ÅRSMELDING 2010 FOR BOKN KOMMUNE



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2011 FOR BOKN KOMMUNE

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

ÅRSMELDING 2007 FOR BOKN KOMMUNE

ÅRSMELDING 2013 FOR BOKN KOMMUNE

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Oversyn over økonomiplanperioden

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

ÅRSMELDING 2008 FOR BOKN KOMMUNE

ÅRSMELDING 2009 FOR BOKN KOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Tertialrapport 2 tertial 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

10/60-14/N-211//AMS

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Rekneskapsrapport pr. 1. kvartal Arkiv: 210 Arkivsaksnr.: 2012/1339 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

VEDTEKT av februar 2007

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Tertialrapport

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Kontrollutvalet i Klepp kommune Møteinnkalling

Budsjett Intern Service Helse Førde

ÅRSMELDING 2006 FOR BOKN KOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Budsjett 2012, økonomiplan

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

HORDALANDD. Utarbeidd av

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Lønnsundersøkinga for 2014

Handlingsprogram og økonomiplan

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Transkript:

ÅRSMELDING 2010 FOR BOKN KOMMUNE

RÅDMANNENS KOMMENTARAR: Generelt 1 Investeringar 3 Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk 3 Lånegjeld og fond 3 Inntekter 3 Sjukefråveret 4 Likestilling / deltidsstillingar 4 Vegen vidare 4 BEFOLKNINGSUTVIKLING I BOKN 2005 2010 6 RAMMEOMRÅDE 1 - Sentraladministrasjonen Innleiing 7 Ressursbruk; 7 Resultatvurdering 8 Utviklinga framover 15 SEKSJON KULTUR, SKULE OG BARNEHAGE Innleiing 17 Ressursbruk 17 Resultatvurdering 23 Utviklinga framover 33 RAMMEOMRÅDE 3 SEKSJON HELSE, SOSIAL OG BARNEVERN Innleiing; 35 Ressursbruk; 37 Resultatvurdering; 40 Utviklinga framover; 53 RAMMEOMRÅDE 6 - SEKSJON TEKNISK Innleiing 54 Ressursbruk 55 Resultatvurdering 55 Utviklinga frametter 59

RÅDMANNENS KOMMENTARAR: Generelt Bokn kommune sin økonomi er som for dei fleste kommunar - i all hovudsak styrt av dei økonomiske rammevilkåra som kvart år blir vedtatt av Stortinget. Tiltross for at Bokn kommune dei siste 5 åra har hatt ein god økonomi har ein også i 2010 lagt vekt på å halda eit stramt budsjett. Finanskrisa - som i 2009 skapte stor utryggleik og uvisse - viste seg ikkje å skapa større problem for arbeidsplassar eller sysselsetting. Rogaland var eit av dei fylka som minst merka negative fylgjer av finanskrisa. Foreløpige KOSTRA-tal for kommune-norge viser nedgang i netto driftsresultat frå 2009 til 2010 frå 2,8 % til 2,1 %. Det er særleg lågare finansinntekter og auka avdrag som fører til nedgangen. Resultatet er under nivået på 3,0 % som tilrådd av sentrale myndigheiter. Samtidig er gjeldsveksten stigande. Målt med netto lånegjeld pr. innbyggjar auka gjelda i 2010 med 8,4 pst til kr 32.136,-. Med eit høgt investeringsnivå i 2010 (12,4 pst av driftsinntekter) er prognosen for kommuneøkonomien at renter og avdrag framover vil føra til ytterlegare svekka driftsresultat. I tillegg er det og grunn til å merka seg at dagens føring av momskompensasjonen gir eit for høgt driftsresultat i kommunesektoren på ca. 1,5%. For Bokn blei netto driftsresultat i 2010 på 3,3% mot 7,9 i 2009. I kroner utgjorde netto driftsresultat i 2010 kr. 2.486.000,- mot kr. 5.957.000,- i 2009 Budsjettet for 2010 har som tidlegare år vore basert på målsettingar om å: Styrka oppvekstvilkår for born og unge Legga til rette for etablering av unge familiar Marknadsføra kommunen som ein god stad for busetting og etablering Gjennomføra planar for funksjonshemma Skapa eit differensiert omsorgstilbod Driva ein aktiv næringspolitikk Delta aktivt i regionalt samarbeid Inntektsutviklinga i kommunane er sterkt knytt til folketalsutviklinga. Både når det gjeld rammetilskott og når det gjeld fordeling av inntekt frå gassbasert industri mellom Tysvær og Bokn. For Bokn er det viktig at ein ikkje har ei svakare befolkningsutvikling enn Tysvær. Befolkningsutviklinga for Bokn hadde ei lita vekst frå 831 i 2009 til 837 i 2010. Bokn kommune er godt stelt med kvalifisert personell i nøkkelstillingar. Men manglar førskulelærarar og helsesøster med godkjend utdanning. Helsesøster gjennomfører 2009/2011 helsesøsterutdanning. Kommunen har stabile, dyktige og godt kvalifiserte medarbeidarar - noko som er ein føresetnad for god kvalitet på dei kommunale tenestene. 1

Sjølv om me i dag i all hovudsak er dekka med kvalifisert personale er det tydelege signal både nasjonalt og regionalt om at det vil bli eit aukande problem å få kompetent personell til å søkje kommunale stillingar. Dette gjeld stillingar på alle nivå. Dei kommunale tenestene på Bokn er gode. Dette blir no også dokumentert gjennom Kommunebarometeret som er ei samanlikning av landets kommunar, basert på til saman 60 sentrale nøkkeltal. Føremålet med Kommunebaromteret er å gi kommunetyra og sentrale myndigheiter ein lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over på kva måte kommunen driv. Tala er hentet fra Statistisk sentralbyrås Kostra-database, førebels tal for 2010 og Grunnskulens informasjonssystem. Frå opptak for TV-programmet Norskekysten På Kommunebarometeret for 2010 er Bokn kommune rangert som den 11 beste kommune i landet - og som den beste i Rogaland. Det interkommunale samarbeidet på Haugalandet er spreidd over eit vidt spekter av tenester. Ein ser det interkommunale samarbeidet som svært viktig i framtida, både når det gjeld arbeidet med å rekruttera nye medarbeidarar og ikkje minst som eit godt alternativ i forhold til å tilsette eigne medarbeidarar innanfor spesialisttenestene. Pågangen etter bustadtomter i Bokn har vore stigande i 2010 og det er i dag ingen ledige kommunale bustadtomter. Det haster med å få regulert fleire tomter både i kommunal og i privat regi. Rekneskapen viser at det i 2010 har vore noko overforbruk i forhold til budsjettet sjølv om det samla resultatet er bra. Det vises til kommentarane under det enkelte rammeområde. 2

