RAPPORT FORLØP FOR PASIENTAR MED TUNGPUST ELLER PNEUMONI Eit samarbeid mellom Helse Bergen, Fjell kommune, Sund kommune, Os kommune og Fusa kommune Mai 2013
INNHOLD 2 Bakgrunn 3 Deltakarar i prosjektgruppa.4 Organisering 4 Definisjon av pasientgrupper..5 Gruppas arbeid..5 Prøvar og utstyr.6 Scoringsverktøy.6 Arbeidsprosess 7 Informasjon..7 Kommunikasjon.8 Elektroniske løysingar 8 Kompetanse..8 Evaluering 8 Oppsummering 9 Oversikt over vedlegg.9 Vedlegg 1 Flytskjema tungpustforløp.10
Bakgrunn 3 Helse Bergen har frå 2011 delteke i fleire interkommunale prosjekt som er retta mot etablering av kommunale øyeblikkelig hjelp (øh) senger. Målet med det nye tilbodet er at ein del av dei pasientane som vert lagt inn på sjukehuset i dag, skal kunne få behandling i kommunen i framtida. Talet på øh- senger vil trappast opp i perioden mellom 2012 til 2015, og er eit lovpålagt kommunalt tilbod frå 2016. I prosjekta har det vore ønskjeleg å komme fram til ei felles avklaring av kva pasientar som er eigna for observasjon og behandling i eit slikt interkommunalt tilbod, slik at ein sikrar tenelege forløp for dei aktuelle pasientane, og at det kan byggjast opp rett kompetanse og utstyr for tilbodet i kommunane. Prosjekta i Bjørnefjorden og i Fjell/Sund hadde kome lengst i arbeidet med planlegging av øh- senger. Dei fekk difor høve til å delta i eit pilotprosjekt, og tanken har vore å nytte erfaringa frå dette prosjektet i arbeidet med etablering av øh- senger i dei andre kommunane. Vi starta med eit felles møte for desse to prosjekta der leiarar og fagpersonar frå kommunane og sjukehuset deltok. På grunnlag av data om storforbrukarar av øh- helsetenester i Helse Bergen, ei spørjeundersøking hjå fastlegane i Fjell, samt diskusjon i gruppa, vart gruppa samde om at pasientar med pneumoni og tungpust (kols el hjertesvikt) truleg ville vere den vanlegaste årsaka til innlegging i kommunale øh- senger. Det er tidligare utarbeida eit tungpustforløp i den akutte fasen med utgangspunkt internt i Helse Bergen. Det var no ynskjeleg å få på plass eit meir heilskapleg forløp frå sjukdom oppstår til pasienten er heime eller tilbake på institusjon igjen, som også inkluderer dei kommunale øh- sengene. Ei faggruppe med personar frå dei aktuelle kommunane, Lungeavdelinga, Medisinsk avdeling, Akuttmottak og FOU avdelinga og vart oppretta for å utarbeide eit slikt forløp.
Deltakarar i prosjektgruppa: 4 Birger N. Lærum, Overlege, Lungeavd., Helse Bergen, Leiar av gruppa Stein Inge Stigen, Kommuneoverlege, Fjell kommune Ingrid Rebnor, Legevaktsjef, Fjell kommune Svein O. Halvorsen, Kommuneoverlege, Sund kommune Kristin Haukeland, Leiar heimetenester, Os kommune Tobias Nieber, Sjukeheimslege, Fjell kommune Trine Langeland Skogheim, Spesialsjukepleiar Samnanger Kommune Camilla Hovig, Kommunelege, Fusa Trond Bruun, Overlege, Medisinsk avdeling, Helse Bergen Merete Eide, sjukepleiar, Akuttmottak, Helse Bergen Kristin Mestad, sjukepleiar, Lungeavdelingen, Helse Bergen Hege Cecilie Sørby, Ass. Avd. sjukepleiar, Med avd., Helse Bergen Kjersti Nordanger, Rådgjevar FOU avd, Helse Bergen Pål Ove Vadset, seksjonsleiar, FOU avd, Helse Bergen Ingebjørg Laupsa Halstensen, FOU avd, Helse Bergen (sekretariat) Organisering av prosjektarbeidet Målet med prosjektet har vore å etablere eit forløp for pasientar med tungpust eller pneumoni, som skal nyttast til bruk ved dei døgnkontinuerlege kommunale øh- sengene. Mandat for gruppa: 1. Definere pasientgruppa for forløp for pasientar med tungpust eller pneumoni (dvs. inklusjons- og ekslusjonskriterier). 2. Kartlegge dagens forløp frå symptom oppstår til pasienten er heime igjen med tanke på moglege forbetringar - sett i lys av eigne, nasjonale og/el. internasjonale erfaringer (ift. diagnosegruppe, prosess, bruk av måltall, praktiske erfaringar, etc.) 3. Definere eit sett måltal for forløpet. 4. Designe eit nytt pasientforløp for pasientgruppa frå symptom oppstår til pasienten er heime igjen. 5. Beskrive og analysere konsekvensar av foreslåtte tiltak under pkt. 4 6. Utarbeide forslag til implementeringsplan inklusiv organisering av forløpsgruppe 7. Ferdigstille arbeidet innan 2012 Møteverksemd Gruppa hadde tre arbeidsmøter; eit i januar, eit i februar og eit i mars 2012. På eit oppsummerande møte i juni diskuterte gruppa dei praktiske erfaringane frå Fjell og Sund kommune, samt inkludering av andre aktuelle pasientgrupper for ØH sengene. I tillegg har gruppa hatt to møter hausten 2012 og eit møte tidleg på vinteren 2013
