Gamlestova Barnehage & Avdeling Veitastrond

Like dokumenter
Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Gamlestova Barnehage & Avdeling Veitastrond

Årsplan for Gamlestova barnehage & avdeling Veitastrond

Årsplan for Gamlestova barnehage

Med barna byggjer vi framtida

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

Månadsbrev for Rosa september 2014

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

«Kule krabatar leikar»

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Informasjonshefte Tuv barnehage

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Årsplan Gimsøy barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Stokkalandsmarka barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Kvalitetskjennetegn for godt foreldresamarbeid i barnehagene i Ski. Et refleksjonsverktøy for barnehagene

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Årsplan for 2013/2014

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Årsplan Ballestad barnehage

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Du må tru det for å sjå det

Skjema for eigenvurdering

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Blåbærskogen barnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Samspel og livsmeistring

En unik og mangfoldig barnehage! Humor Engasjement Trygghet

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Årsplan Venåsløkka barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Bærekraftig utvikling

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Fladbyseter barnehage 2015

Virksomhetsplan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Kva er nytt i rammeplanen?

HOVEDMÅLET DETTE ÅRET ER:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

1/2 ÅRSPLAN 2012 GRØNBERG BARNEHAGE

Bjørnehiet SFO - informasjon

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Årsplan Lundedalen barnehage

E-post til barnehagen:

I året som kommer skal vi øke vår faglige kompetanse på lek og læring og se dette i sammenheng med de rommene vi har i barnehagen; inne og ute.

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

STRAND BARNEHAGE ÅRSPLAN «BARNETS BESTE VÅRT ANSVAR»

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Transkript:

Visjon: Med barna byggjer vi framtida www.oppvekst.luster.no/gamlestova ÅRSPLAN FOR Gamlestova Barnehage & Avdeling Veitastrond 1

Innhaldsliste Informasjon om Gamlestova barnehage. s. 3 Forord. s. 4 Gamlestova barnehage skal.. s. 5 Omsorg, danning, leik og læring s. 6 «Dei minste». s. 7 Vaksenrolla.. s. 8 Fagområda i barnehagen... s. 11 Språkkommune.... s. 12 Leikekompetanse / Sosial kompetanse s. 13 Utviklingsplan 2017 2019. s. 14 Årshjul for Gamlestova bhg 2017 / 2018. s. 19 Barn si medverknad. s. 20 Samarbeid mellom heimen og barnehagen.. s. 21 Dokumentasjon. s. 22 Vurdering s. 23 Overgang barnehage skule s. 24 Sosialt entreprenørskap. s. 25 «Eg er unik «. s. 26 2

INFORMASJON OM GAMLESTOVA BARNEHAGE Ligg fint til på Hafslo med god utsikt til Hafslovatnet. Gamlestova bhg starta august 1989. Avdeling Veitastrond starta 2015. 4 avdelingar (84 plassar) Loftstova 2012,2013,2014 Storestova 2014,2015 Vetlestova 2015,2016 Veitastrond 2012,2013, 2014,2015,2016 Styrar : Per Rune Joranger 100 % stilling Opningstid Gamlestova bhg : kl. 07.30 16.30. Opningstid i Veitastrond bhg : kl. 07.00 16.00 (Stengt Fredag). Fint med beskjed før kl. 9.00 om barnet har fri, kjem seinare eller er sjuk. Samling, aktivitetar og turar startar ofte kl. 9.30. 5 planleggingsdagar. Då er barnehagen stengt! Måndag 09.10.17 Tysdag 02.01.18 Fredag 02.03.18 Måndag 13.08.18 Tysdag 14.08.18 Heimeside: www.oppvekst.luster.no/gamlestova Søknadsskjema og prisar finn du på heimesida til barnehagen. Kvar avdeling har sine månadsplanar med informasjon. Sjå heimeside for meir info. Barnehagen er stengt i 2 veker i juli månad (veke 29 & 30). Barnet skal ha 4 veker ferie i kalenderåret, der 3 av desse skal vere samanhengande og takast i samband med dei to vekene barnehagen er sommarstengt. Dei 5 planleggingsdagane kan utgjere den 4. ferieveka til barnet. Tlf. nr avdelingane Loftstova 954 10 865 Storestova 954 17 731 Vetlestova 954 17 819 Veitastrond 404 35 452 TLF: 57 68 58 50 Kontor 3

