Vurderingsrettleiing 2008

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Vurderingsrettleiing 2008"

Transkript

1 Vurderingsrettleiing 2008 NOR0017 Norsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen etter Kunnskapsløftet 2008 Nynorsk

2 Denne rettleiinga inneheld ein felles del (Del 1) med informasjon om sluttvurdering etter Kunnskapsløftet, og ein fagspesifikk del (Del 2) med informasjon om vurdering i det enkelte faget og kjenneteikn på måloppnåing i faget til sentralt gitt eksamen. Målgruppa for rettleiinga er lærarar/elevar, privatistar, sensorar og foreldre. I rettleiinga er det konsekvent brukt nemninga elev/eleven. Det er viktig at rettleiinga er kjend for alle partane før eksamen. Læraren bør gjennomgå rettleiinga saman med elevane. Vurderingsrettleiinga erstattar ikkje læreplanane som grunndokument i vurderingsarbeidet. Del 1 Sluttvurdering etter Kunnskapsløftet Det elevane skal lære, er fastsett som kompetansemål i læreplanane. Kompetanse er definert som evnen til å møte komplekse utfordringer. 1 All vurdering skal ta utgangspunkt i eleven sine prestasjonar i høve til kompetansemåla. Sluttvurdering har som føremål å gi informasjon om nivået til eleven ved avslutninga av opplæringa i grunnskolen og ved avslutninga av faget i vidaregåande opplæring. Eksamensoppgåvene blir utforma slik at dei så langt råd er, prøver eleven sin kompetanse slik han kjem til uttrykk i læreplanane. Det vil seie at eleven skal få utfordringar som han/ho skal løyse eller svare på. I kunnskapssamfunnet er det ei sentral ferdigheit å kunne finne informasjon og vurdere nytten av han i ein problemløysings-prosess. Dette er også viktig kompetanse i mange fag. I opplæringa blir det viktig å rettleie eleven i å vurdere kritisk kva for hjelpemiddel han/ho vil ha nytte av i arbeidet med å løyse ulike typar oppgåver. For at eksamen skal vere gjennomførbar på den tida elevane har til rådvelde, vil eksamensoppgåvene prøve færre kompetansemål i faget enn det som skal leggjast til grunn for standpunktvurderinga. 1 Stortingsmelding nr. 30 ( ) NOR0017, Norsk - vurderingsrettleiing Side 2 av 10

3 Grunnleggjande ferdigheiter i kompetansemåla Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla i alle læreplanane for fag. Dette vil seie at kompetansemåla til dømes inneheld krav om å kunne bruke digitale reiskapar i faget og å kunne skrive på måtar som er relevante i faget. Derfor vil grunnleggjande ferdigheiter kunne prøvast ved sentralt gitt eksamen som ein integrert del av den fagkompetansen eleven skal ha utvikla. To hovudmodellar for sentralt gitt skriftlig eksamen og hjelpemiddel Sentralt gitt skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet følgjer to hovudmodellar: Modell 1 Eksamen med eller utan førebuingsdel Modell 1 kan vere både med og utan førebuingsdel. Dersom det er førebuingsdel, er han avgrensa til éin dag på skolen. Eksamenstida er 5 timar. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett. Alle hjelpemiddel er tillatne på eksamen med unnatak av Internett og andre verktøy som tillèt kommunikasjon. For norsk og framandpråka er heller ikkje omsetjingsprogram tillatne. Modell 2 Todelt eksamen Modell 2 er ein todelt eksamen. Del ein er utan hjelpemiddel (skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar er tillatne). På del to er alle hjelpemiddel tillatne med unnatak av Internett og andre verktøy som tillèt kommunikasjon. Eksamenstida er 5 timar. Begge delane av prøva skal utformast slik at dei kan løysast på ulike nivå, dvs. at alle elevar skal utfordrast til å vise kva dei kan. Våren 2008 vil biologi og matematikk i vidaregåande opplæring nytte modell 2. Hjelpemiddel, kommunikasjon og kjeldebruk Felles for begge modellane er at elevsvara skal vise eleven sin individuelle kompetanse, jf. forskrifta til opplæringslova 3-19 (grunnskolen) og 4-23 (vidaregåande opplæring): Hjelpemiddel til eksamen Eksamen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Departementet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen. Ved lokalt gitt eksamen bestemmer skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Tillatne hjelpemiddel må vere formålstenlege og relevante for eksamen og ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere elevens eigen kompetanse Hjelpemiddel til eksamen Eksamen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Departementet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen. Ved lokalt gitt eksamen bestemmer skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Tillatne hjelpemiddel må vere formålstenlege og relevante for eksamen og ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere elevens eller privatistens eigen kompetanse. NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 3 av 10

