Osterøy kommune ÅRSPLAN 2015-2016. Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode



Like dokumenter
Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN Haus barnehage. Osterøy kommune

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Årsmelding for Urhei barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

AVDELINGSPLAN

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYKEHUSBARNEHAGEN INFORMASJONSHEFTE. VELKOMMEN TIL OSS!

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Velkomen til Mork barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Blåbærskogen barnehage

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Månadsbrev for ROSA mars 2015

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Bærekraftig utvikling

Planleggingsdager 2015 Fredag 15. mai, torsdag 13. og fredag 14. august, mandag 9. og tirsdag 10. november. Løa. Hallingmo. Stallen. Stabburet.

Barnehagen mål og satsingsområder.

Årsplan Venåsløkka barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Osterøy kommune ÅRSPLAN Lonevåg barnehage. Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Årsplan for 2013/2014

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Økernveien familiebarnehage, Veksthusfløtten

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Årsplan. Klinga familiebarnehage 2014 / 2015

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Kva er nytt i rammeplanen?

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Transkript:

ÅRSPLAN 2015-2016 Osterøy kommune Hauge barnehage Saman gjer vi kvarandre gode

Innhald INNLEIING... 2 1. HALDNINGAR OG VERDIAR... 3 2. SATSINGSOMRÅDER... 4 3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING... 6 4. MEDVERKNAD... 7 5. FAGOMRÅDA MED PROGRESJONSPLAN... 8 6. OVERGANG TIL SKULE... 9 7. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING... 10 8. FORELDRESAMARBEID... 12 9. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN... 13 10. AVDELINGSPLAN... 15 Side 1

INNLEIING Årsplanen vår er todelt: Del ein: kommunal årsplan for alle barnehagane på Osterøy. Denne skal vera førande for barnehagen sitt arbeid med eigen årsplan. Planen finn de på Osterøy kommune si heimeside. Del to: årsplanen til barnehagen skal gje informasjon om det faglege innhaldet; kva satsing vi har og korleis vi vel og arbeide med føringane i rammeplanen. Den gir og oversikt over tema og prosjekt på avdelingane. Alle nye foreldre får utdelt velkomstskriv før barnet startar opp i barnehagen. Skrivet inneheld praktisk informasjon, informasjon om rutinar og organisering, viktige datoar, informasjonsrutinar, vedtekter m.m. En glede du kan dele med andre, er en dobbel glede (Goethe). Side 2

1. HALDNINGAR OG VERDIAR Osterøy kommune sin visjon for barnehagane Saman får me verdas viktigaste verdiar til å veksa og verdiane omsorg, respekt, tydeleg og ærleg legg, saman med Rammeplan for barnehagar, føringar for vårt pedagogiske arbeid. Vår visjon: Saman gjer vi kvarandre gode. Hovudmålsetting: Vi ønskjer at alle barn i barnehagen skal lukkast i samspel med andre. Vi trur at barn som lukkast i samspel med andre har dei beste moglegheiter for læring og utvikling. Vi legg vekt på å gje barna varierte opplevingar og erfaringar i eit stimulerande læringsmiljø, der tryggleik, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar. I hauge barnehage er kvart barn unikt ser den vaksne det einskilde barnet står leiken i sentrum tar vi vare på gleda og humoren i kvardagen går leik og læring hand i hand er vi alle del av eit fellesskap undrar vi oss saman med barna får barna medverke tar vi små og store oppdagingsferder ut i naturen har vi aktivt samarbeid med heimen Side 3