knytt til utarbeiding av opplegg for monitorering og evaluering av dei kommunale øh- sengene. 5 Definisjon av pasientgruppe Prosjektgruppa definerte at forløpet for pasientar med tungpust skal omfatte pasientar med mistanke om/symptomar på pneumoni og eller kols. Ein vil på eit seinare tidspunkt kople på forløp for pasientar med lungeemboli og hjertesvikt, som ein del av forløpet for pasientar med tungpust. Kreftpasientar vil i denne omgang ikkje vere aktuelle. Gruppas arbeid Medisinske kriterier må nyttast for avklaring av kva nivå pasientane skal behandlast på, men kva slags kriterier skal nyttast, korleis skal dei nyttast og av kven? Slike spørsmål har gruppa arbeidd mykje med for å sikre ein god pasientflyt jfr. figuren under Gruppa har kartlagt dagens forløp, og avklart kor ein kan forbetre dette. Eit av dei største forbetringspunkta gjeld KOLS- pasientar, som heilt klart kan profittere på å etablere ein plan ved forverring og gjere den godt kjent for aktuelle aktørar på ulike nivå i helse- tenestene. Det kan førebygge mange innleggingar på sjukehus, og gir eit langt betre forløp for dei aktuelle pasientane. Skisse tungpustforløp vedlegg 1 Sidan øh- sengene er eit nytt tilbod har det vore mest naudsynt å sjå på korleis dette tilbodet skal innlemmast i eit heilskapleg forløp for pasientane, og prosjektgruppa har difor brukt mest tid på den akutte fasen og korleis ein kan finne rett behandlingsnivå for pasientane. Me har sett spesielt sett på kva kriterier som kan nyttast i vurderinga av pasientens tilstand. I tillegg har gruppa avklart kvar i forløpet ein må avklare behandlingsnivået. Observasjonsmålingane som skal gjerast ved dei kommunale øh- sengene, skal monitorerast gjennom heile akuttforløpet for å kunne følgje utviklinga hjå pasienten. Etablerte scoringsverktøy for pneumoni (CRB65 score) og lungeemboli (modifisert Wells score) er døme på standardisering av medisinsk
vurdering (vedlegg 2). Ernæringsscreening kan også vere eit godt verktøy å nytta for desse pasientane (vedlegg 3). 6 I tillegg er det utvikla eit eige scoringsverktøy for innlegging i ØH seng som vert omtala lengre ute i rapporten (vedlegg 4). Verktøy, utstyr og prøver for vurdering Fylgjande verktøy, utstyr og prøver er aktuelle for vurdering av pasientane i forløpet: CRB 65 score (vil bli innlemma i Infodoc) Modifisert Wells Score (vil bli innlemma i Infodoc) Sjekkliste for innlegging av pasient til kommunalt øh- tilbod (vil bli innlemma i Infodoc) Pulsoksymeter Sjå og generell utstyrsliste i særavtalane for kommunale ØH senger U- stix brukes på alle over 65 år (om neg ok, elles like langt) Aktuelle blodprøvar: CRP, LPK, diff (om utstyr), Hb. Prosjektgruppa anbefaler å nytta HB og CRP i første fase, i neste fase celleteller. TroponinT for å vurdere evt. kardial isjemi (hjarteinfarkt) har liten verdi ved kort sjukehistorie, har først verdi etter 6 timar. Maskin og utstyr for arteriell blodgass ble diskutert, men reiser for store utfordringer både ifh investering, vedlikehold, prøvetaking som kan være komplisert og risikabelt samt tolkningsproblemer. Scoringsverktøy for innlegging i kommunal øh- seng Gruppa utarbeida fyrst eit scoringsverktøy tilpassa KOLS og pneumoni, men etter oppstart av ØH- sengane i Fjell og Sund kommune frå mai i 2012 såg ein at fleire andre sjukdomsgrupper og ville vere aktuelle å score, med tanke på kor alvorleg situasjonen er for pasienten. Samstundes arbeida ei gruppe i akutttmotaket (AKM) med eit nytt scoringssystem for vurdering og prioritering av akuttpasientane. I samarbeid med denne gruppa (Triageprosjektet) ved Haukeland universitetssjukehus, vart scorings- verktøyet for øh- senger utvida og tilpassa det nye triagesystemet. Dei objektive kliniske måla og semikvantitive vurderingane i scoringsverktøyet baserer seg på anbefalte kliniske rutinar (blodtrykk, puls, pustefrekvens, temperatur m.m). Scoringsverktøyet har som mål å trygge pasientane ved at vitale mål vert registrert for å vurdere om pasienten er eigna til ei øh- seng eller må innleggast i sjukehus. Verktøyet er meint som eit støtteverktøy og skal supplere det kliniske skjønn. Samstundes vil gjentatt måling etter ei gitt observasjonstid gje verdifull informasjon om tilstanden forbetrast eller forverrast. Ei låg scoring tyder på at pasienten kan reise heim, ei middels score tyder på behov for øh- seng og ei høg score peikar mot sjukehus- innlegging.
