Til: Fylkesutvalet Dato: 25. oktober 2011 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /ARISEK Kopi til: Arkivnr.: 050

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Til: Fylkesutvalet Dato: 25. oktober 2011 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200905365-25/ARISEK Kopi til: Arkivnr.: 050"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga NOTAT Til: Fylkesutvalet Dato: 25. oktober 2011 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /ARISEK Kopi til: Arkivnr.: 050 Melding om gjennomført omdøme- og identitetsprosess i Hordaland fylkeskommune. Visjon, verdiar, slagord og ny visuell profil. (Merknad: Dette notatet er skrive med same font som er foreslått i ny visuell profil, for å illustrere korleis denne fungerer i eit saksdokument.) Prosessen har gått føre seg gjennom heile 2010 og 2011 etter initiativ frå fylkesutvalet som etterspurde tiltak for at Hordaland fylkeskommune skal kommunisere tydelegare si rolle i samfunnet og dei mange tenester og verksemder som vert drive i regi av fylkeskommunen. Prosessen har fire hovuddelar: Omdømeundersøking, identitetsprosess, visuell profil og kommunikasjonsstrategi. Prosessen har hatt brei deltaking blant tilsette. Fylkesutvalet har òg bidrege direkte med innspel undervegs både gjennom intervju med politisk leiing og fokusgruppesesjon med heile utvalet. Dette notatet presenterer resultatet av identitetsprosessen, med identitetsberande formuleringar, samt hovudtrekk i ein ny visuell profil for fylkeskommunen som byggjer på identitetsprosessen. Identitetsformuleringar og visuell profil er nært knytt til kvarandre. Dei må sjåast i samanheng. Omdømemålingar gjennomført internt og eksternt hausten 2010 gav eit viktig faktagrunnlag for identitetsprosessen. Jf. meldingssak 167/11. Dei viktigaste funna i omdømerapporten er: Hordaland fylkeskommune har eit kjent namn og ein synleg logo (fylkesvåpen) men det er få klåre assosiasjonar blant folk flest. Hordaland fylkeskommune gir ikkje inntrykk av å vere effektiv eller lett i stand til å tilpasse seg endringar i samfunnet. Hordaland fylkeskommune blir opplevd som ansvarleg, truverdig og med høg kompetanse. Innbyggjarane har inntrykk av god kvalitet på fylkeskommunen sine tenester, unnateke busstilbodet. Hordaland fylkeskommune gir ikkje inntrykk av at ein set innbyggarane fremst i prioriteringane sine. Det er ungdom mellom 16 og 24 år som har det beste inntrykket av Hordaland fylkeskommune. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks Bergen - Telefon Telefaks E-postadresse: personal@post.hfk.no Bankgironr Foretaksnr. NO mva.

2 Definerte utfordringar desse funna gjev er: Hordaland fylkeskommune sin synlege posisjon og logo må fyllast med eit innhald som byggjer på eit klårt mål (visjon) og åtferdsverdiar som imøtegår negative inntrykk. Det er stort potensial i at svært mange innbyggjarar har få eller ingen assosiasjonar til fylkeskommunen og heller ikkje har særleg inntrykk av kvaliteten på tenester og oppgåver som fylkeskommunen tek seg av. Hordaland fylkeskommune må kommunisere betre: kva fylkeskommunen gjer og kvifor. at kompetanse, tenester og utviklingsarbeid kjem alle i fylket til gode. fylkeskommunen si politiske rolle. Hordaland fylkeskommune bør satse spesielt på kommunikasjon med ungdom. Metodisk tilnærming: Alt arbeidet i identitetsprosessen har som mål å svare på desse utfordringane slik at fylkeskommunen får a) grunnlag til bygging av sterk felles internkultur b) grunnlag til å byggja positivt omdøme eksternt gjennom enkle, tydelege bodskap og god visuell profil. Ved å gje innhald til dei fem dimensjonane i modellen nedanfor, får ein dette grunnlaget. VISJON VERDIAR Korleis vi vil vere ETTERLATE INNTRYKK Det vi ønskjer andre skal oppleve UNIKE EIGENSKAPAR Det vi er åleine om og som gjer oss unike SAMFUNNSOPPDRAG Rasjonell og sann formulering av kva som er oppgåva vår i samfunnet Identitetsberande formuleringar for Hordaland fylkeskommune Samfunnsoppdraget skal vere ei rasjonell og sann formulering av kva som er Hordaland fylkeskommune sitt formål og mandat. Dette er ei formulering som gjer alle tilsette i stand til å gjere greie for HFK si oppgåve, både munnleg og skriftleg. Samfunnsoppdragsformuleringar må nyttast aktivt i kommunikasjon ut mot samfunnet. Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. 2

