NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM
1. BAKGRUNN FOR PROSJEKTET...3 2. PROSJEKTMÅL...3 3. PROSJEKTORGANISERING...4 4. ANSVARSOMRÅDE OG SAMARBEID «EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM»...5 5. OVERORDNA OG LOKALE UTFORDRINGAR...5 6. PROSJEKTOPPGÅVER...5 7. EVALUERING OG RAPPORTERING...6 8. FRAMDRIFTSPLAN...7 2
1. Bakgrunn for prosjektet Kvart år vert om lag 5000 flyktningar busett i Noreg. Ved inngangen til 2013 budde det om lag 1700 flyktningar i Sogn og Fjordane. 1 Med opphald og busetting i ein kommune følgjer det for dei fleste flyktningar rett og plikt til Introduksjonsprogrammet. Ordninga vart oppretta i 2005 og er rammeverket for eit program beståande av norsk, samfunnskunnskap og førebuing til vidare arbeid og utdanning. Ansvaret for tilbodet ligg hjå den einskilde kommune, som vel enten å opprette ei eiga Flyktningteneste eller organiserer arbeidet under det lokale NAV- kontoret. I dag er om lag halvparten av kommunane sitt flyktningarbeid organisert utanfor NAVkontoret. Ansvar, roller og samarbeid er gjort greie for i Introduksjonslova og tilhøyrande rundskriv, eller gjennom eigne samarbeidsavtalar. Ei analyse av resultata i Introduksjonsprogrammet i utvalde kommunar viste at det ikkje er utslagsgivande for suksess korleis Flyktningtenesta er organisert, men at formalisering av samarbeid, eigarskap og medansvar og heilskapleg arbeid er det som påverkar resultatet. 2 I Sogn og Fjordane er kommunane ulikt organisert når det gjeld flyktningtenesta og oppfølging/ansvarsområde. Dette gjeld norsk- og samfunnsfagopplæringa, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og korleis NAV- kontora føl opp deltakarane i introduksjonsprogrammet. Per i dag opplever både arbeidsgivarar og søkarar at deltakarane ikkje er klare for arbeidsmarknaden eller vidare utdanning etter introduksjonsprogrammet. Først og fremst er dette grunna for dårleg språk, og kunnskap om det norske samfunnet. Som ein konsekvens av dette er det for få flyktningar kjem i arbeid/utdanning og på sikt risikerer ein at ei stor gruppe vert ståande utanfor både arbeids- og samfunnsliv medan regionen går glipp av ressursar i form av arbeidskraft og innbyggarar. 2. Prosjektmål «NAV tenester over grenser» er eit samarbeidsprosjekt mellom Rådmannsutvalet og NAV for å prøve ut om tenestelevering frå NAV på tvers av kommunegrenser kan gi betre kvalitet og resultat. I løpet av prosjektet ønskjer ein å oppnå auka kapasitet, kompetanse og erfaringsutveksling. Erfaringane skal vere ein pådrivar for andre interkommunale tiltak i Sogn og Fjordane, og etter avslutta prosjekt skal det vurderast overføring til ordinær drift. «Eit arbeidsretta Introduksjonsprogram» er ein del av «NAV tenester over grenser», og er eit samarbeid mellom kommunane Luster, Leikanger og Sogndal. Delprosjektet har som føremål at fleire flyktningar skal i arbeid og utdanning etter avslutta introduksjonsprogram. 1 www.imdi.no 2 Rambøll 2012: 11 3
Gjennom dette prosjektet ønskjer ein å oppnå betre resultat i introduksjonsordninga i regionen, styrke samarbeidet mellom kommunane så vel som mellom tenesteeiningar i kvar kommune, og yte betre bistand til deltakarane i introduksjonsprogrammet på vegen fram mot utdanning og arbeid. 3. Prosjektorganisering 3.1. NAV-tenester over grenser Prosjekteigar: NAV Sogn og Fjordane og Rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane Styringsgruppe: Fylkesdirektør NAV Tore Thorsnes og leiar i Rådmannsutvalet Ole John Østenstad Prosjektleiar: Knut Steinar Eitungjerde Prosjektarbeidar: Ragnhild Holm Tidsrom: 01.01.13-31.12.13 Prosjektmål: Å prøve ut om tenestelevering frå NAV på tvers av kommunegrenser kan gi betre kvalitet og resultat. Delprosjekt: Felles gjeldsrådgjevar Eit arbeidsretta introduksjonsprogram Marknadsretta oppfølging Kontaktperson for større bedrifter 3.2. Eit arbeidsretta