2. SATSINGSOMRÅDER NATUR OG FRILUFTSLIV Vi vil at alle skal oppleva glede ved å vera ute og å ferdast i naturen. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Satsingsområdet er så mangfaldig og innhaldsrikt at det og passer inn under alle sju fagområda i Rammeplanen. Dette krev deltakande vaksne som stimulerer barna sin nysgjerrighet og vektlegge undring som kvalitet for læring - ein nøkkel er nærleik til barna i leik. Hovudmål: Å lære barna å bli glade i naturen. Delmål: få kjennskap til dyr og planter få begynnande forståing for samanhengar i naturen tileigne grunnleggande motoriske ferdigheiter og kroppsbehersking Tiltak for å nå måla: legge til rette for leik og aktivitetar ute i all slags vær formingsprosjekt ute og inne, med naturmateriale hauste frukt og bær lage kjøkkenhage lage mat ute på bål og ta turar i nærmiljøet turar til leirplassen. Området er tilrettelagt med tau, balansestokkar og bålplass kjeldesortering og delta på søppel-aksjon vi har fokus på miljøvern studerer dyr, insekt og plantar vi føl med fuglekassane våre følgje årstidene og få erfaringar med alle typar vær og endringar i naturen dei yngste barna får ein gradvis tilvenning til det å vera ute og å ferdast i naturen. Prosjekt 2015-2016: Barnehagen sitt uterom. Målet er at uteleiken skal bli rikare og meir variert, med deltakande vaksne. Vi skal utforme desse uteromma: kjøkken, vannbane, kjøkkenhage, motorisk løype, musikk-sansemiljø og bålplass. Side 4

TIDLEG INNSATS BARN SIN TRIVSEL VAKSNE SITT ANSVAR Barnehageåret 2014-2015 deltok alle pedagogar på kurs i kvalitet- og endringsleiing. Kvar avdeling har gjennomført analysar knytt til vesentlege områder i Rammeplanen. Det har gjennom desse vore stort fokus på vaksenrolla. Barnehagane i Osterøy kommune skal starta med prosjektet Være Sammen barnehageåret 2015-2016. Være Sammen er ein god metode for våre barnehagar for å kunne lukkast i arbeidet med satsingsområda «Tidleg innsats» og «Barn sin trivsel-vaksne sitt ansvar». Prosjektet inneber arbeid med å implementere ein autoritativ vaksenrolle med varme, tydelege vaksne overfor barna. Vidare skal ein førebygga og redusera utfordrande åtferd, fremja inkludering og utvikla gode relasjonar og medverkande barn. For komande barnehageår vil det vere fokus på opplæring av personalet. Arbeid med språk er tidleg innsats - vi tar i bruk snakkepakken i barnehagen. Dette er eit praktisk språkverktøy. Det er laga på tradisjonelle barnekulturskattar som eventyr, regler, rim og songar. Det er laga for å gje barn eit rikare og meir nyansert språk, og er eit flott verktøy for barn som treng ekstra språkstimulering. vi har jamleg bruk av eventyr og konkretar vi har månads ord, song og vers (desse vert sendt heim til tospråklege barn) vi har fast system for overgangar i barnehagen, tilvenning av nye barn og foreldresamarbeid. vi bruker dagsplan for barn som treng det vi observerer og bruker kartleggingsverktøy der det er nødvendig. For å skapa gode relasjonar mellom barn-vaksen og barn-barn er personalet samkøyrte og grip raskt tak i episodar som oppstår er vaksne på golvet og tar barna sine uttrykk på alvor har vi fokustid for å sikre at alle barn vert sett og høyrt drøftar personalet verdiar, haldningar og eigen praksis gjennom bruk av dialogspel/igp metoden for å oppnå felles forståing for jobben vi gjer. For å sikra at all barn vert sett og høyrt, har ein ven, og for å hindre mobbing får alle barn kontaktperson. Denne vaksne har eit ekstra ansvar for å følgje opp «sine» barn tar vi i bruk sosiogram, kontaktskjema og gjennomfører barnesamtaler med 4 og 5 åringane er alle vaksne bevisste på at dei gir gutar og jenter like moglegheiter gir vi barna veiledning i leik og hjelp til handlingsalternativ sett vi i verk handlingsplan om vi avdekker mobbing. Alle voksne har ansvar for å ivareta barnets medfødte tillit til omverdenen. (Knut Løgstrup) Side 5