Investeringar Dei samla investeringane i 2010 utgjer ca. 3, mill. kroner. Dei største investeringane gjeld utskifting av vindauge på skulen, Ikt plan, indre hamn i Føresvik og Boknafjellet. Driftsresultat/rekneskapsmessig mindreforbruk Rekneskap 2010 Rekneskap 2009 Brutto driftsresultat 1.147.920 5.163.041 Netto driftsresultat 2.486.250 5.957.540 Overskot 2.891.457 4.449.094 Netto driftsresultat for 2010 er på 3,3 % mot 7,9 % i 2009. Det er ei målsetting at netto driftsresultat ikkje skal vere lågare enn 3% av driftsinntektene. Bokn ligg innafor denne marginen. Lånegjeld og fond Rekneskap 2010 Rekneskap 2009 Langsiktig lånegjeld 36.914.014 38.906.038 Fond: Disposisjonsfond 14.336.473 11.360.058 Ubundne kapitalfond 1.163.173 2.565.700 Bundne kapitalfond 0 94.455 Bundne driftsfond inkl. HR 2,6 mill 3.509.714 4.239.640 Sum fond 19.009.360 18.259.853 Dei kommunale fonda er auka med kr. 1.149.507,-. Inntekter Rekneskap 2010 Rekneskap 2009 Skatteinntekter 16.047.807 15.681.618 Rammetilskott 28.182.554 26.178.474 Eigedomsskatt 7.209.057 8.256.026 Overf. med krav til motyting 16.089.484 17.274.953 Andre inntekter 7.838.722 8.095.158 Sum driftsinntekter 75.367.625 75.486.229 Samla hadde kommunen ei reduksjon i inntekter på ca. 100.000. kroner frå 2009 til 2010. Eigedomsskatten utgjorde i 2010 kr. 7.209.057,- dvs. ca 1, mill. lågare enn i 2009. Differansen skuldast i hovudsak at eigedomsskatten frå gasskraftverket i 2008 vart bokført i 2009. Det meste av eigedomsskatten skriv seg frå den gassbaserte industrien på Kårstøanlegget. 3

Sjukefråveret Bokn kommune har frå 2002 vore ein IA bedrift. Sidan 1. januar 2005 har ein hatt avtale med Haugaland HMS-senter om regelmessig gjennomgang og kartlegging av arbeidsmiljøet mellom anna som eit tiltak for å få redusert sjukefråværet. Totalt for kommunen var sjukefråværet på 6,3 % i 2010 (8,1% i 2009) SSB sin statistikk for landet er på 6,8%. Det er fortsatt stor forskjell frå avdeling til avdeling og sjukefråværet er nærare omtalt hos kvar enkelt seksjon. Likestilling / deltidsstillingar Bokn kommune har, likt andre kommunar, skeiv fordeling av kvinner og menn i mange av yrkene. Innan helse, barnehage og skule har vi ei overvekt av kvinner og i teknisk er det overvekt av menn. I mellomleiar stillingar er det fleire kvinner enn menn, medan den administrative toppleiinga er fordelinga 4 menn og 1 kvinne. Utfordringa er å rekruttere fleire menn til stillingane i helse, skule og barnehage og fleire kvinner til toppleiinga. Kommunen har også mange deltidsstillingar, spesielt innan omsorg. Målet er å auka desse stillingane og få fleire stillingar med 100%. Små stillingar er ei ulempe for både tilsette og brukarar, men ofte kan det vera vanskeleg å få turnusen til å gå opp når antal personar vert redusert. Vegen vidare Bokn kommune har eit høgt nivå på dei kommunale tenestene - både når det gjeld kvalitet og kvantitet noko som tydeleg kjem fram av Kommunebarometeret for 2010. Kommunen har fram til no hatt barnehageplass til alle som har søkt innan søknadsfristen, men signala frå barnehagen er at det no er trangt om plassen. Er ein gjer difor rekning med at kommunen i nær framtid må vurdera å byggja ut eller byggja ny barnehage. Etterspurnaden etter sjukeheimsplassar har dei siste åra vore stabilt og det har i 2010 vore god samanheng med tilbod og etterspurnad. Den kommande samhandlingsreformen som skal settast ut i livet allereie frå 2012 vil kunne stille krav til kommunen om fleire sengeplassar. Bokn har ein god skule knytt opp mot eit flott bibliotek. Men stigande elevtal dei siste åra gjer at også skulen har trong for meir og større lokale i fyrste omgang utviding av klasserom. Kommunen må i dei kommande åra ta høgd for at det vil kunne vere behov for å byggje ut fleire av dei kommunale bygga / tenestetilboda som fylgje av ei forventa folketalsutvikling både som fylgje av T-forbindelsen som skal stå ferdig i 2013 og ikkje minst som fylgje av dei framtidige Rogfastplanane. Utfordringar for kommunen dei kommande åra vil difor både vere å skaffe byggeklare bustadtomter, kunne dekke behovet for sjukeheimsrom, omsorgsbustader, barnehageplassar og gode og funksjonelle klasserom. I tillegg vil det som tidlegare, vere å få fleire unge barnefamiliar til å busette seg i Bokn. Ein av dei den største utfordringane i kommunesektoren framover vil vere å rekruttere folk til å jobba i kommunesektoren. Både innan dei store og viktige sektorane som utdanning og helse/omsorg er det få som tar utdanning i forhold til det behovet for arbeidskraft ein vil få innan desse sektorane i åra som kjem. Det tidlegare rekrutteringsprosjektet som kommunar og næringsliv på Haugalandet er saman om har no fått ei endra profil - der ein legg større vekt på omdømmebygging for å få fleire til å busette seg i vår region. 4

Lånegjelda i kommunen er no markert på veg ned sjølv om ein fortsatt ein del år framover vil slite med høge finanskostnader. Gjelda pr. innbyggjar ved utgangen av 2010 var kr. 33.481,- mot kr. 31.826,- for landet elles. Men mens gjennomsnitleg gjeld for landet auka med 8,4% vart gjelda for Bokn kommune redusert med 5,1 %. Den låge renta vi har hatt i 2010 har så langt haldt seg stabilt også i 2011. Signala er at renta vil auke med 0,25 % pr. kvartal dei kommande 2 åra. Økonomi er ein viktig innsatsfaktor når det gjeld kvalitet og kapasitet på kommunale tenester, men det viktigaste er likevel fyrst og fremst dyktige medarbeidarar. Bokn kommune har mange dyktige medarbeidarar som gjer ein god jobb og gjennomfører dei oppgåver dei blir pålagt på ein god måte. Sentralt som Bokn ligg, nært opp til arbeidsmarknader både sør og nord for Boknafjorden, er det mange kommunar som konkurrerer om denne arbeidskrafta. Det er derfor viktig å ta vare på denne ressursen gjennom ein personalpolitikk som gjer oss konkurransedyktige i forhold til andre kommunar både når det gjeld løn og andre arbeidsgjevarpolitiske tiltak. Som ein liten distriktskommune har kommunen tatt sitt ansvar som samfunnsutviklar på alvor. Både når det gjeld saker internt i kommune, men også når det gjeld saker som er viktige for regionen. Bokn kommune ser på det interkommunale samarbeidet som viktig, og deltar i mange større samarbeidsprosjekt, Innkjøpssamarbeidet, Haugaland Vekst IKS næringsutviklingsselskap, HSN Haugaland Skule Næringsliv, Ordførar- og rådmannsforumet for Haugesundregionen, Interkommunalt renovasjonsselskap HIM, Haugaland Kommunerevisjon, Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS, Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd for å nemne noen av dei mest sentrale. Bokn, april 2011 Jan Erik Nygaard Rådmann 5

BEFOLKNINGSUTVIKLING I BOKN 2005 2010 ÅR 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Fødde 6 13 5 12 13 8 Døde 10 7 2 12 7 10 Fødselsoverskott -4 6 3 0 6-2 Innflytting 30 36 47 27 43 49 Utflytting 25 19 20 39 29 41 Netto flytting 5 17 27-12 14 8 Folketalsvekst 1 23 30-12 20 6 Sum innbyggjarar 770 793 823 811 831 837 1000 800 600 400 200 0 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Ved årsskifte 2010/2011 var folketalet på Bokn auka til 837 personar med 8 fødde og 10 døde. Med eit negativt fødselsoverskott på 2 vart auken i folketalet på 6 i forhold til 2009. Det var i 2010 ei innflytting på heile 49 personar av dette 14 frå utlandet. Dette gir ei folketalsvekst på 0,7% -. Det synes med dette som innbyggartalet på Bokn har stabilisert seg på i overkant av 800 innbyggarar. 6