4 Eksamensoppgåvene blir utforma slik at eleven må bruke kjelder og hjelpemiddel på ein kritisk måte. Eigne notat frå opplæringa i faget kan vere eit relevant hjelpemiddel til eksamen. Elevane kan velje å ta med ulike hjelpemiddel, avhengig av kva som er føremålstenleg og relevant for den enkelte. Når alle hjelpemiddel er tillatne på eksamen, krev det at elevane har fått trening i å arbeide med kjelder og veit korleis ein bruker dei på ein ryddig måte. Det finst ulike måtar å oppgi kjelder på. I denne samanheng er det pålitelege viktigare enn formelle krav. Alle kjelder som blir brukte til eksamen, direkte eller indirekte, skal eleven oppgi på ein slik måte at lesaren kan finne fram til kjelda. Dersom eleven bruker utskrift eller sitat frå nettsider, skal han/ho oppgi adresse og nedlastingsdato. Forskrifter og retningslinjer Læreplanane og forskrifta til opplæringslova gir føresegner om elev- og lærlingvurdering i grunnopplæringa. Ny forskrift til opplæringslova vart fastsett av Kunnskapsdepartementet med nye felles karakterbeskrivingar for heile grunnopplæringa ( 3-8 og 4-8): Karakterar i fag Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal nyttast. Dei enkelte karaktergradane har dette innhaldet: a) Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. b) Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. c) Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. d) Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. e) Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. f) Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget. Grunnlaget for vurdering med karakter er kompetansemåla slik dei er formulerte i læreplanane for fag. NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 4 av 10

5 SENTRALE OMGREP I VURDERINGSARBEIDET Kompetanse Kompetansemål Kjenneteikn på måloppnåing I St.meld. nr.30 ( ) Kultur for læring er kompetanse beskriven som evnen til å møte komplekse utfordringer. Kompetansemåla opplyser om kva elevane skal kunne meistre etter endt opplæring på ulike årssteg. Elevane vil i ulik grad nå, eller kunne nå dei fastsette kompetansemåla. Kjenneteikn på måloppnåing er ei beskriving av kvaliteten på det eleven meistrar i høve til kompetansemål i læreplanen. Omgrepa kjenneteikn og kriterium blir brukte om kvarandre og tyder det same. Undervegsvurdering Sluttvurdering Undervegsvurdering har som føremål å fremje læring, medverke til at eleven utviklar sin kompetanse og gi grunnlag for tilpassa opplæring. Sluttvurdering har som føremål å gi informasjon om nivået til eleven ved avslutninga av opplæringa i grunnskolen og ved avslutninga av faget i vidaregåande opplæring. Normbasert og kriteriebasert vurdering I norm- eller grupperelaterte vurderingar blir kvaliteten på resultata til den enkelte eleven bestemt i lys av prestasjonane til dei andre elevane. Elevane blir rangerte og får karakterar etter korleis den enkelte plasserer seg i høve til andre. I mål- eller kriterierelaterte vurderingar blir kvaliteten på resultata til den enkelte eleven bestemt utelukkande på grunnlag av måloppnåinga til vedkommande, uavhengig av prestasjonane til dei andre elevane. I Noreg har vi eit kriteriebasert vurderingssystem. NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 5 av 10

