Plan for. Den kulturelle skulesekken. for Gaular kommune



Like dokumenter
DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar Innhold

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst /10

Plan for den kulturelle skulesekken Fitjar kommune

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Handlingsplan

Temaplan for den kulturelle skolesekken Levanger kommune

Mål for ungdomssteget, klasse

Sikringskost og melisdryss

Halvårsplan, hausten 2011

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

Den kulturelle skolesekken

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

FENGSLET EN BOK OM Å SITTE INNE. Bjørn Arild Ersland. Klassetrinn: videregående

Den kulturelle nistepakken

KOMPETANSEMÅL/ LÆRINGSMÅL

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Fagplan i musikk. Faglærar:Aud Trinn: 7. Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering:

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Den kulturelle skulesekken Lokal plan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Plan for DKS 2015 Sendes:

Plan for overgangar. for barn og unge

Les for livet - del 2 (Ref # )

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Mangfold og muligheter. vekst gjennom kulturelle opplevelser og erfaringer

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7.

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

THE POWER OF GLESBYGD. Presenteres av Tomas Håkki Eriksson. Klassetrinn: og VGS

Med Ståle Birkeland, Petter Frost Fadnes, Dag Egil Njaa og Chris Sharkey. Videregående skoler

INFORMASJON OM VALFAG VED ØRSTA UNGDOMSSKULE SKULEÅRET

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10


Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff Musisere:

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Frå novelle til teikneserie

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Kulturplan. for skulane i Os. Den Kulturelle Skulesekken

Å skape og presentere ei framsyning

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

HANDLINGS- OG STRATEGIPLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKK I MODUM

DEN KULTURELLE SKOLESEKK I SIGDAL HANDLINGSPLAN

ÅRSPLAN I NORSK FOR 4. TRINN 2018/2019 Hovudlæreverk: GOD I ORD

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Fra Storfjorduka DKS Storfjord Kommune :14:54 Årsplan DKS

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

felles fag på 6. og 7. årssteget

WeFiction & Private Rite

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret

SUPERWOMAN. Thea Danielsen Fjørtoft Klassetrinn:

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN I SIGDAL

Tiltaksplan

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Halvårsplan 4. trinn Måndalen skule vår 2014

Månadsplan for Hare November

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Sandeid skule SFO Årsplan

EVALUERING

VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Strategiplan for Kulturskrinet, Karmøy kommune,

LOKAL KULTURELL SKULESEKK RAMMEPLAN FOR FØRDE KOMMUNE

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Jens Johannessen: Collage dansere, Olje på lerret

PLAN FOR DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN ASKØY

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom:

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Transkript:

Plan for Den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012 2016 1

Plan for den kulturelle skulesekken for Gaular kommune 2012-2016. Målsetjinga med den kulturelle skulesekken: Den kulturelle skulesekken vart etablert i 2001 som eit samarbeid mellom det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Opprettinga skal bidra til at elevar i grunnskulen får eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Målsetninga for Den kulturelle Skulesekken er formulert slik: - å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod - å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere seg kjend med, og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag - å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål. - Måla og prinsippa for DKS skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for Kunnskapsløftet. Heilt sidan Den kulturelle skulesekken vart etablert, har det vore eit sentralt prinsipp at dei enkelte fylka og kommunane skulle få høve til å utarbeide sine eigne kulturelle skulesekkar i samsvar med lokale og regionale tilhøve, utan for sterk statleg styring. Det skal vere mogeleg for alle aktørane å påverke DKS, og kjenne at ein er med på å forme han. Fylkeskommunen skal forankre samarbeidet mellom fylkesmannen og kommunane som skuleeigarar. Skriftlege avtalar med kommunane medverkar til å sikre alle elevene jamlege møte med Den kulturelle skulesekken. Dette gjør også planlegginga og rolleavklaringa mellom fylkeskommunen og kommunane enklare. Gaular kommune utarbeider plan for Den kulturelle skulesekken med tilbod til alle klassetrinn i grunnskulen. Styre for Kulturforum blir referansegruppe ved utarbeiding av planen. Kulturforum vel styre med representantar frå skule- og kulturetaten, skulane og biblioteket. Friviljuge lag og organisasjonar var tidligare fast med på møta. Den kulturelle skulesekken i Gaular 2012/2013: I Gaular kommune er det 3 barneskular: Sande, Bygstad og Viksdalen. Det er Ungdomsskule på Sande og i Viksdalen. I tillegg til eit godt fylkestilbod, har vi lokalt fått eit definert ansvarsområde. Den lokale kulturelle skulesekken har 4 ansvarsområdar: litteratur, kulturarv, kunst og handverk og song/dans. Litteraturformidling: Målet er å få til eit forfattarbesøk kvart år. I 3- års planen skal det leggast opp til rotering mellom mellomsteget og ungdomssteget slik at får besøk kvart sitt år. Hausten 2012 er det ungdomssteget som står for tur til å få forfattarbesøk. I oktober kjem Gunnar Staalelsen på dei to ungdomsskulane på Sande og i Viksdalen. I 2013 er det igjen mellomsteget sin tur til å få forfattarbesøk. Kulturarv: Dei tre barneskulane har laga kvart sitt opplegg for kvart sitt klassetrinn. Dei inviterer då tilsvarande klassetrinn frå dei to andre skulane. Dette er for å auke kunnskapen og kjennskapen om viktige områder for kulturarv i kommunen. Det er også viktig for at dei tre sokna skal verte nærare knytt til kvarandre. 2

