408 605 5 Aurland: 94 320 074 6 Lærdal: 124 422 225 7 Årdal: 318 1 082 802 Tilråding frå prosjektet: Framlegg til særavtale mellom Helse Førde og kommunane vert lagt til grunn for etablering av 5 senger med døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp. Tal senger er eit utgangspunkt og kan vere avhengig av kor mange kommunar som sluttar seg til. Det bør tilsetjast ein kommunal leiar/koordinator for alle interkommunale tenester. Denne vil kunne ivareta tilbodet på systemnivå og vere eit operasjonelt bindeledd både mot kommunane og mot Helse Førde. Det bør også setjast ned ei felles faggruppe og ei styringsgruppe for alle interkommunale tilbod ved Sogn LMS med representantar frå både kommunane og Helse Førde. Hovudprosjektet må utgreie korleis ein kan få etablert god kommunal styring av Sogn LMS. Kostnader og kostnadsfordeling må utgreiast nærare i hovudprosjektet, men i saka til kommunane må det gjevast eit overslag over kostnader totalt og det må synast alternativ for fordeling på kommunane. 6. Øvrige intermediærsenger I forprosjektet er det ikkje gjennomført konkret planlegging av andre intermediærsenger i Sogn lokalmedisinske senter. Likevel, om det ikkje er planlagt ved start, har det vore diskusjonar knytt til framtidige behov for andre intermediære senger. Det er særleg for fagområda rehabilitering, psykiatri og rus det er behov for ei nærare utgreiing. Prosjektgruppa understrekar behovet for eit tilbod om intensiv rehabilitering for nokre pasientgrupper, t.d. hjerneslagpasientar. 12

Ein står føre fleire utfordringar og ei ytterlegare oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til kommunane innan rehabilitering, psykiatri og rus. Det er difor vurdert som naudsynt å løfte fram desse fagområda slik at behova i kommunane blir identifiserte. I dette ligg óg ei konkretisering av tiltak og samhandlingsformer på tvers av kommunane, slik at pasientane og brukarane av tenestene får tilbod om behandling på rett nivå som er av god fagleg kvalitet. Tilråding frå prosjektet: Ein gjer i neste fase ei grundig vurdering av behovet for rehabiliteringsplassar i den einskilde kommune og eventuelt kva ein kan oppnå med eit interkommunalt samarbeid på dette fagområdet. I dette ligg å identifisere behov, kompetansekartlegging, lokalisering, dimensjonering og kostnad. Det skal gjerast ei vidare utgreiing innan psykiatri og rus i høve intermediære senger 7. Fagnettverk Utviklinga innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene går i retning av eit større ansvar for helseoppgåver og desse vert meir komplekse. Eitt av måla med delprosjektet er å bidra til ei auka interesse for pleie- og omsorgsoppgåver slik at ein kan bygge interessante og robuste fagmiljø i regionen. Ved å etablere eit delprosjekt knytt til fagnettverk ønskjer ein å etablere system for kompetanseheving og utvikling på tvers av kommunegrenser, slik at ein oppnår betre tenester for innbyggarane og på same tid bidreg til meir effektiv ressursnytting i kommunane. Kommunehelsetenesta har gitt uttrykk for behov for opplæring og kompetanseoverføring gjennom mellom anna fagdagar, auka bruk av hospitering og auka grad av ambulerande verksemd frå spesialisthelsetenesta ut til kommunane. Det har vore ein langvarig prosess med å finne deltakarar til arbeidsgruppa. For å ta prosjektet vidare i neste fase er det kome framlegg om større involvering av legar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Tilråding frå prosjektet: Det skal haldast eit møte i styringsgruppa tidleg i 2014 der ein skal planlegge vidare framdrift, innhald og retning for delprosjektet. 