RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan 2018 2019
FORORD Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert driven i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gje opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med melom anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Kunnskapsdepartementet har fastsatt ein ny rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen. Den nye rammeplanen trådde i kraft 1. August 2017. Årsplanane for barnehageåret 2018-2019 byggjer på Langtidsplanen frå 2018-2021, og i samsvar med rammeplanen vil barnehagane i Helse Bergen ha særlig fokus på leik og prosjektarbeidet «Barna sin medverknad». Inger Johanne Klausen Barnehagesjef
VÅR VISJON EIN GRUNNMUR FOR LIVET Vår visjon ein grunnmur for livet skildrar vårt ønske om å gjere barna trygge på eigne verdiar, at dei skal få eit positivt sjølvbilde, utvikle sosial kompetanse og stå rusta til å møte utfordringar i livet. Sosial kompetanse er svært viktig i vårt arbeid med å gi barna ein grunnmur for livet. Vi arbeidar bevisst med å framheve barna sin empati, sjølvstendighet og sjølvkjensle. Vi vaksne er tydelege rollemodellar både i leiken og i kvardagssituasjonar. Vi nyttar dei pedagogiske verktøya «Kanin og Piggsvin» og «Grøne tankar Glade barn» i samlingstunder, for å tydeleggjere kor viktig det er å utvikle barna sin sosiale kompetanse. LEIK OG LÆRING Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Vi ønskjer å legge til rette for tid til god leik, både barnestyrt og inspirert frå dei vaksne. Når barna seier «eg har berre leika i dag» så har barnet opplevd sosialt samspel, evna å samarbeide, delt, lytta, meistra, leia og latt seg leie. Leiken i seg sjølv er ein stor og viktig del av barnet si utvikling. I leiken blir barna kreative og oppfinnsame og dei trenar opp evna til fantasi og lærar å tolke situasjonar på ulike måtar. Gjennom leik kan barnet øve, prøve, uttrykke seg og lære å meistre kjenslene sine. Barn er nysgjerrige, søkande, skapande og kreative. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og skapar tilpassa læringssituasjonar. I barnehagen har vi både formelle læringssituasjonar dei som er planlagt og leia av personalet (som samlingstunder, prosjekter, temaarbeid, aktivitetsgrupper og grupper inndelt etter alder) og uformelle læringssituasjonar (som her-og-no situasjonar, kvardagsaktivitetar, leik og annan samhandling). Personalet er gode, tydelege rollemodellar og rettleiarar for barna.
BARNA SIN MEDVERKNAD Barna sin medverknad er ein viktig del av barnehagen sin planlegging og kvardag. Medverknad har vore eit fokusområde for Helse Bergen sine barnehagar dei siste åra, og kjem til å vere eit viktig tema og fokuspunkt for åra som kjem. I åra 2018-2021 har vi ulike prosjekt om barna sin medverknad, dei kan de sjå under fana prosjektplan på vår nettstad. Dette emnet har vi valt som fokusområde og vurderingsområde for barnehagen blant anna på grunnlag av tilbakemeldingar frå foreldra gjennom «Brukarundersøkinga 2018». Personalet i Ravnebjerget barnehage høyrer på barna sine innspel, ønsker og interesser i planlegging og gjennomføring av barnehagekvardagen. Dette inkluderer dei yngste i barnehagen, barn utan språk har og rett på medverknad i eigen kvardag. Dette inneber at vi som personale må lære å kjenne kvart enkelt barn og barnegruppa i si heilhet. Vi skal gjennom samtalar, leik, felles undring, observasjonar og evalueringar finne ut kva som fangar barna si interesse. Barnehagen skal styrast av vaksne, men skal ta utgangspunkt i barna og deira oppleving av verda. På denne måten skal vi møte barna der dei er, og legge til rette for barna sine interesser og funksjonsnivå. I barnehageåret 2018-2019 skal vi ta utgangspunkt i barna sine tankar når vi arbeidar med året sitt emne om Bergen by. Ved å ha fokus på barna sin medverknad skal barna kjenne seg sett og høyrt. Vi trur dette vil styrke barna si sjølvkjensle og tru på seg sjølve. VENNSKAP OG FELLESSKAP I Ravnebjerget barnehage skal alle barn erfare det å være verdsatt for fellesskapet og å vere i eit positivt samspel med barn og vaksne. Personalet skal derfor vere aktivt deltakande i barna sin kvardag og rettleie barna i leik og sosialt samspel. MANGFALD, GJENSIDIG RESPEKT OG LIKEVERD Vi arbeidar kontinuerleg for å skape eit inkluderande fellesskap med plass til kvart enkelt barn, uansett funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn. Vi arbeidar for at barna skal bli sjølvstendige og ha tru på seg sjølv. Helse Bergen har laga ein handlingsplan mot mobbing. Handlingsplanen inneheld blant anna to sjekklister som vi skal bruke til kartlegging to gongar i året. Handlingsplanen seier og at barnehagane i Helse Bergen ikkje tolererer mobbing. Alle ansatte skal dagleg arbeide aktivt for å oppretthalde eit vennleg og inkluderande oppvekstmiljø i barnehagen. Alle ansatte skal heve eigen kompetanse på leik, vennskap og sosial kompetanse for å styrke gode relasjonar i barnehagen. Fortel oss kva som er Lek og vennskap gjør hverdagen ekstra fin i Ravnebjerget barnehage! viktig for deg!
