Møteinnkalling FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN 2017-2019 Utval: Møtestad: Fellesnemnd Ullensvang kommune Kommunestyresalen i Odda Dato: 20.09.2018 Tidspunkt: 09:00 Forfall skal meldast til Jondal kommune sitt sentralbord tlf.nr. 53 66 95 00 eller til Ragnvald Joakimsen på tlf.nr. 45 47 41 81. Er nokon ugilde i ei sak, må det meldast frå om dette. Varamedlemmer møter berre ved mottak av eigen innkalling. Sak nr: Sakstittel: 033/18 Godkjenning av protokoll 034/18 Meldingar 035/18 Økonomiske handlingsreglar i Ullensvang kommune 036/18 Val av valstyre 037/18 Planprogram - Ny kommuneplan for Ullensvang kommune 038/18 Rammeplan for kulturskulen for Ullensvang kommune 039/18 Samanslåing av to politiske og ei administrativ hovudarbeidsgruppe I tillegg til saklista: Informasjon og løypemelding frå prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl Som ein del av møtet deltek heile fellesnemnda på bustadseminar i regi av Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune (11.30 15.00). Seminaret er på Sentralbadet litteraturhus i Odda.
Arkiv: K1-033 Arkivsak ID: 18/803-1 Journalpost ID: 18/9762 Saksh.: Ragnvald Joakimsen Dato: 18.06.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 033/18 kommune Godkjenning av protokoll Dokumentnr Tittel 361994 Protokoll - Fellesnemnd Ullensvang kommune - 15.06.2018 Prosjektleiar sitt framlegg til vedtak: Felesnemnda godkjenner protokoll fra møte 15.06.2018. prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl
Arkiv: K1-033 Arkivsak ID: 18/803-2 Journalpost ID: 18/14373 Saksh.: Ragnvald Joakimsen Dato: 13.09.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 034/18 kommune Meldingar Dokument til orientering Journalpostid. Tittel 18/11491 Informasjon til landets kommuner vedrørende vandelsvurdering av meddommere 18/10294 Kommune- og regionsreformen - Valg 2019 18/13923 Spørsmål / tankar vedr. legekontorene i Ullensvang kommune Prosjektleiar sitt framlegg til vedtak: Fellesnemnda tar meldingene til etterretning. prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl
Arkiv: K1-036K3 - &23 Arkivsak ID: 17/1001-70 Journalpost ID: 18/13791 Saksh.: Ragnvald Joakimsen Dato: 04.09.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 035/18 kommune Økonomiske handlingsreglar i Ullensvang kommune Prosjektleiar sitt forslag til vedtak: 1. Fellesnemnda vedtek følgjande handlingsreglar for Ullensvang kommune frå 2020: Disposisjonsfond 10% av brutto driftsinntekter Netto driftsresultat 4% av brutto driftsinntekter Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter skal vera under landsgjennomsnittet inkl. Oslo Måla skal vera nådd seinast innan utgangen av 2022. 2. Fellesnemnda oppfordrar Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad til å tilnærma seg dei økonomiske handlingsreglane allereie frå 2019. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, Saksbehandlar: Anne Erdal Saka gjeld: Stortinget vedtok 7. juni 2018 ny kommunelov. Eit sentralt moment her har vore å tydeleggjera kommunen sitt ansvar for å ta hand om eigen økonomi og handlingsrom på lang sikt. I lova er det mellom anna vedteke å lovfesta krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruka finansielle måltal i økonomistyringa. Endringane i kommunelova skal setjast i verk frå den tida som regjeringa avgjer. Departementet legg opp til at delar av lova vil byrja å gjelda frå 1. juli 2019, mens andre delar av lova, til dømes økonomibestemmingane vil byrja å gjelda først frå 1. januar 2020.
