Utkast til strategi
|
|
|
- Ruth Ellingsen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 til strategi , v til strategi
2 til strategi , v Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga innan teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter for diagnostikk og behandling. Det er ei god utvikling. Samtidig veit vi at det blir knappare ressursar både når det gjeld pengar og helsepersonell i åra som kjem. Det gir oss utfordringar når vi veit at det blir ei stor auke i dei vanlegaste sjukdommane som kreft, psykiske lidingar og infeksjonar, og mange pasientar vil ha fleire sjukdommar samtidig. Helsetenestene skal medverke til god helse og livskvalitet, og bidra til at pasientane kan meistre eigen sjukdom. Pasientane skal få ei trygg, effektiv og likeverdig behandling med høg kvalitet når dei treng det. Vi må difor bruke ressursane vi har til det beste for pasientane, og gjere gode, berekraftige prioriteringar. Dei gode fagfolka, den gode klinikar, er berebjelken i arbeidet med å skape pasientane si helseteneste. For å lukkast i åra som kjem, må vi rekruttere, utvikle og behalde dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar. Som eit av fire regionsjukehus i Noreg vil vi vere ein pådrivar i utvikling av tenestane. Det betyr at vi vil være heilt i front innan sjukehusbehandling, særskilt når det gjeld våre regionale og nasjonale funksjonar, men også innanfor utdanning, forsking og innovasjon for å vidareutvikle diagnostikk og behandling. På bakgrunn av dei utfordringane som ligg framfor oss, har vi løfta fram fire tema i strategien: Pasientperspektivet, medarbeidarane, prioritering og forsking-innovasjon-utdanning. Innføring av teknologi og nye måtar å jobbe på er avgjerande for å kunne gi god pasientbehandling i framtida. Forbetringsarbeid er gjennomgripande i dette: Vi vil derfor utvikle ein kultur der medarbeidarar og leiarar saman med pasientane og deira pårørande forbetrar tenestene. I fellesskap skal vi utvikle sjukehuset med pasientperspektiv i alt vi gjer. Strategien er ikkje uttømmande på kva som skal skje i sjukehuset dei fire neste åra. Mål og tiltak skal peike ut ei retning. Meir utfyllande strategiar, og handlingsplanar i avdelingane vil bidra til å oppfylle måla. Pasientperspektiv i alt vi gjer Vi veit at mange av pasientane våre ønskjer å ta aktiv del i si eiga behandling, og at eigeninnsats gjer at dei opplever auka grad av myndiggjering og meistring. Det vil vi som sjukehus legge til rette for. For å forstå kva som er viktig for den einskilde pasient, vil vi lytte til pasienten og pårørande. God kommunikasjon er avgjerande for å gi pasientar helsetenester av god kvalitet, for å stimulere til eigeninnsats og gi ei realistisk forventning til kva sjukehuset kan levere. Erfaringane frå pasientane og deira pårørande gir verdifulle innspel til arbeidet med å forbetre tenestene. Systematisk bruk av tilbakemeldingar må derfor vere ein naturleg del av kvardagen på alle avdelingar. Helsetenester av god kvalitet betyr også at pasientane får trygge helsetenester som heng saman og er føreseielege. Dette handlar om samarbeid internt på sjukehuset, samarbeid med kommunehelsetenesta, andre sjukehus, avtalespesialistar og private helsetenestar. Vi vil derfor organisere arbeidet ut frå kva som er det beste for pasientane, uavhengig av avdelingar og tenestenivåa. Vi trur ny teknologi kan gi pasientane ei betre teneste, enklare kontakt med sjukehuset og frigjere tid til andre oppgåver.
