Plommesortar for økologisk dyrking



Like dokumenter
Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

Eplesortar for økologisk dyrking

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Storskalaforsøket i eple og. Bioforsk Ullensvang

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

Internasjonale trendar og norsk plommedyrking

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Storskalaforsøk med nye eplesortar

Sortsprøving i bringebær

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

Prosjekt: «Øke omsetning og etterspørsel av norske epler»

Nytt om sortar i bringebær

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Avling i økologisk epledyrking. v/ Gaute Myren, Liv Lyngstad og Marianne Bøthun

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Rapport prosjekt «høy til hest»

Brukarrettleiing E-post lesar

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

mmm...med SMAK på timeplanen

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Månadsbrev for Rosa september 2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Brukarrettleiing. epolitiker

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Frukt - Sorter. Ulike Elstar'-kloner i hauste- og lagringsforsøk

Til deg som bur i fosterheim år

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Sortsprøving i bringebær

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Aukande spreiing og skade av viktige skadedyr i frukthagar Tekst og foto Olav Sørum, NLR Sogn og Fjordane

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Sporing og merking. Merking

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

Lingspeak Lingit AS

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Årsmøte i Driftsassistansen mai Innhald i foredraget. Lovgrunnlag

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Kom skal vi klippe sauen

Finn rett haustetid for eple

Sar (Satureja hortensis), prøvedyrking

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VOLLASETRA I SUNNDAL

Haustetidsvurdering eple NLR Viken. Fellespakkeriet Lier 30.Mai 2011

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Vinst ved foredling av skogstre. Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng

Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Informasjonshefte Tuv barnehage

Transkript:

Plommesortar for økologisk dyrking Ein rapport utarbeidd av Dag Røen Leikanger 2007 1

Innhald Innhald... 2 Forord... 3 Kriteriar for val av plommesortar til økologisk dyrking i Noreg... 4 Etablering av nye økologiske plommehagar... 5 Tilråding av sortar... 5 Nokre nøkkeldata for tilrådde sortar... 6 Detaljert omtale av dei tilrådde sortane... 7 Kort omtale av nokre andre sortar... 16 2

Forord Denne rapporten er utarbeidd på basis av resultat frå forsøk (i hovudsak frå Noreg) og opplysningar frå nokre dyrkarar, rådgjevarar og forskarar som har arbeidd mykje med plomme, både konvensjonelt og økologisk. Dess fleire som vert spurt, dess meir sprikande opplysningar kan ein få fordi erfaringane kan vera så ulike frå stad til stad og år til år. Samla vil det likevel danne seg eit bilete av dei ulike sortane sin eigenskapar. Eg vonar at denne rapporten kan vera eit utgangspunkt for val av sort for den som vurderar økologisk plommeproduksjon eller omsetnad av økologiske plommer. Uansett bør ein alltid først ta ein prat med dei som har erfaring med praktisk dyrking og omsetnad av sortane, det er dei som kjenner dei svake og sterke sidene ved sortane aller best. Leikanger 21.12.07 Dag Røen All bruk i praksis av informasjonen i denne rapporten er på eige ansvar. Forfattar har ikkje økonomisk ansvar for eventuelle tap som følgje av dei råd og opplysningar som er gitt her. 3

