STRATEGIPLAN Handlingsplan for 2018

Like dokumenter
STRATEGIPLAN Handlingsplan for 2016

STRATEGIPLAN Handlingsplan for 2015

Revidert januar Styrehandsama: Februar Strategiplan for Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Revidert januar Styrehandsama: 18.april Strategiplan for Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

UE Møre og Romsdal hoppid ue.no FRAMTID - SAMSPILL - SKAPERGLEDE

Årsberetning Ungt Entreprenørskap. Møre og Romsdal

Entreprenørskap i utdanning samarbeid skole næringsliv Næringssamling Anne Kathrine Slungård Admdir Ungt Entreprenørskap Norge

Hva gjør Ungt Entreprenørskap

Ungt Entreprenørskap Hordaland

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Avtale om partnarskap

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Entreprenørskap i Verranskolen

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Innovatørar trengs overalt

Strategi Forord

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Innovasjonsmetoden vår

Trygg og framtidsretta

Kommunikasjonsstrategi

INNOVATØRER TRENGS OVERALT!

Vi hoppa i det korleis har vi jobba i programmet, og kva har vi oppnådd?

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

UNGDOMSBEDRIFT. Mentorressursen

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Visjon, hovedmål og strategiske satsingsområder for

Ungt Entreprenørskap i høyere utdanning

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

S T R A T E G I D O K U M E N T

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

UB- og mentorressursen

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Entreprenørskap er løsningen for framtida!

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

UNGDOMSBEDRIFT. Mentor

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Entreprenørskap. Vrådal 19. november 2010

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

UNGT ENTREPRENØRSKAP i NORGE en del av JA-YE worldwide.

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

INTERNASJONAL STRATEGI

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Tromskonferansen 31. oktober 2016 Ungt Entreprenørskap Troms Kaja Baardsen Prosjektleder grunnskole. ue.no

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

Konferanse om samarbeid mellom skole og arbeidsliv. 13. september 2012

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Strategi for kompetanseutvikling

Dykkar ref Vår ref Dato

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Dykkar ref Vår ref Dato

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Ungt Entreprenørskap - løsninger for framtida. Anne Marit Igelsrud Daglig leder Ungt Entreprenørskap Trøndelag.

Regional planstrategi

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Pedagogisk plattform

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

1. Etablering Formål Stiftarar 2

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

ÅRSMELDING FOR UE MØRE OG ROMSDAL 2012

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Ungdomstrinnsatsinga

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Strategifrukost/lunsj

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Studentbedrift. Høyere utdanning. ue.no FRAMTID - SAMSPILL - SKAPERGLEDE

Transkript:

Revidert januar 05 Styrebehandlet februar 06 Revidert januar 07 Styrebehandlet februar 07 Revidert november 07 Styrebehandlet februar 08 STRATEGIPLAN 05 09 Handlingsplan for 08 UNGT ENTREPRENØRSKAP MØRE OG ROMSDAL BRUBYGGAREN UE

UNGT - ikke gammelt ENTRE - fra fransk entrer (gå inn), fra engelsk enter (gå inn) PRENØR - fra fransk prendre (ta) entreprendre=ta på seg, ta fatt på SKAP - suffix (norrønt: skapr: beskaffenhet), evne Entreprenører trengs overalt! Skjevik Ungdomsskole med fleksibel bru som kan tåle naturkreftene. (Innovasjonscamp Molde) Hovudmål for Ungt Entreprenørskap 05-09: UE skal bidra til å vidareføre og styrke satsinga på entreprenørskap i utdanning i Norge, i omfang og kvalitet. Strategiplan 05 09, med handlingsplan 08.

INNHALD 0 OPPSUMMERING - 08:... 4 I INNLEIING... 5 Strategiske satsingsområde... 5 Visjon, formål og kjerneverdiar... 6 II BRUBYGGAREN UE... 7 Framtidas verdiskaparar vert utdanna no... 7 Forankring av entreprenørskap i utdanning (EIU)... 7 3 Entreprenørskap på internasjonal dagsorden... 8 4 Forsking på effekten av UE sine program... 8 III. UNGT ENTREPRENØRSKAP SINE PROGRAM OG AKTIVITETAR... 9 Verdiskaping og innovasjon som grunnlag for velferd og bærekraft... 9 Utdanning for og gjennom entreprenørskap... 9 3 Entreprenørskapskriterier i UE sine program... 0 4 UE sine program... 0 IV STRATEGISKE HOVUDSATSINGSOMRÅDE - UE MR 05-09... Forankring av entreprenørskap i utdanning.... Mål.... Målgrupper....3 Tiltak....4 mål... 3 UE sine produkt og tenester... 4. Mål... 4. Målgrupper... 4.3 Tiltak... 4.4 UE MR skal tilby følgjande program... 5.5 mål... 8 3 Organisasjons- og kulturutvikling... 0 3. Mål... 3. Målgrupper... 3.3 Tiltak... 3.4 mål... 4 Media- og kommunikasjonsarbeid... 4. Mål... 4. Målgrupper... 4.3 Tiltak... 5 Dokumentere resultat og måle effekt... 3 5. Mål... 3 5. Tiltak... 3 6 Finansiering og tilhøvet til samarbeidspartnarar... 3 6. Mål... 3 6. Målgrupper... 3 6.3 Tiltak... 3 3

