OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORVALTNINGSSTYRE Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 16.10.2003 Tid: 13.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0201/03 03/00571 2. GONGS BEHANDLING - REGULERINGSPLAN STORHAUGEN, LEPSØY. OMDISPONERING AV DEL FRÅ HYTTER TIL BUSTAD 3485 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 13.10.2003 Ordførar Rådmann
MØTEBOK 2. GONGS BEHANDLING - REGULERINGSPLAN STORHAUGEN, LEPSØY. OMDISPONERING AV DEL FRÅ HYTTER TIL BUSTAD Saksbehandler: Asle J. Andås Arkiv: GEO P9801.01 Arkivsaksnr.: 03/00571 Saksnr.: Utval Møtedato 0111/03 Os Forvaltningsstyre 21.08.2003 0201/03 Os Forvaltningsstyre 16.10.2003 Framlegg til vedtak/tilråding: I medhald av 27-2 i plan- og bygningslova godkjenner kommunestyret endring av reguleringsplan for Storhaugen, Lepsøy, dater 23.05.03, revidert 08.10.03, med tilhøyrande reguleringsføresegner, revidert i samsvar med nedanforståande punkt. Endringa gjeld omdisponering av portnerbolig og leilighetsbygget frå fritidsbustad til heilårsbustad. Følgjande punkt skal rettast/ leggjast inn i føresegnene til planen: Pkt. 2.3 og 2.5: B1, B3 og B4 skal rettast til B1, B2 og B3 Pkt. 2.5: Hyttene kan bestå av hovudhytte + aneks skal rettast til Hyttene kan bestå av hovudhytte + aneks, krav til maks BRA lik 80 m2 på hovudplanet, ekskl. balkong og overbygd terasse/inngangsparti, gjeld då for summen av BRA for hovudhytte og aneks. Pkt. 2.7 utgår og blir erstatta av følgjande punkt: Det kan ikkje gjevast innflyttingsløyve i heilårsbustad før vegar m/ veglys, fortau, felles gangveg og felles parkeringsareal er ferdig opparbeidd og asfaltert, samt at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg med utslepp og overvassanlegg er ferdig opparbeidd og alt saman er godkjent av eining for kommunalteknikk. Nytt pkt. 2.8: Felles gangveg med breidde på 2,0 meter etablerast frå hovudveg og opp i utbyggingsområdet som vist i reguleringsplanen. Gangvegen skal vera tilgjengeleg for almen ferdsel. Pkt. 3.8, siste punkt: Tillegg: Det er ikkje høve til å tynna eller hogga meir av vegetasjonen i området før det er utarbeida og godkjent eigen plan for dette av kommunen. (Pkt. 3.13) Pkt. 4.2 bør gå ut og pkt. 4.3 blir då punkt 4.2 (sjå elles forslag til nytt punkt 2.8) Os, 10.10.03 Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
Vedlegg: 1.0 Oversendingsbrev dat. 08.10.03 1.1 Framlegg til reguleringsplan, dat. 23.05.03 rev. 08.10.03 1.2 Framlegg til reviderte reguleringsføresegner dat. 10.10.03 1.3 Framlegg til reguleringsføresegner frå tiltakshavar rev. 08.10.03 1.4 Kommentar til merknader ste. 08.10.03 2.1 Barnetalsmannen dat. 09.09.03 2.2 Statens vegvesen dat. 10.09.03 2.3 Os Eldreråd dat. 25.09.03 2.4 Hordaland Fylkeskommune, kommunesamarbeid dat. 03.10.03 3.1 Lola og Bjørn Haugland dat. 01.10.03 3.2 Einar Engelsen dat. 02.10.03 3.3 Adv.firma Harris pva. Ytterosens Venner dat. 03.10.03 3.4 Tilleggsbrev frå Einar Engelsen dat. 06.10.03 Eige vedlegg: Framlegg til reguleringsplan, dat. 23.05.03 rev. 08.10.03 Saksopplysningar: 1. GENERELLE OPPLYSNINGAR Området ligger sør for Blindasundet og Riddarhaugveien. Reguleringsområdet grensar inn til eksisterande reguleringsplan for Lepsøyvegen, parsell Falkavegen Kongshaug. Området er vist som byggeområde for hytter i ny arealplan. Området er regulert til byggeområde for fritidsbebyggelse, godkjent av kommunestyret i 2001. Tiltakshavar ønsker nå å omregulere eksisterende bygg A og D2 (leilighetskompleks og portnerbolig) til heilårsbustad/ leilighet. I tillegg er eksisterande villa tatt vekk og erstatta i planen av ein mindre fritidsbustad, som del av område B3. Det er gjort mindre endringar når det gjeld plassering av parkering, det er òg vist plass til garasje for heilårsbustadene. For øvrig er det store byggjeområde delt opp, slik at byggjeområda er redusert til det som skal byggjast ut og resten av området er vist som fellesområde. Tidlegare bebyggelsesplan er bakt inn i det nye framlegget til reguleringsplan. Forvaltningsstyret i Os (det faste utvalet for plansaker) vedtok i møte 21.08.03, sak 0111/03, å leggja overnemnde reguleringsplan ut til offentleg ettersyn. Planen låg ute til offentleg ettersyn frå 03.09.03 til 03.10.03. Det kom inn 4 offentlege fråsegn og 3 private merknader. 