Eid Eldreråd Møteinnkalling Møtedato: 01.10.2014 Møtestad: Eid rådhus, Trollenykjen 1. etg Møtetid: Kl. 14:00 Sakliste Sak nr. Saktittel 019/14 Godkjenning av innkalling og saksliste 020/14 Godkjenning av møteprotokoll 021/14 Referatsaker 022/14 Serviceskyss. Bruken av tildelte midlar i 2014. 023/14 Lokalisering og framtidig bruk av av omsorgsbustader. Framhald av drøfting i Eid eldreråd og Eid råd for funksjonshemma. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er til post@eid.kommune.no eller tlf. 57 88 58 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Eid kommune 23.09.2014 Knut Hildenes leiar Kari Krogh kommunalsjef
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 01.10.2014 019/14 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 14/1642 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Godkjenning av innkalling og sakliste 25.01.2014 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 01.10.2014 020/14 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 14/1643 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 11.06.2014 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 01.10.2014 021/14 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson REFERATSAKER Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 14/1640 Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 14/6653 I 02.06.2014 Sogn og Fjordane Svar - Serviceskyss fylkeskommune 2 14/7398 I 23.06.2014 Seniornett Norge SeniorSurf-dagen 11. september. 3 14/9092 I 15.08.2014 Eid kommune Godkjent mandat. 4 14/9744 S 02.09.2014 Nytt omsorgssenter. Orientering til politisk styringsgruppe - september 2014. 5 14/9992 I 08.09.2014 Eid kommune Prosjekt Eid Sjukeheim, godkjent mandat. 6 14/10113 I 10.09.2014 Eid kommune v/kari Krogh Godkjend prosjektplan 7 14/10281 I 15.09.2014 Det kgl kommunal og Veileder i medvirkning etter moderniseringsdepart plan- og bygningsloven ementet RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 01.10.2014 022/14 KKR Avgjerd av: Saksbehandler: Kari Krogh Arkiv: F11 &70 Objekt: Arkivsaknr 12/915 Serviceskyss. Bruken av tildelte midlar i 2014. Prenta vedlegg: Søknad om midlar for 2014. Svar på søknad frå Fylkeskommunen. Informasjon frå Fylkeskommunen om ordninga. Møtereferat, 20.08.14. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Fylkeskommunen, budsjett og økonomiplan 2013-2016. Kva saka gjeld: Orientering om arbeidet med å etablere serviceskyss i Eid kommune. Bakgrunn for saka: Eid kommune har fått tildelt kr 50 000,- frå Fylkeskommunen til serviceskyssordning i 2014. Saksutgreiing: Fylkeskommunen løyver kvart år midlar til serviceskyss. I byrjinga av 2014 var 14 kommunar i Sogn og Fjordane omfatta av tilbodet. Fylkeskommunen gjorde vedtak om å løyve kr 3,5 mill til serviceskyss i 2014. Løyvinga opna opp for at fleire kommunar kunne få tilbod. Eid kommune har tidlegare søkt om midlar og fått avslag. I april 2014 søkte kommunen på ny om midlar, kr 175 000,- og fekk tildelt kr 50 000 i juni 2014. Før søknad vart sendt, prioriterte Eid Eldreråd, Eid pensjonistlag og Frivilligsentralen midlar til to ruter. Ei rute til pensjonistkafeen kvar torsdag i Kringla. Ei rute til Røde kors sin laurdagskafe kvar laurdag i Fabrikken.
Den 20.08.14 hadde Representantar frå Eldrerådet, Pensjonistlaget, Eid kommune, Fylkeskommunen og Eid Taxisentral eit møte, for å drøfte opplegg og ruteframlegg. Følgjande framlegg vart vedteke: Tysdagar: Partalsveker: 1. Lefdal, Kjølsdalen, Stårheim, Remmedalen, Hjelmelandsdalen, Haugen til sentrum 2. Navelsaker/Heggjabygda via Leivdalen til sentrum. 3. Torheim til sentrum inkl. Hunvik - om der er brukarar. Oddetalsveker: 1. Lefdal, Kjølsdalen, Stårheim, Remmedalen, Hjelmelandsdalen, Haugen til sentrum. 2. Holmøyane, Nord, til sentrum via Bjørlo/Roti. 3. Hennebygda/Lote til sentrum. Laurdagar: Sentrum, med ytterpunkta: Ytre Skårhaug, Prestemarka, Myklebuståsen, Langeland, Skipenes bru, Os. Starttidspunkt kl. 10.00 Retur kl. 13.00. Ordninga omfattar alle aldersgrupper. Skyss må tingast kvelden før, og taxisentralen styrer transporten med bakgrunn i innkomne tingingar. Framlegget er sendt til Fylkeskommunen for godkjenning. Så snart ei godkjenning ligg føre, vert ordninga gjort kjend i media og på heimesider, i tillegg til at det vert utarbeidd ein brosjyre. Planlagt oppstart er veke 38. Økonomiske konsekvensar: Avtale om skyss vert inngått mellom Fylkeskommunen og Eid Taxisentral. Ramma for ordninga er kr 50 000,- i tilskot, i tillegg til kr 25,- i eigendel frå kvar person. Vurdering: Med atterhald om Fylkeskommunen si godkjenning av ruteplan og opplegg, vil ordninga vare ut 2014. Fylkeskommunen kan ikkje svare på om ordninga/tilskotet vil halde fram i 2015. Det vil bli avgjort i Fylkeskommunen sin budsjettprosess. VEDTAK: Orienteringa vert teken til vitande. Elin Leikanger -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid Eldreråd 01.10.2014 023/14 KKR Eid råd for funksjonshemma 01.10.2014 KKR Avgjerd av: Saksbehandler: Kari Krogh Arkiv: Objekt: H3 Arkivsaknr 14/556 Lokalisering og framtidig bruk av av omsorgsbustader. Framhald av drøfting i Eid eldreråd og Eid råd for funksjonshemma. Uprenta vedlegg: PP-presentasjon frå møte i råda den 12.03.14. Statlege retningsliner for medverknad i planarbeid. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Delplan for helse- og omsorgstenester, del 1 og 2. Retningsliner i Eid kommune for planprosessar. Kva saka gjeld: Vidare drøfting og innspel til planlegging av framtidig bruk og plassering av omsorgsbustader. Førebuing til oppstart av revidering av delplanar i helse- og omsorg. Bakgrunn for saka: Nytt omsorgssenter skal stå ferdig i 2016. Eid kommune må planleggje plassering og organisering av pasient- og brukargrupper (sjukeheim og heldøgns omsorg og pleie) etter at senteret står ferdig. Det gjeld også bruken av eksisterande omsorgsbustader og plassering av nye. Drøftinga i Eid Eldreråd og Eid råd for funksjonshemma er eitt av fleire grunnlag for oppstart av revidering av to delplanar i helse og omsorgstenestene, fagleg plan og investeringsplan, i 2015. Saksutgreiing: Eldrerådet og Eid råd for funksjonshemma hadde temaet oppe til drøfting i møte den 12.03.14. Råda hadde følgjande synspunkt/tilbakemelding: -må ha eit oversyn over kva tomter Eid kommune har og kan nytte.
-er t.d. tomta i Prestemarka barnehage aktuell for unge utviklingshemma? -ikkje naturleg for unge psykisk utviklingshemma å bu på sjukeheimsområdet. Dei er hemma, men ikkje sjuke. Dei bør bu i lag med funksjonsfriske. -på sjukeheimsområdet vert eldre bebuarar ein stor del av bumiljøet. -effektivitet: Må vere ein fordel å samordne tenestene til hjelpetrengande eldre. -lett for at unge vert stigmatiserte dersom dei skal bu/blandast med eit bumiljø for pleietrengande eldre. -leggje til rette for at ein også kan bu spreidd. Det er stor skilnad på funksjonsnivået til unge utviklingshemma, og må vurderast individuelt. -miljøet for eldre/funksjonsfriske og utviklingshemma fungerer godt på Elvebøen. Bør byggje vidare på dette. -det er optimalt at unge utviklingshemma kan bu i sentrum/elvebøen. Både fagleg delplan og investeringsplan i helse- og omsorgstenestene skal reviderast i 2015. Revidering av planane følgjer utarbeidde retningsliner i Eid kommune. Det er naturleg å slå saman dei to eksisterande plandokumenta til ein delplan. Vurdering: I eksisterande planar er samlokaliseringsperspektivet heilt sentralt. Kommunane får i dag ikkje tilskot til «frittliggjande» omsorgsbustader, alle skal ha fellesareal for brukarar og lokale til tilsette. Det er viktig å samordne personell og utnytte ressursane effektiv. Prosessane rundt planarbeidet må vere grundige og ha eit breitt medverknadsperspektiv for at resultatet skal verte tenleg. Synspunkta som kjem fram i møta i råda vert tekne med i det vidare arbeidet som skal starte opp seinast i byrjinga av 2015. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. Elin Leikanger -konst.rådmann-
Side 1 av10