Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane."

Transkript

1 Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane

2 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland gir mål, rammer og retning for prioriteringar og innsats både hos skoleeigar og på skolane. Den pedagogiske verksemda skal vere forankra i overordna mål i den generelle delen av læreplanen og prinsipp for opplæringa, kompetansemål for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, samt Opplæringslova og forskrift til Opplæringslova. Skoleeigar sitt arbeid for å påverke elevane sitt læringsutbytte går gjennom fleire ledd og gjennom tiltak som direkte og indirekte verkar inn på vilkåra for læring og læringsmiljø. Dette arbeidet må vera langsiktig for å oppnå varig og positiv effekt. Styringsdokumentet er eit strategisk dokument som inneber prioritering av tiltaksområde for å kunne nå mål. Analyse ut frå tilstandsrapport for vidaregåande opplæring og vurdering av utvikling ligg til grunn for prioriteringane. Styringsdokumentet inngår i System for verksemdsbasert vurdering. Etter evaluering av systemet våren 2012 vert det no i endå sterkare grad lagt vekt på at arbeidet skal vere synleg og relevant for kjerneverksemda undervisning og læring. Det er eit mål at lærarar og elevar i større grad skal verte involverte i prosessar knytt til arbeidet med skolen si tilstandsvurdering og utviklingsplanen. Engasjement og felles forplikting, samhandling og oppfølging vil bidra til målretta innsats og resultat. Mål for opplæringa Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Auka læringsutbytte og fullføring All pedagogisk verksemd ved skolane skal bygge opp under dette hovudmålet. Frå klasserom og verkstad til kontor og andre arenaer skal vi følgje opp kva elevane og lærlingane skal lære, vite kva elevane og lærlingane har lært og kva ein gjer når elevane/lærlingane ikkje lærer det som er forventa til ulike tidspunkt. Når skolane skal prioritere eigne utviklingsmål, skal desse vere i tråd med skoleeigar sitt overordna mål. Dette krev at skolane ser heilskapleg på heile den vidaregåande opplæringa, inkludert fagopplæring og det fireårige løpet, alternative opplæringsmodellar og fleksible løysingar. For å nå målet om auka fullføring, er det nødvendig med klarare samanheng i løpet og tettare oppfølging. Arbeidet med Ny GIV skal følgjast opp av skoleeigar og alle skolane gjennom kompetanseutvikling og implementering gjennom berekraftige strukturar ut over prosjektperioden som varer ut Hordaland fylkeskommune vil ved rulleringa av «Kompetanse for kvalitet» kople prioriteringar i plan for kompetanseutvikling sterkare opp til måla i styringsdokumentet. Målretta kompetanseutvikling for lærarar og leiarar er eit viktig verkemiddel for varig kvalitetsutvikling. Hordaland fylkeskommune vil leggje vekt på korleis skoleeigar og skoleleiarar kan bidra til måloppnåing gjennom støtte og oppfølging, lærande prosessar og tettare samhandling mellom skolar og skoleeigar. System for verksemdbasert vurdering og samordna planar for utvikling er sentrale innsatsar med sikte på måloppnåing. 1

3 All pedagogisk verksemd ved skolane skal bygge opp under hovudmålet: Dei tre utviklingsområda, med seks delområde stør alle opp om hovudmålet auka læringsutbyte og fullføring. Utviklingsområdet Elevane si læring og læringsmiljø skal romme innsatsar som fremjar eit inkluderande læringsmiljø og tilpassa opplæring. Utviklingsområdet Lærarrolla skal romme innsatsar som fremjar tydelege, fagleg dyktige og trygge lærarar. Utviklingsområde Lærande organisasjon skal romme innsatsar som fremjar skolen sin kompetanse og kultur for læring gjennom tydeleg og inkluderande leiing og forpliktande lærarsamarbeid. Med utgangspunkt i målmodellen over skal skolane setje i verk tiltak i tråd med dei prioriterte tiltaksområda for HFK (sjå side 3). 2

