Fonetikk og fonologi Fasit



Like dokumenter
Fonetikk og fonologi Oppgåver

Brukarrettleiing E-post lesar

mmm...med SMAK på timeplanen

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Vi lærer om respekt og likestilling

/

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Brukarrettleiing. epolitiker

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

FANTASTISK FORTELJING

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Skrivne og trykte hjelpemiddel samt kalkulator er tillate. Ta med all mellomrekning som trengst for å grunngje svaret.

Lønnsundersøkinga for 2014

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Jon Fosse. For seint. Libretto

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Munnleg norsk frå B1 til B2

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Frå novelle til teikneserie


Fråsegn om norskfaget og nynorsken

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 7: sidene 2-4 er bokmål og sidene 5-7 er nynorsk.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vurderingsrettleiing 2011

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Kva er økologisk matproduksjon?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

G A M A L E N G K U L T U R

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Informasjon og brukarrettleiing

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bilete og figurar i Word

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

UNIVERSITETET I OSLO

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Nytt HFK Intranett

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Oppgave 2 Hvilke av følgende norske ord inneholder ingen sonorante konsonanter? snar potet kjøpte stav kritt taktstokk himmel ballett ski bade

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

MØTEBOK Tysnes kommune

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Bruk av reiserekning i Agresso

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Store dokument i Word

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Periode Kompetansemål (K06) Delmål Tema Arbeidsmåtar/ metodar

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Eksamen (6 timar) 6. desember 2011, kl

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Transkript:

Fonetikk og fonologi Fasit Oppgåver til s. 19 I fonetikken skildrar me alle sider ved språklydane så nøyaktig som mogeleg, ved hjelp av naturvitskap (anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk) og språkvitskap. I fonologien utforskar me funksjonen til dei fonetiske ressursane som mennesket rår over. Med lydstyrke meiner me om lyden er sterk (som når me ropar) eller svak (som når me kviskrar). Med tonehøgd meiner me om lyden blir uttala med ein høg tone (høgt oppe på skalaen) eller låg tone (langt nede på skalaen). Med klangfarge meiner me om andre eigenskapar ved lyden enn dei som gjeld lydstyrke og tonehøgd, dei eigenskapane som mellom mykje anna gjer at me høyrer skilnaden på ulike musikkinstrument som spelar den same melodien eller at me høyrer skilnaden på ulike menneskestemmer eller til dømes vokalar. Me skil mellom tre lydtypar etter klangfarge: periodiske lydar, aperiodiske lydar og flyktige lydar. ei periodiske lydane er lydar som me kan draga ut og syngja på. ei aperiodiske lydane er skrapelydar som me kan draga ut, men som me ikkje kan syngja på. ei flyktige lydane er smellelydar som me ikkje kan draga ut og heller ikkje syngja på. Oppgåver til s. 26 Her er orda i det fyrste verset av fedrelandssalmen delte i stavingar: Gud sig- ne vårt dy- re fed- re- land, Og lat det som ha- gen blø- ma! Lat ly- sa din fred frå fjell til strand Og vet- ter for vår- sol rø- ma. Lat fol- ket som brø- der sa- man bu, Som krist- ne det kan seg sø- ma!

t ei staving er trykktung, vil seia at ho er uttala med større lydstyrke enn trykklette stavingar. Her er dei trykktunge stavingane i det fyrste verset av fedrelandssalmen skrivne med halvfeite typar: Gud sig- ne vårt dy- re fed- re- land, Og lat det som ha- gen blø- ma! Lat ly- sa din fred frå fjell til strand Og vet- ter for vår- sol rø- ma. Lat fol- ket som brø- der sa- man bu, Som krist- ne det kan seg sø- ma! Tonem er ordskiljande tonegang. Her er dei aksentuerte stavingane i det fyrste verset i fedrelandssalmen markerte med eit tal føre for å visa om dei har tonem 1 eller tonem 2: ¹Gud ²sig- ne vårt ¹dy- re ²fed- re- land, Og ¹lat det som ²ha- gen ²blø- ma! ¹Lat ²ly- sa din ¹fred frå ¹fjell til ¹strand Og ¹vet- ter for ²vår- sol ²rø- ma. ¹Lat ¹fol- ket som ¹brø- der ¹sa- man ¹bu, Som ¹krist- ne det ¹kan seg ²sø- ma! Ordet kristne har to stavingar, med desse strukturane: Staving Staving Opptakt Kjerne Koda Opptakt Kjerne /k/ /r/ /i/ /s/ /t/ /n/ /e/ Sonoritetshierarkiet påverkar strukturen til stavinga krist /krist/ ved at kjernen er mest sonor, og så minkar sonoriteten ut til kvar side: k r i s t