8. Pasientforløp Standardiserte pasientforløp er ein metode for å kunne gi eit heilskapleg og koordinert helsetilbod til ulike målgrupper. Gjennom standardisering av pasientforløp skal ein utforme retningsliner og rutinar som skal gi pasientar, pårørande og helsepersonell føreseielege rammer til korleis ein møter pasientar med ulike diagnosar. Ein vil då utforme eit heilskapleg pasientforløp som tydeleggjer roller, ansvar og systematisk oppfølging av pasientane. Eitt av hovudmåla i delprosjektet har vore å utvikle standardiserte pasientforløp som gir auka tryggleik og betre tenester for pasientane og pårørande. Arbeidsgruppa som vart sett ned for å arbeide med dette delprosjektet har meldt tilbake eit behov for ytterlegare involvering av kommunalsjefar, legar, ergoterapeutar og fysioterapeutar for å ta prosjektet vidare. 13

Tilråding frå prosjektet: Det skal haldast eit møte i styringsgruppa tidleg i 2014 der ein skal planlegge vidare framdrift, innhald og retning for delprosjektet. 9. Oversyn bemanning, kostnader og kostnadsfordeling Alle dei sju kommunane vil heilt eller delvis vere med på samarbeidet knytt til Sogn lokalmedisinske senter. Prosjektet er samansett, og det omfattar legevakt, legevaktsentral (telefon), døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp/observasjonssenger og andre intermediær- og samhandlingsfunksjonar. Senteret er tilrådd organisert etter ein vertskommunemodell med Lærdal kommune som vertskommune. Når det gjeld samarbeid om interkommunal legevakt, vil dette i utgangspunktet omfatte kommunane Lærdal, Årdal og Aurland. I høve legevaktsentral, vil også dei andre kommunane under visse føresetnader slutte seg til, men då ved avtale om tenestekjøp. På same måte vil det eventuelt vere aktuelt for Leikanger kommune å kjøpe legevakttenester knytt til døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp, dersom Leikanger vidarefører samarbeidet med Sogndal kommune om legevakt. Helse Førde deltek ikkje direkte i det lokalmedisinske senteret, men leverer etter avtale tenester og etablerer eit samarbeid om dei samla tenestene. 9.1 Bemanning Det er i prosjektet gjort ei vurdering av behovet for bemanning ved dei ulike tenestene, jfr forprosjektrapporten. Øvrige føresetnader (areal, kjøp av tenester m.m.) er også vurdert, og det er etter drøftingar i styringsgruppa sett opp ei førebels skisse over kostnadene for dei ulike tenestene. Det er vidare sett opp oversyn over mogleg kostnadsfordeling på kommunane, også dette med bakgrunn i drøfting i styringsgruppa. Gjennom arbeidet med Sogn LMS har det kome fram at dette er det som kjem til å bli den mest sannsynlege løysinga ved etablering av tilbodet i november 2014: Legevaktsentralen (telefon) er planlagd som eit samarbeid mellom alle sju kommunane. Det er krav om døgnbemanna legevaktsentral (telefon). Interkommunal legevakt ved Sogn LMS er planlagd som eit legevaktsamarbeid utanfor ordinær arbeidstid mellom kommunane Aurland, Lærdal og Årdal, men denne strukturen er ikkje til hinder for at kommunar kan slutta seg til seinare. Den interkommunale legevakta skal ta imot pasientar etter ordinær arbeidstid. Kvardagar opnar legevakta kl. 15.30. Laurdag, søndag og heilagdagar er legevakta døgnopen. Døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp er planlagt som eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Lærdal, Årdal og Leikanger, eventuelt også Vik. Når det gjeld andre intermediære senger, t.d. knytt til rehabilitering, er dette ikkje planlagd inn i tilbodet no, men vil eventuelt kome inn i Sogn LMS seinare. + 14