3 til strategi , v Saman med pasientane skapar vi pasientanes helseteneste Kva har vi oppnådd innan 2022: Pasientane opplever at dei får god helsehjelp, blir høyrt og får informasjon som sikrar medverknad og myndiggjering Pasientane får helsetenester med høg kvalitet tilpassa deira mål og behov Pasientskader er redusert med minst 25 prosent innan 2022 Pasientane opplever samanheng i tenestetilbodet i sjukehuset og på tvers av tenestenivåa Standardiserte pasientforløp inkluderer minst 60 prosent av pasientane Ei klårare oppgåvedeling mellom sjukehus og kommunane innan habilitering eller rehabilitering Betre og tidligare hjelp til barn og unge med samansette behov Forbetra tenestetilbodet til storbrukerane slik at dei har mindre behov for sjukehusinnleggingar Det er sett i verk tiltak for å auke levealderen til pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom Haukeland universitetssjukehus er berebjelken i det høgspesialiserte tilbodet på Vestlandet Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Brukarerfaringar er ein fast del av arbeidet med å forbetre tenestene Vidareutviklar avvikssystemet og bruken av det for å identifisere og lære av feil Har tilgjengeleg og oppdatert informasjon til pasientar og pårørande som gjer dei i stand til å ta aktivt del i behandlinga Gir opplæring som del av forløpa og tar i bruk teknologi slik at pasientane er betre i stand til å meistre eigen sjukdom Vidareutviklar samarbeidet mellom fastlegar og sjukehuslegar for å betre forløpa til pasientane, og sikrar støtte for dette i IKT-systema Lagar standardiserte pasientforløp som sikrar samanheng i tenestetilbodet Vidareutviklar kompetanseoverføring og samarbeid med kommunehelsetenesta innan rehabilitering og habilitering
4 til strategi , v Styrkar det forpliktande samarbeidet og legg til rette for integrasjon mellom psykisk helsevern, rus og somatikk Sikrar likeverdig tilgang til somatiske helsetenester for pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom Utviklar forløp for pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester saman med kommunane Sikrar at storbrukarane får tilpassa behandling på rett nivå, basert på analysar av pasientgruppa og deira behov. Sikrar at nasjonale og regionale funksjonar er heilt i front når det gjeld diagnostikk og behandling Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar Sjukehuset er kjent for å gi behandling av høg kvalitet, og er blant dei fremste i landet innan fag og forsking. Denne statusen forpliktar, og er samtidig viktig for fortsatt klare å rekruttere og behalde dyktige medarbeidarar. Dei beste fagfolka ønskjer å jobbe i dei beste fagmiljøa. Vi meiner at eit godt arbeidsmiljø er prega av tillit, openheit og respekt. Det betyr at vi har opne prosessar når vi tar avgjersler som får betyding for sjukehuset og pasientane og respekt for kvarandre sin kompetanse. Slik byggjer vi tillit. Dette er også grunnlag for gode læringsmiljø der medarbeidarane utvekslar kompetanse og erfaring. Arenaer som legg til rette for kommunikasjon og samhandling internt på sjukehuset er nødvendig for involvering og gode arbeidsprosessar. Gode leiarar bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Gode leiarar visar veg i forbetringsarbeid. Det er derfor viktig å fortsette satsinga på å auke kompetansen hos leiarane, og legge til rette for at dei kan bruke tida si på dei rette tinga. Saman utviklar vi sjukehuset vårt
5 til strategi , v Kva har vi oppnådd innan 2022: Vi har medarbeidarar som trivast og er stolte av arbeidsplassen sin Vi møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og kompetanse Vi har leiarar som løyser oppgåvene i open dialog med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta Forbetringsarbeid er ein del av arbeidskvardagen for alle tilsette Medarbeidarar jobbar i team for å ivareta pasientanes behov Vi har frigjort tid ved å forenkle administrative system Regionsjukehuset tar initiativ til og deltek aktivt i faglege nettverk i regionen Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Utviklar kompetansen hos medarbeidarane og leiarane gjennom heile yrkeslivet Vidareutviklar leiarutdanninga i sjukehuset Vidareutviklar opplæring og trening i kommunikasjon og etikk Styrker medarbeidarane si rettleiingskompetanse for å sikre at vi er ein organisasjon der medarbeidarane lærer av kvarandre Styrker opplæringa i kvalitetsforbetring og HMS-arbeid Evaluerer arbeidsprosessane og forbetrar/forenklar der det er mogleg Utviklar og gjennomfører simulering og ferdigheitstrening i team Gjennomfører systematisk oppgåvedeling mellom faggrupper Vidareutviklar sjukehuset intranett med eit nytt verktøy for informasjonsflyt