Prosjektgruppa vil understreke at klinisk skjønn overprøver ein kvar scoringssum. Scoringsverktøyet er ikkje validert, og prosjektgruppa vonar derfor at det kan takast aktivt i bruk, slik at ein får nok erfaring med verktøyet til at det kan validerast. Siste versjon av scoringsverkøyet ligg i sjekkliste for innlegging i ØH seng (vedlegg 4), og vil også innlemmast som ein del av Infodoc. 7 Gruppa foreslår følgjande arbeidsprosess knytt til forløpet: Innleggande lege stiller arbeidsdiagnose, og gjer ei klinisk vurdering ved hjelp av «sjekkliste for innlegging i kommunal øh- seng» for å vurdere om pasienten er eigna for kommunal øh- seng. Dersom innleggande lege ikkje har «sjekkliste for innlegging i kommunal øh- seng» tilgjengelig, går innleggande lege og sjukepleiar ved øh- sengene gjennom dette saman på telefon og sjukepleiar fyller ut sjekklista. Innleggande lege vurderer mistanke om alvorlig pneumoni ved hjelp av CRB 65 score, og evt. mistanke om lungeemboli ved hjelp av modifisert Wells Score. Innleggande lege ordinerer behandling og overvaking ved hjelp av «sjekkliste for innlegging i kommunal øh- seng» Sjukepleiar tek imot pasienten og nyttar sjekklista og scoringsskjemaet i oppfylginga av pasienten, og i dialogen med tilsynslege. Scoring utføres ved endring av pasientens tilstand, og nyttast evt. også som grunnlag for sjukehusinnlegging. Scoring vert gjentatt seinast ved utreise, evt. i samarbeid med tilsynslege Dei vitale parametrane må uansett nyttast for å angi hastegrad ved mottak i AKM. Informasjon Informasjonsflyt er ein nøkkelfaktor i forløpet. Dette gjeld både informasjonsflyt mellom fastlege, legevakt, PLOMS og sjukehjem, samt informasjon på tvers av behandlingsnivåa (spesialisthelseteneste, kommunehelseteneste). I påvente av betre elektroniske løysingar bør informasjonskonvolutt med sjekkliste utvikla i prosjektet «Trygg overføring» nyttast ved utskriving (vedlegg 5). Trygg overføring er eit prosjekt mellom Helse Bergen og Bergen kommune med mål om å sikre informasjonsflyten mellom nivåa. Informasjonskonvolutt med sjekkliste vert det arbeidd vidare med for å tilpasse meldingsløftet, og vert brukt i papir til ny elektronisk løysing er på plass. For pasientar i sluttfasen av livet er det viktig å avtala kva tiltak som skal verksettast ved forverring. Når skal ein pasient i sluttfasen av livet med ein avklart diagnose og prognose til dømes ikkje intuberast? Dette bør nedfellast skriftleg og alle partar (også pårørande) må kjenne til ein slik avtale/kriseplan.
