TV3 TARIFFOMRÅDE KS Kursguide Utdanningsforbundet Oppland Scandic Hafjell, Øyer 21. -22- november 2018
Innhald 1. MÅL OG FØREBUING... 3 Velkomen til kurs... 4 Måla for TV3... 4 Førebuing til TV3... 5 2. OVERSIKT OVER KURSET... 6 Opplegget... 7 Timeplan... 7 Kursleiarar... 8 Praktisk informasjon... 8 Kursbevis... 8 3. LÆREMIDDEL OG METODAR... 9 Fotohistorier... 10 Film om vårt internasjonale engasjement... 10 Utdanningsforbundet Kursguide TV3 2
1. MÅL OG FØREBUING Utdanningsforbundet Kursguide TV3 3
Velkomen til kurs TV3 er det tredje kurset i grunnopplæringa for nye arbeidsplasstillitsvalde i Utdanningsforbundet. TV1 1 dag, lokallag TV2 2 dagar, fylkeslag TV3 2 dagar, fylkeslag TV4 1 dag, fylkeslag For å få godkjend grunnopplæringa må du ha delteke på alle kursa. TV3 vert halde fylkesvis og deltakarane er nye arbeidsplasstillitsvalde frå tariffområdet KS. DU har no fått ein god del erfaring frå vervet som tillitsvald, og vi skal også på dette kurset bruke tid på å dele erfaringar. Løns- og arbeidsvilkår er eit hovudtema i TV3, men under dette vil vi også komme inn på dei andre kjernetemaa for tillitsvaldopplæringa. I tillegg skal to spesialtema handsamast: Personalsaker og konflikthandtering og Tilsetting. Vi skal også innom Utdanningsforbundet sitt arbeid internasjonalt. Måla for TV3 Måla for kvart kurs er delt opp etter dei fem kjernetemaa som går gjennom heile grunnopplæringa. For TV3 er det følgjande mål: Klubbarbeid og fagforeiningsbevisstheit Har innsikt i handtering av krevjande saker som kan oppstå i klubben Veit korleis arbeidsplasstillitsvalde kan bruke lokallaget som støtte Forstår korleis internasjonale utviklingstrekk påverkar nasjonal og lokal politikk Hovudavtala, medråderett Kjenner den arbeidsplasstillitsvalde si rolle i budsjett- og omstillingsprosessar på arbeidsplassen Løns- og arbeidsvilkår Har god innsikt i arbeidstidsavtalene i skule/barnehage Er medviten om korleis den tillitsvalde kan påverke for å få gjennomslag for Utdanningsforbundet sin politikk på forskjellige områder Profesjonsbevisstheit Kan bruke profesjonsfagleg argumentasjon i konkrete saker Kommunikasjonsferdigheiter Veit korleis ein kommuniserer godt som arbeidsplasstillitsvald i møte med andre Veit korleis klubben skal informerast undervegs i krevjande saker og prosessar Utdanningsforbundet Kursguide TV3 4
Førebuing til TV3 På slutten av TV2 fekk de fire oppgåver som førebuing til TV3. 1. Kva tema/saker/prosjekt har du brukt mest tid på så langt som tillitsvald? 2. Kva har vore den viktigaste saka du har jobba med så langt som tillitsvald? (noter nokre stikkord) 3. Kva er dei tre viktigaste lærdomane så langt som tillitsvald? 4. Kva har du størst behov for å lære meir om? I starten av TV3 skal vi ta opp desse spørsmåla, og diskutere og dele erfaringar. Derfor er det viktig at de er førebudde til denne økta. Utdanningsforbundet Kursguide TV3 5
2. OVERSIKT OVER KURSET Utdanningsforbundet Kursguide TV3 6
