OSTERFJORD NÆRINGS S AMAR BEID Industrikonsulenten på Osterøy, Osterfjord Reiselivslag, Næringsselskap, Osterøy Utvikling, Næringskonsulenten i Modalen Årsrapport 2004 Årsrapporten er utarbeidd m.a. med bakgrunn i rammeavtale med Hordaland fylkeskommune. Drift av Osterfjord Næringssamarbeid Deltakarar i 2004 har vore: Modalen kommune ved teknisk sjef, Næringsselskap AS, Osterøy Utvikling, Industrikonsulenten på Osterøy og Osterfjord reiselivslag. Med bakgrunn i rammeavtalen med Hordaland fylkeskommune vart det i 2004 utbetalt eit tilskott til drifta på kr 225.000 + ei tilleggsløyving på kr 22.500, til saman kr 247.500 (tilleggsløyvinga vert rekneskapsført i 2005). Osterfjord Næringssamarbeid hadde (basert på kontantprinsippet) ein bokført eigenkapital pr 31.12.04 på kr 627.062. Av dette utgjer Regionalt Næringsfond kr 488.600. Eigenkapitalen for drift av Osterfjord Næringssamarbeid er dermed kr 168.462 (i tillegg kjem ikkje bokførd tilleggsløyving frå Hordaland fylkeskommune på kr 22.500). Ved endeleg dokumentasjon av fullførd Landbruksprosjekt vil me i 2005 få utbetalt kr 100.000 frå Innovasjon Noreg. Frå Hordaland fylkeskommune vart det utbetalt tilskott til Regionalt Næringsfond for Osterfjord på kr 458.600 som vert forvalta av Osterfjord Næringssamarbeid. Næringsselskap AS ved Bente Jorunn Sundheim har i 2004 vore sekretariat for Osterfjord Næringssamarbeid. Sekretariatsfunksjonen vert godtgjort med kr 50.000. Dei 2 neste åra skal Industrikonsulenten på Osterøy ha sekretariatet. Kvar av dei 5 deltakarane har fått ei godtgjersle på kr 20.000 for det lokale næringsutviklingsarbeidet. Osterfjord Næringssamarbeid har ikkje fått registrering i Einingsregisteret med eige organisasjonsnummer. Grunngjevinga har vore sterk tilknyting til Osterfjordrådet. Dette er teke opp med Osterfjordrådet. Fellesmøtet har utarbeidd justerte vedtekter og fått ei noko lausare tilknyting godkjend i Osterfjordrådet. Det vert difor søkt eige organisasjonsnummer. (Me har hittil nytta organisasjonsnummeret/ arbeidsgjevarnummeret til Osterfjord Reiselivslag, noko som ikkje er serleg praktisk). Osterøy Utvikling (fleirfagleg opplæringskontor) går ut som deltakar grunna vedtak før jul 2004 om avvikling innan 1.4.05. Revisor: Randi Kleppe. Rekneskapen er godkjend (inkludert sluttrekneskap for Landbruksprosjektet). 1
Rådgiving og rettleiing Tiltak Rådgjeving og rettleiing for nyetablerarar Næringss 26** Saker Industrikonsulenten Modalen Nær.kons. Osterøy Utvikling Osterfj. Reisel. 35 2 X 3 Totalt 66 Rådgjeving og rettl. for eksisterande Verksemder 4 19 * Ingen innmeldt X 5 28 X = Osterøy Utvikling arbeider primært med opplæring, lærlingordninga og rettleiing i forhold til desse verksemdene. * = I tillegg kjem verksemder som deltok i prosjektet Nyskaping i småbedriftsmiljø **= Av desse 26 er det 11 potensielle etablerarar som har fått tildelt gründercoachar. M.a. har me vore i kontakt med ein del aktuelle nyetableringar i samband med prosjektet Dale Factory Outlets. Etablerarkurs Etablerarkurs starta opp i oktober 2003 med 20 deltakarar og vart fullførd medio februar 2004. Lokale etablerarverkstader / informasjonsmøte i Osterøy og. 5 samlingar over ca ½ år; den første og den siste over 2 dagar