Servicetorget ÅRSMELDING FOR KOMMUNALT RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA 2009. Rådet for valperioden 2008 2011: Medlemmer: Representantar for brukarorganisasjonane: Ella Teigen, LHL Luster Berit Heltne, Luster revmatikerforening Representantar for kommunestyret: Hildegunn Øygard Hansen Hermund Alme Representanten for dei tilsette: Odd Atle Stegegjerdet Personlege varamedlemer: Olav Moe, NFU Luster lokallag Marit Johanne Nyhus, Luster, Sogndal og Leikanger lokallag av høyrselshemma Kari Beheim Karlsen Geir Paulsen Nils Einar Thune Leiar: Hermund Alme Nesteleiar: Hildegunn Øygard Hansen Kommunalt råd for funksjonshemma har i 2009 hatt 10 møte, og handsama 57 saker. Sekretær gjennom året har vore Liv Helen Nystuen. Rådet skal vera eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem dei funksjonshemma sine behov og interesser. Rådet skal arbeida for størst mogeleg grad av integrering av funksjonshemma på alle område, og for full likestilling for dei funksjonshemma i Luster kommune. Rådet har fått fylgjande saker til orientering/- uttale/ for merknader: Kommunedelplan energi, klima og ureining for Luster kommune 2010-2013. Melding om oppstart av arbeid med kommunedelplan. Reguleringsframlegg Borhaug Solvorn. 2. gongs utlegging til offentleg ettersyn. Bygging av nye omsorgsbustader i Gaupne. Orientering/sak til uttale. Orientering om 3-årig prosjekt: Saman for barn og unge betre samordning av tenester til utsette barn og unge v/leiande helsesøster Anne Helen Strandabø. Presentasjon av skisseprosjektet for Luster bad. Plan for folkehelse 2009 2013. Orientering/sak til uttale. Kommunal plan for lokale kulturhus 2010 2021. Orientering/sak til uttale. Reguleringsendring Gaupne sentrum. (Nytt badeanlegg, ambulansestasjon m.m.) Reguleringsendring Engjadalsvegen. Utlegging til offentleg ettersyn. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
Side 2 Reguleringsframlegg for Kvitevollen i Luster og Alme på Hafslo. Utlegging til offentleg ettersyn. Reguleringsplan Hafslo sentrum. Utlegging til offentleg ettersyn. Helse- og omsorgsplan 2010 2021. Orientering. Høyringsutkast Helse- og omsorgsplan 2010 2021. Sak til uttale. Høyringsutkast Miljøplan kommunedelplan for energi, klima og ureining 2010 2013. Orientering/sak til uttale. Oppheving av reguleringsplan Drægni bustadfelt. Sak til uttale / for merknader. Framlegg til reguleringsplan Hafslo næringsområde (Galdatoppen). Sak til uttale / for merknader. Luster bad regionalt symje- og badeanlegg. Godkjenning av forprosjekt mv. Orientering/sak til uttale. Budsjett 2010, økonomiplan 2010-13, planleggingsprogram 2010-13. Sak til orientering og uttale. Rådet har fått orientering og gitt uttale til følgjande saker: Bygging av nye omsorgsbustader i Gaupne. Rådet hadde saka føre på møte den 2. mars der prosjektleiar Harald Fimreite orienterte om rådmannen si tilråding. Det kommunale Rådet for funksjonshemma ber kommunestyret velja ei utbygging i delt løysing, i tråd med forslag frå arbeidsgruppe og arkitekt. Dette inneber 6 bustader m. fellesareal mot nordaust + 2 bustader m. fellesareal i ei samla løysing med eksisterande tomannsbustader mot sørvest. Ei slik løysing vil etter Rådet for funksjonshemma si meining best ivareta behova til dei ulike brukargruppene, jmf. også Stortingsmelding 25, framtidige brukarar sine ønskje og behov for omsorgsbustader. Ved val av den skisserte løysinga vil ein få 2 uavhengige bufellesskap. Dei 2 eksisterande tomannsbustadane vil inngå i ei ny fellesskapsløysing med samanbinding til