3 (* = Nyttast primært internt til bygging av felles kultur, mål og åtferd.) Unike eigenskapar* er dei eigenskapar eller kunnskapar som organisasjonen er åleine om. Medarbeidarane i fylkeskommunen kjenner heile Hordaland. Vi har lokalkunnskap og ser heilskapen. Etterlate inntrykk* er dei kjensler og inntrykk ein ønskjer personar skal ha etter å ha vore i kontakt med fylkeskommunen og som dei dermed òg vil kunne formidle til andre. Alle som kjem i kontakt med fylkeskommunen skal oppleve å bli høyrde og tekne vare på av engasjerte og dyktige medarbeidarar. Verdiar* er dei føretrekte eigenskapane som skal styre åtferda hjå dei tilsette i Hordaland fylkeskommune. Verdiane seier ikkje kva vi gjer, men korleis vi vil vere for å nå dei mål vi set oss. Verdiane må arbeidast med i all medarbeidarutvikling internt. Ansvarleg Vi tek ansvar for Hordaland sitt vel. Vi set innbyggjarane først og nyttar kompetansen vår til å sjå heilskapen. Det vi gjer i dag skal òg kome framtidige generasjonar til gode. I dialog Vi lyttar og vi er i dialog med innbyggjarar og samarbeidspartnarar i Hordalandssamfunnet. Modig Vi søkjer utvikling og framsteg for den enkelte og for Hordaland. Vi vågar å prioritere og har blikk for kva som er mogeleg. Visjonen* er ei målsetting som alle tilsette skal kunne samlast om og identifisere seg med. Visjonen fortel kvifor vi går på jobb kvar dag. Visjonen skal vere slik at ingen tilsette eller grupper av tilsette skal kunne oppleve han som irrelevant eller usann i høve til deira arbeid. Vi utviklar Hordaland til eit godt fylke å leve i. Slagord. Identitetsprosessen har òg resultert i eit overordna slagord for Hordaland fylkeskommune. Slagordet skal kommunisere essensen av samfunnsoppdraget og visjonen på ein kort, truverdig og tiltalande måte. Vi utviklar Hordaland. 3

4 Formulerte samfunnsoppdrag for avdelingane i Hordaland fylkeskommune Desse formuleringane har vore gjenstand for vurdering i kvar avdeling og justeringar er tekne til fylgje. Slike tekstar kan brukast internt og eksternt når ein kort skal fortelje kva avdelinga gjer. Desse vil kunne endrast i takt med endringar i ansvarsområde. Opplæringsavdeling Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse. Kultur- og idrettsavdeling Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skaper rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Hordaland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet til gagn og glede for alle. Samferdselsavdelinga Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar. Tannhelsetenesta Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar psykisk utviklingshemma, mottakarar av heimesjukepleie, personar på institusjonar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Gjennom førebyggjande arbeid og behandling legg vi grunnlag for god folkehelse i Hordaland. Regionalavdelinga Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune stimulerer til nyskaping, vekst og sysselsetting i Hordaland. Vi er ein pådrivar og støttespelar for kommunar og næringsliv, driv samfunnsutvikling og sørgjer for ei berekraftig forvalting av naturressursane. Organisasjonsavdelinga Organisasjonsavdelinga har ansvar for at Hordaland fylkeskommune har ein tenleg organisasjon og kompetanse i høve til lovverk og samfunnsutvikling. Vi sørgjer for felles verktøy i organisasjonen og sikrar god kommunikasjon internt og eksternt. Økonomiavdelinga Økonomiavdelinga har oversikt over Hordaland fylkeskommune sine ressursar og forvaltar fellesskapet sine verdiar på ein ansvarleg måte. Vi tek hand om budsjett og rekneskap, sikrar gode rutinar ved innkjøp og tenlege lokale for alle verksemdene våre. 4

