Årsmøte 2011 Telemark kulturnettverk



Like dokumenter
Protokoll fra årsmøtet i Telemark kulturnettverk Tirsdag 29. april 2008, Gullbring kulturanlegg i Bø

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Årsmøte 2015 Telemark kulturnettverk

HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref /RAGS

VEDTEKTER FOR VESTFOLD KULTURNETTVERK

Årsmøte 2008 Telemark kulturnettverk

Årsmøte 2007 Telemark kulturnettverk

Folkemusikkarkivet i Telemark

Strategi- og handlingsprogram

Innkalling til styremøte i Telemark kulturnettverk (TKN) torsdag 18.des kl Gullbring

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

ÅRSMELDING Innleiing. 2. Innsamling

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Telemark musikkteater TMT

Forslag frå fylkesrådmannen

VEDTEKT av februar 2007

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Frivillighetsmeldingen 2014

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Frivillighetspolitisk plattform for Lørenskog kommune

ÅRSMELDING Innleiing. 2. Innsamling

Folkemusikkarkivet i Telemark

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

ÅRSREGNSKAP!2014!!!!! Organisasjonsnummer!880!349!392!

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

DAGSORDEN. Sak 2 Årsmelding Se eget dokument. A. Årsregnskap for 2011, side 6 B. Årsregnskap for 2012, side 12

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Den nye seksjon for applikasjonar

Årsmøte 2006 Telemark kulturnettverk

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Referat frå møte i Internasjonalt forum

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VIRKSOMHETSPLAN

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

BØMLO KULTURHUS KF ÅRSREKNESKAP 2014

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Strategi- og handlingsplan

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Årsmøte 2017 Telemark kulturnettverk

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Norsk musikkråds innspill til Kulturutredningen mai 2012

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

TELEMARK FYLKESKOMMUNE Fylkesordføraren

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

8. Museum og samlingar

ÅRSMELDING og REGNSKAP for stiftelsen

Regnskap 2014 Valdresrådet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Høring - finansiering av private barnehager

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kontrollutvalget i Klepp kommune Møteinnkalling

Spel for alle - "Kasino mobil" (Ref #c4ef53b5)

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SAK 02/15 REKNESKAP 2014

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Støtteordningar og søknader

Transkript:

Årsmøte 2011 Telemark kulturnettverk Gullbring kulturanlegg, Bø Tysdag 22. mars 2011 Årsmelding 2010 Rekneskap 2010 Budsjett 2011

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2009

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK INNHALD: ÅRSMØTE 2011 FOR TELEMARK KULTURNETTVERK... 2 1. GODKJENNING AV FULLMAKTER... 3 2. GODKJENNING AV SAKSLISTE OG FORRETNINGSORDEN... 3 3. VAL AV DIRIGENT, REFERENTAR OG TRE MEDLEMAR I REDAKSJONSKOMITÉ... 3 4. VAL AV TO PROTOKOLLUNDERSKRIVARAR... 3 5. OPPTAK AV MEDLEMMER. ANKESAKER.... 3 6. ÅRSMELDING... 4 6.1 MEDLEMMER... 4 6.2 STYRE OG UTVAL... 5 6.2.1 Fungerande styre med personlege varafolk Organisasjonstilknytning... 5 6.2.2 Styresaker... 5 6.3 ADMINISTRASJON... 5 6.3.1 Telemark kulturnettverk... 5 6.3.2 TKN, Telemarkkonsertar og Folkemusikkarkivet i Telemark... 6 6.4 STUDIEAKTIVITET... 6 6.4.1 Vaksenopplæring:... 6 6.5 OFFENTLEGE TILSKOT... 6 6.6 FRIFOND... 6 6.7 INNSATSOMRÅDE OG HANDLINGSPROGRAM GJENNOMFØRING... 6 6.7.1 Tilrettelegge for møteplassar og fellesarenaer... 6 6.7.2 Utvikling og nyskaping... 7 6.7.3 TKN som serviceorgan... 7 6.7.4 Forvaltningsoppgaver og større prosjekt... 7 6.7.5 Kultur- og interessepolitikk... 7 6.8 FOLKEMUSIKKARKIVET I TELEMARK... 8 6.9 OPPSUMMERING 2010... 9 7. REKNESKAP 2010... 10 7.1 DRIFTSREKNESKAP... 10 7.2 BALANSE... 11 7.3 NOTER / SPESIFIKASJONER TIL REKNESKAPEN 2010... 12 7.4 REVISJONSBERETNING 2010... 14 8. INNKOMNE SAKER... 15 9. INNSATSOMRÅDE OG HANDLINGSPROGRAM 2011... 15 9.1 TILRETTELEGGE FOR MØTEPLASSAR OG FELLESARENAER... 15 9.2 UTVIKLING OG NYSKAPING... 15 9.3 TKN SOM SERVICEORGAN... 15 9.4 FORVALTNINGSOPPGAVER OG STØRRE PROSJEKT... 15 9.5 KULTUR- OG INTERESSEPOLITIKK... 15 9.6 FOLKEMUSIKKARKIVET I TELEMARK... 15 10. KONTINGENT... 15 11. BUDSJETT 2011... 16 12. VAL... 18 13. VEDLEGG... 2 VEDLEGG I: STATLEG FORSKJELLSBEHANDLING AV FYLKESKOMMUNANE.... 2 VEDLEGG II: REGIONAL PLAN FOR NYSKAPING OG NÆRINGSUTVIKLING.... 3 VEDLEGG III: PLATTFORM FOR SAMSPILL OG SAMARBEID MELLOM FRIVILLIG OG KOMMUNAL SEKTOR... 4 SIDE 1

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 ÅRSMØTE 2011 FOR TELEMARK KULTURNETTVERK Tid: Tysdag 22. mars 2011 kl. 18.00 21.00 Stad: Gullbring kulturanlegg, Bø * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * Dagsorden for årsmøtet: 1: Godkjenning av fullmakter 2: Godkjenning av saksliste og forretningsorden 3: Val av dirigent, referentar og tre medlemer i redaksjonskomité 4: Val av to protokollunderskrivarar 5: Opptak av nye medlemmer. Ankesaker. 6: Årsmelding 7: Rekneskap 2010 8: Innkomne saker 9: Handlingsprogram 2011 10: Kontingent 11: Budsjett 2011 12: Val SIDE 2

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 1. GODKJENNING AV FULLMAKTER 2. GODKJENNING AV SAKSLISTE OG FORRETNINGSORDEN 3. VAL AV DIRIGENT, REFERENTAR OG TRE MEDLEMAR I REDAKSJONSKOMITÉ 4. VAL AV TO PROTOKOLLUNDERSKRIVARAR 5. OPPTAK AV MEDLEMMER. ANKESAKER. Ingen innkomne søknader til årsmøtet om medlemskap. Ingen ankesaker. SIDE 3