Forord Hausten 2015 blei avdeling Veitastrond barnehage lagt inn under Gamlestova barnehage. Avdeling Veitastrond barnehage er ein del av Gamlestova barnehage og blir implentert med Gamlestova bhg der det passer seg og gjera det. Gamlestova bhg og avdeling Veitastrond barnehage har felles årsplan. Årsplanen er eit dokument tilpassa Gamlestova barnehage. Den er eit arbeidsdokument for personalet i barnehagen samstundes som den skal gje foreldra og andre interesserte innsikt og informasjon om mål og innhald i barnehagen. Årsplanen byggjer på Rammeplanen for barnehagen, 2017 (heretter kalt RP) og Barnehagelova. Ny RP var gjort gjeldande frå 1.8.2017. Det er gjort endringar i den frå den forrige. Dette barnehageåret vil bli brukt for å gjere oss kjende med den og finne ut av kva endringane vil bety for oss og vår drift i barnehagen. I årsplanen finn ein grunnlaget for arbeidet som avdelingane legg opp til og det skal vise att i månadsplanar og vekeplanar. Desse vil vere meir konkrete og inneheld aktivitetar og opplysningar om den komande månaden og veka. Planane er ulike for avdelingane og er tilpassa den einskilde barnegruppa. Planane er rettleiande. Sjå side 12 for meir informasjon om temaarbeidet til barnehagen dette barnehageåret. Samarbeid: Me samarbeidar med m.a: Song PPT, BUP, Helsestasjonen, Sogn Barnevern, Fysioterapeut, HSP team, Hafslo bhg, Andre barnehagar, Hafslo barne- og ungdomsskule, Foreldrerådsstyret (FAU) / Gamlestova barnelag og Samarbeidsutvalet (SU). På heimesida til barnehagen (www.oppvekst.luster.no/gamlestova) finn de linkar til RP og barnehagelova. 4

Gamlestova barnehage: - personalet i Gamlestova barnehage skal saman med foreldre og barn, skape ein kvardag som fremjar tryggleik, leik, læring, trivsel og omsorg. VI SKAL sjå på barn som unike, kompetente og aktive i eiga læring og utvikling gje eit tilrettelagt tilbod tilpassa det einskilde barnet - uansett utviklingsnivå ha eit innhald som gjev barna relevant kompetanse gjennom leik, læring og opplevingar vere ein aktiv part i barna sitt oppvekstmiljø, og ta vare på lokal og nasjonal barnekultur. Barnehagen skal hjelpe til med å gje barna ein god barndom.. EIN MYKJE NYTTA ARBEIDSMETODE er at vi delar barna inn i grupper etter alder SOL - gruppa MÅNE - gruppa ->fødd 2012 ->fødd 2013 STJERNE - gruppa ->fødd 2014 SMÅSTJERNE - gruppa ->fødd 2015 MINISTJERNE - gruppa ->fødd 2016 5

Omsorg, danning, leik og læring - hand i hand Barnehagen er ei pedagogisk verksemd med tradisjonar og eigenart. I dette ligg det å akseptere at barndomen har eigenverdi. I RP finn ein formål og innhald for arbeidet vårt. Og sentrale omgrep er omsorg, danning, leik, læring, vennskap og fellesskap og kommunikasjon og språk. Omsorg i barnehagen handlar om relasjonar og tryggleik. I Gamlestova barnehage skal nærleik, vilje til å lytte, og innleving prege samspelet mellom barn og vaksen. Personalet skal gje barna rom for å være seg sjølv, og hjelpe barna til å fylgje reglar, normer og sosiale krav. Danning skal vere ein prosess der barnet blir i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda og til å sjå seg sjølve som ein verdifull medlem i eit større fellesskap. Leik er barna sin viktigaste aktivitet og er ein svært sentral del av dagen i Gamlestova barnehage. Leik er frivillig og styrt av barnet sjølv, og den er grunnleggande for barn si læring og utvikling. Gjennom leiken lærer og utviklar barna seg intellektuelt, språkleg, fysisk, sosialt og emosjonelt. Dette skjer i alle situasjonar. Vi i personalgruppa må også utnytte her og no situasjonane. Det som blir kalla uformelle læringssituasjonar. «I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre.» (Rammeplan for bhg s.27) I Gamlestova barnehage skal: alle barna ha nokon å leike med støtte barnas initativ til samspel og bidra til at alle kan få leike med andre, oppleve vennskap og lære å halde på venner. barna ha plass og tid til leik uteleik og inneleik skal ha same verdi personalet ha respekt for barna sin leik barna ha godt og variert utstyr lett tilgjengeleg personalet gje opplevingar som kan stimulere fantasien, t.d. turar i naturen, nærmiljøet og andre besøk/turar 6 personalet gje inspirasjon og vere modellar i leiken