5 Ny visuell profil for Hordaland fylkeskommune Utfordringa er å gjere Hordaland fylkeskommune meir synleg og gje innbyggjarane gode assosiasjonar. Vi treng ein heilskapleg profil som fungerer på mange ulike kommunikasjonsflater, ein profil som skal formidle kven vi er og kva vi gjer, både formelt og emosjonelt. Nokre premiss: Profilen skal byggja vidare på eksisterande kjennskap til fylkeskommunen. Fylkesvåpenet skal framleis brukast som symbol / logo. All verksemd og aktivitet i fylkeskommunen sin regi skal knytast saman gjennom ein tydelegare overordna visuell profil. Det skal ikkje vere tvil om fylkeskommunen si rolle. Kollektivtenester i fylkeskommunen skal framleis profilerast gjennom SKYSS sin profil, der fylket sitt våpenskjold er tilstades. Skyssprofilen vert ikkje endra i dette prosjektet. Profilen skal ivareta krav om universell utforming. Fornying av logo: Fram til i dag: I morgon: Desse to variantane kan nyttast etter nærare retningslinjer. Dette nye uttrykket i fylkesvåpenet er framleis i samsvar med godkjent logo for Hordaland fylkeskommune. Jfr. Kgl.res. 1. des Font til bruk i brev, dokument, osb. vert endra frå Times New Roman til Franklin Gothic (tilsvarer Flama og finst på alle PC ar). Fonttypen er i samsvar med krav til universell utforming. 5

6 Døme på formell kommunikasjon: Brevmal / øvst på brevarket Brevmal / nedst på brevarket (Merknad: Organisasjonsnummer kjem også nedst på alle brevark.) Brevmal / eining (skule) Brevmal / eining (tannklinikk) Døme på nytt skiltkonsept: 6

7 Profilering av fylkeskommunen sine vidaregåande skular Hordaland fylkeskommune eig og driv alle offentlege vidaregåande skular i fylket. Dette vil koma tydelegare fram ved at alle skulane vert skilta og profilert etter same prinsipp, som vist nedanfor. Opplæringssektoren vil med dette få større tyngde, m.a. i høve til konkurransen med private skular. Døme på messe-vegg (utdanningsmesse): Eigne logoar og profil-/farge-program som er utvikla på dei ulike skulane vil ikkje lenger bli brukt til å profilere skulane. Dette gjeld i all visuell kommunikasjon (inkl. trykk, web, mm). Det vert likevel fullt mogeleg å profilere skulane sine særtilbod innanfor den visuelle profilen, m.a. ved bruk av foto, tekst og teiknekonsept. Dette vil bli nærare beskrive i ein profilmanual. Døme på skilting, vidaregåande skule: FØR: ETTER: 7

8 Emosjonell kommunikasjon Vi skal bruke foto som knyter kjensler til Hordaland fylkeskommune sitt namn og logo. Vi skal avspegle det samfunnet vi bur i og sjå menneske i naturlege situasjonar og i settingar relatert til fylkeskommunen sine tenester og ansvarsområde. Som hovudregel skal bileta vere tekne med naturleg lys. Vi nyttar ikkje oppstilte modellar og studiobilete. Vi kan bruke både konkrete og abstrakte uttrykk. Oppbygging av fotobank til profilering er påbyrja. Døme på trykksak-mal (grid) og bruk av foto, farge og tekst på trykk: 8