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 6. ÅRSMELDING 6.1 MEDLEMMER Totalt 34 medlemar pr. 31/12-10 Fylkesledd av organisasjonar (8) Bandnett Telemark Folkeakademiet Telemark Korpsnett Telemark Telemark avd av Norske Trekkspilleres Landsforbund Telemark Folkemusikklag Telemark Sangerforbund Telemark Ungdomslag Østnorsk Jazzsenter Fylkesaktivitetar (7) Glima Grenland Symfoniorkester Notodden Blues Festival Telemark Kammerorkester Telemark Messingensemble Telemark Messingkvintett Telemarkfestivalen Institusjonar (5) Høgskolen i Telemark Seljord Folkehøgskule, musikklina Skien Videregående skole, musikk-dans-drama Telemarksbiblioteket Telemarkkonsertar AS Lokale musikkråd / kulturnettverk (9) Porsgrunn musikkråd Skien musikkråd Drangedal kulturråd Bø kulturnettverk Sauherad kulturnettverk Tinn musikkråd Seljord musikkråd Tokke musikkråd Vinje kulturnettverk Musikk- og kulturskular/kommunar (5) Bø musikkskule Drangedal kulturskole Fyresdal kulturskule Notodden musikk- og kulturskole Vinje kulturskule SIDE 4

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 6.2 STYRE OG UTVAL 6.2.1 FUNGERANDE STYRE MED PERSONLEGE VARAFOLK ORGANISASJONSTILKNYTNING Leiar: Sarke Veum (10-12) Fyresdal kulturskule Nestleiar: Hilda Sørum (09-11) Sauherad kulturnettverk Styremed- Stan Blackburn (10-12) Tokke kulturskule lemmer Helene Waage (09-11) Telemark kammerorkester Hæge Manheim (09-11) Telemark folkemusikklag m/vara Johnny G. Stene (09-11) Drangedal kulturskule Gerd Amundsen (10-12) Telemark Sangerforbund Trude Lindgren (09-11) Bø kulturnettverk Ragnhild Knudsen (10-12) Telemark folkemusikklag VALNEMND: Sverre Jacobsen (10-12) Bø kulturnettverk/tme Gunn Steinstad (10-12) Telemark messingkvintett Trond Villa (10-11) Sauherad kulturskule 6.2.2 STYRESAKER Det er i årsmøteperioden halde 6 styremøter. Styret har behandla 17 saker og hatt 21 orienteringar. Av større saker har desse vore på sakskartet: 3 temamøte med brukargruppa ensemble om situasjonen i TK AS Telemarkkonsertar AS og varsel om gjennomgang, omorganisering Akustikkprosjektet Musikk i Skien fengsel (Miff)- oppstart UKM og utviklingsstrategi Nyetablering av Region-Sør samarbeidet. Møte med hovedutvalet for kultur og identitet. 6.3 ADMINISTRASJON 6.3.1 TELEMARK KULTURNETTVERK Telemark kulturnettverk er ein paraplyorganisasjon for kulturlivet i Telemark. Kulturnettverket driv forvaltning av vaksenopplæringstilskot, Frifond og KOMP-ordninga. Kulturnettverket er også møteplassen for kulturaktørane i fylket og er ein regional aktør på kulturområdet som står for service, samordning av ressursar, utviklingsstrategiar og gjennomføring av fylkeskommunal kulturpolitikk. Ei viktig oppgave for kulturnettverket er å utvikle og oppretthalde eit regionalt og nasjonalt samarbeidsnettverk på musikk- og kulturområdet. Personale arbeidsoppgaver / ansvarsområder: Kjell Stundal: Studierektor/dagleg leiar, 100% stilling Overordna administrativt og økonomisk ansvar Vaksenopplæring - adm. ansvar for rapportering, godkjenning, kontroll, info/kunngjering, fagleg innhald, rammestyring. Ungdommens Kulturmønstring (UKM) Styrearbeid; saksbehandlar/sekretær for styret i Telemark kulturnettverk, ansvarleg for prosjekt initiert av styret, arrangere møter/konferanser. Organisasjons- og utviklingsarbeid. Folkemusikkarkivet i Telemark. Driftsansvar, rapportering og generell administrasjon Heidi Vege: konsulent, 100% stilling. Regnskap, lønn, fakturering, budsjett, nettsider, data, div. kontorteknisk 60% vidareformidling av tenester til Telemarkkonsertar. I tillegg vidareformidling av tenester til Bø kulturnettverk, Bø Lyd & Scene, Sommarlandfestivalen, Telemark Folkemusikklag, Heidi Løvlunds Minnefond, Vestfold Kulturnettverk SIDE 5

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 Kari Lønnestad: Arkivar Folkemusikkarkivet i Telemark, 100 %. Tilsett i Telemark Fylkeskommune. Driftsansvar: Telemark kulturnettverk 6.3.2 TKN, TELEMARKKONSERTAR OG FOLKEMUSIKKARKIVET I TELEMARK har vore samlokalisert i Gullbring, Bø, og har hatt eit utstrakt samarbeid om felles kontoroppgaver og sambruk av teknisk utstyr. 6.4 STUDIEAKTIVITET 6.4.1 VAKSENOPPLÆRING: Kurs ordinært nivå 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Timar med lærar: 3 241 3 576 3 692 3 604 3 681 3 912 Timar utan lærar: 1 091 899 821 102 1 883 801 Sum timar: 4 332 4 475 4 513 3 706 5 564 4 713 Antall tiltak: 96 100 93 81 94 98 Antall deltakarar: 1 189 1 444 1 474 1 286 1 442 1 391 Sum statstilskot: 279 674 279 775 337 575 325 845 382 540 398 494 6.5 OFFENTLEGE TILSKOT 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Statstilskot Drift-/grunntilskudd 63 934 63 600 66 351 71 093 73 571 74 839 Vaksenopplæringstilskot (adm) 32 176 23 018 42 167 45 613 32 745 31 317 Mva-kompensasjon 61 142 Fylkestilskot Vaksenopplæring (adm) 36 400 23 100 31 800 29 400 26 000 42 300 Kultur/adm: 134 000 138 000 178 000 183 000 235 000 283 900 Arkiv, tilskot fylke * 39 494 69 000 400 000 Arkiv, tilskot kommune 140 000 136 000 137 500 138 000 138 000 137 500 UKM 320 000 329 000 342 000 341 000 423 000 489 600 Kulturtorg / kulturkonferanse 100 000 Bandnett/korpsnett 53 000 45 050 45 500 35 000 35 000 35 000 TMT 350 000 350 000 * Fylkestilskuddet til digitalisering er inntektsført over flere år, men tilskuddet ankom konto i 2007. 6.6 FRIFOND 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Antall søknader 110 94 79 74 43 Sum tilskot 186 000 119 000 266 500 169 000 179 250 161 000 Antall tildelingar 44 50 55 31 39 33 6.7 INNSATSOMRÅDE OG HANDLINGSPROGRAM GJENNOMFØRING SIDE 6 6.7.1 TILRETTELEGGE FOR MØTEPLASSAR OG FELLESARENAER Invitere nye aktørar inn i nettverket både på fylkes- og lokalplan Etablere kulturkonferansen/ kulturtorget som ein årleg møteplass for kulturaktørane i Telemark i samarbeid med fylkeskommunen og NOKU Vidareutvikle eit fast forum for lokale KNV/MR Vurdere oppretting av fleire forum og etablere kontakt med andre Trioen Glima og Telemark messingkvintett vart medlemmer i TKN i 2010. Kulturkonferansen hadde i år temaet kunst og vart planlagt og gjennomført utan TKN som medarrangør. Forum for lokale kulturnettverk/musikkråd vart gjennomført i november. Denne gongen var også Norsk musikkråd med på møtet og orienterte om nasjonale saker med relevans til lokalnivået. Det er fortsatt planar om å etablere fleire forum for medlemskategoriar med felles interesser. Det vart våren 2010 gjennomført tre møter med dei regionale ensembla i høve omorganisering av Telemarkkonsertar. TKN ser behov for å vidareføre dette initiativet med regelmessige møteplassar for ensemblesektoren.