Ved bemanning av legevaktssentral, legevakt og døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp vil ein gjere seg nytte av sambruk av personale. I denne framstillinga ser ein bemanninga av Sogn LMS og kvar ein skal fordele kostnadene: Ein har kome fram til eit slikt bemanningsbehov: Leiing Koordinator/leiar i 50 % stilling for alle delfunksjonane Dagleg leiar for legevaktsentral og legevakt i 50 % stilling Legevaktssjef (lege) i 20 % stilling Helsepersonell i eit samla tilbod Tilsynslege for dei kommunale sengene i 20 % stilling Sjukepleiarar og anna helsepersonell tilknytt dei kommunale sengene o Leigeavtale med Helse Førde for leige av helsepersonell tilknytt medisinsk avdeling i Lærdal sjukehus o Sjukepleiar ved legevaktsentralen skal ha ansvar for desse sengene på nettene måndag til torsdag Legar ved legevakt o Ein lege i vakt måndag til fredag frå 15:30 til 08:00. Laur-, søn- og heilagdagar heile døgnet o Vert dekka av dei samarbeidande kommunane Anna helsepersonell ved legevakt o Sjukepleiaren tilknytt legevaktsentralen vil hjelpe legen i legevakta om det er høve til dette 15

Helsepersonell ved legevaktsentral o Ein sjukepleiar alle dagar og heile døgnet for å innfri krav om døgnkontinuerleg drift av legevaktstelefon o Ein ekstra sjukepleiar eller anna helsepersonell vil krevjast for å ta unna dei tidene av døgnet det er styrst pågang på legevaktselefonen 5 timar på kvardagane måndag til fredag 7,5 timar på laur-, søn- og heilagdagar Bemanninga i Sogn LMS er lista opp for personell tilknytt dei ulike delfunksjonane i dette delkapitlet, sjå figur under. Dette oversynet inneheld ikkje dei som har eit leiingsansvar (leiar av Sogn LMS/koordinator, dagleg leiar ved legevakta og legevaktssjef) eller bemanninga ved sengene i det kommunale øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet. For øyeblikkeleg hjelp døgntilbod blir bemanning av pleiepersonell leigd gjennom avtale med Helse Førde. Elles stiller Sogn LMS med: Tilsynslege i 20 prosent stilling på dagtid Legevaktslege har ansvar utanom ordinær arbeidstid Sjukepleiar på natt måndag til torsdag, same som har ansvar for legevakttelefon Figurane under viser bemanninga ved legevaktsentral og legevakt. Utrekningar av turnus viser at ein treng 12 personar (5,86 årsverk) for å kunne dekke turnusen til legevaktsentralen. Personellbehov for legevaktsentral Sjukepleiarar/anna helsepersonell Vakt tid tal timar/vakt timar /veke timar per turnus per s Veke dagvakt 08:00-15:30 1 7,5 37,5 225 Veke kveldsvakt 1 15:30-22:00 1 6,5 32,5 195 Vakt kveldsvakt 2 17:00-22:00 1 5 25 150 Helg dag 08:00-15:30 1 7,5 15 90 Mellomvakt 1 7,5 15 90 Helg kveld 15:30-22:00 1 6,5 13 78 Nattevakt 22:00-08:00 1 10 70 420 Sum timar 208 1 248 Stillingsprosent: 585,9 585 Det er legane tilsett i dei samarbeidande kommunane som dekker legevaktene. Etablering av interkommunal legevakt fører til ein reduksjon i talet på vakter for den enkelte lege. Personellbehov for legevakt Lege Frå Til Timar 1. Ordinære vakter 2. Ekstra pga dag før helgedagar Kveld: 15:30 23:00 7,5 16 Natt: 23:00 08:00 9,0 Helg Dag/Kveld: 08:00 23:00 15,0 Helg natt: 22:30 08:00 9,5 3 dagar pr år: 08:00 15:30 7,5 3. Helgedag, aktiv vakt dag: heile døgnet 15,0