6 Del 2 Eksamen i norsk Norsk har gjennomgåande læreplanar, og grunnskolen og vidaregåande skole skal ein sjå i samanheng. Både etter 10. årssteget og etter Vg3 er eksamen ei prøve i tekstkompetanse, der elevane les ulike tekstar og sjølve produserer ein eller to tekstar på grunnlag av det. Tekstkompetanse er kunnskap om og erfaring med tekstar, kompetanse i å lese og skrive tekstar, og kompetanse i å vurdere tekstar. Ny eksamensordning for grunnskolen Eksamensordninga i norsk i grunnskolen vart endra ved innføringa av Kunnskapsløftet. Frå våren 2008 skal elevane prøvast i både hovudmål og sidemål same dagen. Denne endringa vart vedteken av Stortinget ved behandlinga av St.meld. nr. 30 Kultur for læring ( ), jf. Innst. S. nr. 268 ( ). Framlegget frå det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet var at dei elevane som blir trekte ut til norskeksamen i grunnskolen, berre skulle ha ein eksamensdag, og at dei berre skulle prøvast i hovudmålet. Ved behandlinga av meldinga vart dette endra til ein eksamensdag der både hovudmålet og sidemålet skal prøvast, jf. Innst. S. nr. 268 ( ) side 19: Dette flertallet støtter opp om departementets forslag om en skriftlig norskeksamen i grunnskolen. Denne eksamen bør gjenspeile delemnene i faget, slik at den gir et reelt bilde av elevenes ferdigheter. Både hovedmål og sidemål skal derfor være deler i den skriftlige norskeksamen. Dette flertallet deler departementets syn på at elevenes opplæring i hovedmål er den mest omfattende del av norskfaget. Derfor må elevenes hovedmål utgjøre den største delen av den skriftlige norskeksamen i grunnskolen. Eksamen Eksamen har éin dag til førebuing og ein skrivedag. Eksamenstid Prøvetida er fem klokketimar. Førebuingsdel På førebuingsdagen får elevane oppgitt eit tema som dei skal arbeide med fram til eksamensdagen. Temaet til førebuingsdagen får dei oppgitt gjennom ei Internett-adresse frå Utdanningsdirektoratet. Rektor og norsklærarane får tilgang til Internett-sida kl. 9 same dagen som elevane får tilgang kl. 13. I førebuingstida kan elevane samle stoff, NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 6 av 10

7 arbeide med stoff, diskutere, ta notat. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett. Elevane skal få rettleiing av læraren. Eksamensdagen På eksamensdagen er alle hjelpemiddel tillatne, med unntak av Internett og andre verktøy som tillèt kommunikasjon. For norsk og framandspråka er heller ikkje omsetjingsprogram tillatne.. Elevane skal skrive ein tekst på hovudmål og ein tekst på sidemål. Ein tekst skal vere skjønnlitterær og ein sakprega. Det blir gitt oppgåver både til sidemålsteksten og hovudmålsteksten. Elevar med fritak for vurdering i sidemål skriv begge tekstane på hovudmål. På eksamensdagen kan elevane svare på oppgåvene anten på PC eller med penn og papir. Den prosessorienterte arbeidsmåten fell bort under eksamen, mellom anna fordi det ikkje er tillate med kommunikasjon. Vurdering Elevane på 10. steget skal ha standpunktkarakter både i hovudmål og sidemål, men til eksamen skal elevane få ein samla karakter. Det er den samla kompetansen til elevane som skal vurderast til eksamen, og det blir ikkje gitt retningslinjer om vekting. Tekniske opplysningar for dei elevane som leverer: På data Alle skal skrive inn topptekst og botntekst Topptekst: Kandidatnummer og skole Botntekst: Sidenummer og talet på sider Skriftstorleik: 14 Skrifttype: Times New Roman Linjeavstand: 1,5 Du bør lagre ofte For elevar som skriv for hand Elevane må bruke godkjende innføringsark Kjenneteikn på måloppnåing i norsk etter 10. årssteget Rettleiinga har til føremål å gi føringar om nivået til elevane ved avslutninga av opplæringa i grunnskolen og kan brukast både ved eksamen i norsk på 10. steget og for elevar i norsk i grunnskoleopplæringa for vaksne. Kjenneteikna for måloppnåing skal brukast for å finne meistringsnivået til elevane, og dei skal vere kjende for elevane. Det er viktig å vere open for den overraskande elevteksten, som kan skilje seg ut frå det ein har venta seg når det gjeld både innhald, form og språk. NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 7 av 10