0 OPPSUMMERING - 08: Visjon: Ungt Entreprenørskap inspirerer unge til å tenke nytt og til å skape verdiar. Mål for UE MR 08: I 07 gjennomførte 4 5 elevar og studentar i fylket eit program frå UE. For 08 er målet 850. Ca. 500 lærarar og 400 rettleiarar frå næringslivet deltok i 07. Vi forventar like mange i 08. I 07 signerte tre kommunar ny avtale om EntreprenørskapsLøype og fire oppdaterte sin avtale. I 08 er målet å få med 4 nye kommunar. Strategi- og handlingsplan for UE MR skal ivareta retninga som blir vist av UE Norge. Det er eit overordna mål at mest mogeleg av midlane organisasjonen rår over, går til å gje barn og unge meir entreprenørskapskompetanse. Prosjektavtalar: Prosjekt EntreprenørskapsLøype i kommunane. MRFK-hoppid, 07-09. Prosjekt Lektor.Naturfagsenteret, skoleåret 07/08. Prosjekt Gründersatsing i høgare utdanning, MRFK regional- og næringsavdelinga, søkt om nytt prosjekt. Prosjekt Innovasjonscamp i VGS og bygdeutvikling, Fylkesmannen, landbruk, søke om nytt prosjekt (søker kvart år, ett årig prosjekt). Prosjekt Innovasjonscamp i VGS. MRFK regional- og næringsavdelinga, søkt om nytt prosjekt. Prosjekt Sosialt entreprenørskap, MRFK-kulturavdelinga. Avtale Sparebanken Møre. Økonomi og karrierevalg/sjef i eget liv. Forhandler om ny avtale. Prosjekt vaksenopplæring, søke om midlar for å implementere materiell som vart utvikla i 07. UE sin strategi 05-09: «UE skal som brobygger bidra til å videreføre og styrke satsingen på entreprenørskap i utdanning i Norge i omfang og kvalitet.» fra UE Norges strategidokument. Dei seks strategiske hovudsatsingsområda (UE Norge) er:. Forankring av entreprenørskap i utdanning.. Utvikling av UEs produkt og tenester. 3. Utvikling av UEs organisasjon og kultur. 4. Utvikle media- og kommunikasjonsarbeidet. 5. Dokumentere resultat og måle effekt. 6. Auka finansiering og fleire samarbeidspartnarar. 4

I INNLEIING Dokumentet er Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal si strategiplan for 05 09. Strategiplana byggjer på Ungt Entreprenørskap Norge sitt dokument: Strategiske hovedsatsingsområder 05 09. Handlingsplan for 08 er lagt inn i dokumentet og viser aktivitetsmål, der det er naturleg. Strategiske satsingsområde UE Møre og Romsdal sine strategiske satsingsområde for perioden 05 09 er i samsvar med dei som er vedtatt for UE Norge. UE Norge sine strategiske hovudsatsingsområde 05 09:. Forankring av entreprenørskap i utdanning. Utvikling av UE sine produkt og tenester 3. Utvikling av UEs organisasjon og kultur 4. Utvikle media- og kommunikasjonsarbeidet 5. Dokumentere resultat og måle effekt 6. Auka finansiering og fleire samarbeidspartnarar UE Møre og Romsdal vil tilpasse satsingane slik at vi kan møte fylket sine særlege behov og utnytte fylket sine sterke sider. Vi vil ta omsyn til kvar einskild skole sine behov; storleik, lokalisering og kultur. UE Møre og Romsdal ønskjer at entreprenørskap i utdanning skal vere eit viktig distriktspolitisk virkemiddel for å: - halde på og auke folketalet - styrke næringsutvikling og innovasjon - betre karriererettleiing og auke gjennomføring i vidaregåande opplæring 5

Visjon, formål og kjerneverdiar VISJON: Ungt Entreprenørskap inspirerer unge til å tenke nytt og til å skape verdiar. Formål: Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sitt formål er i samspel med skolane, næringslivet og andre aktørar å: utvikle barn og ungdom sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv gi barn og ungdom forståing for verdiskaping og nyskaping i næringslivet fremme barn og ungdom si samarbeidsevne og ansvarskjensle gi forståing for og kunnskap om etikk og reglar i nærings- og arbeidslivet styrke samhandlinga i lokalsamfunnet mellom nærings- og arbeidslivet og skolane stimulere til samarbeid over landegrensene inspirere til framtidig verdiskaping i ein sosial, kulturell og økonomisk samanheng Kjerneverdiar Framtid Styrke unge menneske si evne og kompetanse til å meistre framtida Være ei drivkraft for verdiskaping og nyskaping Gi viktige bidrag til å skape livskraftige lokalsamfunn og global bærekraftig utvikling Samspel Lære barn og unge å samarbeide Være ein forutsigbar og langsiktig samarbeidspartnar i spennet mellom skole, arbeids- og næringsliv Skape møteplassar og bygge nettverk; lokalt, nasjonalt og internasjonalt Skaparglede Gi unge menneske muligheiter til å utvikle kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv Motivere unge menneske til å tenke nytt og til å skape verdiar Sette Lære ved å gjøre i sentrum for all aktivitet 6

