Protokoll frå Styremøte 4. - 5. desember Thon Hotel Opera - Oslo Til stades: Harald Lie, Bodil Mannsverk (berre dag 2), Finn Egil Adolfsen, Linda Kristin Oppedal, Tor Inge Eidesen og Janne Østgaard Aagesen. Frå administrasjonen: Frode Alfarnes og Romar Skeie Olsen. Sak 55/18 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Protokoll frå førre styremøte er godkjent Sak 56/18 Open post Janne Østgaard Aagesen fortalde litt om erfaringar hennar lag har med å vere medlem i NHO Mat og Drikke. Dei har fått veldig god hjelp frå NHOMD i ei sak dei har hatt no i haust. Harald fortalde litt om styreleiarkurset han deltek på. Sak 57/18 Rekneskap per 30. november Dagleg leiar gjekk gjennom rekneskapen. Det er framleis nokre usikre faktorar, men slik det ser slik det ser ut no hamar vi på eit underskot på kr 340 000,-. Dette er ca. kr 200 000,- meir enn det budsjetterte underskotet på kr 151 700,-. Hovudgrunn til avviket er at det er budsjettert for lite løn til tillitsvalde, samt at det har vore kurs som ikkje har vore budsjettert. Dette medfører og sjølvsagt meir i arbeidsgjevaravgift. Det er framleis usikre tal i høve haustsamlingane sidan vi til no berre har fått inn ca. 2/3 av reisekostnadane. Vi har hatt høgare utgifter i høve kurs og møter samt marknadsføring. Kostnader til diett er gått litt ned. Rekneskap per 30. november er teke til etterretning. Sak 58/18 Evaluering haustsamlingane Evalueringa ser bra ut. Det vart diskutert litt rundt sjølve modellen vi har på haustsamlinga og om vi kanskje må fornya oss litt. Styreleiarsamlinga er særs positiv og må byggjast vidare på. Kanskje det og kan vere aktuelt å legge inn ei styreleiarsamling på vårsamlinga? Tilsettesamlinga og dagleg leiar samlinga har lite engasjement og bør kuttast ut. Ein ide kan vere å dele inn i mindre grupper og ha «Workshops» eller køyre andre tema. To timar med tillitsvalde sin time er for mykje og må kuttast ned. Det var litt knapt med tid mellom kvar programpost.
Dei fylkesvise samlingar kan i ein del tilfelle mangla struktur. Kan ein nytte fylkesvalnemndene eller fylkeskontakten til å leie samlinga? Vi må i alle fall sjå kva vi kan gjera med desse samlingane slik at vi får dei meir nyttige og strukturerte. Under kåringa av Årets avløysar bør ein ha meir fokus på dei som er til stades og kun lese opp namn på dei som ikkje er til stades. Det vi fekk ut av gruppearbeidet var skuffande lite. Så og seia ingen grupper svarte på spørsmålet, og det vart mykje kommentarar til punkta frå vedtektene. Vi må bli meir presise i spørsmålsformuleringane våre, samt at alle gruppene ikkje treng å svare på dei same spørsmåla. «Ordskyprogrammet» som Geir Styve brukte i si innleiing, er kanskje noko vi kan bruke til å få opp engasjementet på samlingane i framtida. Presentasjon av «Årets Lag» bør vera med i programmet til neste år. Her bør laget få høve til å presentere laget sitt og korleis dei driv. Når det gjeld sjølve evalueringa så er det nokon som har svart på at dei ikkje deltok på enkelte postar, men dei har likevel gitt karakter. Deira svar bør takast vekk. Innspel frå evaluering i styret vert teke med i utarbeiding av neste års samling. Haustsamling skal takast opp som sak på styremøtet før vårsamlinga. Sak 59/18 Oppfølging av strategi-/arbeidsplan Velferdsordningane Våre hovudpunkt vart delvis innfridd i årets forhandlingar. Organisasjon Medlemskriteriar Det er viktig å vere tydlege i forhold til kvifor organisasjonen treng nye medlemskriteriar. Medlemskriteriane må vere målbare. Sidan vi ikkje fekk svar på spørsmåla under gruppearbeidet på haustsamlinga må vi sende våre forslag til medlemskriteriar, ut til alle styreleiarane i medlemslaga. Det er viktig å forankre dette i organisasjonen. Det skal lagast ein video der styreleiar og nestleiar forklarar kvifor organisasjonen treng nye medlemskriteriar. Lenke til videoen vert sendt ut til styreleiarane i medlemslaga. Styret diskuterte og kom fram til at fylgjande medlemskriteriar skal sendast styreleiarane i laga til høyring: o Kjernetenester Beredskap i sitt geografiske område Rekruttering og utdanning av arbeidskraft Arbeidsformidling o Profil og logo o Medlemsskap NHOMD o Internkontroll HMS Det vart diskutert om medlemskriteriane skulle inn i vedtektene eller det skulle visast til kriteria i vedtektene. Dette må arbeidast vidare med fram mot neste styremøte.