8 Innanfor karakternivåa 3 og 4 vil ein finne eit stort spenn både innhaldsmessig, strukturelt og språkleg. Framlegg til vurderingsskjema i norsk er lagt ved. Kjenneteikn på måloppnåing, skriftleg eksamen i norsk Karakterane 5 og 6 Karakterane 3 og 4 Svært god eller framifrå Nokså god eller god kompetanse i faget. Til kompetanse i faget. Til eksamen vil det seie at teksten eksamen vil det seie at teksten kommuniserer godt kommuniserer Innhald har god tematisk samanheng har tematisk samanheng Karakteren 2 Låg kompetanse i faget. Til eksamen vil det seie at teksten kommuniserer på nokre tekstnivå har ein viss tematisk samanheng viser at eleven har høgt viser at eleven har viser at eleven har noko kunnskap kunnskapsnivå og god kunnskapar, kan gi og kan uttrykkje eigne meningar kompetanse i å informere, informasjon, argumentere og på ein enkel måte i sakprega tekst argumentere og reflektere i reflektere i sakprega tekst sakprega tekst viser at eleven meistrar å viser at eleven kan formidle viser at eleven på ein enkel måte formidle kjensler og kjensler og opplevingar i kan gi uttrykk for kjensler og opplevingar i skjønnlitterær skjønnlitterær tekst opplevingar i skjønnlitterær tekst tekst viser godt mottakarmedvit har mottakarmedvit har noko mottakarmedvit Oppbygging viser at eleven har god viser at eleven kan bruke viser at eleven kan nytte enkle kompetanse i å bruke relevante verkemiddel og gjere verkemiddel og har noko forståing relevante verkemiddel og å seg nytte av dei av sjanger utnytte dei moglegheitene moglegheitene sjangeren har sjangeren har har føremålstenleg struktur har føremålstenleg struktur viser ein viss grad av logisk oppbygging viser at eleven har god mottakarmedvit viser at eleven har mottakarmedvit viser at eleven har noko mottakarmedvit Språk har eit føremålstenleg språk har eit føremålstjenleg språk har eit enkelt språk med med god flyt, variert syntaks og med flyt, variert syntaks og forståeleg syntaks ordval ordval viser at eleven meistrar rettskriving og teiknsetjing viser at eleven meistrar dei viktigaste krava til rettskriving har rettskriving og teiknsetjing som gjer teksten forståeleg og teiknsetjing Kjelder viser at eleven kan oppgi og viser at eleven kan oppgi og viser noko kjennskap til bruke kjelder sjølvstendig bruke kjelder kjeldebruk Karakteren 1 uttrykkjer at eleven viser lågare måloppnåing enn det som står over her. NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 8 av 10

9 VURDERINGSSKJEMA I SKRIFTLEG NORSK ELEVNUMMER: SKOLE: GRUPPE: FØRSTEINNTRYKKET AV SKRIFTLEG KOMPETANSE: Tekst 1 Tekst 2 Svært eller mykje god kompetanse God eller nokså god kompetanse Låg eller svært låg kompetanse Kjenneteikn på måloppnåing Oppgåvenr: Oppgåvenr: NB! Ikkje alle kjenneteikna Tittel: Tittel: er relevante for alle teksttypar SKJØNN SAK Korleis kommuniserer tekstane? Svært/ God / Låg/ Svært/ God / Låg/ mykje Nokså Svært mykje Nokså Svært INNHALD: god god låg god god låg Samsvar med intensjonen i oppgåva Tematisk samanheng Forståing og kunnskap Engasjement, kreativitet Formidling av opplevingar og kjensler Relevant informasjon Refleksjon Argumentasjon Mottakarmedvit OPPBYGGING: Gjer seg nytte av moglegheitene i sjangeren Relevant bruk av verkemiddel Struktur, avsnittbruk NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 9 av 10

10 SPRÅK: God flyt Variert syntaks Variert ordforråd FORMELLE FERDIGHEITER: Formverk Ortografi Teiknsetjing KJELDER: Bruk av kjelder Kjeldetilvising SAMLA KOMPETANSE I NORSK SKRIFTLEG: KARAKTER I NORSK SKRIFTLEG: STERK / SVAK NOR0017, Norsk- vurderingsrettleiing Side 10 av 10

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Vurderingsveiledning 2008

Vurderingsveiledning 2008 Vurderingsveiledning 2008 Norsk og samisk som førstespråk, norsk for elever med samisk som førstespråk, samisk og finsk som andrespråk Elever i grunnskolen Bokmål Denne veiledningen består av en felles

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2012

Vurderingsrettleiing 2012 Vurderingsrettleiing 2012 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk, grunnskolen 2012 Denne

Detaljer

Vurderingsveiledning 2008

Vurderingsveiledning 2008 Vurderingsveiledning 2008 Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen etter Kunnskapsløftet 2008 Fremmedspråk nivå I og II Nynorsk/Bokmål Bokmål Denne veiledningen består av en felles del