Dei minste - toddlerar Kven er dei minste? Det kan vere vanskeleg å seie kvar den grensa går nøyaktig, men kanskje vi tenkjer mest på 1 2 åringane. Vi har valt å ta med nokre ord om denne gruppa. Å meistre kvardagen blir det viktigaste for dei minste. Det vil seie at dei må øve seg i vere ein del av gruppa (sosial kompetanse) og dei må øve seg i å bli sjølvstendige i måltid og garderobe, og. Dei treng mykje omsorg, kjærleik, tryggleik og føle at nokon bryr seg om dei akkurat no og har tid til dei. Dei har lite verbalt språk og uttrykkjer seg gjennom mimikk og kroppsspråk. Dei brukar alle sansane sine og er motorisk aktive for å lære. Klarar vi å ta omsyn til dette og det enkelte barn sine behov, vil barnet trivast, noko som igjen vil føra til læring og utvikling på dei fleste område (språkleg, intellektuelt, fysisk, sosialt og emosjonelt). For å oppnå god trivsel treng barn i denne aldersgruppa trygge rammer og at «livet» er forutsigbart. MOTTO DET ER GODT Å VERA AKKURAT MEG, AKKURAT NO, AKKURAT HER 7

Vaksenrolla - det handlar om å bry seg Personale sin faglege og personlege kompetanse er barnehagen sin viktigaste ressurs. Den er ein føresetnad for at barnehagen skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og sosial utjevning. Som ein grunnleggande haldning er anerkjenning ein sentral veremåte. Den er basert på likeverd og inneber at ein ser på andre som eit individ med rettigheitar, eigenverdi og ein separat identitet. Barnet får rett til å ha sine eigne erfaringar og opplevingar. Vi treng ikkje godta dei som rette, men det må innebere at vi er villige til å la barnet ha sitt eige syn og eiga si eiga oppleving. Barnet skal dermed få ei positiv oppleving av sin eigen verdi. I den anerkjennande veremåten er det nokre begrep som er sentrale og under følgjer ei kort utdjuping av dei. AKSEPTERING Vi skal ikkje dømme andre moralsk, men vi skal akseptere den andre sin rett til si kjensle og si oppleving. Vi skal dermed ha vår merksemd retta mot barnet si oppleving og kjensle av situasjonen. Gje støtte til barnet på sine kjensler (positivt og negativt). TOLERANSE Inneber å tåle den andre sin veremåte. Vi skal ha ein open innstilling der ein prøver å forstå barnet sine handlingar og veremåte. STADFESTING Det handlar om å fange opp bl.a. kjenslemessige uttrykk og formidle til den andre at eg ser og forstår. LYTTING I denne samanhengen snakkar vi om aktiv lytting, og det inneber å tore å vere stille og vente. Ein lyt opne sine eigne sansar for verbale og nonverbale uttrykk hjå den andre og gi den tid til å uttrykke seg/snakke seg ferdig. (Emilie Kinge,2006) 8

