Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 030/17 Plan- og PS 19.09.2017 samfunnsutvalet 080/17 Bystyret PS 03.10.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Catherin Secher K1-140, K2 - Q88 16/1027 Kommunedelplan - Sykkel Framlegg til vedtak: Plan- og samfunnsutvalet vedtar med heimel i Pbl. 11-15 Kommunedelplan Sykkel slik den ligg føre. Repr.Lars Terje Standal la fram slikt framlegg til justering/endring i sykkelplanen: Tekst på side 5 : 5. Sentrum takast ut Den sørlige traseen gjennom kyrkjeparken og Hans Blomgata kan betraktast som ein rask forbindelse mellom bustadområda i vest knytt opp mot skule og arbeidsfunksjonar i aust. Traseen er prega av grøne rekreative park- og bustad områder idet den krysser vegetasjonsbeltet frå Storevatnet og Litlevatnet og ned til sjøen. Nummerering på side 5 endrast frå 5. Nye vegprosjekt og 6. Detaljreguleringsplan Kvalvik/Eikefjord sentrum til 6. Nye vegprosjekt og 7. Detaljereguleringsplan Kvalvik/Eikefjord sentrum Plan- og samfunnsutvalet - 030/17 PSUV - handsaming: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. PSUV - vedtak: Plan- og samfunnsutvalet vedtar med heimel i Pbl. 11-15 Kommunedelplan Sykkel slik den ligg føre.
Bystyret - 080/17 BYST - handsaming: Tilrådinga vart samrøystes vedteken med justeringar/endringar som framlagt av Standal. BYST - vedtak: Plan- og samfunnsutvalet vedtar med heimel i Pbl. 11-15 Kommunedelplan Sykkel slik den ligg føre, med fylgjande justeringar/endringar: Tekst på side 5 : 5. Sentrum takast ut Den sørlige traseen gjennom kyrkjeparken og Hans Blomgata kan betraktast som ein rask forbindelse mellom bustadområda i vest knytt opp mot skule og arbeidsfunksjonar i aust. Traseen er prega av grøne rekreative park- og bustad områder idet den krysser vegetasjonsbeltet frå Storevatnet og Litlevatnet og ned til sjøen. Nummerering på side 5 endrast frå 5. Nye vegprosjekt og 6. Detaljreguleringsplan Kvalvik/Eikefjord sentrum til 6. Nye vegprosjekt og 7. Detaljereguleringsplan Kvalvik/Eikefjord sentrum
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Flora kommune inngjekk sykkelby-avtale for Sykkelbyen Florø 3. februar 2015. Partane i denne avtalen er Flora Kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen sin vegavdeling Sogn og Fjordane. Kommunen har og nedfelt sykkelsatsing som eit av temaene i kommuneplanens samfunnsdel 2016-2020. I samband med utvikling av Sykkelbyen Florø er det behov for å få på plass kommunedelplan for sykkel. Kommunedelplanen skal gjelde for heile Flora kommune og legge til rette for tema og tiltak som refererer til måla for sykkelby-avtalen. Planen har vore ute på høyring. Innkomne innspel er vurdert og innarbeidd i planen. Statens Vegvesen sine tilrådde systemløysingar for sykkelnettet og sykkelparkeringsplan er innarbeidd i planen. Innleiing: Statens vegvesen har gitt Flora kommune tilskot på 600 000,- til planlegging av samanhengande sykkelvegnett i Florø. Planen skal utarbeidast og vedtakast som ein kommunedelplan for sykkel. Kommunen har i kommuneplanen sin samfunnsdel 2016-2020 vedteke satsing på sykkel slik: I kap. 4 Samferdsle og infrastruktur er eit av vegvala, for å fremme miljøvennlege og sunne tiltak for ferdsel, å tilrettelegge Florø som sykkelby. Utarbeiding av kommundelplan for sykkel og tilrettelegging av hovudnett for sykkel vil på den måten ivareta kommuneplanen sitt avsnitt om Trafikktryggleik. Vegvalet er at flest mogleg skal kunne gå eller sykle som alternativ til å nytte bil. Kommunedelplan for sykkel legg til rette for tema og tiltak som refererer til måla for sykkelbyavtalen. Tilrettelegginga er ein forutsetting for å nå hovudmålet i sykkelby- avtalen om betre folkehelse gjennom auka sykkelbruk. Avtalen bygger vidare på mål om utarbeiding av samanhengande hovudnett for sykkel, bygge prioriterte sykkelanlegg på hovudnettet, gjennomføre haldningsskapande tiltak og kampanjar og samarbeide med andre aktørar og sykkelbyar. For at sykkel skal være eit naturleg framkomstmiddel for alle alders- og målgrupper er det viktig med eit godt og samanhengande sykkelhovudnett. Florø har gode føresetnader for å auke bruken av sykkel med korte strekningar mellom viktige målpunkt. Hovudnettet har vid utstrekning for å betene bustadområda i aust og terrenget er relativt flatt. Ved utvikling av sykkelvegnettet i Flora kommune skal sykkelfremmande tiltak vurderast i tråd med Statens vegvesen sitt gjeldande regelverk (Handbok N100). Kommunedelplan for sykkel er ein temaplan og prosessen følger gjeldande reglar for utarbeiding av ordinær kommunedelplan etter Plan- og bygningslova.
Vurdering: Kommunedelplan for sykkel vil være eit viktig dokument når Flora kommune/sykkelbyen Florø skal søke tilskot til sykkelfremmande tiltak. Mellom anna så vil Kommunedelplanen for sykkel vil være eit viktig dokument i forhandlings- prosessen om bevilgningar på RTP for fullføring av sykkelvegnettet langs Brandsøyvegen fv. 548 frå Solheimslia til Brandsøy, vegkryss til Rv5. Statens vegvesen har utgreia, vurdert og tilrådd systemløysingar på hovudnettet. Statens vegvesen har og utarbeidd plan for sykkelparkering på hovudnettet. Målpunkta på nettet er definert og parkeringsbehovet vurdert for respektive målgrupper. Sykkelparkeringsplanen er viktig i arbeidet Sykkelbyen Florø gjer med tilrettelegging av sykkelparkeringar. Tilrettelegging gjer sykling attraktivt og signalerer at sykkel er velkommen i Florø. Tilrådingane frå vegvesenet er innarbeidd i framlegget til KDP Sykkel. Økonomiske konsekvensar: Flora kommune/sykkelbyen Florø søker årleg Statens vegvesen om tilskot til auka sykkelbruk. Kostnadar for Flora kommune ved bevilga tilskot er halvparten av totale prosjektkostnader. Utarbeiding av sjølve planen er fullfinansiert av Statens vegvesen sitt tilskot på 600 000,- Miljømessige konsekvensar: Auka sykkelbruk har stor positiv helse- og miljømessig effekt for Florø sine innbyggarar. Auka sykkelbruk gir mindre bilbruk, og fører dermed til positiv miljø- og klimaeffekt. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg oppsummert i Kommundelplan for sykkel pkt. 8.0 Vedlegg: KDP sykkel versjon for vedtak i Plan og samfunnsutvalet 19.09.2017 1. Sykkelhovudnett Florelandet - Brandsøy 2. Sykkelvegnett Florø sentrum 3. Sykkelhovudnett delt i 4 ruter 4. Snarvegar for sykkel 5. Oversikt eksisterande sykkeltraséar 6. Viktige målpunkt 7. Årshjul 2017 8. Grønnstruktur-stier-og-gangveger 9. Sykkelby-avtalen 10. Handlingsplan for sykkel i Region vest 2016-2017 11. Vurdering av hovudnett for sykkel i Florø_september 2017
12. Sykkelparkeringsplan for Florø 13. Forprosjekt-rapport Fv. 548 Brandsøyvegen