Budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 for opplæringssektoren utfordringar og satsingar



Like dokumenter
Finansiering av dei offentlege fagskolane

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Budsjett Intern Service Helse Førde

Forslag frå fylkesrådmannen

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Budsjett 2015 og økonomiplan sektorbudsjett for opplæring ::: Sett inn innstillingen under denne linja

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Tertialrapport 2 tertial 2015

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Flora vidaregåande skule. Møtedato Kl. kl. 10:00 15:00

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Saksnr Utval Møtedato

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Finansiering av søknaden

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Aurland kommune Rådmannen

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Oversyn over økonomiplanperioden

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Sogn lokalmedisinske senter

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Vurdering av allianse og alternativ

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Kvalitetsplan mot mobbing

Granvin herad Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Åste Råmundalen Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Knut Kristian Vadder Medlem SP Kjetil Fulsås Leiar AP

Transkript:

Side 1av 10 Saksbehandlar: Ingeborg Lie Fredheim Avdeling: Opplæringsavdelinga Sak nr.: 12/4443-1 Budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 for opplæringssektoren utfordringar og satsingar Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å gjere slikt vedtak: 1 Hovudutvalet sluttar seg til dei overordna strategivala slik desse går fram av kap. 2 i saksutgreiinga. 2 Hovudutvalet sluttar seg til satsingane slik dei går fram av punkt. 6.1 i saksutgreiinga. 2 Hovudutvalet sluttar seg til reduksjonstiltaka slik dei går fram av punkt 6.2 i saksutgreiinga. SAKSFRAMSTILLING 1. Innleiing Administrasjonen sender i år ut ei sak til kvart av hovudutvala. Denne saka vil ha fokus på det sektorspesifikke. Hovudutvala vert utfordra på å meine noko om kva tilpassingar som er aktuelt å utgreie gitt to ulike føresetnader: 1. Sektoren får auka si sektorramme 2. Sektoren får redusert si sektorramme Hovudutvala får i tillegg presentert ein fellesdel som set den sektorspesifikke delen i relasjon til den samla økonomiske stoda i fylkeskommunen. Innspela frå hovudutvalet vil, saman med finansutvalet sine rammer av 27.06.12, danne grunnlag for fylkesdirektøren sitt vidare arbeid fram mot hovudutvalssaka i september. Fylkesrådmannen vil nytte høvet til å minne om at fylkeskommunen går inn i ei svært krevjande tid økonomisk sett. Fylkeskommunen har store utfordringar og mange uløyste oppgåver som ikkje kan gjennomførast innafor tilgjengelege ressursar. Det er difor avgjerande, for å få eit godt budsjett og økonomiplan for åra framover, at alle hovudutvala engasjerer seg i arbeidet med «marginallister» for sin sektor. Hovudutvala kjenner sin sektor godt, både når det gjeld utfordringar og moglegheiter. Denne saka er såleis hovudutvala sitt høve til å kome med innspel både til finansutvalet sitt vidare arbeid med fastsetting av sektorrammene samt eventuelle ytterlegare bestillingar/oppdrag til hovudutvala.