Kriteriar for val av plommesortar til økologisk dyrking i Noreg For å kunne omsette plommer som økologisk produserte, må norsk produksjon føregå etter "Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter og næringsmidler. Samanlikna med konvensjonell / konvensjonell dyrking vert det sett sterkare avgrensingar på kva innsatsmiddel som kan brukast i produksjonen, viktigast er då ein meir avgrensa tilgang til effektive plantevernmiddel og tynningsmiddel i økologisk produksjon. Plommer er nok den fruktarten der avstanden mellom konvensjonell og økologisk produksjon er minst, og dei sortane som vert dyrka konvensjonelt kan stort sett også dyrkast økologisk sjølv om nokre sortar då vil krevja spesielt god oppfølging. Det bør stillast like store krav til fruktkvalitet for sortar til økologisk dyrking som det vert gjort for sortar til konvensjonell dyrking. Ved planlagt levering til grossist eller abonnementsordning må det klarerest føreåt at avtakar er interessert i å ta i mot den sorten som er planlagt planta i det planlage kvantum. Ved direktesal kan det dyrkast eit større sortsspekter. Dyrkaren kan då aktivt marknadsføre nye sortar, og vil få direkte attendemelding på kva sortar som vert godt mottekne av forbrukar slik at sortimentet kan justerast. Mottakelegheit for sjukdomar Med omsyn til sjukdomar er plomme truleg det fruktslaget som er lettast å dyrke økologisk. Plommepung kan vera ein vanskeleg sjukdom å kontrollere i økologisk dyrking, men betyr stort sett lite i dei sortane som er mest aktuelle å dyrke i dag. Sortar som Edda og Mallard kan likevel få ein del plommepung i år med regn og kjølig vêr om våren. Ròtesoppar, særleg gul monilia, kan dessutan gjera ein del skade i mottakelege sortar når det er fuktig vêr fram mot mogning. Rask nedkjøling etter hausting og kontinuerleg kjølekjede til butikk vil då vera enda viktigare i økologisk dyrking, særleg om det vert dyrka Jubileum økologisk. I år med fuktig vêr i bløminga kan grå monilia gjera ein del skade på utsette sortar som Jubileum. Sølvglanssopp kan dessutan medføre treutgang i dei sortane som er mest utsette for denne sjukdomen ( Jubileum og Victoria ). Andre produksjonseigenskapar Høge og årvisse avlingar av store nok frukter er like viktige for økonomien i økologisk produksjon som det er i konvensjonell dyrking. Det er i gang utprøvingar med tynningsmiddel som også kan brukast i økologisk dyrking, men effektive slike middel er ikkje på plass enno. Nokre sjølvfertile plommesortar set så rikt at det vert mykje arbeid med handtynning av desse i ein økologisk produksjon. Når det gjeld åtak skadedyr er dette i liten grad avgjerande for val av sort, sjølv om det t.d. ser ut til at sortar med tidleg eller sein bløming kan ha mindre åtak av plommeveps. Edda og Mallard er dessutan utsette for plommebladmidd. Det er særleg i nyplantingar at dette betyr noko, etter kvart ser det ut til at det vert oppretta ein balanse med nyttedyr i økologiske felt. Svovelsprøyting kan brukast i dei tilfelle dette vert eit problem, men har samtidig negativ effekt på rovmidden. 4

Etablering av nye økologiske plommehagar Nyplanting eller omlegging av eldre felt Ved nyplanting av felt kan det fritt velgast sortar som eignar seg for økologisk dyrking, og det er lettare å ha kontroll med sjukdomssituasjonen i hagen. Fordi plommesortane i konvensjonell dyrking i dag stort sett også egnar seg for økologisk dyrking, vil det likevel vera lettare å starte ein økologisk produksjon ved omlegging av eksisterande hagar for plomme enn for eple. Kjøp av plantemateriale Etter dagens regelverk skal økologisk plantemateriale nyttast ved etablering av nye hagar, men ikkjeøkologiske planter kan nyttast når den sorten, kombinasjonen sort / grunnstamme eller trekvaliteten som ver t etterspurt ikkje kan skaffast frå økologisk produksjon. Men det må då dokumenterast. Prøving av nye sortar inneber ein kalkulert risiko for dyrkar Nye sortar for dyrking hos oss vil vera mindre utprøvde enn dei etablerte sortane. Når nye sortar vert planta i større omfang på fleire lokalitetar og vi får erfaring frå fleire sesongar vil det ofte dukke opp nye sider ved sortane som sortsprøving ikkje har fanga opp. Vi tilrår derfor dyrkarar å berre prøve nye sortar i eit omfang der dei greitt kan bere tapet dersom sorten ikkje held det den lova og må ryddast utan å gje særleg inntening. Tilråding av sortar I denne rapporten er det føreslege sortar for økologisk dyrking fordelt på hovudsortar og prøvesortar (sjå tabell på neste side). Hovudsortar er dei sortane som bør danna basis i økologiske felt i dag. Prøvesortar er nyare sortar som vi har mindre erfaring med, men som har synt seg lovande gjennom fleire år i sortsprøving og er i prøving hos dyrkarar i dag. Det er nok fleire sortar som kan vera aktuelle å dyrke dersom omsetnad føregår ved direktesal eller frukta skal brukast i lokal foredling til syltetøy. Tre slike sortar vert kort omtala til slutt. Fordi det er ulike erfaringar med dyrking økologisk av sortar som kan vera mottakelege for moniliaròte er nokre slike sortar inkludert også som hovudsortar og prøvesortar. Det krev spesiell oppfølging, og det kan då vera lurt å prøve nokre tre av desse økologisk for å få erfaring om det går bra på den aktuelle lokaliteten og med den oppfølginga ein kan gje. Det er ofte ønske om ein tabell der ein raskt kan slå opp for å sjå om ein sort er utsett for sjukdomar, om den er produktiv osv. Tabellen på neste side er eit forsøk på dette. Ulempa med slike tabellar er at det ikkje er plass til nyansane og variasjonane i erfaringar der. Det er derfor viktig å lese omtalen av sortane i tillegg til tabellen, og innhente erfaringar frå andre. 5