RAMMEOMRÅDE 1 - Sentraladministrasjonen Innleiing Sentraladministrasjonen omfattar dei politiske og administrative tenestane i kommunen. Dei administrative einingane er rådmann, data, servicetorg og økonomiavdeling. Tenestane som dette rammeområdet omfattar er politisk aktivitet og overordna administrasjon av kommunen som utgjer ca 40% av utgiftene på rammeområdet. Resten av utgiftene ca 60% gjeld fellesutgiftene til tenesteproduksjon. (jmf. Resultatvurdering, andre tenester) Rådmannen; Overordna styring og kontroll, juridisk bistand, interkommunalt/regionalt arbeid, beredskap, sekretærfunksjon for formannskap og kommunestyre, næringsarbeid og data. Servicetorg; Kundemottak, sentralbord, post, arkiv, felles innkjøp, sekretæriat for politiske utval og interne merkantile tenester til og for seksjonane. Økonomiavdelinga; Økonomistyring, budsjett, innkjøpsavtalar, rekneskap, lønn, fakturering, skatteinnkrevjing, generell personalpolitikk, HMS/arbeidsmiljø og IKT strategi. Ressursbruk; Driftsresultat Rekneskap 2009 Budsjett 2010 Rekneskap 2010 Avvik frå Budsjett 2010 Brutto utgifter 14.433 16.355 16.990 635 Brutto inntekter -5.398-3.091-6.309-3.218 Netto utgift 9.036 13.264 10.680-2.583 Rekneskapet for 2009 viser at drifta er ca 2,5 mill lågare enn budsjettert. Mindreforbruket / overskotet skuldast; Unytta løyving reserverte bevilgningar; kr. 833.000 Tilskot til helseførebyggjande tiltak kr. 400.000 (sett til fond) Overskot Haugalandrådet kr. 324.000 Mindreforbruk pensjonskostnader kr. 600.000 Unytta øyremerka løyvingar kr. 130.000 (jurist) Unytta seniortiltak kr. 150.000 Budsjettet for Haugalandrådet utgjer 1,6 mill. Bemanning 2006 2007 2008 2009 2010 Årsverk rådmann/stab. 2,0 2,0 2,0 2,0 3,0 Årsverk økonomiavdeling 2,6 2,73 * 2,73 * 2,73 * 2,73 * Årsverk servicetorg 2,1 1,75 1,75 1,75 1,75 * Inkl. 13% lønna tillitsvalgt ihht hovudavtalen. 7

Stillinga som IT-konsulent er 100% men 20% har vore knytta opp mot arbeid for Utsira kommune og vi har fått refundert lønskostnadene frå Utsira. Avtalen er sagt opp for 2011. Stillingsandelen på fast tilsette i Servicetorget er 1,75 årsverk av desse er 40% fysisk på skulen. I tillegg har kommunen ein avtale med SR-bank om tenesteyting, berekna til ca. 0,5 årsverk. Bemanninga har vore stabil og ein har god fagleg kompetanse i stillingane. Auken i rådmannen sin stab er kommuneplanleggjar stillinga. Tilsette i fyrste etasje på Boknatun hadde hausten 2010 ein vellukka studietur til Berlin. Tema for turen var samarbeid, helse og arbeidsmiljø. KLP og HMS senteret hadde det faglege programmet. Sjukefråver i administrasjonen sjukefråver 2006 2007 2008 2009 2010 I % 5,14% 6% 0,5% 0,5% 0% Kortidsfråver dagar 7 dg 18dg 12dg 11 0 Langtidsfråver dg. 89 dg. 75dg 0 0 0 2010 har vore eit år utan sjukefråver. Resultatvurdering Året 2010 har vore prega av høg aktivitet og ein har ikkje fått gjennomført alle planlagte oppgåver, bl.a. arkivplan og rydding av arkiv. I ein pressa arbeidssituasjon har ein prioritert dei oppgåvene som er viktigaste. Dei ordinære driftsoppgåvene for administrasjonen har ikkje endra seg i forhold til tidlegare år, og årsmeldinga inneheld difor mykje av dei same opplysningane som tidlegare berre justert med endringar og nøkkeltal. Teneste 1000 Politisk styring og kontroll Utgiftene omfattar mange ulike kostnader, både kurs, reiseutgifter, bevertning, kontorrekvisita etc. Formannskap og leiargruppa i kommunen hadde i 2010 ein studietur til Brûssel kor ein var på besøk i EU parlamentet og fekk god informasjon om EU frå Rogalandskontoret. Rekneskapet for 2010 er i samsvar med vedtatt budsjett. Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; Brutto driftsutgifter i kr. pr. innb. 2007 2008 2009 2010 funksjon 100 Politisk styring 1666 1985 2550 1843 Funksjon 110 kontroll og revisjon 205 219 8

Teneste 1200 Administrasjon Rådmann, datakonsulent, personal, servictorg og økonomi (teneste 1202) er alle definert som administrasjon dvs. funksjon 120 ihht. KOSTRA. KOSTRA tala viser at vi har høge kostnader til administrasjon, samanlikna med andre kommunar. Ein av årsakene til dette er at vi av praktiske årsaker fører ein del fellesutgifter som administrative utgifter og det er vanskeleg å fordele kostnadene nøyaktig etter forbruk i den enkelte driftsavdeling.. Både Servicetorg, Økonomiavdelinga og rådmann bruker mykje av arbeidstida til å utføre oppgåver som er ein del av tenesteproduksjonen i andre seksjonar. Kartlegging viste at av dei 6,7 årsverka som er tilsette i sentraladministrasjonen utfører 2,5 årsverk direkte tenesteproduksjon. Dei resterande 4,2 årsverka i administrasjonen utfører tenester som betjener hele den kommunale organisasjonen dvs. rekneskap, lønn, personalpolitikk, HMS, sentralbord, post/arkiv, politisk sekretariat, datadrift og overordna administrasjon og leiing (funksjon 120) Kostratala frå dei 4 siste åra viser fylgjande utvikling; 2007 2008 2009 2010 Brutto driftsutgifter til funksjon 120 i kr./innb 3.865 4.076 4.542 4.473 Data: Dataproblem og sentrale føringar om ekommune 2012 førte til at kommunen måtte utarbeide planar for IKT. I ekommune 2012 er visjonen; Norske kommuner og fylkeskommuner skal være blant de fremste i verden på elektronisk innbyggerdialog, digitale tenester og effektiv e- forvaltning Tidlegare har den enkelte seksjon i stor grad planlagt og gjennomført kjøp av utstyr og program utan at vi har tenkt heilskap i IKT infrastruktur. Administrasjonen starta difor arbeidet med å laga ein strategisk IKT plan hausten 2009. Denne planen samt ein handlingsplan for IKT vart vedtatt i januar 2010. Gjennomføringa av planen er sentralt styrt av økonomisjefen, og ei IKT styringsgruppe med representasjon frå alle seksjonane. Serverane vart skifta våren 2010, vi fekk ny internett tilgang via Haugaland Kraft. Linjekapasiteten vart også auka frå 6 Mb til 25Mb. Oppgradering, nye modular og integrasjon mellom datasystema ligg også i IKT planen, men på dette området har det stoppa opp litt. Årsaka til det er at vi ynskjer å gjera dette i samarbeid med andre kommunar for å spare ein del utgifter, og ikkje alle kommunane i samarbeidet er heilt klar med sine IKT prioriteringar og budsjett for dette. 9