2.0 OFFENTLEGE FRÅSEGN 2.1 Barnetalsmann ber om at det vert tatt med i føresegnene at leikeområda er ferdig planert og sikra med gjerde der det er naudsynt, før innflytting. Han vil på det sterkaste anbefala at det vert opparbeida fortau langs tilkomstvegen. Kommentar: Det er lagt inn ein felles gangsti gjennom området. I tillegg skal leikeområdet vere planert og tilrettelagt før innflytting kan godkjennast. Side 3 av 6
2.2 Statens vegvesen har ingen vesentlege merknader til framlegg til endring av planen. 2.3 Os Eldreråd er positiv til at delar av området blir endra frå fritidsbustader til heilårsbustader. Dei ber utbyggjar vurdere om nokre bustader skal vere for eldre i ei eller anna form. 2.4 Hordaland Fylkeskommune, kommunesamarbeid peikar på at kanskje heile planen burde vore revurdert med tanke på endra arealbruk. Dei peikar òg på mogeleg konflikt i høve eit stort antal fastbuande midt i eit område for fritidshus. Elles ser dei ikkje at planen vil berøre regionale interesser i særleg grad. 3.0 PRIVATE MERKNADER 3.1 Lola og Bjørn Haugland krev at det ligg føre ein skriftleg avtale om vedlikehald og brøyting før tilkomstvegen vert nytta som tilkomstveg for heilårsbustader. Dei krev at vegen vert rusta opp med asfalt, fortau og veglys då utbyggar har øydelagt eksisterande veg. Dei minner om krava som er stilt til utslepp og ber om at kommunen føl opp dette. Kommentar: Utbyggar bekreftar at dei vil inngå ein slik avtal om vedlikehald og brøyting. Dei bekreftar òg at Fylkesmannen sitt krav til utslepp vil være oppfylt før dei nye heilårsbustadene blir tatt i bruk. 3.2 Einar Engelsen påstår at endring av bruken av området vil medføra auka støy og ulemper for omkringliggande naboar. Han ber Forvaltningsstyret avvise forslag til endring av planen. Alternativt ber han om at antall hytter blir redusert, og at området B1 blir tatt ut av planen. Han gjer òg merksam på at dei har brønn som kan bli øydelagt dersom det vert tillatt sprengning i samband med ev. utbygging av felt B1. Når det gjeld den foreslåtte nye hytta i felt B3, ber han om at denne blir plassert der den gamle villaen stod og at det blir ei fin og låg hytte. Han minner òg om krava som er stilt til utslepp og ber om at kommunen føl opp dette. Han peikar på ein del feil på kartet, blant anna står det i føresegnene nemnt eit område B4, dette er ikkje vist på kartet. Han ber om at det blir presisert at omdisponering gjeld kun portnerbolig og leilighetene og ikkje hyttene. Han kan ikkje akseptere at det kan leggjast til rette for fortøyning i fjell i foreslåtte friområde til sjø. Kommentar: Det er presisert i framlegg til vedtak kva delar som skal omdisponerast. Når det gjeld privat brønn er dette eit privatrettsleg tilhøve. Utbyggjar bekreftar at Fylkesmannen sitt krav til utslepp vil være oppfylt før dei nye heilårsbustadene blir tatt i bruk. Det er ikkje noko felt B4 i planen, det er foreslått at føresegnene blir retta opp. 3.3 Adv.firma Harris pva. Ytterosens Venner viser til den lange forhistoria dette området har. Han peikar på dei føringane som er gitt av Fylkesmannen som går på strandsona og å bevare dette og det sterke grøntdraget. Han viser særleg til Fylkesmannen sin uttale av 07.07.99. Han forutsetter at kommune foretar