FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Bystyret Møtedato: 19.12.2017 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00-18:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 133/17 Budsjett 2018 Allhuset 134/17 Mellombels tilsetting av rådmann
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 133/17 Bystyret PS 19.12.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Berit Seljeseth Osa 17/3026 Budsjett 2018 Allhuset Framlegg til vedtak: Bystyret godkjenner budsjettet for Allhuset slik det ligg føre
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Innleiing: Vurdering: Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: 32T 18_budsjett_godkjenning 2018_budsjett_vedteke
Flora kommune ALLHUSET Eikefjord Indrebøvegen 1 6940 Eikefjord Styremøte Allhuset Mandag 25.09.2017 kl 1630-1745 Desse møtte: Kalsvik Målfrid Steindal, Lars Terje Standal, Trine Hovland, Elisabeth Ellingsund, Robert 1. Budsjett 2018: a. Styret vart presentert for budsjettet slik det ligg føre i "ebudsjett Visma Enterprice." Budsjettet vart godkjent samrøystes. Robert Kalsvik dagleg leiar Allhuset Eikefjord
Budsjett Allhuset 2018 Budsjett Buds(end) 2018 2017 10101 Fast løn til fast tilsette 130 000 137 000 10506 TIMELØNTE 15 000 10803 GODTGJERDSLE UTVALSFORMANN 13 000 13 000 10804 MØTEGODTGJERDSLE FASTE RÅD OG UTVAL 20 000 20 000 10901 PENSJONSINNSKOT KLP 24 000 21 000 10991 ARBEIDSGJEVARAVGIFT 26 000 21 000 11001 KONTORMATERIELL 12 000 10 000 11201 ANNA FORBRUKSMATERIELL, RÅVARER 86 000 162 000 11220 REINHALDSARTIKLAR 3 000 10 000 11298 Internadministrative kostnader 33 000 11350 DATAKOMMUNIKASJON, LINJELEIGE,sambandsleige 5 000 10 000 11801 STRAUM 126 000 120 000 11851 FORSIKRING EIGEDOMAR/MASKINER/UTSTYR M.M 15 000 15 000 11951 AVGIFTER, GEBYRER OG LISENSER 21 000 11953 KOMMUNALE AVGIFTER 55 000 60 000 11955 LISENSER NRK 3 000 5 000 12001 INVENTAR OG UTSTYR 12 000 119 000 12002 KONTORINNREDNING(BORD/STOLAR M.V.) 65 000 12009 ANNA UTSTYR/INVENTAR 3 000 5 000 12301 BYGGTENESTER, VEDLIKEHALD 35 000 35 000 12320 VEDLIKEHALD 145 000 30 000 12401 SERVICEAVTALER OG REPARASJONER 5 000 3 000 12417 Snøbrøytingsavtaler(kjøp frå andre) 25 000 25 000 12502 Elektrisk Materiell 15 000 12601 REINHALD OG VASKERITENESTER 184 000 200 000 13501 KJØP TENESTER FRÅ KOMMUNAR/KOMM. INST. 10 000 13510 TILSKOT TIL DISTRIKTSREVISJON 25 000 22 000 14291 Moms generell komp.ordning 90 000 90 000 15901 Kalkulatoriske avskrivingar 25 000 16301 HUSLEIGEINNTEKTER -21 000 16302 Husleige frisør(allhus) -12 000-12 000 16303 Husleige kommune(allhus) -1 017 000-875 000 16304 Husleige andre(allhus) -15 000 16305 Husleige pensjonistar(allhus) -105 000 Totalt 151 000 151 000
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 134/17 Bystyret PS 19.12.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ola Teigen K1-410, K1-020, K3 - &35 17/2217 Mellombels tilsetting av rådmann Framlegg til vedtak: 1. Knut Broberg vert mellombels tilsett som rådmann i tida fram til 31. desember 2019. 2. Forhandlingsutvalet tingar og fastset tiltreding, løn og vilkår for Broberg. 3. Ordførar blir beden om å drøfte med Fellesnemnda om Heggheim si tiltreding som prosjektrådmann.