Detaljer

Vurderingsveiledning 2008

Vurderingsveiledning 2008 Vurderingsveiledning 2008 ENG0012 Engelsk i grunnskolen Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen etter Kunnskapsløftet 2008 Bokmål Bokmål Denne veiledningen består av en felles del (Del

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Vurderingsveiledning 2009

Vurderingsveiledning 2009 Vurderingsveiledning 2009 ENG1002/ENG1003 Engelsk Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen etter Kunnskapsløftet 2009 Denne

Detaljer

Vurderingsveiledning 2009

Vurderingsveiledning 2009 Vurderingsveiledning 2009 Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen i fremmedspråk Elevar og privatistar / Elever og privatister Oppdatert versjon mars 2009 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Vurderingsrettleiing

Detaljer

skriftlig eksamen i norsk - 2009

skriftlig eksamen i norsk - 2009 skriftlig eksamen i norsk - 2009 Ny eksamensordning for grunnskolen To eksamensdager : Fredag 8.mai: Norsk hovedmål Mandag 11.mai:Norsk sidemål På forberedelsesdagen blir elevene gjort kjent med hvilken

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2013 Engelsk ENG0012 Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn for elevar og for vaksne deltakarar og privatistar Nynorsk Eksamensrettleiing for

Detaljer

Vurderingsveiledning 2010

Vurderingsveiledning 2010 Vurderingsveiledning 2010 Fremmedspråk Elever og privatister Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen 2010 Denne veiledningen består av en felles del (Del 1) med informasjon om eksamen

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 ENG0012 Engelsk Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn for elevar og vaksne deltakarar og privatistar Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag For sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag Eksamensrettleiing til sentralt

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2017 Framandspråk Elevar og privatistar Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 Framandspråk Elevar og privatistar Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2014 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag For sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag Eksamensrettleiing til sentralt

Detaljer

Vurderingsveiledning 2011

Vurderingsveiledning 2011 Vurderingsveiledning 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovedmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen 2011 Denne vurderingsveiledningen

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 NOR1211 NOR1231 Norsk hovudmål NOR1212 NOR1232 Norsk sidemål NOR1218 NOR1238 Norsk for elevar med samisk som andrespråk Elevar og privatistar Nynorsk

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 NOR1211 NOR1231 Norsk hovudmål NOR1212 NOR1232 Norsk sidemål NOR1218 NOR1238 Norsk for elevar med samisk/finsk som andrespråk Sentralt gitt skriftleg

Detaljer

Vurderingsveiledning 2011

Vurderingsveiledning 2011 Vurderingsveiledning 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen 2011 Denne vurderingsveiledningen gir informasjon

Detaljer

Eksamensrettleiing. om vurdering av eksamenssvar. Nynorsk

Eksamensrettleiing. om vurdering av eksamenssvar. Nynorsk Eksamensrettleiing om vurdering av eksamenssvar 2014 NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn for elevar og for vaksne deltakarar og privatistar

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 ENG0012 Engelsk Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn for elevar og vaksne deltakarar og privatistar Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk

Detaljer

Vurderingsveiledning 2008

Vurderingsveiledning 2008 Vurderingsveiledning 2008 MAT0010 Matematikk Elever i grunnskolen Sentralt gitt skriftlig eksamen etter Kunnskapsløftet Bokmål Denne veiledningen består av en felles del (Del 1) med informasjon om sluttvurdering

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag For sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag Eksamensrettleiing til sentralt

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2017 ENG0012 Engelsk Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk etter 10. trinn Eksamensrettleiing til sentralt gitt skriftleg

Detaljer

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne Eksamensrettleiing om vurdering av eksamenssvar 2015 NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering

Detaljer

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 For elevar, lærlingar, praksiskandidatar og sensorar Nynorsk Sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 1 2015 Om rettleiinga Denne rettleiinga

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2012

Vurderingsrettleiing 2012 Vurderingsrettleiing 2012 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk ENG0012 Engelsk 10. trinn Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2012 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne Eksamensrettleiing om vurdering av eksamenssvar 2016 NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering

Detaljer

Vurderingsveiledning 2012

Vurderingsveiledning 2012 Vurderingsveiledning 2012 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål ENG0012 Engelsk 10. trinn Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen i 2012 Denne vurderingsveiledningen

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2017 NOR1211 NOR1231 Norsk hovudmål NOR1212 NOR1232 Norsk sidemål NOR1218 NOR1238 Norsk for elevar med samisk/finsk som andrespråk Sentralt gitt skriftleg

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Norsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 01.04.2016 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Vi forventar at du som elev eller privatist har gjort deg kjend med reglar og rettleiing for eksamenskandidatar i god tid

Detaljer

Denne rettleiinga gir informasjon til elevar, lærlingar, praksiskandidatar (heretter kalla kandidatar) og sensorar.