Region-/fylkeskontakter o Det er avklart kontaktpersonar til dei ulike landbruksråda. Alle fylker er oppmoda om å velje kontaktpersonar på haustsamlingane i år. Manglar kontaktpersonar frå fire fylker. Administrasjonen lagar ei liste med fylkeskontaktane. Arbeider med rammeavtalar på drivstoff og bank. Gjennomførte styrekurs på vår-/haustsamling. Beredskap og kompetanse Utvikling av landbruksvikarordninga. Arbeide for fagbrev i landbruket. Dette vert det arbeida med kontinuerleg. Omdømme og rammevilkår Medlem i Norsk Landbrukssamvirke. Arbeider aktivt for å synleggjera verdien av velferdsordningane. Godt samarbeid med landbrukets organisasjonar. Godt samarbeid med aktuelle aktørar innanfor vårt fagfelt, for å synleggjera det gode arbeidet som vert gjort i organisasjonen Dette vert det arbeida med kontinuerleg. Administrasjon og utvikling Vera til stades på messer. Profilering på heimeside/facebook. Kurs på vår-/haustsamling. Innarbeide teknologiske løysingar. Informasjon. Dette vert det arbeida med kontinuerleg. Informasjon om medlemskriteriar skal sendast ut til styreleiarar i medlemslaga så snart som råd. Medlemskriteriar som skal vere med er: Kjernetenester. o Beredskap i sitt geografiske område. o Rekruttering og utdanning av arbeidskraft. o Arbeidsformidling. o Profil og logo. o Medlemsskap NHOMD. o Internkontroll HMS. Sak 60/18 Jordbruksforhandlingane Ein god diskusjon i styret la grunnlaget for følgande punkt og prioriteringar: 1. Beredskap a. Det er vanskelegare for medlemslaga å halde ein tilfredsstillande beredskap når det er opna opp for fakturerbare tenester. b. Viktig at midlane går til det det skal som er ferie og fritid til bonden. c. Kompetanseutvikling 2. Tilskot til ferie og fritid
a. Det er behov for auke i tilskot, vårt krav vert satt til kr. 90 000,- 3. Samordning med næringsinntekt a. I årets forhandlingar er det vedteke at landbruksdirektoratet skal utreie konsekvensane av å avvikle samordninga av tilskott ved avløysing ved sjukdom og fødsel mv. mot lønsinntekter, slik at ein likestiller lønsinntekt med andre næringsinntekter. b. Det er eit ynskje å få dei fyrste 16 dagane utan frådrag for alle. Ynskje om å overta KIL-midlane som går på opplæring i landbruket. Dette vert tatt opp direkte i møte med direktoratet. Administrasjonen utarbeider innspel til jordbruksforhandlingane basert på prioriteringar frå styremøtet. Innspelet vert så sendt til styret for gjennomgang. Sak 61/18 Ikkje offentleg Sak 62/18 Utkast til budsjett for 2019 Frode Alfarnes gjekk gjennom forslag til budsjett. Vi bør unngå eit budsjett som viser raude tal for 2019. For å greie dette må vi gjere nokre justeringar på inntektsog utgiftssidene. Webtemp, seks nye lag startar frå nyttår, desse treng hjelp i oppstarten. Inntekt på medlemskontingenten veit vi ikkje sikkert før i februar når vi har oversikt over lønsomsetninga i medlemslaga. Usikkert om kontingenten til landbrukssamvirke er lik til neste år som i år. 2019 vert utan innstikk i bondebladet, men det vert sett av kr 50.000,- til anna marknadsføring. Det er stor auke i ansvarsskadar, prisen bør sjåast på og eventuelt justerast i høve det. Fast kontingent kan om behov aukast med kr 500,- pr. lag. Eigendelen på kurs og haustsamlingar aukast med kr 500,- pr deltakar. Kostnad på fylkeskontaktar må sjåast på og leggast inn i budsjettet. Endeleg budsjett vert utarbeidd etter innspel frå styret og lagt fram på styremøtet i februar og vedteke der. Sak 63/18 Referatsaker A. Nasjonalt Samarbeidsforum HMS Tor Inge Eidesen refererte frå møtet. Temaet i år var ulukker i landbruket. Ulukkesstatistikken er litt høgare enn i andre yrker. Mental helse hos bonden er i fokus. Det er planar om ei stor spørjing om ulukker i landbruket som skal sendast ut til alle bønder. Heile landbruket skal stå som avsendar inkludert NLT. Tor Inge Eidesen orienterte i samarbeidsforumet kva kompetanse NLT har og HMS-arbeidet vi gjer.
