Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn Hausten 2011 nynorsk Namn: Gruppe: Informasjon Oppgåvesettet består av to delar der du skal svare på alle oppgåvene. Del 1 og del 2 blir delte ut samtidig, men del 1 skal leverast inn seinast etter 2 timar. Når du har levert inn del 1, er det lov å bruke alle hjelpemiddel på del 2. Du har 5 timar totalt på prøva. Hjelpemiddel del 1: Skrivesaker, passar, linjal og gradskive (vinkelmålar) Hjelpemiddel del 2: Det er lov å bruke alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel. Bruk blyant på figurar og konstruksjonar elles bruker du svart eller blå penn. Vurdering Karakteren blir gitt etter ei samla vurdering på grunnlag av del 1 og del 2 ut frå desse kriteria: Rekneferdigheit og matematisk forståing Vurderer om svara er fornuftige Forklarer framgangsmåte og grunngir svara Oversiktleg og nøyaktig med omsyn til utrekningar, nemningar og grafiske framstillingar Bruk av hensiktsmessige hjelpemiddel Ser samanheng i faget, er oppfinnsam og kan nytte fagkunnskap i ulike situasjonar Gjennomfører logiske resonnement CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 1
Del 1 Skal leverast seinast etter 2 timar. Maks: 37 poeng Hjelpemiddel: Skrivesaker, passar, linjal og gradskive (vinkelmålar) 1 p Oppgåve 1.1 Kor stor brøkdel av figuren er skravert? a) Skriv svaret på den enklaste forma. b) Skraver vidare på figuren slik at 80 % av figuren blir skravert. 1 p Oppgåve 1.2 Rund av til to desimalar. a) 3,544 c) 0,985 b) 7,566 d) 10,995 1 p Oppgåve 1.3 Faktoriser tala slik at alle faktorane blir primtal. a) 24 = b) 56 = 1 p Oppgåve 1.4 Forkort brøkane så mykje som mogleg. 8 a) b) 24 32 12 1 p Oppgåve 1.5 a) Skriv eit tal som er 0,009 større enn 0,007. b) Skriv eit tal som er tredelen av 12. CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 2
1 p Oppgåve 1.6 Set ring rundt talet som er produktet av 9 og 3. 27 6 3 12 1 p Oppgåve 1.7 Set ring rundt det minste talet. 1,002 1,2 0,99 0,001 1 p Oppgåve 1.8 Set ring rundt talet som er differansen mellom 24 og 8. 3 32 16 Finst ikkje 1 p Oppgåve 1.9 Martin måler høgda til Lotte. Lotte er 15 % høgare enn det ho var i fjor. Da målte ho 150 cm. Kor høg er Lotte no? Set kryss ved det rette svaret. 150,0 cm 172,5 cm 165,0 cm ca. 175 cm 1 p Oppgåve 1.10 Herman målte 140 cm i fjor. I år måler han 154 cm. Kor mange prosent høgare er han i år enn i fjor? Set kryss ved det rette svaret. 5 % 10 % 15 % 20 % 1 p Oppgåve 1.11 Rekn ut. a) 4,7 4,7 b) 4,2 : 0,06 CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 3
2 p Oppgåve 1.12 Rekn ut omkrinsen til figurane. a) b) c) 1 p Oppgåve 1.13 I ein rettvinkla trekant er ein av vinklane 40. Kor stor er den siste vinkelen? Set kryss ved det rette svaret. 40 50 90 Kan ikkje bestemmast 1 p Oppgåve 1.14 27 1 a) Skriv som blanda tal. b) Skriv 5 som uekte brøk. 8 3 1 p Oppgåve 1.15 Herman sende 80 meldingar. Det kosta i alt 20 kr. Kor mange kroner kostar det å sende éi melding? 2 p Oppgåve 1.16 Rekn ut. a) 6 7 2 + 13 b) 9 + 56 : ( 4) + 6 7 CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 4