Kommunikasjon 8 Det skal vere mogeleg for lege og sjukepleiar ved ØH sengene å ha telefonkontakt med relevant kompetent helsepersonell i Helse Bergen HF på døgnbasis. Helse Bergen legg til rette for dette innafor eksisterande driftsform (vedlegg 6). Elektroniske løysinger Dei samarbeidande aktørane nyttar fylgjande elektroniske pasientjournalar: DIPS, InfoDoc, CosDoc. I tillegg nyttar andre kommunar og lækjarar ProfDoc, SystemX, Gerica, Profil m.fl. Sjølv om det vart testa ulike tilnærmingar for å sende naudsynt informasjon elektronisk, lukkast dette ikkje pt. I Infodoc vil ein likevel søkje å inkludere blant anna «sjekkliste for innlegging i kommunal øh- seng», CRB 65 score og modifisert Wells score. Innan få år vil likevel Meldingsløftet, MinJournal, Kjernejournal og betre EPJ gi moglegheit for slik integrasjon. Kompetanse ØH sengene skal vera bemanna med lege med allmennmedisinsk generell kompetanse og erfarne sjukepleiarar. Det er etablert ordningar som sikrar at ein kan lære av kvarandre (øh senger og sjukehus). Sjukehuset har etablert ei opplærings- /hospiterings- ordning for legar og sjukepleiarar som skal arbeide ved øh- sengene (vedlegg 7a og b). Ordninga vert kontinuerleg justert ut frå erfaringar og tilbakemeldingar. I august 2013 arrangeras fagdagar for sjukepleiarar (vedlegg 8) Evaluering Når øh- sengene er etablert i dei ulike kommunane må me sikre at tilbodet vert systematisk fulgt opp og evaluert. Slik kan vi sikre eit godt kunnskapsgrunnlag å byggje vidare på. Det vart difor starta opp eit samarbeidsprosjekt mellom dei tidligare nevnte kommunane og Helse Bergen for å evaluere og monitorere tilbodet om bruken av dei kommunale øh- sengene. Monitoreringa og evalueringa tek utgangspunkt i ei undersøking av pasientanes erfaringar med øh- sengene (vedlegg 9), samt eit minste basis data sett (vedlegg 9). Det er også eit mål å validere sjekklista for innlegging til dei kommunale øh- sengene med tanke på scoring av pasientane. For å etablera dei veiledande scoringsgrensene i «sjekkliste for innlegging i kommunal øh- seng» fekk leiar av prosjektgruppa nytta pilotstudien med 83 pasientar for hastegrad i AKM. Antalet pasienter med svært lav hastegrad tilsvarer eit større antal som også eigner seg godt til kommunal ØH- seng. Driftsgrupper samansett av fagfolk frå både kommunar og sjukehus vil også jamleg vurdere registreringar og statistikk. Det er utarbeida mandat for driftsgruppene (vedlegg 11). Scoringsverktøyet gir, dersom det nyttast, ein god og objektiv basis for å evaluere pasientflyt, alvors- og hastegrad i drifta av kommunale ØH- senger.
9 Oppsummering I samarbeid mellom kommunane Fjell, Sund, Os, Fusa og Helse Bergen er det i prosjektgruppa utarbeida eit konkret, heilskapleg forløp for pasientar med tungpust eller pneumoni med sjekklister og scoringsverktøy. I arbeidet med prosjektet og særlig etter start av dei kommunale øh- sengene i Fjell og Sund utvida gruppa «sjekkliste for innlegging i kommunale øh- senger» til å omfatte alle pasientar som er aktuelle for kommunale øh- senger. Ein potensiell risiko med å flytta undersøking og behandling ut frå sjukehus til kommunalt nivå kan reduserast og kontrollerast ved å nytta godt klinisk skjønn, eit minimum av utstyr og samstundes - og ikkje minst - systematisera måling av vitale parametere som angitt i scoringsverktøya. Gruppa har vist til utfordringar med informasjonsflyt gjennom dei ulike nivåa og anbefaler ei snarlig løysing på manglande elektronisk kommunikasjon. Som ei mellombels løysing er det innført ein standardisert informasjonskonvolutt. Fortløpande evaluering er naudsynt etter kvart som fleire kommunar får erfaring med drift av øh- senger, særlig av omsyn til pasienttryggleik, samarbeid på tvers av nivåa, men også for informasjon om pasientgrunnlag og økonomi. Oversikt over vedlegg: 1. Skisse tungpustforløp 2. Validert scoringsverktøy: CRB65 score (pneumoni) og Modifisert Wells score (lungeemboli) 3. Ernæringsscreening 4. Sjekkliste og scoringsverktøy for kommunal ØH- seng 5. Informasjonskonvolutt 6. Kommunikasjonsrutinar 7. Hospitering (a) og Kompetanseplan (b) 8. Fagdagar for sjukepleiarar 9. Undersøking av pasientanes erfaring med øh- sengene 10. Minste basis data sett 11. Mandat for driftsgrupper ved øh- sengene
10 Vedlegg 1. Flytskjema heilheitleg tungpustforløp Palleativ eining Sykehus AKM Sykehjem/ Intermediær Symptom Scoringskriterier ØH plassering Scoringskriterier ØH plassering Korttidsplass Kontakt med: Ploms Fastlege Legevakt Kommunale øh-senger Rehabiliterings opphald Heim m / el utan PLOMS Friskliv og mestring Lokal rehabilitering / fysioterapi KOLS / Diabetes team osv Dei gode dagane Andre tiltak (NAV) Fastlege PLOMS
Vedlegg 2. CRB65 score Poengscoring Pasientens score Konfusjon Nei=0 Ja=1 Respirasjonsfrekvens 30 Nei=0 Ja=1 Systolisk blodtrykk < 90 eller diastolisk < 60 Nei=0 Ja=1 Alder 65 år Nei=0 Ja=1 Alvorlighetsgrad pneumoni Mild=0-1, Moderat=2, Alvorlig >2 SUM Modifisert Wells score Poengscoring Pasientens score Kliniske symptomer på DVT: hevelse i legg og palpasjonsømhet av leggvener Nei=0 Ja=3,0 Ingen alternative diagnoser forklarer sykdommen bedre Nei=0 Ja=3,0 Hjertefrekvens > 100/minutt Nei=0 Ja=1,5 Immobilisering ( 3 dager) eller kirurgi siste 4 uker Nei=0 Ja=1,5 Tidligere DVT eller lungeemboli Nei=0 Ja=1,5 Hemoptyse Nei=0 Ja=1,0 Malignitet (behandling innen 6 mndr eller palliasjon) Nei=0 Ja=1,0 Sannsynlighet for lungeemboli Liten <2, Moderat 2-6, Høy >6 SUM
Vedlegg 3.