Viksdalen skule inviterer dei andre 7. klassane i kommunen. Dette er eit opplegg med tur på Fosstien med orientering rundt gamle ferdslevegar på Gaularfjellet, og med overnatting på fjellet. Dette vert gjennomførd i august. Sande skule arrangere sykkeltur for 5. klasse frå Sande til Hestad kapell. Orientering undervegs på turen og kartkunnskap. I Hestad kapell skal det vere omvising og ulike aktivitetar. Dette vert gjennomført i mai/juni. Bygstad skule skal ha eit program om Vikingland på Osen gard for 6. klassane i kommunen. Osen gard er Tusenårsstaden i Gaular. Dette vert gjennomført i mai. I Bygstad har dei integrert planane i entrepenørskapsplanen. Kvart klassetrinn har ansvar for opplegget og skal evaluere det etterpå. Disse opplegga har vore gjennomførd fleire gonger, og har vore svært vellukka. Bygstad skule har i år vore på Kystmuseet i Florø. Dette har vore eit ønske for at dei skal få lære meir om deira kystkultur. Tidligare år har mellomsteget besøkt Høyanger industristadmuseum. Skulane har vore svert imponert og fornøgd med opplegget på museet, utstillingane og skodespelet. Skulane på Sande og Viksdalen har uttrykt ønske om å besøke om å besøke Høyanger industristadmuseum igjen enten neste skuleår, eller neste år. Utbygginga av industristaden Høyanger var viktig for innbyggjarane i Gaular. Det var mange frå kommunen som jobba i Høyanger under utbygginga. Det er også mange frå Gaular som jobbar på Hydro i Høyanger i dag. Det er også forslag om å besøke Kvernsteinsparken i Hyllestad. Kunst/ handverk: Ein kunstnar har i fleire år hatt undervisning både på Sande skule og Bygstad skule kvart år for 3. klassingane. Viksdalen er ein mindre skule og har denne undervisninga for 1.- 3. klasse kvart tredje år. Dette er eit tilbod vi truleg vil fortsette med dersom vi finn ein ny instruktør. Ungdomsskulane brukar å dra til Eldalen i Viksdalen for å sjå på tradisjonshandverk med rosemåling og dreiing kvart år. Sande Ungdomsskule har planar om å dra til Eldalstunet med 9. klasse kvart år. Viksdalen ungdomsskule reiser heile ungdomsskulen kvart tredje år. Ungdomssteget på Sande skule ønskjer å sjå ein utstilling på både Eikås- og Astrup museet. 10. klassingar på Sande og Viksdalen kan reise ilag med buss til Jølster og sjå på utstillingar på Eikås og Astrup-museet. Dette skal gjennomførast etter eksamen i mai/ juni. Skulane ønskjer å besøke det nye kunstmuseet i Førde når det opnar hausten 2012. 3

Song/ dans: Folkesong: Alle skulane har undervisning i folkesong i småskulesteget kvart år gjennom Gaular Spelemannslag. Dette tilbodet har vore svært populært, og ein ønskjer å fortsette med dette så lenge instruktøren ønskjer å undervise i dette. Dans: Vi prøver å ha dansekurs kvart år. Det har tidligare vore linedance kurs og swingkurs. Vi ønskjer å ha dansekurs for elevane i streetdance og hiphop på mellomsteget og ungdomssteget. For mellomsteget er folkedans med i planane. Dette skal vidareførast på Sande og Viksdalen. Plan for den kulturelle skulesekken 2012-2016. Hovudtema L Lokalt tema 1. klasse 2. klasse 3. klasse 4. klasse 5. klasse 6. klasse 7. klasse H Biletkunst Oppleve mangfald, skape bildar, og farge Musikk, utforsking, leik og oppleving Skulptur, rom og form, figurar og mønster, fargar og Teater, drama, dans og syngjespel Dans, moderne dans, folkedans og lokale musikktradisjonar litteratur, drama og teater som uttrykksform, lære om forfattarar Kunst og handverk. Bilete og biletkunst Besøke biblioteke t. Segn og historier frå kommune n, skikk og bruk i gamle dagar Bygda mi, Bli kjende med naturog kulturstiar symbol Daglegli v i gamle dagar, Dagstur til museet i Movika kyrkja: Ritual, symbol, historie, kunst og arkitektur. Musikk: Aspirantopplæring primærnæring, jordbruk, husdyr-/ stell Munnleg tradisjon, dialekt, ordtak, rim, regler, eventyr og segn. Fortidsminne, tur til Osen Entrepenørskap 8. klasse 9. klasse 10. klasse arkitektur, musikk, Film, estetikk Delta sjølv og lære om Byggjestil i nærmiljøet Gaularspelet, Handverkstradisjonar ved Eldalstunet Sunnfjord kunstnarar. 4