4 Resultatmål og kjenneteikn på kvalitet Læringsutbytte og fullføring kan mellom anna målast ut frå karakterutvikling og karakternivå inklusiv stryk og ikkje vurdering, samt tal på sluttarar. I omgrepet fullføring ligg det at den enkelte eleven fullfører planlagd opplæring og oppnår planlagd kompetanse innan fem år. I vedtak i Fylkestinget, sak 75/12, er det på grunnlag av hovudmålet og det nasjonale målet for prosjektet Ny GIV - definert konkrete resultatmål for 2013 for dei vidaregåande skolane. Målet er 80 % fullføring i Målet er uttrykk for høg forventning frå våre politikarar, og måloppnåing vil krevje tett oppfølging og prioritering av tiltak. Måloppnåing blir drøfta i den årlege tilstandsrapporten som blir lagt fram til politisk handsaming. Måla skal følgjast opp gjennom system for verksemdbasert vurdering både på skole- og skoleeigarnivå. Skoleeigar legg til rette for arbeid ut frå mål for kvalitet uttrykt i form av kjenneteikn for tiltaksområda. Vidare konkretisering og utforming av kjenneteikn vil involvere skolane og lærarane som viktige aktørar for utvikling av skole- og klasseromspraksis. Alle skolane skal arbeide med utvikling og oppfølging av mål og resultat mellom anna gjennom system for verksemdbasert vurdering. Prioriterte tiltaksområde For skoleåra skal følgjande tre tiltaksområde ha særskild merksemd: Klasseleiing Vurdering for læring Bruk av IKT i læringsarbeidet Dei tre områda som er vidareført, er valde ut på grunnlag av sentrale styringssignal og lokale vurderingar av tilstanden og utfordringane i opplæringssektoren. Tiltaksområda grip inn i kvarandre, og det er viktig å styrke samanheng og heilskap i arbeidet både på skolane og på skoleeigarnivå. Skoleeigar vil styrke arbeidet gjennom oppfølging av mål i eit meir heilskapleg og integrert system for kvalitetsarbeid og tettare samhandling med skolane. Nærare retningslinjer for kvalitetsarbeidet går fram av system for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Det er eit mål å styrke leiing, relasjonar og prosessar knytt til utviklings- og vurderingsarbeidet. Skolane prioriterer tiltak knytt til tiltaksområda. Den enkelte skole skal synleggjere korleis tiltaksområda er eller vil bli følgd opp systematisk gjennom utviklingsplanen for skolen. Skolen vel kva for tiltak som skal ha prioritet. Klasseleiing Alle skolane må vise korleis dei arbeider systematisk med klasseleiing for betre læring og læringsmiljø, jf. Opplæringslova kapittel 9a. Klasseleiing kan vi forstå som læraren si evne til å skape eit positivt klima, etablere arbeidsro og motivere til arbeidsinnsats. Læringsmiljø handlar om kva undervisning og kva kontekst som gir best læringsresultat hos elevane. Alle tiltak skolen set i verk, skal leggje vekt på følgjande prinsipp som er forankra i opplæringslova. Elevane opplever tryggleik, trivsel og forventningar om læring. Elevane opplever gode sosiale relasjonar til lærarar og medelevar. Elevane deltek aktivt i læringsarbeidet og medverkar i planlegging og vurdering. Elevane tek medansvar for arbeidsro og positivt arbeidsmiljø. 3