Side 2av 10 2. Strategival Fylkesrådmannen legg opp til å vidareføre hovudlinene i dei strategival som ligg til grunn for prioriteringane i gjeldande budsjett og økonomiplan. Strategiane er nærare omtala i budsjett 2012/økonomiplan 2012-15. På tiltakssida er satsingsområda summerte i matrisa på side 9, med tilhøyrande tekstleg omtale. Den sektorvise oppfølginga i høve satsingane er gjort greie for under kvar sektordel. Når det gjeld dei økonomiske strategiane er desse omtala på side 5 i dokumentet. I denne fellesdelen vil fylkesrådmannen gje ei nærare vurdering av dei økonomiske strategiane. Oppfølging av satsingsområda vert omtala spesifikt i sektordelen. Halde etablerte driftsrammer Fylkesrådmannen legg opp til at etablerte driftsrammer på sektornivå skal haldast. Det er fylkesrådmannen si utgangshaldning at auka kostnader som følgje av auka prisar/nye pålegg utan at det følgjer økonomiske ressursar med er eit uttrykk for at storsamfunnet pålegg oss å omprioritere området. Det vil seie at det vert mindre aktivitet for tildelte ressursar. Fylkesrådmannen legg opp til at sektorane - fram mot septembersakene i hovudutvala vert utfordra på å vise kva aktivitetstilpassing som må gjerast for å halde tildelte sektorrammer. Konsekvensane av tilpassingane skal synleggjerast. Finansutvalet vil med grunnlag i desse hovudutvalssakene sjå på om det bør gjerast omdisponeringar mellom sektorane. Bufferfondet I gjeldande budsjett er det lagt opp til å nytte bufferfondet fullt ut. Prognostiserte midlar på fondet er disponert til eingongstiltak og ekstraordinær nedbetaling av lånegjeld. Gjennom tertialrapport 1/12 varslar fylkesrådmannen at det er svikt i dei lokale inntektene i 2012 på om lag 16 mill. kr. Det ligg no an til å måtte tære på grunnkapitalen på bufferfondet som er på 80 mill. kr for å sikre driftsnivået i 2012. Med bakgrunn i prognosar på utbytte og konsesjonskraftinntekter framover i økonomiplanperioden, vil det vere grunnlag for å vurdere ei nedjustering av nivået på lokale inntekter til driftsføremål/alternativt styrking av bufferfondet. Med bakgrunn i dette ser ikkje fylkesrådmannen det som realistisk at det vil vere udisponerte midlar i bufferfondet som kan nyttast inn i prioriteringsdiskusjonane i komande budsjettprosess. 3. Samla ubalanse med vidareføring av dagens drift Fylkesrådmannen viser i tabellen nedanfor samla ubalanse med vidareføring av dagens drift. Fylkesrådmannen har i si oppstilling føresett at tertialrapport 1/12 vert vedteke i samsvar med tilrådinga og vi har på dette grunnlag innarbeidd konsekvensane for økonomiplanperioden. 2013 2014 2015 2016 Utg.pkt: Balansert økonomiplan 0,0 0,0 0,0 Rullering av øk.plan - ubalanse i 2016 16,7 T 1/12 - Kontrollutvalet: auka kostnader til revisjon og reiser 0,4 0,4 0,4 0,4 T 1/12 - Kultur: Bibliotekføremål - ny transportordning 0,2 0,2 0,2 0,2 T 1/12 - Opplæring: auke grunna sentralt avtaleverk 2,6 2,6 2,6 2,6 T 1/12 - Opplæring: auke i omstillingstiltak ped.pers 1,1 1,1 1,1 1,1 T 1/12 - Opplæring: auke kostnader pr fagprøve 1,1 1,1 1,1 1,1 T 1/12 - Opplæring: reduksjon restteori for lærlingar -1,0-1,0-1,0-1,0