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: Kva saka gjeld: I sak 115/17 vedtok bystyret: 1. Bystyret ber forhandlingsutvalet innstille på mellombels tilsatt rådmann frå perioden 1.1.2018 til 31.12.2019. 2. Tillitsvalgte skal og delta i forhandlingsutvalget sine møter. 3. Stillinga skal lysast ut internt i eigen organisasjon. 4. Bystyret ynskjer å tilsette i stillinga så fort som mogleg innanfor ramma av punkt 3. Terje Heggheim tiltrer etter planen stillinga som prosjektrådmann i Kinn 1 januar 2018. Frå den tid og fram til 31 desember 2019 må Flora kommune ha rådmann i mellombels tilsettingsforhold. Stillinga har vore lyst ut internt med søknadsfrist 15 desember i år. Det meldte seg ein søkar; kommuneadvokat Knut Broberg. Forhandlingsutvalet vurderer Broberg som ein godt kvalifisert kandidat. Om Knut Broberg Han er født i 1970 og bur i Florø. Han er Cand. Jur. frå Universitetet i Oslo i 1996. Han har vidareutdanning i blant anna arbeidsrett, styrekompetanse, planrett og motivasjonspsykologi. For tida har han permisjon frå stillinga som kommuneadvokat i Flora for å vere konstituert tingrettsdommar i Sogn og Fjordane tingrett. Permisjonen varer til 1. mars 2018. Broberg har arbeidserfaring frå tingretten, som kst. Statsadvokat i Møre og Romsdal, dommarfullmektig i Alta tingrett. Frå 1996 og ut 2013 var han politiadvokat/politiinspektør ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Han har også vore sakshandsamar i to år i Justisdepartementet, kriminalomsorgsavdelinga. Det formelle kravet i utlysinga: "Søkarar må ha relevant høgare utdanning på høgskule,- eller universitetsnivå og leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd." Forhandlingsutvalet meiner Broberg stettar formalkravet fullt ut. På vegne av forhandlingsutvalet har ordføraren hatt eigen samtale med Broberg og etter dette meiner vi også at han vil ivareta dei andre kravformuleringane i utlysinga på ein god måte. Ordføraren har også hatt eigne samtaler med tillitsvalde som er samd i tilrådinga. 32T doc00457620171218083142 rådmannsutlysning0927062
RÅDMANN (frå snarast til 31 des 2019) Stillinga om rådmannen er ledig for snarleg tiltreding. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og har ansvaret for samordninga av heile den kommunale verksemda. Kommunen har ca 750 årsverk fordelt på vel 1000 tilsette. Dei viktigaste oppgåvene vil vere: Leie og samordne organisasjonen mot felles mål Bindeledd mellom administrasjonen og dei politiske organa Gjennomføre politiske vedtak Overordna planlegging, økonomistyring og resultatvurdering. Søkarar må ha relevant høgare utdanning på høgskule,- eller universitetsnivå og leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd. Vi ønskjer ein utadretta, resultatorientert og handlekraftig leiar. Du må vere flink til å motivere og inspirere dei tilsette. Du må kunne bygge og ivareta gode relasjonar på ulike arenaer; kommunen sine tilsette, innbyggarane, det politiske nivået og det lokale næringslivet med meir. Vi tilbyr ei utfordrande stilling i eit område med i eit uformelt, spennande og tverrfagleg miljø. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår med konkurransedyktig løn. Fleire opplysningar kan du få ved å kontakte ordførar Ola Teigen, tlf 57 75 60 00 eller mobiltelefon 975 48 023 Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren, etter Offentleglova, kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad på elektronisk søknadsskjema som du finn på www.flora.kommune.no. Søknadsfrist er 15 desember 2017.