Politisk og administrativt sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Ingo Bewer 2017/30-15 «REF» 09.05.2018 Dispensasjon for 191/73 - Reguleringsplan bustadfelt Sandvikjo - Halsnøy Kloster - Halsnøy Trelast AS Kvinnherad forvaltningskomite hadde saka føre i møte 02.05.2018 med vedtak nr 2018/62. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Då saka gjeld dispensasjon etter plan- og bygningslova (pbl) kap 19, vert kopi av vedtaket også send til berørte regionale og statlege styresmakter for eventuell klagevurdering. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka: http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/registryentry/case?caseid=53761 Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtaket. Vi viser også til pbl 21-9 om at eit dispensasjonsløyve fell bort etter 3 år dersom tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Kopi til: Ingo Bewer Per Inge Naterstad Mottakarar: Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Statens Vegvesen, Region Vest Askedalen 4 6863 Leikanger
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/30-11 Ingo Bewer Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2018/62 Forvaltningskomiteen 02.05.2018 Dispensasjon for 191/73 - Reguleringsplan bustadfelt Sandvikjo - Halsnøy Kloster - Halsnøy Trelast AS Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev midlertidig dispensasjon for bustadeigedom for del av 191/73 i gjeldande plankart for reguleringsplan Sandvikjo Halsnøy Kloster, frå den 22.02.01 (planid.: 19980006), slik at reg.planen sin byggjegrense på plankartet mot felles internveg vert plassert inntil 3,4 m frå vegkanten og byggjegrense opp mot Fv 544 kan reduserast med 1,6 m mot senterlinje. Det var i.h.t. dette også dispensert frå føresegner sin 2.5 og 4.1.3. Ein midlertidig dispensasjon blir godkjent og byggjetiltak kan omsøkjast og handsamast. Løyve er heimla i pbl 19-3 då omsyna bak planen vert på ingen måte tilsidesett, og fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene. Det kan difor gjevast midlertidig dispensasjon frå kart og føresegner under følgjande vilkår: Den midlertidige dispensasjonen gjelder bare inntil nye byggegrenser vert endeleg fastsette ved endring av reguleringsplan. Kvinnherad forvaltningskomite gjev dessutan dispensasjon frå pbl. 1-8 fom forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag, for bygging på 191/73. Før tiltaket kan igangsettjast må det vera omsøkt og gjeve løyve etter Plan- og bygningslova. Behandling i Forvaltningskomiteen den 02.05.2018 Inhabil: Hilde Kjelstrup (adm.) nabo. Trer frå under behandling av saka. Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 02.05.2018 Kvinnherad forvaltningskomite gjev midlertidig dispensasjon for bustadeigedom for del av 191/73 i gjeldande plankart for reguleringsplan Sandvikjo Halsnøy Kloster, frå den 22.02.01 (planid.: 19980006), slik at reg.planen sin byggjegrense på plankartet mot felles internveg vert plassert inntil 3,4 m frå vegkanten og byggjegrense opp mot Fv 544 kan reduserast med 1,6 m mot senterlinje. Det var i.h.t. dette også dispensert frå føresegner sin 2.5 og 4.1.3. Ein midlertidig dispensasjon blir godkjent og byggjetiltak kan omsøkjast og handsamast. Løyve er heimla i pbl 19-3 då omsyna bak planen vert på ingen måte tilsidesett, og fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene. Det kan difor gjevast midlertidig dispensasjon frå kart og føresegner under følgjande vilkår:
Den midlertidige dispensasjonen gjelder bare inntil nye byggegrenser vert endeleg fastsette ved endring av reguleringsplan. Kvinnherad forvaltningskomite gjev dessutan dispensasjon frå pbl. 1-8 fom forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag, for bygging på 191/73. Før tiltaket kan igangsettjast må det vera omsøkt og gjeve løyve etter Plan- og bygningslova. Saksutgreiing: Mottatt: 05.02.18 og 07.02.18 Søkjar Halsnøy Trelast AS gjennom Tormod Fossheim Rådgjeving Arealstatus og strandsone Området er omfatta av reguleringsplan Sandvikjo Halsnøy Kloster, frå den 22.02.01 (planid.: 19980006). Dessutan også ein eldre trafikksikringsplan frå den 07.02,2008 (planid.: 20070005) og kommunedelplan for Halsnøyområdet som er frå den 25.09.2008. I kommunedelplan vart reg.planområdet startfester som området som er untatt frå rettsvirknad fordi tidlegare plan fortsatt skal gjelde. Trafikksikringsplanen er stortsett (med små unntak) i trå med eldre omtalte reg. plan (planid.: 19980006). Omsøkte tiltak liggjar der i eit området med føremålet bustader med byggjegrense frå intern fellesveg og Fylkesveg. Det har blitt forsømt å tildele byggjegrense mot sjøen. Det er difor viktig å klarere også dispensasjon frå pbl. 1-8. Om søknaden, eigedom og arealstatus: Reguleringsplanen er godkjent i 2001. Tiltakshavar søkte om midlertidig dispensasjon etter pbl. 19-3. Dispensasjonssøknad innebærer difor ein dispensasjon frå reg.plan kartet, da den visar ein anna byggjegrense frå internveg og frå fylkesveg. Ein søkjer om dispensasjon der byggjegrense vert plassert ca. 3,4 m frå felles
internveg (vegkant), og 1,6 m nærmare senterlinje til FV 544 ( frå 18.1m til 16,5 m). Dispensasjonen innebærer ingen større inngrep i naturmiljøet eller medfører irreversible forandringar i gjeldande planområdet, særleg da den holdar seg i eit areal med føremål for bustadbygging.. Type tiltak: Oppføring av 2-mannsbustad, jf søknad dagsett 02.01.2017, saksmappe 2017/30. Tiltaket vert omsøkt plassert inntil 3,4m frå internveg og 1,6m nærare senterline fylkesveg enn byggegrensa i reguleringsplanen viser. (Sjå vedlagte situasjonsplan, Vedlegg 3.2. NB: Etter bygging av gang og sykkelveg/omlegging av fylkesvegen er avstand frå byggegrense til senterline Fv vorten endra i høve til opprinneleg reguleringsplan. No: 18,1m; oppr.: 20m. Sjå også vedlegg 3.3 Opprinneleg reguleringsplan) Veg, vatn og avløp. Tiltakshavar søkjar om dispensasjon frå byggjegrense i plankart og føresegner 2.5 og 4.1.3 til reguleringsplanen. Vatn og avlaup er reglementert gjennom føresegner sin 2.9. Vegtilkomst og parkering er reglementert gjennom føresegner sine 4.1.2 og 4.1.3. Dispensasjon frå byggegrensene får ikkje konsekvensar for veg, vatn og avløp. Aktuelle lovheimlar. Det omsøkte tiltaket krev dispensasjon frå pbl. 1-8 og etter 19-3. Pbl. 1-8 (Forbod mot tiltak mv. Langs sjø og vassdrag) ettersom naustområdet er i detaljreguleringsplankartet ikkje vist med byggjegrense mot sjøen. Pbl 1-8 seier at: I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det tas særlig hensyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.( ) Forbudet etter andre ledd gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, jf. 11-9 nr. 5 og 12-7 nr. 2.( ). Pbl. 19-2 ettersom arealet er i detaljreguleringsplankartet vist med ein utnyttingsgrad på BYA 17%. Pbl 19-3 seier at: Midlertidig dispensasjon kan gis tidsbestemt eller for ubestemt tid. Ved dispensasjonstidens utløp eller ved pålegg må søkeren uten utgift for kommunen fjerne eller endre det utførte, eller opphøre med midlertidig tillatt bruk, eller oppfylle det krav det er gitt utsettelse med, og hvis det kreves, gjenopprette den tidligere tilstand. Dispensasjon kan gjøres betinget av erklæring der også eier eller fester for sin del aksepterer disse forpliktelser. Erklæringen kan kreves tinglyst. Den er bindende for panthavere og andre rettighetshavere i eiendommen uten hensyn til når retten er stiftet og uten hensyn til om erklæringen er tinglyst.