ei nøye og fullstendig oppsummering av tidlegare vedtak. Han har ikkje prinsipielle innvendinger til at byggeområde A blir omgjort til heilårsbustader. Derimot er han sterkt imot å utvide område B3 med ei ny hytte. I tillegg ber han om at område B1 vert redusert ved at hytte nr. 30 utgår. Han påstår at tiltakshavar har nærmast starta ei øydelegging av landskapet, gjennom ukontrollert nedhogging av den verdifulle vegetasjonen på eigedomen. Han ønskjer at kommunen strammar opp dette og legg inn eit punkt i føresegnene som vernar skogen fram til det vert utarbeida og godkjent ein eigne fritidsverneplan. Han kan ikkje akseptere at det kan leggjast til rette for fortøyning i Side 4 av 6
fjell i foreslåtte friområde til sjø. Han ber om at det blir presiert at anneks skal reknas med i BRA for kvar enkelt hytte. Tilslutt meiner han at pkt. 2.7 i føresegnene bør gå ut. Kommentar: Denne saka er ein søknad om endring av ein godkjent reguleringsplan, det som angår endringa må vurderast, men etter kommunen si vurdering er ikkje naudsynt å ta opp heile forhistoria for gjeldande reguleringsplan. Det er foreslått å ta med eit tillegg i føresegnene til pkt. 3.13 som Det går på vern av vegetasjonen i området til det er utarbeida og godkjent eigen plan for dette av kommunen. Når det gjeld anneks er dette òg forsøkt lagt inn i føresegnene og pkt. 2.7 går ut. 4.0 VURDERING Det er lagt inn felles leikeområder i planen. Det er òg lagt inn felles gangveg gjennom området. Det er litt uklart om dette er ein privat fellesveg (som vist i planen) eller ein offentleg gangveg (som omtalt i føresegnene). Gangvegen har ei breidde på 1,5 til 2,0 meter og tilfredsstiller såleis ikkje kommunal standard for gangveg. Gangvegen bør ligge som ein felles gangveg, men vere open for allmenn ferdsel, føresegnene bør rettast i samsvar med dette. Når det gjeld krav til utslepp og opprustning av tilkomstveg, kan det leggjast inn ein rekkefølgje-bestemmelse i reguleringsføresegnene som seier at det ikkje er aktuelt å gje innflyttingsløyve til heilårsbustader før overordna kommunaltekniske anlegg er på plass og godkjent av kommunen. Når det gjeld tynning og hogging av vegetasjon på eigedomen er det sett krav om eigen plan for dette. Tiltakshavar har ikkje utarbeida ein slik plan, det er no på høg tid at dette vert stramma inn. Det er foreslått ei presisering i føresegnene som seier at det ikkje er høve til å tynna eller hogga meir av vegetasjonen i området før det er utarbeida og godkjent eigen plan for dette av kommunen. I føresegnene pkt. 5.1 står det: I friområde sjø kan det legges til rette for fortøyning i fjell. Dette er eit punkt som står i gjeldande plan og skulle vera til allmenn bruk for å opna området for at dei som var ute med båt, kunne gå i land. Utbyggar har ikkje tidlegare vore så ivrig etter å opna området, men har etter påtrykk frå kommunen akseptert at området er opna for allmenn ferdsel. Skal det tilretteleggast for fortøying i fjell er det vel mest aktulet i tilknytning til badehuset eller eksisterande brygge, der det går gangstigar ned til sjøen. I tilknytning til regulert friområde ved Blindasundet er det ikkje aktuelt å tilretteleggje for fortøyning då sjøområdet er regulert til trafikkområde i sjø. Det er elles ein fordel at planen viser klarare no enn før kva som er byggjeområde og kva som er fellesområde, som ikkje skal byggjast på. Forvaltningsstyret må vurdera om dei ønskjer at framlegg til endring av reguleringsplanen og føresegnene skal leggjast fram for Forvaltningsstyret på nytt etter at planen er retta opp, eller om planen skal gå rett vidare til Kommunestyret. Uansett er det ein forutsetning at planen skal rettast opp i samsvar med vedtak i Forvaltningsstyret. Os, 10.10.03 Side 5 av 6
Asle J. Andås Side 6 av 6