Nokre nøkkeldata for tilrådde sortar Sort NB! Haustetid og brukstid: Mottakelegheit for sjukdomar Avling Frukt- Veksekraft aug. sept. okt. Plommepung Monilia storleik hos treet Edda plommepung Opal tynning Mallard plommepung Excalibur monilia? Avalon? Reeves Victoria tynning Jubileum monilia Valor? Tilrådd som hovudsort Tilrådd som prøvesort Krev særleg oppfølging på sjukdomar eller tynning Sjukdomar Avling / fruktstorleik Veksekraft Lite utsett Svært liten Svaktveksande Middels utsett Middels Middels sterktveksande Svært utsett Svært stor Sterktveksande 6

Detaljert omtale av dei tilrådde sortane Edda Konklusjon Den tidlegaste kvalitetsplomma vi dyrkar. Svært god etekvalitet. Krev god pollinering for å gje årvisse avlingar. Kan krevja ekstra oppfølging når det gjeld plommepung og er noko utsett for bladmidd. Brunraud til mørkeblå plomme, fast og saftig kjøt med søt smak, svært god etekvalitet. Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Noko utsett for plommepung og bakteriekreft. Ellers sterk mot sjukdomar. Noko utsett for åtak av plommebladmidd. Treform og veksekraft Sterktveksande med opprett vekseform, dårleg bryting av sideknoppar, treet er vanskeleg å forme, egna til vaseform. Vinterherdigheit Lite vinterherdig, best egna på Sørlandet og Vestlandet. Bløming, pollinering og avlingsregulering Tidleg bløming, ikkje sjølvfertil. Krev god pollinering for å gje gode avlingar. Pollensortar: Opal, Victoria, Herman, Oullins. Fruktstorleik og produktivitet Middels store til store frukter, bra produktiv ved god pollinering, elles veldig ujamne og til dels små avlingar. Lite behov for tynning. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid midt i august. Kan haustast relativt lite mogen og ettermogne til bra kvalitet. Status prøving i Noreg Er hovudsort i konvensjonell dyrking i Noreg. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Ingen restriksjonar på spreiing av sorten. Opphav Czar x Prune Peche, Njøs, Noreg. 7

Opal Konklusjon Bør ha ein viktig plass i økologisk plommedyrking. Lite utsett for sjukdomar og skader. Ein god del tynningsarbeid nødvendig for å sikre god nok storleik, kvalitet og årviss bering, viktig å tynne tidleg nok. Gul med raudfiolett dekkfarge på delar av plomma. Søt og saftig, svært god smak når godt utvikla. Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Lite utsett for sjukdomar. Treform og veksekraft Middels sterktveksande, rund kroneform, gode greinvinklar, treet er lett å forme. Vinterherdigheit Bra vinterherdig. Bløming, pollinering og avlingsregulering Middels tidleg bløming, sjølvfertil eller delvis sjølvfertil, godt pollen. Set ofte alt for rikt, og kan lett kome i vekselbering. Opal må derfor tynnast godt for å sikre god nok fruktstorleik, god fruktkvalitet og årviss bering. Det er viktig å tynne tidleg, elles risikerar ein år med svært mykje tynningsarbeid vekslande med kvileår med lite avling. Fruktstorleik og produktivitet Knapt middels store frukter, god tynning nødvendig for å sikre god nok storleik. Svært produktiv, overbering kan lett medføre vekselbering. Stort behov for tynning. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid frå midt i august. Status prøving i Noreg Er hovudsort i konvensjonell dyrking i Noreg i dag. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten. Opphav Oullins x Early Favourite, Alnarp, Sverige. 8

