Kommunal planstrategi for Midsund kommune 20132016 FORSLAG (8.4.2013) 1
Innhald: 1. Føremålet med den kommunale planstrategien 2. Plansystemet i Midsund kommune 3. Overordna føringar for kommunal planlegging 1. Nasjonale føringar 2. Regionale forventningar 3. Andre føringar 4. Utviklingstrekk og utfordringar for Midsund kommune 1. Befolkningsutvikling 2. rivsel og folkehelse 3. Næringsliv og sysselsetting 4. ettstadsutvikling, bustadbygging og langsiktig arealbruk 5. Klima og miljø 6. Samferdsel og infrastruktur 7. Kommunal tenesteyting og organisasjon 5. Status gjeldande kommuneplan 1. Samfunnsdelen av kommuneplana 2. Arealdelen av kommuneplana 6. Forslag til prioritering av planoppgåvene 2
1. Føremålet med den kommunale planstrategien Kommunal planstrategi kom inn som eit nytt verktøy i kommuneplanlegginga med den nye Plan og Bygningslova frå 2009. Føremålet med planstrategien er å kartleggje kva planoppgåver som bør startast opp, eller vidareførast for å leggje til rette for ønskja utvikling. Planstrategien skal, etter plan og bygningslova 101, vedtakast innan eit år etter det nye kommunestyret vert konstituert. Gjennom vedtaket skal kommunestyret ta stilling til om kommuneplanen skal reviderast. I tillegg vil planstrategien vere eit egna verktøy for å ta stilling til kommunens samla planbehov og ressursar. Planstrategien har kome i staden for det obligatoriske kravet om rullering som låg i tidlegare plan og bygningslov frå 1985. Planstrategien rettar fokus på at planlegginga skal vere behovsstyrt og ikkje skal gjerast meir omfattande enn naudsynt. Dette er også nedfelt i plan og bygningslova 31, tredje ledd, som omhandlar oppgåver og omsyn til planlegginga etter lova. Planstrategien er ikkje ein plan, men heller eit hjelpemiddel for å skaffe oversikt, opprydding og for å avklare prioriteringa av planarbeidet i valperioden. 2. Plansystemet i Midsund kommune Figuren viser koplingane i plansystemet i Midsund kommune. Det kommunale plansystemet er ei samankopling av ulike planformer og skal vere ein kontinuerleg prosess. Miljøverndepartementets veiledar: Kommunal planstrategi 3
3.Overordna føringar Det blir lagt føringar for kommunens planarbeid både på statleg og regionalt nivå der målet er å sikre større samordning i planarbeidet. 3.1 Nasjonale føringar Dokumentet «Nasjonale føringar1» er heimla i plan og bygningslova 61. Dokumentet peiker på kva oppgaver og interesser regjeringa ser på som viktige fokusområde for å sikre nasjonal politikk i kommunal og regional planlegging. Dokumentet skal utarbeidast kvart fjerde år, og fokuserer denne perioden på desse hovudtema: klima og energi by og tettstadsutvikling samferdsel og infrastruktur verdiskaping og næringsutvikling natur, kulturmiljø og landskap helse, livskvalitet og oppvekstmiljø 3.2 Regionale forventningar I samsvar med dei nasjonale føringane har Møre og Romsdal vedteke ein regional planstrategi2. Satsingsområda er; kultur kompetanse verdiskaping samferdsel Gjennom planstrategien leggjast det føringar for ei samla og heilskapleg utvikling av Møre og Romsdal fylke. Planstrategien legg føringar innan tema folkehelse, universell utforming, likestilling, miljø/klima, barn/unge og internasjonalisering. 3.3 Andre føringar Fastlandssamband/Møreaksen 1Nasjonale føringer: http://www.regjeringen.no/pages/16723462/1497.pdf 2Regionale forventingar: http://mrfylke.no/heiter/regionalplanstrategi20122016 4
