Stad: Skjenet Dato: 17.09.2018 Tid: 13:00-14:00 INNKALLING TIL STYREMØTE 13/18 Godkjenning av innkallinga og referat frå sist møte 14/18 Gründerparken Vest framlegg til vidareføring inntil Øygarden næring- og utvikling eventuelt er etablert. Leiar for styringsgruppa for Gründerparken Vest, Atle Dåvøy vil delta på møtet og halda ein presentasjon om framdrifta for Gründerparken Vest. Referat styremøte 04.06.2018.docx Gründerparken Vest framlegg til vidareføri Utdrag frå Protokollen frå Styrem 15/18 Ymse GPV - kortversjon status og fremdrift.pp
Referat frå styremøte Stad: Rådhuset i Fjell kommune Dato: 04.06.2018 Tid: 13-15.00 Desse møtte: Kari-Anne Landro ( møteleiar) Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy, Lillian Torsvik, Siri Falhvik Pettersen og Rune Lid. Andre: Forfall: Informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke og Inger Elin Hetlevik (møtesekretær). Siri Hansson, Kjell Haaland, og Endre Korsøen frå HFK, Leon Dale og Nils- Arve Eidsheim frå Lerøy Sjøtroll, Ingrid Lundamo frå Marine Harvest, Svein Arve Forland frå Telavåg fisk, Tom-Georg Indrevik, styreleiar i Gode Sirklar, Arnt Ivar Kverndal, SINTEF og Sigmund Kvernes, Gode Sirklar Nr Sak Konklusjonar/ansvar oppfølging 10/18 Godkjenning av Godkjent- ingen merknadar. innkallinga og referat frå sist møte 11/18 Havrom 2018 På regionrådsmøtet 12.mars 2018 orienterte Sigmund Kvernes omstatus på prosjektet Havrom. Regionrådet bestemte då at det skulle inviterast til eit møte med regionrådet og dei ulike aktørane innanfor havbruksnæringa i regionen. Det var tre oppdrettsselskap som var til stades på møte i dag- Lerøy Sjøtroll, Telavåg Fiskeoppdrett og Marine Harvest. I tillegg stilte det fleire frå Hordaland Fylkeskommune. Gode sirklar har i samarbeid med SINTEF utarbeidd ei skisse til ei moglegheitsstudie. Arnt Ivar Kverndal (prosjektleiar) frå SINTEF gav ein gjennomgang av status i prosjektet og litt om utfordringane regionen har med å være i raud sone. Utgangspunket for prosjektet var nedgang i olje- og gassnæringa og ein måtte då sjå på om noko av den kapasistetne kunne overførast til sjømatnøringa. Nærings- og fiskeridepartementet har innfårt eit såkalla «trafikk- lys system» der kysten er del tinn i 13 produksjonsområder, som er farga med grøne, gule og raude lys, alt etter kor store konskvensar næringa har på miljøet. Det er 2 hovedutfordringar som kan hindre vekst i vår region: 1:Produksjonsområde 3 og 4 er begge i raud sone 2:Marin verneplan for Krossfjorden Kostnaden på ei slik moglegheitsstudie vil liggje på mellom 500 tusen kriner og ein million kriner. Planen er at arbeidet kan starte opp i august 2018 og 1
vere sluttført i februar 2019. Oppdratet er to-delt Ein må først finne nosituasjonen, og så kva potensiale som finnast med ulike scenario. Forslaget frå arbeidsgruppa som til no har jobba med dette prosjektet er å kjøpe inn ekstern kompetanse for å gjennomføre moglegheitsstudiet. Ein legg opp til eit samarbeid med oppdrettsnæringa, men for å sikre at studien vert objektivt føreslår Arnt Ivar Kverndal at næringa sjølv ikkje er med på finaniseringssida. Alle dei ulike inviterte aktørane gav ein presentasjon på korleis dei opplever situasjonen er no. Næringa ønskjer å reduserte tida oppdrettsfiskne er i sjøen for dermed å redusere eksponeringa for lus. Dei ønskjer samarbeid med styresmaktene og gode arelplanar slik at ein slepp å søkje om dispensajon. Utviklinga i næringa skjer fort, og næringa ser for seg ei framtid med varierte drifsformar. Dei ønskjer at kommunen må sørge for at aktørane får dei beste områda og støtte lokalitetene for oppdrett og sjømatnæring, både for lokalitetar som er sksponerte og skjerma lokaliteter. Fylket ønskjer denne næringa vel og vi treng ei næring som er berekraftig, seier Kjell Haaland. (nestleiar for utval for kultur, idrett og regional utviling i Hordaland Fylkeskommune), og opppmodar aktørane om å ha eit tett samspel med kunnskapsmiljøa. Konklusjon: Regionrådet konkluderer med at dei på møtet har fått gode innspel til vidare arbeid om det skal fortsette å være eit prosjekt/moglegheitsstudie. Kommunane vil gjere det dei kan for å legge til rette for aktørene og at det må vere vidare dialog med dei ulike partene kring dette arbeidet. Administrasjonen førebur ei sak til kommunestyret. 12/18 Ymse Ingen saker 2
Sak til vedtak - styremøte Gode Sirklar tysdag 11. september 2018 Sak 32/18 Gründerparken Vest framlegg til vidareføring inntil Øygarden næring- og utvikling AS er etablert Mål for samarbeidet mellom kommunane Øygarden, Fjell og Sund og Vest Næringsråd for utvikling av Gründerparken Vest slik den er formulert i samarbeidsavtalen: Utvikle Gründerparken Vest til en nasjonal inkubator, anten åleine eller saman med eit anna gründerfelleskap, i løpet av dei neste to åra. Utvikle Gründerparken vest til næringslivet sin viktigaste møteplass for omstilling, nyskaping og vekst i region vest Få på plass eit langsiktig eigarskap til Gründerparken Vest. Gode Sirklar AS er partnar på vegne av kommunane. Sartor Storsenter AS er no partnar ved å bidra med areal for lokalisering av Gründerparken Vest. Status i høve til måla: Gründerparken Vest, som gründerfelleskap er i god utvikling der ny leiar av Vest Næringsråd, Rikard Ledang, er godt i gang med å bidra til utvikling av felleskapet og til gründarane enkeltvis. Med omsyn til målsetjinga om å utvikle ein inkubator, har ein i dialog med SIVA kome til at det ikkje er realistisk åleine, med det er på sikt mogeleg å få dette til i samarbeid med Nyskapingsparken BTO, der det no er aktuelt for Nyskapingsparken BTO å søkja om økonomisk stønad frå SIVA for å utvikla "satellitt-inkubatorar". Samarbeidet mellom Gode Sirklar og Vest Næringsråd om å etablera ein samarbeidsmodell for kopling til, og konkrete tenester frå, Nyskapingsparken BTO, er i god utvikling og skaper eit grunnlag for å styrkja kompetanse og nettverk til nytte for gründerfelleskapet i region vest. Dette samarbeidet, som prosjekt, er støtta av Hordaland Fylkeskommune i 2018/2019 Det er i gong ein prosess med å flytte Gründerparken Vest til ny og betre eigna lokalisering etter at leigeavtala med Sartor Storsenter går ut i 2018, og på økonomiske vilkår som er akseptable. Lokalisering i Teknologisenteret i Straume Næringspark, som er det beste alternativet, vil vera eit viktig steg for å gjera Gründerparken Vest til ein viktig møteplass for omstilling og nyskaping i region vest. Det gjev eit stort potensiale for vidare utvikling av gründerfelleskapet, og det er i omgjevnader med etablerte bedrifter som kan gje gode impulsar og nettverk for gründarane. Vest Næringsråd er i ferd med å flytte samstundes til Teknologiparken. Vest Næringsråd vil, dersom dei økonomiske vilkåra i 2018 vert vidareført inntil Øygarden næring- og utvikling AS er etablert, og styret i Vest Næringsråd godkjenner den nye driftsmodellen, halda fram som prosjektansvarleg for Gründerparken Vest. Den nye driftsmodellen legg opp til eit klarare skilje mellom drift av Vest Næringsråd og drift av Gründerparken Vest. Målet om å få til eit langsiktig eigarskap til Gründerparken Vest, vil måtta avklarast i samband med etablering av Øygarden næring- og utvikling AS.
Endringane som nå vert gjort for Gründerparken Vest vil gjera det naudsynt med revisjon av samarbeidsavtalen mellom kommunane representert av ved Gode Sirklar AS og Vest Næringsråd, der samarbeidet med Sartor Storsenter ikkje treng vidareførast i ny avtale. Ein treng og ein revisjon av organiseringa knytt til den nye avtalen.