Mallard Konklusjon Bør ha ein sentral plass i økologisk plommedyrking. Svært god kvalitet. Kan krevja ekstra oppfølging når det gjeld plommepung og er noko utsett for bladmidd. Grøngul grunnfarge med raudfiolett dekkfarge. Fastkjøta, søt med svært god etekvalitet. Fruktkjøtet slepper berre delvis steinen. Sjukdomar og skader Noko utsett for plommepung. Kan også få litt monilia-ròte og plommebladmidd (gir sår i skalet), men ikkje meir enn at det kan haldast under kontroll i økologisk dyrking. Treform og veksekraft Sterktveksande med opprett vekseform, treet er vanskeleg å forme. Egna til vaseform. Vinterherdigheit Middels vinterherdig. Bløming, pollinering og avlingsregulering Tidleg bløming, ikkje sjølvfertil. Krev god pollinering for å gje gode avlingar. Gode pollensortar er Edda, Opal, Victoria og Herman. Fruktstorleik og produktivitet Bra store frukter, bra produktiv ved god pollinering, elles ujamne og til dels små avlingar. Lite behov for tynning. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid første halvdel av september. Kan haustast relativt lite mogen og ettermogne til bra kvalitet. Status prøving i Noreg Er hovudsort i konvensjonell dyrking i Noreg i dag. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten. Opphav Gammal sort frå England. 9

Excalibur Konklusjon Storfrukta sort med bra kvalitet. Bør kunne dyrkast økologisk med bra resultat, men kan vera noko utsett for ròte. Raudfiolett plomme med flott utsjånad. Svært god etekvalitet, litt laust og grovt fruktkjøt, søt (lite syre). Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Litt plommepung er observert i økologiske felt, men ikkje så mykje at det betyr noko. Det har i nokre felt vore ein del monilia-ròte i Excalibur, andre har opplevd sorten som sterk mot ròte. Treform og veksekraft Svært sterktveksande med opprette og stive greiner, treet er vanskeleg å forme. Dersom treet ikkje vert toppa, vil veksten roe seg raskare ned og trea kome raskare i bering. Vinterherdigheit Vinterherdigheit lite kartlagt. Bløming, pollinering og avlingsregulering Middels tidleg bløming, ikkje sjølvfertil, godt pollen. Aktuelle pollensortar er Jubileum og Victoria. Fruktstorleik og produktivitet Store frukter, middels til bra produktiv ved god pollinering, elles ujamne avlingar. Lite behov for tynning. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid frå midt i september. Status prøving i Noreg Er i dyrking i mindre omfang i dag. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten i Noreg. Opphav Cox s Emperor fritt pollinert, Long Ashton / East Malling, England. 10

Avalon Konklusjon Lovande prøvesort for økologisk dyrking. Så langt er det ikkje avdekka spesielle sjukdomsproblem med sorten. Raudfiolette frukter med tynt skal. Høgt innhald av både sukker og syre, må vera godt mogen for ikkje å smake for surt. Likevel svært god smakskvalitet. Fruktkjøtet slepper stort sett ikkje steinen. Sjukdomar og skader Ser ut til å vera sterk mot sjukdomar og bladmidd. Noko sprekking observert i konvensjonelle felt ved mykje regn. Treform og veksekraft Sterktveksande tre. Vinterherdigheit Vinterherdigheit lite kartlagt. Bløming, pollinering og avlingsregulering Tidleg til middels tidleg bløming, ikkje sjølvfertil. Lite og dårleg pollen. Krev god pollinering for å gje gode avlingar. Gode pollensortar er Edda, Mallard og Victoria. Fruktstorleik og produktivitet Middels store til store frukter, berre middels produktiv, truleg pga for få blomar. Lite behov for tynning. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid siste halvdel av september, middels lang brukstid. Status prøving i Noreg Er så vidt dyrka litt i dag. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten i Noreg. Opphav Reeves fritt pollinert, Long Ashton / East Malling, England. 11