Side 3av 10 Korrigert ubalanse ved vidareføring av dagens drift 4,3 4,3 4,3 21,1 Når det gjeld 2016 har fylkesrådmannen ved rullering vidareført nivået frå 2015, justert for kjente endringar i gjeldande økonomiplan. Det er ikkje lagt inn nye tiltak. Resultatet av vidareføringa syner ein ubalanse på 16,7 mill. kr som i det vesentlege skuldast ein forventa reduksjon i rammetilskotet og ein reduksjon i bruken av fondsmidlar. Tabellen viser vidare at med ei vidareføring av dagens drift vil følgjande sektorar få auka si ramme i høve til gjeldande økonomiplan slik: Forvaltning 0,4 mill. kr Kultur 0,2 mill. kr Opplæring 3,8 mill. kr. Men denne ubalansen i økonomiplanen vert strategien om å halde etablerte driftsrammer utfordra ytterlegare. For å møte denne utfordringa vert det i det vidare arbeidet med budsjett/økonomiplanarbeidet lagt opp til ei prosentvis fordeling av «innsparingskrava» på kvar sektor. Når det gjeld fellesinntekter og -utgifter vil fylkesrådmannen signalisere at det kan kome utfordringar i høve til budsjettføresetnader i gjeldande økonomiplan. Dette gjeld både lokale inntekter og kapitalutgifter/-inntekter. Verknadane av nytt inntektssystem er også framleis ein ukjent faktor. Endringar i fellesinntekter og utgifter kan igjen føre til behov for ytterlegare justeringar av sektorrammene. Fylkesrådmannen har ikkje full oversikt over dei samla utfordringane på fellesinntekter og -utgifter no, så dette lyt vi få kome attende til. Ut frå fylkesrådmannen sin ståstad er det per i dag stor usikkerheit knytt til fleire område, spesielt for åra 2014-16. Usikkerheita er blant anna knytt til verknader av nytt inntektssystem, skulebruksplanen og den regionale transportplanen. Fylkesrådmannen vil difor - overfor finansutvalet - foreslå at hovudfokuset i det vidare budsjettarbeidet no vert å få til eit saldert og godt budsjett for 2013 og at gjeldande økonomiplan vert justert for eventuelle verknadar av endringar i budsjett 2013. 4. Omtale av prosessen kring avvikling av programstyra Programstyra vart oppretta som eit grep knytt til oppfølging og gjennomføring av strategiane i gjeldande fylkesplan. Ved fylkesplanmeldinga til fylkestinget i juni 2010 vart fylkesplanen forlenga ut 2012. Gjennom handsaming av denne meldinga vart to av programstyra avvikla i 2010. Det vart ikkje eksplisitt uttalt at dei resterande programstyra skulle avviklast når fylkesplanen vert fasa ut. Fylkesrådmannen har likevel vurdert det slik at programstyra er knytt så tett til oppfølging av fylkesplanen at det i samband med utfasing av planen og må drøftast utfasing av programstyra. Om programstyra har vist seg å vere eit viktig verkty for samhandlinga i fylket, bør ein i så fall vurdere ei vidareføring, men då med ei anna plattform i botn. I fylkesplanmeldinga frå 2010 står det fylgjande om programstyra: Folkehelse treng ei programorganisering rundt delar av arbeidet. Men arbeidet med infrastruktur, mellom anna drift av ressursgrupper, nettverk og partnarskap med kommunane, bør førast over i ein driftsfase. Avklaringa må skje i samband med budsjettarbeidet. Programstyret for fornying av offentleg sektor og IKT bør halde fram. Ein må no nytte tida til å legge endå meir vekt på læring, erfaringsutveksling og formidling mellom kommunane. Programstyret for Entreprenørskap og nyskaping bør konsentrere seg om målområdet utdanning, samt drift og utvikling av www.driftig.no. Om ein vel å halde oppe sida, bør Driftig etter kvart gå over i meir varig drift i ein organisasjon. Oppgåver knytt til 1. og 2. linetenesta bør overlatast til