med overnatting frå kl 12.00 fredag til kl 14.00 laurdag, dei 3 andre samlingane på laurdagar kl 09.00 til kl 15.00. Det var høve til mellomperiodesamlingar for undergrupper som ynskjer dette. Kursprogrammet var på 53 timar + eventuelle mellomperiodesamlingar og individuell oppfølging/ eige arbeid. Fleire av deltakarane hadde tilbod om gründercoach for vidare oppfølging. Det er utarbeidd (og levert fylkeskommunen) eigen rapport for etablerarkurset med m.a. deltakarane sin evaluering. Me har ikkje funne grunnlag for å tilby nytt kurs i 2004, men vil kome med tilbod i 2005. Fellesmøte i Osterfjord Næringssamarbeid 9 møte totalt: 5 interne fellesmøte mellom dei faste deltakarane: 19.januar 27.februar 15.juni 16.september 18. november 4 fellesmøte med landsbruksforvaltninga i kommunane. Grunna Landbruksprosjektet er det halde så mange fellesmøte i 2004. Kontormøte for regionkontora i Hordaland Osterfjord Næringssamarbeid prøvde ved 2 høve å samla deltakarar til felles kontormøte våren 2004. Dette viste seg å vera uråd, deltakarane var så opptekne kvar på sin kant at me ikkje greidde å finne ein dato der meir enn tre kunne delta. 2
Regionalt næringsfond Osterfjord Næringssamarbeid forvaltar regionalt næringsfond i regionen. Det er utarbeidd retningsliner for bruk av fondet. Ved inngangen til 2004 var det kr 130.000 til rådvelde på fondet. Via Hordaland fylkeskommune vart fondet styrka med kr 458.600 i 2004. Ved utgangen av 2004 stod det på fondet kr 488.600, av dette var kr 478.600 udisponert. Løyvingar i 2004: Næringsselskap AS: Dale fabrikkutsalssentrum Mjelde Skipreides Bygdealmenning; Hjortejakt og utmarksturisme. Utvikling av bioenerginæring Løyving 04 Av dette utbetalt 04 *100.000 100.000 Til utbetaling seinare 10.000 10.000 **Utpeikt som prioritert område Sum 110.000 100.000 10.000 Prosjektplan skal utarbeidast * Ved tildelinga for 2004 av midlar til regionalt næringsfond la Hordaland fylkeskommune vekt på oppfølging av fyrtårnprosjektet Dale fabrikkutsalssentrum. Prosjektet vart i 2004 tildelt fylkeskommunale fyrtårnprosjektmidlar på1,5 mill kr (ordninga Strategisk viktige prosjekt for regional utvikling ). ** Satsingsområde prioritert av Osterfjordrådet og av Osterfjord Næringssamarbeid. Fylkesordføraren har i 2004 vore på synfaring og har teke kontakt med Osterfjordregionen med sikte på å utvikle ei bioenerginæring i Hordaland. Utdanningsmesse på Osterøy Vart gjennomførd 18.11.2004 av kontaktutvalet skule-næringsliv. Osterøy Industrilag og Industrikonsulenten har trekt seg frå arbeidet i kontaktutvalet skule/næringsliv grunna manglande resultat. Dette gjeld likevel ikkje samarbeidet om Utdanningsmessa. Utdanningsmesse på Dale ( Kommune) Torsdag 13.11.2004, ca 20 utstillarar og vel 200 besøkjande. Informasjonsarbeid elles i kommunane Deltakarene har arbeidd med lokalt informasjonsarbeid både ovanfor potensielle etablerarar, etablerte verksemder og næringslivet generelt. Sjå elles vedlagte rapportar frå dei einskilde deltakarane. Coachopplæring I samband med hovudprosjektet Nyskaping og kompetanseheving i landbruket i Osterfjorden har Industrikonsulenten og Næringsselskap delteke i opplæring for coachar, og delteke som coach for fleire deltakarar. 3
