Litjtausa. -to feler kan lyfte tak. Marie Forr Klåpbakken- fele Julie Alapnes Normann -fele. Konsert for 1. - 7. årstrinn. Foto: Anne Marit Jota



Like dokumenter
Litjtausa. - to feler kan løfte tak. Konsert for årstrinn

LIK, LIK, ULIK. Er det bra eller dårlig å skille seg ut? Konsert for årstrinn

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Eplemøya Om jenter og sauer

SOLO SOLO. - ein griot fortel si historie. Konsert for årstrinn

Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Ugress. Konsert for årstrinn

SKAKKE SANGER. - både rare, skumle og litt ekle. Konsert for årstrinn

Fannaråken Blåsekvintett

Mhoo. Heime bra, men borte best

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Bevinget Bach. Woodpeckers Blokkfløytekvartett. Konsert for årstrinn

Livets dans, Edvard Munch. Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Musikk på serbisk. Konsert for årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Klassetrinn klasse

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg

ZWAI MBULA. Du kan gjøre hva som helst med musikk og instrumenter, spørsmålet er hvordan du gjør det. Zwai Mbula. Konsert for

Rikskonsertenes skolekonsertordning. Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Klassetrinn 1-7 trinn. Turneen er et samarbeid mellom.

Frevo. gitarhelter. Artist - instrument. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Jeg angrer ingenting

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn trinn

Konsert for årstrinn

Transjoik og Sher Miandad Khan. Transjoik lager musikk som er opphissende, vital og kraftfull! Konsert for årstrinn

Bassoversveis. Jørun Bøgeberg. Konsert for årstrinn

Ekornes i 100. Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Blues for barna. Har du en dårlig dag, spill en blues, så blir det kanskje bedre? Konsert for årstrinn

Foto John Hughes/Rikskonsertene. Ila Auto. En konsert med bluegrassmusikk spilt av bandet Ila Auto. Konsert for årstrinn

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

TO TOBI. Lek og tradisjonsmusikk fra Marokko. Konsert for årstrinn

: Frevo. Produksjonsnummer: 109H112 Oslo

Lyden av Munch. Anders Lønne Grønseth - saksofon Audun Ellingsen - kontrabass Ulrik Ibsen Thorsrud - trommer. Konsert for

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for årstrinn

BULDREBLUES OG BLÅSUS. Arle Hjelmeland vokal, munnspill Stein Urheim strengeinnstrumenter, vokal. Konsert for årstrinn

SONGS AND SWEET POTATOES

Intro klassisk. Unge stjerner. Konsert for årstrinn

I tråd med musikken Espen Rud slagverk/perkusjon Knut Alfsen dukkespiller Frode Nymo - saksofon Ellen Brekken - kontrabass

Radio Musical. Frekvenser fra Bolivia og Peru. Utdanningsetaten. Oslo kommune

RARE DYR. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Solo Solo. - en griot forteller sin historie. Konsert for årstrinn

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene. Kouame møter barna

Eplemøya. Om jenter og sauer. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

: I tråd med musikken

Brazalsa samba + salsa = sant

Klassetrinn: klasse

Forest & Crispian New Wave Baber Shop Rock

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

DinoSau. Skatten, skatten, Klas har tatt den! Eit surrealistisk eventyr om ein forsvunnen skatt, dinosauer, mafia, aviser og ein kilen kval

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

SONGS AND SWEET POTATOES

Double Focus. Afrikanske dikt og afrikansk musikk = Rytmisk poesi = Historieforteljing gjennom musikk. Konsert for

Nils-Olav Johansen. Utdanningsetaten. Oslo kommune. Konsert for årstrinn

Misty Range. Konsert for årstrinn

Indiske musikktradisjoner. Murad Ali - sarangi Akram Khan - tabla. Konsert for årstrinn