Vaksenrolla - det handlar om å bry seg Dei vaksne har fleire viktige oppgåver dei skal fylle og her er eit lite utval av dei: TILRETTELEGGARAR Vi skal finne ut på kva modningsnivå barnet er på og byggje på dette for vidare utvikling. Vi må legge til rette for utfordringar, ny leik og følgje opp leikeinitiativ. I denne samanheng byggjer vi ofte vidare på barna sine interesser og legg til rette for situasjonar der barna kan skape interesse for nye ting. MOTIVATOR Vi skal motivere barna til å prøve nye ting og hjelpe dei slik at dei kan meistre det som er nytt for dei. Vi har eit breitt spekter av områder som dei skal få erfaringar frå. Det er viktig at vi rosar og oppmuntrar barnet når han/ho gjer noko bra. ROLLEMODELLAR Vi lyt gå føre med eit godt eksempel. Barna observerer og får med seg mykje av korleis vi handlar i ulike situasjonar. Vi skal handle omsorgsfullt over for dei, og gjennom vår veremåte kan barn lære seg sosiale ferdigheiter. RETTLEIARAR Vi har ein viktig jobb med å hjelpe barna til å bli sosialt kompetente. Vi lyt hjelpa dei til å finne ut og forstå kva som er rett og gale, og vi må rettleie dei i korleis ein opptrer saman med andre. I konfliktsituasjonar er det viktig at vi er der for begge partar og ivaretek interessene til alle. MEDFORSKAR Vi må stille oss disponible for barna. Det kan vere ting dei undrar seg på, og vi må hjelpe dei i prosessen for å finne eit svar. Vi må ta oss tid og undre oss saman med dei i prosessen. Hjelpe dei til å finne hjelpemiddel for å finne svar på spørsmåla deira. 9

Vaksenrolla - det handlar om å bry seg GRENSESETJARAR Vi må gjere ein jobb for å få barna til å fungere saman som gruppe. Alle barna må tilpasse seg kvarandre. Enkelte ganger kan det bli konflikt mellom det enkelte barns ønskje og det som blir best for gruppa. Vi må hjelpe dei med å setje grenser for kva som er akseptabel atferd ut frå alder og modning. Dette er ein del av danningsprosessen, og danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evna til å reflektere over eigne handlingar. Dei vaksne si rolle er viktig i tilrettelegging av ulike situasjonar der barna prøver ut eigne handlingar. Nokre barn treng støttande vaksne som løftar dei i ulike situasjonar. Andre barn treng vaksne som set grenser for eigne handlingar. Gjennom danningsprosessar blir barn i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda og til å sjå seg sjølv som eit verdifullt medlem av eit større fellesskap. For å oppfylle desse punkta må vi ta oss god tid saman med barna, vere engasjerte, nærverande og positive. Det handlar om den AKTIVE VAKSNE. 10

Fagområda i barnehagen RP gjev oss 7 fagområder som vi skal jobbe med. Desse er: Våre satsingar Kommunikasjon, språk og tekst - Språkutvikling Kropp, rørsle, mat og helse - Leikkompetanse / Kunst, kultur og kreativitet Sosial kompetanse Natur, miljø og teknologi - Fysisk aktivitet Etikk, religion og filosofi - Psykisk helse Nærmiljø og samfunn Mengd, rom og form Kvart fagområde dekkjer eit vidt læringsfelt. Fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire fagområde er ofte representerte samtidig i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. I sosialt samspel som leik og kvardagsaktivitetar skjer det ofte spontan kommunikasjon knytt til fagområda. I desse uformelle læringssituasjonane må dei vaksne vere bevisste og utnytte dei til læring. At barn får rike fellesopplevingar og del i kunnskapar på mange område, er òg ein føresetnad for at det skal bli god leik og eit godt samspel mellom barna. Arbeidet med fagområda må vi tilpasse alderen og interessene til barna, gruppesamansetjinga og andre føresetnader. På same måte vert lærestoffet, arbeidsmåtane, utstyret og organiseringa lagt til rette med tanke på at barn har ulike behov. Det kom ny rammeplan for barnehage 01.08.2017. Denne nye rammeplanen vil Gamlestova bhg bruke barnehageåret 2017/2018 på å bli kjend med den nye planen. Me vil jobbe med dei nye omgrepa i planen og kva dei betyr for oss. 11

Språkkommune - språket eit nyttig verktøy Luster kommune er språkkommune. Det er ei nasjonal satsing som gjeld både barnehage og skule. Luster er einaste kommunen i Sogn som deltek. Det skal satsast på kompetanseheving og nettverk for personalet. I perioden skal det også utarbeidast ein kommunal lese- og skriveplan. Sentrale tema blir: Språkutvikling Overgangar Språkvanskar Norsk som andrespråk Gutar og lesing Personalet er begynt si kompetanseheving ved å jobbe med «Språkløyper» på personalmøta. 12

Leikekompetanse / Sosial kompetanse Leikt med venner Forholdt seg til reglar Vennskap Konsentrasjon Motorisk trening Leikekompetanse Lære å dele med kvarandre Sjølvstendigheit Samspel Brukt fantasien sin Venta på tur Delt opplevingar Godheit Verdi for gruppa Empati Meistring Ærlegheit Når barnet ditt svarer : Språktrening Humor Tru på seg sjølv «.. i dag har eg Inkluderande Undring Tid berre leikt. «Forhandling Tid Øve seg i å vera leiar Då har barnet ditt. Rollemodell Sosialisering Kjensler Kunnskapshungrig Ro og harmoni Samhold til barn barn & barn vaksen Toleranse Turtaking Kommunikasjon ( verbalt & nonverbalt ) Rettferdigheit konfliktløysning / - håndtering 13

Utviklingsplan Gamlestova bhg 2017-19 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse/ Sosial kompetanse Me i Gamlestova vektlegg : Sosial kompetanse Borna skal bli kjend med den gyldne regel. Vennskap, Sosialisering, Forholde seg til reglar, Konsentrasjon, Venta på tur, Dele opplevingar, Godheit, Verdi for gruppa, Inkluderande, Rollemodell, Tru på seg sjølv, Empati, Motorisk trening, Leikekompetanse, Meistring, Sjølvstendigheit, Toleranse, Turtaking, Rettferdigheit, Språktrening, Humor, Forhandling, Konfliktløysing, m.m. Heile året. Alle Styrar Erfaringsdeling avd.møter ped.leiarmøter personalmøter. Leik Alle born skal vera slik at andre barn vil leike saman med dei. Bli ein grei leikekamerat. Skape eit godt leikemiljø (fysisk). Gje leiken tid og rom. Glad i å leike. Medverknad på kva og kven dei vil leike med i kvardagen. Heile året. Alle Styrar Erfaringsdeling avd.møter ped.leiarmøter personalmøter. 14

Utviklingsplan Gamlestova bhg 2017-19 Utviklingsområder 2017-19 Språkutvikling Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Alle barnehagetilsette er ei støtte i barnas språkutvikling. Alle tilsette skal få auka kompetanse og bevisstgjering av daglegspråket gjennom temaarbeid på personalmøter - Språkløyper Arbeid med «den gode samtalen» - stille opne spørsmål / oppfølgingsspørsmål. Referat frå personalmøter. Medarbeidarkartlegging og ståstadanalyse. Erfaringsdeling Auke kompetansen teoretisk og praktisk om språkutvikling. Alle tilsette skal kjenne innhaldet i den reviderte kommunal leseplan. Gjennomgå på personalmøte. Vidareutvikle dialogisk lesing som metode og systematisk dele erfaringar i personalet. Personalmøter / ped.leiarmøter / avdelingsmøter. To pedagogar + 1 fagarbeidar deltek på regionalt nettverk i språk, tekst og kommunikasjon (lesing). Erfaringsdeling på avd.møter / ped.leiarmøter / personalmøter 15

Utviklingsplan Gamlestova bhg 2017-19 Utviklingsområder 2017-19 Språkutvikling Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Alle barn skal bli lest for i barnehagen. Utarbeide konkret materiell, t.d. språkkasser med bok og konkreter (høgtider, tema som; brannvern, Nava Jyoti, eventyr etc). Aktive vaksne som kommuniserar heile tiden (engasjera seg i det borna er opptatt av finne ut av ting ilag) : * Vi skapar tekst ilag med barna. * Vekas ord (vekas bokstav) / ting. * Tankekart Nytte og synleggjere rim og regler. Lage konkret materiell til rim og regler (t.d. epler og pærer dei vekse på trea ). Arbeide systematisk med språkutvikling og omgrepslæring både blant dei minste og eldste barnehagebarna. Erfaringsdeling på avd.møter / ped.leiarmøter / personalmøter Erfaringsdeling på avd.møter / ped.leiarmøter / personalmøter Erfaringsdeling på avd.møter / ped.leiarmøter / personalmøter Bøker og leseaktivitet skal vere synleg i vår barnehage. Samlingsstund, lesestund, uformell lesestunder m.m Leseliste i periodar (bli bevist kven ein les for). Vi skal ha miniutlån på alle avdelingane og varierer innhald i bokkassene med jevne mellomrom. Bytte ut bøker ofte -> lyst til å lese. Erfaringsdeling avd.møter ped.leiarmøter personalmøter Oppsummering av registrering 16