3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING Gjennom danning legg ein grunnlag for utviklinga til barna vi gir barna gruppeopplevingar gjennom samlingsstundar, måltid og andre felles aktivitetar vi lar barna medverke. Barna sine innspel vert tatt på alvor og følgt opp av vaksne vi lar barna delta i daglege gjeremål, lærer dei å vente på tur, lytte til andre og vise omsyn, lærer dei bordskikk, hygiene og å ta i mot beskjedar. Alle barna skal bli møtt med omsorg i barnehagen vi gir kvart barn kontakt og omsorg i løpet av dagen ved og vera tilgjengelege vaksne alle barn blir møtt og tatt i mot på ein god måte (prat, smil, god morgon, velkommen) vi oppfordrer barna til og trøyste kvarandre og sette ord på kjensler Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen alle avdelingar praktiserer fokustid dette er fastsett tid der vaksne har ekstra fokus på leiken (praktiske gjeremål må vente) fysisk plass og skjerma tid er viktig for at god leik kan utvikla seg. Vi har fokus på innreiing av romma og at leiken er hovudreiskap for læring vi deler barna i mindre grupper for meir ro til god leik alle barna skal vera inkludert i leik. Dei vaksne er observante og tilstade. Læring heng nært saman med leik store delar av dagen er sett av til frileik ute og inne - barna lærer gjennom erfaringar i leik vi føl opp barna sine interesser og spørsmål. Dette krev engasjerte og motiverte vaksne! vi stillar ut konkretar som føl tema. Desse er tilgjengelege for barna i leik (t.d. eventyrfigurar) vi gir alle barna høve til å delta i varierte aktivitetar. Side 6

4. MEDVERKNAD Medverknad handlar om at barna skal vera med å setja sitt preg på kvardagen og få lov til å vera synlege i det som vert gjort. Mål: Å sikra barna retten til å verta sett og høyrt og moglegheit til å påverke eigen kvardag. I Hauge barnehage legg vi til rette for medverknad: ved å plassere utstyr og leikar tilgjengeleg for barna ved å observere og tolke barna sitt kroppsspråk og ha kunnskap om barn sin utvikling (gjeld spesielt dei yngste) vaksne på golvet som ser kva barna held på med ved å la barna delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar gjennom barnesamtale, samtale i mindre grupper og ved bruk av tankekart knytt til tema/aktivtetar oppgåver som ordensperson (gjeld dei eldste) Kjernen i barn sin medverknad er evna vaksne har til å støtte barna sine initiativ. Dei vaksne må by på seg sjølv og vera ekte. Barn treng tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Ein føresetnad for å ta barn sin rett til medverknad på alvor er god kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldra. Ta vare på barns livskraft (Nuria Moe). Side 7

5. FAGOMRÅDA - PROGRESJONSPLAN KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST. Vi legg det fysiske miljø til rette slik at vi på best mogeleg måte kan gje barna allsidige språklege erfaringar. Vi har bøker, bilete, bokstavar og tal godt synleg på alle avdelingar! Vi gir barna eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen gjennom systematisk bruk av snakkepakken og samlingsstund. Vi tar i bruk månadssong, månadsord, rim, reglar og har aktiv bruk av eventyr. KROPP, RØRSLE OG HELSE. Kvardagen vår er organisert slik at barna får allsidige og varierte kroppslege erfaringar ute og inne, tilpassa alder og modning. Vi har uteaktivitetar kvar dag og faste turdagar for dei eldre barna. Vi er opptekne av eit sunt kosthald. Vi er «5 om dagen barnehage», barna får frukt og grønt kvar dag. Vi er «Rein hand barnehage», vi har fokus på god handhygiene. KUNST, KULTUR OG KREATIVITET. Vi har inspirerande formingskrok der barna kan velje materialar og aktivitetar åleine og saman med vaksne. Vi lager utstilling av barna sine uttrykk og inviterer foreldre/andre til å ta del i dette. Vi markerer norske merkedagar. Vi går på gardsbesøk, deltek på arrangement på biblioteket og nyttar bokbussen. Vi besøker Osterøytunet og lokale bedrifter. Avdelingsnamna våre er lokale namn frå Hauge området. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK. Vi har natur og friluftsliv som satsingsområde (sjå kap.2). Vi bruker naturen aktivt og har stor naturtomt i barnehagen. På turar og i uteleik får barna oppleve ulike årstider, og dei får kjennskap til bruk av ulike reiskap og matlaging i naturen. Vi kjeldesorterer glas og metall i lag med barna. Barna er med og lager mat i barnehagen. Side 8

ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI. Vi markerer kristne høgtider som jul og påske. Vi formidlar historier og undrar oss saman med barna. Vi gir tid og rom til samtaler, undring og forteljingar rundt filosofiske, religiøse og etiske spørsmål. Vi møter barna sin tru og undring med respekt og alvor. Om vi har andre nasjonalitetar representert i barnegruppa, vil det være naturlig å ha fokus på desse. NÆRMILJØ OG SAMFUNN. I barnehagen vår har vi eit inkluderande miljø der alle skal føle seg godt mottekne. Vi ønskjer velkommen på ulike språk og har flagg i garderobane. Vi bruker nærmiljøet aktivt. Vi legg turar til skulen, Osterøytunet og til ulike bedrifter. Vi bruker tankekart i tilknytting til tema; barna får på denne måten delta og påverke fellesskapet. TAL, ROM OG FORM. Vi tel når vi lager mat, i leik, når vi dekker bord, har samling, på turar, i uteaktivitet osv. Vi ser på ulike former rundt oss. Vi leiker med dei, tel dei og namngjer dei. Vi måler og veier og undrar oss saman over kva som er størst og minst. Vi bruker tal, bokstaver og former på veggene slik at barna blir vant til å sjå dei og bruker dei i kvardagen. Vi bruker eventyr. Barnehagen har laga progresjonsplan for fagområda som personalet nyttar som arbeidsverktøy. Denne er ein del av årsplanen, men blir ikkje levert ut til foreldra. 6. OVERGANG TIL SKULE Alle 5/6 åringane deltek siste året i barnehagen på førskulegruppe. Det vert sett av ein fast dag til denne gruppa. Her er det fokus på sjølvstende og felles opplevingar. Det å vera eldst i barnehagen skal vera ein spesiell oppleving. PPT har i samarbeid med barnehagekonsulent utarbeidd eit hefte om kva tilrettelegging som er nyttig for 5 åringane i barnehagen for å ivareta deira læringsbehov, og for å skapa kontinuitet i opplæringa ved overgang til skulen. Vi bruker denne aktivt i arbeid med førskulebarna. Barna får ta del i skuleførebuande aktivitetar og får øvd på tal, mengde, bokstavar og det å skrive namnet sitt. Vi har fokus på sosial kompetanse, språk og metodisk språkleik. Vi går på tur til Hauge skule, låner gymsal og besøker 1.klasse. Vi føl elles kommunen sin plan for overgang frå barnehage til skule (kan lesast på heimesida til barnehagen). Side 9

7. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING PLANLEGGING Personalet har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Her legg vi føringar for det pedagogiske tilbodet i barnehagen. Detaljplanlegging og oppfølging av barn vert gjort gjennom personalmøter, avdelingsmøter og leiarmøter. Leiargruppa består av styrar og pedagogiske leiarar. Pedagogiske leiarar har fire timar i veka til planlegging, dokumentasjon og vurdering/etterarbeid. Barnehagen lagar årsplan, avdelingsplan, temaplanar, månadsplanar og vekeplanar. Årsplanen er felles for heile barnehagen. Vi har utarbeida felles mal for planane våre for å sikre god planlegging og felles prosessar på alle avdelingane, med utgangspunkt i felles mål. I planane våre kjem vi nærare inn på aktivitetar og arbeidsmetodar. Gjennom barnesamtalar, direkte innspel og bruk av tankekart får barna delta i planarbeidet. Sentrale spørsmål er kva dei liker å gjere i barnehagen. Vi observerer i tillegg kva dei er opptekne av, og tar dette med i planarbeidet. Foreldre deltek gjennom foreldremøter, møter i samarbeidsutvalet og brukarundersøkingar. Spørsmål om innhald og kva foreldra ønskjer å medverke i blir diskutert i SU kvar haust. DOKUMENTASJON Gjennom dokumentasjon tydeleggjer vi kva vi gjer og oppnår i barnehagen. Det er informasjon om barna sine opplevingar og kva dei lærer og gjer i barnehagen. Vi dokumenterer slik: Foreldre/andre: bileter av barna i leik og ulike aktivitetar foreldrearrangement i barnehagen og foreldresamtalar utstillingar og bruk av solmodell, dagsrapportar, månadsbrev, rapportar frå turar/andre aktivitetar og årsplanen vår. Personalet: observasjonar, praksisforteljingar, solmodell av fagområda og ulike kartleggingsverktøy (sosiogram, kartlegging av kvardagsaktivitetar m.m.) formålet er refleksjon og utvikling. Er det slik vi vil har det? Får alle barn erfaringar og utfordringar dei treng? Side 10