Med finansielle måltal er det meint politisk vedtekne målsettingar for kommunen si økonomiske utvikling. Den einskilde kommune må sjølv velja måltal og vurdera kva for nivå desse bør leggjast på. Dei økonomiske måltala må spegla kva som skal til for å nå ein forsvarleg langsiktig økonomisk utvikling. Bruk av gode økonomiske måltal er sentralt for å ivareta ein berekraftig økonomi på lang sikt. Den koordinerte gruppa «Økonomisk politikk og økonomireglement» har utarbeida eit framlegg til økonomiske handlingsreglar (overordna økonomiske mål) for Ullensvang kommune. Gruppa består av følgjande medlemmer: Anne Erdal, adm Ullensvang (leiar) Inger Marie Himle, politikar Ullensvang John Opdal, politikar Odda Lars Arne Eide, politikar Jondal Kjellrun Tveisme, tillitsvald Ullensvang Terje Mikkelsen, tillitsvald Odda Siv Digrebrekke, tillitsvald Jondal Anne Tove S. Teigenes, adm Odda Svein Viktor Ellingbø, adm Jondal Gruppa har sett på kva for handlingsreglar dei tre kommunane har i dag. Desse er: Jondal Netto driftsresultat > 0,5% Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter > 15% Odda Netto driftsresultat 6,0% innan 2016 (gjeld fortsatt) Bufferfondet skal minst utgjera kr 30 mill Heimfallsinntektene skal takast ut av drifta Ullensvang Netto driftsresultat 1,75% Reservefond 10% av brutto driftsinntekter Budsjettavvik for kvar tenestestad < 1% Gruppa har gjennom fleire møte diskutert kva for handlingsreglar ein bør velja og kva nivå ein skal leggja seg på. Konklusjonen frå gruppa er:
Handlingsreglar (overordna økonomiske mål) for Ullensvang kommune: Disposisjonsfond 10% av brutto driftsinntekter Netto driftsresultat 4% av brutto driftsinntekter Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter skal vera under landsgjennomsnittet inkl. Oslo (2017: 78,9%) Måla gjeld både budsjett og rekneskap, og skal vera oppnådd seinast innan utgangen av 2022. Netto driftsresultat 4% gjeld inntil storleiken på disposisjonsfond er nådd. Etter det vert netto driftsresultat vurdert på nytt. Vurdering: Kva betyr dette for Ullensvang kommune?: Disposisjonsfond: Samla sett er det per 1.8.2018 kr 132,6 mill på disposisjonsfond i kommunane. Dette er 9,3% av brutto driftsinntekter, og betyr at me manglar kr 9,7 mill for å nå målet om 10%. Både Jondal og Ullensvang har høgare disposisjonsfond enn målet, mens Odda har lågare disposisjonsfond enn målet. Dette er stoda per 1.8.2018. Det er ikkje teke omsyn til ev. budsjettert bruk av fond i 2018. Disposisjonsfond på 10% av brutto driftsinntekter er eit mål som mange fylkesmenn rår kommunane til å vedta. Dette bør vera eit overkommeleg mål for Ullensvang kommune innan utgangen av 2022. Netto driftsresultat: Alle kommunane har vedteke eit mål på kor stort netto driftsresultat me skal styra mot, men måltalet er ulikt. Ullensvang kommune vert ein kommune med store kraftinntekter. Dette gjer at måltalet bør vera av ein viss storleik. Som me ser av tabellen vil eit måltal på 4% netto driftsresultat innebera at me kjem ut med eit litt lågare netto driftsresultat i kroner enn det ein summering av kvar av kommunane sine noverande måltal vil gje. For å nå same kronebeløp som no må netto driftsresultat setjast til
4,32%. Utviklinga i kommunane dei siste 5 åra viser følgjande: Dette viser at eit mål om netto driftsresultat på 4% er eit realistisk mål for den nye kommunen. Netto lånegjeld: Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter har hatt ei slik utvikling: Kommunane har, kvar for seg og samla, ei handterleg låneportefølje i dag. Økonomiplanane for 2018-2021 legg imidlertid opp til ein stor auke i lånefinansieringen, og gjer at nye Ullensvang kommune i 2020 vil ha lån på kr 1,4 mrd aukande til kr 1,5 mrd i 2021. Det er viktig at ein ser behovet i kommunane samla og byggjer for framtida. Med høg gjeldsgrad (målt i høve til brutto driftsinntekt) betyr det at me (over tid) kan bruka ein mindre del av driftsinntektene til tenesteproduksjon. Det er difor viktig at me ser behovet i kommunane samla både på driftssida og investeringssida, og byggjer for framtida. Arbeidsgruppa har gjort framlegg om at me skal halda oss under landsgjennomsnittet til ei kvar tid. Dette bør vera eit greitt måltal å styra etter.