og samhandling Involverer medarbeidarar i utvikling av IKT system Prioritering Sjukehuset vil bruke dei ressursane samfunnet har stilt til disposisjon på ein best mogleg måte. For å få til dette, treng vi medarbeidarar og leiarar som er bevisste på behovet for prioriteringar på alle nivå i sjukehuset. God utnytting av ressursane betyr at vi ser på korleis vi har organisert det samla tilbodet vårt, både lokalt og i regionen. Det handlar om kor og korleis ulike tenester gis, korleis oppgåver og ressursar er fordelt i ulike deler av tenesta og i kva rekkefølgje vi gjer oppgåvene. Prioriteringar skjer også i medarbeidarane sin kvardag, der vi må sjå behovet til den einskilde pasienten opp mot behovet til dei mange. Pasientar skal vere trygge på at sjukehuset har ressursar til å gi helsehjelp av god kvalitet når dei treng det. Vi vil derfor identifisere og fjerne undersøkingar som ikkje gir verdi i behandlinga, overbehandling og tiltak som ikkje har dokumentert effekt. Slik sikrar vi at vi brukar ressursane på dei rette tinga. Vi har tru på å jobbe saman med kommunehelsetenesta og andre aktørar for å gjere felles prioriteringar. Vi ønskjer å vere opne om kvifor og korleis vi prioriterer. Dette er nødvendig for å få forståing både i og utanfor sjukehuset for vanskelege avgjersler. Ein slik openheit er også viktig for at pasientar, pårørande, medarbeidarar og samarbeidspartnarar skal kunne gi verdifulle innspel til prioriteringane.
6 til strategi , v Utan gode prioriteringar klarer vi ikkje å gi gode helsetenester til dei pasientane som treng det Kva har vi oppnådd innan 2022: Overdiagnostisering og overbehandling er redusert, og tiltak som ikkje har positiv effekt for pasientane er fjerna Bruken av breispektra antibiotika er redusert med 30 prosent innan 2019 og blir halde under dette nivået Betre samarbeid med kommunehelsetenesta og vi understøtter kvarandre sine prioriteringar Vi prioriterer regionssjukehusfunksjonane, jobbar i team og har ei tydeligare funksjonsfordeling med dei andre sjukehusa i regionen Akuttmedisinsk kjede er tydeleggjort i samspel med kommunar og dei andre sjukehusa i regionen Vi har ein trygg og sikker infrastruktur Brukstid på areal og utstyr er auka, tilpassa pasientane sine behov og støtter gode pasientforløp Gevinstar gjennom bruk av dei felles eigde regionale og nasjonale selskapa er tatt ut Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Aukar kompetanse og merksemd på prioritering Tar i bruk verktøy for avgjersler om prioritering Styrker kompetansen hos helsepersonell i å ta kliniske avgjersler Har open dialog om prioritering Bruker metodevurdering før innføring av nye metodar Tar i bruk ny teknologi i diagnostikk og behandling der dette gir betre utnytting av ressursane
7 til strategi , v Samarbeider internt og eksternt om tiltak for å hindre overdiagnostisering, overbehandling og dobbeltrekvirering Gjer systematiske samanlikningar med andre for å minimere uønskt variasjon Etablerer samarbeidsarena for sjukehusa i regionen for betre funksjonsfordeling til det beste for pasientane Kompetanse, kapasitet og infrastruktur blir systematisk gjennomgått for å sikre beredskap i sjukehuset tilpassa behovet for sikker drift Forbetrar mottaksmodellen for å frigjere kapasitet i dei høgspesialiserte tenestene Brukar logistikkompetanse for å forbetre arbeidsprosessane på tvers av einingar Medverkar i utviklinga av dei felles eigde regionale og nasjonale selskapa Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene Haukeland universitetssjukehus er eitt av fire regionsjukehus i landet. Sjukehuset skal vere leiande innan forsking, innovasjon og utdanning for å sikre at vi også i framtida fyllar rolla som hovudsjukehus i regionen. Dette krev god infrastruktur og tett samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartnarar mellom anna i næringslivet. Utvikling av helsetenestene er avhengig av både den spissa, høgteknologiske forskinga og dei små nyvinningane i dagleg innovasjon og kvalitetsforbetring. Nyskaping og utvikling av tenestene krev kompetanse innan forbetring, innovasjon og grunnleggande forskingsmetodikk. Spesialisthelsetenesta skal legge vekt på pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk og behandling. Forskinga skal vise kva nytte og kostnader ulike behandlingsmetodar har for å sikre gode prioriteringar. Eit viktig område for forsking og innovasjon er samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og korleis pasientane skal få heilskapelege tenester tilpassa sine behov. Sjukehuset er ein viktig arena for utdanning av helsepersonell. Måten vi legg opp utdanninga på, er med på å sikre at vi har helsepersonell som har kompetanse på forsking og innovasjon. Forsking, innovasjon og utdanning skapar framtidas helsetenester