Nettverksarbeid Det har vore kurs i nettverksbygging og utvikla nettverk for Småkraft, Skog, Reiseliv/ inn på tunet der Industrikonsulenten og Næringsselskap AS har hatt med deltakarar. Prosjekt- og utviklingsarbeid Kartlegge moglege fellesprosjekt ut frå prosjekt arbeidd med i dei deltakande kommunane Prosjekt Innhald Initiativtakar Resultat Kompetanse og nyskaping i landbruket Utdanningsmesser Nyskaping i småbedriftsmiljø Internettportal for Osterfjord Breiband ENABLE/ TECHTRA Hovudprosjekt 3 er fullførd og delprosjekt nettverksbygging og coaching vart avslutta til årsskiftet. Utdanningsmesse der næringslivet lokalt presentere seg ovanfor ungdommar i kommunen Prosjekt på Osterøy for å stimulere til nyskapingsaktivitetar i småbedriftsmiljøet. Det er utvikla ein felles nettportal for regionen som vart offisielt opna 23.juni 2003, www.osterfjord.net Utvikle og betre breibandstilknytinga. EU-finansiert samarbeid Osterfjord- Thüringen som vidareutvikling av Nærinett-prosjektet. Strategisk næringsplan i Osterøy Utvikling Næringsselskap Strategisk næringsplan for Hordaland/ Industrikonsulenten på Osterøy Osterfjord Reiselivslag kommune Modalen kommune Osterøy kommune Næringsselskap og Industrikonsulenten på Osterøy Europakontoret, Hordaland fylkeskommune Pr..september 2004 var om lag 35 gardbrukarar i arbeid med nye idear som vil gi tilleggsnæring på garden. I tillegg er det grodd fram fellestiltak, sjå under. Sluttrapport utarbeidd. Arrangert Utdanningsmesse i og Osterøy. Prosjektet fullførd med avslutningsseminar 26.10.04 med landbruksminister Lars Sponheim i spissen. Evalueringsrapport utarbeidd av Nordlandsfosrkning. Slutrapport utarbeidd av prosjektet. Tilgjengelege på www.osteroyindustrilag.no/ind kons Portal for Osterfjorden: reiseliv, kultur og kommunane. Fiskekart. Lokalt selskap i drift i. Eksterne aktørar har etablert tilbod for delar av Osterøy. Viktige område manglar på Osterøy. Modalen arbeider med betre eksternt samband. Erfaringsutveksling. e-postbasert og målretta informasjonsteneste for mindre bedrifter. Kartlegging av informasjonsbehov i den einskilde verksemd. Osterfjord Næringssamarbeid vart i desember 04 oppmoda om å ta prosjektleiarfunksjonen. 4
Bioenergi Utvikle ei bioenerginæring i Osterfjord og i Hordaland. Osterfjordrådet. Prosjektet Nyskaping i småbedriftsmiljø. Framlegg overfor fylkeskommunen om fyrtårnprosjekt (nådde ikkje opp). Fylkesordføraren interessert i vidare oppfølging. Småbåtturisme Forstudiet i samband med dette prosjektet var ferdig mars 2001. Når det gjeld vidareføring av dette prosjektet, har det vore eit møte med aktørane for å drøfte prosjektet. Tidsramme 2001 2004. Prosjektet har lagt på is og vert ikkje gjennomført i 2004. Den grøne sløyfa Næringsverksemder, lag og organisasjonar i området har teke initiativ til å kunne utvikle og marknadsføre områda Dalseide, Straume, Stamnes, Eidslandet, Eksingedalen, Teigdalen, Evanger og Bolstad, Dalseide som ei annleis rundkøyring slik at dei tilreisande ikkje berre hastar fordi på E16 til Voss eller Bergen. I Inderøy kommune i Nord- Trøndelag har dei utvikla Den Gylden Omvei, www.dengyldneomvei.no, dette er vorte ein suksess. Her har 16 verksemder og kommunen gått saman om å lage eit andelslag som