9.2 Totale kostnader Ikkje alle kostnadene med Sogn LMS skal fordelast på alle kommunane. Det er nedanfor sett opp eit totalt oversyn over stipulerte kostnader med heile senteret. Deretter følgjer oversyn der det går fram kva dei ulike delane av Sogn LMS vil koste, ut frå visse føresetnader. Ut frå desse kostnadene kan ein også sette opp eit kostnadsestimat for kvar kommune. Eit klart atterhald må takast om den endelege tilslutninga til dei ulike delane. Oppstillinga er meint som eit estimat, og tek utgangspunkt i det ein veit om kostnader i dag. Endelege kostnader kan bli andre enn det ein her presenterer. Ved ønskje om innsyn i utrekningane og døme på andre fordelingsprinsipp er det høve til å ta kontakt med prosjektet. Det er nedanfor gitt eit overslag over totale kostnader. Det vil oppstå ulike kostnader per kommune alt etter kva konkrete løysingar som blir valde. Dette skal det arbeidast vidare med i hovudprosjektet. Modellen har som utgangspunkt at både legevaktsentral og legevakt ligg ved Sogn LMS. Kostnadene med kjøp av tenester frå Helse Førde er basert på framlegg til føresetnader for ein drifts- og leigeavtale, jfr vedlegg til forprosjektrapporten. Prosjektet tilrår at partane legg desse føresetnadene til grunn. Lønskostnader LVS/LV inkl leiing 7 425 484 Driftskostnader legevakt 600 000 Driftskostnader legevaktsentral 150 000 Inntekter refusjoner natt (lege har fastløn på natt) -200 000 Kjøp av tenester Helse Førde legevakt/lv-sentral 484 347 Kjøp av tenester Helse Førde ø-hjelp 3 710 786 Tilsynslege - 20 % stilling 240 000 Leiar av kommunale funksjonar - 50 % stilling 456 808 Medisinar 60 000 Kreft-koordinator 125 000 Løn til legevaktslege for tilsyn ved ØH-senger 320 000 SUM 13 372 425 Nokostnad legevakt i ÅLA -2 507 678 Nokostnad legevaktsentral 7 kommunar (68 kr) -1 825 596 Øyremerka tilskot til døgntilbod ø-hjelp -2 930 880 Netto kostnad 6 108 271 Oversynet bygger på at 3 kommunar samarbeider om legevakt, 7 om legevaktsentral og 4 om øyeblikkeleg hjelp-tilbodet. Det er i oversynet ikkje teke omsyn til dei nye kostnadene ein eventuelt ville ha fått ved levering av legevaktsentraltenester frå Helse Førde frå november 2014. Desse kan utgjere om lag 3,2 millionar kr for dei aktuelle kommunane. 9.3 Fordelingsnøklar På grunn av synergiar i tilbodet vil ei konkret utrekning og vekting av arbeidsinnsats og kostnad ved dei ulike tilboda vere utfordrande. Ein kan her berre gi eit estimat. Det er t.d. vanskeleg å seie heilt sikkert om sjukepleiaren ved legevaktsentralen vil kome til å arbeide 17

40 eller 50 prosent også ved legevakta. Like vanskeleg er det å seie korleis arbeidet vil vere på natta. Kor mykje av arbeidet vil vere å svare på legevaktsentralen og kor mykje av arbeidet vil vere ved dei kommunale sengene? Prosjektet har sett opp nokre forslag til fordelingsnøklar og ser for seg ein evalueringsperiode etter at tilbodet er etablert. Fordelingsnøkkel fordeling i kostnader mellom deltilboda: Sogn lokalmedisinske senter er her delt inn i 4 delar: Legevaktsentral (LVS) Interkommunal legevakt (LV) Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØH-D) Andre samhandlingsfunksjonar (andre) Nokre av tilboda bruker same personell og vi vil derfor skilje ut dei delane det er sambruk for å fordele kostnadene på ein god måte. Desse delkostnadane er skilde ut for fordeling mellom dei ulike deltilboda: 1) Sjukepleiar/anna helsepersonell på natt (sj.pl natt) 2) Sjukepleiar/anna helsepersonell dagtid og kveld (sj.pl dag/kv ) 3) Dagleg leiar for legevakt/legevaktstelefon (dagl.l. LVS/LV) 4) Kjøp av tenester frå Helse Førde til legevakt og legevaktsentral (HF: LV/LVS) 5) Koordinator/leiar for heile Sogn LMS (leiar LMS) Framlegg til deling mellom tilboda: Kostnad LVS LV ØH-D Andre Kommentar Sj.pl natt 50 % 50 % Kostnaden er sjukepleiar/anna helsepersonell natt for heile veka. På natt måndag til torsdag sambruk LVS og ØH-D. Om ein deler desse nettene 50-50 utgjer bruken til ØH-D 30 %. Prosjektet vel trass dette ei fordeling på 50-50 for heile tilbodet, då det truleg er meir krevjande på natt å ta seg av ØH-D enn LVS. Sj.pl 60 % 40 % Sjukepleiar sitt hovudansvar er bemanning av LVS og dag/kv Dagl.l. LVS/LV hjelper i legevakta ved behov. 50 % 50 % Dagleg leiar har eit ansvar for LV og LVS. Lik deling mellom tilboda her. Flest tilsette ved LVS, men kanskje like stort arbeid med oppfølging av dagleg drift av legevakta. HF: 35 % 65 % Størst del av arealleige ved LV. LVS/LV Leiar LMS 10 10 10 70 % Leiar og koordinator for heile Sogn LMS. Litt av arbeidet inn mot LV og LVS, men her er eigen leiar. Leiing av personell ved ØH-D inngår i avtalen med Helse Førde. 18

9.4 Totale kostnader per deltilbod Her framgår utrekna totalkostnad for kvart av tilboda med ei prosentdeling som tilrådd i tabellen over. Kostnader legevaktsentral (telefon) Andel (%) Helsepersonell (spl) natt 50 788 118 Kostnad dagleg leiar 50% 50 228 404 Helsepersonell (spl)dag/kveld 60 1 813 755 Totalsum kjøp av tenester 484 347 Kjøp av tenester Helse Førde 35 169 521 Koordinator/Leiar Sogn LMS 10 45 681 Driftskostnad legevakssentral 150 000 Samla kostnad LVS: 3 195 479 Kostnader legevakt Andel (%) Netto driftskostnad LV 400 000 Kostnad legar inkl LV-sjef 2 369 515 Helsepersonell (spl) natt 0 - Kostnad dagleg leiar 50% 50 228 404 Helsepersonell (spl) dag/kveld 40 1 209 170 Kjøp av tenester Helse Førde 65 314 826 Koordinator/leiar Sogn LMS 10 45 681 Samla kostnad legevakt 4 567 595 Vertskommune tilskot (300 000) Samla kostnad til fordeling: 4 267 595 Kostnader ø-hjelps-/observasjonssenger Andel (%) Løn legevaktslege (usikker) 320 000 Helsepersonell (spl) natt 50 788 118 Kostnad dagleg leiar 50% 0 - Helsepersonell (spl) dag/kveld 0 Kjøp av tenester Helse Førde 3 710 786 Tilsynslege 20% st. 240 000 Koordinator /leiar 10 45 681 Medisinar 60 000 Øyremerka tilskot (2 930 880) Samla kostnad til fordeling: 2 233 705 19

Kostnader andre samhandlingsfunksjonar Andel (%) Helsepersonell (spl) natt 0 - Kostnad dagleg leiar 50% 0 Helsepersonell (spl) dag/kveld 0 Kjøp av tenester H Førde - LV/LVS: 0 - Kreftkoordinator 125 000 Koordinator /leiar Sogn LMS 70 319 766 Samla kostnad til fordeling: 444 766 Kreftkoordinator: Sjå forprosjektrapporten pkt 3.5, side 16. Det må understrekast at dette er førebelse kostnadsvurderingar, og at kostnadene skal utgreiast nærare i hovudprosjektet. 