Vedlegg 4. Sjekkliste for innleggelse kommunal ØH- seng (versjon 1.1) Innleggelsesdato Klokkeslett for innleggelse Innlagt fra sjukeheim e- post Tlf Faks Personalia Pårørende Etternavn Etternavn Fornavn Fornavn Fødselsnummer Tlf Adresse Innleggende lege Tlf Fastlege Tlf Hoveddiagnose Bidiagnoser CAVE: Husk å sende med: Medikamentliste, vaktnotat fra legevakt, tidligere sykdommer Innleggelseskriterier Alle må oppfylles: Kryss Minst en av følgende oppfylles: Kryss Forventet liggetid < 72 t: Behov for overvåkning: Henvist fra lokal legevakt, Behov for admin. av medisiner: fastlege, tilsynslege: Behov for væskebehandling: Sannsynlig at lokale tiltak Behov for smertelindring: kan bedre situasjonen: Annet: Alder > 18 år: Annet: Ikke akutt rus: Ikke mistanke myokardinfarkt: Ikke mistanke hjerneslag: Ikke gravid: Ikke bevisstløs: Ikke akutt psykotisk: Scoringsverktøy NB: Klinisk skjønn overstyrer sum og rød/orange hastegrad innlegges alltid Inn Ut Respirasjons rate/min. RR 9-20 0 RR 21-29 1 RR<9 el. >29 2 Oksygenmetning (NB: KOLS) SpO2>95% 0 SpO2 90-95% 1 SpO2<90% 2 Puls 51-90 0 41-50 el. 91-110 1 <41 el. >110 2 Systolisk BT 101-199 0 81-100 1 <81 el. >199 2 Allmenntilstand God 0 Noe redusert 1 Dårlig 2 Temperatur 36-38 0 38-39,1 1 <36 el. >39,1 2 Skade(-r)/smerter Ingen 0 Middels 1 Store 2 Pleiebehov Ikke 0 Hjelp i stell 1 Stort 2 Klinisk kjemiske prøver (avvik) Ingen 0 Moderat 1 Alvorlig 2 Forslag plassering: Hjem 0-2, ØH-seng 3-4, Sykehus >4 Sum
Vedlegg 5.
Vedlegg 6. Telefonkontakt frå kommunal ØH seng til sykehuset Det er alltid lege ved kommunal ØH seng som har ansvar for overvaking og behandling jamfør avtale om kommunale ØH senger Telefonkonferering På bakgrunn av inngått avtale skal konferering foregå slik: Vaktlækjar på kommunal eining kan ved behov for konferering om pasient ta kontakt med telefonsentralen ved Haukeland universitetssjukehus (tlf 55975000) og bli sett over til bakvakt eller A- vakt. På kvardagar er bakvakt tilgjengelig på sjukehuset frå kl. 08.00 20.00, på laurdag frå kl. 08.00 17.00 og sundag frå kl. 09.00 15.00. Utanom desse tidar er A- vakt og ansvarlig LIS tilgjengelig på sjukehuset, eller evt. bakvakt på heimetelefon via kontakt med telefonsentralen. Sjukepleiar på kommunal eining skal ved behov for konferering om praktiske og sjukepleiar- faglige spørsmål, ta kontakt med telefonsentralen ved Haukeland universitetssjukehus (tlf 55975000) og bli sett over til sjukepleier på aktuell sengepost.