Denne rettleiinga gir informasjon til elevar, lærlingar, praksiskandidatar (heretter kalla kandidatar) og sensorar. Yrkesfag - rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen Denne rettleiinga gir informasjon til elevar, lærlingar, praksiskandidatar (heretter kalla kandidatar) og sensorar. ARTIKKEL SIST ENDRET: 24.01.2017

Detaljer

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2014

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2014 Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2014 For elevar, lærlingar, praksiskandidatar og sensorar Nynorsk Sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 1 Om rettleiinga Denne rettleiinga

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Norskeksamen i grunnskolen Bergen 10. mars 2014

Norskeksamen i grunnskolen Bergen 10. mars 2014 Norskeksamen i grunnskolen Bergen 10. mars 2014 Reviderte læreplaner Udir.no (oransje fane) Læreplaner: http://www.udir.no/ Norsk: http://www.udir.no/kl06/nor1-05/, med veiledninger og veiledende kjennetegn

Detaljer

Velkommen til eksamenskurs i norsk skriftlig 11. november 2014 2014 EIN SMAK AV NOREG NOR0214 NOR0215 NOR1415

Velkommen til eksamenskurs i norsk skriftlig 11. november 2014 2014 EIN SMAK AV NOREG NOR0214 NOR0215 NOR1415 NOR0214 NOR0215 NOR1415 2014 EIN SMAK AV NOREG Velkommen til eksamenskurs i norsk skriftlig 11. november 2014 Margrethe Moe Sandven 11. november 2014 Innlegg på eksamenskurs Bergen kommune, Fagavdeling

Detaljer

Kursrekke Bergen kommune Skriftlig eksamen i norsk 2014 Marit Røine 30. oktober 2013

Kursrekke Bergen kommune Skriftlig eksamen i norsk 2014 Marit Røine 30. oktober 2013 NOR0214 NOR0215 NOR1415 EKSAMEN 2013: HEILT HELT? EKSEMPELOPPGAVER: EN HELT HAR MANGE ANSIKTER 2014??? Kursrekke Bergen kommune Skriftlig eksamen i norsk 2014 Marit Røine 30. oktober 2013 Eksamen i norsk

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 22.05.2014 SAM3020 Politikk og menneskerettar SAM3020 Politikk og menneskerettigheter Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 26. mai 2016 DRA2005 Teater i perspektiv 1 Programområde: Musikk, dans, drama Eksamensdato: 27. mai 2016 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 26.04.2017 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

EKSAMEN 2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2017 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2016/2017 Eksamen 2017 Eksamen 2017 - kursrekke 1. samling mandag 24. oktober 08.30 11.30

Detaljer

Vurderingsveiledning 2012

Vurderingsveiledning 2012 Vurderingsveiledning 2012 NOR0214/NOR0215 Norsk hovedmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen i norsk, grunnskolen 2012 Denne

Detaljer

Skriftlig eksamen. HUD3002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG3 Hudpleier/ Hudpleiar. Utdanningsprogram for

Skriftlig eksamen. HUD3002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG3 Hudpleier/ Hudpleiar. Utdanningsprogram for Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen HUD3002 Kommunikasjon og samhandling Våren

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 24. november 2016 DRA 2007 Teater i perspektiv 2 Programområde: Musikk, dans, drama Eksamensdato: 25. november 2016 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 23.05.2016 SAM3038 Psykologi 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel Førebuingstida varer éin dag. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel

Detaljer

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE Rundskriv LS-66-2002 Dato: 30.09.2002 Statens utdanningskontor Utdanningsetaten i fylkeskommunane SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE

Detaljer

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2017/2018 Eksamen og vurdering Eksamen 2018 - kursrekke 1. samling tirsdag 31. oktober

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. desember 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-

Detaljer

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova Hjemmel: Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 27. september 2013 med hjemmel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Detaljer

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES Eksamen nærmar seg, og då vil Helland skule med dette skrivet gje informasjon til elevar og foreldre/føresette om korleis eksamen både skriftleg og munnleg blir gjennomført. Vil også informere om klagerett