ÅRSTEMA 2018-2019 KUNST, KULTUR OG KREATIVITET Frå hausten 2018 og i to år framover har vi valt kunst, kultur og kreativitet som vårt hovudfagområde. I Rammeplanen står det at opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan legge grunnlag for tilhøyring, deltaking og eige skapande arbeid (kunnskapsdepartementet, 2017). I Ravnebjerget barnehage skal vi medan vi arbeider med dette fagområdet stimulerer barna si nysgjerrighet, utvide deira forståing og bidra til undring, undersøking, utprøving og eksperimentering. Personalet skal også komme barna i møte, høyre deira behov, vise respekt og anerkjenne deira initiativ og sjå deira ulike kulturelle uttrykk. Dette året skal vi bruke ulike teknikkar, verktøy og materialar til å kunne uttrykke oss estetisk saman med barna. ÅRSHJUL BERGEN BY August: Oppstart & tilvenning Juli: Dei 7 fjell September: Barnehagen sin bursdag 15.09 Juni: Sommarfest Tur til Ulriken (barn 3-6år) Oktober: FN-dagen 24.10 Mai: 17.mai markering 16.mai November: Dei 7 fjell April: Langegården Desember: Langegården Nissefest Julevandring Foreldrekaffe Januar: Dei 7 fjell Februar: Samefolket sin dag Fastelavn & Temafest Mars: Påskevandring Barnehagedagen
SAMARBEIDSPARTNARAR FØRESETTE Vi meiner at eit godt samarbeid med heimen er det viktigaste for å skape tryggleik, større utviklingsmoglegheiter og tilfredse barn. Vi verdset den daglege kontakta med føresette høgt og tek i tillegg bruk ulike metodar som saman dannar grunnlag for samarbeid: Velkomst- og informasjonsskriv til alle nye foreldre Foreldremøte for nye barn (juni kvart år). Invitasjon til foreldresamtale minimum to gangar i året, med moglegheit for fleire på initiativ frå foreldre eller personale. Foreldrerepresentantar i Samarbeidsutvalet Referat frå FAU- og SU-møter skal ut til alle foreldre Brukarundersøking utførast kvart år, der føresette har moglegheit til å medverke forbetringsområder og vidareutvikling OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULE Siste året i barnehagen samlast dei eldste på avdeling Ole Brumm. Vi vil framheve at barna framleis går i barnehagen og vi verdsett framleis leiken sine verdiar. Det siste året i barnehagen vil vi likevel inspirere barna til å glede seg til skulestart, slik at barnet møter skulen med nysgjerrigheit. Mange av barna våre vil starte på ulike skular. Vi har diverre ikkje moglegheit til å besøke alle skulane som barna skal begynne på, men vi er så heldige å ha eit godt samarbeid med Haukeland skule. Her ønskjast våre barn velkomen til ulike samlingar slik at barna skal få eit trygt og godt første møte med skulen. Etter råd frå ulike skular vil vi det siste året fokusere på praktiske ting som å knyte egne sko, ta att glidelås, skrive namnet sitt sjølv, ta imot ein kollektiv beskjed, ta ansvar for sine eigne ting etc. Dette ynskjer vi å fokusere på sidan vi veit at i skulekvardagen er det færre vaksne til å hjelpe barna, og vi ynskjer at barna skal utvikle ei kjensle av meistring og få sjølvtillit til å klare ting sjølv. ANDRE SAMARBEIDSPARTNAR Barnehagen samarbeider med blant andre Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), helsestasjonen og barnevernet. I barnehageåret 2018-2019 samarbeider vi med Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge. Her deltek vi i ei utprøving av ei metode for å bli betre til oppdage barn som trenger litt ekstra hjelp og støtte. I alle desse samarbeida gjelder lov om tausheit- og opplysningsplikt. I samråd med føresette tek vi i bruk ulike observasjonsverktøy dersom det er behov for dette. Dette er: TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling) ALLE MED (observasjonsskjema) Kartlegging med nemnde verktøy gjerast i samråd med foreldra. HØGSKULEN PÅ VESTLANDET Barnehagen tek i mot studentar frå barnehagelærarlinja ved Høgskulen på Vestlandet. Det kan mellom anna være aktuelt at studentane deltek på foreldremøte og tek observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert. Vi tek også imot lærlingar.
PLANLEGGINGSDAGAR I BARNEHAGEÅRET 2018 2019 Måndag 10.09.2018 Fredag 09.11.2018 Fredag 01.02.2019 Fredag 05.04.2019 Fredag 31.05.2019 KONTAKTINFO Styrer / Ragnhild S Åsheim / 55 97 49 44 / 948 85 758. Epost / ravnebjerget.barnehage@helse-bergen.no Bukkene Bruse / 55 97 49 58 / 902 83 896 Askeladden / 55 97 49 47 / 469 23 983 Bikuben / 55 97 49 57 / 481 42 988 Ole Brumm / 55 97 49 19 / 905 35 727 Lilleputtene / 55 97 49 46 / 481 43 141 Layot Torun Hunnes Foto Ansatte ved Ravnebjerget Barnehage