Oppgåver til s. 32 Symbolet er ei grunnleggjande eining i eit kommunikasjonssystem, og det er oppbygt av eit uttrykk (oftast lydar eller synsinntrykk), ei tyding og ein symbolsk relasjon (ein psykologisk assosiasjon) mellom uttrykket og tydinga. Vilkårlege symbol har ein uføreseieleg og heil tilfeldig relasjon mellom uttrykk og tyding, som når tydinga hovud er assosiert med uttrykket /tɛt/ på fransk og /raʔs/ på arabisk. Motiverte symbol har ein relasjon mellom tyding og uttrykk som ikkje er heilt tilfeldig, utan å vera fullt føreseieleg, som når tydinga gauk er assosiert med uttrykket cuckoo /ˈkʊku/ på engelsk. /ˈkʊku/ liknar på lyden som gauken gjev frå seg. Men gauken må ikkje kallast /ˈkʊku/; han heiter gauk /¹ɡæʉk/ på norsk, kuku /kuku/ på baskisk og /waqwaːq/ på arabisk. Fleire av desse orda liknar på lyden gauken gjev frå seg, og det gjer også gresk κούκος /ˈkukos/. Eit føreseieleg symbol har eit fullt ut føreseieleg relasjon mellom uttrykk og tyding. Slikt finst ikkje i menneskespråk. Ein viss porsjon vilkårlegskap og konvensjonalitet er det alltid, også i til dømes teiknspråka som døve brukar. åde sjimpansar og menneske kommuniserer med symbol som varierer i kor stor grad dei er vilkårlege eller motiverte. Men ein viktig skilnad er at uttrykka i symbola til sjimpansane er einskildlydar, slik at kvar lyd er knytt til ei særskild tyding, mens uttrykka i symbola til menneska er oppbygde av sekvensar av lydar som kvar for seg ikkje tyder noko. Mens menneska analyserer situasjonar og kombinerer symbol med kvarandre i lange sekvensar for å uttrykkje ulike detaljar ved situasjonane, slik at dei kan snakka om det meste av det dei tenkjer på, ser det ut til at sjimpansane kommuniserer ved hjelp av eit lite tal med einskildsymbol som ikkje blir kombinerte med kvarande. Oppgåver til s. 34 Periodiske lydar lagar me ved å lata stemmeleppene vibrera. periodiske lydar lagar me ved å blåsa luft forbi ei innsnevring i talekanalen, slik at det oppstår turbulens i lufta.

I ordet fossil /fo¹siːl/ er lydane /o/, /iː/ og /l/ periodiske og lydane /f/ og /s/ aperiodiske. I ordet maskin /ma¹ʃiːn/ er lydane /a/, /iː/ og /n/ periodiske og lydane /ʃ/ aperiodisk. I det engelske ordet shoes /ˈʃuːz/ / er lydane /uː/ og /z/ periodiske og lydane /ʃ/ og /z/ aperiodiske. Med andre ord er /z/ både periodisk og aperiodisk. Oppgåver til s. 39 t ein fonetisk skilnad har distinktiv funksjon, vil seia at han kan skilja ord frå kvarandre i eit særskilt språk. Eit fonem er den minste ordskiljande språklyden. ei vanlegaste allofonane til det norske fonemet /p/ er [p] og [pʰ]. Ein allofon er ein uttalevariant av eit fonem. Ein ortofon ortografi er ein ortografi der kvart fonem er representert ved ein eigen bokstav, slik at det er eit godt samsvar mellom fonem og bokstav.

Oppgåver til s. 49 Her er vokalfirkanten med dei åtte primære kardinalvokalane: Når me uttalar ein spreidd vokal, er munnvikane dregne ut til sidene. Når me uttalar ein runda vokal, dreg me munnvikane mot kvarandre, slik at leppene utgjer noko som liknar ein runding. v dei primære kardinalvokalane er [i e ɛ a ɑ] spreidde og [ɔ o u] runda. Ein diftong er to vokalar som følgjer etter kvarandre i same stavinga. Her er fire engelske døme: /eɪ/ som i pain, /ǝʊ/ som i stone, /ɔɪ/ som i boy, /aɪ/ som i fine. u finn fleire døme i figur 32 på s. 47 i læreboka. E Medan /a/ er ein oral vokal, er /ã/ ein nasal vokal. Når me uttalar ein oral vokal, hevar me ganeseglet, så nasehola ikkje fungerer som resonansrom. Når me uttalar ein nasal vokal, senkar me ganeseglet, slik at det blir ein open kanal frå svelget og opp i nasehola, som då fungerer som resonansrom.

