"Noge for adle!" (Ref #73722769)



Like dokumenter
Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

Nytte og hygge (Ref #1075)

Grunnlova (Ref #5dd9e14d)

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

eborgerskap Vestfold (Ref #1044)

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Frå tre små til ein stor.

Til deg som bur i fosterheim år

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Digital arena (Ref #1065)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Endring må til! (Ref # )

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Leikanger folkebibliotek. nytt lokale

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Les for livet - del 2 (Ref # )

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Ord i spreke spor (Ref #d701bd3d)

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kvalitetsplan mot mobbing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Maktens pluttifikasjon

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Sansehage Kleppheimen

Spel for alle - "Kasino mobil" (Ref #c4ef53b5)

Bibliotek- og informasjonsvitenskap

Folkebibliotek som litteraturhus (Ref #5ebb0143)

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Frå novelle til teikneserie

Psykologisk førstehjelp i skulen

Sandeid skule SFO Årsplan

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Plan for overgangar. for barn og unge

Teamarbeid og teambuilding

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Månadsbrev for Rosa september 2014

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Saman for framtida (Ref # )

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Nytt HFK Intranett

Modell for en bedre digital hverdag (Ref #acac3ae2)

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

«Leseglede - saman for betre lesing i alle fag»

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Fear in a librarian s heart

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Brukerkoordinator. Hvordan bygge en skole

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Bibliotekstatistikk for 2017

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

Foreldregruppe i barnehagen

Transkript:

"Noge for adle!" (Ref #73722769) Søknadssum: 848 000 Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Time bibliotek / 859223672 Postboks 38, Hetlandsgata 11, 4344 Bryne 4349 Bryne www.jærbiblioteka.no Institusjonens leder Aud Søyland Kristensen Ansvarlig kontaktperson (søker) Aud Søyland Kristensen 91383416 / aud.kristensen@time.kommune.no Kontonummer 32122024422 Prosjektbeskrivelse Time bibliotek på Bryne ønsker å vera eit aktivt, engasjerande og levande bibliotek for alle innbyggarane i kommunen. I tråd med kommunen si kultursatsing og kulturplan fekk me nytt, flott bibliotek i 2010, og i 2013 vart me kåra til årets bibliotek. Me feirer 5 års jubileet vårt med brask og bram i oktober. Garborsenteret er lokalisert i same bygg med flott og spennande utstilling, museumsbutikk og kafeen "Garborgstova". Av eksisterande faste aktivitetar har me: barnefilmframsyning, barnearrangement, litterær lunch, laurdagstimen - ein mental godtepose, filmklubb for vaksne og seniorsurf. Me har også samarbeid med eksterne organisasjonar som Senioruniversitetet og Folkeakademiet med faste arrangement i biblioteket året rundt, med full sal. Men me har potensiale i form av kompetanse som som me kan nytta endå betre. Det som hindrar er mangel på økonomiske ressursar. Får me utnytta denne kompetansen, kan me nå endå fleire brukargrupper. Me søker hermed om midler både for tilrettelegging av lokalet og til nye aktivitetar i biblioteket og på andre arenaer. Me er eit bibliotek med høg puls og rom for alle. Derfor kallar me søknaden "Noge for adle!" - i god jærsk ånd. ARENAUTVIKLING. TILRETTELEGGING AV BIBLIOTEKROMET: Med stadig fleire aktivitetar kjem også fleire grupper publikum til arrangementa våre. Me har behov for å utbetra garderobeforholda i biblioteket. I dag har me ein liten plass under ei trapp til garderobe, men treng ein større plass for publikum å henga frå seg kleda på. I tillegg har me barn frå barnehagar og elevar frå skular som stadig kjem samtidig med ulike arrangement. Dette fører lett til kaos rundt avog påkledning og med haugar av ranslar som blokkerer dører til toalettet. Med endå fleire aktivitetar vil denne situasjonen ikkje vera haldbar. I tillegg vil me gjera eit stort arbeid med betre og universell skilting i biblioteket. Dette er eit behov både for oss og for Garborgsenteret. Me har fått tilbod på Side 1 av 5