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 6.7.2 UTVIKLING OG NYSKAPING Stimulere til utvikling og nyskaping hjå aktørane i nettverket Initiere nytt utviklingsprosjekt knytta til måling av akustikk i øvings- og konsertlokale Starte arbeidet med å få utarbeidd ein ny kulturplan for Telemark Starte opp samarbeidsprosjektet Blues Behind Bars med Telemark fengse Undersøke muligheten for å utvikle en database over kunstnere i Telemark, der disse selv kan registrere, endre og slette sine data Tiltak for nyskaping og utvikling har også i år vore retta mot lokalnivået og dei lokale nettverka. I Tilleg har det vore lagt ned mykje arbeid i forsøk på å vidareutvikle Telemarkkonsertar AS i staden for å avvikle selskapet. Dette for å trekke med seg dei mange positive erfaringane som er gjort gjennom 20 års drift. Det vart søkt fylkeskommunen om tilskot til akustikkprosjektet. Det er arbeidd med å finne fleire samarbeidspartar til å dele på utgiftene før søknaden vert realitetsbehandla. Det er tydeleg kommunisert med både adminitrasjon og politisk nivå at det hastar å starte opp arbeidet med ein kulturplan. TKN starta opp eit samarbeid med Skien fengsel våren 2010. Dette som ein del av NMR sitt prosjekt Miff (musikk i fengsel og frihet). Blues Behind Bars vart gjennomført med gode resultat og gode tilbakemeldingar og ser ut til å kunne vidareførast i 2011. Mulegheiten for å opprette ein kunstnardatabase er fortsatt på tenkestadiet. 6.7.3 TKN SOM SERVICEORGAN Vidareutvikle ekstern og intern informasjon gjennom nettsidene til TK Arbeide for ei fortsatt opptrapping av fylkestilskotet og styrke eigeninntektene TKN oppgraderer og forbetrar nettsidene med jamne mellomrom og nettsida er blitt ein viktig reiskap til kommunikasjon med medlemmer og brukarar. Fylkestilskotet til TKN og til UKM vart påplussa av fylkeskommunen i tråd med tidlegare lovnader og er nå à jour i høve aktivitetsomfanget og nivået i andre fylke det er naturleg å samanlikne seg med. 6.7.4 FORVALTNINGSOPPGAVER OG STØRRE PROSJEKT Vidareutvikle UKM organisatorisk ved å tilrettelegge for fleire framføringsarenaer Vurdere og evt. planlegge vidare drift av Telemark musikkteater Vurdere nye tiltak for Folkemusikkarkivet i Telemark. Det vart i 2010 gjennomført ein grundig gjennomgang av UKM-Telemark i nært samarbeid med kommunane der ulike sider ved dagens drift og nye utviklingstiltak vart sett på dagsorden. Det er utarbeidd eit notat om nye tiltak som styringsgruppa brukar i sine prioriteringar. Telemark musikkteater er foreløpig lagt på vent på grunn av dei økonomiske utfordringane med prosjektet. Folkemusikkarkivet er i gang med utgjeving av vokalstoff frå Telemark i bokform og som lydeksempel. Prosjektet vil halde fram i 2011. Det er og sett på dagsorden folkemusikkstoffet i USA som har røtene sine frå Telemark ved å søke eit samarbeid med Norsk hardingfelesenter. Eit eventuelt prosjekt i samarbeid med andre eller i eigen regi vert vurdert vidare. 6.7.5 KULTUR- OG INTERESSEPOLITIKK Sette på dagsorden dei politiske utfordringane for musikk- og kulturlivet i Telemark Sikre gode rutinar og opplegg for bruk av utviklingsmidlane til kulturarenaer Ha på dagsorden omorganisering av Telemarkkonsertar for å vidareutvikle organisasjonen for musikk- og kulturlivet i Telemark. TKN har hatt eit møte med hovedutvalet for kultur og identitet om utfordringane for paraplyorganisasjonen og for musikk- og kulturlivet i Telemark. Eit slikt dialogmøte er nå tenkt skal gjennomførast kvart år der problemområde og nye utfordringar kan luftast. TKN har hatt eit møte med fylkeskommunen om kvalitetssikring av løyvingar til kulturarenaer gjennom spelemidlane ved å utarbeide spesifikasjonskrav for tilskot og sikre fagleg kvalitet på dei prosjekta som får støtte. Akustikkprosjektet er eit slikt tiltak. Arbeidet vert vidareført i 2011. På slutten av året vart selskapet Telemarkkonsertar AS vedtatt avvikla og direkte underlagt fylkeskommunal forvaltning. TKN protesterte på manglande evaluering av selskapet si 20-årige drift, mangel på behovsanalyser og faglege vurderingar samt manglande plandokument å utvikle musikk- og kulturlivet etter. SIDE 7