Datasikkerhet Kommunen tar fysisk backup av alle data, og backup serveren er plassert i anna bygg enn hovudserver. Backup vert kjørt både til disk og tape. Begge serverane er stasjonert i eigne avlåste rom, og rom for hovudserver er også sikra med kjøling / ventilasjon. Brannmuren er installert slik at vi har sikre soner for sensitiv informasjon ihht datatilsynet sine krav. Kommunen trur vi har godkjente lisensar for programvare og antivirusprogram på alle PCèr og servere, men Microsoft sine lisensreglar er svært kompliserte. Vi må snarast få ny gjennomgang for å unngå at ein kontroll fører til høge bøter dersom vi ikkje har alt i orden. PC er Pr. dags dato er det ca 170 PC er og 13 servere i drift i Bokn kommune. Totalt har vi 80 bærbare og 90 stasjonære Pcèr i nettverket. Skulen har ca 65 av dei bærbare, og 45 av desse er mobile klassesett. Ihht IKT planen fekk alle 8 klassingane ny bærbar PC ved skulestart 2010. Denne ordninga skal fortsetja slik at ungdomsskuleelevane skal ha eigen bærbar PC. Behovet for utskifting av Pcèr aukar stadig fordi utviklinga i programvare fører til behov for større kapasitet på maskinane. Gjennomsnitt levetid pr PC er 3-5 år, avhengig at type (bærbar/stasjonær) og bruk. Alle lærar maskinane vart utskifta i 2010. Kjøp av tenester Økonomi programma har sidan årskiftet 05/06 vore drifta av eit privat selskap i Sykkylven, og alle kommunane (4stk) som er med i dette samarbeidet har vore svært nøgde med oppetid og service. Denne driftsavtalen må nå ut på anbod. Trådløst nett Boknatun, skole og biblioteket er nå dekka av tre trådlause nett: lærer, elev og publikums-nett. Det er satt opp 5 access-punkt som dekker heile skulebygget samt store deler av Boknatun. Ikt ansvarleg har eit nært samarbeid med fagpersonell i andre kommunar og OleBrumm nettverket har samarbeidsmøter ca 3-4 gonger i året. Servicetorg SR-Bank, servicetorg og NAV har vore samlokalisert med felles kundemottak sidan 2007. Målsetjinga for servicetorget er at brukarane skal oppleve at dei vert godt mottatt og at dei får god informasjon om kommunale tenester og / eller hjelp til å få kontakt med rett saksbehandlar i kommunen. Etter avtale skal dei tilsette i SR-bank betene kundesenteret både for Bank og kommune, og tilsette i banken skal utføre ein del arbeidsoppgåver for kommunen etter nærare avtale. Denne arbeidsfordelinga er ennå ikkje heilt på plass. I 2009-2010 har banken hatt stor utskifting av personell, og arbeidsfordelinga har difor stoppa opp. 10

Tilbakemeldingane frå banken er at det er ein del unytta kapasitet som ein må få klare å nytte betre. Brukarane / publikum er godt nøgd med denne løysinga som mellom anna betyr at banken i Bokn har hatt 5 dagars opningstid kvar veke. Dei ordinære oppgåvene for servicetorget er sentralbord/skranke, postmottak og postfordeling, arkivansvar og enkelte interne fellesfunksjonar til dømes innkjøp av kontorrekvisita, reisebestilling, booking av møterom og liknande. I tillegg har Servicetorget ansvar for utsending av sakspapir til kommunale styrer, råd og utval og nødvendig etterarbeid etter desse møtene. Servicetorget utfører og enkelte oppgåver for seksjonane og har i tillegg eit særleg ansvar når det gjeld generell info på kommunen si heimeside. Servicetorget har fortsatt avtale med likningsetaten om å utføra ein del tenester. Særleg i perioden for innlevering av sjølvmeldinga merker ein dette meirarbeidet. Kommunen sine postlister og møteplan/saksliste for politiske utval ligg på Internett. Innsyn i dokumenter har ein valt å ta vekk inntil vi er meir sikre på systemet og ein har fått god kompetanse og gode kontrollrutinar som sikrar at ikkje sensitive/graderte data vert offentlege. Personalfunksjonen Personalpolitisk plan og andre personalreglement vart revidert i 2010. Kommunane på Haugalandet har eit samarbeid med Høgskulen HSH har utarbeidd 2 nye studietilbod kommunal saksbehandling og leiing som nå har starta opp, og det vert arbeidd med å få til fleire studietilbud innan tekniske områder og pleie/omsorg. Kommunen utarbeidde i 2010 ein felles kompetanseplan for alle seksjonane. Planen skal reviderast kvart år. Kommunen har dei siste åra arrangert ein felles julelunsj for alle tilsette og på dette arrangementet vert det også utdelt gratiale for tilsette med 15 eller 25 års teneste. Tilbakemeldingane er et dette arrangementet er svært positivt. Teneste 1202 Økonomitenester Økonomi. Dei ordinære oppgåvene innafor økonomi er budsjettering, økonomistyring, kommunal bokføring, skatterekneskap, mottak/scanning av inngåande faktura, utgåande fakturering og lønn. I tillegg har avdelinga fokus på at vi kan utføre tenester for seksjonane på områder kor det er behov for fagkompetanse innan økonomi- / personal, og har også overtatt ein del oppgåver som effektiviserer og kvalitetssikrar saksbehandlinga. 11

I 2010 innførte vi avtalegiro som eit tilbod til innbyggjarane og mange har tatt i bruk dette som betalingsløysing. Kommunen kjøpte også programmet KOMTEK for å administrere og fakturere kommunale avgifter. Programmet vart installert på server i Tysvær sommaren 2010, men det vart ein del samarbeidsproblem så vi har ikkje fått tilgang til programvaren. Dette førte til at kommunale avgifter for 2 termin 2010 vart sterkt forsinka, noko som er svært beklageleg. Sommaren 2010 vart det også gjennomført oppgradering av alle dataprogramma som omfattar økonomi- og lønn/personal. Dette medførte ein del opplæring av dei tilsette ved økonomikontoret. Programma har nå eit web grensesnitt og er klar for integrasjon mot andre fagsystem og portalløysingar for tilsette. Skatteoppkrevjarkontoret: I 2010 blei det innfordra 61,7 mill. kroner i skatter og avgifter. Ei auke i skatteinngangen på 4,8% i forhold til 2009. Kommunen sin andel av dette utgjorde ca. 16 mill. kroner. Innfordringa og restansesituasjonen er fortsatt tilfredsstillande med uteståande krav på ca 1 mill ved årskiftet. Dette er ein nedgang i restansane på ca. 11 % i forhold til 2009. Innføringa av det nye skattesystemet (SOFIE) som satte preg på arbeidet i 2009, har kontinuerleg blitt oppdatert og forbedra i 2010, og dette har igjen ført til at arbeidsoppgåvene har blitt lettare. Bokn kommune deltar Haugaland interkommunale Arbeidsgiverkontroll saman med 9 andre kommunar. Det er gjennomført 3 arbeidsgivarkontrollar i 2010. Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet fungerer slik at Haugesund og Karmøy har saksbehandlarar som utfører alt arbeid med vurdering av grenseverdiar og utlysning av anbod i Norge eller EØS-området. Vi andre kommunane i samarbeidet kjem med i arbeidet når vi skal vurdera dei innkomne tilboda og foreta eit val av leverandør. Bokn kommune er med på 34 felles avtalar. Innkjøpssamarbeidet på Haugalandet har også eit samarbeid med Sunnhordaland. Spesielt gjeld dette innføring av ehandel kor kommunane har store fordeler ved å gå saman om løysingar. Dette arbeidet vert vidareført i 2011 og målet er å innføre ehandel i 2012. Teneste 1203 HMS / arbeidsmiljø Sjukefråveret i kommunen har store endringar frå år til år. I 2007 var fråværet på 489 dagsverk, dette vart auka til 741 dagsverk (4%) i 2008 og til 1640 dagsverk ( 8,1%) i 2009. I 2010 har sjukefråveret blitt redusert til 6,3% - Dette utgjer 1273 dagsverk. SSB sin statistikk for landet er på 6,8%. Rogaland har fortsatt det lågaste legemeldte fråveret med 4,8% i 2010. Kommunen har ein avtale om inkluderande arbeidsliv som betyr at vi 12