8 til strategi , v Kva har vi oppnådd innan 2022: Talet på kliniske studiar av nye behandlingsformer er auka 20 prosent av forskingsmidlane er eksterne og 5 prosent av totalbudsjettet går til forsking Sjukehuset har det mest etterspurte utdanningsløpet for legespesialister i landet Betre samarbeid med utdanningsinstitusjonar som sikrar utdanning av viktige yrkesgrupper for sjukehuset Talet på innovasjonsprosjekt i sjukehuset er auka Haukeland universitetssjukehus ligg i front i forsking og er tildelt minst eit senter for framifrå forsking eller liknande Haukeland universitetssjukehus er som regionssjukehus pådrivar i samarbeidet med dei andre sjukehusa, kommunane og næringslivet i regionen Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Vidareutviklar samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å sikre riktig innhald og kapasitet i utdanninga av personell Utviklar, delar og utnyttar betre infrastrukturen til forsking og innovasjon mellom sjukehuset og samarbeidspartnarane Forbetrar synleggjeringa av forsking og innovasjon internt og eksternt Sikrar at pasientar bidrar i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt Legg til rette for gode utdanningsløp, gir legar i spesialisering moglegheit for praksis gjennom avdeling for internasjonalt samarbeid og opplæring i forskingsmetodikk Integrerer forsking og innovasjon i kliniske verksemd og utnytter potensialet i at denne er tverrfagleg Legg til rett for forsking og kompetansedeling ved at fleire kan arbeide både i sjukehus og universitet/høgskular Utviklar oss som lærebedrift og tilbyr praksis til ulike yrkesgrupper
9 til strategi , v.0.8.1
Utkast til strategi Strategi for Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Strategi for Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus 2017-2022 1 Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga i teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter for diagnostikk
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi
Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012
Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012 1 Utfordringane og målsettinga med arbeidet Det overordna
HELSE2030 HOVUDTEMA: Område 9 Medarbeidarskap
HELSE2030 HOVUDTEMA: Område 9 Medarbeidarskap Dato 14.06.2016 INNHALD 1 INNLEIING... 3 1.1 Gruppesamansetning... 3 1.2 Arbeidsform... 3 1.3 Kommentarar til dette arbeidet... 3 2 SAMANDRAG OG VURDERINGAR...
Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023
Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes
HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF
Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan
Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015
1 Regional plan habilitering og rehabilitering Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF oktober 2015 2 Regional plan for habilitering og rehabilitering Revidering av eksisterande regional plan frå
Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde
Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde Behov for ny kunnskap? Etterspurt kunnskap? Forskingsspørsmål? Gjennomførbart? Hvis ja på alle desse, kva hindrar oss då? Me blir stadig eldre (kilde
Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF
Om anbodssystemet innan rushelsetenesta Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF 1 Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane
Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane Nasjonalt toppleiarprogram Toril Taklo Nordfjordeid,18.
Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg
Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg Odd Søreide Fagdirektør, Helse Vest RHF NSH Jubilieumskonferanse, Haugesund 5. sept. 2007 Helse Sør-Øst nokre fakta 56 % av statlege overføringar
DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 14.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 020/2018
Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma
NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 18.03.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma ARKIVSAK:
Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest
Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest Grunnlaget for samhandlingsreforma Folkehelselova, Kommunal helse- og omsorgstenestelov
HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI
HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI 1 INNLEEING... 3 1.1 Rådmannen sitt forord... 3 1.2 Lov og forskrift... 3 2 ARBEIDSGJEVARSTRATEGI... 4 2.1 Etikk og samfunnsansvar:... 5 2.2 Politikk og administrasjon:...
Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise - 01.10.2013
Helse Førde Kompetanse og rekruttering Næringsreise - 01.10.2013 Region Helse Vest Om Helse Førde Helse Førde har ansvar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane Består av Psykisk helsevern, Kirurgisk
STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 ARKIVSAK: 2015/2352 STYRESAK: 123/15 STYREMØTE: 10.12. 2015
Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre
Utviklingsprosjekt: Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre Nasjonalt topplederprogram, kull 10 Mona Ryste Volda, april 2011 1. Bakgrunn og organisatorisk forankring for prosjektet
Strategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.
Samhandlingsreformen
Samhandlingsreformen Rett behandling - på rett stad - til rett tid Informasjon til Utvalet for helse og sosial i Skodje 11.11.09 Norge er eit av de land i OECD som brukar flest offentlege helsekroner pr.
Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde
Føretak for framtida Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Kvifor dette møtet? Orientere om arbeidet vi har starta med utviklingsplanar Ein utviklingsplan for verksemda Skal omfatte både somatikk og
Kommunikasjonsstrategi
Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK
Langsiktig mål for SSHF
for SSHF Kap: Tema: : Trygghet når du trenger det mest 6.1 Pasientens helsetjeneste - brukertilfredshet SSHFs pasienter medvirker aktivt i egen behandling og oppfølging 6.2 6.3 Pasientbehandling - faglig
colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene
colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene OVERORDNA SAMARBEIDSAVTALE 6.2 Samhandlingsutvalet Samansetning Utvalet består av fire representantar frå kommunane, fire representantar frå Helse
Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i
Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016
3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017
3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017 Fakta og bakgrunn Styresak Helse Vest 132/16 - Felles mål med delmål for risikostyring i Helse Vest
Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning
Tenesteavtale 7 Mellom XX kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning Innhald 1 Partar... 2 2 Bakgrunn og lovgrunnlag... 2 2.1 Avtalen byggjer på... 2 3 Føremål og verknadsområde...
RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY
RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY KVA ER INDIVIDUELL PLAN? Individuell plan er eit samarbeidsdokument. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester skal få utarbeidd ein individuell
Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell
Pakkeforløp psykisk helse og rus Forløpskoordinator-rolla Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell Pakkeforløp Pakkeforløpa er ein måte å organisere tenestane på, som skal sikre at alle har lik rett til
F O L K E H E L S E - H VA K A N S P E S I A L I S T H E L S E TJ E N E S T E N B I D R A M E D?
F O L K E H E L S E - H VA K A N S P E S I A L I S T H E L S E TJ E N E S T E N B I D R A M E D? Et mer helsefremmende samfunn Kostnader Fra reparasjon til forebygging - hvordan skal vi få det til? I
Region Nordhordland Helsehus
Region Nordhordland Helsehus Helsehuset brukarvenleg bærekraftig framtidsretta Forum for regionsenterkommunar 13.mars 2018 Anne Hildegunn Færøy, samhandlingskoordinator. Nordhordland Utviklingsselskap
St.meld. nr. 47 (2008 2009) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid
St.meld. nr. 47 (2008 2009) Samhandlingsreforma Rett behandling på rett sted til rett tid Lagt fram i statsråd 19. juni 2009 Fyresdal kommune, 26. november 2009 Ketil O. Kiland Tidlegare helseminister
STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:
Strategi Forord
Forord Distriktssenteret sin Strategi 2020 skal vere eit praktisk verktøy til inspirasjon i vårt daglege arbeid. Strategi 2020 skal sikre oss god retning og måloppnåing. På den måten kan lokalt utviklingsarbeid
Koordinerande einingar ( KE ), individuell plan ( IP ) og koordinator i Møre og Romsdal
Koordinerande einingar ( KE ), individuell plan ( IP ) og koordinator i Møre og Romsdal Handlingsplan 2017-2019 Formål Sikre at ansvar og oppgaver som er knyttet til koordinerende enhet(ke), individuell
STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 01.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Tilleggsdokument til oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet, dagsett
STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:
E K S V I S E A D M I N I S T R E R E N D E D I R E K T Ø R, H E L S E B E R G E N H F, A N N E S I D S E L F A U G S T A D
LEDELSE I SPESIALISTHELSETJENESTEN: SAMFUNNSOPPDRAGET, MULIGHETSROMMET, PRIORITERINGER E K S V I S E A D M I N I S T R E R E N D E D I R E K T Ø R, H E L S E B E R G E N H F, A N N E S I D S E L F A U
KVA ROLLE VIL KONTORANSATTE HA I FRAMTIDA? EIVIND HANSEN ADMINISTRERANDE DIREKTØR VED HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