5 Resultat frå elevundersøkinga og tilstandsrapportane frå skolane peikar på utfordringar knytt til arbeidsro. Resultat frå elevundersøkinga viser og eit stort forbetringspotensiale på fylkesnivå når det gjeld einskapleg oppfølging av reglar knytt til orden og åtferd. Skolane må på grunnlag av eigne resultat vurdere relevante tiltak for å oppnå einskapleg og felles praksis på desse områda. God klasseleiing er kjenneteikna av at: Læraren leiar læringsprosessane gjennom å vere ein synleg leiar. Læraren etablerer gode relasjonar til enkeltelevar og eit positivt læringsfellesskap. Læraren har god struktur for undervisninga og etablerer tydelege reglar. Læraren brukar og vidareutviklar pedagogisk og didaktisk kompetanse i samarbeid og samhandling med andre lærarar. Vi viser til Udir si nettside Materiell for helhetlig arbeid med læringsmiljøet som inneheld ressursar som kan vere til inspirasjon og nytte i skolane sitt utviklingsarbeid knytt til klasseleiing: samt praktisk utviklingsarbeid i klasseleiing: Vurdering for læring Alle skolane må vise korleis dei jobbar systematisk for å utvikle ein vurderingspraksis som har fokus på vurdering for læring. Tiltak skolen set i verk skal leggje vekt på følgjande prinsipp som er forankra i forskrift til opplæringslova. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen. Elevane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg. Elevane skal vere involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga faglege utvikling. På grunnlag av resultat frå elevundersøkinga og dei skolevise tilstandsrapportane skal skolane også i år ha særskild fokus på tiltak som kan leggje til rette for større grad av involvering av elevane i eige lærings- og vurderingsarbeid; eleven si eigenvurdering. Det er samanhengen mellom prinsippa over som til saman utgjer ein heilskap og legg grunnlag for utvikling av ein god vurderingskultur. Ein vurderingspraksis med fokus på læring, er kjenneteikna av at: Læraren jobbar systematisk med å innarbeide gode rutinar som sikrar både elev og lærar kontinuerleg informasjon om eleven si læring. Læraren tolkar informasjon frå vurderingane til å finne ut kva elevane har forstått/ikkje forstått. Læraren nyttar denne informasjonen for å tilpasse undervisninga betre og auke læringsutbyte for elevane. Vi viser til Udir si nettside Vurdering for læring som inneheld ressursar som kan vere til inspirasjon og nytte i skolane sitt utviklingsarbeid knytt til vurdering: 4

6 IKT i læringsarbeidet Alle skolane må vise korleis dei legg til rette for systematisk utvikling av kompetanse innan praktisk og pedagogisk bruk av IKT, og korleis bruk av IKT fremjar læring for elevane. Hausten 2011 vart det for dei vidaregåande skolane i Hordaland utarbeidd ein felles definisjon for digital grunnkompetanse og laga eit felles kartleggingsskjema som reiskap for å vurdere situasjonen i eigen skole. Skolane må sørgje for ein plan for kompetanseheving som sikrar at alle lærarar får tilstrekkeleg opplæring for å oppnå digital grunnkompetanse. Tiltak skolen set i verk skal leggje vekt på følgjande prinsipp som er forankra i mellom anna læreplanar for fag: Elevane skal kunne bruke digitale verktøy som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Elevane skal kunne bruke digitale læringsressursar for å oppnå auka motivasjon og læringsutbytte. Elevane skal kunne bruke digitale verktøy i samband med vurdering og administrative rutinar. Elevane skal kunne vise nettvett og halde seg til lover og regler for bruk av digitale verktøy i læringsarbeidet, under prøver og eksamenar, samt kommunikasjon. Dei skolevise tilstandsrapportane, elevundersøkinga og resultat frå brukarkonferansen Dei Gode Døma viser at det er stor variasjon i grunnleggjande kompetanse mellom lærarar i bruk av IKT verktøy. Det er også svært ulik praksis for korleis IKT vert brukt i faglege aktivitetar. Elevundersøkinga viser variasjon i bruken mellom ulike fag, og det er behov for å jobbe med IKT i læringsarbeidet på fleire nivå. God bruk av IKT i læringsarbeidet er kjenneteikna av at: Læraren oppfyller krav til digital grunnkompetanse og digital kompetanse i fag og i undervisning. Læraren legg til rette for variert bruk av IKT i læringsarbeidet på måtar som fremjar motivasjon og læring. Læraren brukar IKT som reiskap i samband med vurdering, administrative oppgåver og kommunikasjon. Meir om digitale ferdigheiter finn ein på nettsida til Utdanningsdirektoratet: I samband med innføring av analyseverktøyet PULS vert ny og forenkla mal for tilstandsrapport for og 2014/15 vurdert og tatt i bruk. Tilsvarande vert ny mal for utviklingsplan vurdert og innført med sikte på tydelegare kopling mellom mål, tiltak og resultat. Tilstandsrapport for det føregåande skoleåret skal sendast årleg til Opplæringsavdelinga innan 30. juni og rullert utviklingsplan for det komande skoleåret skal sendast til Opplæringsavdelinga innan 01. september. 5