marknadsfører og utviklar Den Gyldne Omvei. På bakgrunn av denne ideen ynskjer vi i vårt område å utvikle eit likande konsept bygd på entusiasme, nettverksbygging og samarbeid mellom aktørane i Den Grøne Sløyfe. (Tildelt midlar frå Regionalt Næringsfond i 2005). Hjortejakt og utmarksturisme på Osterøy Hausten 2003 vart det teke initiativ ovanfor prosjektet Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord om prosjektet kunne vera ein koordinator for realisera følgjande forretningsidè: Rettshavarar og reiselivsverksemder på Osterøy skal i samarbeid gjennom eit lokaleigd opplevingsselskap tilby attraktive hjortejakt og utmarksopplevingar til enkeltpersonar og verksemder. I møte mellom initiativtakarane Fjordslottet AS og Mjelde Skipsreides Bygdealmenning er følgjande vedteke: 1) Gjennomføre ein prøvesesong i 2004 2) På bakgrunn av erfaringane frå sesongen 2004 - etablere eit lokale eigd selskap som skal arbeide for å utvikle, marknadsføre og selje hjortejakt og utmarksturisme på Osterøy. For å kunne vidareutvikle reiselivsnæringa er det behov for å kunne tilby potensiell gjester unike opplevingar med høg kvalitet. I dei siste åra har det vore ein auka etterspørsel etter høgt tilrettelagt reiselivstilbod innan jakt og utmarksopplevingar i Noreg. Osterøy har ein svært gunstig beliggenheit i forhold til Bergen, og på tross av nærleiken til by-området kan dei tilreisande finne variert og urørt natur. 5
Eit kvalitetstilbod innan jakt og utmarksturisme krev tilrettelegging og eit godt samarbeid mellom dei ulike tilbydarane, og lukkast ein i dette har forretningsområdet eit betydeleg potensiale. Prosjektet fekk i 2004 innvilga tilskott frå Regionalt Næringsfond på kr 10.000. Bioenergi Osterfjordrådet i samarbeid med Osterfjord Næringssamarbeid/ lokale aktørar søkte vinteren 2004 Hordaland fylkeskommune om tilskott til strategisk viktige prosjekt for regional utvikling til prosjektet Pilotprosjekt for auka bruk av bioenergi i Hordaland med eit totalbudsjett på nærare 50 mill kr. Det vart søkt om 4 mill kr i tilskott. Prosjektet kom med mellom prosjekta som vart nærare vurderte av fylkeskommunen, men rakk i siste runde ikkje opp. Fylkesordføraren var i mai 2004 på synfaring på Osterøy og fekk orientering om pilotprosjektsøknaden, planar og aktivitetar. Fylkesordføraren har i desember orientert ordføraren på Osterøy (frå 2005 leiar i Osterfjordrådet) om at fylkeskommunen ønskjer å gå inn med midlar for å realisere prosjektet Pilotprosjekt for auka bioenergi i Hordaland. Gjennom Landbruksprosjektet er det kome fram stor interesse i landbruksnæringa m.o.t. utnytting av skogressursane. Fellesmøtet vil prioritere midlar til bioenergisatsing i Osterfjordregionen i samarbeid med lokale næringsaktørar. Dette bør inngå som ei fellessatsing saman med Hordaland fylkeskommune og fleire om auka bruk av bioenergi i Hordaland. Me har delteke aktivt i samband med høringsrundane for fylkesplanen og Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland for å få innarbeidd bioenergi som ein viktig del av energisatsinga. Når det gjeld prosjekt- og utviklingsprogram i dei einskilde kommunane, sjå rapport frå deltakarane. Lonevåg, 14. mars 2005. Lars Mjøs for Osterfjord Næringssamarbeid 6