Utviklingsplan Gamlestova bhg 2017-19 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Få meir kunnskap om kva som fremjar fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik i barnehagen. Gamlestova barnehage deltek i forskingsprosjektet «Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane». Personalet på Loftstova.. Rapport frå Hisf 2017 Fysisk aktivitet Alle born og vaksne skal vera kroppslege aktive. Utfordringar etter alder og modning. Alle er ute kvar dag Fysisk aktivitet som tema/sak på personalmøter. 1 ped. og 1 fag.arb.deltek i reg. nettverk «kropp, rørsle og helse» Minirøris inne og ute, aktivitetsrom på avdeling, hinderløype inne/ute, turar, ring- og songleikar, regeleikar m.m To samlingar Fagnettverk Evaluering av aktivitet kvar månad på avdelingane og ped.leiarmøte, personalmøte. Vi skal ha minst ein turdag i veka. Gjerne turdag på tvers av avdelingane. Aktiviteten vår er variert. Organisere kort eller lengre turar for små grupper eller heile avdelinga. Vi tek i bruk områder utanfor barnehagen (turområder, Naturleikeplass «Teigen», Gymsal, Hafslo vatnet, fotballbana m.m). Evaluering av aktivitet kvar månad på avdelingane og ped.leiarmøte, personalmøte. 17

Utviklingsplan Gamlestova bhg 2017-19 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Fysisk aktivitet Utetid og innetid skal vektleggast like mykje. Personalet planlegg og utfører naudsynte praktiske oppgåver, slik at det i minst mogeleg grad går utover vaksentettleiken i utetid (t.d. opprydding, klesvask m.m.) Evaluering av aktivitet kvar månad på avd og ped.leiarmøte, personalmøte. Psykisk helse Leike-programmet «Kule krabatar leiker» «Gje borna høve til å opprette sosial kontakt på ein god måte i ei trygg setting» Møte borna i den følelsen dei er i! Annerkjenne borna sin følelsar (annerkjennande) Ta borna på alvor! Gi tid nok til å etablera tryggleik. Kose seg saman. Gå inn i leik og trekke med fleire. Tåle å stå i det saman med barnet. Leikeprogram (6 økter) Borna født 2013 (månegruppa) Sei namn og spørje om å få leike med Gi kompliment, sei kva ein har lyst til Augekontakt.. Vise kjensle Korleis kjenne at ein er redd, slappe av... Kva når ein vert avvist Leik = innlæringskanal Bevisstgjering i forhold til kroppsspråk / eigne signalar. Prøve ut / eksponering. Dette leikeprogrammet er for dei nest eldste i bhg (måne-borna født 2013). ped.leiarar Loftstova Erfaringsdeling avd.møter ped.leiarmøter personalmøter. Akkurat nok tryggleik og press. 18

Årshjul for Gamlestova bhg 2017-2018 MÅNAD TEMA MÅL August 2017 Bli kjende på avdeling Tryggheit September 2017 Tryggheit Bli kjende på avdeling 1.klasse besøk Brannvernveka Nava Jyoti marsj Torsdag 28 September 2017 Oktober 2017 Planleggingsdag (09.10.2017) Tyskland sin nasjonaldag (3.10) Politiveka Møte med skulen overgang bhg / skule (23.10.17) Førebyggje brann, gjennomføre brannøvingar Sosialt entreprenørskap Mangfald som ressurs Bli kjend med politiet Lage plan (årshjul) overgang bhg / skule November 2017 Nava Jyoti foreldremiddag (felles foreldemiddag) Sosialt entreprenørskap Desember 2017 Advent og jul - Omvendt julekalendar - Adventsstund m/presten - Luciafeiring på sjukeheimen (Solgruppa) - Juletrefest el nissefest arr av foreldrerådet Juletradisjonar Gamlestova barnelag (FAU) Januar 2018 Planleggingsdag (Måndag 02.01.18) «Kule krabatar leikar» - Månegruppa. Februar 2018 Utkledingsfest Samefolkets dag ( Tysdag 06 Februar 2018 ) Litauens nasjonaldag (Fredag 16.02.2018) = 100 år Førebyggje sosial angst FEST! Bli kjend med samiske tradisjonar Mangfald som ressurs Mars 2018 Planleggingsdag (Fredag 02.03.18) Nava Jyoti frukost ( felles foreldrefrukost ) Barnehagedagen Tysdag 13. mars 2018 Nava Jyoti lynlotteri (Torsdag 22.mars 2018) Påske (Torsdag 29 Mars 2018 Måndag 02 April 2018) Kurs i ny rammeplan (Kari Pape) Sosialt entreprenørskap Synleggjere innhald og aktiviet i bhg Sosial entreprenørskap Påsketradisjon April 2018 Førstehjelpsveka «Meg sjølv» veka Syria sin nasjonaldag (17. april) England sin nasjonaldag (23. april) Lære enkel førstehjelp Lære om akseptabel grense for seg sjølv, kva er vanleg i ein familie Mangfald som ressurs Mangfald som ressurs Mai 2018 17. mai Kvifor feirar vi 17. mai Juni 2018 Sommarfest Overgang til ny avdeling (besøk) Overgang til skulen Island sin nasjonaldag (17. juni) Belgia sin nasjonalsdag (21. juni) Gamlestova barnelag (FAU) Bli kjend på ny avdeling (born&vaksne) Ble kjend på skulen Mangfald som ressurs Mangfald som ressurs Juli 2018 Kviterusslands sin nasjonaldag (3. juli) USA sin nasjonaldag (4. juli) Feriestengt i veke 29 og 30 Mangfald som ressurs Mangfald som ressurs August 2018 Planleggingsdagar (13. og 14. aug 2018) 19