KVA ROLLE VIL KONTORANSATTE HA I FRAMTIDA? EIVIND HANSEN ADMINISTRERANDE DIREKTØR VED HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS 1 Innhold i foilene: Mål /framtida for helsetenesta Kontoransatte som alle ansatte i
Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde
Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Landro, Sund kommune 1. Sund kommune, organisering rus
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017
1. Mål med samhandlingsreforma
1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til
«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde
«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde Samarbeidsprosjekt Helse- Førde Eid kommune Flora kommune Førde kommune Høgskulen på
Pasientens helseteneste
Pasientens helseteneste Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde Juni 2016 Pasientens helseteneste omfattar måten du som pasient får høve til å påverke behandlinga du
Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020
NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan
Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane
Pasientens helseteneste Helse Førde 2030 Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane Møte med Sogn regionråd 2. desember 2016 «Eitt sjukehus» fleire inngangar Vi tek utgangspunkt
Strategi Ny kunnskap ny praksis
Strategi 2024 Ny kunnskap ny praksis Visjon og slagord Visjon Leverer kunnskap som løyser samfunnet sine utfordringar. Slagord Ny kunnskap ny praksis Verdiane våre Lærande I tett samspel med samfunns-
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen
Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane
Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane 1. Bakgrunn Hausten 2004 starta Kreftforeningen seksjon Vest,
Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal
Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal Ålesund 3. mai og Molde 11. mai 2016 Utarbeida av samhandlingsavdelinga HMR HF v/ rådgjevar
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1 Planlagt behandling: Hovudutval for helse og velferd Hovudutval for skule- og barnehage Administrasjonsutvalet ORGANISERING
Strategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.7 29.05.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald
Vedteke i føretaksmøte 20.06.2016 Tilleggsdokument til styringsdokument 2016 Helse Stavanger HF Innhald 1 Innleiing... 2 2 Oppfølging av årleg melding 2015... 2 3 Oppfølging av Nasjonal helse- og sjukehusplan...
«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»?
«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»? NAV konferanse 26.10.2017 Administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret
Tenesteavtale 2 Partar Bakgrunn Føremål
Retningsliner for samarbeid knytt til innlegging, utskriving, habilitering, rehabilitering og lærings- og meistringstilbod for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar
Innovasjonsmetoden vår
Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte
Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid
Tenesteavtale 7 Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Innhald 1 Partar 2 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 2 2.1 Avtalen byggjer på 2 3 Formål og virkeområde
1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.
TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 15.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Felles risikostyringsmål for 2018 ARKIVSAK: 2017/1078 STYRESAK: 125/17 STYREMØTE:
Handlingsplan for formidling SV-fakultetet
1 Handlingsplan for formidling SV-fakultetet 2011-2013 1. Innleiing Handlingsplanen baserer seg på UiOs og SV-fakultetets strategiske plan 2020 1, og skal understøtte fakultetet sine strategiske prioriteringar
Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak
Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF
Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF 1 Innhold Velkommen som brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret (LMS)... 3 Begrep du vil møte... 3 Det
1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.
Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.
Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG
RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE
RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE Me ønskjer felles retningslinjer for bruk av Individuell Plan i Bømlo kommune for å skape føreseie og for å sikre mest mogleg lik behandling av tenestemottakarane.
STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 10.03.2017 SAKSHANDSAMAR: Berit Irene Haarklau SAKA GJELD: Styringsdokument 2017 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/948 STYRESAK: 020/2017
Utskriving innan psykisk helsevern/rus
Delavtale mellom XX kommune og Helse Førde HF Tilvising Utskriving innan psykisk helsevern/rus Avtale om tilvising utskriving innan psykisk helsevern/rus 1. Innleiing Delavtale om rutinar for tilvising
