Prosjektplan Produksjonsskulen i Hordaland. Produksjonsskule Danning gjennom produksjon



Like dokumenter
Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Fleksibel opplæring innan fag- og yrkesopplæringa

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Eksempel frå Stord kommune

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Elev- og lærlingombod i HFK

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Retten til spesialundervisning

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Sogn lokalmedisinske senter

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

på vegne av barn og unge

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Spørsmålsrunde

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Strategi for kompetanseutvikling

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Yrkesfagleg grunnutdanning. eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Søking til skuleåret

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Transkript:

Prosjektplan Produksjonsskulen i Hordaland Produksjonsskule Danning gjennom produksjon

Innhald: 1 Hovudformål med tiltaket... 3 2 Prosjektmål... 3 3 Bakgrunn... 3 3.2 Visjon og verdigrunnlag... 4 3.3 Forankring... 4 4 Innhald og utforming... 4 4.1 Arbeidslivsdanning og programområde... 5 4.2 Målgruppe... 5 4.3 Omfang av ungdom utanfor... 7 4.4 Bemanning i produksjonsskulen... 8 4.5 Omfang og avgrensing... 9 5 Ressursberekning... 9 5.1 Kostnader/økonomi... 10 6 Risikovurdering... 10 7 Evaluering... 11 8 Tidsplan... 11 9 Organisasjon... 12 2

1 Hovudformål med tiltaket Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Produksjonsskulen skal medverke til varig reduksjon av ungt utanforskap gjennom samanhengande opplæringsløp i uavbroten kjede. 2 Prosjektmål Produksjonsskuledeltakarane skal klare å gjennomføre kompetansegjevande aktivitet etter eit opphald på Produksjonsskulen. 3 Bakgrunn Arbeidet med å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring er eit prioritert område for regjeringa. Det nasjonale prosjekt Ny GIV blei etablert hausten 2010 med varigheit ut 2013. Føremålet med prosjektet er auka gjennomføring i vidaregåande opplæring, m.a. gjennom delprosjekta Ny GIV overgang og Ny GIV oppfølging 1. Måla med prosjekta er å utvikle gode, systemretta og berekraftige tiltak i samarbeid med ungdomsskular, NAV og andre sosiale helse- og velferdstenester for å styrke overgangen for elevar mellom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, og å følgje opp, kvalifisere og motivere ungdomar som har falle ut av opplæringa, til å vende tilbake til ordinær opplæring eller arbeid, jf. Meld.st. 20 (2012-2013) På rett vei. I NIFU sin rapport «Å redusere bortvalg bare skolenes ansvar?» går det fram at årsakene til fråfall/bortval i vidaregåande opplæring er nyanserte og samansette. Skuletrøyttheit, feilval og psykiske problem er av dei årsaker som elevar oftast oppgir som grunn for bortval. Blant elevar som fell ut av skulen, finn vi mange som ikkje har tru på eigen evne til å lære, som har 1 Ny GIV oppfølgingsprosjektet har som overordna mål ei varig og samordna oppfølging av unge utanfor opplæring og arbeid. Oppfølginga må byggje på eit berekraftig, strukturert og målretta system for samarbeid om, og ein heilskapleg bruk av, felles verkemiddel. Ungdom utanfor ordinær opplæring og arbeid skal motiverast tilbake til vidaregåande opplæring eller til arbeid. 3