Kulturminne Ein er ikkje kjent med registreringar i området. Området har etter kulturminneloven ingen form av vernestatus. Området er tatt i bruk og kulturminneloven gjelder uansett. Naturmangfald: Tiltakets plassering er i tilknyting til ein etablert planområde og innebærer ingen større inngrep i naturmiljøet som ikkje er vurdert i gjeldande reg.plan. Dispensasjonen er ikkje i trå med vegnormer og byggjegrense i eksisterande reguleringsplan men går ikkje ut over arealet sine grenser og/eller føremål. Uttale frå private, statlege/regionale myndigheiter Ingen av naboar har komet med merknader. Dispensasjonssøknad kan gjerast med uttale frå både Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen. Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen har fått saksframlegg til dispensasjonshandsaming til uttale. Dispensasjonssøknad har vore til uttale hos den kommunale seksjonen park og veg v/ Per Inge Naterstad der han meine i sitt brev frå den 05.02.18: ( )Tre meter frå vegkant er tett på vegen men i og med att det ikkje tek sikt, er til hinder for drift av vegen, og att ein har låg fart og trafikk så kan vi nokk tilrå ei byggjegrense på 3 meter mot vegkant på denne. Eg kan heller ikkje sjå problem opp mot FV om denne grensa vert endra i og med att G/S er bygd. Men berre for å ha sagt det, dette er tett opp mot veg og ein må i det lengste prøva å ha litt meir rom i framtidege planar.( ) Statens vegvesen hadde ikkje merknader men skriver i sitt brev frå den 13.03.18: «( )Statens vegvesen har ikkje merknadar til at det vert bygd med ein avstand på 16,5 m til fv. 544, som er 1,6 m innanfor den regulerte byggjegrensa på 18,1 m. Me ynskjer likevel å understreke uttalen til den kommunale seksjonen Park og veg. Det er planlagt å byggja tett opp mot veg, men på bakgrunn av fylkesvegen sin rette kurvatur kan det godtakast i dette tilfellet. Likevel er det svært viktig at grunneigarar vedlikehalder siktsonene i avkøyrsla som kryssar gang- og sykkelvegen. Det kan ikkje krevjast erstatning for skadar og ulemper som følgje av at bygningen/innretninga ligg nær fv. 544.( )». Statens vegvesen sin uttale ynskjer rådmannen vidareformidla til orientering. Fylkesmannen har valgt å ikkje uttale seg til dette. Fylkesmannen og Statens vegvesen får saka etter behandling i Forvaltningskomiteen til klagevurdering med ca. 3 vekers frist. Vurderinga: Dispensasjonsaken innebæra ingen store arealmessige konsekvenser. Det vart søkt om om dispensasjon der byggjegrense vert plassert ca. 3,4 m frå felles internveg (vegkant), og 1,6 m nærmare senterlinje til FV 544 (frå 18.1 m til 16,5 m) og frå føresegner sin 2.5 og 4.1.3.. Endringa vil ikkje ha negativ verknad på omkringliggjande området i.h.t. helse, miljø eller sikkerheit siden den følgjar byggje- og arealmessig gjeldande reguleringsplanen. Kvinnherad forvaltningskomite gjev dessutan dispensasjon som er heimla i pbl. 1-8 for tiltak i strandsone i.h.t. deler av eigedom 191/73 som bygging tomannsbustad på eigedom. Før tiltaket kan igangsettjast må det vera omsøkt og gjeve løyve etter Plan- og bygningslova. Utbyggingsføremål av området er elles i samsvar med reguleringsføresegnene + kart. Rådmannen meiner at ein kan gi midlertidig dispensasjon jf. plan- og bygningslova. Saka har vore send på høyring til berørte mynde og alle naboane har blitt varsla. Ingen av naboar har komet med merknader. Merk: Ved positivt vedtak sendast saksframlegg i.h.t. klagebehandling til Fylkesmannen, Statens vegvesen og Fylkeskommune med ca. 3 vekers frist.
Vedlegg (2017/30): 1. Gjeldande reg.plan kart; 2017/30 8, vedlegg 4 2. Gjeldande reg.plan føresegner; 2017/30 8, vedlegg 6 3. Søknadsbrev; 2017/30 8, vedlegg 2 4. Situasjonskart; 2017/30 8, vedlegg 3 5. Kvitteringar nabovarsel; 2017/30 8, vedlegg 8 6. Merknad Kvinnherad kommune veg og park; 2017/30 9 7. Merknad Statens vegvesen; 2017/30 13 Til Klagevurdering: Fylkesmannen i Hordaland; fmhopostmottak@fylkesmannen.no Per Inge Naterstad; per.inge.naterstad@kvinnherad.kommune.no Statens Vegvesen; firmapost-vest@vegvesen.no Kopi til: Halsnøy Trelast A/S v/ Kjell Ståle Tofte; kjells@htrelast.no Tormod Fossheim rådgjeving; tormodfossheim@gmail.com