Samandrag/ konklusjon: Med utgangspunkt i vurderinga over vil prosjektleiar tilrå at fellesnemnda vedtek dei handlingsreglane som den kooridinerte gruppa «Økonomisk politikk og økonomireglement» har gjort framlegg om. Saka skal ekspederast av: Partsbrev skal sendast til: Sakshandsamar Alle relevante partar Arkiv
Arkiv: Arkivsak ID: 18/1054-1 Journalpost ID: 18/13994 Saksh.: Ragnvald Joakimsen Dato: 07.09.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 036/18 kommune Val av valstyre Prosjektleiar sitt forslag til vedtak: Fellesnemnda vel følgjande personar som valstyre for Ullensvang kommune: Leiar: Nestleiar:. Medlemer:.. Varamedlemer:.. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, Saksbehandlar: Ragnvald Joakimsen Saka gjeld: Val av valstyre i samband med kommunevalet hausten 2019. Aktuelle lover/forskrifter: Vallova Forskrift om gjennomføring av val til kommunestyre i 2019 I tillegg til vallova må vi ved valet neste haust også ta omsyn til ein eigen forskrift (andre kulepkt. over). Denne forskriften gjeld for samanslåingskommunar. Det er i denne forskriften at vi ma. finn at fellesnemnda har det mynde som kommunestyret har til vanleg.
Saksutgreiing Kommunal og moderniseringsdepartementet sende i sommar ut brev der dei ber samanslåingskommunar som skal endre krinsinndeling om evt. å fatte vedtak om dette før 01.12.2018. Det er fellesnemnda, evt. valstyret etter delegasjon frå fellesnemnda (jfr. valllova 9-3 (1) og 4 og 6 i forskrift om gjennomføring av val til kommunestyre i 2019) som avgjer talet på stemmekrinsar ved valet neste haust. Forskrift om gjennomføring av val til kommunestyre i 2019 slår ma. fast at fellesnemnda får det myndet som til vanleg ligg til kommunestyret. Vanleg saksgang i ein "normalsituasjon" vil vere at kommunestyret fattar vedtak om evt. endring av krinsinndeling etter tilråding frå valstyret, evt. at valstyret har fått delegert mynde til å fatte vedtak direkte. Dersom vi ikkje ønskjer å endre krinsinndelinga vil det ikkje vere naudsynt å gjere noko i det heile, da blir inndelinga frå førre val nytta. Nå er vi i ein situasjon der den nye kommunen skal gjennomføre valet neste haust. Vi veit at det vil bli endringar med omsyn til krinsar og krinsinndeling i dagens Ullensvang herad. Det er ein avklart situasjon vedr. Ullensvang herad sin del av Oksenhalvøya; det blir ein del av nye Voss herad. Så er det framleis ein uavklara situasjon på Bu med omsyn til kva som skjer med det området. Blir det ein del av Eidfjord kommune frå 2020 eller blir det verande i Ullensvang kommune? Her har fylkesmannen ikkje fatta vedtak enno. I tillegg er det mogleg å justere andre krinsgrenser i andre delar av den nye kommunen om fellesnemnda ønskjer dette. For å sjå på dette er det prosjektleiar si vurdering at fellesnemnda bør velje eit valstyre som kan gå inn i desse spørsmåla og evt. kome med tilråding til fellesnemnda med omsyn til krinsinndeling ved valet neste haust. Då vil fellesnemnda, i sitt neste møte 09.11.2018, kunne få ei sak der krinsinndelinga er gjennomgått