forpliktar oss til å ha ei tett oppfylgjing av dei sjukemeldte og tilrettelegga arbeidet slik at dei kan fortsette i jobben. Den enkelte seksjon har kommentert sitt fråver nærare. Kommunen har eit internettbasert HMS system kor både reglar, rutiner, skjema etc skal vera tilgjengeleg for alle. HMS-systemet omfattar også meldingsrutinar for avvik og risikovurdering. Leiarar, tillitsvalgte og verneombud har tidlegare fått opplæring i programmet, men etter kvart er bruken redusert og utfordringa er å revitalisere og utvikla dette systemet til eit godt verktøy i HMS arbeidet. Årsmelding for Arbeidsmiljøutvalet. AMU har i 2010 hatt 3 møter. Dei tillitsvalde v/lindy Haram har hatt leieafunksjonen i denne perioden. Sekretær er som tidlegare Solrunn Alvestad Amu har hatt til behandling 10 saker bl.a.; HMS opplæring Rutinar og retningslinjer for behandling av avvik og varsling Rapport om sjukefråveret i kommunen AMU sine oppgåver kva er viktig for kommunen. Rutiner for AMU Kompetanseplanen Det er oppretta eit nytt verneområde for barnehagen. Kommunen har nå 4 verneområder; skulen, barnehagen, administrasjonen/teknisk og sjukestova/helse. Nytt verneombod har gjennomført 40t grunnkurs i HMS. HMS-senteret har vore ein aktiv medspelar i HMS arbeidet. Anna kvart år skal alle tilsette gjennom ein arbeidshelseundersøkelse. Resultatet viser kva dei tilsette opplever som positivt og negativt i arbeidsmiljøet / på arbeidsplassen. Dei aktuelle seksjonane bruker resultata saman med personalet og vurderer kva som kan gjerast for å betre arbeidsmiljøet. I 2009 vart undersøkinga gjennomført for 1.etg. Boknatun. Kommunen har også deltatt på HMS konferansen i Haugesund, der vi fekk mykje god og nytting informasjon og inspirasjon. Velferdsutvalet gjennomførte i 2009 et julebord for tilsette Attføringsutvalet har ikkje hatt saker til behandling i 2009. AKAN. Ingen saker har blitt tatt opp med Akan-kontakten i året som gjekk. Teneste 3250 og 3251 Næring og landbruk Bokn kommune er saman med Rogaland Fylkeskommune, Haugesund, Tysvær og Utsira eigar av Haugaland Vekst IKS. Det har i 2010 vore jobba aktivt for at dei øvrige kommunane i regionen også skal gå inn i næringsselskapet. Gjennom Bokn kommune har Haugaland Vekst hatt sekretariatsfunksjonen for Haugalandrådet, men det er det slutt på no då Haugalandrådet vart lagt ned frå 1. januar 2011. 13

Haugaland Vekst er samlokalisert i tidlegare Meieribygget i Haugesund saman med mellom anna Kunnskapsparken, HSA, Destinasjon Haugesund og Haugalandet AS, Rogalands-forskning, Haugesundregionens Næringsforening. Arbeidsmøte vedr. mulighetsstudie for havbruk Haugaland Vekst IKS har i 2010 på ein positiv måte profilert seg som kommunens næringsapparat, med ei klår uttalt vilje til å vera kommunens næringssjef. Tilbakemeldinga frå næringslivet er at Bokn no har fått eit synleg og hjelpsomt tiltaksapparat. I 2010 har fokus særleg vore på utarbeiding av næringsplanar for eigarkommunane i tillegg til Vindafjord kommune. Landbrukstenesta er som tidlegare organisert med Tysvær som vertskommune der både Tysvær, Haugesund og Bokn no knytt til dette felles landbrukskontoret. Som tidlegare år har kommunen gitt tilskott til Bokn Næringsforum og Destinasjon Haugesund og Haugalandet as. Det er utarbeidd service-erklæring for tenesta. Intensjonen og målsettinga i serviceerklæringa vert lagt til grunn for kontakten mellom kommunen og næringslivet. Bokn kommune fekk i 2010 tildelt næringsfond frå Rogaland Fylkeskommune på kr. 200.000,-. I tillegg fekk ein eit tilskott på kr. 200.000,- til eit mulighetsstudie i samband med Rogfastplanane. Det ble i alt tildelt kr. 120.000,- i tilskott til 2 prosjekt og brukt kr. 189.000,- til mulighetsstudiet. Kr. 211.000,- av næringsfondet er overført frå 2010 til 2011. 14

Teneste 3900, 3920 og 3930 Kyrkja og andre religiøse formål Frå og med 2009 var det slutt på statleg overføring til kyrkja, og kommunen har nå det heile ansvaret I budsjettet for 2010 vart overføringane til kyrkja totalt kr. 812.900.-. Av dette kjøper kyrkja økonomi/lønn- og vaktmester tenester frå kommunen for kr. 89.700. Kyrkja fekk i tillegg eit tilskot til bårehus på 1.mill.kr. Kyrkja fekk i åra 2004-2009 tilskot til ekstraordinært vedlikehald. Sidan vedlikehaldet er stoppa opp og pengane er på kyrkja sitt fond har ein ikkje vidareført dette men avventar nå ein revidert vedlikehaldsplan. Andre tenestar Ca. 60% av sentraladministrasjonen sine kostnader gjeld driftsutgifter for andre, dvs Haugalandrådet (ca 1,6mill) og seksjonar; bl.a. innkjøp av kontorrekvisita, post, forsikringar, felles data program/linjer, telefon og løn for dei driftstenestane som vert utført for andre. (gjeldsrådgivning, vederlagsberekning, drift av datanett/maskinar i seksjonane m.m.) Utviklinga framover I samarbeidet kommune & bank har banken hovudansvar for kundemottak og sentralbord. Det er no inngått ny avtale med banken der ein i større grad vil legga vekt på å skilje mellom avsett tid for kommunen og avsett tid for banken. Samtidig vil ein tydlegare klarleggja og bestemme kva konkrete oppgåver banken skal utføre for kommunen. Arbeidet med arkivplanen blei starta opp i 2004, men er ikkje ferdigstilt. Det er eit prioritert oppgåve også for 2011. Vi vil vidareføre målet om at seksjonane skal prioritere tenesteproduksjonen og kontinuerleg vurdera om det er arbeidsoppgåver som kan samordnast og/eller effektiviserast ved at sentraladministrasjonen utfører desse, f.eks rapportering, personalsaksbehandling, økonomikontroll m.m. IKT planen for kommunen med oppgradering av program og nye web-baserte dataverktøy, vonar vi skal føre til betre dataflyt mellom seksjonane, og gi betre oversikt og tilgang på informasjon / styringsdata. Utviklinga dei siste åra har vist at behovet for interkommunalt samarbeid er aukande. Ikkje bare for små kommunar som kan vere avhengig å kjøpa tenester frå andre, men sjølv store kommunar som Haugesund og Karmøy vil på fleire områder vere avhengige av gode interkommunale løysingar. Særleg vil det vere viktig at ein på Haugalandet står samla om nyrekruttering av kommunale arbeidstakarar mellom anna gjennom omdømmebygging og marknadsføring av regionen. Tiltross for at samarbeidsklimaet på Haugalandet må seiast å vere godt, er det ofte vanskeleg å få til eit samarbeid i store viktige saker. Dersom interkommunalt samarbeid 15

skal kunne erstatte kommunesamanslutningar med oppbygging av einingar med brei kompetanse og stordriftsfordelar, må kommunane i regionen bli flinkare til å gjennomføra interkommunale samarbeidsprosjekt. Den største utfordringen i åra som kjem er samhandlingsreformen som er vedtatt sett ut i funksjon allereie frå 2012. Dette er ein reform som krev at kommunane jobbar tett i lag. Bokn kommune er i dialog med Haugesund kommune om samarbeid når det gjeld drift av ein avdeling på Revmatismesykehuset til rehabilitering og mottak av passientar som er utskreve og ferdigbehandla på sjukehuset, men som har trong for eit behandlingstilbod som Bokn vanskeleg kan gi på sjukeheimen eller i heimen til den enkelte Kommunen vil også i åra framover arbeide for å legge forholda til rette for utvikling av eit livskraftig lokalt næringsliv. Sjølv om det ikkje er store midlar å hente til næringsutvikling verken lokalt eller sentralt, er det gledleg at næringsfond får eit påfyll med kr. 550.000,- i 2011. Av dette går kr. 150.000,- til eit samarbeidsprosjekt mellom Utsira og Bokn. For Bokn er det viktig at arbeidet i Haugaland Vekst IKS utviklar seg på ein god måte og ein ser det som ein stor fordel dersom fleire av kommunane etter kvart går inn i selskapet. For Bokn er det også viktig at ein lukkast med å få gjennomført industrietableringar i Gismarvik-området og ein ser difor svært positivt på Haugaland Kraft as har prioritert arbeidet med å utvikle dette næringsområdet. Som ein del av kommuneplanarbeidet har kommunen gjort prioriteringar som gjeld kva satsingsområder ein skal ha fokus på. Gjennom visjonen og prosjektet Kjekt på Bokn legges det opp til å utvikle Boknasamfunnet til å bli eit meir inkluderande samfunn. Prosjektet er prioritert økonomisk både i budsjett og langtidsbudsjett Prosjektet Kjekt på Bokn har hatt stor aktivitet og viser godt igjen gjennom forskjellige tiltak og prosjekt. I 2011 har prosjektet fått felles prosjektleiar med folkehelseprosjektet. Elles vil sentraladministrasjonen sitt fokus vera å videreutvikle gode interne rutiner og reglement, samt å finne fram til data og KOSTRA tal som kan brukast til styringsverktøy for kommunen. Vi vil også i stor grad samarbeide med andre kommunar for å utnytte felles kompetanse og ressurser. 16

SEKSJON KULTUR, SKULE OG BARNEHAGE Innleiing Seksjon kultur, skule og barnehage omfattar: Bokn kulturkontor,. Bokn bygdemuseum og Bokn bygdablad. Barne- og ungdomsarbeidet med Petra ungdomsklubb og Artep kulturkafe Bokn bibliotek Bokn kultur og musikkskule Bokn barnehage Bokn skule (1-10) med dei 4 avdelingane Barnesteget (1-7). Ungdomssteget (8-10), Team Ekstra, og Skulefritidsordninga SFO. Vaksenopplæring etter Opplæringslova (grunnskulenivå) og Introduksjonslova. PP-tenester etter Opplæringslova 4A og 5 blir kjøpt frå Tysvær kommune (Tysvær og Bokn PPT). Vaksenopplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova har til no i praksis blitt gitt gjennom nabokommunane Tysvær og Haugesund, men det føreligg ikkje samarbeidsavtale. Reinhald (skule- og barnehagebygget) blir utført med tilsette i seksjonen. Kontortekniske tenester, og vaktmeister og vedlikehaldstenester, blir levert av sentraladministrasjonen og teknisk seksjon.. Årsmeldinga omhandlar i liten grad skuleresultat. Dei kjem i ein eigen tilstandsrapport. Ressursbruk Seksjonen har i 2010 hatt eit overforbruk innan drift på ca 900.000 eller 3% Rev. budsjett 2010 Avvik frå rev. budsjett 2010 Driftsresultat (heile tusen) Rekneskap 20O9 Rekneskap 2010 Brutto utgifter 25 755 25.961 27 060 1 098 Brutto inntekter - 11 633-10 300-10 494-194 Netto utgift 14 121 15 661 16 566 904 17

Investeringane er gjort innanfor vedteke budsjettramme. Klargjeringa av underetasjen i Kyrkjebygd kulturhus til bruk for Petra ungdomsklubb er ikkje gjennomført slik seksjonen hadde ønske og planar om Investeringar resultat 2010 (heile tusen) Teneste 2220 Prosjekt 2110. Skifte av vindauge i skulen 2210 Prosjekt 2109 (Rest 90.000 av 400.000 eks mva frå 2008) Utviding av barnehagekapasiteten 2311 Prosjekt 6003 (Eiga sak) Kjellaren Kyrkjebygd gamle skule (Petra) Budsjet t Rekneskap Netto Netto utgifter utgifter 400 392 fond 88 50 47 Spesielle løyvingar i 2010 Barnehagen. Til uteleikeområdet 30.000. Det er kjøpt inn to nye leikehytter Skulen: Nye vindauge til 400.000: Dette var andre og siste runde med skifting av glas og rammer på dei store vindauga frå 1972. Alle gamle vindauge er no skifta til ny type energiglas og vindauga har fått ei todeling av glasflata slik at vindauga som kan opnast blir lettare å handtere. Det er ikkje funne skjulte skadar på bygget under arbeidet med vindauga, slik andre med tilsvarande bygg har opplevd. Interkommunalt filmprosjekt (Petra og skulen) 30.000: Det er kjøpt inn filmredigeringsutstyr med 2 redigeringspc-ar og to lydanlegg til desse.. Det er lagt vekt på at filmaktiviteten skal kunne halde fram når prosjektperioden er slutt. Prosjektet har fungert svær godt for ungdommane i Bokn sin del. Petra - auka driftsbudsjett 20.000: Budsjettramma har blitt for snau, og det er no rom for ein del nye faste utgifter som er viktige for at klubben skal ha eit allsidig tilbod. Biblioteket- 39.000 for å gjennomføre 3 timar/ veke meir kvelds- og sommarope: Biblioteket har i 2010 vore ope på kveldstid kvar måndag gjennom heile året, også om sommaren så langt ein greidde å dekke opp ferieavviklinga. Ordninga er vidareført for 2011. Logopedavtale 70.000. Det er gjort fleire forsøk på å få til ein avtale med Tysvær kommune, men det er ikkje lukkast til no. Dei seier dei har problem med å utvide kapasiteten slik at dei kan dekkje Bokn også. Det er i mellomtida inngått ny avtale om kjøp av ulike Pedagogiske Psykologiske Tenester frå og med 2011, men slik Tysvær kommune er organisert omfattar ikkje denne avtalen logopedtenester. Tysvær kommune har i 2010 likevel, uavhengig av dette, gitt logopedhjelp til elevar frå Bokn. Det bør gjerast nye forsøk på å få til ein avtale. 18