PRINSESSEN SOM GIKK TIL JORDAS HJERTE

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

Frevo. Gitarhelter. Konsert for årstrinn

En musikalsk reise til India

Sagoland. The JETS-en jazzkonsert med smak av Sverige

JAZZINTRO. Konsert for årstrinn

Årstrinn:

Buenos Aires de la Habana

Raya & the gypsy legacy

MUNTRE MUSIKANTER. konserter med elevmedvirkning. Konsert for årstrinn. Forsvarets musikk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

KJERKÅ Ein musikalsk arkitek-tur

YKSI KAKSI KOLMIO Funk fra Finland

Transjoik og Sher Miandad Khan. Sápmi møter Pakistan. Konsert for årstrinn

Tonje ror aleina. Konsert for årstrinn

Petter Carlsen A taste of what s to come

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt Jon Solberg Anders Erik Røine. Konsert for årstrinn

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Benedicte Maurseth. Konsert for årstrinn

SPOR. -om oppturer og nedturer. Konsert for årstrinn

Lyriaka. - en fantasiforestilling på ungdommenes premisser. Konsert for årstrinn

Foto: Jørgen Gomnes. «Hands off!» En konsert med slagverkgruppen Pinquins. Konsert for årstrinn

Vidar Vang. - Sleepless Songs - Konsert for årstrinn

Panamahatten. En rytmisk fortelling. Artist - instrument. Konsert for årstrinn

Den musikalske regnbuen

Benedicte Maurseth. - Benedicte Maurseth, årets norske folkemusiker Konsert for årstrinn

The Only Way To Travel

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Konsert for årstrinn

SONGS AND SWEET POTATOES

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Vennskap. SISU perkusjonensemble. konsert for årstrinn

Transkript:

2011 2012 Litjtausa -to feler kan lyfte tak Marie Forr Klåpbakken- fele Julie Alapnes Normann -fele Foto: Anne Marit Jota Konsert for 1. - 7. årstrinn

: Litjtausa PROGRAMMET Litjtausa består av Julie og Marie, som er to jenter med kraft og vilje. Dei spelar så busta fyk og sjarmerer alle publikum med sitt nærvær og sin naturlege scenesjarm. Dei er frå kvar sin kant av landet, Nord-Noreg og Gudbrandsdalen, og blandar overtydande dei sterke røtene sine saman. Julie og Marie fall for spelestilen til kvarandre under ein spelekonferanse i Göteborg, og dei blei overraska over kor likt det høyrdest ut når dei sette felene mot kvarandre og spela saman. Klangen, djupna, kjenslene, ornamentikken og fraseringa utfylte kvarandre på ein ny og spennande måte som pirra dei begge. Hausten 2008 spela dei sin første konsert saman. Konserten enda med ståande applaus, og dermed blei det bestemt at den vesle nordlendingen og den høge gudbrandsdølen skulle satse som duo. Litjtausa har samla eit spennande låtmateriale med eigenskrivne låtar og tekster i tillegg til tradisjonsstoffet som ligg i botnen. Julie og Maria er glade i å fi nne gamle tekster, og dei bruker inspirasjon frå kvardagslivet til å tonesetje dei. Begge har beina godt planta i sin tradisjon, men er samstundes opne for nye vinklingar og impulsar til å utvikle seg. Litjtausa vil syne ålmenta at to feler kan lyfte tak. Saman er dei to dyktige musikarar som blandar nye impulsar og gammal tradisjon, dette gjer at uttrykket deira blir unikt og spennande. MUSIKARANE Julie Alapnes Normann Marie Forr Klåpbakken Julie Alapnes Normann Julie er fødd og oppvaksen i Tromsø i Nord-Noreg. Ho er ein formidlar og vidareførar av den nordnorske folkemusikken, men ho skriv òg eigen musikk. For tida jobbar ho som frilans musikar med base i Oslo. Julie har halde konsertar mellom anna i Noreg, Sverige, Egypt, Russland, Tyskland, Estland, Ungarn og på Shetland. Her i ulike konstellasjonar: som soloartist og med ulike grupper. Ho har turnert med band som Bruvoll/Halvorsen og Boknakaran. I 2007 spela ho saman med Roy Lønhøiden Band på festivalen Norwegian Wood. Julie deltok på sin første landskappleik i 2008. Her hamna ho på tredjeplass med 128 poeng. I 2009 fekk ho sitt andre napp og er no A-klassing på vanleg fele. Marie Forr Klåpbakken Marie er frå Vinstra i Gudbrandsdalen. Ho er ein artist med ein brei musikalsk horisont. I tillegg til å studere siste året master i utøvande musikk på Noregs musikkhøgskole jobbar Marie som frilansmusikar i Oslo. Ho har reist rundt i heile verda med musikken sin, mellom anna Kina, Nepal, USA, Danmark, Estland, Skottland, Sveits og Tyskland. Marie blei nummer éin i vanleg fele klasse B på Landskappleiken 2008. Neste året fekk ho sitt andre napp og er no A-klassing på vanleg fele. Marie spelar òg i gruppa Bergtatt, som har gjort stor suksess det siste året. 2 2011-2012

: Litjtausa PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR Elevene sitter på matter, benker og stoler, se illustrasjon under. Spilleplassen må være 5 x 7 meter Musikarane treng hjelp av seks sterke elevar til å bere utstyr når dei kjem, og etter konserten. Musikarane kjem ca. 45 minutt før første konsert. Musikarane treng tilgang til straumuttak, éin gonger 16 ampere. Driftsansvarleg og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen. Konserten vil vare cirka førti minutt. Vi ber om at kulturkontakten er tilgjengeleg under besøket, og hugs, det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad. KORLEIS STYRKJE KONSERTOPPLEVINGA Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og er publikum og opplever konserten på lik line med elevane. Bruk konsertinformasjonen og informer elevar, skoleleiinga og lærarar om innhald og praktiske opplysningar. Dei førebudde møta er ofte dei beste. Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene. no/eleversomarrangorer for meir informasjon. Sjå òg www.myspace.com/litjtausa for musikkdøme. Bruk òg det vedlagde «Bruk konserten»-materiellet. Eigarskapen til, og effekten av, konserten aukar der besøket blir forankra i skolen si undervisning og læringsmål. Sjå òg boka «Bruk konserten» for fl eire idear til undervisningsopplegg: www.rikskonsertene.no/brukkonserten. Opplegg/idé: Musikarane i samarbeid med produsent Åshild S. Nygaard, 2010 Omlegging av produksjon i 2011: produsent Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane Visuell utforming: Tharan Revfem, koreograf «Bruk konserten»-opplegg: etter ein idé av Kristin Falck og Isabel Falck Pena Velkommen til konsert! 3 2011-2012

: Litjtausa Produksjonsnummer: 111V056 SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnélegger Hanne Brakstad Møre og Romsdal fylkekommune tlf: 71 25 88 38 e-post: kultursekken@mrfylke.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Hallgeir Frydenlund Rikskonsertene, Tlf. 22 02 59 13 E-post: hf@rikskonsertene.no FAKTA Skulekonsertordninga til Rikskonsertane er ein del av Den kulturelle skolesekken og blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane. Skulekonsertane utgjer det hovudsaklege musikktilbodet innanfor Den kulturelle skolesekken. Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skulekonsertordninga og legg dei faglege rammene for verksemda. Skulekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skulekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skulane sine. Det er skulane sjølve som står som arrangør av skulekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg. Du fi nn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 4 2011-2012

ELEVANE SITT EIGE «BRUK KONSERTEN»-MATERIELL Ved å la elevane lage sitt eige «Bruk konserten»-materiell vil kreative og nye opplegg knytte til opplevingar i skolen bli utarbeidde. Elevane blir gjennom dette arbeidet bevisste sine eigne opplevingar og ser relevansen opplevingane har for andre fag og emne. FAG EMNE MÅLGRUPPE TIDSRAMME RESSURSAR Valfritt Oppleving, etterarbeid 1. 7. årstrinn ca. 1 time Penn, papir, ev. PC, konsertinformasjon MÅL LK06 «Elevane skal kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa innanfor ramma av lov og forskrift, medrekna læreplanverket. Kor omfattande medverknaden er, og korleis elevane medverkar, vil variere blant anna med alder og utviklingsnivå. Elevmedverknad føreset kjennskap til ulike valalternativ og moglege konsekvensar av dei.» («Prinsipp for opplæringa») FRAMGANGSMÅTE Snakk med elevane i plenum i etterkant av konserten med Litjtausa. Den einskilde elev kan òg drodle på eiga hand over desse spørsmåla: Kva opplevde dei? Kva slags knaggar kan opplevinga hengjast på? Korleis kan opplevinga føre til inspirasjon og ettertanke? Kva kan dei lære av opplevinga? Korleis er opplevinga relevant for andre tema elevane jobbar med akkurat no? Korleis kan opplevinga inspirere andre? Korleis kan ein skape bevisste tankar, kritisk sans og debatt gjennom kunst- og kulturopplevingar? La elevane få i oppgåve å utforme sitt eige framlegg til etterarbeid. Gi dei gjerne konsertinformasjonen og MySpace-sida som inspirasjon. Vel om arbeidet skal knytast til eit spesielt fag, eller om elevane skal velje fritt kva for eit fag dei ønskjer å jobbe med. Opplegga blir så presenterte i plenum, slik at elevane deler ideane sine med kvarandre. Døme på elevoppgåver utarbeidde av ein elev frå niande klasse: Valmoglegheiter for 1. 4. årstrinn: Lag eit rollespel om opplevinga. Teikn ei teikning av kva som gjorde størst inntrykk. Valmoglegheiter for 5. 7. årstrinn: Skriv eit dikt om kva du har opplevd. Teikn ei teikning av kva som gjorde størst inntrykk. Skriv om kva som gjorde størst inntrykk. 5

Forklar kva du opplevde (kjensler, lukt, det du såg, kva du høyrde). Snakk i grupper om korleis opplevinga påverka dykk. Andre valmoglegheiter: Skriv eit haikudikt om kva du har opplevd. Teikn ein teikneserie som beskriv kva du har gjort. Skriv ein artikkel om kva du har opplevd. Lag eit tankekart med ord som beskriv det du opplevde (kjensle, lukt, det du høyrde, det du såg). Snakk med sidemannen eller i grupper om korleis opplevinga påverka dykk, og kan hende korleis det påverka framtida dykkar. Skriv om du blei nøgd eller ikkje nøgd med opplevinga. Forklar kvifor. KVIFOR Elevane vil ved sjølve å utarbeide «Bruk konserten»-materiell få eit meir aktivt forhold til opplevinga og sjå kva moglegheiter som ligg i møtet med kunst og kultur. Elevane blir bevisste på at det fi nst varierte uttrykksmåtar å bearbeide og refl ektere rundt i samband med ei oppleving. Elevane vil bli bevisste på eigne interesser, talent og kunnskapar innanfor dei ulike faga. Elevane blir bevisste på eigen medverknad og øver på å ta konkrete val. TIPS FOR VIDARE- FØRING Til slutt kan elevane få ei eller fl eire av oppgåvene som etterarbeid til konserten. Oppgåvene kan òg delast på tvers av klassene eller alderstrinn. Til dømes kan elevar i småskolen lage oppgåver til seg sjølve, mellomtrinnet kan lage oppgåver tilrettelagde for høvesvis småskolen og mellomtrinnet, og ungdomsskolen kan lage oppgåver tilrettelagde for høvesvis småskolen, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 6