omsorgsenteret, og dette vil gjera tomannsbustadane mykje betre eigna som bustader for eldre og funksjonshemma enn tilfellet er i dag. Tomannsbustadane er også noko større enn dei planlagde nye leiligheitene, og kan såleis vera eit tilbod til par som ønskjer å bu saman. Denne løysinga vil sikra at Luster kommune kan gje eit best mogeleg tilpassa tilbod til brukarane. I planlegginga må det vidare sikrast at branntryggleiken i dei nye bustadane vert ivareteke på best mogeleg måte, td. med sprinkelanlegg og varslingssystem. Det kommunale Rådet for funksjonshemma vil minna om den rådgjevande funksjonen rådet er gjeve, og be om at saker av liknande karakter så langt råd er vert førelagt rådet til uttale før politisk handsaming vert starta. Presentasjon av skisseprosjektet for Luster bad. Rådet hadde saka føre på møte den 26. mars der prosjektleiar Harald Fimreiste presenterte teikningar av skisseprosjektet for Luster bad, orienterte om plasseringa av anlegget og dei tekniske løysingane. Rådet for funksjonshemma tok presentasjonen frå prosjektleiar til orientering. Plan for folkehelse 2009 2013. Rådet hadde saka føre på møte den 2. mars der folkehelsekoordinator Ken Eivind Thompson orienterte om framlegg ril folkehelseplan. Rådet for funksjonshemma tek framlegg til plan for folkehelse til etterretning.
Side 3 Rådet ber om det kan bli vurdert om ein oppdatert Grøn resept, oversikt over lågterskeltilbod i kommunen, kan følgje som vedlegg til planen. Kommunal plan for lokale kulturhus 2010 2021. Rådet hadde saka føre på møte den 11. juni der Erling Bjørnetun orienterte om planarbeidet og det framlegget som formannskapet hadde vedteke om høyringsutkast. Rådet for funksjonshemma tek framlegg til Kommunal plan for lokale kulturhus 2010-2021 til etterretning. Rådet ber om at det gjennomgåande prinsipp i planen er at alle hus som mottek kommunal stønad blir tilrettelagt for universell utforming (tilrettelegging t.d. for allergikarar, rørsle-, syns- og høyrselshemma). Rådet ber om at det blir nytta økonomiske verkemiddel for å oppnå dette. Helse- og omsorgsplan 2010 2021. Ass. Rådmann John Olaf Røhme og soneleiar Britt Veum Hauge orienterte rådet i møte den 30. juni om planarbeidet og det framlegget som formannskapet har vedteke som sitt høyringsutkast. Rådet drøfta høyringsutkastet på møte den 20. august og det vart vedteke å gje følgjande uttale: Rådet for funksjonshemma meiner arbeidet og informasjonen som er gitt undervegs i arbeidet har vore særs god, og støtter planen slik den ligg den er framlagt. Høyringsutkast Miljøplan kommunedelplan for energi, klima og ureining 2010 2013. Rådet hadde saka føre på møte den 20. august der naturforvaltar Inger Moe orienterte om framlegg til høyringsutkast. 1.7 Mål og tiltak Generelt til pkt. 1.7.2 Energibruk 1.Rådet for funksjonshemma vil peike på at reduksjon i kommunal energibruk vil redusere konsesjonskraftinntekt og såleis gå ut over det kommunale tenestetilbodet. 2.Rådet meiner det må arbeidast for ein gjennomgang av reglane for konsesjonskraft for å fange opp inkonsekvens. Pkt. 1.7.3 Klima Delmål 11 Tiltak kollektivtilbodet Nytt pkt. 1. Rådet ønskjer eit best mogeleg kollektivtilbod for alle inn ad i kommunen. Pkt. 2. Luster skal jobba aktivt for å få pendlarbuss. s.d. Nytt pkt. 3. Rådet ber om at kommunen tek ein gjennomgang av det totale kollektivtilbodet i kommunen, t.d. 1) rutetilbodet 2) holdeplassar, både plassering og utforming - herunder nyevegen på Indre Hafslo Pkt. 1.7.4 Ureining Delmål 2 Endå meir tilgjengeleg avfallsmottak Rådet vil peike på at den ordninga vi har i dag for avfallslevering fungerar godt. For å få det til å fungera endå betre meiner rådet at opningstida bør vurderast. Delmål 7 Gjenbruksbutikk Rådet ser føre seg at ein gjenbruksbutikk kan drivast av ATS. Luster bad regionalt symje- og badeanlegg. Godkjenning av forprosjekt mv. Rådet hadde saka føre på møte den 10. september der rådgjevar Jarle Skartun orienterte om forprosjektet og innhaldet i rådmannen si tilråding. 