skisser som viser korleis me skal kunne ivareta ei god skilting og rettleiing, slik at publikum kan finna fram både til aktivitetsrom, møterom og på hyllenivå. Skiltinga slik ho er nå er ikkje god, noko me har fått klage på frå publikum. Utgiftene til dette arbeidet har me fått tilbod på i to deler, ein for biblioteket og ein for Garborgsenteret. Dette vil gå fram av vedlegget. AKTIVITETAR I BIBLIOTEKET: DIGITALISERING AV LOKAL FOTOSAMLING: Bryne er eit gamalt handels- og industrisenter på Jæren, men i rivande utvikling med stor vekst og fekk bystatus i 2001. Mange nytilflytte, men også yngre folk med røter i kommunen, er intresserte i lokalhistorie og spør etter gamle foto. Biblioteket har gjennom mange års innsamling fått ei rikhaldig og god fotosamling som i dag ikkje er tilgjengeleg for publikum. Me søkte kommunen om midler, og fekk kr 200000 fordelt på 2014 og 2015 for å starta digitalisering av fotosamlinga. For desse midlene har me tilsett ein ekstern person med både digital og lokalhistorisk kompetanse. Me har fått digitalisert ein del av samlinga, men størstedelen av arbeidet står att. Det er eit stor behov for oss å kunne fortsetje arbeidet, men det er heilt umogleg å få til utan tilførte økonomisk midler. Det vil vera av stor kulturhistorisk verdi for innbyggarana at biblioteket kan fortsetja digitaliseringa med tanke på formidling av foto til publikum. Me har også samarbeid med Jærmuseet som gir oss råd, rettleiing og teknisk tilrettelegging under arbeidet vårt. Fotosamlinga vil etterkvart verta tilgjengeleg på Digitalt museum. SAMARBEID MED GRUNNSKULANE Biblioteket ønsker å verta ein betre læringsarena og har som mål å utvikla gode samarbeidsformer med skulane i kommunen. Me har to utdanna skulebibliotekarar i staben og ønsker å nytte deira spisskompetanse. Planen er å "låna" dei ut til skulane, som oppsøkande arena, med tilbod om litteratur- og kunnskapsformidling i tillegg til å skapa relasjonar til nye og yngre brukarar som gjerne ikkje kjem til biblioteket på eige initiatv. Me har allereie lodda stemninga med rektorane og skulebibliotekarane i kommunen, og tilbakemeldingane er positive. To skular, 7. trinn og 9. trinn, er valt ut til å vera pilotar. Skulebiblioteket vert ofte salderingsposten i skulane sitt budsjett, og har lite ressursar. Målet vårt er at den spisskompetansen me rår over skal bidra som ein pedagogisk ressurs i arbeid med fag for å styrkja både lærarane, skulebibliotekarane og elevane sin informasjonskompetanse. Dette skal skje i tverrfaglege fordjupingsprosjekt, kor elevane får trening i å lage seg problemstilling, søke informasjon i ulike kjelder, vurdere desse, kunne sitere og referere til kjelder, og kjenne til opphavsrett. Dette vil styrke elevane sin lese- og skrivekompetanse, samtidig som dei får trening i å henta inn informasjon som dei kan gjera nytte av i det faglege arbeidet. Ludvigsen-utvalet sin rapport "Fremtidens skole" seier at det er nødvendig med fagovergripande kompetansar og vil ha meir djubdelæring inn i skulen. Me meiner at skulane vil ha god nytte av eit slikt samarbeid og den spisskompetansen me som folkebibliotek er så heldige å kunne tilby dei! FRAMANDSPRÅKLEGE Kommunen har eit Kompetansesenter som har ansvar for å gje opplæring til dei framandspråkeleg i kommunen vår. I dag har dei ca 250 elevar, barn og vaksne. Dei er positive til å utvida samarbeidet med oss, for dei har ikkje eige bibliotek. I tillegg til den vanlege bibliotektenesta, vil me, i samarbeid med Garborsenteret, tilby ei aktivitetsbasert tilnærming, ei "Demokratisk treningsløype", til innføring i norsk demokrati. Samhandling med personalet i Garborgsenteret gir oss i biblioteket eit unikt høve til å utvikla litteratur- og kunnskapsformidling av høg kvalitet, også i kombinasjon med Garborgsenteret sine utstillingsinstallasjonar som vil eigna seg godt som grunnlag for diskusjonar rundt demokrati og styresett. Side 2 av 5