Oppgåver til s. 64 Når me uttalar ein vokal, slepp lufta frå lungene relativt uhindra gjennom svelget og langs midten av munnhola. Når me uttalar ein konsonant, er det større eller mindre innsnevringar dei same stadene. Ein artikulasjonsmåte er det me gjer med artikulasjonsorgana når me uttalar ein språklyd. rtikulasjonsstaden er kvar i talekanalen me gjer noko med artikulasjonsorgana. ei fire hovudtypane av artikulasjonsmåtar er lukkelyd, kontinuant, nasal og rotikon. Når me uttalar ein lukkelyd, er talekanalen heilt stengd, slik at det ikkje slepp noka luft ut, korkje gjennom munnen eller nasen. Når me uttalar ein kontinuant, slepp luft ut berre gjennom munnen. Når me uttalar ein nasal, slepp luft ut berre gjennom nasen. Når me uttalar eit rotikon, gjer me oftast nokre raske rørsler med tunga, så me nærmast får ein mellomting mellom ein lukkelyd og ein kontinuant. ei sju konsonantane /s k r m p l ʋ/ blir analyserte slik med omsyn til artikulasjonsmåte: /k p/ er lukkelydar, /s l ʋ/ er kontinuantar, /m/ er nasal og /r/ er rotikon. E Ein aktiv artikulator er ein del av munnen som me ledar på når me uttalar ein konsonant. Me fører han mot ein passiv artikulator, ein del av munnen som me ikkje ledar på. Når me uttalar /m/, fører me den aktive artikulatoren underleppa opp mot den passive artikulatoren overleppa. Når me uttalar /k/ fører me den aktive artikulatoren tungeryggen opp mot den passive artikulatoren den harde ganen eller den mjuke ganen. Når me uttalar /t/, fører me den aktive artikulatoren framtunga (tungespissen eller tungebladet) opp mot den passive artikulatoren gommen. F ei tre viktigaste aktive artikulatorane er underleppa, framtunga og tungeryggen.

G /b p m/ blir uttala med den passive artikulatoren overleppa. Når me uttalar /f ʋ/, er overtennene den passive artikulatoren. Gommen er den passive artikulatoren mellom anna når me uttalar /t d n s l/. en harde ganen er passiv artikulator når me uttalar mellom anna /ç j/. Konsonantane /k ɡ ŋ/ blir uttala med den harde ganen eller den mjuke ganen som passiv artikulator, avhengig av grannevokalane. røvelen er ofte passiv artikulator når me uttalar ein skarre- r, det vil seia approksimanten [ʁ]. Oppgåver til s. 75 ei nordsamiske bokstavane c, č, đ, ŋ, š, ŧ blir uttala høvesvis [ʦ], [ʧ], [ð], [ŋ], [ʃ] og [θ]. Grafemet er det minste ordskiljande skriftteiknet. Ein allograf er ein skriftvariant av eit grafem. Legg merke til parallellen med fonem og allofon. okstavane i det arabiske alfabetet blir skrivne frå høgre mot venstre, og normalt skriv ein berre konsonantane, sjølv om teikn for vokalar kan leggjast til over og under konsonantbokstavane. en koreanske skrifta blir oftast skriven frå venstre mot høgre, men kan også skrivast ovanfrå og nedover. et finst eigne bokstavar for både vokalar og konsonantar, og bokstavane blir skrivne i grupper som utgjer stavingar. I den kinesiske skrifta representerer teikna morfem. Ein skriv oftast frå venstre mot høgre eller ovanfrå og nedover. Japansk skrift blir skriven frå venstre mot høgre eller ovanfrå og nedover. Ein skriv med ein kombinasjon av kinesiske teikn (ei morfemskrift) og to stavingsalfabet, der teikna står for ein vokal eller ein konsonant pluss ein vokal. ei kinesiske teikna blir nytta til å skriva leksikalske morfem av japansk eller kinesisk opphav. et eine stavingsalfabetet nyttar ein for å skriva grammatiske morfem, det andre for å skriva leksikalske morfem av europeisk opphav. E Etiopisk skrift og ei indiske skrift som devanāgari har ein del sams drag. Skriveretninga er frå venstre til høgre. et finst eigne bokstavar for kvar konsonant, og når dei ikkje er modifiserte på noko vis, blir dei uttala med eller utan ein særskild vokal, alt etter kva posisjon dei står i. Konsonantbokstavane får ulike tillegg dersom dei skal uttalast med andre vokalar.