Reeves Konklusjon Ein sort som bør ha ein sentral plass i økologisk plommedyrking. Svært store frukter med ganske bra kvalitet. Kan få litt fruktròte. Runde frukter med gulgrøn grunnfarge og litt raudt på solsida. Kan minne om små nektarinar. Fast og saftig med litt syrleg og frisk, men ganske god smak. Fruktkjøtet slepper stort sett steinen. Sjukdomar og skader Bra sterk mot plommepung. Kan sprekke ein del rundt stilken i regn, og det kan sette seg ròte i desse sprekkene. Men erfaringar frå økologiske felt er at dette ikkje er meir enn at sorten godt kan dyrkast økologisk. Treform og veksekraft Sterktveksande, får lett kraftige sidegreiner. Dersom treet ikkje vert toppa roar veksten seg raskare og treet kjem tidlegare i bering. Vinterherdigheit Vinterherdigheit lite kartlagt. Bløming, pollinering og avlingsregulering Blømingstid i høve til andre sortar varierar mellom år, frå middels tidleg til sein bløming. Ikkje sjølvfertil. Lite og dårleg pollen. Krev god pollinering for å gje gode avlingar, og ein må sikre seg med fleire pollensortar med ulik blømingstid. Det vert tilrådd å bruke Althans i kombinasjon med Excalibur, Opal, Victoria eller Jubileum. Fruktstorleik og produktivitet Svært store frukter, kan gje bra avlingar ved god pollinering, er berre årviss ved bruk av fleire pollensortar med både middels sein og sein bløming. Lite behov for tynning. Kan kome seint i bering. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid siste halvdel av september. Lang brukstid, held fastleiken godt under lagring. Status prøving i Noreg Er planta ein del i konvensjonell dyrking. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Ingen restriksjonar på spreiing av sorten. Opphav Eldre kanadisk sort. 12

Victoria Konklusjon Kan ikkje konkurrere med nyare sortar i kvalitet, og gummiflod er eit alvorleg problem med sorten. Er ved nyplanting derfor først og fremst aktuell som pollensort. Den er likevel oppført som hovudsort her fordi det er mykje planta av denne sorten, og omlegging av eksisterande Victoria -hagar til økologisk dyrking er aktuelt. Avlang, gul plomme med raudfiolett dekkfarge. God smak når frukta er godt utvikla. Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Bra sterk mot plommepung og monilia-ròte. Utsett for sølvglanssopp. Svært utsett for gummiflod, men det vert ikkje noko verre i økologisk enn i konvensjonell dyrking. Klonen Nå er sagt å vera noko mindre utsett for gummiflod, men har andre viktige svakheiter. Treform og veksekraft Middels sterktveksande, vert eit relativt lite tre med hengande greiner. Vinterherdigheit Bra vinterherdig. Bløming, pollinering og avlingsregulering Middels tidleg bløming, sjølvfertil. Set ofte alt for rikt. Victoria må derfor tynnast godt for å sikre god nok fruktstorleik og fruktkvalitet. I økologisk dyrking vil dette medføre stor innsats med handtynning. Fruktstorleik og produktivitet Middels store til store frukter, svært produktiv. Stort behov for tynning. Klonen Nå skal sette mindre blomar slik at tynningsbehovet er mindre, i praksis har den kome i vekselbering med ustabile avlingar. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid siste del av september. Status prøving i Noreg Er hovudsort i konvensjonell dyrking i Noreg. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten. Opphav Gammal engelsk sort. 13

Jubileum Konklusjon Svært store frukter av bra kvalitet. Utfordrande å dyrke økologisk fordi den er utsett for grå og gul monilia. Vanskeleg å vurdere rett haustetid. Krev spesiell oppfølging ved økologisk dyrking. Avlange, raudfiolette plommer. God smak når frukta er godt utvikla, litt seigt skinn. Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Utsett for både gul og grå monilia og sølvglanssopp. Bra sterk mot plommepung. Krevjande å dyrke økologisk. Må tynnast godt slik at fruktene ikkje er i kontakt med kvarandre, og bør omsettast raskt. Treform og veksekraft Middels sterktveksande, opprett vekst, får lett lange og tynne greiner som ofte vert snaue innerst og etter kvart hengande. Vinterherdigheit Bra vinterherdig. Bløming, pollinering og avlingsregulering Middels tidleg bløming, usikkert om den er fullt sjølvfertil, men har i praktisk dyrking likevel gitt god nok avling utan pollensort. Aktuelle pollensortar er Excalibur, Mallard, Opal og Victoria. Fruktstorleik og produktivitet Svært store frukter, svært produktiv. Bør tynnast, men vesentleg mindre tynningsarbeid enn hos t.d. Victoria. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid sist i september, som Victoria eller nokre dagar seinare. Vanskeleg å vurdere rett haustetid. For tidleg hausta frukt får ikkje fullgod kvalitet, for seint hausta frukt vert fort mjuk og rotnar lett. Status prøving i Noreg Er planta ein del i konvensjonell dyrking i Noreg i dag. Tilgang til materiale Virusrensa kvist kan skaffast frå GH eliteplantestasjon Sauherad. Sortsrettar Gartnerhallen har avtale med sortseigar (Balsgård) og krev inn lisens for sorten. Opphav Giant x Yakima, Balsgård, Sverige. 14

