TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Like dokumenter
supplerende aktiviteter til grunnprogrammet NYNORSKE VEDLEGG

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FORELDRESAMARBEID I ZIPPY

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

NYNORSK. Zippys venner

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Å ruste barn. Derfor driftar Voksne for Barn skuleprogrammet Zippys venner i Noreg. 2 Zippys venner. Utdrag frå Kunnskapsløftet

Info til barn og unge

VERDENSDAGEN FOR PSYKISK HELSE 2018

6-åringar på skuleveg

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Trivsel og vekstvilkår

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Zippys venner Modul 6. Zippy-time 6.1. Ulike mestringsstrategier. Les historie 6, og vis illustrasjonene. Ta en pause i historien ved?

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Informasjon til elevane

Refleksjon og skriving

«Kule krabatar leikar»

Zippy-time 4.1. Hvordan gjenkjenne en god løsning? Innledning. Mål. Delmål. Du trenger. Historie. Aktivitet 1: En god løsning. 10m.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Elevundersøkinga 2016

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Strategiplan for arbeid med sosial kompetanse og psykisk helse -Rosseland skule- Sosial kompetanse og psykisk helse

Til deg som bur i fosterheim år

2. Vi prøver å få oversikt over kven som er involverte i konflikta.

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Om å høyre meir enn dei fleste

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse


I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Pedagogisk arbeid med tema tristhet og depresjon i småskolen

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Barnerettane i SKULEN

Til deg som bur i fosterheim år

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Mobbing på mindre og større skular

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

VERDENSDAGEN FOR PSYKISK HELSE 2018


Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Om kartlegging og vurdering

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

OK, seier Hilde og låser.

Å ruste barn. Derfor drifter Voksne for Barn skoleprogrammet Zippys venner i Norge. 2 Zippys venner. Utdrag fra Kunnskapsløftet

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Du må tru det for å sjå det

Sofies hemmelegheit.

Frå dikt til teikneserie

MODUL 3. Venner og uvenner. Å mestre ensomhet og avvisning Hvordan løse konflikter med venner?

bokmål Zippys venner

ZIPPYS VENNER. Et program fra Organisasjonen Voksne for Barn

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn

Zippys venner 2. OPPLAG

Psykologisk førstehjelp i skulen

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Leikande, glade barn og natur hand i hand

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Barnerettane i HEIMEN

Transkript:

KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei kan støtte andre og korleis dei kan finne gode løysingar på utfordringar. Dette bidrar til betre klassemiljø, inkludering og mindre mobbing. For at barna skal få best mogleg utbytte av Zippy er det ein fordel at de føresette kjenner til programmet og støttar barna si læring. Dette er noko av det barna seier dei har lært i Zippy: Å seie fine ting til vennene og leike med dei Å spørje kva det er når nokon er lei seg, og å trøyste. Å ikkje gå frå nokon som vil seie noko utan å lytte. HEIMEAKTIVITET Til kvar av modulane følger ein heimeaktivitet som barna skal gjere saman med sine foreldre/føresette og eventuelt søsken. Tanken er at oppgåvene skal vere greie, litt morosame og korte (ca. 10 min.). Gjennom 6 tema med historier og oppgåver skal barna lære om: kjensler kommunikasjon vennskap konflikthandtering forandring og tap meistring «Det er gøy for eldre søsken å vere med, og det gir rom for gode samtalar.» Barn seier at vennskap og tryggleik er det viktigaste for å ha det bra på skulen. Skuleforskarer er heilt einige med barna i at dette er viktig både for læring og for god psykisk helse. (forelder som har prøvd heimeaktivitetane) «Foreldre, elevar og lærarar får eit felles språk!» (Zippy-lærar som har erfaring med heime aktivitetane) Sitat frå barn som har hatt Zippy første skuleår: «For å ha det bra er det viktig: Å ha gode venner, å kunne stole på vennene og at ein leiker greitt saman.» Ta kontakt med læraren dersom de opplever at heimeaktivitetane er vanskelege! De kan også skrive kommentarar om oppgåvene på baksida av arka. «Viss nokon er redde er det viktig å gjere det trygt igjen og gjere dei trygge.»

KJENSLER I modul 1 jobbar vi med å kjenne igjen og akseptere ulike kjensler som å vere lei seg, sint, sjalu eller nervøs. Det er eit mål at barna lærer å hjelpe seg sjølv og andre til å få det betre når dei opplever vanskelege kjensler. Barna lærer at alle kjensler er normale, og at dei kan finne gode måtar å møte kjenslene på. Set dykk saman og fortel kvarandre om forskjellige kjensler de har opplevd i dag. HJELP BARNET DITT MED OPPGÅVA UNDER: Set kryss ved kjensler du har hatt i dag og fortel kva som gjorde at du fekk denne kjensla (viss du/de kan hugse det). Etter at du har gjort oppgåva kan du teikne lue eller hår på hovuda viss du har lyst. GLAD LEI SJALU SINT REDD NERVØS SPENT Når barnet har kryssa av forskjellige kjensler kan du gjerne spørje om barnet har nokre gode forslag på kva som er lurt å gjere for å få det betre viss ein er lei seg, sint, nervøs e.l. TIPS: Viss barnet synest det er vanskeleg å «komme på» forskjellige kjensler kan du fortelje om ein gong du hugsar at du var lei deg, irritert, glad eller liknande.