1.Rådet for funksjonshemma støtter etableringa av Luster bad slik det er lagt fram i
Side 4 rådmannen sitt saksframlegg datert 4. september d.å. pkt. 1 5. 2.Rådet ber om at følgjande vert teke særleg omsyn til i det vidare arbeidet: - akustikk, lyd- og støydemping - drukningsalarm - treningsareal/behandlingsareal, jfr. framlegg til HOP-plan - småbarnbassenget startar utan terskel 3.Pkt. 6 i rådmannen sitt saksframlegg overoppfyller det stipulerte kravet til innsparing (5 millionar kroner). Pkt. 6 viser ei innsparing på 8 9 millionar kroner. Rådet meiner at ein i nemnde innsparing også bør vurdera å nytta fondsmidlar og mogelege auka inntekter (t.d. nye kraftinntekter) til å dekka delar av utgiftene. Rådet krev at dei lovpålagte tenestene blir skjerma for kutt. 4.Rådet viser for øvrig til eigen uttale datert 15.06.2009 (sjå vedlegg). Budsjett 2010, økonomiplan 2010-13, planleggingsprogram 2010-13. Sak til orientering og uttale. Rådet hadde saka føre på møte den 5. november der økonomisjef Jan Kåre Norberg orienterte om budsjettforslaget. Rådet for funksjonshemma er godt nøgd med hovudlinjene i budsjett 2010 for Luster kommune. Rådet har følgjande kommentarar: PLEIE OG OMSORG 234 Aktivisering, eldre/funksjonshemma (side 46 i budsjettforslaget) Nytt punkt under støttekontakt: Tilskot til assistanse ved ferie- og fritid for funksjonshemma. Rådet viser til brev til Luster kommune datert 22.05. d.å. vedk. ferie og fritid for personar med nedsett funksjonsevne, der rådet på bakgrunn av innspel og handsaming i sak 24/09 ber Luster kommune setja av ein årleg pott på kr. 50.000 som funksjonshemma med behov for assistanse kan søka på ved ekstrautgifter knytta til feriereiser. Rådet ber på nytt om at det blir vurdert ein eigen pott på kr. 50.000 til føremålet. TEKNISKE TENESTER 338/339 Førebygging mot brann og ulukker/beredskap mot brann/ulukker (side 52 i budsjettforslaget) Rådet ber om at teknisk forvaltning avd. for brann gjer ei særskilt vurdering av branntryggleiken i bustader for eldre og funksjonshemma. 334 Trafikktryggleikstiltak (side 54 i budsjettforslaget) Rådet ber Luster ommune arbeida for å få ned hastigheita frå 70 til 60 km./t. og etablere gangfelt på riksveg 55 i Gaupne sentrum. 357 Offentleg toalett (side 54 i budsjettforslaget) Rådet ber om at det blir føreteke tilsyn på alle toalett som får tilskot etter ordninga under pkt. 357, for å sikre at toaletta har tilgjenge for alle. 0.335570 Sentrumsopprusting Gaupne (side 56 i budsjettforslaget) Parallellt med gjennomføringa av tre store byggjeprosjekt og stadanalysen i Gaupne sentrum meiner rådet det må vurderast plan for ei sikker kryssing av riksvegen i sentrum. Fysioterapiteneste ved Luster bad. Rådet for funksjonshemma har i planlegginga av Luster bad vore særleg oppteken av mogelegheitene for rehabilitering og opptrening i tilknyting til badet. Rådet vil peika på følgjande moment for dette: Den nasjonale samhandlingsreforma. Luster kommune sin eigen HOP-plan med etablering av kortids- og rehab.avd. ved Gaupne omsorgssenter. Mogelegheiter for sal av tenester til nabokommunane.
