PlanID STRANDBEKKLI. Føresegner

Like dokumenter
PlanID DETALJ Valle Tlf:

b) Anleggsarbeid skal ikkje skje i påska (Skjærtorsdag -2.påskedag), pinse (pinseaftan 2.pinsedag), jul (julaftan -2. juledag), eller nyttårshelg.

PlanID DETALJ Valle Tlf:

PlanID: Høyringsutkast LISTØYL VEST DETALJREGULERINGSPLAN FØRESEGNER. Plankontoret Hallvard Homme AS

Nordtunbakkan. Plan ID Detaljreguleringsplan- føresegner. Plankontoret Hallvard Homme AS

PlanID LISTØYL VEST DETALJ- REGULERINGSPLAN FØRESEGNER

Detaljreguleringsplan for Farhovd, del av gnr. 151, bnr. 5

Torillstul/Håråldskar

DP Suistog Trovatn Plan ID Framlegg til mindre reguleringsendring

Omregulering av teig H2 og H3 Hovden Aust

Innhald INNHALD FØRESEGNER... 3

Vedteken plan er bindande for arealbruk, frådeling og byggje- og anleggsverksemd innan planområdet.

Detaljregulering for Raudberg sameige 99/24

PlanID: Y E R E. Frafjord Vekst AS. Godkjent kommunestyret saksnr. 053/15 DETALJ- REGULERINGSPLAN.

Detaljregulering Terrengparken Vierli

1 Føresegner. 1.1 Felles føresegner. 1.2 Rekkefølgjeføresegner. Plankontoret Hallvard Homme AS

1 Føresegner. 2285/Plankontoret Hallvard Homme AS

Detaljreguleringsplan for Ugledalen, føresegner PlanID:

10 % av parkeringsarealet skal vere tilrettelagt som HC-parkering, med 27 m 2 pr. plass. Desse plassane er vist på plankartet.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

PlanID: Føresegner

PlanID KRONTVEIT BUSTADFELT DETALJ- REGULERINGSPLAN FØRESEGNER

Reguleringsplan, detaljregulering for: jf. plan- og bygningslovens (pbl) kap.12

1 Føresegner. 1.1 Rekkjefylgjeføresegner. 1.2 Generelle føresegner. Plankontoret Hallvard Homme AS

Parkering, Kombinert teknisk infrastrukturtrasé, Kombinert samferdsel - sumarveg og skiløype

Detaljregulering, del av Bjønnshiknatten, Hillestadheia Hyttegrend, Tovdal, Gnr. 9 Bnr. 32, Åmli kommune.

Utbyggingsplan for del c av N4 på Holtar. Innhald

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /79 Kommunestyret /62

1 REGULERINGSFØRESEGNER

Detaljreguleringsplan for Harkjelstaullii Sør PlanID Føresegner. 1.1 Rekkjefølgjeføresegner. 1.2 Felles føresegner

a) Utbygging kan ikkje setjast i verk før framføring av vegar, VA - løysingar og område for og renovasjon er ferdigstilt til vedkomande hytteområde.

Reguleringsføresegner

Reguleringsplan for Stavedalen

Vår ref. Saksh.: Gunnar Elnan Arkivkode Arkivsak Dato: 15/4599 Telefon: K2-L12, GBNR-19/1 12/

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Otrosåsen Hyttefelt - Føresegner

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

Sirdal Kommune. Planføresegner. Reguleringsplan for Tjødnestøl Del av Gnr 9 og Bnr 5. Plan ID

Reguleringsføresegner

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. vegfoto. Parsell: E134 Morgedal-Mostøyl. Kommune: Tokke

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. vegfoto. Parsell: E134 Mostøyl-Høydalsmo. Kommune: Tokke

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner

Meland kommune Reguleringsplan for Leirdalen, Ryland Gnr 43 bnr 132 med fleire; idrettsanlegg og barnehage Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner. for. Alverneset. gbnr 137/28 m.fl.

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

Reguleringsplan Harkjelstaullii INNHALD 1 1 FØRESEGNER 2 2 TABELL MED KOORDINATAR OVER HYTTENE 10

REGULERINGSPLAN FOR TROVÅG NORD VINDAFJORD KOMMUNE FØRESEGNER

Reguleringsplan for Sinneslia teig 4, del av Gnr 9, Bnr 5.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

PlanID Plantekst. Planføresegner. Høyringsutkast DETALJ- REGULERINGSPLAN

Reguleringsbestemmelser Reguleringsplan for Gorolie Revidert iht vedtak i kommunestyret , saknr. 31/08

«SLETTO VEST» DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER. Del av gnr. 56, bnr. 17 og 142 i SVEIO KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER.

Reguleringsføresegner H56, H57, H58 m.fl. og Ringstadsætra Hyttegrend

(Plan-id )

DP Vierli H35 - Føresegner

FUGLE SKEI - DETALJREGULERING JØLSTER KOMMUNE FØRESEGNER

Listøyl Fjellhyttegrend

FØRESEGNER FOR SKÅRNESVIKA, TOSKA GNR. 43, BNR 94 m.fl. I RADØY KOMMUNE

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R F O R R E G U L E R I N G S P L A N - D E T A L J R E G U L E R I N G D A L E L I A 2

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Reguleringsføresegner H32, H56, H57, H58 og Ringstadsætra Hyttegrend

DETALJREGULERINGSPLAN FOR

Reguleringsføresegner pbl 12-7

REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsføresegner pbl 12-7

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R F O R D E T A L J R E G U L E R I N G Y T R E J U L S E T

NAUSTMYRANE HYTTEFELT

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

OSPELUNDEN BUSTADFELT Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner, Detaljregulering Vedlausfjell

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR ØVRE RINGEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

REGULERINGFØRESEGNER

Føresegner

HYTTEFELT LAUVFJELLET F Ø R E S E G N E R. Detaljreguleringsplan, gnr. 15, bnr. 9 m. fl.

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

PLANFØRESEGNER Detaljreguleringsplan for Hodlekve-Rinden

GULEN KOMMUNE Reguleringsføresegner til detaljreguleringsplan for: Gbnr. 91/1, Mjømna, Mjømna bobil camp og båtferie. Planid:

Reguleringsføresegner. for. Hordasmibakken. Lovheimel: Plan- og bygningslova Kommunens saksnummer: 2013/1408 og 2014/1885. Plan-ID:

DETALJREGULERINGSPLAN FOR FAGNASTØL CAMPING OG HYTTEFELT. P-ID Voss kommune

Reguleringsføresegner

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Voll-Hyttefelt

Reguleringsføresegner for Tverrli planid

Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for Bjørnevik bustadområde. Jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN. Vegfoto. Parsell: E134 Morgedal-Mostøyl. Kommune: Kviteseid

Reguleringsføresegner for Hillesvåg bustadområde Gbnr 196 / 21 og 30 m.fl.

FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR RØYSET HYTTEFELT. Dato rev PlanID gjeldande plan:

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

Jotunheimen caravan camp, Postfuru

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

DP Suistog Trovatn Plan ID Framlegg til mindre reguleringsendring

Kleiva, Kvamskogen gnr. 19 bnr. 111 m. fl., KVAM HERAD

Transkript:

PlanID 20130014 STRANDBEKKLI Føresegner

DETALJREGULERING STRANDBEKKLII - 151/5 -- PLANID 20130014 FØRESEGNER I medhald av plan- og bygningslova av 27. juni 2008, 12-3, er det utarbeidd detaljreguleringsplan for Strandbekklii i Vinje kommune, Telemark. Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med plangrense på plankartet «Detaljreguleringsplan for Strandbekklii, PlanID 20130014», Vinje kommune, Målestokk 1:1.000, datert 27. februar 2017/ rev. 18.08.18. Reguleringsplanen er vedteken i kommunestyret 28.06.18, sak 18/62. Innanfor reguleringsgrensa skal areala nyttast som vist på planen. Vedteken plan er bindande for arealbruk, frådeling og byggje og anleggsverksemd innan planområdet. 1 Generelle føresegner a) Byggjesøknad skal innehalde detaljerte teikningar i plan, snitt, oppriss og perspektiv av det omsøkte tiltaket, inkludert plan for utandørs tiltak. Planeringshøgder skal framgå av søknaden. Eksisterande bygg og anlegg inntil tomta det søkjast tiltak på skal synast i plan og perspektiv eller snitt. Vedlegg til byggjesøknaden skal innehalde digitale data av plasserte tiltak i samsvar med sosi-standard. b) Det er høve til å leggje underjordiske anlegg som kablar og røyr i heile planområdet. Desse skal følgje ein teknisk plan. Grøfter skal om mogleg følgje vegtraséane, subsidiært eigedoms-grenser. Koplingspunkter skal vere tilgjengelige frå veganlegg og liggje utanfor føremålet Bff. c) Det skal utarbeidast teknisk plan for heile planområdet under eitt. Planen skal innehalde underjordiske anlegg, overvasshandtering og planeringshøgder for infrastruktur. Eksister-ande VA-og straumgrøfter skal målast inn og synast i teknisk plan. Nye VA- og straumgrøfter skal lokaliserast og utformast med høve til å erstatte eksisterande anlegg der dette kan verte naudsynt. d) Tiltak innanfor Bff skal dokumentere tilkopling til anlegga i høve til teknisk plan. e) Kryssing av eksisterande bekkar og vassdrag må utformast på ein slik måte at ein unngår skade på bygg og viktige installasjonar. Takvatn og lokal drenering av fritidsbustader mm skal skje på eksisterande eigedom eller i angitt overvassystem om dette finns. Vegar, biloppstillingsplassar mm skal ikkje ha topp dekke som hindrar naturleg infiltrasjon. f) Det skal ikkje etablerast flaggstong, hekk eller gjerde i planområdet. g) Inngrepsområde skal revegeterast med stadeigen vegetasjon innan eitt år etter avslutta anleggsverksemd. h) Anleggsarbeid skal ikkje skje i påska (Skjærtorsdag - 2.påskedag), pinse (pinseaftan 2.pinsedag), jul (julaftan - 2. juledag), eller nyttårshelg. i) Om det viser seg medan arbeidet er i gang at det kan virke inn på eit automatisk freda kulturminne, skal Telemark fylkeskommune kontaktast og arbeidet stansast i den utstrekkinga det kan røre kulturminnet. Kulturminnemyndigheitene avgjer snarast mogleg og seinst innan 3 veker om arbeidet kan fortsetje og vilkåra for det. Fristen kan forlengast når særlege grunnar tilseier det (jf. kulturminneloven 8 andre ledd). 2 Rekkefølgjeføresegner a) Før fyrste ny tomt vert delt frå, skal areal til gsveg skal vere avstått. b) Før rammeløyve/igongsetjingsløyve kan gjevast for tiltak innanfor Bff, skal tekniske anlegg plan for den delen søknaden gjeld vere ferdigstilt og godkjent. c) Før rammeløyve/igongsetjingsløyve kan gjevast for tiltak i Bff skal køyretilkomst til den aktuelle tomta i samhøve med planen vere etablert. d) Før mellombels bruksløyve/ferdigattest for busetnad innan Bff kan gjevast, skal kommunaltekniske anlegg vere etablert og godkjent i den gjeldande brukseininga.

e) Før mellombels bruksløyve/ferdigattest for busetnad innan Bff kan gjevast, skal parkeringsplassar vere etablert i samhøve med søknad om tiltak. f) Før ferdigattest vert utskriva for tiltak på tomtene 4, 13 og 73 skal støttemur/flaumvoll vera ferdigstilt. Flaumsikringstiltaka skal prosjekterast og godkjennast som ein del av byggesaka på den enkelte tomt. 3 Føresegnområde, # a) Automatisk freda kulturminne ID 172223, 172224, 172225, 172226, 172227, 172228, 172229, 172230, 172231, 172232, 213631 og 213632 er i konflikt med føreslegne arealføremål/byggjeføremål og vil bli søkt frigitt for utbygging i samsvar med regulert føremål. Tiltak innanfor freda kulturminne kan ikkje gjennomførast før spørsmålet er avklara med vernestyresmaktene. 4 Omsynssoner, PBL 11-8 og 12-6 4.1 Sikringssoner frisikt, H140_ a) Det skal ikkje vere sikthindringar på meir enn 0,5 m høgde over tilstøytande vegbane. 4.2 Faresoner høgspenningsanlegg, H370_ Ingen føresegner 4.3 Omsynssone - Silkedalsløypa, H 530_1 Omsynssone på totalt 30 m, 15 m frå center løype til kvar side. 5 Busetnad og anlegg 5.1 Generelle føresegner for alle teigar innanfor busetnad og anlegg a) Bygningshøgder skal bereknast få O.K. grunnmur. Grunnmur skal ikkje vere synleg meir enn 80 cm over planert terreng. b) Ikkje utbygde delar av byggjeområda skal i størst mogleg grad oppretthaldast som urørte naturareal. Grense for inngrep skal synast i søknad om tiltak. c) Det skal etablerast 2 biloppstillingsplassar per bueining på tomtene eller i regulert annan veggrunn, grøntareal inntil tomten. Desse skal synast i situasjonsplanen til byggjesøknad. d) Bygningshøgder reknast frå o.k. grunnmur. e) Alle bygningar skal vere av tre med ståande kraftig kledning eller laft. Eventuelt anna materiale skal vere forblenda med naturstein eller tre. Bygningane skal ha mørke jordfarger. Tak skal tekkjast med torv. 5.2 Fritidsbusetnad frittliggjande, Bff a) Samla utnytting per tomt skal ikkje overstige BYA=190 m 2, inkl. areal til parkering. Dette inkluderer alle tiltak på tomta, parkeringsareal kan overbyggjast med bilhus. b) Det er høve til å sette opp inntil 3 frittståande/samankjeda bygg innanfor byggjegrensene på kvar tomt. Andre bygg i tillegg til hovudbygget kan vere vedskjul, skibod, bilhus, kompisbu. Bygg utanom hovudbygget med innlagt drikkevatn skal ikkje overstige BYA 25 m 2. Bygg utan innlagt drikkevatn skal ikkje overstige BYA 15 m 2. Tomt nr. 42 kan ha to sjølvstendige buein-ingar/seksjonerast. c) Bygningane skal ha takvinkel mellom 25 32 grader, mønehøgda skal ikkje overstige 6,5 m. d) Oppstoge kan byggjast med inntil 6,0 m mønehøgde og 4,5 gesimshøgde på alle tomter unnateke 34-49, 62, 71-80.

e) På tomter med regulert byggjegrense skal det ikkje gjennomførast tiltak utanfor byggje-grensene, ut over lett skjøtsel av vegetasjon. f) I bratt terreng er det høve til å lage støttemurar av naturstein til terrassering. Murhøgda skal ikkje overstige 2,0 m. g) Hovudbygg på tomter i tabellen nedanfor skal planerast i samsvar med planeringshøgda, som framgår av tabellen til høgre. Toleransen på høgda er +/- 0,5 m. h) Grunnmurhøgde må ikkje overstige 0,7 m frå ferdig terreng til topp grunnmur. i) For tomtene 4, 13 og 73 skal det byggjast regulert støtte-mur/flaumvoll. Arbeidet skal vera ferdigstilt føre ferdigattest vert utskriva. 5.3 Fritids- og turistføremål, BUH a) På tomta kan byggjast eitt eller fleire leilegheitsbygg for utleige. b) Samla utnytting skal ikkje overstige BYA=400 m 2, inkl. areal til parkering. Dette inkluderer alle tiltak på tomta. Parkeringsareal kan overbyggjast med bilhus. c) Bygningane skal ha takvinkel mellom 25 32 grader, mønehøgda skal ikkje overstige 7,5 m. d) I bratt terreng er det høve til å lage støttemurar av naturstein til terrassering. Murhøgda skal ikkje overstige 2,0 m. e) Leilegheitene skal byggast og drivast som eit felles anlegg med felles drift. Frådeling er ikkje tillete. Leilegheitene skal vere disponible for utleige 9 mnd i året. 70 % av denne tida skal vere i perioden 1. desember til 30. april. 5.4 Lager, Bla a) BYA=250 m 2. b) Maksimal mønehøgde skal ikkje overstige 7,5 m. c) Det skal brukast saltak med takvinkel på mellom 25-34⁰. d) Fasade skal utformast med ståande trepanel og målast med jordfarger. Tomt Planeringshøgde 71 995 m.o.h. 72 995,5 m.o.h. 73 997 m.o.h. 74 1005,5 m.o.h. 75 1005,5 m.o.h. 76 1002,5 m.o.h. 77 1007 m.o.h. 78 1011 m.o.h. 79 1012 m.o.h. 80 1015,5 m.o.h. 81 984,5 m.o.h. 82 984,5 m.o.h. 5.5 Skiløype, Asl 1 og 2 a) Føremålet heimlar etablering av gangsti på maks. 1 m breidde innanfor teigen. Stien kan etablerast med grus- eller barkdekke. b) Det er høve til å endre terrenget slik at det kan spleisast inn mot tilstøytande byggjeområde. c) Skiløype kan etablerast med inntil 6 m trakkebreidde. d) Silkedalsløypa kan ha inntil 8 m ryddebreidde/trakkebreidde (omsynssone =15 m frå senter skiløype). 5.6 Nærmiljøanlegg Bna a) Føremålet skal nyttast som møteplass/leikeareal for hyttefeltet. Det skal ha eit vegetert preg. b) Det er høve til å byggje og vedlikehalde VA- og straumanlegg. c) Føremålet kan tilretteleggjast for nærmiljøanlegg - bord og benker, grillplass, leikestativ mm. 5.7 Energianlegg, Bea Ingen føresegner 5.8 Renovasjonsanlegg, Bren a) Det er høve å etablere renovasjonsanlegg i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande renovasjonsordninga i kommunen. b) Ein kan vidare etablere innretningar for vass- og avlaupsforsyning av feltet.