I tillegg til dette, ønsker me å ta i bruk tankegodset til Arne og Hulda Garborg og invitera dei som meistrar språket på eit rimeleg godt nivå til samtalegrupper med utgangspunkt i Garborg sine frie tankar rundt religion, makt, likestilling og identitet. Garborgsenteret har tilsett pedagog og biblioteket har fleire. Me har veldig tru på eit slik samarbeid, som vil vera heilt unikt for oss. Dette er også eit prosjekt som nabokommunane kan gjere seg nytte av om dei ønsker det. Sjå vedlagt skisse til undervisninsopplegg og plan for utvikling av "Garborgløypa" som vil kunne nyttast til eit trinn to for dei framandspråkelege som når eit høgare nivå i språkopplæringa. Me ser ei slik formidlingar, både av norsk litteratur og demokrati, som svært viktig for denne målgruppa, og gir biblioteket vårt - som det einaste i landet - eit stort føremon i og med samlokaliseringa vår med Nasjonalt Garborgsenter. Dette kan verta eit unikt prosjekt! "LOKALHISTORIE PÅ JÆREN" Me i Jærbiblioteka (Klepp, Sola og Time bibliotek) vil start ein ny arrangementserie kalla "Lokalhistorie på Jæren" over ein toårsperiode. Det enkelte biblioteket sender kvar vår søknad, slik at søknaden frå Time gjeld ein tredjedel av stipulerte utgifter. Me tenker oss ein serie med foredrag og aktivitetar der målgruppa er frå unge til eldre. Samarbeidspartar kan vera Jærmuseet og lokale historielag. Sjå vedlagt framdriftsplan. Side 3 av 5

Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 848 000 Utgifter TILRETTELEGGING AV ARENA. Bygging av garderobe i samarbeid med Garborgsenteret (kr 30.000) Skilting av huset som tilrettelegging for publikum, i samarbeid med Garborgsenteret (biblioteket sin del: kr 185.000) SAMARBEID MED SKULANE. Formidling av informasjonskompetanse på andre arena. Biblioteket sine personalutgifter i 2016 og 2017 DIGITALISERING av fotosamling. Prosjektutgifter for 2016 og 2017. Samarbeid med Jærmuseet som gir rettleiing, råd og teknisk tilrettelegging FRAMANDSPRÅKLEGE. Samarbeid mellom biblioteket, Kompetansesenteret og Garborgsenteret rundt "Demokratisk treningsløype" og "Garborgløypa". Biblioteket sine personalutgifter til litteratur- og kunnskapsformidling for 2016 og 2017 ARRANGEMENT. Felles søknad med Jærbiblioteka (Klepp, Sola og Time bibliotek) om ny arrangementsrekke: "Lokalhistorie på Jæren" - 1/3-del av utgiftene i ein toårsperiode Beløp 215 000 300 000 200 000 300 000 30 000 Totale utgifter 1 045 000 Inntekter TILRETTELEGGING AV ARENA. Ingen krav til eigenfinansiering frå biblioteket Garborgsenteret sin del: kr 15.000 SAMARBEID MED SKULANE. Formidling av informasjonskompetanse på andre arena. 20% eigenfinansiering av biblioteket sine personalutgifter Beløp 15 000 60 000 Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 848 000 DIGITALISERING av fotosamling. 20% eigenfinansiering av prosjektutgifter. Jærmuseet: dekning av personalutgifter: kr 10.000 FRAMANDSPRÅKLEGE. Samarbeid mellom biblioteket, Kompetansesenteret og Garborgsenteret rundt "Demokratisk treningsløype" og "Garborgløypa". 20% eigenfinansiering av biblioteket sine personalutgifter til litteratur- og kunnskapsformidling ARRANEMENT. 20% eigenfinansiering av Time bibliotek sin del av utgiftene i høve ny arrangementsrekke "Lokalhistorie på Jæren" kr 6.000 Fellessøknad frå Jærbiblioteka til Rogaland fylke: kr 18.000. Time bibliotek sin del: kr 6.000 50 000 60 000 12 000 Totale inntekter 1 045 000 Side 4 av 5

Vedleggsoversikt Plan for samarbeid mellom bibliotek og skular Undervisningsmal Garborgløypa prosjektskisse Garborgløypa budsjett Demokratsk treningsløype "Lokalhistorie på Jæren" - framdriftsplan Pris skilting av biblioteket Pris garderobe Side 5 av 5