Interkommunal plan for kystsona Kulturminneplan Samhandlingsreforma Universell utforming 4. Utviklingstrekk og utfordringar 4.1 Befolkningsutvikling Figur 1: Folketalsutvikling perioden 20072013 (SSB) 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Folketalsutvikling 1910 1901 1922 1952 1968 1988 2010 Midsund kommune har hatt vekst i folketalet dei siste åra. Årsaka til veksten er knytta opp i mot fødselsoverskot, tilflytting og innvandring frå utlandet. Per 1.1.2013 hadde Midsund kommune 2010 innbyggarar, noko som er 1.1 % meir enn på same tid i fjor (SSB). Figur 2: Yngre del av befolkning 5
Figur 3: Eldre del av befolkninga alet på vaksne og eldre i befolkninga aukar. Dette fører til eit større antal pleietrengjande i framtida som igjen vil leggje eit stort press på pleie og omsorgssektoren framover. Figur 4: Yrkesaktiv del av befolkning: 6
Samstundes flyttar ungdommen vekk og få av dei kjem tilbake til kommunen etter endt utdanning. Konsekvensane vert derfor at kommunen mistar den mest arbeidsproduktive delen av befolkninga. Dette fører med seg store utfordringar for næringslivet i kommunen. Midsund kommune har også utfordringar knytt til integrering av innvandrarar. Midsund kommune har gått frå å vere eit relativt homogent samfunn til det å vere eit samfunn med stor grad av mangfald. Auka press i pleie og omsorgssektoren krev gode og oppdaterte planar i tida framover. Ein omsorgsplan bør difor utarbeidast. Plana bør reviderast i 2014. Eit fødselsoverskot vil kunne gje store utfordringar for barnehagane og skulane i kommunen. Dette krev oppdaterte planar. Barnehageplanen bør difor reviderast i 2015. Ein bør også ta sikte å revidere Plan for spesialpedagogiske tiltak i 2014 og kompetanseplanane for både skule og barnehage i løpet av valperioden. Plan for tilsyn av barnehage bør også reviderast. Dette bør skje i løpet av 2013. 4.2 rivsel og folkehelse «Midsund kommune skal ha høg trivsel og høgt nivå på både helse og levekår». Kommunen skal i følgje folkehelselova 4 «...fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse, bidra til utjevning av sosiale helseforskjeller og bidra til å beskytte befolkningen mot faktorer som kan ha negativ innvirkning på helsen». Vidare skal kommunen ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga, samt fremme tiltak som kan førebygge framtidige helseutfordringar. Målet er å sikre innbyggjarane i Midsund kommune tilgang på gode og nære helsetenester, samtidig som å sikre ei sterkare satsing på førebygging av sjukdom. I 2012 blei det for fyrste gong utarbeida ein årleg folkehelseprofil for kvar kommune i landet. Folkehelseprofilen 20133 tek føre seg tema som befolkning, levekår, miljø, skule, levevanar, helse og sjukdom. Midsund kommune er og ein del av «God helse»samarbeidet som har fokus på helseutfordringar knytt til inaktivitet, feil kosthald, røyking, snus og psykisk helse. Kommunen har utfordringar knytt til å redusere helseforskjellar i befolkninga. Kommuneplanen slår fast at folkehelseperspektivet skal særskilt vektleggjast i alle plan og utviklingsoppgåver. I Midsund kommune finn ein eit breitt og inkluderande idretts og friluftsliv. Med eit aukande overvektsproblem, er det viktig å vidareføre og vidareutvikle dette tilbodet. Her må det 3Folkehelseprofil 2013: http://khp.fhi.no/pdfvindu.asp?nr=1545&sp=1&pdfaar=2013 7