7 Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi skaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Opplæringsavdelinga Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: Januar 2013

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011

Detaljer

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane Forord Skuleeigar skal ha oversyn over tilstanden i dei vidaregåande skulane, ha kapasitet til å gjere nødvendige endringar

Detaljer

IKT-strategi. for opplæringssektoren

IKT-strategi. for opplæringssektoren IKT-strategi for opplæringssektoren 2014-15 Ikt-strategi for Opplæringsektoren 2014-15 Hordaland fylkeskommune 1 Innleiing Kunnskapsløftet (2006) definerer IKT som den femte dugleiken og stiller krav

Detaljer

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011

System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane. Opplæringsdirektøren Februar 2011 System for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skolane Opplæringsdirektøren Februar 2011 Forord Hordaland fylkeskommune utarbeidd i 2009 eit system for korleis skolane sjølv kan

Detaljer

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument 2013-2015. Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Namn på skulen: Tal elevar skuleåret 2015/16: 1 Hovudmål: Auka

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Leiarsamtale utvikling og oppfølging Leiarsamtale utvikling og oppfølging Kva type samtale er det? Leiarsamtalen er ein styringsdialog med vekt på utvikling og oppfølging. Hovudmålet er auka læringsutbytte og auka fullføring. Som styringsdialog

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

Utviklingsplan

Utviklingsplan 1 Utviklingsplan 2016 2017 2 Skulen sin visjon og pedagogisk plattform Visjon «Framtidsyrke med fagleg styrke» Pedagogisk plattform mangfald og meistring omsorg for alle yrkesfag og framtid verdifulle

Detaljer

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kvalitetskriterium i PP-tenesta Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk) Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk) Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva som

Detaljer

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Bergen 8.september 2015 Geir T. Rønningen Avdelingsleiar YF Innleiing til prosjekt hospitering for y-lærarar Prosjektet vart initiert som ein

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2010-2014 Kompetanse og kvalitet høyrer framtida til. Som aktiv medspelar satsar Møre og Romsdal fylke på framtida, for det er der

Detaljer

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-1 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 22.09.2015 Opplærings- og helseutvalet 29.09.2015 Strategiplan

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule Foldrøy skule sin visjon er illustrert av to symbol, egget og pyramiden. Egget er symbolet på at: Alle elevar blir sett. Alle elevar skal ha medverknad i eigen læreprosess

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201200580-64 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Overordnet kvalitetssystem for videregående opplæring i Telemark fylkeskommune

Overordnet kvalitetssystem for videregående opplæring i Telemark fylkeskommune Overordnet kvalitetssystem for videregående opplæring i Telemark fylkeskommune 2 Innhold 1. Innledning... 4 1.1. Formål... 4 1.2. Ansvar og roller i kvalitetsarbeidet... 4 1.3. Lovgrunnlag... 4 2. System

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at Leiing i skolen Skoleleiinga, med rektor i spissen, kan ha stor positiv innverknad på læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte. Dette føreset utøving av god leiarskap. Her beskriv vi kva for krav

Detaljer

Dette dokumentet følgjer opp arbeidsgruppa sitt forslag, men med endringar som følgjer opp innspel etter høyringa.

Dette dokumentet følgjer opp arbeidsgruppa sitt forslag, men med endringar som følgjer opp innspel etter høyringa. Forord I april 2008 sette Opplæringsdirektøren ned ei arbeidsgruppe med representantar frå skolane, organisasjonane og Opplæringsavdelinga for å arbeide ut ei rettleiing for eit system for verksemdsbasert

Detaljer

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase

Detaljer

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK

FORVALTNINGSREVISJONEN BRUK AV DIGITALE VERKTØY OG LÆREMIDDEL I VIDAREGÅANDE SKULE ORIENTERING OM NYE TILTAK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200802287-125 Arkivnr. 036 Saksh. Brathetland, Kjetil Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 06.12.2012 11.12.2012-12.12.2012 FORVALTNINGSREVISJONEN

Detaljer

Velkomen til dykk alle!