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 6.8 FOLKEMUSIKKARKIVET I TELEMARK Folkemusikkarkivet i Telemark vart etablert av Telemark fylkeskommune i 1998. Telemark kulturnettverk har driftsansvar for arkivet, medan fylkeskommunen er arbeidsgjevar for arkivaren. Driftskostnadene er delt mellom fleire partar. Fylkeskommunen løyver midlar til 100% stilling, og øvrige kostnader skal vere eit spleiselag mellom kommunar og andre brukarar. I 2010 har tolv kommunar 1 bidratt til dette spleiselaget. Kari Lønnestad har vore tilsett i 100% stilling. Arkivet driv innsamling ved eigne opptak og ved innlån/innlevering av materiale frå andre samlarar. På denne måten har det i 2010 kome inn 14,5 timar lydopptak og 7 timar videoopptak. I tillegg kjem to innspela fonogram og ein videofilm. Arkivet nyttar databasen FIOL for registrering av opptak. Denne blir nytta av dei fleste folkemusikkarkiva i landet, og blir administrert og vidareutvikla av Folkmusikens Hus i Rättvik, Sverige, som vi har lisensavtale med. Ved utgangen av 2010 var det registrert 17.678 objekt (postar) i databasen, ei auke på 667 det siste året. Det blir arbeidd kontinuerleg med å bygge opp ei samling av skriftleg materiale. Avisklipp, artiklar m.m. er samla, og enkelte bøker er kjøpt inn. Arkivet har ein enkel database for denne typen materiale. Avisartiklar utgjer hovudtyngda her, men samlinga inneheld også anna artikkelstoff, bøker, manuskript, notat m.m. I skriftdatabasen var det ved årsskiftet registrert 6690 postar, ei auke på 174 postar siste år. Arkivet tek imot henvendelsar frå publikum som resulterer i ulike tenester - informasjon, besøk i arkivet, utkopiering av opptak og/eller skriftleg materiale m.m. Pågangen frå brukarar har vore aukande dei siste åra, og i 2010 har 32 ulike personar mottatt kopi av lydopptak frå samlinga. Statistikken viser følgjande tal på tenester og besøk: 2008 2009 2010 Forespørslar 81 92 113 Besøk 105 74 125 Utkopiering opptak, minuttar stk objekt 1763 769 2215 927 Utkopiering skrift, stk A4 30 55 74 Forutan å yte tenester til enkeltpersonar som vender seg til arkivet, driv arkivaren også formidlingsverksemd gjennom ulike presentasjonar, utgjevingar, kurs o.l. Dette året har arkivet kome i gang med songkveldar, uformelle samlingar for viseinteresserte der ein syng saman og for kvarandre. Det kan også nemnast at det har blitt arbeidd med planar for ei visebok med materiale frå arkivet, det er oppretta profil på Facebook, og det er publisert ein artikkel på nettstaden Digitalt fortalt. Arkivaren deltar kvart år på ymse kurs, seminar og møteverksemd på vegne av arkivet. Ho blir også i blant nytta som fagperson i ulike samanhengar. I meldingsåret har ho mellom anna site i arbeidsutvalet for Nettverk for norske folkemusikkarkiv, deltatt på ABM-utvikling sitt seminar om UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv, site i arbeidsgruppe i FolkOrg for utarbeiding av nytt domarskjema i vokal og vore engasjert til å halde innlegg på seminar i samband med representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans. 2144 781 1 Dei deltakande kommunane er: Bø, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Notodden, Sauherad, Seljord, Skien, Tinn, Tokke og Vinje SIDE 8

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 6.9 OPPSUMMERING 2010 I 2010 har desse sakene hatt hovedfokus: Halde oppe initiativ til etablering av lokale samarbeidsorgan Vidareutvikle opplegg med nye møteplassar Gjennomgang og ny utvikling for UKM-Telemark Telemarkkonsertar sin nye rolle Varsel om avvikling av Telemarkkonsertar AS I 2010 vart det ikkje etabler nye lokale kulturnettverk/ musikkråd. Seljord kommune har vedtatt ein ny kulturplan der etablering av eit fellesorgan er vedtat oppretta. Fleire kommunar er inne i ein vurderingsfase utan at nokon er prosjektklare enno. TKN har det siste året vore aktiv med å spele inn nye utviklingsgrep til Telemarkkonsertar AS. Dette for å fange opp dei mange vellukka tiltaka som kan vidareførast og dei mindre vellukka tiltaka som treng justering. Mellom anna vart det halde fleire møter med ensembla i Telemark for å sikre at attiviteten kunne vidareutviklast uavhengig av kva som ville skje med selskapet. Telemark har som mange vitale ensemble av profesjonell- og semiprofesjonell kvalitet at det kan vere behov for å etablere faste møteplassar og ideforum for denne aktiviteten. I 2010 vart region-sør-samarbeidet reetablert etter mange år i kvilemodus. Foreløpig er det eit samarbeid mellom fylka Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust- og Vest-Agder på administrativt nivå. Vi møtes tein til to ganger i året for felles drøftingar og har telefonmøte på Skype ein gong i månaden. I 2010 vart det gjennomført ein grundig gjennomgang av UKM-Telemark som omfatta både kommune- og fylkesnivå.. Ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå kommunar og TKN utarbeidde eit dokument for strategiar og nye utviklingstiltak som på slutten av året er vedtatt av styringsgruppa for UKM og styret i TKN. TKN starta opp eit samarbeid med Skien fengsel våren 2010. Dette som ein del av NMR sitt prosjekt Miff (musikk i fensel og frihet). Blues behind bars vart gjennomført med gode resultat og gode tilbakemeldingar og ser ut til å kunne vidareførast i 2011. I tillegg er TKN eit støtteapparat for å tilføre statlege midlar til musikkopplæring i fengselet og vere fagleg samarbeidspart. I desember vedtok fylkestinget å legge ned selskapet Telemarkkonsertar AS. Styret i TKN har vore svært kritisk til den mangelfulle prosessen som låg til grunn for vedtaket, og etterlyste i fleire samanhengar ei grundig evaluering etter 20 års drift, gode analyser av verksemda både frå eigar- og brukarperspektiv og ikkje minst ei avklaring av mål for den langsiktige kultursatsinga til fylkeskommunen. TKN vil og sterkt beklaga at TK AS vart avvikla utan at organisasjonen som skulle vidareføre oppgavene var etablert, gjennomdrøfta og kommunisert med brukarane og aktørane på musikkområdet. Frå 2010 har fylkeskommunen overtatt ansvarer for statlege spelemidlar som skal gå til kulturhus og kulturarenear i Telemark. For å sikre kvaliteten i dei lokala som skal brukast til musikkformål i fylket har TKN i møte med fylkeskommunen tilbydd seg å hjelpe til med dette arbeidet ved eit akustikkprosjekt som går ut på å registrere og måle musikk akustikken i lokale som i neste omgang vil kunne søke om tilskot av spelemidlar frå fylkeskommunen. I tillegg har me spelt inn behov for å fylgje opp standardkrav til lokale som er støtta med spelemedlar, krav som minst er på det faglege nivået som dep. hadde. Styret i TKN takkar lag, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar for det gode arbeidet som er utført for musikk- og kulturlivet i Telemark i 2010. SIDE 9