leggjast særskild vekt på universell utforming og tilrettelegging for born, unge, eldre og funksjonshemma. For å sikre ei god folkehelse og gode levekår bør ein ta sikte på å revidere God helse plana. I tillegg bør Rusmiddelpolitisk handlingsplan utarbeidast. Arbeidet er allereie godt i gong og skal verte ferdig i løpet av 2013. Opptrappingsplan for psykisk helse bør reviderast i 2014. I tillegg bør arbeidet med strategisk kompetanseplan arbeidast vidare med. Ein bør ta sikte på å gjere dette arbeidet ferdig i 2013. 4.3 Næringsliv og sysselsetting «Midsund kommune skal ha eit variert, attraktivt og velfungerande næringsliv». Næringslivet i kommunen er i stor grad retta mot maritime verksemder med fokus på fiskeforedling, oppdrett, havgåande fiskefartøy og offshore relatert industri. Det er også store moglegheiter og ønske om eit større fokus på turisme og reiseliv, ettersom kommunen her har stort potensiale. Det ligg store utfordringar knytt til å skape nye attraktive arbeidsplassar, samt å sikre vekst i næringslivet i kommunen. Det er krevjande å ivareta dei eksisterande næringane. Den framtidige attraktiviteten til Midsund kommune avheng av utviklinga i resten av regionen der ein større bu og arbeidsregion vil gje ein positiv effekt. Kommunen bør utarbeide ein næringsplan for å styrke næringslivet i kommunen i løpet av 2015. 4.4 ettstadsutvikling, bustadbygging og langsiktig arealbruk Som nemnt er framtidig utvikling er tett knytt til utviklinga i resten av regionen. Det kan skje stor utvikling i kommunen når Møreaksen vert realisert. Det er derfor realistisk å vente eit større press på arealbruken i framtida. Dette er eit viktig satsingsområde i samfunnsdelen. Arealdelen av kommuneplanen blir ein viktig styringsreiskap når arealbruken skal vurderast vidare. M Når det gjeld langsiktig arealbruk er det store utfordringar knytt til prioriteringa av; jordbruk utbygging i strandsona areal til fritidsbustadar, heilårsbustadar og sesongbustadar Båtplassar og naust urløyper og friluftsområde 8
Ein interkommunal plan for Romsdalsfjorden for bruk og forvaltning av kystsona er i gong saman med kommunane Vestnes, Molde, Rauma og Nesset. Ein tek sikte på at arbeidet skal vere ferdig i 2015. Plan for landbruk og skogbruk bør også utarbeidast i 2013. 4.5 Klima og miljø «Midsund skal vere bidragsytar med å oppfylle nasjonale mål knytte til energieffektivisering, produksjon av fornybar energi og reduksjon av klimagassar». Energi og klimaplanen for Midsund kommune er eit reiskap for arbeidet med energi og klima i kommunen. emaplanen vart vedteke i 2011 og kan vidareførast denne valperioden. 4.6 Samferdsel og infrastruktur Den største endringa sidan samfunnsdelen av kommuneplanen vart utarbeida er at planlegginga av fastlandssambandet Møreaksen har komme mykje lengre. Det er per dags dato ein kommunedelplan for Møreaksen E39 ute på høyring. Eit fastlandssamband vil gje store endringar for øysamfunnet og føre til at kommunen får ein sentral posisjon midt mellom byane Molde og Ålesund. Når det gjeld det eksisterande vegsystemet i kommunen må det vedlikehaldast, og ein bør i større grad leggje til rette for utbygging av fleire gang og sykkelstiar for å minske bilbruken. Kommunen har også eit forbetringspotensial når det gjeld kollektivtransport. På samferdsel og infrastruktursida bør kommunedelplanen for trafikktrygging reviderast i 2014. 