Driftsresultat fordelt på dei ulike tenestene: Driftsresultat 2010 (heile tusen) Budsjett Rekne-skap Netto Netto Teneste utgifter utgifter Avvik frå rev. budsjett 2010 Barnehagen 405 777 372 2020 Grunnskulen 11 008 11 250 242 2110 Styrking av barnehagetilbodet 63 294 231 2130 Vaksenopplær. Opplæringslova 115-78 - 193 2150 Skulefritidsordninga 207 287 80 2210 Barnehagebygget, reinhald 193 239 46 m.v. 2220 Skulebygget, reinhald m.v. 992 925-67 2221 Skuleskyssen 360 442 82 2310 Aktivitetstilbod barn og unge 362 342-20 2311 Kyrkjebygd aktivitetshus 6-12 -18 3350 Parkar, plassar og torg 269 182-86 3700 Biblioteket 505 567 62 3730 Kino 15 14-1 3750 Museum 5 19 14 3770 Kunstformidling 38 0-38 3800 Idrett 0 0 0 3830 Musikk og kulturskulen 417 483 66 3850 Andre kulturtiltak. Bygdebladet 703 832 129 SUM 15 661 16 564 902 Merknader til driftsrekneskapen Avviket mellom budsjett og rekneskap skuldast i hovudsak barnehagen og skulen Barnehagen (teneste 2010, 2110 og 2210), har eit samla overforbruk på 659.000 og er hovudgrunnen til at seksjonen har eit overforbruk. Deretter kjem skulen (teneste 2020) som har eit overforbruk på 239.000, og Kulturtiltak og Bygdebladet under teneste 3850 med 129.000. I 2007 var det samla driftsunderskottet for seksjonen 560.000, mens det for 2008 var på 357.000. Også for 2009 var det venta eit underskott, men seksjonen fekk eit overskott på 676.000. For 2010 er det eit driftsunderskot for seksjonen på 904.000. Grunnane til underskottet i 2010 er fleire. Det blei gjort ei feilvurdering ved budsjetteringa av inntektene til barnehagen i 2010. Feilen (ca kr 220.000) førte til at det blei budsjettert med inntekter seksjonen ikkje fikk. Samtidig auka utfordringane i barnehagen og småskulen i løpet av skuleåret på grunn av tilflytting av barn med ulike språkproblem. Dette var ein situasjon som kom overraskande og som det ikkje var tatt høgde for i budsjettet. Fleire av desse nye barna / elevane hadde lovfesta rettar etter 2.8 (Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar), 5.1 (Rett til spesialundervisning for elevar i grunnskulen) eller 5.7 (Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder) i Opplæringslova. Meirforbruket dette medførte skulle ha vore dekka gjennom innsparing på andre felt, til dømes på klassedeling, leiing og rådgjeving. Men det faktum at skulen har større klassar enn tidlegare, og auka krav til arbeidskapasitet innan leiing og rådgjeving, gjorde denne innsparinga vanskelegare enn venta. Det gjorde ikkje saka enklare at leksehjelpa blei innført utan at budsjettrammene blei auka.. 19

Oppsummert kan ein seie at mykje av overskridinga på ca 900.000 skuldast ein kombinasjon av 3 faktorar: Det blei gjort lovheimla vedtak for nye elevar etter 2.8 og 5, vedtak som hadde som føresetning at det skulle sparast inn tilsvarande på andre felt. Vedtaka blei ut frå det ein visste då gjort innanfor gjeldande budsjettramme. Feil budsjettering av inntekter gjorde at sparemåla ikkje blei sett store nok. Feilen blei ikkje avdekka før seint på året, Innsparinga blei i praksis mykje vanskelegare å gjennomføre enn forventa, sjølv om det var tatt høgde for at klassane er større og ikkje utan vidare kan slås saman som eit sparetiltak. Høgt sjukefråver gjorde også innsparinga vanskeleg. Friskluftanlegget i det nye tilbygget mot vest. Det nye tilbygget i vest til Team Ekstra blei levert i 2006 med feilmontert luftanlegg. Det har vore problem med å få feilen retta, slik at i 2010 blei arbeidet sluttført for Bokn kommunes rekning, og til ein kostnad for Bokn kommune på kr 39.000 pluss mva. Beløpet blei refundert 2011 frå hovudentreprenøren, som skriv at dei har avslutta samarbeidet med leverandøren av vifteanlegget. Lønsutgiftene tek det meste av driftsbudsjettet. Lønsutgiftenes del av budsjettet ser ut til å synke, frå 86% av driftsbudsjettet i 2008, til 82% i 2009 og 80% i 2010. Budsjett: Samla lønsutgifter minus sjukepengar Rekneskap: Samla lønsutgifter minus sjukepengar Avvik mellom budsjett og rekneskap Avvik i prosent 2008 18.331.000 18.375.000 44.000 0,24 2009 20.392.000 20.389.000 30.000 0,15 2010 21 559 000 21 754 000 195.000 0,90 Avviket har mellom anna samanheng med høgare korttidssjukefråver enn budsjettert, med tilsvarande høg bruk av vikar utan refusjon. Det har også vore noko overforbruk i samband med lovpålagte oppgåver. Årsverk Stillingar / årsverk 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Barnehagen 6,5 8,2 7,6 6,1 6,9 8,6 10,8 10,72 11,44 Barnehagen styrking 0,6 1,5 0 0,60 1,50 Skulen (utan refusjon) 16,2 16,8 16,9 16,2 17,6 16,6 18,3 19,15 20,40 Skulen (med refusjon) 4,1 6,6 6,2 5,7 5,2 5,5 5,6 6,20 5,00 Reinhald skule og 2,7 2,7 2,7 2,77 2,77 b.hage Biblioteket 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,6 0,62 0,70 Musikk og kulturskulen 0,5 0,3 0,4 0,4 0,7 0,6 0,6 0,74 1,24 Barne/ungdomsarbeidar 0,3 0,0 0,3 0,3 0,3 0,3 0,75 0,75 Bygdabladet 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,40 0,50 Anna kulturarbeid 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5 0,45 0,34 Sum stillingar/årsverk 29,0 33,3 32,8 30,1 35,4 37,2 39,4 42,4 44,64 20

Auken frå 2009 til 2010 skuldast tilflytting av barn/elevar og er delvis kompensert ved lågare stillingstal deler av året. Sjukefråvær Avdeling / år 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Barnehagen 15,6% 10,9% 6,1% *)15,7% 2,2% 9,0% 3,2% 6% Skulen 8,5% 3,8% 4,4% 2,2% 2,1% 3,5% 11,5% 7%(3%) Reinhald skule og barnehage 3,9% 3,6% 11,6% 19,1% 4% Sjukefråveret for seksjonen er i snitt 7-8 % i 2010. Dersom ein tek ut av tala nokre få tilsette som var i overgangsfasen til alderspensjon eller som av ulike personlege grunnar har slutta i stillinga, får seksjonen eit snitt på under 4% fråver. Det er gjort ein del undersøkingar for å finne fråversgrunnane og bøte på fråveret. Barnehagen har hatt rutinemessig tilsyn frå arbeidstilsynet, og bedriftshelsetenesta har vore brukt. Uansett grunn til fråveret, har det vore ein slitasjefaktor på personalet. Musikkskulen har hatt høg aktivitet, her 5 av dei 32 elevane. 21

Aktivitetsoversyn Barnehagen 2003 2007 2008 2009 2010 Barn 0 3 år 7 20 19 24 21 Barn 4 5 år 31 27 35 20 24 Barn i alt per 15. desember 38 47 54 44 45 Barn med heil plass (46,5 t/v) 13 24 25 26 32 Barn med plass 4 vekedagar 2 Barn med plass 3 vekedagar 15 18 15 9 Barn med plass 2 vekedagar 8 11 3 2 Skulen 2003 2007 2008 2009 2010 Elevar på barnesteget, 1. 7.steg 76 83 80 90 94 Elevar på ungd.steget, 8. 10.steg 40 35 39 38 35 Skuleelevar 1. 10. steg 116 118 119 128 129 Barn i SFO 1. 4. steg 20 27 26 28 40 Musikk- og kulturskulen 2003 2007 2008 2009 2010 Elevtal piano / keyboard 5 12 12 15 14 Elevtal skulekorps / brass 14/14 13/24 10/26 7/12 Aspirantar til korpset 9 Elevtal gitar (forseinka, start 2010) 0 0 0 (31) 32 Dans / drama (Helgekurs 2009) 0 0 26 Andre kunst og kulturuttrykk (Kor) 14 Bygdabladet for Bokn 2003 2007 2008 2009 2010 Utgåver / samla sidetal for året 292 212 216 232 240 Abonnentar i Bokn 285 284 293 287 Abonnentar utanfor Bokn 309 306 283 281 Abonnentar i alt 591 594 590 576 568 Bygdekino 2003 2007 2008 2009 2010 Filmar 6 20 32 35 35 Publikum 284 594 894 914 943 Barne- og ungdomsarb. 2003 2007 2008 2009 2010 Petra fritidsklubb (12-18 år) 14 21 20 (21gg) Artep kulturkafe (0 100 år) 15 37 17 (43gg) Julemiddag (ungd.sk. + v.g.sk.) 39 45 49 Museet 2003 2007 2008 2009 2010 Besøkande 65 17 33 18 87 Biblioteket 2003 2007 2008 2009 2010 Utlån barn 6.218 6.682 6.769 6015 6747 Utlån vaksne 3.806 5.078 5.617 5231 6356 Utlån per innbyggjar 13,1 14,6 15,0 13,9 15,8 22

Resultatvurdering Endringar i organisasjonen PPT-avtalen med Tysvær blei sagt opp og ny avtale inngått i 2010, gjeldande frå og med 1.1.2011. Den nye avtalen krev ein vesentleg høgare betaling frå Bokn. Saman med den nye PPT-avtalen skal det vere ein samhandlingsavtale som regulerer det praktiske samarbeidet. Det er ikkje inngått samarbeidsavtale med andre kommunar om logopedteneste eller om vaksenopplæring. Det er elles ingen vesentlege endringar i organisasjonen i 2010. Teneste 2010 Bokn barnehage Verksemdsplan I haust starta barnehagestyrar saman med personalet ein prosess fram mot å få ferdig ein verksemdsplan for Bokn barnehage. Planen skal omtale den pedagogiske retningen barnehagen skal følge i åra som kjem. Planen skal forklare korleis man jobber metodisk, og kva som er måla med andre ord ein pedagogisk plattform. Planen skal også innehalde ein generell presentasjon av barnehagen, styringsverket, visjon og korleis barnehagen skal jobbe for å utvikle personalet. Av innhaldet elles kan nemnast det systematiske arbeidet med HMS, og korleis barnehagen jobber i forhold til barn med spesielle behov. 23

Dette arbeidet pågår fortløpande og består mellom anna i kunnskapsheving når det gjeld dei mange ulike pedagogiske retningane som fins. Dette blir gjort på personalmøter og i plantid Personalet har mellom anna vore på heildags fordrag med Juul på skoledagane i Stavanger i haust Ein reknar med at planen, og ny årsplan skal være ferdig i midten av juni 2011. Gruppeinndeling Gruppene generelt: Barna er inndelt i 3 grupper på Bokn Bruse. Dette for å få organisert barna på en slik måte at de voksne får best mulig oversikt/innblikk i kva barna trenger til ein kvar tid. Dette har fungert bra, og turgruppene har brukt Trollbuå flittig. Når det har vært holkeføre, og veldig kaldt i vinter har barnehagen valgt å vere inne med sine 32 barn, og opp til 7-8 voksne. På slike dagar saknar ein meir plass. Haugaland HMS har i haust skolert alle i personalet i ergonomi, og det vil i løpet av vårhalvåret bli investert i hjelpemiddel i barnehagen for å forebygge muskel og skjelettplager. Det er laget en egen handlingsplan for dette arbeidet. Det er også gjennomført arbeidshelsesamtaler og førstehjelpskurs i høst. Det er gjennomført en del tiltak når det gjelder brannsikring: - beredskapsplaner er satt opp i hvert rom, søppeldunker er flyttet på utsiden av gjerdet, og det er gjennomført 2 brannøvelser. Det gjenstår allikevel noe dokumentasjonsarbeid når det gjelder brann. Barnehagen har fått sitt eige verneombud, som er kurset gjennom Haugaland HMS (40 timerskurset) Utvidinga av garderoben på Bokn Bruse ved å ta inn uteboden i det andre garderobearealet. Her er det plass til 12 barn, og dette gjorde at personal og barn fikk en ny og bedre av- og påkledningssituasjon. Personalet har i høst også vært kurset i Jungs Typeteori Dette gav ein betre forståing for kvarandre, og utgjorde en tryggleiksfaktor med så mange nye i personalet. Kurset ble fulgt opp ved at kursholder kom på et personalmøte i etterkant og der fulgte opp det vidare utviklingsarbeidet med medarbeidersamtaler og personalsamarbeid.. Endeleg godkjenning av barnehagen etter omlegginga med hytta i skogen og auka barnetal. Etter kommunestyrevedtaket skulle saka om utvidinga av kapasiteten leggjast fram for kommunestyret når prosessen var avslutta. Det har vore uhell og forseinkingar som gjer at denne saka enno ikkje er lagt fram. Nye radonmålingar blei borte på veg til Sverige, og då dei kom til rette var dei øydelagte. Det er nyleg tatt nye prøver som snart blir sendt inn til analyse. Rådmannen fremma i 2008 ei sak om ytterlegare utviding av kapasiteten gjennom utbygging, for å sikre at kommunen kan oppfylle pålegget om full barnehagedekning også i dei nærmaste åra. Det er ikkje gjort vedtak om korleis ei eventuell seinare auke i søkningen til barnehagen skal møtast. Rådmannen viser til sak om fleirbrukshall og endringar i skule og barnehage. Barnehagen har tatt i bruk IKT for å kunne gje foreldra innblikk i korleis deira barn har det i barnehagen. Barnehagen tok i bruk eit nyutvikla system i 2010, i første omgang som ei prøveordning. 24

Planen for kompetanseutvikling i barnehagen blir fulgt opp, dels ved å arrangere kurs sjølv, dels ved å følgje med på dei tilboda som kjem, og gripe det som passar. Barnehagen har 3-4 tilsette med førskulelærarutdanning mens behovet er 5-6. Mangel på førskulelærarar i distriktet gjer at ein ikkje kan rekne med å løyse dette problemet gjennom vanleg utlysing og tilsetting. To tilsette fagarbeidarar er i gong med å ta slik utdanning. Dei får dei permisjonar dei treng for å kunne gjennomføre utdanninga, men har elles ikkje stønad frå arbeidsgjevar. Teneste 2020 Bokn skule Opplæringslova 13-10 om kommunens plikt til å ha eit forsvarleg system for kvalitetssikring, har frå august 2009 fått nytt krav om årleg tilstandsrapport. Den første tilstandsrapporten blei laga før sommaren i 2010. Rådmannen reknar med at den neste tilstandsrapporten er klar før sommaren 2011. Ein del informasjon som har stått i årsmeldinga for skulen vil nå i staden bli å finne i tilstandsrapporten. Den tradisjonelle basaren på skulen i forbindelse med årets TV-aksjon. 1 og 2 klasse har her eit kulturelt innslag. Meir enn 25% auke i elevtalet dei siste 10 åra, og auka veketimetal. I 1996 hadde skulen 96 elevar. På 1990-talet låg elevtalet nokså stabilt rundt 100. Etter år 2000 har elevtalet auka jamt til 124 våren 2010, med ein førebels topp hausten 2009 på 128. Det har med andre ord vore ein auke i elevtalet på ca 25% dei siste 10 åra. 25