II BRUBYGGAREN UE Framtidas verdiskaparar vert utdanna no Det vi med størst sikkerheit kan sei om framtida, er at verken Norge eller resten av verda vil bli som i dag. Dagens organisasjonar, både private og offentlige, vil ha stadig større behov for individ med både endringsvilje og -kompetanse, samt ei tilnærming til læring som ein livsvarig prosess. Ein stor del av framtidas bedrifter og arbeidsplassar er ennå ikkje skapt. Dei vil bli skapt av menneske som tør ta sjansar, menneske som nyttar sine evner og ressursar til å skape nytt. Både noverande og tidlegare regjeringar har sidan tidleg på 000-tallet hatt som ambisjon at Norge skal vere blant Europas mest innovative land. Dette vil krevje at alle samfunnsaktørar i enda større grad samarbeider og gjennom det legg til rette for eit breiare grunnlag for verdiskaping. Forankring av entreprenørskap i utdanning (EIU) Ungt Entreprenørskap (UE) vart etablert i 997, og har gjennom utvikling av sine program vært ein sentral aktør i utforming og implementering av entreprenørskap i utdanning (EiU). Det er eit samla Storting som stiller seg bak den gjeldande handlingsplana «Entreprenørskap i utdanning fra grunnskole til høyere utdanning 009-04». Satsinga på entreprenørskap i utdanning har vore breitt forankra i fleire departement og gjennom fleire dokument sidan starten på 000-tallet. Ungt Entreprenørskap meiner at dei to hovudmåla i dagens handlingsplan for entreprenørskap i utdanning 009-04 bør vidareførast. Å styrke kvaliteten på og omfanget av entreprenørskapsopplæring på alle nivå og fagområde i utdanningssystemet. Norge skal være leiande internasjonalt innafor entreprenørskap i utdanning. Forankring av entreprenørskap i utdanning gir føringar for UEs aktiviteter og for organisasjonens vidare utvikling, og gir legitimitet til UEs rolle som brubyggjar. 7

3 Entreprenørskap på internasjonal dagsorden Entreprenørskap er på den politiske dagsorden i heile Europa. På oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet publiserte OECD rapporten OECD Skills Strategy Diagnostic Report: Norway. Her analyserer OECD Norges kompetansemessige utfordringar og konkluderer med utfordringar Norge må løyse. «Promoting entrepreneurship» er ein av hovedsatsingsområda som vert anbefalt frå OECD. Key Competence Nettwork on school Education (KeyCoNet) er eit Europeisk nettverk initiert av EU for å utarbeide framtidige nøkkelkompetansar for elevar på barne- og ungdomstrinnet. 8 land med relevante organisasjonar deltar og bidrar med anbefalingar for politikk og praksis. «Trening i initiativ og entreprenørskap» er ein av åtte nøkkelkompetansar som vert framheva. 4 Forsking på effekten av UE sine program Ulike rapportar peikar på at det tek tid å få etablert nye former for læring og at det tek tid å dokumentere effekt; det må nødvendigvis gå år frå eit ungt menneske får kompetanse og ferdigheiter til dei vert sett ut i livet i form av t.d. ein bedriftsetablering eller spesifikk åtferd på arbeidsplassen (intraprenørskap). NIFU og Østlandsforskning har hatt eit større følgjeforskingsprosjekt på EiU, på oppdrag av Kunnskapsdepartementet (KD), Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Østlandsforskning gjennomførte hausten 0 ei undersøking på eigenetablering blant personar i alderen 4 5 år (ØF-notat 7/0). Nordlandsforskning evaluerte i 0 på oppdrag av KMD og NFH korleis UE hadde forvalta statstilskotet gjennom nær ti år. Det vart poengtert at UE er ein veldriven og effektiv organisasjon som når ut til eit stort antall elevar med dei midlar organisasjonen har til rådighet. Ny forsking er planlagt med oppstart i 08. 8

III. UNGT ENTREPRENØRSKAP SINE PROGRAM OG AKTIVITETAR Verdiskaping og innovasjon som grunnlag for velferd og bærekraft Med dei demografiske og næringsmessige utviklingstrekk samfunnet har og som ser ut til å forsterkast i åra som kjem, vert betydinga av verdiskapingsperspektivet sterkare. Den norske velferdsmodellen krev auka verdiskaping i brei betyding for å kunne vidareutviklast, og innovative løysningar vert kravd for å underbygge ei bærekraftig utvikling. Det er eit mål i seg sjølv å utdanne fleire unge som vil, kan og tør skape noko sjølv. Når elevar får bruke faga i praksis, samarbeide med næringslivet og realisere eigne draumar og ambisjonar, utviklar dei haldningar og eigenskapar som det ikkje går an å lese seg til. UEs pedagogiske plattform bygger på læring gjennom praksis. Utdanning for og gjennom entreprenørskap Det er tradisjonelt tre måtar å forstå EiU på: Utdanning OM entreprenørskap, dvs. om entreprenørskap som eit samfunnsfenomen Utdanning FOR entreprenørskap, dvs. opplæring og trening for å utvikle kunnskapar og ferdigheiter som gir grunnlag for å starte ny verksemd Utdanning GJENNOM entreprenørskap, der entreprenørskap vert brukt som ein pedagogisk metode og der ein nyttar entreprenørielle prosessar som virkemiddel for å oppnå bestemte læringsmål UE har hovudfokus på utdanning gjennom og for entreprenørskap. Det kjem til uttrykk ved at vi gir elevar og studentar erfaring med å starte, leie og delta i verdiskapande prosessar. Erfaring vert etablert i samhandling med omgivnadene og gitt ved at elevar og studentar får omsett idear til handling. Fra regjeringens handlingsplan: Entreprenørskap i utdanning fra grunnskole til høyere utdanning 009-04. Entreprenørskap i utdanning handlar om å utvikle elevar og studentar sine personlege eigenskapar gjennom å stimulere deira kreative evner, utvikle deira handlingskompetanse og deira forståing av omverda. 9