og som det kan fattast vedtak om. Vi vil då vere ute i god tid til før fristen frå KMD som er 01.12.2018. Hovudarbeidsgruppa som har sett på politisk organisering har i sitt framlegg eit forslag om eit valstyre med 5 medlemer frå formannskapet (ordførar + 4 medl.). Nå er vi i den situasjonen at vi ikkje har eit formannskap for Ullensvang kommune, så vi kan ikkje utan vidare nytte denne malen. Fellesnemnda står difor fritt til å setje saman eit valstyre slik fellesnemnda finn det best. Prosjektleiar sitt framlegg inneheld ikkje namn på medlemer og har heller ikkje vurdert tal medlemer. Prosjektleiar har i si tilråding heller ikkje teke stilling til systemet for varamedlemer (rekke/ personlege/ per kommune etc.). Dagens kommunelov slår i 36 fast prinsippet om kjønnsrepresentasjon. Dersom valet blir gjennomført som avtaleval skal det vere slik kjønnsrepresentasjon: 2-3 medlemer: kvart kjønn skal vere representert 4-5 medlemer: kvart kjønn skal vere representert med minst 2 medlemer 6-8 medlemer: kvart kjønn skal vere representert med minst 3 medlemer 9 medlemer: kvart kjønn skal vere representert med minst 4 medlemer >9 medlemer: kvart kjønn skal vere representert med minst 40% av medlemene
Varamedlemer skal følgje same prinsipp. Saka skal ekspederast av: Partsbrev skal sendast til: Sakshandsamar Alle relevante partar Arkiv
Arkiv: K1-14 Arkivsak ID: 18/1011-1 Journalpost ID: 18/13536 Saksh.: Harald Grande jr Dato: 31.08.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 037/18 kommune Planprogram - Ny kommuneplan for Ullensvang kommune Dokumentnr Tittel 368260 Planprogram Ullensvang kommune 368261 Vedlegg planprogram - Grunnlag for utarbeiding av planprogram Prosjektleiar si innstilling til vedtak: I samsvar til plan- og bygningslova 11-1 og 11-13 vert planprogram for ny kommuneplan for Ullensvang kommune lagt ut til offentleg ettersyn. Bakgrunn for saka: I samband med samanslåinga av Odda og Jondal kommunar og Ullensvang Herad den 01.01.2020 har vi starta arbeidet med ein felles kommuneplan for nye Ullensvang kommune. Arbeidet vert leia av koordinert arbeidsgruppe for kommuneplan, som styrer ei prosjektstilling dedikert til kommuneplanen. Ein kommuneplan er eit overordna politisk styringsverktøy for heile kommunen, som tar føre seg alle samfunnstilhøve og samfunnsoppgåver kommunen har. Planen er delt i tre delar; ein samfunnsdel, ein arealdel og ein handlingsplan. I første omgong skal det fokuserast på samfunnsdelen, som legg dei overordna strategiane og stadfester kommunen sine satsingsområder i eit 16 års perspektiv. I den forbindelse er det utarbeida eit planprogram, som er eit førebuande dokument for arbeidet. Planprogrammet skal seie noko om føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utgreiingar. Dokumentet skal med andre ord skapa eit godt grunnlag for arbeidet som skal gjerast. I første omgang skal samfunnsdelen utarbeidast. Den er ikkje juridisk bindande, men skal fastsetje overordna mål og strategiar for kommunen og slå fast retningslinjer for korleis ein skal nå måla.