Detaljer

Eksamensveiledning. om vurdering av eksamenssvar. Bokmål

Eksamensveiledning. om vurdering av eksamenssvar. Bokmål Eksamensveiledning om vurdering av eksamenssvar 2014 NOR0214 og NOR0215 norsk hovedmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftlig eksamen etter 10. trinn for elever og for voksne deltakere og privatister

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 21.11.2014 SAM3020 Politikk og menneskerettar SAM3020 Politikk og menneskerettigheter Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel Førebuingstida

Detaljer

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk Munnleg kommunikasjon presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålsteneleg bruk av digitale verktøy og medium vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå

Detaljer

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2017/2018 Eksamen og vurdering Eksamen 2018 - kursrekke 1. samling tirsdag 31. oktober

Detaljer

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3 Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Eksamensveiledning -om vurdering av eksamensbesvarelser

Eksamensveiledning -om vurdering av eksamensbesvarelser Eksamensveiledning -om vurdering av eksamensbesvarelser 2013 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag ENG1005/ENG1006 Engelsk for døve og sterkt tunghørte For sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål ENG1002/1003

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 02. juni 2016 DRA 2007 Teater i perspektiv 2 Programområde: Musikk, dans, drama Eksamensdato: 03. juni 2016 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid

Detaljer

Vurderingsveiledning 2012

Vurderingsveiledning 2012 Vurderingsveiledning 2012 Fremmedspråk Til sentralt gitt skriftlig eksamen Bokmål Vurderingsveiledning til sentralt gitt skriftlig eksamen 2012 Dette er en felles vurderingsveiledning for sentralt gitt

Detaljer

Skriftlig eksamen. HUD2002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar

Skriftlig eksamen. HUD2002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen HUD2002 Kommunikasjon og samhandling Våren

Detaljer

Treningslære 1 IDR2011. Felles programfag Vg2 Idrettsfag

Treningslære 1 IDR2011. Felles programfag Vg2 Idrettsfag UTDANNING Vurderingsveiledning for lokalt gitt skriftlig eksamen Treningslære 1 IDR2011 Felles programfag Vg2 Idrettsfag Buskerud fylkeskommune Utdanningsavdelingen august 2015 Innholdsfortegnelse 1. FELLESINFORMASJON

Detaljer

SKRIFTLIG OG MUNTLIG EKSAMEN VED NESSET UNGDOMSSKOLE. Våren 2015

SKRIFTLIG OG MUNTLIG EKSAMEN VED NESSET UNGDOMSSKOLE. Våren 2015 SKRIFTLIG OG MUNTLIG EKSAMEN VED NESSET UNGDOMSSKOLE Våren 2015 Datoer våren 2015 Skriftlig eksamen: Beskjed om skriftlig trekkfag, kl.09.00, onsdag 13.mai Hvis engelsk: forberedelsedel mandag 18.mai,

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

Vedlegg 1 Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven og forskrift til privatskoleloven

Vedlegg 1 Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven og forskrift til privatskoleloven Vår saksbehandler: Kjersti Botnan Larsen Vår dato: 10.01.2013 Deres dato: Vår referanse: 2012/4975 Deres referanse: Vedlegg 1 Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven og forskrift til privatskoleloven

Detaljer

Skriftlig eksamen. DHV1002 Kvalitet og dokumentasjon. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG1 Design og håndverk/ handverk

Skriftlig eksamen. DHV1002 Kvalitet og dokumentasjon. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG1 Design og håndverk/ handverk Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen DHV1002 Kvalitet og dokumentasjon Våren

Detaljer

Eksamensveiledning for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftlig eksamen

Eksamensveiledning for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftlig eksamen Eksamensveiledning for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensveiledningen gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og hvordan denne skal vurderes. Veiledningen skal være kjent for elever, voksne

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Fylkeskommunenes landssamarbeid Førebuing/ Forberedelse 23. november 2017 DRA2007 Teater i perspektiv 2 Programområde: Drama Eksamensdato: 24. november 2017 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 31. mai 2017 DRA2007 Teater i perspektiv 2 Programområde: Drama Eksamensdato: 1. juni 2017 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel Bruk