B. Samarbeidsmøte NBU Frode Alfarnes og Harald Lie møtte frå NLT. Informasjon om psykisk helse hos bonden. NLT informerte om velferdsordningane i landbruket. NBU har 7000 medlemer i 14 lokallag frå 13 fylker. Landsstemne med 2000 deltakarar kvart år. I mars arrangerer NBU vårkurs der NLT har høve å delta. I samband med kåring av årets unge bonde vert det sett på om vi kan delta i juryen. C. Arbeidsgruppe NHO Mat og Drikke Frode Alfarnes og Tor Inge Eidesen representerer NLT. Arbeidsgruppa består av Camilla Schrader Roander og Anne Løken frå NHOMD, Hans Nummestad frå Landbrukstjenester Østfold og Frode Alfarnes og Tor Inge Eidesen. Dette var fyrste møtet for å kartlegge problemstillingar i høve nye reglar ved innleige av arbeidskraft som kjem frå 1. januar 2019. D. Samling for inspektørar - Arbeidstilsynet Frode Alfarnes representerte NLT og refererte. Samling for dei inspektørane som arbeide innafor landbruk i arbeidstilsynet. Fortalde om HMS-arbeidet til NLT, deriblant HMS-handboka og kva arbeidstilsynet bør forventa å finne ute hos medlemslaga. E. Agroteknikk Administrasjonen og Janne Østgaard Aagesen representerte NLT. Frode Alfarnes refererte. Litt lite folk på torsdagen, men mange interesserte skuleungdomar var innom standen vår. Fredag vart ein grei dag, medan laurdagen var den dagen med mest besøk. Søndag ok. Grei plass å ha messe der alt er under same tak. Janne Østgaard Aagesen heldt eit godt innlegg om avløysing - regelverk og rettigheitar under programposten «Kvinner i landbruket». F. Fjellandbrukskonferanse. 20. november. Finn Egil Adolfsen refererte. Bra konferanse, men kanskje ikkje så aktuelt å vere der som NLT-representant. Hadde vore meir aktuelt å delta på slike konferansar om ein hadde hatt møte med styret i eit nærliggande medlemslag, t.d. Oppdal Landbrukstjeneste i denne samanhengen. Referat er teke til etterretning. Sak 64/18 Orienteringssaker A. Fusjonering mellom Dalane Avløysarlag og Eigersund Avløysarlag Dalane Avløysarlag har tidlegare meldt seg ut av NLT. Eigersund Avløysarlag fusjonera og sluttar seg til Dalane Avløysarlag og går då og ut av vår forsikringsordning. B. Proresult AS Vi får tilbakemeldingar på at Proresult AS er aktive med å promotera deira timeregistreringsprogram. Det har vært møte med lag i Trøndelag, Hedmark og Oppland, og Rogaland skal ha møte no i desse dagar. I Rogaland er NLT invitert med for å presentere Webtemp. Vi synes det er positivt at vi vert invitert og får sjansen til å visa løysinga ute i regionane.
Det er ein diskusjon på kva løysing medlemslaga vil ta i bruk. I nyleg vedteke strategiplan er det eit lagt opp til å fremstå einsarta i alle deler av landet og å nytte seg av felles teknologi. NLT har styrevedtak på at det er Webtemp vi ønsker at laga skal nytte og ser per dags dato inga grunn til å endre dette. Proresult AS levere ei god løysing for å levere elektroniske timelister. Webtemp leverer det same, men og mykje meir til ein billegare kostnad for dei fleste av våre medlemslag. Integrerte løysingar som med anna oppdragsbekrefting, arbeidsavtalar, arbeidstidsoppfølging og kommunikasjonshistorikk redusere behov for andre løysingar for dette. Mange av laga sine medlemer forventar og etter kvart å finne total oversikt over sitt kundeforhold elektronisk. Dette får ein med Webtemp. Det var og ein diskusjon om kva ressursar NLT vil bruka på Webtemp no når prosjektperioden er ferdig. Vårt fokus er å hjelpe medlemslaga i den daglege drifta, dette medføre at vi hjelper eller vidareformidlar hjelp på dei problemstillingane som dukkar opp. Dette kan vera hjelp i bruk av dataprogram, problem med eiga datamaskin, problem med serverløysingar, hjelp til heimesider, tolking av regelverk, forsikringar, marknadsføring med meir. Dette er oppgåver som er dekka av medlemskontingent. Eventuelt om nokre lag brukar oss meir enn andre, eller om vi i brukar meir ressursar på noko i forhold til anna måler vi ikkje. Det vi ser på er at vi har nok kapasitet til å løyse dei arbeidsoppgåvene som vert etterspurt. Orientering er teke til etterretning. Sak 65/18 Eventuelt A. Styretur Administrasjonen tek ansvar for stad og opplegg. Veke 38, fredag 20. sep. til måndag 23. sep. passar bra. Referent: Romar Skeie Olsen B. Dagsats på sjukdom NLT vil anbefale alle medlemslaga om ikkje å auke dagsats sjølv om det no vert «frislepp» på dagsatsen. Dei 16 fyrste dagane har vi beredskapsplikt og det er då viktig at desse dagane har lik sats over heile landet. C. Landssamling landbruksråda NLT er invitert på landssamlinga den 21. januar. Vi bør møte med styreleiar og dagleg leiar dersom det passar. D. Styremøte i februar Styremøtet vert 5.-7. februar i Vestfold. Det vert lagt opp til møte med Vestfold Landbrukstjeneste i løpet av desse dagane. Til slutt gjekk ein kjapt gjennom planlagde møter i 2019, årsmøtet, vårsamling og haustsamling. Styremøtet i desember kan med fordel flyttast ei veke nærare jul for å minska faren for kollisjonar med andre møter.