Side 4av 10 fylkeskommunen og Innovasjon Norge då dette er ein del av deira 21kjerneoppgåver. Det er naturleg at desse organisasjonane legg endelege strategiar og er operative på desse områda. Programstyret må gjerne kome med innspel til dette arbeidet. I tillegg er det sagt følgjande som bør bli teke med i ei vurdering av programstyra si rolle ut over 2012: Ein bør bli endå tydelegare på evaluering og resultatvurdering fram mot avslutning av programperioden. Kanskje skal ein sjå på om det er ynskjeleg å setje i gang ei programstatusevaluering for eitt eller fleire program. Om ein startar opp program i ein ny planperiode bør ein vurdere å setje i gang ei programstatusevaluering frå starten av perioden. Det er trong for å få til større satsingar i tett samarbeid med den regionale partnarskapen. Det bør bli ei meir proaktiv tilnærming til dette arbeidet. Det vil seie at vi bør tone ned utviklingsarbeid som i hovudsak er basert på eit søknadsregime. Fylkesrådmannen legg opp til at det vert gjort ei eiga vurdering av kvart einskild programstyre gjennom eigne saker til politisk handsaming. Utgangspunktet vil vere at programstyra skal avviklast. Dersom ein likevel finn grunn til å vidareføre programstyra i ei eller anna form, skal saka gjere greie for premissane og forankringa for det vidare arbeidet. 5. Vidare prosess i budsjettarbeidet hovudutvala si rolle Finansutvalet godkjente i arbeidsdokument 1/12 gjennomføringa av budsjettprosessen for 2012. I høve den godkjente prosessen vert det no lagt opp til nokre justeringar. Fylkesrådmannen vil her kort skissere dei justeringar som vert tilrådd i årshjulet: Finansutvalet forheld seg, som tidlegare, til heilheita i budsjett/økonomiplanarbeidet hovudutvala til det sektorspesifikke. Hovudutvala får ikkje eit felles «utfordringsdokument» til handsaming i juni, men handsamar denne saka som er utarbeidd av fylkesdirektøren. Arbeidet i denne fasen vert konsentrert kring marginalbetraktningar på sektoren. Finansutvalet tek stilling til sektorrammene i sitt møte den 27. juni 2012. Fylkesrådmannen tek sikte på å presentere ei samla tilnærming til budsjett 2013/økonomiplan 2013-16 til finansutvalet i september. Den administrative tilrådinga i hovudutvalssakene i september vil vere avstemt i høve den samla tilnærminga frå fylkesrådmannen. Finansutvalet tek med bakgrunn dette innspelet endeleg stilling til rammefordeling mellom sektorane. Hovudutvala vil få høve til å uttale seg om finansutvalet sitt framlegg i den ordinære handsaminga av budsjett 2013/økonomiplan 2013-16 fram mot fylkestinget i desember. 6. Opplæringssektoren Gjeldande budsjett/økonomiplan opprettheld eit auka fokus på opplæringssektoren sine kjerneoppgåver; kvaliteten på og gjennomføring av vidaregåande opplæring. Gjennom den nasjonale satsinga Ny GIV er det både nasjonalt og lokalt stort fokus på auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. I Sogn og Fjordane oppnår ein gode resultat og har høgare grad av gjennomføring enn landsgjennomsnittet. Fylkeskommunen har målretta satsa på tiltak som støttar opp om læringssituasjonen. Fylkeskommunen står framover framfor store utfordringar som følgje av synkande elevtal i vidaregåande opplæring i åra framover. Det pågåande arbeidet med skulebruksplanen skal vise

Side 5av 10 korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnadseffektivt. Planen skal leggje eit best mogleg grunnlag for politiske vedtak om framtidig organisering av vidaregåande opplæring. Planen vert lagt fram for fylkestinget til handsaming våren 2013. Som del av omstillingsarbeidet i fylkeskommunen vil det vere behov for eit særskilt fokus på tiltak for omstilling og vidare-/etterutdanning av pedagogisk personale innan særskilde fag. For å sikre god kompetanse i vidaregåande opplæring og få til naudsynt omstilling i sektoren er det i vedteken økonomiplan frå 2014 sett av 2,0 mill. kr til føremålet. Behovet for omstillingsmidlar vil truleg auke i åra framover og må vurderast nærare som del av arbeidet med skulebruksplanen. Omstillingsmidlane blir også nytta i samband med overtalssituasjonar, og den føreståande elevnedgangen genererer overtal blant pedagogar i eit større omfang enn vanleg. Det er ei stor utfordring å tilpasse organisasjonen til nye inntektsrammer. Budsjettet for opplæringssektoren er i gjeldande budsjett/økonomiplan saldert med følgjande innsparingsutfordring: År 2013 2014 2015 2016 Innsparingskrav i perioden 1,000 6,850 17,000 16,850 Vedtekne satsingar (nye tiltak/omdisp) i perioden: Karriererettleiing - framtidig org. modell 1,000 1,000 1,000 1,000 Auke omstillingsmidlar 2,000 2,000 2,000 Utarbeiding skulebruksplan 0,550 Sum nye tiltak (omdisp) 1,550 3,000 3,000 3,000 Sum innsparingsbehov (etter omdisp) 2,550 9,850 20,000 19,850 Vedteken innsparing: Rest 2-delt utviklingspott -0,300-0,300 Tilpassa opplæring -0,800-2,290-3,000-3,000 Tilskot til lærebedrifter -0,300-0,690-0,800-0,800 Redusert løyving til opplæringstilbodet -2,500-6,240-7,000-7,000 Sum vedteken innsparing -3,900-9,520-10,800-10,800 Urealisert innsparingskrav -1,350 0,330 9,200 9,050 Urealisert innsparing 2012 0,835 Sum urealisert innsparingskrav, jf vedteken øk plan -0,515 0,330 9,200 9,050 Det er føresett at tiltak for å møte resterande innsparingskrav frå 2015 må kome som følgje av arbeidet med skulebruksplanen. Det er fylkesdirektøren si haldning at det ikkje bør setjast i verk kostnadsreduserande tiltak med konsekvensar av strukturell karakter før skulebruksplanen ligg føre. Dette ligg også til grunn for tilrådingane under når det gjeld satsingar og reduksjonstiltak. 6.1 Satsingar i planperioden 2013-2016 Fylkesdirektøren legg til grunn følgjande overordna satsingar for sektoren i komande økonomiplanperiode: Kjerneverksemda i sektoren for ungdom og vaksne; o Kvalitet på opplæringstilbodet i skule og bedrift o Gjennomføring i vidaregåande opplæring Organisering: o Utarbeiding, oppfølging og iverksetting av skulebruksplanen Gjennomføring av vedteke handlingsprogram (eiga sak til HO i juni)