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 7. REKNESKAP 2010 7.1 DRIFTSREKNESKAP Regnskap 2010 Budsjett 2010 Regn 2009 Inntekter Salsinntekter 57 737 68 000 241 896 Off. tilskot: 2 1 119 456 1 108 000 1 343 055 Andre tilskot 3 30 340 400 000 Refusjonar 4 503 015 503 000 498 777 Medlemskontingent 16 000 15 000 15 000 Sum inntekter 1 726 548 1 694 000 2 498 725 Kostnader Lønnskostnader 5 1 247 386 1 199 000 1 620 081 Revisjon rekneskap 6 23 125 16 000 20 000 Kostnader lokale 120 312 133 000 187 272 Inventar/kontor- og opptaksutstyr 14 762 5 000 14 303 Vedlikeh/rep. 23 997 23 000 23 038 Lys & Lyd 49 415 50 000 237 205 Rekvisita, kontor m.m. 26 498 42 000 81 935 Tlf, porto, frakt 50 731 61 000 57 508 Reise, diett, overnatting 84 344 113 000 205 657 Marknadsføring 23 089 22 000 44 736 Kontingentar 2 991 3 000 2 920 Forsikringar 2 242 4 000 2 122 Møte/konf.-kostn. 15 993 18 000 18 807 Tilskudd til andre 20 000 20 000 Andre kostnader 2 614 12 000 62 628 Periodisering avdelingsresultat 7 47 426 142 190 Sum kostnader 1 754 925 1 721 000 2 720 402 Driftsresultat: - 28 377-27 000-221 674 Finansinnt/kostn. Finansinnt. 31 073 20 000 24 840 Finanskostn. Resultat før ekstraord. poster 2 696-7 000-196 834 Ekstraord. poster Årsresultat: 7 2 696-7 000-196 834 Overføringer: Overført annen egenkapital 2 696-7 000-196 834 SIDE 10

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 7.2 BALANSE 2010 2009 Eiendeler: Anleggsmidler: Maskiner og inventar 0 0 Sum anleggsmidler: 0 0 Korts. finansinvesteringer Aksjer / andeler 8 12 500 12 500 Sum korts. finansinv. 12 500 12 500 Kortsiktige fordringer: Forskot lønn Kundefordringer: 2 500 11 634 Div forskuddsbet. kostnader 9 177 679 109 839 Andre korts. fordringer 231 000 Sum korts. fordringer: 180 179 352 473 Kontanter/bankinnskudd Kasse / bank 967 845 603 017 Sum kontanter/bankinnskudd 967 845 603 017 Sum eiendeler: 1 160 524 967 990 Egenkapital og gjeld: Opptjent egenkapital Annen egenkapital 211 656 208 989 Sum opptjent egenkapital 211 656 208 989 Avsetning for forpliktelser Avsetning pensjon / AFP 5 205 000 135 000 Sum avsetning for forpliktelser 205 000 135 000 Kortsiktig gjeld: Leverandørgjeld 36 410 16 702 Skyldig skatt/avgifter 62 003 51 976 Annen korts. gjeld 10 645 455 555 323 Sum kortsiktig gjeld 743 868 624 001 Sum egenkapital og gjeld 1 160 524 967 990 SIDE 11

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 7.3 NOTER / SPESIFIKASJONER TIL REKNESKAPEN 2010 1. Prinsippnote Årsregnskapet er satt opp i samsvar med Regnskapsloven og god regnskapskikk for små foretak. Inntektene bokføres etter hvert som de inntjenes og i henhold til bevilgning av tilskudd. 2. Offentlige tilskudd: Stat: VO 31 317 Driftstilskudd/grunntilskudd 74 839 Musikk i fengsel og frihet 25 000 Fylke: VO 42 300 Kulturtilskudd 283 900 UKM 489 600 BandNett Telemark 20 000 Korpsnett Telemark 15 000 Kommune: VO Telemark Folkemusikkarkiv: 137 500 Sum off. tilskudd: 1 119 456 3. Andre tilskudd: Norsk kulturråd (til bokprosjekt, folkemusikkarkivet) 30 000 Norsk Tipping, grasrotandel 340 Sum andre tilskot: 30 340 4. Refusjoner: Lønn: 379 064 Andre ref (herav mva-kompensasjon kr. 61.142): 123 951 Sum refusjoner: 503 015 I lønnsrefusjon er innbakt et påslag (ca 10%) til dekking av sekretariatets kostnader til lokalleie m.v. Kulturnettverket formidler tjenester til Telemarkkonsertar, Vestfold Kulturnettverk, Bø musikkråd, Bø Lyd og Scene, Sommarlandfestivalen, Telemark Folkemusikklag, Heidi Løvlunds Minnefond. Andre refusjoner er hovedsaklig frankering og kopiering, der kulturnettverket stiller maskinene sine til rådighet for eksterne brukere. 5. Ansatte, godtgjøring, lån til ansatte m.v. Antall årsverk: 2 Lønn og annen godtgjøring til daglig leder: 445 560 Lønnskostnader: (herav utbet til næringsdrivande: 5 000) 766 274 Arbeidsgjevaravgift (skyldig og pål.): 138 538 Pål. feriep: 98 303 Pensjonskostnader (inkl. afp-kostnader) 206 146 Andre personalkostnader 38 125 Sum lønnskostnader: 1 247 386 Norsk musikkråd har ansvar for felles pensjonsavtale i Nordea for alle regionale MR, og også personalforsikringer går via NMR. NMR viderefakturerer TKN for dette. For å møte evt. framtidig kostnader til avtalefesta pensjon oppretta TKN 31/12-04 eit fond som pr. 31/12-10 er på kr. 205.000. Det er avsatt kr. 63 000 til historisk premie før 2011. SIDE 12

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 6. Revisjonshonorar: 14 625 Revisjon ifm merverdiavgiftkompensasjonen 4 375 Annen bistand: 4 125 Sum revisjonskostnader: 23 125 7. Resultat 2010: Avdelingsnavn IB + = til gode - = skyldig Innt. Kostn. Res: - = undersk Of drift Endring balansel Arkivet 421 704 174 255 126 829 47 426 47 426-469 130 UKM 558 200 521 590 36 610 36 610 Adm 1 025 349 1 059 263-33 914-33 914 Sum - 421 704 1 757 804-1 707 682 50 122 36 610 13 512-469 130 UB 8. Aksjer/andeler: Andel Bø Lyd og Scene (2000) 1 andel a kr. 10.000: 10 000 Aksjekapital Gullbring Kulturanlegg 5 aksjer a kr. 500: 2 500 Sum Aksjer/andeler 12 500 9. Div. forskuddsbetalte kostnader gjelder pensjonskostnader 2011 fra NMR, betalt i 2010. 10. Annen kortsiktig gjeld/påløpte kostnader: Pensjon, historisk premie 63 000 Skyldig fagforeningskont 1 161 Skyldig feriep inkl. aga: 112 164 Sum prosjektmidler Folkemusikkarkivet: 469 130 Sum anna korts. gjeld: 645 455 SIDE 13

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 7.4 REVISJONSBERETNING 2010 SIDE 14