9.5 Fordelingsnøkkel fordeling av kostnader mellom kommunane Prinsipp ved fordeling: Legevaktsentral er fordelt etter innbyggjartal i hovudoversikten på kostnad per kommune o Det er også rekna ut kva fordelinga blir ved: 20 % fordelt likt mellom kommunane og 80 % etter innbyggjartal 40 % fordelt likt mellom kommunane og 60 % etter innbyggjartal Legevakt er fordelt 30 % likt mellom kommunane, 70 % etter folketal Øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet er fordelt mellom deltakarkommunane i samsvar med tal liggedøgn berekna av Helsedirektoratet Andre tenester ved Sogn lokalmedisinske senter, t.d. kreftkoordinator, er fordelt med 20 % til kvar av kommunane Årdal, Aurland og Leikanger, medan Lærdal betalar 40 %. (For Leikanger må dette vurderast nærare, då kommunen evt. ikkje deltar i samarbeid om kreftkoordinator. Ei kostnadsjustering her vil utgjere rundt 30 000-40 000 kroner.) 20

9.6 Totalkostnad per kommune Årdal Lærdal Aurland Vik Leikanger Sogndal Luster Legevakttelefon 663 210 262 451 203 772 327 082 266 141 874 600 598 222 Legevakt 2 180 930 1 420 935 965 729 Ø.hjelps-/observasjonssenger 1 082 802 422 225 320 074 408 605 Andre 88 953 177 906 88 953 88 953 SUM 4 015 896 2 283 518 1 578 528 327 082 763 699 874 600 598 222 Om ein tek omsyn til dagens kostnader, blir auka kostnad for kommunane: Kostnad legevakttelefon i dag 378 896 149 940 116 416 186 864 152 048 499 664 341 768 Kostnad legevakt i dag 780 000 1 037 678 690 000 Ny nettokostnad 2 857 000 1 095 900 772 112 140 218 611 651 374 936 256 454 Om prisen for levering av legevakttelefontenester frå Helse Førde aukar til kr 190 pr innbyggjar frå november 2014, blir nettokostnaden i høve dette alternativet slik: Kostnad legevakttelefon 190/innb 1 058 680 418 950 325 280 522 120 424 840 1 396 120 954 940 Ny nettokostnad 2 177 216 826 890 563 248 (195 038) 338 859 (521 520) (356 718) Figuren viser total kostnad per kommune etter fråtrekk av øyremerka tilskot til øyeblikkeleg hjelp døgntilbod for ÅLA kommunane og Leikanger. Sum viser total kostnad per år. Under ser ein nettokostnad dersom ein tek høgde for ein venta prisauke for legevakttelefontenestene levert av Helse Førde. Alternative kostnadsfordelingar for legevakttelefon Fordeling Årdal Lærdal Aurland Vik Leikanger Sogndal Luster Innb.tal 663 210 262 451 203 772 327 082 266 141 874 600 598 222 20-80 621 868 301 261 254 317 352 965 304 212 790 979 569 877 40-60 580 525 340 070 304 862 378 848 342 284 707 359 541 532 Figuren viser kostnadsfordeling for legevakttelefonen mellom kommunane. Øvste linja viser kostnader ved fordeling på innbyggjartal, linjene under ei fordeling på 20-80 og 40-60. 10. Vidare prosess På bakgrunn av handsaming av forprosjektrapporten i kommunane og Helse Førde vil det bli utarbeidd ein prosjektplan for hovudprosjektet, som går til handsaming i styringsgruppa i januar 2014. Det må innan 01.03.14 søkast om midlar frå helsedirektoratet til etablering av døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp. Rådmannen har i tilrådinga lagt til grunn at kommunen underteiknar avtale med Helse Førde om ØH-sendger ved Lærdal sjukehus og søkjer om tilskotsmidlar innan fristen 01.03.2014 med atterhald om kommunestyret sin godkjenning av avtalen i møte 06.03.2014. Det er teke sikte på oppstart av alle tenester knytt til Sogn lokalmedisinske senter i november 2014. Dette har samanheng med naudsynt tid til anbod og ombyggingsarbeid ved Lærdal sjukehus