Versjon 1, 24.02,2015. Oppdatert versjon vil du finne på http://helseforsking.hisf.no/ Aktivitetskalendar 2015 Forskingsgruppa Folkehelse, livsstil og overvekt (FLO)
Spørsmål? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar John Roger Andersen Programmet vil ganske sikkert bli utvida og meir spesifisert etterkvart. Aktivitetane som er sett opp er i hovudsak (1)FLOsamlingar, (2) arrangement der vi deltek saman med andre og (3) konferansar. Konferansar som er sett opp i denne oversikta er slike som vi har hatt tradisjon å delta på, eller som vi har konkrete planar om å delta på. Medlemmer i FLO kan få dekka kostnader knytt til konferansar (også utanom dei som er nemnt her) dersom ein deltek med abstract og ikkje har anna finansiering. Har du idear, så del dei gjerne. Vi har Open Access så alle kan bli med! E-post: johnra@hisf.no. Telefon: 482 78 186
Kick-off møte, 23/1 Stad: Auditoriet Førde sentralsjukehus, klokka 13.00-15.30. Informasjon om forskingsgruppene som er felles for Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Møtet vert leia av Christian Moltu og John Roger Andersen. Inga påmelding, berre å møte opp.
Studiebesøk på ein ASK skule, 4/3 Stad: Trudvang skule (Sogndal), klokka 09.30-11.30. Vi vitjar Trudvang skule som har drive etter ASK filosofien i 10 år. Vi får eit praktisk innblikk i korleis ein ASK kvardag ser ut. Etterpå vil rektor Bjarte Ramstad halde eit føredrag om deira erfaringar med å drive ein noko annleis skule. Lunsj på Campus etterpå. Påmelding til John Roger Andersen, johnra@hisf.no Reiseutgifter vert dekka etter avtale.
Føredrag: "Active travel for public health", 4/3 Stad: Sogndal - Høgskulebygget, 2.etasje - Auditorium Storen, klokka 13.00-15.00 Professor Harry Rutter vil halde førelesninga "Active travel for public health". Han vil i foredraget presentere seg sjølv og det han er oppteken av innan folkehelse. Han vil deretter gje ei forelesing om ulike aspekt knytt til aktiv transport og folkehelse - med særleg fokus på sykling. Det blir sett av tid til faglege diskusjonar. Velkommen! Inga påmelding, berre å møte opp. Reiseutgifter vert dekka etter avtale med John Roger Andersen. Harry Rutter er tilsett som professor 2 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og er mentor i FLO. Til dagleg er han professor i folkehelse ved London School of Hygiene and Tropical Medicine. Han underviser òg om fedme og klimaendringar ved Universitetet i Oxford. Frå 2007 til 2011 var Rutter direktør for «National Obesity Observatory». Rutter har leia folkehelseprosjekt på oppdrag frå blant andre "National Institute for Health and Care Excellence" (NICE) og WHO.
Føredrag: «The challenge of obesity», 6/3 Stad: Auditoriet FSS, klokka 08.00-08.45 Professor og samfunnsmedisinar Harry Rutter ved The London School of Hygiene & Tropical Medicine og Høgskulen i Sogn og Fjordane held fredagsføredraget denne veka. Ansvarleg: Senter for helseforsking: Forskingsgruppa "Folkehelse, livsstil og overvekt". Inga påmelding, berre å møte opp.
European Youth Heart Study Scientific Symposium, 11-13/3 Stad: Clarion Hotel Royal Christiania (Oslo) Dette er ein konferanse som er basert på ein stort studie angåande fysisk aktivitet og risikofaktorar for hjarte og karsjukdom. No er konferansen blitt noko meir. I år stiller Høgskulen i Sogn og Fjordane sterkt med ASK gruppa som vil presentere resultat frå ASK studien så langt. http://www.nih.no/eyhs
FLO samling, 17/4 Stad: Lettbygget klokka 11.30-13.30. I startar med felles lunsj og går over på det faglege etterkvart. Føremålet er å samle heile gruppa for ein statusgjennomgang av kor vi er i vårt arbeid samt å planlegge innhaldet i ulike aktivitetar resten av året. Møtet er primært for medlemmer i FLO men er ope for alle. Vi har Open Access! Inga påmelding, det er berre å møte opp. Domus Facile
ECO, 6-9/5 Stad: Praha Dette er konferansen til «The European Association for the Study of Obesity» som vi er medlem i. Denne deltek vi nesten alltid på. I år vert det nok få av oss som vert med då konferansen kolliderer med andre arrangement. http://eco2015.easo.org/
Forskingskompetansedagane, 4-5/6 Dett er eit nytt konsept i regi av Senter for helseforsking, der FLO skal spele ei rolle. Det vert ei eiga FLO samling i løpet av desse dagene. Meir info kjem snart!
The 20th IFSO World Congress, 26-29/8 Stad: Wien Dette er ein fedmekirurgikonferanse arrangert av The International Federation for the Surgery of Obesity and Metabolic Disorders. Dersom du er kirurg så er dette ein svært god konferanse. Mange sesjonar om teknikk og erfaringar. Anna helsepersonell bør melde seg på allied health delen av konferansen for å få eit godt utbytte av å delta.
Forskingsdagane, 25/9 Stad: Førde sentralsjukehus/avdeling for helsefag Flo gruppa vil delta med korte føredrag om det vil held på med som ein del av forskingsdagane. Meir info kjem seinare.
Fedmedagane i Bergen, 18-19/10 Fedmedagane i Bergen går frå å vere fedmedag til fedmedagane og vert i år arrangert av fedmeforskingsmiljøet på UiB/Helse Bergen og HiSF/Helse Førde. Styret i Norsk forening for fedmeforskning har vedteke at årets møte er nasjonalt treff. Det vil bli høve til å sende inn abstracts som vil gi grunnlag for å gje korte føredrag Program kjem.
Obesity veek, 2-7/11 Stad: Los Angeles (USA) Obesity week er verdas største fedmekonferanse og er arrangert av «The Obesity Society» Vi veit at mange frå Norge skal delta i år. http://obesityweek.com/
Meir info kjem. FLO juleseminar, desember