3 Entreprenørskapskriterier i UE sine program UE har fem kriterier som ligg til grunn for å identifisere og kvalitetssikre program som fremjar elevar og studentar sin entreprenørskapskompetanse: Verdiskaping sosialt, kulturelt, økonomisk. Erfaringslæring Kreativitet og innovasjon Samhandling utdanning / arbeids og næringsliv Tverrfaglegheit Dei fem kriteria er sidestilte, men det vil variere kva kriteria som har sterkast fokus i ulike program og aktivitetar. Programma vert delt inn i fire grupper: - Bedriftsprogram - Idéverkstader - Arbeidslivs- og karriereretta program - Støtteprogram I alle program og aktivitetar er det lagt til rette for eit nært samarbeid mellom utdanning og lokalt arbeids- og næringsliv. 4 UE sine program Illustrasjonen viser alle programma til UE. Inndeling etter utdanningsnivå. UE MR sitt val av program er tatt på bakgrunn av ressursar, erfaring og fylket sine behov. Programma vert presentert i kap..4. 0

IV STRATEGISKE HOVUDSATSINGSOMRÅDE - UE MR 05-09 Prosessen med å prioritere utviklingsområde for Ungt Entreprenørskap i dei komande åra, er breidt forankra i organisasjonen. Det er drøfta i nettverksmøte, Leiarmøte og Rådsmøte/Nasjonal styresamling. UE har i tillegg fått innspel frå ulike interessentgrupper gjennom to nasjonale omdømme-, visjons- og kulturundersøkingar (00 og 03). Seks strategiske hovudsatsingsområde:. Forankring av entreprenørskap i utdanning. Utvikling av UE sine produkt og tenester 3. Utvikling av UE sin organisasjon og kultur 4. Utvikle media- og kommunikasjonsarbeidet 5. Dokumentere resultat og måle effekt 6. Auka finansiering og fleire samarbeidspartnarar Forankring av entreprenørskap i utdanning. Mål UE MR skal bidra til å forankre og implementere entreprenørskap i utdanning gjennom å vere ein tydeleg brubyggjar mellom skole og lokalt arbeids- og næringsliv.. Målgrupper, fagskolar, universitet og høgskolar med leiing og ansatte, administrasjon og politisk nivå i kommunar og fylkeskommunen, bedrifter og organisasjonar..3 Tiltak a. UE MR skal arbeide for forankring i planar hos skoleeigarar og skoleleiing administrativt og politisk ved å: Arbeide for forankring i kommunane og skolane sine planer for utdanning, gjennom prosjektet Entreprenørskapsløype. Avtalen inneber at alle elevar i kommunen skal nytte 4 entreprenørskaps-aktivitetar i løpet av grunnskolen. Arbeide for at entreprenørskap i utdanning skal vere tydeleg i Fylkesplan for Møre og Romsdal og i tilhøyrande Handlingsprogram for Kompetanse og verdiskaping. Arbeide for at entreprenørskap i utdanning skal vere godt synleg i fylkeskommunen si Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring. Samarbeide med MRFK utdanning i implementering av KarriereLøype, der aktivitetar i karriererettleiing vert synleggjort. Samarbeide med MRFK og Fylkesmannens landbruksavdeling, og ha fokus på entreprenørskapsaktivitetar som er i tråd med fylket sine satsingsområde. Arbeide for at universitet, høgskolane og fagskolane i fylket legg entreprenørskap inn i studieplanane for dei enkelte studia.

Arbeide for at nye lærarar kjenner UE sine program, gjennom å forelese ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Volda. b. UE MR skal gje informasjon om EiU til lokalt arbeids- og næringsliv og aktivt nytte deira kompetanse i gjennomføring av aktivitetar, ved å: Skape kultur for entreprenørskap i lokalsamfunnet. Gjennom kurs og andre samlingar skal vi stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom skolar og mellom skolar og lokalt næringsliv. c. UE MR skal stimulere skolane til aktiv bruk av lokalt næringsliv og motivere til forankring av samarbeidet i langsiktige avtalar t.d. partnarskapsavtalar ved å: Nytte personar frå lokalt arbeidsliv i gjennomføring av UE sine program. skal få god kunnskap om lokale ressursar og slik sjå muligheiter i eige lokalmiljø. Det gjeld både i høve framtidig arbeid, rekruttering og som etablerarar av eigen verksemd. Fortsette samarbeidet med dagens samarbeidspartar og aktivt søkje samarbeid med fleire bedrifter og organisasjonar.