Valor Konklusjon Lovande prøvesort for avslutning av den norske plommesesongen. Avgrensa erfaring med sorten i økologisk produksjon. Avlange, mørkeblå plommer. Fast fruktkjøt, god smak. Fruktkjøtet slepper steinen. Sjukdomar og skader Ser ut til å vera sterk mot fruktròte. Treform og veksekraft Middels sterktveksande til sterktveksande med opprett vekst medan trea er unge. Vinterherdigheit Vinterherdigheit lite kartlagt. Bløming, pollinering og avlingsregulering Sein bløming, ikkje sjølvfertil. Aktuelle pollensortar lite klarlagt, men bør vera seintblømande sortar. Set mykje blomar slik at tynning er nødvendig ved god pollinering. Fruktstorleik og produktivitet Store til svært store frukter. Tidleg i bering, produktiv og årviss. Hausting, lagring og omsetnad Haustetid først i oktober, kan lagrast ei stund. Sorten er berre egna for dyrking på gode stader utan tidleg frost om hausten. Frukta bør ha velutvikla blåfiolett farge men framleis vera fast ved hausting. Status prøving i Noreg Prøvd så vidt hos nokre dyrkarar. Tilgang til materiale Under etablering ved GH eliteplantestasjon Sauherad. Det vil derfor ta litt tid før det er tilgang på virusrensa kvist av noko omfang. Sortsrettar Det er ingen restriksjonar på spreiing av denne sorten. Opphav Epineuse x Grand Duke, Kanada. 15

Kort omtale av nokre andre sortar Herman Blåfiolett plomme med berre middelmådig smakskvalitet. Fruktkjøtet slepper steinen. Svært tidleg mogning. Middels store frukter, tidleg i bering, bra produktiv og årviss. Lite utsett for sjukdomar, men kan ha ein del gummiflod. Middels tidleg bløming, sjølvfertil, godt pollen. Dels brukt til syltetøy (gir farge). Elles berre aktuell for å kunne starte plommesesongen ei veke eller to tidlegare ved direktesal og eventuelt som pollensort. Oullins Gulgrøn plomme som vert gul når den er fullmogen, mjukt og saftig fruktkjøt, bra smak når godt utvikla. Fruktkjøtet slepper ikkje steinen. Haustetid kring midten av september. Må omsettast ganske raskt. Bra store frukter, bra produktiv, men kjem lett inn i vekselbering. Må tynnast godt for å sikre jamn bering og god fruktkvalitet. Sterk mot sjukdomar. Fruktene utsette for støytskader. Middels tidleg til sein bløming, sjølvfertil. Var tidlegare ein hovudsort i konvensjonell dyrking i Noreg, men er no ute av sortimentet. Kan vera aktuell for direktesal og til syltetøyproduksjon. Souffriau Rund, mørkeblå plomme som mognar om lag samtidig med Mallard. Kort brukstid. Ganske mjuk og ømtoleg, bra smak. Fruktkjøtet slepper steinen ganske bra. Fruktstorleik om lag som Victoria eller mindre, berre middels produktiv. Ser ut til å vera utsett for fruktròte. Blømer seint og har rikeleg pollen med bra spireevne, og kan prøvast som pollensort til seintblømande sortar som Reeves og Valor. Elles neppe aktuell som erstatning for nokon annan sort. Herman Oullins (Foto: Olav Sørum) Souffriau 16

17

18