2 p Oppgåve 1.17 Skriv som prosent. a) 0,80 = % c) 0,07 = % b) 0,15 = % d) 2,25 = % 1 p Oppgåve 1.18 Skriv som desimaltal. a) 75 % = b) 0,5 % = 1 p Oppgåve 1.19 Marker talla under tydeleg på tallinja. -3,5-1,0 0,8 4,1 1 p Oppgåve 1.20 Hunden Harald spring ein tur på 2 km kvar dag. 3 Etter av turen stoppar han ved det faste treet sitt. 5 Kor mange meter har Harald sprunge når han stoppar ved treet? 1 p Oppgåve 1.21 Øyvind kjøper 11 tubar med lim til skolen. Kor mange liter lim kjøper han til saman? 2 p Oppgåve 1.22 5 Kor mykje er av 4200 kr? 6 Set kryss ved det rette svaret. 500 kr 1200 kr 2100 kr 3500 kr 4000 kr CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 5
2 p Oppgåve 1.23 Tante Mina fyller 41,0 L drivstoff og betaler 471,50 kroner. Tabellen viser prisen på bensin (95 blyfri) og diesel. Finn ut kva for drivstoff tante Mina bruker på bilen sin. Drivstoff Pris/L 95 blyfri 13,28 kr Diesel 11,50 kr 1 p Oppgåve 1.24 Skriv tala i stigande rekkjefølgje. a) 3,0 3,5 4,0 0,3 1,3 Svar: b) 0,055 5,50 0,005 0,050 0,55 Svar: 1 p Oppgåve 1.25 Hanna kjøper 2,5 meter duk til 60 kr. Kva blir meterprisen for duken? CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 6
4 p Oppgåve 1.26 Rekn ut. Forkort svaret dersom det er mogleg. Løys oppgåvene her: a) 2 9 + 1 9 + 3 9 b) 4 12 + 1 2 1 6 c) 5 2 7 4 d) 2 1 : 8 3 3 p Oppgåve 1.27 Gjer om. a) 1,5 t = min d) 5 mil = km b) 5 L (liter) = dl (desiliter) e) 1,2 km = m c) 500 g = kg f) 70 mm = cm CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 7
Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn Hausten 2011 nynorsk Del 2 Maks: 35 poeng Hjelpemiddel: Det er lov å bruke alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel. Bruk blyant på figurar og konstruksjonar elles bruker du svart eller blå penn. Innføring skjer på eigne ark. Der oppgåveteksten ikkje seier noko anna, kan du fritt velje framgangsmåte. Det skal gå tydeleg fram korleis du har komme fram til svara. Ta utskrift av reknearkoppgåver, og forklar kva formlar du har brukt. Dersom du bruker dynamiske geometriprogram, opplyser du om programvare, tek utskrift og legg ved ei beskriving av framgangsmåten. Dødehavet Dødehavet er ein innsjø ved utløpet av Jordanelva. Han ligg med om lag like store delar i Israel og Jordan. Geologar meiner at Daudehavet blei danna for ca. 8 millionar år sidan på grunn av forskyvingar i jordskorpa. Daudehavet er kjent for det salthaldige vatnet, med ca. 30 % saltinnhald. I alminneleg havvatn er saltinnhaldet ca. 3,5 %. Det høge saltinnhaldet gjer at det nesten ikkje finst liv i Daudehavet. Overflata ligg ca. 400 m.u.h. (meter under havoverflata). Sjøen er tilnærma 65 km lang og 18 km på det breiaste. Arealet av sjøen er 1020 km 2. Langs Jordandalen på aust- og vestsida er sjøen omgitt av fjell som når opp til 800 moh. Mellom 1947 og 1956 ble Daudehavsrullene funne i 11 hòler i Khirbet Qumran. Daudehavsrullane er ei samling antikke handskrifter som ble skrivne ned mellom år 300 f.kr. og 100 e.kr. Gjennomsnittstemperaturane i Daudehavet er: Månad jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des Temperatur 20 C 22 C 25 C 29 C 34 C 37 C 39 C 38 C 36 C 32 C 27 C 22 C Kjelde: Wikipedia CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 8