introduksjonsprogram Prosjekteigar: NAV Sogn og Fjordane og Rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane Styringsgruppe: Jarle Skartun, Rådmann i Luster, Jostein Ånestad, Rådmann Sogndal og Odd Arve Rakstad, Rådmann Leikanger Prosjektleiar: Knut Steinar Eitungjerde Prosjektgruppe: Osvald Lykkebø, kommunalsjef Sogndal. Emil O. Davidsen, flyktningkonsulent Sogndal. Knut Ole Myren, rektor norskopplæringa Sogndal. Hilde Yndestad Halland, leiar NAV Sogndal. Ragnhild Ås, flyktningkonsulent Luster. Hanne Bisgaard, leiar NAV Luster. Grete Hagen, leiar NAV Leikanger. Anny Mari Berge, flyktningkonsulent Leikanger. Idunn Litlere, NAV Sogn og Fjordane og Knut Steinar Eitungjerde, NAV Sogn og Fjordane. 4
4. Ansvarsområde og samarbeid «Eit arbeidsretta introduksjonsprogram» 5. Overordna og lokale utfordringar 6. Prosjektoppgåver Mandat: Det blir etablert ei prosjektgruppe som skal gjere ei vurdering av kommunane sine introduksjonsprogram, og kome med framlegg til og prøve ut endringar både i innhald, gjennomføring og ansvars- og oppgåvedeling. Gruppa skal også komme med framlegg til kva oppgåver som kan takast inn i eit eventuelt vidare interkommunalt samarbeid. Prosjektgruppa skal kome med framlegg til konkrete forbetringstiltak innan følgjande delar av introduksjonsprogrammet: Prosjektgruppa skal vurdere Introduksjonsprogrammet som heilskap og korleis ein kan koordinere dei ulike aktivitetane. Samarbeidet om den individuelle planen og ansvaret innanfor kommunen sin organisasjon og tenesteeiningar skal kartleggast/tydeleggjerast. Gruppa skal komme med framlegg til korleis ein kan sikre kommunalt eigarskap og at deltakaren har eit tydeleg medansvar for planen. Norskopplæring: Ansvar for oppfølging av språkpraksis, metodikk, undervisningsarena, samarbeid som kan leie til auka timetal. Samfunnskunnskap: Sikre at forventingar og kunnskap om arbeid og samfunnsdeltaking blir formidla tydeleg i ei tidleg fase av programmet. 5
Vegen mot arbeid: Styrke den arbeidsretta oppfølginga av deltakarane så tidleg som mogeleg og vidareutvikle samarbeidet med næringslivet. Vidare skulegang: Rettleiing om utdanningsalternativ og eventuelle avklaringar i samband med dette. Busetjing, integrering og samfunnsdeltaking: Å bu og leve, fritidsaktivtetar, lokalsamfunn m.m. Sikre at praktiske gjeremål og tilrettelegging tek minst mogeleg tid og fokus. 7. Evaluering og rapportering «Eit arbeidsretta introduksjonsprogram» er ein del av prosjektet «NAV tenester over grenser». Prosjektperioden er førebels ut 2013, og eventuelle forlengingar av prosjektet vert vurdert fortløpande. Som delprosjekt har det blitt oppretta referansegruppe, og det vil bli gjort ei samla vurdering av prosjektet. Prosjektstart er 01.06.13 Første evaluering og attendemelding til rådmannsgruppa er 01.10.13 I både utarbeiding av plan og i gjennomføring skal prosjektgruppa konferere med/ innhente råd aktuelle samarbeidspartnarar i offentlege og private organisasjonar. Gruppa skal innhente informasjon og erfaringar frå tidlegare deltakarar i introduksjonsprogrammet i kommunane. Erfaringane skal nyttast til å sjå på endringspotensiale i programmet. Finansiering: Prosjektet blir gjennomført innanfor eksisterande ressursar. NAV Sogn og Fjordane har budsjettert med midlar til kompetansehevande tiltak / ekskursjonar m.m. for prosjektet. 6
8. Framdriftsplan Dato Kva Deltek Tema Ansvar Resultat 30.04 Mandat til rådmenn 01.06 Prosjektstart 15.06 Kommunestyre informert om prosjekt og sektoransvar, einingsleiarar klarert praksisplassar 20.06 Skuleferie Juli Prosjektførebuing: T.d: Kontakt med næringsliv, plan for Fjøra Intro, samtale tidlegare deltakarar intro. Fulltidsprogram for alle deltakarar med fokus på språk og arbeid. 15.08 Prosjektplan ferdigstilt 07.10 Skuleferie 01.10 Evaluering av prosjektet så langt 15.10 Endringar tatt inn i prosjektet 15.12 Skuleferie 7