Barn sin medverknad -i vår barnehage skal barna ha medverknad på eigen kvardag Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen» (Rammeplan for bhg s.27) (jf. Barnehagelova 1 og 3, Grunnlova 104 og FNs barnekonvensjon art.12 nr.1) Medverknad byggjer på idear om likeverd og respekt for kvarandre, at barna har rett til å verta sett og høyrt som likeverdige subjekt, innafor ramma av det fellseskapet dei lever i. Medverknad i barnehagen handlar om å gje barna høve til å påverke eigen kvardag og livet i barnehagen. FNs barnekonvensjon, artikkel 12.1; «Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.«(rammeplan for bhg s.27) Personalet skal arbeide etter felles prinsipp om at: Barna skal oppleve at dei er med å påverkar eigen kvardag Barna skal verte tekne med på råd, planlegging og vurdering Barna skal bli møtt av vaksne som er opne for barn sine innspel Barna skal ha rett til å utfalde seg sjølv, men samtidig lære å ta del i fellesskapet. Vi må gripe tak i det barnet er interessert i DER og DÅ! MEDVERKNAD HANDLAR OM Å VERTE SPURD, Å VERTA LYTTA TIL OG MØTT MED RESPEKT 20

Samarbeid mellom heimen og barnehagen - felles innsats for barna Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehageloven 1. Betegnelsene «hjemmet» og «foreldrene» omfatter også andre foresatte. Barnehagen skal ivareta foreldrenes rett til medvirkning og arbeide i nært samarbeid og forståelse med foreldrene, jf. barnehageloven 1 og 4. Samarbeidet mellom hjemmet og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldrene og barnehagens personale har et felles ansvar for barnets trivsel og utvikling. (Rammeplan for bhg s.29) Barnehagen skal legge til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldrene. Foreldresamarbeidet skal både skje på individnivå, med foreldrene til hvert enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalget. På individnivå skal barnehagen legge til rette for at foreldrene og barnehagen jevnlig kan utveksle observasjoner og vurderinger knyttet til enkeltbarnets helse, trivsel, erfaringer, utvikling og læring. Barnehagen skal begrunne sine vurderinger overfor foreldrene og ta hensyn til foreldrenes synspunkter. Samarbeidet skal sikre at foreldrene får medvirke til den individuelle tilretteleggingen av tilbudet. Både foreldrene og personalet må forholde seg til at barnehagen har et samfunnsmandat og verdigrunnlag som det er barnehagens oppgave å forvalte. Barnehagen må tilstrebe at barnet ikke kommer i lojalitetskonflikt mellom hjemmet og barnehagen. (Rammeplan for bhg s.29) 21

Dokumentasjon - vi synleggjer det vi gjer Vi dokumenterer kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Dette for å synleggjere korleis personalet oppfyller krava i barnehagelova og RP. Det gjer vi på desse måtane: Bilde digital fotografering av aktivitetar, leik, turar, opplevingar o.l. Nokre bilde blir skrivne ut og hengt opp på avdelingane og andre gonger blir dei vist på skjerm i garderoben Digitale verktøy Praksisforteljingar vi prøver å skrive ned barna sine forteljingar. Kanskje vi klarer å ta høgde for barnet sitt synspunkt ved vidare planlegging? Pedagogisk dokumentasjon er å setje barnet sine erfaringar og læring i sentrum. Det som skjer med og blant barna må sjåast, formulerast og diskuterast. (Barnehagefolk, 1/2001) Månadsplan / Informasjon oversikt over aktivitetar pr. månad, og vurdering av desse. Facebook sider på avdelingane. Desse vil vera lukkede / hemmelege sider som ein må godkjenne personar for å vera medlem. Her vil det bli lagt bilete frå kvardagen / turar eller anna informasjon. 22

Vurdering Kvaliteten i det daglege samspelet mellom menneska i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga og læringa til barna. Trivselen og utviklinga til barnegruppa og det enkelte barnet vert difor observert og vurdert heile tida. Merksemda rettar vi både mot samspelet barna imellom, mellom barna og personalet og mellom dei tilsette i barnehagen. Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova og rammeplanen. Erfaringane og synspunkta til barna inngår i vurderingsgrunnlaget. Informasjon og dokumentasjon skal gje grunnlag for refleksjon og diskusjonar i personalgruppa og med barn og foreldre. Resultata av vurderinga legg vi til grunn for arbeidet med den neste årsplanen. I Gamlestova brukar vi følgjande teknikkar i arbeidet vårt med å evaluere: observasjonsskjema og logg foreldresamtalar samtalar praksisforteljingar drøftingar i personalgruppa, t.d. stadig evaluering av våre kvardagsrutinar og kvalitetskriterier brukarundersøkingar medarbeidersamtalar og medarbeiderundersøkjingar 23

Overgangar - vi gjer klar for neste steg.. «Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga.» (Rammeplan for bhg s.33) Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skulen med nysgjerrighet og tru på eigne evner. (Rammeplan for bhg s.34) I år er alle Sol-ungane samlet på avdeling Loftstova noko som gjer at dei blir godt kjende med kvarandre. På skulen er vi på besøk ved kulturøkter, førskuledag, gymsal, besøk på biblioteket og brukar uteområdet på turar. Andre gongar er vi på teater eller konsert. Ved siste foreldresamtale før barnet tek til på skulen ( mars-april ), går ein gjennom barnet sin trivsel og utvikling frå barnehagen, og forventningar i forhold til skulestart. Desse opplysningane blir ført i eige skjema. Ved overgangar i barnehagen og over til skulen : overgangar til ny avdeling i barnehagen (besøke ny avd med kjend vaksen). Informasjonsflyt mellom avdelingane (overgang til ny avd i barnehagen) sender vi ved eige skjema om barnet si generelle utvikling. førskulebarna blir delt i grupper og besøkjer skulen saman med personalet. barn med spesielle behov, har eiga oppfølging. førskuledag foreldremøte (skulen) 1.klasse lærar på besøk i barnehagen vår/forsommar før skulestart 24

Sosialt entreprenørskap - det handlar om å bry seg Vi har i fleire år støtta Nava Jyoti, ein barnehage i India. Den blir driven av The Indian Socity for Sponsorship and adoption. Den er for utvalde barn som lever under vanskelege kår. Gjennom dette vi vil lære barna at dei med sin innsats kan skape verdiar og inntekter på ulike måtar for å hjelpe. Samarbeidet vårt med Nava Jyoti skal prege barnehagen vår, slik at barna våre også aukar forståinga og kompetansen sin om framande kulturar. Gjennom heile året har me desse aktivitetane ; FORELDREMIDDAGAR: 1 i året (felles arrangement for barnehagen). FORELDREFRUKOST: 1 i året (felles arrangement for barnehagen). TURMARSJ med foreldre og barn i Oktober. Startkontigent og Kafe etterpå. LYN-LOTTERI: Siste torsdag før påske ved Buene OMVENDT JULEKALENDER dei barna som vil tek med seg kr 20 som vi gjev til Nava Jyoti INDISK AFTEN for personalet. Det å støtte prosjektet inneber dobbelt glede; både det å hjelpe nokon som treng det, men også det å lære om ein annan kultur og levemåte! 25

26