Velkomen til dykk alle! Velkomen til dykk alle! Kvalitetsgrupper VGS Oppland Oppstartsamling Lillehammer hotell, 29 august 2014 RHP Skuleleiing og undervisningsleiing!!! Fylkestinget/skuleeigar: Vil ha kvalitetsutvikling i vidaregåande

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Skolebasert vurdering Haram kommune Vatne ungdomsskule 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Haram kommune Vatne ungdomsskule... 4 2.1 Fylkesmannen fører

Detaljer

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2015-2019 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.04.2015 27706/2015 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 30.04.2015 Yrkesopplæringsnemnda 28.05.2015 Fylkesutvalet 27.05.2015 Fylkestinget

Detaljer

Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015

Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 -Ein tydeleg medspelar Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 Jan Ove Løken 15.06.2015 Bakgrunn Ny arbeidstidsavtale for lærarar SFS 2213 Oppdragsavtale med fylkesutdanningssjefen OU-arbeidet «Samspel

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

PRIVATSKOLESAMLING

PRIVATSKOLESAMLING PRIVATSKOLESAMLING 07.03.2013 1 5-1 Styret Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. 2 5-2 Styret

Detaljer

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Forholdet mellom skuleeigar og skular Prosjektplan/engagement letter

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Forholdet mellom skuleeigar og skular Prosjektplan/engagement letter Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Forholdet mellom skuleeigar og skular Prosjektplan/engagement letter September 2013 Innhald 1. Innleiing... 4 1.1 Bakgrunn... 4 1.2 Føremål og problemstillingar...

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Elev- og lærlingombod i HFK

Elev- og lærlingombod i HFK OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/22610-3 Saksbehandlar: Laila Christin Kleppe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Y-nemnda 25.05.16 Utval for opplæring og helse 02.06.16 Fylkesutvalet 23.06.16

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

U T V I K L I N G S P L A N

U T V I K L I N G S P L A N 12 U T V I K L I N G S P L A N 2015-2016 Etne vidaregåande skule er ein av dei mindre vidaregåande skulane i Sunnhordland. Skulen er lokalisert sentralt i Etne i nytt bygg frå 2012. I tillegg har skulen

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2014-15

HANDLINGSPLAN 2014-15 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE HANDLINGSPLAN 2014-15 Læring og trivsel hånd i hånd. Samarbeid og glede gir kreativ ånd I:\blb-Felles\Infoperm 2014\InfoP-Pedagogisk arbeid-prinsipp-planar\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2014-2018

Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2014-2018 Plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2014-2018 For å utvikle kvaliteten i vidaregåande opplæring vil vi vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen,

Detaljer

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG

Detaljer

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor Leiing i skolen Krav og forventningar til ein rektor Innleiing Skoleleiinga, med rektor i spissen, kan ha stor positiv innverknad på læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbytte. Dette føreset utøving

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Masfjorden kommune Kompetanseutviklingsplan for grunnskulen 2005 2008 Kultur for læring Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Innleiing. Grunnlagsdokument: Generell del av L-97. St.melding nr 30 (03-04)

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15 / 12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 ::: Sett inn innstillingen under denne

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2015-2016 Læringsresultat og læringsmiljø Olweusundersøkinga 2010-2015 Kategori A. Elever som er blitt mobba 2-3 gangar i månaden eller meir (Spørsmål 3) Kategori B. Elever som er blitt

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( ) Tiltaksplan 2017 Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a (2015-2019) Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa (2015-2019) Tett

Detaljer

Tilstandsrapport Vidaregåande opplæring 2011/2012

Tilstandsrapport Vidaregåande opplæring 2011/2012 Tilstandsrapport Vidaregåande opplæring 2011/2012 2 3 Innhald Innhald... 3 Innleiing... 5 Hovudfunn... 5 Læringsmiljø... 5 Læringsresultat... 6 Gjennomføring... 6 Spesialpedagogisk arbeid... 6 Klasseleiing...