Side 5 Rådet for funksjonshemma ber om at det no vert vurdert etablering av fysioterapiteneste i tilknyting til Luster bad. Dette på bakgrunn av: Detaljplanlegging av Luster bad, side 70 i budsjettforslaget Planlagt utbygging og renovering av Helsesenteret, side 37 i budsjettforslaget. Rådet har gitt uttale til følgjande saker: Reguleringsframlegg Borhaug Solvorn. 2. gongs utlegging til offentleg ettersyn. Rådet hadde saka føre på møte den 26. mars og hadde ikkje merknader til reguleringsframlegg Borhaug Solvorn. Reguleringsendring Gaupne sentrum. (Nytt badeanlegg, ambulansestasjon m.m.) Reguleringsendring Engjadalsvegen. Utlegging til offentleg ettersyn. Rådet hadde saka føre på møte den 11. juni og hadde følgjande uttale: Rådet for funksjonshemma tek reguleringsframlegg for Gaupne sentrum (nytt badeanlegg, ambulansestasjon m.m. og Engjadalsvegen, nedre del til etterretning. Reguleringsframlegg for Kvitekollen i Luster og Alme på Hafslo. Utlegging til offentleg ettersyn. Rådet hadde saka føre på møte den 11. juni og hadde følgjande uttale: Rådet for funksjonshemma tek reguleringsframlegg for Kvitevollen i Luster og bustadfelt Alme på Hafslo til etterretning. Reguleringsplan Hafslo sentrum. Utlegging til offentleg ettersyn. Rådet hadde saka føre på møte den 11. juni og hadde følgjande uttale: Rådet meiner at området i planen (P1) bør flyttast mot fylkevegen. Det området som er merka P1 i dag vert då O1/O2. Oppheving av reguleringsplan Drægni bustadfelt. Rådet hadde saka føre på møte den 20. august og hadde ikkje merknader til oppheving av reguleringsplan - Drægni byggefelt. Framlegg til reguleringsplan Hafslo næringsområde (Galdatoppen). Rådet hadde saka føre på møte den 20. august og hadde ikkje merknader til framlegg til reguleringsplan Hafslo næringsområde. Saker rådet har teke opp / arbeidd med på eige initiativ: Førebyggande brannvern for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet hadde saka før i møte den 29.januar der brannsjef Agnar Kjell Kvenae var invitert til møtet for å snakke om branntekninske utformingar i samsvar med lover og forskrifter, og plikter for gardeigarar og bebuarar har når det gjeld brannførebygging og sikkerheit. Rådet drøfta korleis ein kunne få til å arrangere ein branntryggingsdag i kommunen, og kom fram til at dei ville spele dette over til brukarorganisasjonane og Luster pensjonistlag. Område for eigen HC-parkeringsplass ved Rådhuset. Rådet hadde saka føre i møte den 5. november. Rådet drøfta saka og viste til møte den 24. april 2008 der det vart gjennomført synfaring med Jan Magne Svåi. I møtet den 24. april vart det vedteke å henstille til Luster kommune om å opparbeide område for eigen HC-parkering på austsida av rådhuset. Vidare vart det vist til brev datert 4.7.2008 der Jarle Skartun skriv at det etter nærare vurdering ligg godt til rette å plassere ein ev. to HC-parkeringsplassar på austsida av rådhuset på hjørna mot banken. Under møtet vart det gjennomført synfaring av omådet på austsida av rådhuset der ein kunne registrera at det ikkje er etablert HCparkeringsplass.