I enkelte av oppgåvene under får du bruk for opplysningar frå den førre sida. 2 p Oppgåve 2.1 a) Kor mange år reknar geologar med at det er sidan Daudehavet blei danna? b) Kor mange år gjekk med til å finne alle Daudehavsrullane? 2 p Oppgåve 2.2 a) Kor mykje salt er det i 50 liter vatn frå Daudehavet? b) Kor mykje mindre salt er det i 50 liter vatn frå alminneleg havvatn enn i 50 liter vatn frå Daudehavet? 2 p Oppgåve 2.3 a) Kor stor er forskjellen mellom den høgaste og den lågaste gjennomsnittstemperaturen i Daudehavet? b) Kor stor er høgdeforskjellen mellom fjella rundt Daudehavet og overflata til sjøen? 2 p Oppgåve 2.4 a) Arealet av Middelhavet er 2,5 mill km 2. Skriv 2,5 mill med siffer. b) Kor mange gonger større er Middelhavet enn Daudehavet? 2 p Oppgåve 2.5 Skriv tala på vanleg måte. a) 4 4 3 c) 102 104 b) 2 2 + 2 4 d) 1,34 10 2 1 p Oppgåve 2.6 Platon køyrer moped. Mopeden bruker 2,5 liter bensin på 10 mil. Kor langt i kilometer kjem han på 4,2 liter? 3 p Oppgåve 2.7 a) Skriv 123 med romartal. b) Skriv romartalet CXVI med vanlege siffer. c) Rekn ut XII + VIII og skriv svaret som romartal. CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 9
2 p Oppgåve 2.8 Hanna har 8 liter vann frå Daudehavet i ei bytte. Vatnet inneheld 30 % salt. Ho kokar bort vatnet slik at saltet blir liggande att. a) Kor mykje vatn kokar Hanna bort? Sara har 5 liter vatn frå Middelhavet i ein kjele. Sara kokar bort 4,8 liter vatn slik at det berre er salt att i kjelen. b) Kor mange prosent salt inneheld vatnet? 4 p Oppgåve 2.9 Skriv tala på vanleg måte. a) 3 1000 + 7 100 + 5 10 + 9 1 c) 1 10 000 + 6 1000 + 5 100 + 9 10 b) 9 1000 + 7 10 + 5 1 d) 1 100 000 + 6 1000 + 9 10 + 1 1 2 p Oppgåve 2.10 a) Rekn ut omkrinsen til ein sirkel med radius 8 cm. b) Kor lange er sidene i eit kvadrat som har same omkrins som sirkelen i oppgåve a? 1 p Oppgåve 2.11 Tante Sofie kjøper 4800 liter blandingsved. Gjennom vinteren bruker ho 80 % av veden. Av den veden ho bruker, er 75 % bjørkeved. Kor mange prosent av den veden ho kjøper er bjørkeved? 1 p Oppgåve 2.12 Onkel Bastian køyrer 8400 m på ein fjellveg inn til hytta. Kor mange meter av vegen er asfaltert? 3 16 av vegen er asfaltert. 2 p Oppgåve 2.13 Rekn ut. a) 4 + 10 15 1 b) 40 50 + 87 + 3 1 p Oppgåve 2.14 Om bord i ein båt er det 378 passasjerar. Av desse er 1 og av mennene har bart. 6 Kor mange menn med bart er det om bord i båten? 4 9 menn CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 10
1 p Oppgåve 2.15 P. Endlar køyrer 28,3 km fram og attende til jobben kvar dag. Lag eit overslag for å finne ut kor langt ho køyrer på 12 dagar. 2 p Oppgåve 2.16 Rekn ut. Skriv svaret på den enklaste forma. 7 11 a) 1+ b) 10 15 1 5 5 2 + 1 3 12 6 1,5 p Oppgåve 2.17 Martin jobbar 2,5 t kvar laurdag. Han tener 95 kr per time. Eit år jobba han totalt 42 laurdagar. I gjennomsnitt sparte han 65 % av pengane han tente dette året i banken. a) Kor mange kroner tente han kvar laurdag? b) Om lag kor mange kroner sparte Martin i banken dette året? 1,5 p Oppgåve 2.18 Ein sirkel har ein diameter på 48 cm. a) Kva er omkrinsen til sirkelen? Ein annan sirkel har ein omkrins på 113,04 cm. b) Kva er radien til sirkelen? 2 p Oppgåve 2.19 Bruk rekneark når du løyser denne oppgåva. Ta utskrift av regnearket, og vis tydeleg kva for formlar du har brukt. I ein kiosk har dei hamburgarar i tre forskjellige storleikar. Dei veg 50 g, 100 g og 150 g før dei blir steikte, og kostar 35 kr, 45 kr og 60 kr. a) Sara kan kjøpe hamburgarar med 20 % rabatt. Kor mykje kostar kvar av hamburgarane da? b) Ved steiking minkar vekta av hamburgarane med 15 %. Kor mykje veg kvar av hamburgarane etter steikinga? CAPPELEN DAMM AS Faktor terminprøve 8. trinn haust 2011 11