strevd med skulen frå dei var heilt unge og som ikkje har opplevd den meistring som er naudsynt for å halde ut vanskelege periodar i opplæringsløpet. Det har og vore formulert eit krav frå fleire hald at fylkeskommunen bør utvikle meir effektive og treffsikre verkemiddel retta mot målgruppa. Meir fleksible opplæringsløp har vore tilrådd, ei oppmjuking av 2 + 2 modellen, fleire tilbod om alternative opplæringsløp, samt å styrke innslag av praksis i arbeidslivet. Målet med utvikling av ein produksjonsskule i Hordaland er å etablere eit tilbod til ungdomar som ikkje har søkt vidaregåande opplæring, som står i fare for å falle ut eller har falt ut av skulen. Produksjonsskulen har som mål å styrke deira val i vidaregåande opplæring, styrke deira sosiale kompetanse, auke meistringsevna og setje ungdomane i betre stand til å vende tilbake og fullføre eit ordinært opplæringsløp. 3.2 Visjon og verdigrunnlag «Berekraftig utvikling for den enkelte og samfunnet» er visjonen for tiltaket. 3.3 Forankring I styringsdokumentet for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane i Hordaland 1013-15, vedteke i OPHE 12.02 i sak 16/13, er hovudmålet for all pedagogisk verksemd ved skulane «auka læringsutbytte og fullføring». Som del av dette er klasseleiing, vurdering og IKT definerte som avgjerande satsingsområde. Fylkestinget vedtok i sak 75/12 at vi i Hordaland skal ha 80 % gjennomføring i 2015. OPHE vedtok i sak 14/13 og fylkestinget i sak 1/13 at fylket skal etablere produksjonsskule etter dansk modell som eit av tiltaka for å lukkast. 4 Innhald og utforming Produksjonsskulen i Danmark er forankra politisk i produksjonsskulelova og blir finansiert av stat og kommunar. Ordninga kan såleis ikkje utan vidare overførast til norske forhold. Modellen i Hordaland tar utgangspunkt i aktiv deltaking i produksjon kombinert med naudsynt opplæring. Aktuelle fagutval i Hordaland fylkeskommune (FAU) skal saman med relevante opplæringskontor og organisasjonane inviterast til eit tett samarbeid om organisering og innhald i produksjonsskulen. 4

4.1 Arbeidslivsdanning og programområde Bedrifter som tar imot lærlingar, melder at mange potensielle lærlingar manglar sosial kompetanse naudsynt for å meistre arbeidslivet. Vi kallar det arbeidslivsdanning. Bedriftene kunne tatt imot fleire lærlingar dersom dette hadde vore ivaretatt betre. Hordaland fylkeskommune ved opplæringsavdelinga tek sikte på å utvikle tre programområde frå hausten 2014. Kva type arbeidsoppgåver som ein skal drive på kvar verkstad, vil vere avhengig av ei rekkje forhold, som m.a. marknad (kva kan ein få selt), geografisk plassering, type verkstad (ledige lokale), økonomi i prosjektet og investeringskostnader i samband med kjøp av maskiner og utstyr. Aktuelle område kan vere teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsfag og restaurant- og matfag. Tilrådd gruppestorleik er på inntil 15 deltakarar med i alt maksimalt 45 deltakarar til ei kvar tid det første året. Det skal vere mobilitet mellom programområda, dvs. at deltakarane kan prøve ut meir enn eitt område. Restaurant- og matfag kan ha ein produksjon for sal; kantine og tillaging av mat til fellesfrukost, som blir ein viktig del av den daglege aktiviteten på skulen. Teknikk og industriell produksjon og bygg- og anleggsfag er tradisjonelle yrkesfag som krev verkstad. I produksjonsskulen skal elevane delta i eit arbeidsfellesskap med produksjon som mål. Dei skal få grunnleggjande samfunnskunnskap, kjennskap til vanlege rutinar i arbeidslivet, styrke sin sosiale kompetanse og dyktiggjere seg på å gå vidare i utdanning. Produksjonsskulen vil vanlegvis ikkje ha integrert teoretisk undervisning, deltakarane kan få undervisning i grunnleggjande ferdigheiter i ein eigen pedagogisk verkstad. 4.2 Målgruppe Ein føresetnad for å ha rett til inntak til produksjonsskulen er at ungdomen har rett til vidaregåande opplæring etter Opplæringslova 3-1, 1. ledd. Innsøkjande instans skal vere OT, eventuelt i samråd med rådgjevar i grunnskulen. Produksjonsskule skal ikkje vere ein ordinær skule, og ein kan ha varierande kompetansemål innanfor same ramme. Ein kan sjå for seg to alternative tilbod. 5

Alternativ 1: Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, status som kursdeltakar der ungdomen ikkje brukar av opplæringsretten. Alternativ 2: Opplæring knytt til definerte kompetansemål. Ungdomen kan ta opplæringa som delkurselev eller på annan måte på veg mot kompetansebevis. Heile eller delar av opplæringa blir gitt ved produksjonsskulen. Forprosjektet planlegg for alternativ 1. Hovudprosjektet vil greie ut alternativ 2 og kva som er gunstig å gi av dokumentasjon på kompetanse. Ein vil vurdere å gi ungdomen moglegheit til å ta eksamen i fag dei har fått stryk i, eller i fag som dei ynskjer å tileigne seg kompetanse i. 6