Barn: tekstskaping, bileter og perm til alle barna. Permen skal innehalde gode opplevingar frå tida i barnehagen skulestartarane har eigen perm som dokumenterer noko av arbeidet siste året i barnehagen. Det blir og sendt felles dokumentasjon til skulen: «dette har vi med oss i barnehagesekken» alle barn har kontaktperson. VURDERING Vi vurderer den totale verksemda, samspel barn-barn og barn-vaksen, fagområda/innhald, enkeltbarn sin trivsel og utvikling, og om vi har nådd måla våre. Dokumentasjonen vi har er ein viktig reiskap for å vurdera. Vurderingane dannar grunnlag for planlegging og oppfølging av barn. KVA VERT VURDERT KVEN DELTEK NÅR VURDERER VI ANSVARLEG Barn sin trivsel, utbytte og utvikling. Aktivitetar på avdeling. Felles aktivitetar. Metodeplanar/ temaplanar. Årsplan. Innhald. Fagområda. Foreldresamarbeid. Tilsette på avdeling. Foreldre. Barn. Barn og tilsette. Foreldresamtaler. Barnesamtaler. Kartleggingsskjema. Observasjon. Brukarundersøking. Fortløpande. Samlingsstund. Avdelingsmøter. Personalmøter. Pedagogisk leiar. Styrar Pedagogisk leiar. Leiargruppa/styrar. Tilsette på avdeling. Avdelingsmøter. Pedagogisk leiar. Alle tilsette. Foreldre. Foreldre. Tilsette. Avdelingsmøter. Personalmøter. Plandagar. Foreldremøter. Samarbeidsutvalet. Brukarundersøking. Foreldresamtaler. Samarbeidsutvalet. Brukarundersøking. Personalsamarbeid. Alle tilsette. Personalmøter. Plandagar. Styrar. Pedagogisk leiar. Pedagogisk leiar. Styrar. Styrar. Vi har utarbeidd veiledningshefte for årsplanarbeid. Heftet inneheld skjema som skal nyttast i arbeid med planlegging, dokumentasjon og vurdering. Side 11

8. FORELDRESAMARBEID i samarbeid og forståelse med hjemmet Målet for foreldresamarbeidet er at barn og foreldre skal trivast i barnehagen. Foreldre/føresette er den viktigaste samarbeidspartnaren vår. Vi ønskjer openheit og tillit i kommunikasjon med alle foreldre. Foreldra må føle at dei har innverknad på arbeidet med barna, og kjenne seg trygge nok til å ta opp saker og synspunkt med dei tilsette. Vi ønskjer at foreldre/føresette skal komme med innspel og idear på det arbeidet vi gjer i barnehagen! Ris, ros og idear er alltid velkomen! Personalet i barnehagen har god kompetanse på barn i gruppe, men det er foreldra som er spesialistar på eigne barn. Dagleg kontakt personalet tek i mot barnet med glede og varme. Det vert gjeve rom for at foreldre/barn har behov for samvær åleine ved henting og levering vert det gitt rom for naudsynt informasjon. Personalet formidlar litt om kva barnet har gjort på i løpet av dagen. Møter vi har oppstartsamtale med alle nye foreldre vi har avdelingsvise foreldremøter kvar haust og foreldremøte for nye foreldre før oppstart vi tilbyr to foreldresamtaler årleg vi har eitt-to møter i samarbeidsutvalet, og foreldrerådsmøter (les meir om SU i kommunal plan på heimesida til Osterøy kommune). Foreldre og personalet har eit felles ansvar for trivselen og utviklinga til barnet (Rammeplan for barnehagen). Side 12

9. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN FELLES SAMLING Mål: bli kjent på tvers av avdelingar. Vi har felles samling for alle avdelingar annakvar månad. Kvar avdeling har ansvar kvar sin gong. Samling vert gjennomført på den avdelinga som er ansvarleg eller ute. BURSDAGSFEIRING Mål: fremje positive haldingar ved å ha fokus på barnet. Barnet vert feira med krone og får velje seg nokre glansbilete/klistremerke frå bursdagsboksen. I samling sitt barnet på bursdagsstolen. Barnet får velje songar vi skal synge og det vert tatt bilete av barnet. Vi skriv kort til barnet alle får etter tur sei noko fint til barnet (gjeld dei større barna). BRANNVERNVEKE Mål: å lære barna om brannvern og brannsikkerhet. Vi får besøk av brannbil og har brannøving for alle. Vi tar i bruk pedagogisk opplegg Eldar og Vanja, som inneheld ulike aktivitetar knytt til brannvern. FN DAG Mål: å lære om barn i andre land. Å hjelpe dei som ikkje har det så bra som oss. Vi markerer dagen med aktivitetar for foreldre, personale og barn. Vi arrangerer innsamlingsaksjon til Redd Barna - foreldre vert invitert til barnehagen. JUL Mål: å oppleve glede, stemning og forventning i førjulstida Vi førebur oss til høgtida gjennom ulike aktivitetar og tradisjonar knytt til vår barnehage. Vi formidlar juleevangeliet og andre forteljingar. Vi har adventskalender, markerer Lucia og arrangerer nissefest for barna. SAMEFOLKETS DAG Mål: lære om andre kulturar/likeverd/toleranse. Vi lærer om samiske tradisjonar gjennom felles aktivitetar i barnehagen. FASTELAVN Dagen vert markert i barnehagen med bakeaktivitet vi baker bollar. Side 13

BARNEHAGEDAGEN Mål: la andre få eit innblikk i det vi gjer. Vi synleggjer barnehagen med utgangspunkt i det som er sett opp som tema. Tema for 2016: Barnehagens arbeid med språk og lesing. TEMAFEST Mål: leik og moro for store og små. I mars har vi temafest i barnehagen. Barna kler seg ut og vi har ulike aktivitetar. PÅSKE Mål: kjennskap til høgtida og påskebodskapen. Vi førebur oss til høgtida og fordjupar oss i påskebodskapen gjennom ulike aktivitetar og tradisjonar. Heile familien blir invitert på påskefrukost. 17.MAI - AKTIVITETSDAG Vi samtaler med barna om kvifor vi feirar 17.mai. Vi syng songar og fargelegg flagg. Barnehagen har 17.mai fane på skulen som kan nyttast til feiringa på 17.mai dagen. Vi gjennomfører aktivitetsdag ute i barnehagen med ulike postar med tradisjonelle 17.mai leikar: ball på boks, potetløp, løping, risposekasting og natursti. SOMMARFEST SU kan i samarbeid med foreldrerådet arrangere sommarfest om det er ønskeleg. Vi stiller barnehagen til disposisjon. Tradisjonelt har dette vore ein grillfest/korgfest i mai/juni. AVSLUTNING FOR FØRSKULEBARN Vi har høgtidleg avslutning i barnehagen for dei barna som skal starte på skulen. Formiddag: felles samling og måltid ute for alle i barnehagen. Ettermiddag: markering på avdelinga. Det blir utdeling av perm og fokus på kvart enkelt barn. Føresette vert invitert til å vera med - rose vert overrekt føresette som takk for tida med barnet. Side 14

10. AVDELINGSPLAN Side 15