Planprogrammet blir no teke opp til 1. gongs handsaming og skal sendast ut på høyring før det vert teke opp til ny handsaming og endeleg stadfesting av Fellesnemda. Prosjektleiar si vurdering: Utarbeiding av planprogrammet Arbeidet vart starta i juni og har i stor grad vore ei kartlegging av dei tre kommunane og arbeidet til dei mange tverrkommunale arbeidsgruppene, som er oppretta i samband med samanslåinga. Under kartlegginga vart kommunen sine samfunnsområde delt opp i tema som synt i vedlegg 1. Ut frå kva ein fann vart det vald tre hovudsatsingsområder for kommuneplanarbeidet: Bustadsamansetning, Kultur og reiselivssatsing og næringstilrettelegging. Temaa som er valt blir som ein rød tråd gjennom kommuneplanarbeidet og vil leggja premisser for andre store tema som for eksempel samferdsel, oppvekst og helse. Ein har heller ikkje tatt opp vanlege tema som folkehelse, miljø og universell utforming, då temaa går innunder hovudtemaa som er valt. Planprogrammet har blitt utarbeida på kort tid og i ein periode der mange er på ferie. Det har derfor vore utfordrande å få inn naudsynt bakgrunnsinformasjon. Prosjektleiar meiner likevel at resultatet er godt og at hovudmåla som er satt speglar behova den nye kommunen vil få inn i neste kommuneplanperiode. Ein må likevel vere open for at utgangspunkta kan endrast. Å lage ein kommuneplan for tre kommunar, som skal bli ein, er utfordrande og uføresette tilhøve vil kome fram gjennom prosessen. Hovudtankar og ønska resultat Prosjektleiar sine hovudmål for kommuneplanarbeidet er å lage ein plan som er enkel å følgje og som gjev klåre prioriteringar for den nye kommunen i årane som kjem. Planprosessen og endeleg resultat skal vere enkelt å forstå for alle og gi innsikt og tryggleik for korleis kommunen skal utvikle seg framover. Planen skal gjere tøffe prioriteringar og klårt vise kor kommunen
satsar og kva som blir nedprioritert. Tankane som ligg til grunn for alle vurderingar til samfunnsdelen vil vere: - Å skape vekst i kommunen både gjennom verdiskaping, tilflytting og livskvalitet. - Å skape føreseielegheit for innbyggjarane og at dei enkelt kan forstå og forutsjå framtida til kommunen og bygda si. - Å satsa der det gagnar flest mogleg, spesielt barn og unge. - At måla og prioriteringane som gjerast skal vere bærekraftige, miljøbevisste og gjennomførbare. - Å vurdere alle tiltak og mål opp mot folkehelse. Vegen vidare I høyringsperioden vil vi starte prosessen med å finne ein visjon og nytt kommunevåpen for nye Ullensvang kommune. Det vil bli gjennomført eit arbeid i skulen, som vert ført vidare til folkemøte i alle skulebygder. Her ynskjer vi at politikarane skal vere med på medverknadsarbeidet. Det kjem meir informasjon i løpet av oktober. Det må og jobbast tett opp mot dei forskjellige arbeidsgruppene for å kartlegge behova samfunnet har og korleis vi skal leggje opp medverknadsarbeid mot kommunen sine ulike målgrupper. Når høyringsperioden er over, vert planprogrammet teke opp til endeleg stadfesting der Fellesnemda blir oppdatert på arbeidet. Det er eit mål at samfunnsdelen med tilhøyrande handlingsplan skal vere klar for endeleg godkjenning i første kommunestyre i nye Ullensvang kommune. Då vil den nye kommunen ha eit overordna styringsverktøy som gjev føreseielegheit og effektiv styring frå dag ein. Konklusjon: Planprogrammet legg eit godt grunnlag for arbeidet vidare med kommuneplanen for nye Ullensvang kommune. Prosjektleiar tilrår at planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn slik det no ligg føre.