Side 6av 10 Under følgjer omtale av tilrådde satsingar i prioritert rekkefølgje. Den økonomiske verknaden av satsingane er innarbeidd i oppsummeringstabellen i punkt 6.3. 1. Trivselshagen IKS auka driftskostnader Stipulerte driftskostnader for fylkeskommunen i Trivselshagen IKS viser følgjande avvik i høve vedteke budsjett i perioden 2012-2015: 2013 2014 2015 2016 Avvik mellom budsjett og stipulerte driftskostnader 0,900 0,500 0,500 0,500 I vedteken investeringsplan 2012-2015 er det lagt til grunn av heile byggjeprosjektet vert gjennomført som planlagt og at meirutgiftene frå 2013 vert innarbeidd ved rullering av økonomiplanen. I vedteken investeringsplan heiter det m.a.: «Det er knytt stor usikkerheit til dei førebels stipulerte driftskostnadene særskilt etter realisering av byggjesteg 3. Når ein har oversikt over heile kostnadsbiletet vil det vere behov for ein gjennomgang av grunnlaget for leigekostnadene knytt til det samla byggjeprosjektet.» Bygge- og eigedomstenesta, i samarbeid med fylkesdirektøren, er i gang med ein gjennomgang av grunnlaget for leigekostnadene ved byggjesteg 1 og 2. Den økonomiske ramma for leige av areal i Trivselshagen må aukast med 0,900 mill.kr. i 2013 og 0,500 mill. kr årleg frå 2014. 2. Vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar I vedteke budsjett/økonomiplan er det lagt inn midlar til tiltaket med 0,750 mill. kr årleg t.o.m. 2015. Det er føresett at tilbodet skal evaluerast i framkant av utlysing av opplæringstilbodet 2015/2016. Vedteken løyving sikrar at elevar som vert teke inn i ordninga hausten 2012 får fullført sine tre år. Dersom også elevar som startar på vg1 hausten 2013 og hausten 2014 skal få tilbod om å delta i ordninga, må løyvinga vidareførast med 0,750 mill. kr for 2016 og 0,410 mill. kr for våren 2017. Det er då føresett at eventuell vidareføring av ordninga, med inntak av elevar frå hausten 2015, vert teke stilling til etter at ordninga er evaluert. Tilbodet er i gjeldande økonomiplan (t.o.m. 2015) finansiert over bufferfondet. Ei eventuell vidareføring er ikkje finansiert. 3. Auka løyving til opplæringstilbodet I vedteken økonomiplan er det lagt til grunn eit innsparingsbehov for opplæringssektoren på 2,6 mill. kr i 2013, 9,9 mill. kr i 2014 og 20,0 mill. kr årleg frå 2015 (sjå tabell i punkt 6.1). Det er i økonomiplanen føresett at av innsparinga skal takast ved reduksjon i løyvingane til tilpassa opplæring, tilskot til lærebedrifter og opplæringstilbodet. Dette basert på forventa nedgang i elevtal i perioden. Føresett innsparing på løyvinga til opplæringstilbodet tilsvarar reduksjon med 4 grupper frå hausten 2013 aukande til 5 grupper frå 2014. Vedteke opplæringstilbod for 2012/2013 krev auke med 4 grupper i 2013/2014. For å realisere føresett innsparing må opplæringstilbodet då ned med 8 grupper. Under føresetnad av at omvalstala ikkje aukar og ut frå forventa reduksjon i elevtal, ser det ut til å vere mogleg å redusere tal grupper med 5-6 frå hausten 2013/2014 utan å røre etablerte strukturar. Resterande innsparingskrav tilsvarar etter dette 2-3 grupper, eller om lag 2,8-4,2 mill. kr, med ein verknad på 1,3-1,9 mill. kr i 2013.