Vedlegg 7a. Hospitering i Helse- Bergen i samband med etablering av ØH døgntilbod Kva er hospitering? Hospitering er å forstå som ein tidsavgrensa, målretta og strukturert praksis i spesialisthelsetenesta eller i ei kommunal teneste. Hospiteringa skal som eit minimum omfatte observasjonspraksis, praksisrettleiing, teoretisk undervising og dokumentasjon av innhald. Føremål med hospitering: Auka kompetanse gjennom kunnskapsutveksling og innsikt i ulike fagområde Betre samhandling mellom sjukehus og kommunar ved å gje helsepersonell auka kunnskap om arbeidsfelt og kompetanse. Sikre kontinuitet og fagleg god kvalitet i tenestetilbodet Bygge faglege nettverk og kontaktpunkt mellom helsepersonell på ulike nivå Satsingsområde i samband med etablering av ØH døgntilbud, jf særavtalar Satsingsområda i særavtalane: Tungpust Infeksjonar Smertelindring Væsketerapi. Observasjons og vurderings og handlingskompetanse, prosedyrekunnskap, handtering av medisinskteknisk utstyr og HLR.
Kva kan vi tilby? Helse- Bergen kan tilby hospitering frå 3 dagar til 2 veker på lungeavdeling, infeksjonsavdeling, akuttmottak / akuttmedisinsk seksjon og observasjonspost. I tillegg kan vi legge opp andre løp etter kommunane sine behov og læringsmål. Søknad om hospitering? Dersom helsepersonell ønsker å hospitere i Helse- Bergen, sender ein søknad til FOU avdelingen ved rådgjevar Helen Koldal, e- post: helen.koldal@helse- bergen.no. Link til søknadsskjema I søknaden fyller ein ut læringsmål og fokusområde for hospiteringar, kva avdelingar ein ønsker å hospitere på og lengde på hospitering. Søknaden må godkjennast av næraste overordna. Helse- Bergen gjer ei vurdering av søknaden og sender tilbakemelding til søkjar. Dersom søkjar får innvilga hospitering, sender vi ut program for hospiteringa, informasjon om kontaktperson i avdelingen, oppmøtetidspunkt og anna praktisk informasjon. Hospitanten fyller ut arbeidsavtale for hospiteringsperioden i Helse- Bergen.(link) Læringsmål og kompetanseområde på avdelingane: Lungeavdelingen: Vurdering av respirasjon/tungpust Frekvens, rytme, dybde, besvær, hjelpemuskler, lyder Aktivitet, tale, hvile O2- metning Cyanose Hoste, ekspektorat O2- behandling Katetre, masker Fukting Forsiktighetsregler
Aktivitet / energiøkonomisering Tilrettelegging av aktivitet i forhold til dagsform, døgnvariasjon, medisinbruk Hjelp, veiledning, støtte, hjelpemidler Ernæring ved KOLS/lungesykdom Ernæringsscreening Kostplan Tilrettelegging av måltider Forebygge aspirasjon Angst Være til stede, opptre rolig og sikkert Pustelettende tiltak Øke mestringstgraden Evt administrere medikamenter Mestring og sykdom Opplæring av pasient og pårørende Hjelp, veiledning, støtte og oppmuntring Inhalasjonsbehandling Medikamenttyper, virkning/bivirkning, retningslinjer for administrering o Anfallsmedisin, forebyggende medisin, kombinasjonspreparater, slimløsende medikamenter Administrasjonsmåter o Spray evt med kolbe, pulver, forstøver Behandling med Bricanyl sc/iv og Aminophyllin iv Virkning/bivirkning Retningslinjer for tillaging og administrering Antibiotikabehandling iv Virkning/bivirkning Retningslinjer for tillaging og administrering End of life; HLR, Respirator pluss eller minus
Infeksjonsavdelingen: Monitorering av inneliggende pasient Utvikling / endring i symptombilde Dokumentasjon Sepsisrutiner Isolasjonsrutiner Antibiotika, væskebehandling; blanding, administrering og virkning/bivirkning CVK; indikasjon, stell, håndtering Rutiner omkring ernæring Akuttmottak/ akuttmedisinsk seksjon: Informasjon om hastegrad, korleis og kva observerer vi? Korleis vurderer vi observasjonar og korleis vert pasienten prioritert. Dokumentasjon av vitale parametre Fokus på tungpustpasient i Akuttmottak. Gå sammen med sykepleier. Informasjon om tungpustforløpet. Mottak av 1-2 pasienter Observasjonspost: Monitorering av inneliggende pasient Utvikling / endring i symptombilde Dokumentasjon Antibiotika, væskebehandling; blanding, administrering og virkning/bivirkning Legevisitt