6 Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur 6.1 Køyreveg, Sk a) Vegar skal i hovudregelen ikkje ha større stigning enn 1:10. På enkelte strekningar kan det tillatast brattare stigning. Framføring av vegar skal gjerast så skånsamt som råd. Jord-skjeringar og fyllingar skal dekkjast til med jord, og elles gjevast ei tiltalande utforming. Dersom det ikkje er høve til å byggje vegen ved hjelp av fyllingar/jordskjeringar innanfor føre-målet skal ein nytte murar. Desse kan byggjast opp til 2 m høge og skal utførast i naturstein. b) Det er høve til å sette opp vegljos. c) Føremålet har annan eigarform, privat. 6.2 Gang- og sykkelveg, Sgs a) Føremålet skal asfalterast eller på annan måte leggjast fast dekke på. b) Føremålet er offentleg. 6.3 Annan veggrunn grøntareal, Sav a) Føremålet skal brukast til snøopplag om vinteren. b) Føremålet skal ha eit grønt preg og skal utformast som grøntanlegg tilhøyrande tilstøytande utbyggingsteigar. c) Avkøyringar til tomtene kan etablerast over føremålet. d) Parkeringsplassar relatert til tomteeiningar i Bff kan etablerast innanfor føremålet, dersom avtale om dette føreligg med vegeigar. e) Det er høve å trakke skiløype innanfor føremålet. f) Føremålets eigarform er relatert til eigarforma til teigen innanfor føremåla Sk, Sgs eller Sp inntil. 6.4 Parkering, Sp a) Biloppstillingsplassar innanfor føremålet kan brukast til parkering for dagsturister i området. b) Det skal settast opp skilt om at overnatting er forbode. c) Føremålet har annan eigarform, privat. 7 Landbruks-, natur- og friluftslivsføremål samt reindrift 7.1 Naturføremål, LNFR-n a) Det er ikkje høve til å gjennomføre store terrenginngrep innanfor føremålet. b) Det er høve til å vedlikehalde/oppgradere eksisterande VA- og straumanlegg. c) Vegetasjonen skal ikkje påverkast. 7.2 Friluftsføremål, LNFR-f a) Føremålet skal nyttast som grøn buffer og ferdselskorridorar mellom busetnaden. b) Det skal ha eit vegetert preg, samstundes som det skal tilretteleggjast for ferdsel og anna friluftsliv. c) Det er høve til å byggje og vedlikehalde VA- og straumanlegg. 8 Bruk og vern av sjø og vassdrag 8.1 Friluftsområde i sjø- og vassdrag, Vf Ingen føresegner

Vinje, den 29. november 2013/Revidert 27. februar 2017/Revidert 05052017 etter 1.g. handsaming./ Revidert 13.12.2017/20.02.18/11.05.18./18.05.18 For Plankontoret Hallvard Homme AS Hallvard Homme

Varsel om oppstart av planarbeid: 03.07.2013 1. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 19.04.2017 Utlagt til offentleg ettersyn i tidsromet: 15.06 08.09.17 2. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 30.05.18 Eigengodkjent i kommunestyret den: 28.06.18 Stad, Dato Sign. Stempel