Side 7av 10 Fylkesdirektøren ser det som lite realistisk å kunne møte vedteke innsparingskrav utan å måtte gjere strukturelle tiltak. Fylkesdirektøren meiner det vil vere svært uheldig å gjere strukturelle tiltak no før skulebruksplanen er ferdig og vil ikkje tilrå dette. Som ein konsekvens av dette må den økonomiske ramma for opplæringstilbodet aukast for skuleåra 2013/2014 og 2014/2015, med 1,9 mill. kr i 2013 (haust), 4,2 mill. kr i 2014 og 2,3 mill. kr i 2015 (vår). 4. Vaksenopplæring auka løyving Vaksenopplæring er ei lovpålagd oppgåve og utgjer ein del av kjerneverksemda i opplæringssektoren. Budsjettet for vaksenopplæring har blitt redusert over fleire år grunna låg aktivitet som følgje av for liten organisatorisk kapasitet. Det ligg no organisatorisk til rette for større innsats på området. I samband med tertialrapport 2/12 vart løyvinga til restteori for lærlingar redusert med 1,0 mill. kr årleg, som følgje av meir restriktiv praksis når det gjeld finansiering av restteori. Fram til no har ein del vaksne delteke på tilbod med restteori, igangsett for lærlingar. Reduksjonen av løyvinga til restteori medfører såleis mindre omfang og mindre grad av fleksibilitet også når det gjeld tilbod til vaksne. For å få eit akseptabelt omfang av vaksenopplæringstilbodet må budsjettet for vaksenopplæring styrkast med 1,0 mill. kr årleg. 5. Oppfølging av nytt handlingsprogram (eiga sak til HO i juni) Det er i vedteken økonomiplan årleg sett av 0,780 mill. kr til oppfølging av nytt handlingsprogram. Det vett lagt til grunn at handlingsprogrammet skal handsamast av HO i juni 2012. Det vil utover avsett løyving ikkje vere mogleg å skape handlingsrom i sektoren for å iverksetje tiltak i handlingsprogrammet, før skulebruksplanen er ferdig. Dersom tiltak i handlingsprogrammet skal prioriterast ut over desse rammene, vil dette krevje styrking av den økonomiske ramma for sektoren. 6. Nytt skuleadministrativt system (SAS) Det er i gang arbeid med å gjennomføre innkjøpsprosess for nytt SAS (jf. FT-sak 0008/12). Kostnaden ved kjøp og drift av eit nytt SAS vil først vere kjend når anbodsprosessen er ferdig. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar årleg i underkant av 0,400 mill. kr på drift, vedlikehald og support knytt til skuleadministrativt system. Finansiering av kostnadene ved kjøp av nytt system må vurderast som ein del av budsjettprosessen. På bakgrunn av forprosjektet vart det i FT-saka lagt til grunn at driftsutgiftene for nytt SAS vil liggje om lag på same nivå som no, eventuelt kunne reduserast noko. Fylkesdirektøren vil kome tilbake til saka når ein har kome lenger i prosessen og meir informasjon ligg føre. 7. IB (International Baccalaureate)-utdanning i Sogn og Fjordane Fylkeskommunen mottok i februar fråsegn frå HAFS regionråd om IB-utdanning i Sogn og Fjordane. I fråsegna ber regionrådet om at Sogn og Fjordane fylkeskommune går aktivt inn i arbeidet med å førebu etablering av eit IB-tilbod til elevar i Sogn og Fjordane frå og med hausten 2013. Dei ber vidare om at dette arbeidet vert direkte forankra i vedtaket om skulebruksplan og mål og strategiar for vidaregåande opplæring 2012-2015. Fylkesrådmannen vil, som ein del av arbeidet med skulebruksplanen, greie ut framtidig IB-utdanning i Sogn og Fjordane. Utgreiinga vil inngå i arbeidsdokument til planutvalet hausten 2012. 6.2 Moglege reduksjonstiltak Under følgjer omtale av innsparingstiltak som kan vere aktuelle om sektoren får redusert den økonomiske ramma. Tiltaka er sett opp i prioritert rekkefølgje. Den økonomiske verknaden av reduksjonstiltaka er innarbeidd i oppsummeringstabellen i punkt 6.3. 1. Sommarskule endra finansiering

Side 8av 10 Det er i vedteke budsjett/økonomiplan frå 2013 sett av 0,220 mill. kr årleg i fylkeskommunale midlar til finansiering av tilbod om sommarskule. For 2012 er tiltaket finansiert over statlege midlar. Fylkeskommunen har over fleire år fått tilført statlege midlar til tett oppfølging av elevar med svake resultat på kartleggingsprøvane. Det er grunn til å sjå føre seg at fylkeskommunen også for 2013 vil få tilført statlege midlar til føremålet. Sommarskule er eit tilbod som naturleg inngår i dette oppfølgingsarbeidet. Under føresetnad av at fylkeskommunen også i 2013 får tilført statlege midlar som omtala over, kan tilbodet om sommarskule også i 2013 finansierast over desse. Eventuell tildeling av statlege midlar vil vere avklara når statsbudsjettet for 2013 ligg føre. 2. Utviklingsmidlar til disposisjon for hovudutval for opplæring I vedteke budsjett for 2012/økonomiplan 2012-15 heiter det m.a.: Det er årleg sett av 1,000 mill. kr til disposisjon for hovudutval for opplæring til utviklingstiltak i opplæringssektoren. Utviklingsmidlane skal byggje opp under prioriteringane i det samla budsjettet og skal ikkje disponerast til varige tiltak. I HO-sak 009/12 Utviklingsmidlar til disposisjon for hovudutval for opplæring 2012 vart det lagt til grunn at utviklingsmidlane avsett for 2013 skal sjåast i samanheng med utviklingskostnader knytt til system og informasjon i opplæringssektoren. Fylkesdirektøren si vurdering er at det vil vere tilstrekkeleg med øyremerking av 0,5 mill. kr av utviklingsmidlane til dette føremålet og at løyvinga, som eit innsparingstiltak i 2013 og 2014, kan reduserast med 0,5 mill. kr pr. år. 3. Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid Det er i vedteke budsjett/økonomiplan frå 2013 sett av 0,5 mill. årleg kr til pedagogisk utviklingsarbeid i opplæringssektoren. Desse midlane kan, som eit innsparingstiltak, inndragast for 2013 og 2014. 4. Gratis læremiddel/pc-ordninga Reduksjon av løyvinga til gratis læremiddel og digital satsing med 1,0 mill. kr i høve nivået i vedteken økonomiplan, inneber ei vidareføring av løyvinga om lag på nivå med forbruket i 2011. Det er varsla stort behov for midlar til gratis læremiddel i 2013 som følgje av nye læreplanar. Bruken av midlar til kjøp av læremiddel kan styrast. Dersom sektoren skal spare midlar kan løyvinga til gratis læremiddel reduserast med 1,0 mill. kr årleg i 2013 og 2014. 5. Potensialet for innsparingar innanfor dagens ressurstildeling til opplæringstilbodet Som ein del av budsjettarbeidet har fylkesdirektøren gjort ei vurdering av potensialet for innsparingar innanfor dagens ressurstildeling til opplæringstilbodet; tildeling av lærartimar, samanslåing av grupper, auka plasstal, organisering av spesialpedagogiske tiltak m.m. Fylkesdirektøren kan ikkje sjå at det med dagens struktur er mogleg å ta ut innsparingar innan desse områda. 6. Tiltak under utgreiing I vedteke budsjett/økonomiplan er det lagt til grunn at følgjande tiltak skal konsekvensutgreiast: Praksisopplæring innan marine og maritime fag alternative løysingar Tiltaket er under utgreiing. Tilskot til Fagskulen i Sogn og Fjordane reduksjon av dei økonomiske rammene Det er over lengre tid varsla endringar i finansieringsordninga av fagskulen. I framlegget til statsbudsjett for 2012 er det varsla at departementet vil kome med ei vurdering av finansieringa av fagskulane i kommuneproposisjonen for 2013. I gjeldande budsjett/økonomiplan er det lagt til grunn at den framtidige statlege finansieringsordninga for fagskulen bør vere kjend når omfanget

Side 9av 10 av tilskot til Fagskulen i Sogn og Fjordane skal takast stilling til. I kommuneproposisjonen for 2013 er det lagt til grunn at regjeringa no vurderer 2016 som eit naturleg tidspunkt for ei mogleg omlegging av finansieringa av fagskulane, då dei legg opp til å sjå tidspunktet for innlemming av midlane til helse- og sosialfagskulane i samanheng med Omsorgsplan 2015. Fylkesdirektøren tilrår at arbeidet med vurdering av dei økonomiske rammene for fagskulen vert forsert, og utgreidd parallelt med arbeidet med skulebruksplanen. 7. Ikkje-lovpålagde oppgåver ved dei vidaregåande skulane Under følgjer ei oversikt over ressursbruk knytt til dei ulike områda. Med tilvising til det pågåande arbeidet med skulebruksplanen kjem fylkesdirektøren no ikkje med tilrådingar om redusert ressursbruk. - Arbeidslivskontakt Ressursbruk: 700 % stillingsressurs fordelt på 13 vidaregåande skular. Årleg kostnad: om lag 4,1 mill. kr. - Miljøkoordinator Ressursbruk: 800 % stillingsressurs fordelt på 13 vidaregåande skular. Årleg kostnad (inkl. tiltaksmidlar): om lag 4,2 mill. kr - Open skule Årleg kostnad: 0,7 mill. kr. - Organisasjons- og personalutviklingsmidlar nettverksarbeid og elevundersøking I gjeldande økonomiplan (2013-15) er løyvinga fordelt slik: 0,200 mill. kr til folkehelsearbeidet ved dei vidaregåande skulane 0,150 mill. kr til gjennomføring av elev-/ lærlingundersøking 0,500 mill. kr til pedagogisk utviklingsarbeid 0,400 mill. kr til delfinansiering av nettverksarbeid for tolking/tilpassing av nye læreplanar. 0,045 mill. kr til gjennomføring av årlege lærlingsamlingar 0,780 mill. kr til utviklingstiltak til oppfølging av vedteke handlingsprogram 2,200 mill. kr til kompetanseutvikling og oppfølging av vedteken Plan for rekruttering og stabilisering av pedagogisk personale inkludert skuleleiarar - Tilskot til landsliner Fylkeskommunen yter i 2012 eit samla tilskot på 2,015 mill. kr til landslinetilboda fordelt slik: Yrkessjåfør, Sogndal vidaregåande skule 0,760 mill. kr Naturbruk, Sogn jord- og hagebruksskule 1,255 mill. kr. Rekneskapen for 2011 tyder på at løyvinga frå fylkeskommunen ikkje dekker differansen mellom det statlege tilskotet og dei reelle kostnadene ved tilboda. Fylkesdirektøren vil gjere ei nærare vurdering av dette. 6.3 Oppsummering Tabellen under oppsummerer fylkesdirektøren si tilråding når det gjeld satsingar og moglege reduksjonstiltak for opplæringssektoren.

Side 10av 10 År 2013 2014 2015 2016 Satsingar: Trivselshagen IKS - auka leigekostnader 0,900 0,500 0,500 0,500 Vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar 0,750 Auka løyving til opplæringstilbodet 1,911 4,200 2,289 Vaksenopplæring - auka løyving 1,000 1,000 1,000 1,000 Sum satsingar 3,811 5,700 3,789 2,250 Reduksjonstiltak: Sommarskule - endra finansiering -0,220 Utviklingsmidlar til disp for HO -0,500-0,500 Midlar til pedagogisk utviklingsarbeid -0,500-0,500 Gratis læremiddel -1,000-1,000 Ressurstildeling til opplæringstilbodet innsparingar innanfor dagens ressurstildeling Sum reduksjonstiltak -2,220-2,000 0,000 0,000 Netto verknad av satsingar og reduksjonstiltak 1,591 3,700 3,789 2,250