4.7 Kommunal tenesteyting og organisasjon Eit av hovudmåla i kommuneplanen er at «Midsund kommune skal yte framtidsretta tenester med ansvarlege og motiverte medarbeidarar». Vidare er det lista opp ei rekkje med tiltak for å nå dette målet. Uavhengig av storleik skal kommunane kunne løyse dei same oppgåvene og tilby dei same tenestene til sine innbyggarar. Dette er ei stor utfordring. Når det gjeld kommunebudsjettet er det framleis stramt, men kommunen kom heldigvis ut av Robeklista i 2012. Den knappe økonomien er likevel ei stor utfordring. Det vil også vere store utfordringar knytt til å trekke til seg nok kvalifisert arbeidskraft i tida framover. Med knappe økonomiske ressursar er det viktig at ein kontinuerlig vurderer korleis ein er organisert. 9
5. Status gjeldande kommuneplan 5.1 Samfunnsdelen av kommuneplana Samfunnsdelen av kommuneplana er kommunens strategiske og langsiktige dokument som skal vise kommunens framtidige planar og ambisjonar. Samfunnsdelen i Midsund kommune vart vedteken i 2011 og har fire hovudmål; Midsund kommune skal ha høg trivsel og høgt nivå på helse og levekår Midsund kommune skal ha eit variert, attraktivt og fungerande næringsliv Midsund kommune skal ha ei berekraftig forvaltning av ressursane Midsund kommune yter framtidsretta tenester med ansvarlege og motiverte medarbeidarar Om dei gjeldande måla framleis er aktuelle i samsvar med politikken til det sittande kommunestyret må vurderast. 5.2 Arealdelen av kommuneplana Arealdelen av kommuneplana er eit juridisk bindande dokument som skal vise eksisterande og framtidig arealbruk i kommunen. Arealdelen vart vedtatt i 1997 og sidan den gong har det vore store endringar i samfunnet. I tillegg har dei nasjonale rammene endra seg. Dette har ført til nye krav til det kommunale planarbeidet som mellom anna nye reglar for strandsona, naturmangfaldslova og folkehelselova. Oppdaterte arealplanar er eit viktig verkemiddel for å kunne leggje til rette for ei god arealforvaltning. Arealdelen av kommuneplana er utdatert og bør reviderast i denne valperioden. Arbeidet bør starte i 2013. 10
6. Forslag til prioritering av planoppgåvene PLANAR: Vedtatt Plantype Ansvarlig Kommuneplan, samfunnsdelen 2011 K Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2006 KD? Handlingsplan, God helse idrett og fysisk aktivitet 2012 Rullering? Kommunedelplan for trafikktrygging 2004 KD Kommunedelplan for E39, Møreaksen KD Næringsplan Krise og beredskapsplan B Plan for selskapskontroll 2006 IK plan Kompetanse & opplæringsplan Lønnspolitisk handlingsplan Økonomiplan/handlingsplan 2012 Bedrifthelsetenesteplan Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2004 Opptrappingsplan for psykisk helse 2004 Smittevernplan 2009 uberkuloseplan 2009 Pandemiplan 2009 Omsorgsplan Strategisk kompetanseplan 2013 2003 2013 2014 2015 2016 Merknad Rullering HELSE OG OMSORG: Under arbeid OPPVEKS OG KULUR: Barnehageplan Plan for spesialpedagogiske tiltak Strategisk kompetanseplan for skule 2013 Plan for overgang barnehage/skule 2010 Kompetanseplan for barnehage Plan for tilsyn av barnehage 2010 Kommuneplan, arealdelen 1997 K ekn. sjef Sikringsplan for areal til almentå sitt friluftsliv ekn. sjef Plan for landbruk og skogbruk ekn. sjef Interkommunal plan for Romsdalsfjorden IKP ekn. sjef Energi og klimaplan 20122017 2011 ekn. sjef Bustadpolitisk plan 20072011 2007 ekn. sjef Plan for sikkerhet og beredskap for Midsund vassverk 2012 B ekn. sjef Stormyra Industriområde 1988 R ekn. sjef EKNISK: Rev. og utviding av areal X= når plana skal vere ferdig K= Kommuneplan, KD= Kommunedelplan, = emaplan, R= Reguleringsplan, IKP= Interkommunal plan, B= Beredskapsplan 11
12