Utdrag frå Protokollen frå Styremøtet i Gode Sirklar 10 september 2018 32/18 Gründerparken Vest framlegg til vidareføring inntil Øygarden næring- og utvikling eventuelt er etablert Saksframlegg vart sendt ut til styret i forkant av møtet. Både styreleiar i Gründerparken Vest og dagleg leiar i VNR haldt innlegg i forkant av drøftinga. Saksframlegget vart grundig drøfta og tilbakemeldingane frå styret gjekk på at det er viktig at det fins eit gründermiljø i denne regionen, at satsinga på dette var riktig, men at det tar tid før eit slikt nytt tilbod finn sin form. Det må greiast ut om lokala til Gründerparken er dei rette og. Målsetjingane om å sertifisere Gründerparken til industriell inkubator med finansiering gjennom Siva og private aktørar er lite realistisk. Gründerparken må vidareutvikle det allereie etablerte samarbeidet med Nyskapingsparken BTO og det kompetente miljøet der. Vedtak: Styreleiar for Gründerparken Vest og Styret vil tilrå at Gründerparken Vest vert vidareført og vidareutvikla med støtte frå kommunane Sund, Fjell og Øygarden med kr 1.500.000. Samarbeidsavtalen for Gründerparken Vest vert revidert, der Gode Sirklar AS ved styret og Vest Næringsråd sine oppgåver blir revidert i tråd med den nye driftsmodellen. Den langsiktige modellen for eit berekraftig gründerfelleskap vert innarbeidd som ein del av eventuell etableringa av Øygarden næring og utvikling AS. Gode Sirklar utarbeider eit saksframlegg som er felles for dei tre kommunane om denne saka og presenterer dette for Regionrådet Vest så snart som mogeleg.
GRÜNDERPARKEN VEST STATUS Vist at det er et behov for å ha et fysisk tilbud til gründere i regionen Meiner Gründerparken Vest var ei riktig satsing, me har fått mykje kunnskap om system og verkemidlar rundt entreprenørskap En ny kommune treng eit gründermiljø, kommunen sjølv og næringslivet treng gründerne! Det tar tid å etablere eit slikt tilbod, at det finn si form Kommunen si rolle i denne fasen er vesentleg!
GRÜNDERPARKEN VEST STATUS FRA RIKARD LEDANG Stabil situasjon rundt fremleie og antall gründere Veletablert som alternativ for startups og gründere i regionen. God stending Samarbeid inn mot HFK, BTO etablert, men må følges tettere (se neste slide) Avholdt prosjektkurs og skattefunnkurs i samarbeid med blant annet Norsk Forskningsråd og HFK. Digitaliseringscruise. Hospitering Samarbeid med bankene om kurs og rådgivning, voksende oppmerksomhet Lyttemøte og veletablert styringsgruppe Oppdateringer på felles tv-skjerm med fokus på å kommunisere ut kurstilbud fra BTO. Felles bookingsystem med BTO Et negativt resultat fra 2017 preget inngangen til 2018 Et balansert budsjett for 2018 etter reduksjon av drift og personalkostnader STORT uutnyttet potensiale i grensesnittet mellom gründere og næringsliv Vest Næringsråd sitt styre er usikker vedrørende videre drift! 3
GRÜNDERPARKEN VEST STATUS Målsetjinga om at Gründerparken Vest skal verta en industriell inkubator med finansiering gjennom SIVA og private aktører er lite realistisk! SIVA har gitt signaler om at vår region ligg for nært opp geografisk mot Bergen og BTO
GRÜNDERPARKEN VEST VEGEN VIDARE Greia ut kor Gründerparken Vest skal liggja i framtida, - organisasjonsmessig og lokalitetsmessig Sjølvstendig eining Inngå i i Øygarden Næring og Utviklingsselskap (ØNU) Samarbeidsavtalen mellom Gode Sirklar, Sartor Storsenter og Vest Næringsråd løper ut 31.12.2018. Avklare lokaliteter videre i perioden frem til ØNU er avklart. Dagens lokaler bærer preg av midlertidighet
VISJONEN ER Å TA GRÜNDERPARKEN FRA «FASE 1» 6
TIL «FASE 2» NYE ØYGARDEN GRÜNDERPARK! Nye Øygarden Gründepark! Straume Teknologisenter fremstår som eit svært godt alternativ! 7
GRÜNDERPARKEN VEST VEGEN VIDARE I perioden fram til det vert beslutta kor Gründerparken vert liggjande organisasjonsmessig, det behov for å oppretthalde et tilbod til gründerane, både eksisterande og nye, samt gje råd og veiledning til dei som ynskjer dette Forslag til løysing: VNR driftar Gründerparken vidare ut 2019 Seie opp avtale med Sartor Storsenter Flytte fysisk til Straume Teknologi senter Direkte leigeavtaler mellom gründerane og Teknologi senteret Overføring frå Øygarden kommune på 1,5 mill Behov for å jobbe aktivt med parken redusert støtte frå HFK med 300 for 2019 Greie ut inntektsmodell for Gründerparken Vest