Mål for kunst i 1. Klasse: Elevane skal få møte kunst av ulike kunstnarar. Det skal leggast til rette for at opplevingane skal bearbeidast gjennom elevane sine eigne kunstnariske arbeid, gjerne ilag med ein kunstnar. Samarbeide med Sogenemnda og Pensjonistlaga med segn og historier frå kommunen, og skikk og bruk i gamle dagar. Mål for musikk i 2. klasse: Gje elevane høve til å musisere og danse, komponere og lytte. - Konsertopplevingar via Rikskonsertane og andre konsertar i regi av DKS. - Eksperimentere med lyd, lage enkle melodiar, ved å samarbeide med lokale musikarar og musikk- og kulturskule - Temaveke på eigen skule/ klasse - Musisere og danse, ved samarbeid av Gaular Spelemannslag og Ungdomslaga i kommunen. I opplæringa skal elevane lære seg dansar og songleikar og øve seg på å lage og følgje reglar i musikalsk leik og arbeid. Bruke kroppen og stemma si medvite som eit musikalsk uttrykksmiddel for opplevingar, tankar og kjensler, og øve seg på å utvikle stemma musikalsk i rytmisk arbeid med ulike tekstar, mellom anna rim og regler, og andre tekstar som er gode utgangspunkt for musikalsk arbeid. Komponere ved å: - eksperimentere med korleis lyd kan lagast på ulike måtar, og arbeide med korleis lyd kan bli musikk. - Leike med spontant spel på instrument til enkle vers og ut frå musikalske spørsmål og svar. - Øve seg på å lage små komposisjonar i lyd og dans ut frå enkle formomgrep. Mål for skulptur/monument/ minnesmerke for 3. klasse: Elevane skal kjenne til skulptur som uttrykksform generelt og skulpturar/ minnesmerke i nærområdet. Lokalt tema: Daglegliv i gamle dagar med innhald av hus, kosthald/helse, klede, byggeskikk, kommunikasjon, skule osv. Aktuelt her er dagstur til Movika, bygdebøker, sogenemnda og pensjonistlaga. Mål for teater i 4. klasse: Målet er å setje opp framsyningar på eigen skule, la elevane få oppleve profesjonelle oppsetjingar, ta del i å setje opp ei figurteaterframsyning og eit skodespel/ syngjespel i løpet av skuleåret. Det er og eit mål at elevane får oppleve ei dokketeaterframsyning og/ eller ei teaterframsyning og møte aktørane i framsyninga. Mål for dans i 5. klasse: Målet for dans er å utvikle kunnskap, kreativitet og dugleik hjå elevane i eit utval av danseformer. Dei skal lære songar og dansar som er sentrale i lokal og nasjonal song-, vise,- og dansetradisjon. På eigen skule skal dei lære eller andre instruerer elevane i song- og musikkdansar. I lokalt tema er det aktuelt å besøke garder i kommunen og andre garder i skulen sitt nærområde. 5

Sykkeltur frå Sande til Hestad kapell, og omvising der. Mål for litteratur i 6. klasse. Lese ungdomsromanar for å oppdage og oppleve norske og omsette, i tillegg til dikt og songar av meir klassiske forfattarar. Det er også eit mål at dei skal gjere seg kjende med offentlege bibliotek. Mål for kunst og handverk i 7. klasse. Målet er å gje elevane kunnskap til ulike former, kunst og handverk gjennom møte med ulike formskaparar og andre kunstnarar. Elevane bør få trening i å planlegge, skissere og lage enkle bruksformer og skulpturar. Mål for arkitektur i 8. klasse. Mål for arkitektur er å gjere elevane merksame på arkitektur, lære å sjå, oppdage endringar, bli kjende med, vere kritiske til, og få lyst til å delta i utforminga av sitt eige nærmiljø. Dei skal sjå på nasjonal- og lokal byggeskikk. Sjå på historiske bygg i nærområdet som Nedrestrand gard, Hestad kapell og museet i Movika. Mål for musikk i 9. klasse. Målet er at elevane skal oppleve, sjølve ta del i og lære om populære musikkgenrar som blues, jazz, pop, rock og musikkteknologi. Elevane kan ha musikkverkstad kor dei får innsyn i komponering. Dette vert gjort både ved at elevane skriv tekstar og lager melodiar, gjerne ved hjelp av dataprogram. Lokalt skal elevane sjå på tradisjonshandverk ved Eldalstunet med rosemåling og tredreiing. Mål for film i 10. klasse. Målet er at elevane skal oppleve ulike typar film, og lære om verkemiddel i film. Film er i dag ein stor del av livet til barn og unge, og det er derfor viktig å lære om korleis verkemidlane i filmen blir brukt for å påverke den som ser. Dei kan dra på skulekino med etterarbeid. Lokalt vil 10. klassingane reise til Jølster for å sjå på utstillingar av Astrup og Eikås. 6