.4 mål Forankring 06 Delmål 07 07 Delmål 08 Mål 09-4 nye kommunar skal Nye kommunar: - 4 nye ha forankra Aure, Kristiansund, kommunar skal Entreprenørskapsløype i Tingvoll ha forankra si plan for utdanning. Fornya avtalar Entreprenørskap Averøy, Ørsta, Aukra sløype i si plan Nye kommunar: Giske og Sunndal Fornya avtaler: Nesset, Molde og Aukra EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping. EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping. og Rindal EiU har plass i Fylkesplana og Handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping. for utdanning. EiU har plass i Fylkesplan og Handlingprogram for kompetanse og verdiskaping 5 kommunar skal ha forankra Entreprenørskapsløyp e i si plan for utdanning EiU har plass i Fylkesplan og Handlingsprogramma for Verdiskaping og Kompetanse. KarriereLøya implimenteres gradvis. 93 vg skolar nyttar UB i 6/7. 7 vgs har arr. IC i 06 UE MR har hatt kurs ved HiVO. Det har vore kurs i og arr. IC etter modell U- trinn. SB NTNU i Ålesund 06/7. Kurs i IA og rekneskap. FM SB. IC ved Høgskolen i Molde og Kunstfagskolen i Ålesund KarriereLøypa er ferdig til bruk. Marknadsføring og info om KarriereLøypa. Fleire vg skolar skal ta i bruk UB og IC Forelese om EiU på lærarutdanninga v/hivo Tilby studentbedrift med kurs og FM, samt Innovasjonscamp for alle universitet, fagskolane og høgskolane i fylket. KarriereLøypa nyttast i innsalg av UE program. 6 vgs nytta UB i 7/8 3 vgs har hatt. IC i 07 UE MR har hatt et kurs ved HiVO. Det har vore kurs i og arr. IC etter modell U-trinn og dei andre UE-programma for u- trinnet. SB NTNU i Ålesund 07/8. 6 SB på Høgskulen i Volda 07/08 Kurs i IA og rekneskap. FM SB. IC ved Høgskolen i Molde, Fagskolen i Kristiansund og Kunstfagskolen i Ålesund. Marknadsføring og info om KarriereLøypa. Fleire vg skolar skal ta i bruk UB og IC på fleire studieprogram. Forelese om EiU på lærarutdanninga v/hivo Tilby studentbedrift med kurs og FM, samt Innovasjonscamp for alle universitet, fagskolane og høgskolane i fylket. EiU vert etterspurt ved tilsyn frå utdanningsavdelinga. KarriereLøypa for MRFK skal vere ferdig og i bruk ved skolane Alle vg skolar skal ha tilbod om UB og IC til sine elevar. EiU og UE sine program er kjent/nytta i alle studiar for lærarutdanning i fylket. Alle universitet, høgskolar og fagskolar skal nytte Innovasjonscamp og Studentbedrift. 3

UE sine produkt og tenester. Mål Gjennom UE sine aktivitetar skal vi gi flest mulig barn og ungdom auka entreprenørskapskompetanse.. Målgrupper i grunnskole og vidaregåande opplæring. Studentar ved universitet, høgskolane og fagskolane i fylket. - 3 800 elever i ca 0 grunnskolar, 0 000 elevar i 5 vidaregåande skolar og studentar ved universitet, høgskolar og 3 fagskolar..3 Tiltak a. UE MR sitt arbeid skal kvile på UE si pedagogiske plattform ved å: Gje medarbeidarane kjennskap til UE sin pedagogiske plattform og aktivt nytte den i arbeidet. Styrke kompetansen og interessa for entreprenørskap hos personalet i utdanningssystemet (kurs og rettleiing) Nytte UE Norge sin kvalitetsplan med omsyn til tidsbruk, kurs for lærarar og rettleiarar, fornying av program, samt sikre eigen kompetanse i programma vi tilbyr. b. UE MR skal medverke til utvikling og spreiing av programma, med særskilt vekt på bedriftsprogramma ved å: Arbeide for at alle elevar får tilbod om entreprenørskapsaktivitetar Vedlikehalde aktivitet som er i gang / har vore nytta Auke tilbodet i dei skolane som nyttar UE sine program Gi tilbod til nye skolar og gjere koplingar til lokalt næringsliv Arbeide for ein klar og forpliktande progresjon i entreprenørskap i utdanning til og med høgare utdanning. Fokusere på bruk av læremateriell som skolar og lokalt næringsliv etterspør og vil nytte. c. UE MR skal arbeide for at entreprenørskap i utdanning framleis vert ein del av lærarutdanninga i fylket. d. Rolla som brubyggjar skal framhevast i rekruttering, skolering og oppfølging av lærarar og frivillige frå arbeidslivet. 4