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK 8. INNKOMNE SAKER Årsmøtet har motteke 4 saker til handsaming: A. Vedtektsendringar: 4.5: Dagsorden for årsmøtet Pkt 1 skal lyde: Godkjenne innkalling og fullmaktene til representantane. B. Statleg forskjellsbehandling av fylkeskommunane fråsegn (sjå vedlegg I) C. Regional plan for nyskaping og næringsutvikling høyringssvar (sjå vedlegg II) D. Plattform for samspill og samarbeid mellom frivilling og kommunal sektor fråsegn (sjå vedlegg III) 9. INNSATSOMRÅDE OG HANDLINGSPROGRAM 2011 9.1 TILRETTELEGGE FOR MØTEPLASSAR OG FELLESARENAER Invitere nye aktørar inn i nettverket både på fylkes- og lokalplan Vidareutvikle eit fast forum for lokale KNV/MR Vurdere oppretting av forum for ensemble Etablere faste kontaktmøter med kulturskulane Vidareføre eit årleg dialogmøte med hovedutvalet for kultur og identitet Vurdere oppretting av forum for regionale folkemusikk-aktørar 9.2 UTVIKLING OG NYSKAPING Stimulere til utvikling og nyskaping hjå aktørane i nettverket Arbeide vidare med utviklingsprosjekt knytta til måling av akustikk i øvings- og konsertlokale Arbeide for fortgang med å få ein kulturplan for Telemark Vidareføre samarbeidsprosjektet med Skien fengsel (Miff) Arbeide for statleg medverking til ensemblesatsinga i Telemark Søke samarbeid med folkehelseprosjektet for å nå ut til våre medlemmer med nye tilbod 9.3 TKN SOM SERVICEORGAN Vidareutvikle ekstern og intern informasjon gjennom nettsidene til TKN Vidareutvikle informasjon og meldetenester om statlege tilskotsordningar 9.4 FORVALTNINGSOPPGAVER OG STØRRE PROSJEKT Vidareutvikle UKM med regionale samarbeidskurs og fleire framføringsarenaer Vurdere nye tiltak for Folkemusikkarkivet i Telemark 9.5 KULTUR- OG INTERESSEPOLITIKK Initiere kulturpolitiske utspel i valkampen saman med breie kulturinteresser Arbeide for å få vedtatt NMR s spesifikasjonskrav for kulturarenaer støtta av spelemidlane Starte planlegging av ei storstilt kulturmarkering av grunnlovsjubileet 2014 Utvikle ein orkester light-versjon for Telemark basert på fleksible ensemblekonsept Arbeide for ei styrking av økonomien til den lokale konsertarrangøren Arbeide for å få vedtatt Plattform for samspill og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor 9.6 FOLKEMUSIKKARKIVET I TELEMARK Arbeide for å gjennomføre ei bokutgjeving frå arkivet Vurdere nye formidlingstiltak Vidareutvikle nettsidene til arkivet Drive variert samtidsdokumentasjon Arbeide for å knytte til seg alle kommunane i fylket 10. KONTINGENT Framlegg frå styret: Ordninga med ein årleg kontingent på kr. 500 for alle medlemmer vert vidareført SIDE 15

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 11. BUDSJETT 2011 Inntekter Budsjett 2011 Regn 2010 Budsjett 2010 Salsinntekter 1 61 000 57 737 68 000 Off. tilskot: 2 1 118 500 1 119 456 1 108 000 Andre tilskot 30 000 30 340 Refusjonar 3 222 500 503 015 503 000 Medlemskontingent 15 000 16 000 15 000 Sum inntekter 1 447 000 1 726 548 1 694 000 Kostnader Avskrivning 10 000 Lønnskostnader 4 996 000 1 247 386 1 199 000 Revisjon 20 000 23 125 16 000 Kostnader lokale 137 000 120 312 133 000 Inventar/kontorutstyr 14 762 5 000 Vedlikeh/rep. 34 000 23 997 23 000 Lyd & Lys 50 000 49 415 50 000 Div rekvisita 5 27 000 26 498 42 000 Tlf, porto, frakt 47 000 50 731 61 000 Reise, diett, overnatting 115 000 84 344 113 000 Marknadsføring 32 000 23 089 22 000 Kontingentar 3 000 2 991 3 000 Forsikringar 3 000 2 242 4 000 Møte/konf.-kostn. 19 000 15 993 18 000 Tilskot til andre 6 20 000 20 000 Andre kostnader 7 221 000 2 614 12 000 Avsetn. prosjektmidler -199 000 47 426 0 Sum kostnader 1 535 000 1 754 925 1 721 000 Driftsresultat: - 88 000-28 377-27 000 Finansinnt/kostn. Finansinnt. 20 000 31 073 20 000 Finanskostn. Resultat finans 20 000 31 073 20 000 Årsresultat: - 68 000 2 696-7 000 SIDE 16

ÅRSMØTE 2011 TELEMARK KULTURNETTVERK Noter / spesifikasjonar til budsjettet 2011 1. Salsinntekter: Inneheld m.a. billettinntekter UKM, deltakaravgifter, samt sal av CDar frå arkivet 2. Offentlege tilskot: 1 118 500 Stat: VO admin 32 000 Basis/time-tilskot 73 000 Musikk i fengsel og frihet 25 000 Fylke VO 36 000 Kulturtilskot 284 000 Bandnett / korpsnett 40 000 UKM 490 000 Kommune: VO 1 000 Folkemusikkarkivet 138 500 3. Refusjonar: 222 500 Lønn: 116 000 Ref. kopiering, porto, tele, kommunepk UKM etc. 106 500 4. Lønnskostnader: 996 000 Adm, nto (962-360) 602 000 Arkivet 58 000 UKM 336 000 5. Rekvisita: Inneholder også kostnader til programvare-lisenser/oppdateringer. 6. Tilskot til andre: Tilskot til Telemark fengsel (Musikk i fengsel og frihet prosjekt Blues Behind Bars 7. Andre kostnader Gjeld hovedsakleg cd/bok-prosjektet til arkivet (217 ). Salsinntekter er ikkje tekne inn i budsjettet SIDE 17

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 12. VAL Valnemnda si innstilling blir lagt fram under årsmøtet. Personar i grå skrift er ikkje på val. Funksjon Namn Organisasjon / inst. Periode Leiar Sarke Veum Fyresdal kulturskule 10 12 Styremedl: Stan Blackburn Tokke kulturskule 10 12 Hilda Sørum Sauherad kommune 09 11 Hæge Manheim Telemark folkemusikklag 10-11 Helene Waage Glima 09 11 Varamedlemmer: Johnny Stene Drangedal kulturskule 09 11 Trude Lindgren Bø kulturnettverk 09 11 Ragnhild Knudsen Telemark folkemusikklag 10 12 Gerd Amundsen Telemark Sangerforbund 10 12 Valnemd: Sverre Jacobsen Telemark messingkvintett 10 12 Gunn Steinstad Telemark messingensemble 10 12 Trond Villa Sauherad kulturnettverk 10 11 Valnemd, vara: SIDE 18

