Sogndal kommune Postboks 1 53 6851 SOGNDAL Vår dato: 12.11.2017 Vår ref.: 201707336-2 Arkiv: 323 Dykkar dato: 06.10.2017 Dykkar ref.: 17/2230-9 Sakshandsamar: Ole - Jakob Sande 1 Fråsegn til høyring og offentlig ettersyn - Detaljregulering Kløvhola - Naustområde - Sogndal kommune Viser til oversending datert 06.10.2017. Saka gjeld høyring og offentleg ettersyn av detalj regulering Kløvhola naustområde i Sogndal kommune. Føremålet med planframlegget er å leggje til ret t e for 8 naust med vegtilkomst og båtrampe. NVE har ikkje registrert at varsel om planstart i saka er sendt til oss, og vi har difor ikkje gitt innspel til planarbeidet. Slik vi les p landokumenta er det planar om tørrmuring og fylling i fjorden utover dagens fylling. Det går ikkje fram av risiko - og sårbaranalyse (ROS) om det er gjort vurderingar av stabilitet i grunnen før fylling. Det er etter NVE sitt syn ein vesentleg mangel ved plandokumenta. Vi rår kommune n til å sikre at det vert gjort vurderinga r av grunnforholda før planvedtak. Aktuelle kriteria vil vere tryggleikskrava i byggteknisk forskrift (TEK17) for planlagde tiltak, og konsekvensa r for tilgrensande areal ved eventuell utrasing som konsekvens av ustabile massar. Brigt Samdal regionsjef Ole - Jakob Sande senioringeniør Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Vedlegg: E - post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt - Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsv ege n. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen Postboks 2124 Postboks 4223 0301 OSLO 7075 TILLER 8514 NARVIK 3103 TØNSBERG 6800 FØRDE 2307 HAMAR
Side 2 Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Sogndal kommune Postboks 1 53 6851 SOGNDAL Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Jens Bremer Remø / 91 635473 1 7/1 44283-4 1 3.1 1.201 7 Uttale - Offentleg ettersyn Detaljregulering for Kløvhola - gnr. 1 1 bnr. 82 - Sogndal kommune 1. Statens vegvesen minner om at byggjegrenser vert måla frå vegmidte, ikkje frå vegkant (sjå reguleringsføresegn 4.3). Statens vegvesen krev at byggjegrensa skal vera minimum 2 meter frå gang - og sykkelvegens kant på austsida. Det vil seie ei byggjegrense på 11 meter frå vegmidte. Dette må kome fram i plankartet og føresegnene. Dersom gang - og sykkelvegen vert flytta til vestsida av vegen er ei byggjegrense på 9 meter frå vegmidte akseptabelt. 2. Statens vegvesen er positive til at det vert regulert gang - og sykkelveg i samsvar med sykkelplanen til Sogndal kommune ( strekning Loftesnes - Nes - Kvam). Det er ikkje presisert i sykkelplanen kva side av vegen det framtidige sykkelsambandet skal ligge på. Med omsyn til at busetnaden langs fylkesveg 55 i hovudsak ligg på «oppsida» av vegen (vestsida av Kløvhola), samt at hovuddelen av målpunkta i Sogndal sentrum også ligg på denne sida av vegen er det ynskjeleg at gang - og sy kkelvegen vert flytta til opp sida. Etter vår vurdering vil ei plassering av gan g - og sykkelvegen på vestsida i staden for austsida av fylkesveg 55 føre til færre kryssingar av vegen og dermed g je best trafikktryggleik og framkomst for brukarane. Statens vegvesen rår difor til at gang - og sykkelvegen vert flytt til vestsida av vegen. 3. Dersom gang - og sykkelvegen ikkje vert flytta i tråd med tilrådinga til Statens vegvesen, og vert liggande som i dag, må det regulerast inn frisiktlinje frå avkøyrsla til gang - og sykkelvegen i tillegg til den eksisterande frisiktlinja som er lagt inn frå Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost - vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Regnskap Postboks 43 Postboks 702 6861 LEIKANGER Org.nr: 971032081 9815 Vadsø
2 avkøyrsla til fylkesvegen. Siktkrava finn ein i Statens vegvesen si handbok N1 00 Veg - og gateutforming (figur E.31 ). 4. Innanfor frisiktlinje sør for avkøyrsla ligg det ein bygning. Dersom denne er sikthindrande i tråd med føresegn 7.1 må den regulerast vek k med eit kryss på bygningen i plankartet. Det same gjeld dersom gang - og sykkelvegen skal ligge der den er synt på plankartet, då må bygningen regulerast vekk med eit kryss i plankartet. 5. Syner til planomtalen kapittel 2.2 Innspel til oppstartsvarsel. Her står det at vegvesenet sine innspel vert tekne med fram mot 2. gongs handsaming. Vår uttale til oppstartsvarsel som ikkje er innarbeida i planen er repetert nedanfor. «Når det gjeld plangrensa ser vi at den er tenkt lagd i eigedomsgrensa tvers igjennom eit eksisterande naust. Vi kjenner ikkje bakgrunnen, men synest det er ei litt merkverdig løysing uavhengig av om det er meininga å la naustet stå eller tanken er å flytte eller rive det. Vi meiner gbnr. 11 /81 bør takast med i planområdet. Om naustet skal stå, bør det få parkering på 11 /82 sitt område og gangtilkomst derifrå. Dagens gangtilkomst med opning i veg rekkverket bør stengast/regulerast vekk. Vi reknar med at formålet med planen i utgangspunktet er avgrensa til å regulere naustområde med tilkomst og siktsoner. Vi synest likevel at den viste plangrensa mot vest vert for spesiell for fv. 55. Om det ikkje er ønskjeleg å regulere ut forbi vegområdet, kan plangrensa leggast i vegkant eller eventuelt i eigedomsgrensa. Om grensa vert lagd i vegkant, kan ein markere med pil at eksisterande avkøyrsle på innsida av vegen skal oppretthaldast.» Statens vegvesen føreset at dette vert følgt opp før vedtak av planen. Torun Emma Torheim seksjonsleiar Jens Bremer Remø Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar.
Sakshandsamar : Vår dato Vår referanse Heidi Sandvik - 57643151, E - post: fmsfhsa@fylkesmannen.no 17.11.2017 2017/3481-421.4 Mari Severinsen, tlf. 57643028, e - post: fmsfmse@fylkesmannen.no Dykkar dato 09.10.2017 Dykkar referanse Sogndal kommune Postboks 153 6851 Sogndal F råsegn til føreslegen detaljreguleringsplan for Kløvhola i Sogndal kommune Vi viser til oversending dags ett 06.10.2017. Det går fram av planomtalen at oppstartvarselet for saka har vore på høyring tidlegare i haust. Vi kan ikkje sjå at vi har fått dette tilsendt, og har såleis ikkje hatt høve til å gje innspel til saka tidleg i prosessen. Føremålet med pl anarbeidet er å leggje til rette for naustbygging. Planforslaget opnar for bygging av åtte naust med vegtilkomst og båtrampe. I arealdelen til kommuneplanen er landarealet lagt ut som byggjeområde for naust. Arealet i sjøen er lagt ut som «bruk og vern av sjø og vassdrag, noverande». Naustbygging på land er såleis i samsvar med arealbruken i kommuneplanen. Tiltak i sjøen er i strid med føremålet i arealdelen til kommuneplanen. Natur og miljø Vi konstaterer at det er opna for naustbygging i dette området gj ennom kommuneplanen. Reguleringsplanforslaget opnar for utfylling og bygging i fjøresona og litt ut i sjøen, og dermed utanfor byggjeområdet som er avsett i kommuneplanen. Dersom vi hadde fått oppstartvars e l e t på høyring, ville vi ha tilrådd å avgrense utb ygginga til det arealet som er sett av som byggjeområde i kommuneplanen. Fjøresona og grunne område i sjøen langs land, kan ha verdi som beiteområde for fisk og fugl, og er ofte også attraktivt for friluftsliv. Det er generelt uheldig, og i strid med nasjo nale føringar for strandsoneforvaltning å fylle ut i sjøen for å vinne byggjegrunn, i strid med overordna plan. Vi saknar vurderingar av kva verknader ei utfylling som planlagt vil kunne få for allmenne verdiar. Vi oppmodar kommunen til å vurdere om det kan vere mogleg å finne andre løysingar for utbygginga, der ein kan unngå eller avgrense utfyllinga i sjøen. Samfunnstryggleik og beredskap Det er utarbeidd ein analyse av risiko og sårbarheit (ROS- analyse) i planområdet. ROS - analysen legg til grunn at det ikkje vil verte ført opp bygg med rom for varig opphald i planområdet. I vurderinga knytt til stormflo kan vi ikkje sjå at det teke omsyn til bølgjepåverknad ved fastsetjing av kotehøgde for den aktuelle tryggleiksklassen (F 1). Vi tilrår at det jamf ør DSB sin rettleiar «Havnivåstiging og stormflo» vert gjort ei vurdering av om det er lokale tilhøve, som til dømes bølgjepåverknad, som bør takast omsyn til ved fastsetjing av kotehøgde for tryggleiksklasse n for flaum og stormflo. Telefon 57 643000 Organisasjonsnummer N - 974763907 Nettsta d fylkesmannen.no/sfj E - post fmsfpost@fylkesmannen.no Besøksadresse Hovu dkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga : Fjellvegen 11, 6800 Førde Postadresse Hovu dkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga : Postboks 14, 6801 Førde
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2 / 2 Dag End re Stedje s eniorrådgjevar Heidi Sandvik seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikk j e underskrift. Kopi til : Sogn og Fjordane fylkeskommune
Vest Sogndal kommune 6851 SOGNDAL Dykkar ref.: Vår ref.: 2017/4420-2 Arkiv nr.: Saksbehandlar: Turid Susort Jansen Dato: 17.11.2017 Utale til detaljregulering for Kløva Syner til brev av 6.10.2017 om ovannemnde. Detaljreguleringa gjeld gnr./bnr. 11/82 og 11/107. Tiltaket ligg ved Barnesfjorden og kjem ikkje i konflikt med bileia «2303- Sogndalsfjorden» eller navigasjonsinstallasjonar i farvatnet. Kystverket vil minne om at alle tiltak som kan virke på framkomme og tryggleik i farvatnet krev løyve etter lov om havner og farvann av 17.april 2009. Tiltaket ligg i kommune sitt sjøområde og det er kommunen som er hamnemyndighet etter 27 1.ledd i hamne- og farvasslova. Vi ber om at dette vert tatt med i planføresegnene. Dei tiltak som vert planlagt etablert må prosjekterast og dimensjonerast slik at dei tåler den påkjenninga dei kan verta påført av farvatnet. Kystverket Vest har ingen andre merknader til tiltaket. Turid Susort Jansen seniorrådgiver Dokumentet er elektronisk godkjent Region Kystverket Vest Sentral postadresse: Kystverket Postboks 1502 6025 ÅLESUND Telefon: +47 07847 Internett: E-post: www.kystverket.no post@kystverket.no For besøksadresse se www.kystverket.no Bankgiro: 7694 05 06766 Org.nr.: NO 874 783 242 Vi ser om at brev, sakskorrespondanse og e-post vert adressert til Kystverket, ikkje til avdeling eller enkeltperson
Sogndal kommune Adm.enhet : Forvaltningsseksjonen i region Vest Postboks 153 Sakshandsamar : Margareth Olin Leivdal Telefon: 90665029 6851 SOGNDAL Vår referanse: 17/14303 Dykkar 17/2230-9 referanse: Dato: 17.11.2017 UTTALE TIL DETALJREG ULERING AV KLØVHOLA GNR 11 BNR 82 OG 10 7 I SOGNDAL KOMMUNE SOGN OG FJORDANE Vi viser til dykkar mail av 6. oktober d.å. der Sogndal kommune sender ut til offentleg høyring detaljreguleringsplan for Kløvhola gnr. 11 bnr. 82 og 107. Planområdet er på om lag 5.26 dekar og ligg like aust for krysset ved Loftesnesbrua ved Barsnesfjorden. Planutkastet er utarbeidd av Aaberge Inve st AS for Stiv kuling as. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Fiskeridirektoratet region Vest viser til motteke framlegg til detaljreguleringsplan for Kløvhola og har ingen vesent lege merknader til planen. Det er ikkje kjende fiskeriinteresser i eller ved området. -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Formål og planstatus Formålet med planen er å legge til rette for 8 naust med vegtilkomst og båtrampe. Området er ikkje tidlegare regulert. I gjeldande arealdel til kommuneplan for Sogndal er området på land avsett til f riområde. Innspel frå Fiskeridirektoratet r egion Vest I vår uttale til oppstartsmelding hadde Fiskeridirektoratet region Vest ingen vesentlege merknad er til planarbeidet. Saka har vore s endt Fiskarlaget i Sogn og Fjordane på høyring og dei hadde heller ingen vesentlege merknader. Fiskarlaget ser Postadresse: Postboks 185 5804 Bergen Be Be søksadresse: Strandgaten 229 Telefon: 55 23 80 00 Telefaks: 57 85 04 94 Organisasjonsnr: 971 203 420 E - postadresse: postmottak@fiskeridir.no Internett: www.fiskeridir.n o
17/14303 gjerne a t aktive fiskarar i området kan få høve til å bli deleigarar/leigetakarar i anlegget. Brevet frå Sogn og Fjordane fiskarlag ligg ved vår uttale. Fiskeridirektoratet r egion Vest kan ikk j e sjå at planforslaget som no er ute til høyring grip inn i dei marine ressursane vi skal ivareta og har soleis ingen merknader. Leni Marie Lisæter seksjonssjef Margareth Olin Leivdal rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og vert sendt uta n handskriven underskrift Mottaka rliste: Sogndal kommune Postboks 153 6851 SOGNDAL Vedlegg Fiskeriinteresser ved Sogndal Sogndal kommune Sogn og Fjordane - Uttale til reguleringsplan for Kløvhola gnr11 bnr82 bnr107 2
SOGN OG FJORDANE FISKARLAG FISKERNES HUS Postboks 173 6701 Måløy Norges Fis karlags Servicekontor AS, avd. Sogn og Fjordane Telefon: 57 85 39 99 Telefax: 57 85 39 90 Mobil: 951 95 294 Bankgiro: 6554.10.09900 Fiskeridir. Reg. Vest, Att.: Margareth Olin Leivdal Ark.:5.7.1. 2. 9. november 2017 Dykkar ref.: 17/14303 UTTALE TIL REGULERINGSPLAN FOR KLØVHOLA G.NR.11/82 OG 11/107 I SOGNDAL KOMMUNE - SOGN OG FJORDANE FYLKE: Sogn og Fjordane Fiskarlag har ingen merknader til fiskeriinteressene på staden. Vi ynskjer at utbyggjar tek omsyn til alle - mannsretten og fri ferdsel på sjøen. Om det er mogeleg ynskjer vi at aktive f iskarar kan bli deleigarar/leigarar i anlegget. Sogn og Fjordane Fiskarlag ----------------------------- Oddmund Kvalheim Kopi: Hafs Fiskarlag Fiskeridir. Reg. Vest Hanne Marie Utvær