Vedlegg 7b. Fagdager, kurs og hospitering i Helse- Bergen i samband med ØH døgntilbud i kommunane i Hordaland 2013 Kompetanseområde Metodikk Målgruppe Tidspunkt Tungpust Dialog i smågrupper med spesialist * Fastlegar og LV - legar Etter innmeldte tema frå driftsgrupper Hospitering 3 14 dagar lungeavd. Undervisning i kommunar Sjukepleiarar og legar Sjukepleiarar og legar og behov Etter søknad Etter forespørsel Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. august 2013 Kurs i lungesjukepleie Sjukepleiarar 2. 6. desember 2013 Infeksjonar Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. Hospitering medisin 5 Vest og medisin 6 Sårkurs E- læringskurs: Smittevern Sjukepleiarar Sjukepleiarar og anna helsepersonell august 2013 Etter søknad 6. 7. juni 2013 Etter behov, kurs tilgjengeleg
til ei kvar tid Smertebehandling Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. august 2013 Palliativ fagdag Sjukepleiarar 22.10 23.10.2013 Tverrfagleg kurs i Legar og 4.- 5. 11.2013 smertebehandling sjukepleiarar Væsketerapi Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. Observasjon, vurdering og prioritering Prosedyrekunnskap - MTU - blodprøvetaking - venflon - SVK - veneport Hospitering E- læringskurs: Væsketerapi Legar og sjukepleiarar august 2013 Etter søknad Etter behov, kurs tilgjengeleg til ei kvar tid Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. august 2013 Hospitering akuttmottak / observasjonspost Legar og sjukepleiarar Etter søknad Fagdagar Sjukepleiarar 29. 30. august 2013 Hospitering Sjukepleiarar Etter søknad og legar Undervisning i kommune Sjukepleiarar og legar Veke 39 og etter forespørsel *Smågrupper er samansett av spesialist i sjukehuset og fastlegar / legevaktslegar frå kommunane. Hensikten er undervisning og dialog rundt relevante tema som vert innmeldt frå kommunane, eller som spesialisthelsetenesta ser behov for, for å nå målsettingane i samhandlingsreforma. Smågruppene vert organisert via PKO ordninga.
Andre E- læringskurs tilgjengeleg for kommunane: Barn som pårørende Brannvernteori DIPS elektronisk pasientjournal Mattrygghet for pasienten Kunnskapsbasert praksis Legemiddelhåndtering, inkl test for leger og sykepleiere Meldekultur Nyansatt Pasientrettighetsloven kap 4A Samtykke til helsehjelp Tolk i helsetjenesten
Vedlegg 8. Fagdagar ØH døgntilbud 29.- 30.august 2013 Helse- Bergen Målgruppe: Sjukepleiarar Dag 1-29. august Tidspunkt 6 timer Undervisningssenteret - Klasserom 2 9:00-09.10 09:10-10:15 10:30-11:15 11:15-11:45 11:45-12:30 12:30-13.15 13.30-15:00 Introduksjon ved Helse- Bergen Vurdering og prioritering av pasient - sjekkliste ved kvalitet- og utviklingskoordinator, sjukepleiar Merete Eide Overvåking / monitorering av pasient ved overlege anestesi Rune Aalvik? Den eldre pasienten Lunsj Intravenøs væskebehandling,dehydrering ved overlege Bård Heradstveit Smertebehandling ved seksjonsoverlege Tone Høivik, smerteklinikken? 1500 Slutt Tidspunkt Dag 2 30. august 08:30 09.30 0945-1045 11-12 Pasientar med infeksjonssykdom og sepsis ved overlege Steinar Skrede Observasjon, iv antibiotikabehandling, sykepleietiltak ved spl KOLS behandling ved overlege Birger Lærum Observasjon, sykepleietiltak ved lungespl Kristin Benedic Knudsen Hjertesvikt ved lege og spl Observasjon, behandling, sykepleietiltak 12 1245 Lunsj 12.45 15.30 Parallellsesjoner Prosedyrekunnskap MTU (infusjonspumpe, monitor, blærescanner, EKG apparat, pariapparat) ved spes.spl Hege A Amofah Blodprøvetaking hurtigtestar Innlegging av venflon prosedyre, observasjoner og sykepleietiltak Stell av SVK og veneport- observasjoner, sykepleietiltak v/ intensivsjukepleiar Elisabeth Øksland
Vedlegg 9.
Hvis nei
Hvis ja, (sjølvstendig eller i samråd)
Her havner også direkte de som oppgir grunn >l at pasienten ikke har svart.
Vedlegg 10. Fødselsnummer Person Kjønn Sivilstatus Bostedskommune MINSTE BASIS DATASETT (MBDS) Kontakt Inn dato Inn klokkeslett Henvist fra Inn fra Inn- score Ut dato Ut klokkeslett Ut til Ut- score Årsak til overføring til sykehus Helseproblem Behandling/intervensjon Videre oppfølging Kontaktårsak/diagnose Behandling/intervensjon Kommunal tjeneste Individuell plan?