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 13. VEDLEGG VEDLEGG I: STATLEG FORSKJELLSBEHANDLING AV FYLKESKOMMUNANE. Fråsegn frå årsmøtet i Telemark kulturnettverk Over mange tiår har staten deltatt aktivt i utvikling og utbygging av orkestre i deler av landet. Orkestersatsinga går først og fremst på symfoniorkester, men også militærorkester med rein blåsebesetning og nokre mindre ensemble med nasjonal profil har fått direkte statleg støtte. Orkestra varierer i storleik frå militærorkester med besetning på mellom 20-30 medlemmer og til dei største symfoniorkestra på opp mot 100 musikarar. At dette er store statlege overføringar som nokre få distrikt får glede av og kan hauste frukter av er det ingen tvil om. Den lokale og regionale effekten av slike satsingar er av stor betydning for kulturtilbodet og attraksjonskrafta til området. Synergieffekten vil gå på musikalske kvalitetstilbod i geografisk nærleik og vil vere eit kulturtilbod som gir mange ringvirkningar i lokalmiljøet som td. høg fagkompetanse, god tilgang på pedagogisk kompetanse og til sjuande og sist vere avgjerande for området si totale attraksjonskraft i høve busetting og utvikling. Telemark har sidan 1970-åra arbeidd for å få utbygd orkester/ensemble med hjelp av statleg medverking, utan å ha lukkast med dette. Fylket har falle mellom to stolar i den nasjonale strategien, noko vi har felles med andre innlandsfylke. Dei største befolkningsområda har blitt prioritet i orkesterutbygginga. Telemark og dei andre innlandsfylka har geografisk nærleik til Oslo-området, men kan i liten grad nyte godt av investeringane der for å utvikle sin eigen attraktivitet og utvikling. Avstanden har ikkje blitt oppfatta som så stor at distriktspolitiske tiltak er vurdert. Kulturministaren har tatt til orde for å sjå på dei statlege overføringane som går utanom fylkeskommunen sine system for nettopp å få ein meir rettferdig og hensiktsmessig fordeling på regionsnivå. Når fylkeskommunen nå av Stortinget er definert som det regionale nivået vil det vere rimeleg å sjå på dei totale statlege overføringane til dette forvaltningsnivået. Det vil vere i fylkeskommunen og musikklivet i Telemark si interesse å gripe fatt i denne utfordringa og helst påskunde prosessen. Gjennom Distriktsmusikarordninga AS og Telemarkkonsertar AS, som vart etablert i 1990, har det vorte bygd opp profesjonelle ensemble ved m.a. hjelp av fylkeskommunale midlar. Desse ensembla har vist seg levedyktige på tross av liten økonomisk innsats. Ved hjelp av fleire små ensemble og utvida aktivitet, kan Telemark bygge opp ein grunnkompetanse som både er lite ressurskrevande i høve større orkester, som er fleksibel og godt tilpassa konsertbehovet i fylket, som kan ha ein desentralisert struktur og dermed vere tilgjengeleg for heile fylket. Eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune og kommune ( ved kulturskolen) ville kunne gje så stabile rammevilkår at det er muleg å bygge opp levedyktige ensemble på høgt nivå, som samtidig vil kunne ivareta dei lokale behova for utøving og kompetansebygging på området. Telemark kulturnettverk vil difor utfordre fylkeskommunen til å gå vidare med saka og vurdere fylgjande tiltak: Skaffe seg alliansepartar i dei andre innlandsfylka som ikkje har statlege overføringar til orkester i dag (Buskerud, Oppland, Hedmark m.fl.) Saman med andre fylke, eller på eigen kjøl, ta initiativ til å få utgreidd problemstillinga på ein fagleg måte t.d. gjennom Telemarkforsking. I god tid før neste stortingsval løfte saka opp på nasjonalt politisk nivå. Utvikle ein ensemble/orkestermodell som er tilpassa behovet i Telemark som del av ein framtidig kulturstrategi.

VEDLEGG II: REGIONAL PLAN FOR NYSKAPING OG NÆRINGSUTVIKLING. Høringsfråsegn frå årsmøtet i Telemark kulturnettverk Generell kommentar. Årsmøtet i Telemark kulturnettverk (TKN) vil slutte seg til dei overordna strategiske grepa med hovedfokus på alliansebygging, kunnskapstilegning, skapertrang, samarbeid og samhandling. Dette er også viktige grep for å utvikle kunst- og kultursektoren i Telemark og bør vere fylkeskommunen sin overordna strategi i utvikling av plandokument på andre fagområde. For å få eit stort mangfold av aktørar til å slutte opp om felles utviklingsstrategiar, felles mål og ønske om samhandling på det praktiske plan vil styret også understreke behovet for å skape tryggleik, toleranse for ein positiv samhandlingskultur og i tillegg utvikle og vedlikehalde gode møteplassar og samhandlingsarenaer. Årsmøtet vil berømme arbeidet og resultatet med dei overordna grepa i planen. Kunst- og kultur som nyskaping- og næringssektor. Planen opnar for å inkludere kunst- og kultursektoren i planen under pkt. 3.5 satsingsområde Attraksjonskraft. Årsmøtet i TKN vil i høyringa understreke kunst- og kultursektoren som viktig både for å utvikle attraksjonskraft, men også som sektor for nyskaping og utvikling av nye næringsaktørar. Kunst- og kultursektoren er ein sterkt veksande sektoren om dagen, denne veksten bør også Telemark vere med på og ta del i på ein aktiv måte. Ein viktig premiss for å skape attraksjonskraft er eit omfattande folkeleg engasjement som me finn i dei breie amatørkulturane. Dette igjen kan vere med å skape arenaer og arbeid for profesjonelle aktørar innan heile kunst- og kulturområdet. Det bør vere planen sitt minstemål å kunne lage kulturproduksjonar som dekkar eige behov og helst vere ein eksportør av slike produksjonar. På same måten bør fylket vere sjølvforsynt med kunstnarar til å dekke behovet innan kunstformidlinga i skuleverket og for kveldsmarknaden. For å kunne vidareutvikle merkevara Telemarkskultur bør fylket også ha ambisjonar om å ha mange kunstnarar som også kan delta på den nasjonale og helst internasjonale arenaen. Telemarkskunstnarar vil i all hovedsak marnadsføre seg som enkeltpersonar og utvikle kunstnæring som enkeltmannsforetak. Det er difor spesielt viktig å utvikle gode og funksjonelle støtteordningar for etableringar og for å utvikle ein god marknad for kunstproduksjonar innan alle kunstområda. Årsmøtet har registrert eit stort behov for å utvikle møteplassar og okonomiske og faglege støttefunksjonar for dei mange små aktørane på kunstområdet. Årsmøtet vil be om at dette vert tatt omsyn til i det vidare arbeidet med handlingsplanar og konkrete tiltak. SIDE 3