Detaljer

Vurderingsveiledning - generell del

Vurderingsveiledning - generell del Vurderingsveiledning - generell del Eksamen i Norsk, NOR1206, Yrkesfaglig utdanningsprogram, VG2 Videregående skole, Nord-Trøndelag fylkeskommune Eksamenssettet består av to deler. Del 1 utarbeides på

Detaljer

Eksamensveiledning. - om vurdering av eksamensbesvarelser. Bokmål

Eksamensveiledning. - om vurdering av eksamensbesvarelser. Bokmål Eksamensveiledning - om vurdering av eksamensbesvarelser 2013 NOR0214 og NOR0215 Norsk hovedmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftlig eksamen etter 10. trinn for elever og for voksne deltakere og privatister

Detaljer

Eksamensveiledning. - om vurdering av eksamensbesvarelser. Bokmål

Eksamensveiledning. - om vurdering av eksamensbesvarelser. Bokmål Eksamensveiledning - om vurdering av eksamensbesvarelser 2013 NOR0214 og NOR0215 Norsk hovedmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftlig eksamen etter 10. trinn for elever og for voksne deltakere og privatister

Detaljer

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2 Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 9. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Sensorskolering norsk 2014 Grimstad og Tønsberg 2. og 3. juni

Sensorskolering norsk 2014 Grimstad og Tønsberg 2. og 3. juni Sensorskolering norsk 2014 Grimstad og Tønsberg 2. og 3. juni Eksamensproduksjon 2014 Nemnda: Ingrid Bøe, Lesja Mette Haustreis, Mosjøen Øystein Myksvoll Lande, Hvaler Jan Mikael Sørensen, Tønsberg Magnus

Detaljer

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse SPR3015 Kommunikasjon og kultur 2 Elevar og privatistar / Elever og privatister 02.12.2015 Frå/fra Norsk Ukeblad, nr.16, 18. april 1963, side 36 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon

Detaljer

Vedlegg til brev 2006/4043 av 13.12.2006 - Informasjon om skriftlege avgangsprøver i grunnskolen våren 2007

Vedlegg til brev 2006/4043 av 13.12.2006 - Informasjon om skriftlege avgangsprøver i grunnskolen våren 2007 Vedlegg til brev 2006/4043 av 13.12.2006 - Informasjon om skriftlege avgangsprøver i grunnskolen våren 2007 GENERELL INFORMASJON... 2 Tilrettelegging...2 Førebuingstid...2 Sjukdom i førebuingstida...2

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 22.november 2016 MUS 2005 Musikk i perspektiv 1 Programområde: Musikk Eksamensdato: 23. november 2016 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Førebuingstida

Detaljer

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2007 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Læreplankode: AKT2-01 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

Eksamensveiledning - om vurdering av eksamensbesvarelser

Eksamensveiledning - om vurdering av eksamensbesvarelser Eksamensveiledning - om vurdering av eksamensbesvarelser 2013 Engelsk ENG0012 Sentralt gitt skriftlig eksamen etter 10. trinn for elever og for voksne deltakere og privatister Bokmål Eksamensveiledning

Detaljer

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9 Eksamen 29.05.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Oppgaver

Detaljer

Førebuing/ Forberedelse

Førebuing/ Forberedelse Førebuing/ Forberedelse 20.11.2014 SAM3035 Økonomi og leiing / Økonomi og ledelse Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid Hjelpemiddel Førebuingstida varer éin dag. På førebuingsdagen

Detaljer

Skriftlig eksamen. HUD2003 Yrkesutøvelse. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar. Utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag

Skriftlig eksamen. HUD2003 Yrkesutøvelse. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar. Utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen HUD2003 Yrkesutøvelse Våren 2014 Privatister/Privatistar

Detaljer

Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen

Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuing/ Forberedelse 29.05.2008 SAM3016 Sosialkunnskap Elevar og privatistar/elever og privatister Nynorsk/Bokmål Nynorsk Informasjon til førebuingsdelen Førebuingstid: Hjelpemiddel: Vedlegg: Bruk av

Detaljer

Forskrift til opplæringslova

Forskrift til opplæringslova Forskrift til opplæringslova Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring V. Eksamen 3-25.Generelle føresegner Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Læreplanen

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Skriftlig eksamen. KJP2002 Kjemisk teknologi. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Kjemiprosess

Skriftlig eksamen. KJP2002 Kjemisk teknologi. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Kjemiprosess Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen KJP2002 Kjemisk teknologi Våren 2014 Privatister/Privatistar

Detaljer