og føremonene med å starte samstundes med innføring av nytt naudnett. VURDERING Etter rådmannen si vurdering inneber prosjektet Sogn lokalmedisinske senter ei god støtte til alle kommunane i Sogn i arbeidet med å følgje opp samhandlingsreforma. Kommunane har likevel ulike utgangspunkt og føresetnader, og det vil variere kva tilbod og funksjonar kommunane ønskjer eller ser behov for å samarbeide om. Leikanger kommune har i samband med forstudien gjort vedtak om å delta i forprosjektet på alle fagområda utanom interkommunal legevakt på Lærdal sjukehus. 21

Seinare har ei løysing for legevakttelefonen vorte aktualisert for alle dei 7 kommunane i samband med planar for nytt naudnett. Leikanger kommune har slutta seg til planane om legevakttelefon for kommunane i Sogn lokalisert til Lærdal sjukehus og knytt til legevakta der med oppstart hausten 2014. I tillegg til fellesfunksjonane lokalisert til Lærdal sjukehus, meiner rådmannen at samarbeid om kompetanseutvikling gjennom eit system for fagnettverk vil vere eit viktig ledd i å utvikle tenestene og møte framtidige utfordringar. Det same gjeld samarbeid om å avklare gode pasientforløp og implementere desse lokalt i Sogn. Dette arbeidet må det likevel leggjast meir konkrete planar for framover. Eit alternativ for døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp ( ØHJ) er oppretta i Sogndal kommune, og der har dei no erfaring med over 1 års drift. Det har vore mindre bruk av sengene enn forventa, under 30% belegg. Dersom kommunen skal vurdere å knyte seg til Sogndal som eit alternativ til Lærdal, må ein stoppe opp prosessen mot Lærdal og gjera ei utgreiing om samarbeid med Sogndal kommune. Det er mogeleg å ha ØHJ-senger i Sogndal og samtidig vera med på dei andre oppgåvene innan fagnettverk og pasientforløp i Lærdal. Sogndal kommune har gjevi tilbod levering av ØH-senger med døgnopphald til ein kostand på kr 540.000,- pr år, ref vedlagt framlegg til avtale. Når det gjeld framtidig samarbeide med senger for rehabilitering og intermediærfunksjonar, vil det vera naturleg å ha desse sengene same stad som ØHJ-sengene. Ei vurdering av kvar Leikanger skal ha sine ØHJ-senger fører til ei avveging om kva for type samarbeide kommunen skal ha i framtida. Er det ønskje om at regionen skal samlast mest mogeleg om felles løysingar bør ein knyte seg til Lærdal. Legg ein vekt på utviklinga mot større kommunar er det vera naturleg å samarbeide med nabokommunen. Rådmannen vil etter ei samla vurdering tilrå at Leikanger kommune sluttar seg til samarbeidet omkring Sogn lokalmedisinske senter på alle dei områda som er aktuelle for kommunen, i samråd med tilrådingane frå prosjektet. Nye kostnader med dette vil for kommunen vere 611.651,- kr på årsbasis, når ein tek omsyn til frådrag for øyremerka tilskot til døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og dagens kostnader med tenestene. Per i dag er ikkje utgiftsfordelinga endeleg avklart, om det skal fordelast på folketal åleine eller ein fast del av summen likt. I 2014 vil hovudtyngda av kostnadene kome frå november 2014. (Leiar for det samla kommunale tilbodet, dagleg leiar for legevakta og legevaktsjef bør tilsetjast våren 2014, og ein må dermed for denne delen rekne omlag eit halvt års verknad). Rådmannen vil tilrå at Leikanger kommune set av 150.000,- kr i budsjettet for 2014 til å dekke desse utgiftene. 22