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 VEDLEGG III: PLATTFORM FOR SAMSPILL OG SAMARBEID MELLOM FRIVILLIG OG KOMMUNAL SEKTOR Formål Dette dokumentet skal være en plattform for samspill og samarbeid om utvikling av frivillighetspolitikken mellom frivillig (representert ved Frivillighet Norge) og kommunal sektor (representert ved KS). Plattformen er etablert i samarbeid mellom likeverdige parter; frivilligheten og kommunesektoren, og videre dialog mellom partene bør baseres på denne plattformen. Plattformen er et uttrykk for ønsket om bedre samhandling mellom sektorene for å støtte og tilrettelegge for den omfattende og viktige aktiviteten i frivillig sektor. Plattformen fastsetter prinsipper og handlinger for å styrke relasjonen mellom offentlig og frivillig sektor i Norge. Partene har en felles intensjon om å bevare og videreutvikle den nordiske frivillighetstradisjonen med en selvstendig frivillig sektor som viktig pilar i vårt demokrati. Partene anbefaler organisasjoner på lokalt nivå og de enkelte kommuner og fylkeskommuner til å etablere tilsvarende samarbeidsplattformer. Overordnede prinsipper 1. Frivillig sektor er en uavhengig og selvstendig samfunnssektor som plasserer seg mellom næringslivet og offentlig sektor. Frivillig sektor anerkjennes på lik linje med de andre sektorene i samfunnet. Samarbeid og samhandling mellom offentlig og frivillig sektor skal baseres på likeverdig partnerskap, og gjensidig respekt for hverandres roller. 2. Frivillig sektor bidrar med store verdier til samfunnet, er samfunnsbyggende og spiller en viktig rolle i den nordiske demokratiske modellen. 3. Frivillige organisasjoner er viktige for demokratiet ved å være pådrivere og gjennom å være kanaler inn i demokratiet for interessegrupper og engasjerte borgere. 4. Frivillighet øker samfunnets sosiale kapital ved at tillit, identitet og samhold skapes i møter mellom mennesker. 5. Mangfoldet i frivillig sektor er en verdi i seg selv og en viktig årsak til høy deltakelse. Mangfoldigheten må ivaretas gjennom ulike typer virkemidler for ulike deler av frivilligheten. 6. Offentlig og frivillig sektor har ulike, men komplementære roller i samfunnet. Samarbeidet mellom sektorene må bygge på et prinsipp om at frivillig sektor skal supplere og ikke erstatte offentlige tjenester. 7. Det offentlige skal tilrettelegge for en helhetlig frivillighetspolitikk på alle nivåer, som gir grobunn for en aktiv og voksende frivillig sektor. Forutsigbare rammevilkår 1. KS og Frivillighet Norge er enig om at det er en fordel med mest mulig forutsigbarhet i rammevilkårene til frivillig sektor, og at dette må etterstrebes. 2. Offentlig økonomisk støtte skal i størst mulig grad gis i form av frie midler som frivilligheten kan benytte i tråd med egne prioriteringer. 3. Det offentlige må søke å redusere byråkratiet i form av kriterier og krav for å utløse støtte til frivillig sektor. 4. Frivillig sektor bør høres av kommune som berører de enkelte organisasjoners hjertesaker, og saker som berører vilkårene for organisasjonsdrift. Relasjonen mellom frivillig sektor og kommunen 1. Frivillig aktivitet skjer først og fremst i et lokalsamfunn, i en kommune. En aktiv og levende frivillig sektor er av grunnleggende betydning for et aktivt og levende lokalsamfunn. Kommunene må tilrettelegge for frivillig sektor, og bør derfor utvikle en egen lokal frivillighetspolitikk. a) Kommuner og frivillige organisasjoner på lokalt nivå kan inngå lokale samarbeidsplattformer hvor prinsippene for samarbeid nedfelles. En slik prinsipperklæring kan være etter mal av denne. b) En lokal frivillighetspolitikk bør inneholde virkemidler som tilrettelegger for frivilligheten. Eksempler på virkemidler kan være økonomisk støtte, infrastruktur/lokaler/møteplasser, kontakt- og informasjonsmuligheter innad i kommunen. Universell utforming må være kriterium for alle virkemidler. c) Det bør utarbeides partnerskap mellom kommuner, frivillige organisasjoner og frivillighets- /nærmiljøsentraler. Sentralene skal fungere som et koordinerende ledd mellom frivillige organisasjoner, og mellom det frivillige og offentlige. Partnerskap vil sikre dialog og samarbeid mellom partene. d) Kommuner bør ha en arena for kontinuerlig dialog med frivillig sektor. En slik arena kan være frivillighetsforum/frivillighetsråd, der alle frivillige organisasjoner i kommunen inviteres til å delta. e) Frivillig sektor bør involveres i planprosesser i de saker det er naturlig.

2. Frivillig sektor lokalt må ha en aktiv holdning overfor lokaldemokratiet og bidra til utvikling av nærmiljøet. Oppfølging av plattformen Det etableres en felles arena i form av jevnlig kontaktmøte mellom Frivillighet Norge og KS, med grunnlag i plattformen. Partene vil her ta opp relevante saker. Innkalling til kontaktmøtene vil gå på omgang mellom partene. Plattformen har en varighet på to år. Partene vil da sammen evaluere og eventuelt revidere en ny plattform. Dato: 10.01.2011 Sigrun Vågeng KS-direktør Birgitte Brekke generalsekretær Frivillighet Norge SIDE 5

TELEMARK KULTURNETTVERK ÅRSMØTE 2011 I Gullbringvn. 34, Bø i Telemark finn du: Telemark kulturnettverk UKM Telemark Folkemusikkarkivet i Telemark Fellesorganisasjon for heile kulturlivet, både frivillige organisasjonar og offentlege institusjonar innan kultur Fylkeskontakt og UKM-ansvarleg Folkemusikkarkiv med ansvar innafor heile breidda av folkelege musikkformer. Reg kompetansesenter for rytmisk musikk Telemarkfestivalen Telemark Fylkesscene for Jazz Internasjonal folkemusikkfestival med årlege arrangement i juli/aug Del av Sørnorsk Jazzsenter sine fylkesavdelinger Tlf: Faks: e-post / nettside Telemark kulturnettverk 35 06 06 80 35 06 06 99 telemark@musikk.no http://www.musikk.no/telemark Folkemusikkarkivet 35 06 06 86 35 06 06 99 boe@folkemusikkarkivet.net http://www.folkemusikkarkivet.net/ Telemarkfestivalen 35 95 19 19 35 95 35 46 post@telemarkfestivalen.no http://www.telemarkfestivalen.no/ Reg kompetansesenter 35 95 19 19 35 95 35 46 post@telemarkfestivalen.no Telemark fylkesscene for Jazz 90 63 84 53 oystein@boblad.no