KOMMUNIKASJON I modul 2 øver vi på å lytte til andre og vente på tur. Vi trener og på å fortelje korleis vi har det og å be om hjelp. MIN HJELPE SIRKEL Ein av desse sirklane er for barnet som har Zippy, den andre kan foreldre eller søsken fylle ut. Her skal de tenke på fire personar som kan støtte dykk når noko er vanskeleg f.eks. på skulen. Skriv eller teikn i dei fire felta. Snakk om kvifor de har valt akkurat dei fire personane og korleis dei kan hjelpe eller støtte. Lag gjerne fleire sirklar f.eks. ein for skulen og ein for fritida/heime!

VENNSKAP I modul 3 lærer vi om vennskap. Målet er å lære korleis vi får nye venner og korleis vi kan behalde venner. Barna skal og lære korleis dei kan takle å bli avvist og kva dei kan gjere når dei er i konflikt med venner. Det er viktig å vite kva som gjer nokon til ein god venn og korleis dei kan vere en god venn for andre. EIN GOD VENN (ta gjerne med søsken eller andre i familien og). Fortel kvarandre historier om godt vennskap. Kva er det som gjer nokon til ein god venn? Velg ein venn de kan seie noko fint om. Fortel gjerne ei lita historie om noko hyggeleg, spennande eller morosamt de har gjort saman. Eller snakk om kva de kan gjere saman med gode venner. La barnet skrive eller teikne i rutene under. Foreldre eller søsken kan fylle ut rutene nedst. Ein god venn Noko eg liker med ein god venn Ein god venn Noko eg liker med ein god venn

KONFLIKTLØYSING IDEAR FOR AVSPENNING I Zippys venner lærer vi korleis vi kan løyse vanskelege situasjonar. Det kan hjelpe å «roe ned og trekke pusten» viss vi blir sinte, lei oss eller har andre sterke kjensler. Då er det og lettare å tenke på gode løysingar. Be barnet om å vise ei øving i avspenning dei har lært i Zippy-timen eller velg ei av øvingane nedanfor (les den høgt). Viss du vil kan du fargeleggje den de valde. SØVNIG SJØSTJERNE Legg deg ned på ryggen med bein og armar vekk frå kroppen. Ligg heilt stille og førestill deg at du er ei søvnig sjøstjerne. Pust inn, og medan du pustar ut skal du slappe av i armane dine. Pust inn, og medan du pustar ut skal du slappe av i beina dine. Pust inn, og medan du pustar ut skal du slappe av i hovudet ditt. Sjå kor stille du kan ligge på botn av havet, kvilande som ei søvnig sjøstjerne. Gjenta for deg sjølv: «Eg er heilt stille, eg er heilt stille...». BOBLEPUST Førestill deg at du blåser den største bobla i verda! Trekk pusten og førestill deg at du har ei stor bolle med såpeboblevatn. Blås bobler ut i rommet, langsamt og forsiktig. Korleis føler du deg?

FORANDRINGAR I LIVET Modul 5 handlar om at forandringar kan vere både positive og negative. Nokre forandringar er store og fører med seg omstillingar som f.eks. flytting eller skulestart. Andre er små og knapt merkbare som at noko gror eller at ein veks og blir større. Set dykk ned og snakk om nokre forandringar som har skjedd i livet til barnet/familien. Finn gjerne fram eit fotoalbum eller digitale bilete frå då barnet ditt blei fødd. Snakk om personane på bileta, korleis dei har forandra seg. Viss det er nokon på bileta som ikkje lever lenger, kan ein snakke litt om korleis dei var, kva dei likte eller om eit hyggeleg minne. La barnet teikne ei forandring frå då dei var små til nå, og gjer det gjerne saman fleire i familien! Eksempel kan vere at dei har fått lenger hår, mista tenner eller begynt på skulen. Då eg var yngre Nå Då eg var yngre Nå

MEISTRING GJER NOKO NYTT I Modul 6, jobbar vi med forventingar og korleis vi kan få det betre når ting ikkje blir heilt som vi hadde tenkt. Forsøk å gjere noko nytt med barnet ditt som de aldri har forsøkt før. De kan dra til ein ny stad, forsøke ei ny oppskrift, leike eller spele eit nytt spel kva som helst nytt. Etterpå kan de snakke saman om kva de tenkte på førehand og om de fekk dykk nokre overraskingar. Kva vi gjorde (her kan de teikne eller skrive): Kva tenkte vi før vi gjorde det, kryss av kvifor ei kjensle du hadde før Kva trudde vi ville vere gøy? Kva trodde vi ville vere vanskeleg/dumt? Kva tenkte vi etterpå, kryss av for kva slags kjensler du hadde etterpå Kva var gøy? Kva var vanskeleg/dumt? Blei det slik vi trudde?