4.3 Omfang av ungdom utanfor I følgje Gjennomføringsbarometeret 2 er det i Hordaland fylke om lag 10 % av elevane som sluttar i løpet av vg1 yrkesfag og om lag 4 % på studiespesialiserande programområde. For at produksjonsskuledeltakarane kan fullføre vidaregåande opplæring, vil vi prioritere dei yngste elevkulla med ungdomsrett. I skuleåret 2013 er primærelevgruppa fødd i 1994, 95 og 96, dei utgjer 15300 elevar. I april 2013 hadde 500 av desse elevane slutta i vidaregåande opplæring. Personlege årsaker, stort fråvær eller feilval er avbrotsårsaker som går igjen hos mange elevar. Dette er ei målgruppe som kan få hjelp av eit opphald i ein produksjonsskule. Elevar som sluttar per programområde skuleåret 2012- mars 2013: Design og handverk 13.2 % (52) Restaurant og matfag 11.1 % (35) Media og kommunikasjon 6.6 % (35) Service og samferdsel 5.4 % (27) TIP 5.0 % (78) Studieførebuande 1,2 % (78) Avbrotsårsak mars 2013 Elevar * IO, Ikkje oppgitt 1 IM, Ikkje møtt 12 PM, Permisjon 11 AR, Fått arbeid 45 AF, Anna årsak /ikkje oppgitt 65 FV, Feilval 93 SL, Skulelei/motivasjon 58 PS, Personlege årsaker 131 FR, Stort fråvær 90 Tabell 1, årsaker mars 2013 2 www.hordaland.no/nygiv 7

Tabell 2 viser at tal på skulesluttarar aukar med år i vidaregåande skule. Det kan dels vere teikn på at krava blir skjerpa og at t.d. påbygging blir for vanskeleg, men statistikken viser og at skulesluttarar går igjen år for år, dvs. at mange tar omval fleire gonger. I Bergen kommune finn vi 30-40 skulesluttarar per månad. Deltaking i produksjonsskuletilbodet kan vere det tiltaket som kan få eleven ut av ein vond sirkel. Det blir derfor viktig å gi tilbod om rådgjeving og at rettleiing blir eit sentralt element i tilbodet. Fødselsår Jenter Gutar Totalt 1994 102 89 191 4,4 % 1995 76 87 163 3,1 % 1996 69 81 150 2,7 % Total 247 257 504 3,3 % Tabell 2, skulesluttarar mars 2013, fordelt på fødselsår Målet er kontinuerleg inntak gjennom skuleåret og at opphald i produksjonsskule kan vare frå minimum seks veker til maksimum eitt skuleår. Det er to ulike grupper av sluttarar; dei som sluttar i løpet av skuleåret, og dei som ikkje går vidare til neste skuletrinn eller ut i lære. Gjennomføringsbarometeret viser at på yrkesfaglege programområde gjeld dette for 9,5 %, og for studiespesialiserande er talet 10 %. Til saman tilsvarar denne gruppa eit omfang som nesten kunne fylle produksjonsskulen frå skulestart, noko som stemmer godt med erfaringane frå Danmark. 4.4 Bemanning i produksjonsskulen Produksjonsskulen skal tilsette instruktørar og/eller verkstadsleiarar. Medarbeidarane vert tilsette på ei særskild pedagogisk plattform, definert av prosjektet. Alle tilsette vil ha ei rolle i relasjon til dei unge. Reinhald, vaktmeisterteneste og vedlikehald vil ikkje berre vere tenester, men ein del av opplæringa. Det vil vere naudsynt med opplæring av dei tilsette i den pedagogiske plattforma. Det er avgjerande at dei tilsette er personleg eigna for dette arbeidet og at dei er særskilt opptekne av målgruppa. Opplæring av personalet må ta til før produksjonsskulen opnar. 8