.4 UE MR skal tilby følgjande program Grunnskole: Det er om lag 3 800 elevar på nesten 0 grunnskolar i Møre og Romsdal. Kommunane som skal inn i arbeidet med Entreprenørskapsløypa vil kunne velje -4 program (eller fleire) for heile grunnskolen. For kommunar med Entreprenørskapsløype vert utfordringa å få med alle skolane i kommunen på forpliktande planer. Grunnskole. -7. trinn: Våre familiar: Elevane skal få større forståing av korleis ein familie fungerer og korleis kvar enkelt kan være med å bidra. Elevane får erfare at familien må ta val og sjå nødvendigheten av prioriteringar. Programmet kan nyttast på.. trinn avhengig av lokale tilhøve. Pilot 07/08. Vårt Lokalsamfunn: Elevane skal oppleve korleis menneske, lokalt næringsliv og offentlige tenester påverkar kvarandre i eit lokalsamfunn. Programmet kan nyttast på 4. 5. trinn avhengig av lokale tilhøve. Det skal nyttast ekstern rettleiar gjerne frå offentleg verksemd/organisasjonar. SikkSakk Europa: Programmet skal gi elevar forståing av at vi i Europa er gjensidig avhengige av kvarandre når det gjeld m a økonomi og næring. Læring skjer gjennom praktiske øvingar, leik og spill. Programmet høver for 6. 7. trinn. Det skal nyttast ekstern rettleiar gjerne frå bedrift som driv internasjonal verksemd. Grunnskole 8. 0. trinn: Elevbedrift: Elevbedrift har fokus på kreativitet, samarbeid, handlingskompetanse og verdiskaping. Elevane har sin eigen forretningsidé gjerne basert på lokale ressursar. Dei startar, driv og avviklar si bedrift over ein kortare eller lengre periode. Elevbedrift (EB) høver godt i valfaga og kan nyttast på alle trinn. Kvar EB bør ha ein mentor frå næringslivet. Se mulighetene!:kva er ein entreprenør? På kva måte er entreprenørskap ein føresetnad for verdiskaping? Elevane får trening i å identifisere sosiale utfordringar og å gjere noko med dei gjennom å starte elevbedrifter. Nytt prosjekt med Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga. Økonomi og karrierevalg: Økonomi og karrierevalg vil bevisstgjere elevane på eigne ferdigheiter, interesser og verdiar knytt til framtidige utdannings- og karriereval. Dei kan òg reflektere over eigen økonomi og korleis dei planlegg eiga framtid. Programmet skal gjennomførast med ekstern rettleiar frå næringslivet. Programmet høver godt inn i faget utdanningsval. 5

Innovasjonscamp: Innovasjonscamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Elevane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av eit gitt tidsrom. Oppdraga skal vere realistiske og gitt av lokalt arbeids- og næringsliv. Løysingane vert vurdert av ein jury. UE Møre og Romsdal har laga eit rettleiingshefte til bruk for skolane. I 05 har UE MR laga eit prosessverkty for elevane. Innovasjonscamp med fleire oppdrag, slik han vert gjennomført i Møre og Romsdal har blitt ein suksess og gir mange positive effektar i lokalmiljøet. Jobbskygging for 8., 9. og 0. trinn: Målet med aktiviteten er å gi elevane ei oppleving av eit yrke dei kan tenkje seg. Eleven får høve til å skygge ein kjenning, delta på utprøving i vidaregåande skole og skygge ein framand arbeidstakar i ordinært arbeid. Vidaregåande opplæring Møre og Romsdal har 5 vidaregåande skolar med ca. 0 000 elevar. Skolane varierer sterkt i storleik og tilbod av program. Ungdomsbedrift: i vidaregåande opplæring startar og driv si eiga bedrift i eitt skoleår. Bedrifta vert registrert i Brønnøysund-registra, har eige styre og mentor frå næringslivet. i ungdomsbedrifter vil få tilbod om Fylkesmesse, kurs i inkluderande arbeidsliv (IA) og rekneskapskurs. Ved slutten av skoleåret avviklar dei bedrifta. Innovasjonscamp: Innovasjonscamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Elevane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av ein dag. Oppdraget skal vere realistisk og gitt av ei lokal bedrift. Elevane arbeider i grupper. Dei nyttar rettleiarar til hjelp i prosessen. Løysingane vert vurdert av ein jury. Sjef i eget liv: Sjef i eget liv - er eit undervisningsprogram i personleg økonomi. Programmet er basert på ei digital plattform utvikla av Finans Norge saman med Husbanken og NAV. Programmet viser korleis forbruksval påverkar moglegheitene for å spare opp eigenkapital til kjøp av eigen bustad seinare i livet. Programmet blir gjennomført av ekstern rettleiar frå lokalt arbeids- og næringsliv Fra utdanning til jobb: Programmet høver på alle studieprogram i vidaregåande skole. Målet er opplæring i å søke jobb og finne rett jobb. Eitt anna mål er auka sjølinnsikt og sjølvtillit. 6

Høgare utdanning Det er to høgskolar i fylket; Molde og Volda. Det eit universitet; NTNU i Ålesund. Det er tre fagskolar; ein i Kristiansund og to i Ålesund. Studentbedrift: Studentane startar og driv si eiga bedrift over ein periode semester. Dei registrerer bedrifta i Brønnøysund-registra, har eige styre, finansiering og mentor frå næringslivet. Innovasjonsgraden er høg og studentane må ofte nøye seg med å utvikle ein prototyp. Studentane får òg tilbod om Fylkesmesse, kurs i inkluderande arbeidsliv (IA) og rekneskap. Entreprenørskap i lærarutdanninga: Ungt Entreprenørskap og Høgskolen i Volda gir kurs i - og arrangerer Innovasjonscamp for studentane på grunnutdaninga for lærarar (GLU) 5. -0. trinn. UE gir òg kurs i dei andre programma for ungdomstrinnet på GLU 5.-0. trinn. Begge grunnutdanningane for lærarar: GLU.-7. trinn og GLU 5.-0. trinn, vert kursa i UE sine program for barnetrinnet. Innovasjonscamp for andre studium: Innovasjonscamp er trening i kreativitet, nyskaping og samarbeid. Studentane får eit oppdrag som dei skal løyse i løpet av to dagar. Oppdraget skal vere realistisk og gitt av ei lokal bedrift/organisasjon. Studentane arbeider i grupper og dei kan nytte rettleiarar til hjelp i prosessen. Løysingane vert vurdert av ein jury. 7