Opplegget Størsteparten av TV3 dreiar seg om jobbing med litt større casar, med fleire oppgåver og diskusjonar rundt desse. Dialogduk vil være hovudmetoden, men på dag 1 vil vi supplere med eit par casar presentert som fotohistorier. Elles vil de i første del av dag 2 få ei førelesing om arbeidstidsavtalene for skule og barnehage. Mesteparten av dag 2 deler vi gruppa i skule og barnehage, sidan også delar av oppgåvene etter førelesingane rettar seg mot dei ulike avtalene. Timeplan DAG 1 Tid 10.00 11.45 m. pause undervegs Kva skjer? 11.45 12.30 Lunsj OPNING Presentasjon av instruktørar, kursopplegg og deltakarar Gruppearbeid og plenum: Erfaringsdeling 12.30 15.15 PERSONALSAKER OG KONFLIKTHANDTERING Gruppearbeid med utgangspunkt i case og dialogduk Veksling mellom gruppearbeid og plenum 15.15 15.45 Pause 15.45 17.30 TILSETTING Kort introduksjonsførelesing Gruppearbeid med utgangspunkt i case og dialogduk Veksling mellom gruppearbeid og plenum DAG 2 Tid Kva skjer? 08.30 09.35 FØRELESING (delt i skule- og barnehagegrupper) Løns- og arbeidsvilkår Utdanningsforbundet sitt arbeid internasjonalt 09.35 09.45 Pause 09.45 11.45 CASEARBEID (delt i skule- og barnehagegrupper) Gruppearbeid med utgangspunkt i case og dialogduk Veksling mellom gruppearbeid og plenum 11.45 12.30 Lunsj 12.30 14.30 CASEARBEID forts. 14.30 14.45 Pause 14.45 15.30 AVSLUTNING Spørsmål og oppsummering Vegen vidare Førebuing til TV4 Utdanningsforbundet Kursguide TV3 7
Kursleiarar Kursleiarar på kurset er: Bente Kampesveen, kontaktperson BHG, benkam@udf.no, 23138300 Geir Moen, kontaktperson GSK, geimoe@udf.no, 23138300 Siri S. Ringen, kontaktperson VGO, sirrin@udf.no, 23138300 Praktisk informasjon Du har rett til permisjon med løn for å delta på kurset. Sjå informasjon i innkallinga til kurset. Dersom du ikkje har vore på nokon av dei tidlegare kusa i grunnopplæringa, er det to nettsider du bør sjå på før du kjem på kurs: Nettsidene til tillitsvaldopplæringa Lov- og avtaleguiden for tillitsvalde Du treng ikkje å bruke mykje tid på dette, berre gjere deg kjend med kva som ligg der og korleis du navigerer. Lov- og avtaleguiden vil vi bruke som eit oppslagsverk i mange av oppgåvene på kurset. Til kurset skal du ta med: TV-guiden PC eller nettbrett Kursbevis Deltakarane får kursbevis etter kvart kurs. Dette vert automatisk lagt inn på Min side etter at gjennomføringa av kurset er registrert. De kan laste ned kursbeviset eller skrive det ut. Utdanningsforbundet Kursguide TV3 8
3. LÆREMIDDEL OG METODAR Utdanningsforbundet Kursguide TV3 9
Fotohistorier På dag 1 vil vi bruke fotohistorier i øktene om Personalsaker og konflikthandtering og Tilsettingar. Dette er forteljingar med bilete og stemmekommentar. Historiene er knytt til oppgåver på dialogduken. Slik gjer vi det: De får først sjå ein sekvens av historia. Så skal de løyse oppgåver til den. Så går vi vidare til ein ny sekvens og nye oppgåver, heilt til casen er ferdig. Fotohistoriene vil vere tilgjengelege for dykk på nettsidene for tillitsvaldopplæringa. Film om vårt arbeid internasjonalt I starten på dag 2 skal vi også sjå på Utdanningsforbundet sitt arbeid internasjonalt. Her vil vi blant anna bruke ein film med Ole Otterstad, seniorrådgjevar i Utdanningsforbundet. Filmen vil vere tilgjengeleg for dykk på nettsidene for tillitsvaldopplæringa. *** Utdanningsforbundet Kursguide TV3 10
Utdanningsforbundet Kursguide TV3 11
Utdanningsforbundet Kursguide TV3 12