Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Like dokumenter
Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy

TRAFIKK OG FINANSIERINGSANALYSE AV NY VEG MÅLØY-FLORØ.

Før vi sender svar til fylkeskommunen ser vi det som nødvendig å avklare spørsmål med Vegdirektoratet.

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Vurdering av framtidig ferjeleie på Varaldsøy

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HØYRINGSUTTALE - BRUFORSKRIFT FOR FYLKESVEG

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane

Kystvegkonferansen 2015 Kystvegen Ålesund - Bergen. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, AP Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Anbod Kystvegekspressen/Florabassenget

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

MØTEBOK. Bjørn Hollevik H Arnstein Menes Sp Helen Hjertaas Ap Harald Bjarte Reite Ap Stein Malkenes MDG. Sigurd Reksnes Sp Gunn Sande Sp

Etne kommune SAKSUTGREIING

Nipekyrkja. Omklassifisering til kommunal veg. Bygning 0 Kraftstasjon > Vegbom N NIPELIA meter GEODATASEKSJONEN SARLAR 23.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

Hovudutfordringar i Nasjonal transportplan Dialogmøte med samferdsleministeren 24. juni 2019

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Alternativ tilrettelegging for syklistar ved innføring av sykkelforbod gjennom fv. 62 Øksendalstunnelen

Saksnr Utval Møtedato SA-38/12 Samferdselsutvalet

Oppfølgingsliste 6/2015

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING

1. Samandrag Kontrollutvalet bestilte gjennomføring av forvaltningsrevisjon av Tryggleik og beredskap i fylkeskommunen i KU-sak 24/13.

Behandling i Kommunestyret den NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ORDFØRAR: Kvinnherad kommunestyre meiner det framlagde planframlegget

Oppfølgingsliste 7/2015

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Revidert Vest 39 Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen. Ny handsaming i Vestlandsrådet 22. april

RETNINGSLINER FOR KOMMUNAL OVERTAKING AV PRIVATE VEGAR I HARAM KOMMUNE

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje

Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

Planprogram til Regional transportplan , godkjenning

Merknader til Widerøe sitt ruteprogram - ruteområde 13 FRO


Innspel til NTP, nødvendig auka skredsikring av Rv.5

Vegliste April S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Vegliste /65 MOBILKRAN M.M. Fylkes- og kommunale vegar Oktober Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Svensbakken

Regional transportplan Sogn og Fjordane

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset Leikanger. Møtedato Kl. 10:00 15:00

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

UTTALE - TIL "FORSLAG FOR NYE KRITERIER FOR FASTSETTELSE AV SÆRSKILTE FARTSGRENSER FRA 60 KM/T TIL 100 KM/T".

SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE TIL ELEKTRONISK BOM PÅ VASSFARVEGEN, UTTALE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 15. okt. 2008

Behandla i: Møtedato: Sak nr: Hovudutval for lokal utvikling /11. Kommunestyret /11

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Vedlegg 2 Rutereduksjonar 20. juni Nordfjord

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Radøy kommune Saksframlegg

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729

12/100 SPESIALTRANSPORT

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Svanevågen i Øygarden Kommune. GNR. BNR. 45/71 med fleire i Øygarden Kommune. Arealplan-ID:????? Vurdering av planområde sin vegadkomst frå Fv561

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Oppfølgingsliste 2/2016

Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 010/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Ferjesambandet Stord-Kvinnherad - Teknisk/økonomisk forprosjekt for nytt ferjestø på Djupavikneset

Bustadstiftingane til sjukehusa i Sogn og Fjordane - overføring av valrett

Statens vegvesen. Ambisjonsnivå for utgreiing om Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane

12/100 SPESIALTRANSPORT

Forfall for kaiar på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane

RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Innspel til Regional transportplan

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Transkript:

Side 1av 5 Saksbehandlar: Statens vegvesen Region vest Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 13/3539-1 Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. 0,6 km fylkesveg til Smørhamn ferjekai vert nedklassifisert til kommunal veg. 2. 0,4 km fylkesveg ved Kjelkenes ferjekai vert nedklassifisert til kommunal veg. 3. Vegarmane vert sette i stand i samsvar med krav i NA-rundskriv nr. 97/12. 4. Bremanger kommune får overta ferjekaiene på Smørhamn og Kjelkenes med teknisk utstyr slik dei står i dag. Vedlegg: 1. Høyringsbrev frå Statens vegvesen 10. august 2012 2. Uttale frå Bremanger kommune 25. januar 2013 3. Uttale frå Helse Førde HF 14. desember 2012 4. Brev frå Statens vegvesen 2. april 2013 Andre dokument som ikkje ligg ved: 1. Veglova 2. NA-rundskriv nr. 97/12 SAKSFRAMSTILLING BAKGRUNN Bakgrunn for at saka er reist 16. mai 2013 opnar Bremangersambandet del II, med ny veg på strekninga Kolset Sørdal i Bremanger kommune. Ferjesambandet Smørhamn Kjelkenes vart lagt ned. Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at fylkesveg skal leggast ned eller gjerast om til kommunal veg etter at kommunen har uttala seg, jf. Veglova 7: «Etter at fylkeskommunen i Oslo kommunen har uttala seg, kan departementet gjere vedtak om at riksveg skal leggjast ned eller gjerast om til fylkesveg eller til kommunal veg. Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen gjere vedtak om at fylkesveg skal leggast ned eller gjerast om til kommunal veg. Kommunen kan gjere vedtak om at kommunal veg skal leggast ned. Vedtak etter første og andre ledd kan likevel ikkje settast i verk utan at vegen oppfyller tekniske krav etter nærare retningsliner gitt av departementet.»