.5 mål Tabellen under viser måltall for UE MR for 06 og 09. Ein forventar jamn vekst i perioden. For samanlikning er måltal og resultat for 05 tatt med. Måltal for 09 vart sett i 04 og vert ikkje endra sjølv om ein oppnår betre resultat tidlegare. Tabellen vert oppdatert kvart år. Barnetrinnet Våre familiar Vårt Lokalsamfunn SikkSakk Europa 05 4 30 7 9 06 60 698 3 07 Mål 07 70 360 60 000 07 6 07 37 949 3 683 Mål 08 5 00 50 400 50 400 Mål 09 50 600 50 300 Ungdomstrinnet Elevbedrift Elevbedrifter Se mulighetene! Innovasjonscamp Økonomi og karriereval Jobbskygging 05 5 56 44 7 35 890 37 404-548 06 0 83 8 3 66 45 743 63 470 Mål 07 5 500 60 0 35 000 47 900 67 5000 07 6 30 3 8 40 38 360 48 436 Mål 08 5 500 60 5 00 35 700 45 800 60 5000 Mål 09 30 600 70 40 00 40 300-7000 8

Vidaregåande opplæring Ungdomsbedrift Ungdomsbedrifter Inkluderande arbeidsliv IA IA-sertifiserte UB Kurs i rekneskap 05 6 540 0 6 374 9 Innovasjonscamp Sjef i eget liv 0 Frå Utdanning til jobb Fylkesmesse for UB Ungdomsbedrifter 0 0 6 504 89 06 9 534 93 380 60 8 68 7 077 069 0 0 3 453 83 Mål 07 635 8 535 9 4 0 3 500 6 700 0 0 8 500 07 6 40 76 9 303 55 6 6 3 487 3 074 0 0 4 3 64 Mål 08 0 470 80 5 400 65 Mål 09 0 700 0 8 500 00 8 65 00 9 800 0 000 7 300 000 0 0 9 6 5 00 7 500 00 Høgare utdanning Studentbedrift Studentar Studentedrifter Inkluderande arbeidsliv IA Studentar 05 33 9 34 9 06 38 0 7 Mål 07 60 0 07 43 Mål 08 70 0 Mål 09 IA-sertifiserte SB Kurs i rekneskap Studentar 3 0 50 0 0 00 Innovasjonscamp Studentar Lærarutdanninga Kurs Studentar Studentar på IC Fylkesmesse for SB Studentar Studentbedrifter 00 4 74 36 45 70 8 39 30 7 60 0 4 00 4 80 40 5 8 0 8 3 6 3 3 9 7 50 0 3 400 3 50 30 30 7 3 00 0 3 00 5 3 400 5 00 50 3 80 5 9

3 Organisasjons- og kulturutvikling Administrasjon og organisering: UE Møre og Romsdal er i stor grad prosjektfinansiert. Det medfører at antall årsverk kan variere i tråd med tilgjengeleg finansiering. Styret består av 0 medlemmer og samansettinga skal ta omsyn til geografi, samarbeidspartar, samt offentleg- og private aktørar. Lokalt arbeids- og næringsliv er viktige bidragsytarar når aktivitetar skal gjennomførast og ved UE MR sine arrangement. Pedagogisk organisering: For å nå fram til og halde seg oppdatert om dei ulike utdanningsnivåa ; grunnskole, vidaregåande opplæring og høgare utdanning, er det behov for å spesialisere seg på dei ulike nivå. Dette er løyst ved pedagogiske ansvarsområde. Geografisk organisering: Det er svært store avstandar i fylket, og for å utnytte ressursane best mogeleg har tre av medarbeidarane desentraliserte kontor. Slik organisering medfører òg langt betre kunnskap om lokale tilhøve både kva gjeld utdanningsinstitusjonane og lokalt arbeidsliv. I 07 var det 9 medarbeidarar i til saman 5, årsverk, som dekkjer følgjande funksjonar: Dagleg leiing Pedagogisk ansvar: Hovudansvar vidaregåande opplæring Hovudansvar høgskole Geografisk organisering: Nordmøre grunnskole Nordmøre vg. opplæring Romsdal grunnskole Romsdal vg. opplæring Sunnmøre grunnskole Sunnmøre vg. opplæring 0