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune TILSYNSRAPPORT Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav Hordaland fylkeskommune 1 Innholdsfortegnelse 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommune... 3 2.1 Fylkesmannen

Detaljer

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Læreplanverket for Kunnskapsløftet Læreplanverket for Kunnskapsløftet Prinsipp for opplæringa «Prinsipp for opplæringa» samanfattar og utdjupar føresegnene i opplæringslova og forskrifta til lova, medrekna læreplanverket for opplæringa,

Detaljer

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste PPT for Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark fylkeskommune Visjon: Ei tilpassa opplæring for alle Hovudmål : Vest-Telemark PP-teneste

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2016-2017 Lye ungdomsskule % mobba % mobba Analyse og kommentarar av resultat Olweusundersøkinga 2011-2016 6,0 5,0 4,0 3,0 2,0 1,0 Kategori A 5,7 4,8 3,6 2,6 0,9 11/12 12/13 13/14 14/15

Detaljer

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: Skoleeiers sluttrapportering 201 4-201 6 av FYR - satsingen Svar - Sogn og Fjordane fylkeskommune Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: sissel.espe@sfj.no Innsendt

Detaljer

S T R A T E G I S K P L A N 2 0 1 2-15 H A U G L A ND SKULE R E V I D E R T A U G U S T 2 0 1 5

S T R A T E G I S K P L A N 2 0 1 2-15 H A U G L A ND SKULE R E V I D E R T A U G U S T 2 0 1 5 S T R A T E G I S K P L A N 2 0 1 2-15 H A U G L A ND SKULE R E V I D E R T A U G U S T 2 0 1 5 1. SKULENS VERDIGRUNNLAG 1.1 Visjn g verdiar Fr å nå visjnen m LÆRING FOR ALLE, legg vi til grunn følgjande

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Del av Kvalitetsplanen for Oppvekst og kultur Fokus på læringsresultat 5 til 7-årsperspektiv fram til 2020. Samla bilete av tiltak i barnehage og skule som bidreg til

Detaljer

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret 2015-2016 2007 2008 Visjonen SBSK: Vi trivest på skulen. Vi samarbeider. Vi føler ansvar for kvarandre. Vi søkjer kunnskap. 1 Innhald: 1. Plangrunnlag s.

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.02.2012 11651/2012 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Anonym retting av prøver Bakgrunn I ein interpellasjon til

Detaljer

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018

Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018 Strategi for kompetanseutvikling 2014-2018 Kompetanseutvikling og kvalitet i opplæringa Etter opplæringslova ( 10-8) har skoleeigar ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren

Detaljer

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360 Videregående opplæring RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN(IOP) Dette dokumentet, mal for IOP, inneheld 3 delar. Del 1: skal fyllast ut av kontaktlærar. Den generelle delen skal innhalde

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR Sveio kommune KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR 2010-2013 FORORD Plan for kvalitetsutvikling skular og barnehagar 2010-2013 har fokus på retning og målsettingar for arbeidet i området i perioden 2010-2013.

Detaljer

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule Utviklingsplan 17-18 Frøyland Ungdomskule Innhald INNHALD... INNLEIING... 3 RESULTAT 1-17... LÆRINGSRESULTAT... SKRIFTLEG EKSAMEN... NASJONALE PRØVAR... 5 LÆRINGSMILJØ... 8 ELEVUNDERSØKINGA... 8 OLWEUSUNDERSØKINGA...

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3 Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Handlingsplan for Hordaland fylkeskommune. Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og vidaregåande skular

Handlingsplan for Hordaland fylkeskommune. Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og vidaregåande skular Handlingsplan for Hordaland fylkeskommune Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og vidaregåande skular Handlingsplan - Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og skule Hordaland

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

Yrkesfagleg grunnutdanning. eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune

Yrkesfagleg grunnutdanning. eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune Yrkesfagleg grunnutdanning eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune Yrkesfagleg grunnutdanning - eit praktisk utdanningstilbod i Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune jobbar med

Detaljer

på vegne av barn og unge

på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET på vegne av barn og unge HAUGALANDSLØFTET SKAL FØRE TIL AT BARN OG UNGE FÅR UTNYTTA RESSURSANE SINE OG BLI GODT INKLUDERT I DET ORDINÆRE OPPLEGGET I BARNEHAGE OG SKULE 4 hovudområde for

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/9089-2 Saksbehandlar: Ragnhild Ravna Skjærvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 04.02.2016 Utval for opplæring og helse 10.02.2016 Tiltaksplan

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 Visjon Me er framoverlent Verdiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit opent og ærleg samarbeidsorgan for kommunane i Sunnhordland,

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer