Forprosjekt nydyrking BLEKJE



Like dokumenter
«Ny Giv» med gjetarhund

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Kulturhistoriske registreringar

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL , TYSNES RÅDHUS

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Møteprotokoll Komité for rehabilitering, helse og omsorg og open høyring

ROS-analyse i kommuneplan

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Rapport prosjekt «høy til hest»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

SULA KOMMUNE Formannskapet

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

2. gongs handsaming av framlegg til reguleringsplan for gang- og sykkelveg - Ungdomsheimen - NAF

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Granvin herad Sakspapir

JØLSTER KOMMUNE Kommunestyret HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Stemnehandboka for NKSF

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvalitetsplan mot mobbing

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Søre Sunnmøre landbrukskontor for kommunene Hareid, Herøy og Ulstein. Herøy kommune Postboks Fosnavåg

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 12/2,7 - fylling i sjø - Dalsjøen - Ølve - Kvinnherad kommune

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Transkript:

Forprosjekt nydyrking BLEKJE Foto: Deler av dyrkingsområdet sett frå møllepunkt B2 Prosjekteigar Styringsgruppe Forprosjektleiar/rådgjevar Fitjar Grunneigarlag Harald Rydland (leiar) Reidar Kloster Tore Sigurd Fitjar Audun Torvund Johannes Sandvik/Steingard AS JSa 18. juni 2013 1

FORPROSJEKT NYDYRKING BLEKJE, FITJARFJELLET 1. MÅL OG RAMMER 1.1 Bakgrunn Som kjent skjer det no utbygging av vindkraft i Midtfjellet på Fitjar. Størstedelen av grunnen som Midtfjellet Vindpark vert bygd på, er på Fjellsameiga sin grunn. Det er inngått avtale mellom Fitjar Grunneigarlag og Midtfjellet Vindpark AS om vilkår for bruk av Fjellsameiga sine areal. Avtalen sikrar Fjellsameiga eingongsvederlag og årleg produksjonsvederlag som er avhengig av kraftproduksjonen. Vidare har vindkraftutbyggjinga ført til at det er bygd tilkomstveg til området og eit omfattande vegnett inne i sjølve vindparkområdet. Grunneigarlaget sine medlemmer har bruksrett til dette vegsystemet på avtalte vilkår. Foto: Utsyn frå møllepunkt 2 mot Olstjødno. Vindkraftutbyggjinga har ført til at det no er god køyreveg heilt inn til eit område som ein i mange år har ynskt å dyrka til grasproduksjon/beite. Området er lokalisert i søndre del av vindparken, nærare bestemt Olstjødno-området. Hovedtyngda av dyrkingsarealet ligg på ca 300 meter o.h. Deler av området har kartlagt bonitet. Samla areal er ca 400-600 mål fordelt på 4 hovudområde. Områda er lettdyrka og i all hovudsak sjølvdrenerande. 2

Opprinneleg tenkte me at grunneigarlaget burde leggja til rette for dyrking av områda og leiga ut teigar på langtidskontrakt til bønder. Venteleg ville me då få vanleg grasproduksjon på teigane, noko som ville innebera transport av gjødsel til fjells og transport av for ned til bygda att. I tillegg noko haustbeite. Foto: Mulig dyrkingsområde nord for Olstjødno Etterkvart har me utvikla ein ide som går ut på å nytta heile arealet til sommarbeite for mjølkekyr/storfe og sau organisert som Sommarseter med hypermoderne opplegg mjølking og tilsyn/oppfølging av dyra. Då transporterer ein i staden dyra opp og mjølk ned. Med ein pårekna beitesesong på 3 månader, vil området truleg gje grasfor nok til at størstedelen av mjølkekyrne i Fitjar kan få 2 månader kvar på fjellbeite. Bilet pr i dag er at me ser ein realistisk mulighet, men mange spørsmål må drøftast og avklårast før prosektet kar realiserast: Sikra dyrkingsmulighet i revidert reguleringsplan for området Peika ut konkret det aktuelle dyrkingsområdet Laga realistisk kalkyle for dyrking og tilsåing Laga realistisk kalkyle for årleg avlingsmengd og produksjonskostnad, herunder risikovurdering Finna eigna organisatorisk modell for dyrking og for bruken av oppdyrka areal og gjennomføra denne i samarbeid med fitjarbøndene 3

Foto: Vegkant ny veg i dyrkingsområde nord for Olstjødno. Gras spirer Styret i Fitjar Grunneigarlag har med dette som utgangspunkt vedteke å setja i gong eit forprosjekt for å få best mogeleg grunnlag for prosessen vidare. 1.2 Prosjektmål Hovudmål Delmål 1 Delmål 2 Delmål 3 Framskaffa grunnlag for avgjerd om å setja i gong dyrking av BLEKJEområdet i Midtfjellet Kartleggja sannsynleg dyrkingskostnad Finna optimal frø- og gjødningsbruk og kartleggja avlingsforventning Utarbeida skisse til organisering av dyrking og bruken av dyrka areal, herunder organisatorisk og økonomisk skisse til eventuell Sommarseter. 1.3 Rammer Forprosjektet skal starta på ettersommaren 2013 med dyrking av tre test-teigar a ca 1 mål med tilsåing hausten 2013. Avling i 2014 og 2015 vil venteleg gje grunnlag for vurdering av avlingsforventning ved fullskala dyrking. I testperioden skal ein arbeida vidare med dyrkingsplan og opplegg for evt sommarseter. Endeleg avgjerd om dyrking og bruken av dyrka område vert såleis ikkje fatta før ein har trygt nok grunnlag for dyrkingskostnad, avlingsforventning, økonomi, organisering og risiko. 4

2. OMFANG OG AVGRENSING Slik me ser det no, vil det vera klokast og sikrast å gjennomføra eit forprosjekt som består i tre deler: Del 1 Testdyrking Dyrking av tre teigar a ca 1 mål. Målsetjing at røynslene skal gje viktig og konkret informasjon om val av dyrkingsmetode og dyrkingskostnad. Gjennomføring på ettersommaren 2013. Del 2 Produksjonstest Tilsåing av dei dyrka teigane med ulike typar grasfrø. Opplegg i samarbeid med Forsøksringen. Målsetjing at forsøket gir grunnlag for val av frøsort(ar) og avlingsforventning ved fullskala såing. Tilsåing hausten 2013. Hausting og dokumentering av resultat basert på avling 2014 og 2015. Del 3 Organiseringsskisse og grovbudsjett Det skal utarbeidast ei skisse til organisering av dyrking og bruk av dyrka areal, herunder organisering ved eventuell etablering av Fellesbeite/Sommarseter. Frist 15. oktober 2013. Vidare skal ein basert på funna i Del 1 og 2 laga grovbudsjett for dyrking og drift. Organiseringsmodellen bør også visa skisse til finansiell løysing. Frist for første skisse 15. oktober 2013. Justert skisse vert laga basert på avlingsforventning med grunnlag i frø/avlingsforsøk 2014/2015. Målsetjing at skissane skal nyttast til å vurdera realismen i prosjektet, grunnlag for intern drøfting i Grunneigarlaget og drøfting med fitjarbøndene. Dei første drøftingane kan starte vinteren 2013/14. Forprosjektet skal ikkje omfatta detaljprosjektering av fullskala dyrking, detaljprosjektering av eventuell Sommarseter, utarbeiding av juridisk avtaleverk m.v. 3. ORGANISERING 3.1 Prosjektleiing Prosjektleiar Johannes Sandvik/Steingard AS 3.2 Andre roller Prosjekteigar Prosjektoppdragsgjevar Styret i Fitjar Grunneigarlag Styret i Fitjar Grunneigarlag 5

Styringsgruppe Harald Rydland, styreleiar Fitjar Grunneigarlag Reidar Kloster, styremedlem Tore Sigurd Fitjar, mjølkebonde Audun Torvund, Stord Fitjar Landbruks- og miljøkontor Foto: Styringsgruppa på synfaring 4. BESLUTNINGSPUNKT, OPPFØLGING OG MILEPÆLAR 4.1 Beslutningspunkt I forprosjektet er det ikkje behov for beslutningspunkt utover det som er angitt ovanfor. 4.2 Oppfølging Prosjektleiar og styringsgruppe har møte etter behov. Prosjekteigar vert halden orientert. 4.3 Milepæler Det vert ikkje sett opp milepæloversyn i denne fasen. 5. RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING 5.1 Kritiske suksessfaktorar 6

Kritiske suksessfaktorar for forprosjektet er: -at ein får dyrka testområda i tide - at ein får bearbeidd jordsmonn og sått frø i tide - at hausting vert gjennomført etter føresetnadene - at øvrige deler av forprosjektet vert utført i hht plan Etter vår vurdering er det liten sannsynlighet for at ein ikkje skal klara å oppfylla føresetnadene i dette forprosjektet. I verste fall kan det bli behov for å utsetja gjennomføringa med eit år. 5.2 Kvalitetssikring Kvalitetssikring skjer gjennom styringsgruppa si oppfølgjing av forprosjektet. Oppfølgjinga skal dokumenterast skriftleg, og det skal lagast sluttrapport. 6. GJENNOMFØRING 6.1 Hovedaktivitetar Del 1 Testdyrking Dyrking av tre teigar a ca 1 mål. Målsetjing at røynslene skal gje viktig og konkret informasjon om val av dyrkingsmetode og dyrkingskostnad. Gjennomføring på ettersommaren 2013. Dyrkingsarbeidet vil bli utført av lokalt anleggsfirma som har røynsle med slikt arbeid. Teigane skal inngjerdast. Val av testområda skal skje i samråd med Forsøksringen. Ein skal følgja testdyrkinga nøye for å få best mogeleg grunnlag for kostnadsoverslag i full skala. Del 2 Produksjonstest Tilsåing av dei dyrka teigane med ulike typar grasfrø. Opplegg i samarbeid med Forsøksringen. Målsetjing at forsøket gir grunnlag for val av frøsort(ar) og avlingsforventning ved fullskala såing. Tilsåing hausten 2013. Hausting og dokumentering av resultat basert på avling 2014 og 2015. Det skal lagast eigen rapport frå arbeidet med dokumentasjon på oppnådd resultat, bruk av ressursar (frø, gjødsel med mer) samt oppsett av avlingsforventning ved fullskala dyrking (områdefordelt). Del 3 Organiseringsskisse og grovbudsjett Det skal utarbeidast ei skisse til organisering av dyrking og bruk av dyrka areal, herunder organisering ved eventuell etablering av Fellesbeite/Sommarseter. Frist 15. oktober 2013. Vidare skal ein basert på funna i Del 1 og 2 laga grovbudsjett for dyrking og drift. Organiseringsmodellen bør også visa skisse til finansiell løysing. Frist for første skisse 15. oktober 2013. Justert skisse vert laga basert på avlingsforventning med grunnlag i frø/avlingsforsøk 2014/2015. Styringsgruppa vil gjennomføra ekskursjon til anna, større dyrkingsprosjekt der bruken er fellesbeite. 7

Målsetjing at skissane skal kunna nyttast til å vurdera realismen i prosjektet, grunnlag for intern drøfting i Grunneigarlaget og drøfting med fitjarbøndene. Dei første drøftingane kan starte vinteren 2013/14. Forprosjektet skal ikkje omfatta detaljprosjektering av fullskala dyrking, detaljprosjektering av eventuell Sommarseter, utarbeiding av juridisk avtaleverk m.v. 6.2 Tids- og ressursplanar Del 1 krev kompetanse i dyrking/overflatehandsaming. Agronomkompetanse Del 2 krev agronomkompetanse Del 3 krev økonomisk/administrativ kompetanse Kompetansekrava vert stetta. 7. ØKONOMI Total forventa kostnad NOK 155 000,- Finansieringsplan: Søknad om stønad, Fylkesmannen NOK 60 000,- Eigenandel Grunneigarlaget og evt. støtte frå andre NOK 95 000,- 8. KONTRAKTER OG AVTALAR Nødvendige avtalar med leverandørar vil bli inngått. 8