9 Døme på webdesign. Ny profil skal synast på alle fylkeskommunale websider. Dette gjeld òg skulewebsider. Unikt teiknekonsept: Det er utvikla eit eige teiknekonsept spesielt for Hordaland fylkeskommune, som kan nyttast t.d. for å vise ulike fagtilbod på skular eller ved ulike tenester / tilbod. Konseptet vert eit grafisk uttrykk som innbyggjarar vil assosiere med fylkeskommunen jo meir det vert brukt på ulike vis og flater. Fylkeskommunen har gjort det mogeleg Fylkeskommunen skal alltid vere synleg til stades der ein har bidrege til å utvikla Hordaland konkret gjennom løyvingar eller på andre måtar: 9

10 Slagord / tekst på ymse artiklar Døme på korleis slagord og tekst kan nyttast som grafisk formelement som skapar gjenkjenning og assosiasjonar når bodskapen vert gjenteke og gjenteke Stillingsannonsar og profilannonsar (både på trykk og på web) vert studert nøye av menneske som vurderer å søkje jobb i fylkeskommunen, men vert òg lagt merke til av mange andre. Medvite bruk av profilen kan medverka til å styrkje interessa for fylkespolitikken. 10

11 Fylkeshuset Døme på profilering av fylkeshuset i Bergen: 11

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Oppfølgings- og pedagogisksykolo isk teneste Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo KD 20 OKL Vår ref.:201108485 Dykkar ref.:201101650-/abh Bergen, 14. oktober 2011

Detaljer

Forslag til Ungdommens fylkesting 2016. 12.-14. februar 2016

Forslag til Ungdommens fylkesting 2016. 12.-14. februar 2016 Forslag til Ungdommens fylkesting 2016 12.-14. februar 2016 Innhald Del 1: Visjon og verdiar for Ungdommens fylkesting... 1 Del 2: Mål for perioden... 2 Del 3: Tiltak... 3 Opplæring og helse... 3 Kultur,

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal

Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune INVITASJON Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune Kva meinar de er viktig? De er inviterte til å utforme kommunen sin nye kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015-2018 KVIFOR

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201208498-2 Arkivnr. 000.T00 Saksh. Dyrnes, Hanne Camilla Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 06.12.2012 DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord Universell utforming i anskaffingar Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord Prosjektleiar Knutepunkt Møre og Romsdal 16.02.2011 Innkjøpsseksjonen Knutepunkt Møre og Romsdal kort informasjon Dei viktigaste utfordringane

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20 Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018

Detaljer

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 Vinteraktivitetsdag

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer

Detaljer

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars 2013. Pål Sandal

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars 2013. Pål Sandal KF BedreStyring KF brukarkonferanse Oslo 22. mars 2013 Pål Sandal Innhald Organisering og leiing i Gloppen Kvar står vi i dag? Kva har vi gjort? Erfaringar Vegen vidare! Pål Sandal Sjef strategi og tenesteutvikling

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Budsjett 2014. Økonomiplan 2014-2017. Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Budsjett 2014 Økonomiplan 2014-2017 Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013 Innleiing Fylkesrådmannen la fram Budsjettgrunnlaget for 2014 og økonomiplan for perioden 2014 2017 den 10. oktober 2013.

Detaljer

Om informasjonsarbeidet

Om informasjonsarbeidet Om informasjonsarbeidet Informasjonstenesta skal ivareta informasjonsarbeidet, internt og eksternt Info forheld seg til fylkesdirektøren i faglege spørsmål Info er ei eining under administrasjonsavdelinga

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport Side 1 av 5 Fylkesrådmannen Notat Sakshandsamar: Paal Fosdal E-post: Paal.Fosdal@sfj.no Tlf.: 90639859 Vår ref. Sak nr.: 13/3614-15 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 5435/15 Dykkar ref.