4.5 Omfang og avgrensing Produksjonsskulen skal ikkje vere eit spesialpedagogisk tilbod etter opplæringslova kap. 5. Det skal heller ikkje vere eit 11. skuleår", der dei svakast presterande elevane går om igjen. Det er og ei av grunngjevingane for at produksjonsskulen ikkje skal samlokaliserast med ein vidaregåande skule. Produksjonsskulen er heller ikkje eit konkurrerande tiltak til NAV sine arbeidsmarknadsbedrifter. Som eit tiltak i regi av fylkeskommunen er det eit supplement til utdanningssektoren og ikkje ein rein arbeidstreningsarena. Produkta som produksjonsskulen leverer, skal ikkje kome i ein fordelaktig konkurranseposisjon i marknaden, men skal seljast på ordinære vilkår. 5 Ressursberekning Ein produksjonsskule er både ein pedagogisk arena, ein arena for arbeid og ein sosial arena. Alle desse funksjonane må ivaretakast. Bygget må difor vere optimalt langs fleire parameter, og ein vil her peike på nokre felt som vil gjelde alle bygg/investeringar i fylkeskommunen: Verkstad som er eigna til reell produksjon Arealeffektiviseringsgevinst arealutnyttingsprosent på 80 %, teoretisk rekna 25 m2 pr. ungdom noko meir når ein utarbeider verkstad. Produksjonsskulen bør ha ein felles samlingsstad og ei kantine. Drift av denne kan ivaretakast av restaurant- og matfag- verkstaden på produksjonsskulen. Kvar verkstad må ha ein eigen base der det må vere verkstad, formidlingsrom, garderobe og toalett. Universell utforming? Moglegheit for trådlaus tilkopling i alle rom Klima og miljø skal ivaretakast etter gjeldande regelverk Energiforbruket skal vurderast Brukarmedverknad Helse- og sosialpersonell mm. kan tilkallast ved behov 9

5.1 Kostnader/økonomi Tilbodet i produksjonsskulen omfattar følgjande: 3 programområde á 15 ungdomar per gruppe = 45 ungdomar. Berekning omfattar utgifter per år til: Tilsette + sosiale kostnader Drift av verkstad Ordinær drift (inkl. husleige) Kostnadene er avhengige av kva type personale som blir rekruttert vi ønskjer å tilsette personale med fagleg bakgrunn og som sikrar kontinuitet og stabilitet i dagleg samvær med ungdomane. Budsjettet byggjer på kostnadene ved drift av tilsvarande skule. Totalt medfører tiltaket ein kostnad på rundt 10 millionar kroner i 2014. Investering i utstyr avhengig av program: om lag 3 millionar kroner Tilbodet blir ikkje operativt før hausten 2014. Vi reknar likevel kostnadene for heile året, avhengig av når det blir inngått leigeavtaler, kjøpt inn utstyr, tilsett personale etc. Investeringskostnadene blir størst i 2014, ved oppstart. Kostnadsbehovet kan reduserast dersom fylket går inn for ein modell som medfører at midlane følgjer elevane, dvs. at skular som mistar elevar, må overføre midlar til produksjonsskulen. Hovudprosjektet planlegg for 2014-1017 = 3 år. På lengre sikt vil ein reduksjon i tal på omval kunne medføre ei sjølvfinansiering av ein produksjonsskule. 6 Risikovurdering Sjå revidering av prosjektplan i vedlagte Gantt-skjema 10

7 Evaluering Forsøket må evaluerast midtvegs og i siste prosjektår. Prosjektleiar vil få i oppdrag å knytte kontaktar for oppfølgingsvurdering med UiB, t.d. kan prosjektet knytte til seg ein masterstudent. 8 Tidsplan Forprosjekt: januar 2013 - august 2014 Hovudprosjekt: august 2014 juni 2017 Framdriftsplan/Milepælar Politisk behandling Prosjektfase Hovudprosjekt- 2014-17- trårig implementering og utviklingsfase Meldingssak OPHE Februar 2013 Januar 2013-august 2014 Fylkestinget Skolebruksplanen vedtak Mars 2013 Søknad KD Del av forprosjektet mai 2013 Oppstart hovudprosjekt Hovudprosjekt August 2014 OPHE løypemelding Januar 2014 forprosjektet Avklare programområde /type verkstad Avklare lokalisering Del av forprosjektet Haust 2013- Del av forprosjektet Haust 2013 Avklare investeringsbehov Mars 2014 Del av forprosjektet Haust 2013 Tilsetting av personale Opplæring av personalet Del av forprosjektet Vår 2014 11

Oppstart produksjonsskule Løypemelding OPHE august 2014 August 2014 Midtvegsevaluering Haust 2015 Evaluering og vidareutvikling av prosjektet 2016 9 Organisasjon Prosjekteigar: i HFK Styringsgruppe: Styringsgruppa for Ny GIV (overgang/oppfølging) Prosjektgruppe: prosjekteigar og prosjektleiarar for Ny GIV overgang og Ny GIV oppfølging, repr. for fagopplæringa, OT/PPT, seksjon skule og seksjon fellestenester (økonomi) Referansegruppe: Representantar for opplæringskontor og fagutval, for organisasjonane og Utval for opplæring og helse 12