3. Mål Å utvikle Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sin organisasjon og kultur. 3. Målgrupper Den viktigaste ressursen til UE Møre og Romsdal er dei tilsette, styret og alle støttespelarane til organisasjonen. 3.3 Tiltak a) Vidareutvikle interne arenaer for erfaringsdeling og utviklingsarbeid ved å: Arrangere «Møteplass» for medarbeidarane i UE MR. For å styrke samarbeidet og auke kompetansen i personalet skal UE MR arrangere Møteplass for medarbeidarane - 3 til 4 gonger pr. halvår. På Møteplass vert det gitt informasjon og opplæring. Det skal vere tid til å dele erfaring og å utvikle organisasjonen. Sende deltakarar til forum, kurs og samlingar i UE Norge. UE MR skal aktivt delta på samlingar og kurs som er nyttig for UE MR og som UE Norge arrangerer. Dei som deltar på slike samlingar skal formidle innhaldet til resten av organisasjonen. Eigen blogg for UE MR på intranettet Brobyggeren Lagre alt som lages i sharefile slik at det er tilgjengeleg for alle. b) Det skal leggast til rette for kompetansebygging blant ansatte og styret i UE Møre og Romsdal ved å: Arrangere samling for styremedlemmer og administrasjon ein gong kvart år. Halde styreevaluering ein gong i året. Styreleiar skal ha samtale med dagleg leiar om styret sitt arbeid, etter at styret har hatt si evaluering. c) Det skal være attraktivt og utfordrande å arbeide i, eller ha styreverv i UE Møre og Romsdal. UE MR skal arbeide for at; UE MR er ein synleg brubyggjar mellom skole og arbeidsliv. UE MR skal opplevast som ein seriøs samarbeidspart med kunnskap om entreprenørskap i utdanning. - både for utdanningsinstitusjonane og næringslivet. 3.4 mål Gjennomføre 6 8 Møteplassar for tilsette. Gjennomføre styresamling. Dagleg leiar skal delta på leiarsamlingar. Hovudansvarleg skal delta på forum. Minst ein deltakar frå administrasjonen skal delta på NM UB og NM SB. UE MR har utsendingar til Rådsmøte og Årsmøte i UE Norge.

4 Media- og kommunikasjonsarbeid Media i fylket serleg avisene dekkjer svært ofte UE MR sine aktivitetar rundt om på skolane. Det er ikkje like lett å få fram at UE står bak programma. UE Norge har utarbeidd kommunikasjonsplan for organisasjonen. Dei utformar òg pressemeldingar i forkant av dei nasjonale arrangementa, samt for Fylkesmessene for ungdomsbedrifter. 4. Mål Utvikle media og kommunikasjonsarbeidet. 4. Målgrupper Skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar, elevar og foreldre. Rettleiarar og mentorar. Politikarar og offentleg tilsette. Bedrifter, organisasjonar og publikum generelt. 4.3 Tiltak a) UE MR skal auke kjennskapen til Ungt Entreprenørskap ved å: Nytte profilhandboka til UE Norge i relevante samanhengar. Nytte kommunikasjonsstrategien til UE Norge og lære av den. Formidle gode pressemeldingar til media i for- og etterkant av eigne arrangement. b) UE MR skal auke kunnskapen om og omdømmet til UE sine program ved å. Oppfordre og minne skolane om mediakontakt når dei gjennomfører aktivitetar. Nytte eigen nettside og sosiale media aktivt. Sende artiklar til MRFK til bruk på deira nettside. c) UE MR skal skape verdi for våre samarbeidspartnarar ved å synleggjere verksemdene deira og engasjementet til deira tilsette. d) UE MR ønskjer å være meir synleg på konferansar som har stor deltaking frå næringslivet. Målet for 08 er å være deltakar på tre utvalde konferansar.

5 Dokumentere resultat og måle effekt 5. Mål Dokumentere resultat og måle effekt av UE sine program. 5. Tiltak a) UE Møre og Romsdal skal: Støtte opp om forsking rundt effekten av UEs program. Støtte opp om relevante eigenevalueringar knytt til våre program for å få systematisk tilbakemelding innan læringsmål og UEs målsettingar. Gjere systematisk registrering og rapportering av UE MR sin aktivitet. Etablere motiverande måltall for dei ulike programma i eige fylke. Fortløpande evaluere eigne aktivitetar Medverke til at tilsette held seg oppdatert om forskingsresultat som kan ha betydning for UE MR sitt arbeid, og formidle slik kunnskap der det er relevant. 6 Finansiering og tilhøvet til samarbeidspartnarar 6. Mål Sikre god og langsiktig finansiering av organisasjonen. 6. Målgrupper Eksisterande og nye private og offentlege hovudsamarbeidspartar. Støttemedlemmer kommunar, bedrifter og organisasjonar. Bedrifter og organisasjonar som bidreg med rettleiarar, jurymedlemmer osb. 6.3 Tiltak a) UE Møre og Romsdal skal: Vidareføre eksisterande avtalar. Arbeide for å skaffe nye partnarar og støttemedlemmer. Arbeide for å auke privat finansiering. Målet er 40 % for UE samla. Delta på kurs for UE-tilsette om aktivt marknadsarbeid. Auke kompetansen hjå UE MR sine tilsette, så dei betre kan kommunisere med eksisterande og potensielle samarbeidspartnarar. Ha god dokumentasjon på oppnådde resultat til samarbeidspartnarane. Styrehandsama for UE Sissel Tegelsrud Kolstad 3