Vedlegg 11. Godkjent av: Dokumentansvarleg: Dokumentdato: Dokumentversjon: Helse Bergen, X Driftsgruppa 201 1 kommune/ar Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald driftsgruppa sitt mandat Bakgrunn Kommunestyra i X kommune/ar har godkjent etablering og drift av strakshjelp/øyeblikkeleg hjelp døgnopphald og har inngått samarbeidsavtaler (særleg tenesteavtale 4 og særavtale til denne) etter helse- og omsorgstenestelova 6-2 nr. 4, jamfør 3-5, 3. ledd med Helse Bergen HF. Særavtalen stiller krav om at partane i avtalen skal etablera ei felles driftsgruppe med helsefaglege representantar frå kommunane og frå Helse Bergen HF. Samansetting av driftsgruppa Frå kommunen/ane (dette må tilpassast det aktuelle tilbodet. Kven og kor mange representantar vil avhenge av kva organisering som er valgt, vertskommunemodell el.l.): Leiar eininga der ØH sengene er lokalisert 1 helsefagleg representant for legevakt og fastlegar 1 helsefagleg representant frå X kommune 1 helsefagleg representant frå Y kommune Frå Helse Bergen 2 representantar, minst ein av dei helsefagleg Det er eit sterkt ønskje at same person møter fast i driftsgruppa som representant for vedkomande instans. Det skal også nemnast opp ein fast vara for kvar av representantane som kan stille opp i dei tilfella der det ikkje er mogeleg for den faste representanten å stille. Dersom det er trong for spesiell kompetanse i samband med drøfting av einskilde problemstillingar eller retningsliner kan driftsgruppa opne for dette / be om slik representasjon. Driftsgruppa sitt ansvar og oppgåver Driftsgruppa er ansvarleg for å følgje opp og vidareutvikla tilbodet om strakshjelp / øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunen, og skal: - sjå til at samarbeidsavtalen(e) vert overhalden, mellom anna at sengene vert brukt til rett pasientgruppe, og følgja opp eventuelle avvik frå denne. - medverka til utvikling av prosedyrar og følgja opp korleis dei blir praktiserte. - sjå til at tilbodet får ein tenleg pasientflyt med god kapasitetsutnytting og kort liggetid på maks 72 timar. - medverka til god samhandling mellom Helse Bergen og døgntilbodet om strakshjelp / øyeblikkeleg hjelp. - medverka til å dela erfaring og kunnskap mellom sjukehus og kommune knytt til tilbod om
strakshjelp/øyeblikkeleg hjelp. - gå gjennom og medverka til lukking av meldte avvik. - vera ein arena for diskusjon av ulike spørsmål knytt til drifta av tilbodet og/eller tolking av tenesteavtalen og særavtalen for å avgjera eventuell usemje mellom partane, jamfør punkt i avtalen. - medverka til å overvaka og evaluera utvalde parameter for det kommunale tilbodet. Driftsgruppa skal kontinuerleg gje tydelege råd om naudsynte justeringar til dei som har ansvar for drifta. X kommune ved (feks. rådmann eller helsesjef) har det overordna ansvaret for drifta av tiltaket, medan det overordna medisinske ansvaret er lagt til ( feks. kommuneoverlegen). Desse to instansane vert ansvarlege for gjennomføring av dei råd driftsgruppa gir. Organisering Driftsgruppa møtest normalt ein gong i månaden, mens det i oppstartsfasen gjerne vil vera behov for oftare møte (t.d. kvar 14. dag). Gruppa vel sjølv leiar og sekretær (blant kommunane sine representantar i gruppa), og avgjer sjølv møtetid og møtestad. Dagsorden vert fastsett av leiar og driftsgruppa har ansvar for å få fram forbetringsområde, gjennomgå innkomne avvik og innhenta statistikk for avtala periode. Aktuelle saker blir sendt til leiaren før møtet. Følgjande parameter skal følgjast opp jamleg, og vert lagt fram for driftsgruppa: Belegg kl. 07.00 kvar dag Gjennomsnittleg liggetid, samt avvik frå avtalt liggetid Tal på innleggingar pr kommune fordelt på tilvisande instans. Tal på pasientar fordelt på diagnose inn og ut (ICPC) Tal på utskrivingar fordelt på sjukehus, eigen bustad, sjukeheim og sjukehus. Evt andre parameter som driftsgruppa ynskjer å følgja opp. Representantane sitt ansvar Kvar av representantane skal ta med seg eventuelle avvik inn i eigen organisasjon slik at dei kan lukkast på rett plass. Resultatet av dette skal meldast tilbake til driftsgruppa.