Side 6 Etter drøfting i rådet vart det vedteke følgjande: Rådet forventer at det snarleg vert etablert 2 HC-parkeringsplassar på nemnde område. Som eit strakstiltak vil rådet foreslå at skiltet parkering forbode vert fjerna, og at det vert sett opp skilt på husveggen som viser til HC-parkeringplassar. Saker rådet har teke opp etter initiativ frå brukarorganisasjonane: Ferie og fritid for personar med nedsett funksjonsevne. Rådet hadde saka føre på møte den 14. mai, og vedtok å sende brev til Luster kommune med oppmoding om å setja av ein årleg pott kr. 50.000 som funksjonshemma med behov for assistanse kan søka på ved ekstrautgifter knytta til feriereiser. Rådet ber vidare Luster kommune vera lempeleg ved innkreving av dekning av lønskostnader for kommunalt løna følgjepersonar. Rådet viser i den forbindelse til vedlagte oversikt over krav frå Luster kommune i samband med to funksjonshemma personar si feriereise i 2008. Oppnemning av representantar frå Rådet for funksjonshemma: Arbeidsgruppe for Kommunedelplan for trafikktryggleik Hildegunn Øygard Hansen er rådet sin representant i trafikktryggingsgruppa i valperioden 2008-2011. Hildegunn har høyrd i etterkant at det har vore eit møte, men ho vart ikkje innkalla. Brukarutval for NAV. Hermund Alme er rådet sin representant i Brukarutval for NAV. Det har ikkje vore møte i brukarutvalet i 2009. Utviklingsprosjekt Pleie- og omsorg. Hermund Alme har vore med i prosjektgruppa som har arbeidd med utviklingsprosjekt pleieog omsorg (UPO). Den 24. september 2009 vart Helse- og omsorgsplan vedteke av kommunestyre. 3-årig prosjekt: Saman for barn og unge betre samordning av tenester til utsatte barn og unge. Rådet hadde saka om val av representant i prosjektgruppa Saman for barn og unge (BUFA) oppe til handsaming i møte den 14. mai og valde Hildegunn Øygard Hansen som rådet sin representant i gruppa. Prosjektet SAMAN FOR BARN OG UNGE starta opp i februar 2009 og varer i 3 år. Gruppa er satt saman av representantar frå barnevern, helsestasjon, skule, barnehage, fysioterapi, rådet for funksjonshemma, psykisk helseteam, fastlegar og PPT. Målsetjinga for prosjekteter er mellom anna: - godt tverrfagleg samarbeid og gode samordna tenester til brukarane - sikre at alle barn og unge får den hjelpa dei har behov for - utarbeide gode system og prosedyrar - utnytte ressursane til kommunen best mogleg Hildegunn vart med i gruppa 25.juni. Det har også vore møter 14. august, 9. september og 12. november. Den 13. oktober var det eit oppstartsseminar på Hafslo for alle innvollverte reprentantgruppene.hovedtema her var informasjon om prosjektet v/ Mette Smedstadog teieplikt v/ Nina Ramstad Aatlo. No vert det arbeidd med ei spørjeundersøking.
Side 7 Medlemar i Rådet for funksjonshemma har delteke på følgjande samlingar/ møte/kurs: Ingen utsendingar frå rådet i 2009. Rådet understrekar at det er ei investering at medlemane deltek på ulike samlingar. På den måten kan dei samle nyttig og relevant informasjon om kva som skjer i andre kommunar, og ta erfaringane sine med inn i det vidare arbeidet i rådet. Oppsummering: Leiar meiner at rådet har hatt eit godt arbeidsår. Rådet har hatt representantar med i viktige arbeidsgrupper, m.a. utarbeiding av Helse- og omsorgsplan 2010 2021 og i prosjektet Saman for barn og unge. Rådet får seg førelagt saker til uttale, og rådet tek opp saker på eiga hand. Leiaren meiner at rådet har fått større påverknadskraft i mange saker i kommunen. Men det er enno langt att før rådet når føremålet i Reglement for rådet med full integrering og likestilling av dei funksjonshemma i kommunen. Konklusjonen for året 2009 er at rådet har teke eit steg framover for den gruppa som me jobbar for.