ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG R.f. Styre, råd, utval m.v. Møtedato Saksnr KTEK Komité for Teknikk 20.02.2012 013/12 FS Formannskapet 22.02.2012 018/12 KS Kommunestyret 28.03.2012 017/12 Arkiv: K2-Q13 Arkivsaknr: 12/238-2 DETALJPROSJEKTERING FOR FYLKESVEG STREKNINGA NAUTNES - HELLESØY Sakshandsamar: Andreas Kårbø KORT OM SAKA: Formannskapet har vedteke at det skal innhentast tilbod på detaljprosjektering av VVA langs delar av fylkesvegstrekninga frå Sælekrysset til Hellesøy. Med utgangspunkt i formannskapet sitt vedtak av 15.04.2011 FS-sak 031/10 er det innhenta tilbod på detaljprosjektering som no vert lagt fram for formannskapet med anbefaling av konsulent for detaljprosjektering. I investeringsbudsjettet for 2012 er det avsett 1.0 mill til "mur ved gravplassen Hjelme" Investeringsbudsjettet på kr. 1.000.0000.- vil dermed ikkje dekka heile prosjektet slik vedtaket i formannskapet legg opp til. Tilbydaren som det ville vore naturleg å inngå kontrakt med ut frå konkurransegrunnlaget har ein pris på kr.1.633.000.- for oppdraget. I konkurransegrunnlaget for prosjektering av FV229 er etterspurt spesifisert pris for "E2", som gjeld pel 3960-4370. I denne strekninga ligg muren. Likevel kan vi ikkje "ta" ut denne delen frå eitt totaltilbod for å detaljprosjektera denne strekninga. Det blir feil. Dette same gjeld for muren langs gravplassen. INNSTILLING TIL VEDTAK/TILRÅDING: Kommunestyret vedtek med bakgrunn i vedteke budsjett å ikkje gjennomføra detaljprosjektering VVA på strekninga Nordre Sæle Hellesøy. Kommunestyret vedtek at det skal hentast inn tilbod for detaljprosjektering VVA som omfattar berre mur langs gravplassen (nasjonal utlysing).
20.02.2012 KOMITÉ FOR TEKNIKK Forslag til ny tilråding frå Anne Lise Grøm, Ap: Formannskapet vedtok 15.04.10 oppstart av detaljprosjektering av fylkesveg 229 på 1. For å kunna få tilgang på statlege/fylkeskommunale midlar. 2. Tilbydarane har vedståingsfrist, og kan ikkje venta til hausten på ei avgjerd. 3. Ved evt. sysselsettingstiltak tildelt av staten må kommunen ha prosjekt klare. Komité for Teknikk ber kommunestyret finna midlar til prosjektet i samband med revidert budsjett. RØYSTING: Komité for Teknikk vedtok nytt forslag til tilråding med 4 (2 H, 2 AP) mot 2 røyster (TVØ, FrP). KTEK-013/12 VEDTAK: Formannskapet vedtok 15.04.10 oppstart av detaljprosjektering av fylkesveg 229 på 4. For å kunna få tilgang på statlege/fylkeskommunale midlar. 5. Tilbydarane har vedståingsfrist, og kan ikkje venta til hausten på ei avgjerd. 6. Ved evt. sysselsettingstiltak tildelt av staten må kommunen ha prosjekt klare. Komité for Teknikk ber kommunestyret finna midlar til prosjektet i samband med revidert budsjett. 22.02.2012 FORMANNSKAPET Forslag frå Olav Martin Vik (TVØ): Formannskapet vedtek med bakgrunn i vedteke budsjett å ikkje gjennomføra detaljprosjektering VVA på strekninga Nordre Sæle Hellesøy. Formannskapet vedtek at det skal hentast inn tilbod for detaljprosjektering VVA som omfattar berre mur langs gravplassen (nasjonal utlysing). Røysting: 2 røysta for forslaget OMV (TVØ), BH (TVØ) og 3 røysta mot. Komité for Levekår si tilråding: 3 røysta for (OH (AP), LEM(AP), AGS(H) og 2 røysta mot OMV(TVØ, BH(TVØ). FS-018/12 VEDTAK:
Formannskapet vedtok 15.04.10 oppstart av detaljprosjektering av fylkesveg 229 på 1. For å kunna få tilgang på statlege/fylkeskommunale midlar. 2. Tilbydarane har vedståingsfrist, og kan ikkje venta til hausten på ei avgjerd. 3. Ved evt. sysselsettingstiltak tildelt av staten må kommunen ha prosjekt klare. Ein ber om at kommunestyret finn midlar til prosjektet i samband med revidert budsjett. RONG, dato for rådmannen (e.f.) Rådmann/Einingsleiar: Sakshandsamar: Andreas Kårbø
Skriv/fråsegner: AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALAR M.M.: SAKSOPPLYSNINGAR: Den 15.04.2010 vedtok formannskapet i FS-sak 031/10 slikt samrøystes vedtak: Sitat 1. Med utgangspunkt i godkjent reguleringsplan vedtok Øygarden formannskap at det vert utarbeidd detaljprosjektering av FV 229 på strekninga frå krysset Sæle/Hjelme forbi eksisterande gravplass i Hjelme til Kalfaret. Avgrensinga vert gjort ut i frå kompleksiteten for prosjektering av heile vegstrekket. Detaljprosjekteringa må ta omsyn til tiltak på eksisterande gravplass som følgje av vegarbeidet. Vidare skal vegstrekket på FV 229 frå Hellesøy hamn og til brua innerst i kanalen detaljprosjekterast. 2. Detaljprosjekteringa må innehalde ei vurdering kring legging av vatn og avløp, veglys, kabling av høgspent og tele m.m. 3. Formannskapet vedtek at det som eige sak vert utarbeid ein plan/forprosjekt for utviding av gravplassen på Hjelme (ny gravplass) i samsvar med godkjent reguleringsplan og i samsvar med budsjett 2020. 4. Rådmannen får fullmakt til å henta inn tilbod på planarbeidet (detaljprosjekteringa).tilbodet/val av konsulent skal godkjennast av formannskapet.5 I forbindelse med arbeidet vidare vil kommunen arbeida for ei fylkeskommunalforskottering av sjølve vegutbetringa Med utgangspunkt i formannskapet sitt vedtak er det innhenta tilbod på detaljprosjektering BESKRIVING AV OPPDRAGET Oppdraget omfattar komplett prosjektering av ny Fv229 og kommunalt vass- og avlaupsanlegg frå Nautnes (ved ungdomshuset) til Hellesøy. Vedlagte reguleringsplan m/føresegner vert lagt til grunn for arbeidet. VURDERING: I budsjett for 2012 er det ikkje sett av midlar til denne prosjekteringa i det omfang som er innhenta prisar på. Det er berre sett av midlar til prosjektering og bygging av mur langs eksisterande gravplass. Det er ikkje ei heldig løysing at ein innhentar tilbod for så i neste omgong å utsetja arbeidet som ein har innhenta tilbod på ubestemt tid. Rådmannen må likevel peika på at dersom ein ikkje utfører denne prosjekteringa vill ein ikkje vera i same posisjon til å få statlege midlar til å få gjennomført prosjektet. Statlege midlar er knytt opp mot prosjekt som er detaljprosjekterte.
Tilbydarane har vedståingsfrist på tilboda. Dette medfører at ein ikkje kan venta til hausten med å ta stilling til om ein skal få utført dette oppdraget. Rådmannen må likevel forholda seg til vedteke budsjett og kan med bakgrunn i dette ikkje tilrå at ein inngår noko kontrakt for dette arbeidet. Dette medfører at ein må tilskriva tilbydarane med informasjon om at det ikkje er sett av midlar til oppdraget og med bakgrunn i dette vil det ikkje verta inngått kontrakt for gjennomføring. Ein må likevel få gjennomført bygging av mur langs gravplassen. Prosjektering av dette oppdraget må då lysast ut på nytt tilbod.