Arkiv: K2 - C00 Arkivsak ID: 18/1016-1 Journalpost ID: 18/13445 Saksh.: Else Marie Sandal Dato: 29.08.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 038/18 kommune Rammeplan for kulturskulen for Ullensvang kommune Dokumentnr Tittel 367196 Rammeplan for kulturskulen Prosjektleiar sitt for forslag til vedtak: «Rammeplan for kulturskolen. Mangfald og fordjuping» utarbeida av Norsk kulturskoleråd, vert vedteken og innført, med naudsynte lokale tilpassingar, for vidare drift og utvikling av kulturskulen i Ullensvang kommune. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, Saka gjeld: I denne saka vert det lagt forslag om at «Rammeplan for for kulturskolen, Mangfald og fordjuping» vedteken av Norsk kulturskoleråd, vert lagt til grunn for vidare drift og utvikling av kulturskulen i Ullensvang kommune. Norsk kulturskoleråd tilrår at den nasjonale rammeplanen vert forankra og implementert i den enkelte kulturskule. Kommunen kan fatta vedtak om å legge rammeplanen til grunn for si kulturskuleverksemd. Eit slik vedtak vil også gje kommunen moglegheit til å delta i Norsk kulturskoleråd si nasjonale vegleiingsordning Denne vegleiingsordninga har som målsetjing at kulturskuleeigar og tilsette i kultruskulen utviklar ein kultur for kontinuerlig utviklingsarbeid med vekt på læring, kompetanse og danning, både for den enkelte kulturskule og for kulturskulen som fellesskap. Dette skal skje gjennom auka kompetanse og auka forståing for Rammeplan for kulturskolen som reiskap for utviklingsarbeidet.
Kommunen som skuleeigar har ansvar for at kulturskulen sitt tilbod fyller nasjonale føringar gitt i rammeplanen. Ansvaret for implementering av rammeplanen i kulturskulen og utarbeiding av lokale læreplanar vert plassert hjå skuleeigar og skuleleiar. Sidan 1997 har kulturskulane vore heimla i Opplæringslova 13-6: Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk-og kulturskoletilbod til barn og unge organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles. Bakgrunnen for utarbeidinga av ein felles nasjonale rammeplan for kulturskulen, er at det ikkje finnes eit nasjonalt politisk vedtatt rammeverk for kulturskulen slik det gjer for m.a. grunnskule og barnehage. Til hjelp for kommunane har derfor Norsk kultruskoleråd utarbeida «Rammeplan for kulturskolen-mangfald og fordjuping» Norsk kulturskoleråd beskriv rammeplanen som kulturskulen sitt kunnskapsløft. Kulturskolen skal gi alle elevar mogelegheit til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter i kunstfag gi alle elevar mogelegheit til å finne og formidle eigne kunst- og kulturuttrykk styrke elevane sin estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse styrke elevane si evne til kritisk refleksjon og til å gjere sjølvstendige val gi mogelegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanningi kunst- og kulturfag i samarbeid med skoleverket bidra til eit heilskapleg kunst- og kulturfagleg tilbod til alle barn og unge som lokalt ressurssenter medverke til å styrke kulturell kompetanse og utfalding i samarbeid med kulturlivet tilby kunst- og kulturfagleg støtte til opplæring og formidling til heile lokalsamfunnet Undervisninga i faga i kulturskolen blir organisert innanfor tre opplæringsprogram med ulik profil og målsetting: Breiddeprogrammet, Kjerneprogrammet og Fordjupingsprogrammet. Programma skalta vare på behovet for tilpassa opplæring og er graderte i høve til undervisningsmengde og krav til eigeninnsats. Det ligg eit stort fagleg-pedagogisk potensial i ei vidare utvikling av samvirket mellom individuell oppfølging og gruppeundervisning. Vurdering /drøfting: Rammeplanen for kulturskulen skal bidra til framleis utvikling, stabilitet og forsterking av kulturskulen si rolle i kommunen. Planen vil gje føreseieleg utvikling framover, bevisstgjering kring lærarrolla og sikra kvaliteten i arbeidet. Utan eit rammeverk er det lett for at kulturskulen sine tenestar vert vilkårlige, tilfeldige og særs personavhengige. Ein slik plan er med på å trygga kvaliteten i kulturskulen, og skapa faste rammer for tilsette og brukarane av kulturskulen..
Økonomiske konsekvensar: Vedtaket om å legga «Rammeplan for kulturskolen. Mangfald og fordjuping» til grunn for vidare drift og utvikling av Ullensvang kulturskule har ingen direkte drifts og investeringskostandar knytt til seg, ettersom dette er ein rådgjevande rammeplan. Det kan likevel kome driftsutgifter i samband med kompetanseheving og vegleiingstiltak i form av utgifter til reise/opphald for skuleeigar /tilsette. Saka sitt forhold til lovverk, planar og avtalar: Sidan 1997 har kulturskolane vore heimla i Opplæringslova: 13-6. Musikk- og kulturskoletilbud: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.» Samandrag/ konklusjon: «Rammeplan for kulturskolen. Mangfald og fordjuping» utarbeida av Norsk kulturskoleråd, vert vedteken og innført, med naudsynte lokale tilpassingar, for vidare drift og utvikling av kulturskulen i Ullensvang kommune. Saka skal ekspederast av: Partsbrev skal sendast til: Sakshandsamar Alle relevante partar Arkiv
Arkiv: K1-036 Arkivsak ID: 17/1779-7 Journalpost ID: 18/14368 Saksh.: Ragnvald Joakimsen Dato: 13.09.2018 Nemnd / utval Møtedato Saksnr Fellesnemnd Ullensvang 20.09.2018 039/18 kommune Samanslåing av to politiske og ei administrativ hovudarbeidsgruppe Prosjektleiar sitt forslag til vedtak: Dei politiske gruppene "Kultur og identitet" og "Innbyggarinvolvering i samanslåingsprosjektet" og den administrative gruppa "Kultur og innbyggarinteraksjon" vert slått saman til ei koordinert gruppe. Den nye gruppa vil ha ni medlemmar, tre politikarar, tre administrativt tilsette og tre tillitsvalte. Gruppa får namnet "Kultur og innbyggjarinteraksjon". Som politiske medlemer vert følgjande personar valde: 1. 2. 3. Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl, Saksbehandlar: Arnved Lund Saka gjeld: Slå saman dei politiske gruppene «Kultur og identitet» og «Innbyggarinvolvering i samanslåingsprosjektet» med den administrative gruppa «Kultur og innbyggarinteraksjon» til ei koordinert gruppe. Dei to politiske arbeidsgruppene har overlappande ansvarsområde med den administrative, og dei har samarbeidd i fase 2. Sidan gruppene har samarbeidd til no, og sidan me skal over i ein
ny fase vil det vera hensiktsmessig å slå saman dei tre gruppene til ei. Den nye gruppa vil ha ni medlemmar, tre frå kvar av politikarane, administrativt tilsette og tillitsvalte. Utgreiing Innanfor kulturfeltet er den viktigaste oppgåva, ved sidan av å slå saman tenestene, å utarbeide strategiar, planar og retningsliner. Det er eit arbeid kor både politiske og faglege vurderingar er viktig. Å få til eit godt samspel mellom politikk og administrasjon vil styrke arbeidet. I rapporten etter fase 2 har den administrative hovudgruppa for kultur og innbyggarinteraksjon kome med framlegg til framtidig struktur og organisering. For innbyggarinvolvering vil det viktigaste arbeidet vera å koordinera og å vera ein pådrivar. Noko involvering er gjennomført, til dømes på kultur og næring, og det er planlagt innbyggarinvolvering i kommuneplanarbeidet. Å gjennomføra innbyggarinvolvering kan vera ressurskrevjande og den politiske arbeidsgruppa «Innbyggarinvolvering i samanslåingsprosjektet» har trong for administrativ støtte. Ved å etablera ei koordinert gruppe vil den utfordringa vera løyst. Det må lagast ein strategi på innbyggarinvolvering som byggjar vidare på det fellesnemnda har vedteke i kommunikasjonsplanen. Vidare er det opp til dei ulike arbeidsgruppene, i samarbeid med prosjektleiar og arbeidsgruppa, å bestemma kva det skal vera innbyggarinvolvering i. Saka skal ekspederast av: Partsbrev skal sendast til: Sakshandsamar Alle relevante partar Arkiv