Side 2av 5 Problemanalyse Det har vore ein føresetnad at ferjesambandet Smørhamn - Kjelkenes skulle leggjast ned når vegsambandet Kolset Sørdal (Bremangersambandet II) opna. Då det ikkje lenger skal vera ferjedrift her, er det nødvendig å legge ned eller omklassifisere ferjekaier med tilkomst. Framlegg til ny klassifisering Statens vegvesen rår til at Bremanger kommune får overta vegar og ferjekaier, inkludert ferjelemmar og anna utstyr, vederlagsfritt. Dette medfører følgjande: Status før omlegging Bremangersambandet II Fv. 616 Fv. 616 Tilkomst til Smørhamn ferjekai Tilkomst til Kjelkenes ferjekai Status etter opning av Bremangersambandet II Lengde (km) veg med ny status Kommunal veg 0,594 Kommunal veg 0,425 Kaia på Smørhamn vil framleis fungere som kai for ekspressbåt. I høyringsbrev til kommunen foreslo Statens vegvesen at kommunen overtek ansvaret for heile kaianlegget, med tilførselsveg, og at ferjelem, hydraulisk styresystem og tårn blir fjerna.

Side 3av 5 Det er ikkje planlagt å ha rutegåande trafikk frå Kjelkenes. Statens vegvesen foreslo å nedklassifisere vegen til ferjekaien til kommunal veg. Kommunen kan overta kaiområdet etter at ferjelem, hydraulisk styresystem og tårn er fjerna. Dersom ikkje kommunen ynskjer å overta vegen, kan den leggast ned som offentleg veg. Uttale frå Bremanger kommune Bremanger kommune har gjeve følgjande uttale til saka: «Bremanger kommune behandla høyringsbrev under sak 3/13-Referatsaker på møte i går 24.01.2013 og har fylgjande innspel: Bremanger Kommune ynskjer å behalde ferjeanlegga med ferjelem, hydraulisk styresystem og tårn både i Smørhamn og på Kjelkenes og at dette forblir i fylkeskommunen sitt eige. Bremanger Kommune ynskjer at vegarmane inn til ferjeanlegga fortsatt forblir i fylkeskommunen sitt eige.

Side 4av 5 Argumentasjon for dette er: Etter det Bremanger Kommune får opplyst vil båten MS Sylvarnes som skal gå i kystvegekspressen mellom Måløy-Smørhamn og Florø frå 01.mai 2013 kunne ta med seg bilar. Sjølv om det i ruta er lagt opp til at denne kun skal vera passasjerførande vil Bremanger Kommune jobbe for at ein også utnyttar den bilførande kapasiteten på båten når denne er tilgjengeleg. Kystvegekspressen er ei fylkeskommunal rute og vi føler at det då er naturleg at kaianlegget forblir i fylkeskommunen sitt eige. Det er òg fornuftig å behalde ferjeanlegga sett frå eit beredskapsperspektiv. Vi har av erfaring sett at vegen kan bli stengt i lengre periodar både i Magnhildskaret og på Oldeidefjellet. Då må ein ha den moglegheiten at ein kan bruke bilførande ambulansebåt enten frå Smørhamn eller Kjelkenes til Florø for å koma raskast mogleg til sjukehuset i Førde. Utfrå den sårbare infrastrukturen i Bremanger Kommune og mot Flora kommune føler vi det er viktig å kunne ha alternative løysingar om/når behovet er der.» Uttale frå Helse Førde HF Helse Førde er ikkje formell høyringsinstans i slike saker, men dei har likevel engasjert seg i saka og gjeve uttale: «For Helse Førde er det av stor interesse at ferjelemmen i Smørhamn framleis blir ståande og at denne kan vere operativ trass i opning av Bremanger 2. Helse Førde meiner dette og kan vere av stor interesse for andre instansar/ etatar og ikkje minst for Bremanger kommune. Ved ambulanseoppdrag i Bremanger, har Helse Førde høve til å nytte bilførande ambulansebåt frå Florø. Dette gjev oss høve til effektiv pasientflyt og ilandføring av ambulanse. Vi har erfart at vegsambandet RV 614 Svelgen Grov ved fleire høve har vore stengt, både av kortvarig og langvarig art. Vi ser på dette vegsambandet som utsett for vegstenging. For ytre delar av Bremanger kommune vil ein operativ ferjelem i Smørhamn vere ein viktig beredskapsmessig tryggleik. Vi vonar dette innspelet vert teke med vidare i prosessen på endring av status på veggrunn. Dersom Bremanger kommune tek over ansvar for vegen som kommunal veg, vonar vi og på ei løysing som sikrar at ferjelem og hydrauliske styresystem framleis vert ståande.» VURDERING OG KONSEKVENSAR Bremanger kommune og Helse Førde HF ynskjer å oppretthalde muligheita til å trafikkere kaiene på Smørhamn og Kjelkenes med bilførande båtar i framtida. Dette for å utnytte den båtførande kapasiteten til kystvegekspressen mellom Måløy, Smørhamn og Florø, samt av omsyn til beredskap når vegen over Magnhildskaret og Oldeidefjellet er stengt. Fylkeskommunen er ikkje eigar av ekspressbåtkaier med tilførselsvegar i dag. Desse er eigd av kommunar eller private. Eigarane kan få inntekter frå dei som trafikkerer kaiene. I Florabassenget er det Flora kommune som eig kaiene. Dette gjeld også den nye ferjelemmen i Villevika som vart finansiert av fylkeskommunen og bygd av Statens vegvesen. Fleire kommunar er i dag eigar av ferjekaier som tidlegare var ein del av riksvegnettet. Døme på ferjekaier som er overtekne av kommunar etter at det er komne nye vegsamband er Gudvangen i Aurland kommune, Fjærland i Sogndal kommune og Nordeide i Høyanger kommune. Ut frå dette meiner Statens vegvesen at det ikkje er grunn til å oppretthalde veg og ferjekai på Smørhamn som fylkesveg. Når det gjeld Kjelkenes er det ikkje planar om rutegåande transport her. Vegen vert hovudsakleg tilkomst til småbåthamna. Når Magnhildskaret er stengt, vil det vera omkøyring

Side 5av 5 nordover mot Oldeide Måløy eller Isane Stårheim. Det er også mogleg å køyre fylkesveg 577 til Villevika og nytte ferjekaia der. Det er difor ikkje grunnlag for å oppretthalde status som fylkesveg med ferjekai på Kjelkenes. Statens vegvesen har vore i telefonkontakt med ordføraren i Bremanger om denne saka der innhaldet i saka vart presentert. Tilbakemeldinga var at Bremanger kommune primært ynskjer at fylkeskommunen framleis har ansvar for tilkomsten til kaiene på Smørhamn og Kjelkenes, og at ferjelemmar og teknisk utstyr ikkje blir demonterte. Dersom nedklassifisering likevel blir gjennomført, ynskjer han at kommunen får høve til å overta ferjekaiene slik dei står. Statens vegvesen meiner dette vil vera den beste løysinga dersom kommunen ynskjer å ha høve til å nytte kaiene som beredskapskaier i framtida. Kommunen må då ta ansvar for trygging og vedlikehald av kaianlegga og teknisk utstyr. Dette er også omtalt i brev til Bremanger kommune datert 2. april (vedlagt). I dette brevet vert det retta opp feil i lengdemålinga av dei vegarmane som Statens vegvesen tilrår vert nedklassifiserte. Det har ikkje kome reaksjon frå kommunen på dette. Økonomi Bremangersambandet II medfører at fylket får om lag 5,5 km ny fylkesveg mellom Bortnen og Sørdal. Om lag 1 km fylkesveg vert nedklassifisert til kommunal veg. Den auka veglengda, inkludert 4,8 km ny tunnel, vil auke fylkeskommunen sine årlege driftsutgifter til veg. Innsparing i ferjedrifta som følgje av at ferjesambandet mellom Smørhamn og Kjelkenes blir lagt ned, er ein del av finansieringa av det nye vegsambandet. Endring i veglengd vil inngå i grunnlaget for berekning av dei årlege overføringane frå staten til fylke og kommune. KONKLUSJON Fylkesrådmannen rår til at om lag 1 km fylkesveg til Smørhamn ferjekai og Kjelkenes ferjekai vert nedklassifisert til kommunal veg. Vegarmane vert sette i stand i samsvar med krav i NA-rundskriv nr. 97/12. Bremanger kommune får overta ferjekaiene med teknisk utstyr slik det står i dag. Kommunen må ta ansvar for kaiområda og vedlikehald av kaiar og teknisk utstyr.