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 5

Kopi til: Arkivnr.: 5 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Analyse, utgreiing og dokumentasjon NOTAT Til: Fylkesutvalet/Opplæringsutvalet Dato: 12. november 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 20120934-1/KKJA Kopi til:

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201108485-2 Arkivnr. 500 Saksh. Nina Ludvigsen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 04.10.2011 13.10.2011 HØYRING - FORSLAG TIL

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200606870-3 Arkivnr. 201 Saksh. Mørk Karlsen, Per Willy Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.01.2008 13. - 14.02.2008 HØRINGSUTTALE

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Ungdommens planprogram 2015 Vedteke av Ungdommens fylkesting 15.02.2015

Ungdommens planprogram 2015 Vedteke av Ungdommens fylkesting 15.02.2015 Ungdommens planprogram 2015 Vedteke av Ungdommens fylkesting 15.02.2015 Innhald Visjon og verdiar for Ungdommens fylkesting... 2 Visjon... 2 Verdiar... 2 Del 1: Mål for perioden... 3 Opplæring og helse...

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Friluftslivets år 2015

Friluftslivets år 2015 Friluftslivets år 2015 1 BAKGRUNN Tidlegare arrangert: - 1993-2005 Tiltak i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv 2014-2020 2 H.K.H Kronprins Haakon er høg beskyttar av «Friluftslivets år 2015»

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Logo Brukarrettleiing

Logo Brukarrettleiing Logo Brukarrettleiing Innhald Innleiing... 1 Logooriginalar... 2 Rett og feil bruk... 3 Logo med slagord og bygdenamn 4 Grafiske element... 5 Bruk av logo til kvardags... 6 1 Innleiing Gratulera med ny

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 03. februar 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200907758-4/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 812 Nytt fylkesvegnett -

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg Kva? Opne idrettsanlegg er aktivitetsflater som er opne og gratis for deltakarar som ønskjer å drive eigenorganisert aktivitet. Det er ein sosial og aktiv møteplass for

Detaljer

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde. AUD-rapport 08-18 Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde. OM RAPPORTEN Ansvarleg avdeling/eining: Torbjørn Eidsheim Bøe, Gis-koordinator/seniorrådgjevar.

Detaljer

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen MELDING Til: Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Dato: 17. oktober 2013 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 201307938-1/BJORMI Arkivnr.: 815 Trafikkstatistikk for bomringen

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 6 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson www.utdanningsforbundet.no Rådgjevaren ein nøkkelperson Ei god rådgjevarteneste i skulen medverkar til at elevane får: betre sjansar til å

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat Møre og Romsdal fylkeskommune Att. Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Fylkeshuset 6404 MOLDE Saksnr Løpenr Dato 2014/409 9233/2014 26.09.2014 MELDING OM VEDTAK UTVIKLINGSPLANAR

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Landro, Sund kommune 1. Sund kommune, organisering rus

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr. Kva meiner bygdemøte i Gaupne; 1) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere for Lustrasamfunnet/ Luster kommune? 2) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201112778-4 Arkivnr. 407 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.02.2012 22.02.2012-23.02.2012

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane Forord Skuleeigar skal ha oversyn over tilstanden i dei vidaregåande skulane, ha kapasitet til å gjere nødvendige endringar

Detaljer

ROS-analyse i kommuneplan

ROS-analyse i kommuneplan ROS-analyse i kommuneplan Interkommunalt skredsamarbeid Møte måndag 6. desember 2010 Inge Edvardsen Fylkesmannen i Hordaland 1 Risikoanalyse kva og kvifor? Ein systematisk tilnærming til arbeidet med samfunnstryggleik

Detaljer

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn Veke Emne Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering 34-35 Sei det med symbol Gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer