Styresak. Forslag til landsverneplan for spesialisthelsetenesta - Høyring



Like dokumenter
Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Landsverneplanen

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Forvaltningsplan for freding Gamle brannstasjon Kartreferanse 05

Forvaltningsplan for Freding Teknisk bygg Kartreferanse 03

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Forvaltningsplan for freding Bustad B Kartreferanse 04

Styresak FORSLAG TIL LANDSVERNEPLAN FOR HELSESEKTOREN. HØYRING

FORSKRIFT OM FREDING AV TINFOS KULTURMILJØ NOTODDEN KOMMUNE, TELEMARK

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forvaltningsplan for freding Bustad A Kartreferanse 05

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Styremøte. Leif Terje Alvestad Etablering av ø.hj. senger i Sunnhordaland. 1 vedlegg Styremøte

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Forvaltningsplan for freda og verna bygningar/ parkanlegg Stord sjukehus Generell del

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Styresak. Bakgrunn: Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Investeringsbudsjett 2009 og lån Styremøte

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Side 1 av 6. Vår dato Vår referanse Årdal Energi KF NET Revisjon Retningslinjer for anleggsbidrag 3

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Kommunedelplan for kulturminne

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Juridisk studentutvalg Det juridiske fakultet

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 62/ Kommunestyret 73/

Budsjett Intern Service Helse Førde

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

FORVALTNINGSPLAN HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS KOMPLEKS LANDSVERNEPLANEN FOR HELSESEKTOREN

Forvaltningsplan for freding søsterheim blokk H Kartreferanse 08

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Granvin herad Sakspapir

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 020/15 Plan- og miljøutvalet PS /15 Kommunestyret PS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

St. Olavs hospital Øya Kompleks

SAKSFRAMLEGG. Arkivkode: L12 JournalpostID: 13/ Saksnr: Utval: Dato: 64/2014 Plan- og bygningsutvalet

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

KOMPLEKS Villa Rød

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Styresak. Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld: Leif Terje Alvestad Investeringsbudsjett Helse Fonna HF 2014

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Styresak. Kjell Inge Solhaug Status medisinsk teknisk utstyr i Helse Førde. Arkivsak 2014/4007/ Styresak 053/2014 A Styremøte

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Informasjon og brukarrettleiing

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Forslag frå fylkesrådmannen

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Til deg som bur i fosterheim år

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

STYRET Seksjonssjef Rolf Strømsheim Arkivkode: Saksmappe: 2011/599

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Brukarrettleiing E-post lesar

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forvaltningsplan, del 2 - Bygning bygg 24 : Trafo

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Transkript:

Styresak Går til: Styremedlemer Selskap: Helse Bergen HF Styremøte: 21.04.2008 Styresak nr.: 35/08 B Dato skrevet: 10.04.2008 Saksbehandlar: Geir Brügger/Jon Rune Smørdal Saka gjeld: Forslag til landsverneplan for spesialisthelsetenesta - Høyring Bakgrunn Vi viser til brev datert 19. februar 2008 frå Det kongelige helse- og omsorgsdepartement, som er vedlagt saka. Med Kongeleg resolusjon av 1. september 2006 blei det mellom anna sett eit krav om at det skal lagast sektorvise landsverneplanar for statlege kulturhistoriske eigedomar. Forsvarsbygg har vore saksbehandlar for landsverneplan for spesialisthelsetenesta. Dei har no gitt si innstilling på kva for bygg og anlegg dei meiner skal vere inkludert i planen. Landsverneplanen omfattar bygningar og anlegg i to verneklassar: Verneklasse 1: freding etter kulturminnelova 22a Verneklasse 2: Vern i kraft av landsverneplanen, evt. ved at eigedomane vert regulert til spesialområde med formål bevaring etter plan og bygningslova 25.6. For fleirtalet av bygningane er det eksteriøret som blir omfatta av vern. Eksteriørvern omfattar bygningens ytre. Det vil seie bevaring av utforming, materialbruk og detaljar i fasade og takflate. I dei bygningane som omfattar interiørvern, er det i hovudsak mindre delar av interiøret som er foreslått bevart. Eksempelvis eit auditorium i Sentralblokka på HUS. I følgje brev datert 19. februar 2008 er hovudprinsippet for forvaltning av verneverdige bygningar å ivareta og oppretthalde så mykje som mogleg av opphavleg utforming, materialbruk og detaljar. Kvart enkelt bygg og anlegg i føretaket, som er foreslått verna, er omtalt og kommentert i denne saka. Høyringsfrist er sett til 22. mai 2008. Side 1 av 7

Høyringsfråsegn Helse Bergen er opptatt av å forvalte sine bygg på best mogleg måte innanfor knappe økonomiske rammer. Vi har lagt vekt på å bevare bygga sine hovuduttrykk på eksteriør, så langt dette lar seg gjere, utan at det går ut over effektiv og sikker sjukehusdrift. Heile 21 bygg i Helse Bergen er tatt med i landsverneplanen. Dette viser at vi sjølv har klart å forvalte bygga på ein slik måte at hovuduttrykka til bygga ikkje har gått tapt, men vi har eit stort etterslep på vedlikehald og nødvendige oppgraderingar av bygningsmassen inkl. tekniske anlegg. Forvaltning av bygga som kjem inn under landsverneplanen meiner vi fører til auka resursbruk. Vi må leige inn eksterne rådgjevarar som kan utarbeide ei meir detaljert forvaltningsplan for kvart bygg. Dette vil koste oss fleire 100.000 kroner og dette er midlar vi i dag ikkje har. Vi fryktar og at vedlikehald og rehabilitering blir dyrare på grunn av pålegg Riksantikvaren gjev oss når det gjeld materialval og løysingar. I tillegg vil det gå med meir tid og ressursar til å melde inn tiltak til Riksantikvaren og inngå ein dialog for å få godkjent tiltaka. Blir ikkje Helse Bergen tilført meir resursar til forvaltning av landverneplanen og konkrete rehabiliteringstiltak, vil dette gå ut over andre prioriterte og lovpålagte oppgåver. Vi ber om at det blir sett av ekstraordinære midlar som vil dekkje ekstra utgifter vi får som følgje av landsverneplanen. På grunn av tronge økonomiske rammer har føretaket i dag interne retningslinjer for å nytte mest mogleg vedlikehaldsfrie og reinhaldsvennlege materiale og komponentar i sine bygg. Dette inneber blant anna at vi vel vindauge i plast eller aluminium så langt dette lar seg gjere. Det er viktig at landsverneplanen ikkje hindrar oss i å fortsette med dette, så lenge vi opprettheld uttrykket bygningane har i dag. Driftsforma i dag fører til at det ikkje blir utført anna vedlikehald på vindauga enn vask/reingjering og ettersyn av hengslar og beslag. Når vi ikkje har midlar til å få utført anna vedlikehald, vil vindauge i plast eller aluminium ha vesentleg lengre levetid enn malte trevindauge. Av omsyn til reinhold ynskjer vi store glasfelt i staden for småruta glas. Vi vil nedanfor forklare litt av bakgrunnen for at Helse Bergen må nytte mest mogleg vedlikehaldsfrie og reinhaldsvennleg material og komponentar, med lang levetid, i våre bygg. Rundt år 2000-2002 vart det utarbeida tilstandsrapportar for dei fleste bygga i Helse Bergen, med hovudvekt på tilstanden på yttertak og ytterveggar. Rapportane viser at Helse Bergen har eit stort etterslep på utvendig vedlikehald og rehabilitering av bygningsmassen. Det er også eit stort etterslep på innvendig vedlikehald, branntryggleikstiltak og vedlikehald og oppgradering av tekniske anlegg. I fleire bygg og anlegg har vi vanskar med å tilfredsstille forskrifter og lover og oppfylle dei krava kliniske avdelingar har til operative bygg. Helse Bergen må i åra som kjem mellom anna prioritere ei rekkje tiltak for å tilfredsstille aukande krav til branntryggleik. I år 2002/2003 blei det kalkulert med at Helse Bergen hadde eit etterslep på vedlikehald på bygg og tekniske anlegg på kr. 1,5 mrd. Etter dette har vi gjennomført ein del utbetringar, men nye behov kjem til, så etterslepet er like stort i dag. Med utgangspunkt i dei økonomiske rammene vi er tildelt til vedlikehald og oppgraderingar, er det ikkje mogleg å følgje dei vedlikehalds- og utskiftingsintervalla som er anbefalt på til Side 2 av 7

dømes ytterveggar, yttertak og tekniske anlegg. Helse Bergen har mange bygg med pussa og malt fasade som burde vore reparert og overflatebehandla kvart 8-10 år. I realiteten har vi i beste fall moglegheit til å behandle fasaden kvart 15-20 år. På grunn av at det går for lenge mellom kvar behandling eller utskifting av bygningsdelar får vi også lekkasjar som fører til at det også må gjerast dyre reparasjonar innandørs. Lekkasjar vil i tillegg kunne føre til at enkelte delar av bygg ikkje blir operative som følgje av dårleg innemiljø. På grunn av innsparingstiltak i Helse Bergen dei siste åra har Teknisk avdeling måtte kutte ytterlegare i vedlikehaldsbudsjetta. Snur ikkje denne tendensen, samtidig som vi blir pålagt nye oppgåver og kostnader gjennom til dømes landsverneplanen, vil det medføre at bygningane sin verdi blir redusert. Årsaka til dette er at vi ikkje har midlar til heilt nødvendig vedlikehald og rehabilitering. Vi forkortar levetida og enkelte bygg eller deler av bygg blir ikkje operative. Det gir ikkje særleg meining i å bruke pengar på å utarbeide detaljerte forvaltingsplanar for bygg som er tatt med i landsverneplanen, dersom dette ikkje blir følgt opp med naudsynte midlar til rehabilitering og vedlikehald. Merknader til dei enkelte bygg og anlegg som er tatt med i planen Bygg på Haukeland Universitetssjukehus 9901222 310101 Gamle Hovedbygning 1912 2, bevaring Eksteriør - Bevaring omfattar bygg som blei tatt i bruk i 1912 og tilbygg frå 1923 og 1924. - Vern omfattar ikkje tilbygg som er sett opp etter 1924, så vi går ut frå at planen ikkje er til hinder for å byggje det nye Nevrobygget i dette området. For å få plass til nytt nevrobygg må tilbygg i nordaustre hjørne rivast. - Delar av bygget har ein dårleg tilstand og i år 2008 2011 planlegg vi å skifte ut ein del vindauge, behandle delar av fasaden og gjere noko vedlikehald på yttertak. Dette er meldt inn som eige tiltak til Riksantikvaren 3. mars 2008. Viktig at vi får fortsetje å sette inn vindauge av vedlikehaldsfritt materiale. 9901222 310102 Administrasjonsbygget 1912 2, bevaring Eksteriør - Spesielt ytterveggar inkl. vindauge har ein svært dårleg tilstand. I år 2008 planlegg vi å skifte ut vindauge, behandle fasaden og gjere nokre utbetringar på yttertak. Dette er meldt inn som eige tiltak til Riksantikvaren 03.03.08. Viktig at vi får sette inn vindauge av vedlikehaldsfritt materiale med same uttrykk som eksisterande vindauge. 9901225 310104 Sentralkjøkken/kantine 1966 1, freding Eksteriør/deler av interiør - Interiør omfattar innvendig inngangsparti, trappehus, publikumstoalett 2. etg. og inngangsparti i kantina. Vi må gjere merksam på at det kan bli behov for å få bygd ein H.C. rampe/inngang ut frå krav til universell utforming. - I planen som er sendt på høyring står det at delar av fasaden er kledd med nye fasadeplater våren 2007. Prosjektet vart i hovudsak fullført våren 2007. Side 3 av 7

9901225 310107 Kvinneklinikken 1925 2, bevaring Eksteriør - Vi gjer merksam på at det er sett opp eit lite tilbygg i 2007 på om lag 1500m2 mot nordaust som eksteriørmessig er avslutta. - Delar av ytterveggar og yttertak på Kvinneklinikken har ein dårleg tilstand. I åra som kjem planlegg vi å behandle fasaden, skifte ut vindauge og skifte ut store delar av yttertak. Planen er å få starta opp med ein liten etappe av prosjektet i 2008. Dette vil bli meldt inn til Riksantikvaren som eige tiltak. Viktig at vi får sette inn vindauge av vedlikehaldsfritt materiale med samme uttrykk som eksisterande vindauge. 9901218 310109 Overlegebolig KK 1925 2, bevaring Eksteriør/interiør i sin heilskap Merknader: - I 2001 blei murfasaden rehabilitert så den er tilfredsstillande. I vedlikehaldsplan er det sett opp at yttertak bør skiftast ut rundt 2010. 9901219 310110 Portnerbolig 1924 2, bevaring Eksteriør/ deler av interiør Merknader - Tilstanden på yttervegg er dårleg. 9901227 310111 Studentbygg (Gamle gade) 1912 2, bevaring Eksteriør - UiB har ansvar for vedlikehald av dette bygget, men Helse Bergen eig formelt bygget. 9901228 310112 Polio-telematikkbygg 1955 2, bevaring Eksteriør og inngangsparti med veggmaleri Merknader: - Vindauge og dører vart skifta til vedlikehaldsfritt materiale rundt år1999. - Fasade vart behandla i 2003, så tilstanden på bygget er bra. 9901232 310117 Gamle Medisin B. 1907-12 2, bevaring Eksteriør Merknader - Fasaden blei overflatebehandla i 2003. Ein del vindauge og dører, samt delar av yttertak treng utbetrast/skiftast ut rundt år 2010. Byggnr. Byggnavn Oppført Verneklasse Omfang 9901233 310118 H-bygget 1912 1, freding Eksteriør/interiør i sin heilskap - Bygningen er foreslått freda, noko vi ikkje er usamd i, men omsyn til føretaket si arealutvikling vil dette krevje at bygningen vert flytta til ein annan stad. Kostnader til ein slik flytteoperasjon kan bli høge. - Tilstanden på delar av bygget er dårleg. Side 4 av 7

9901213 310122 Det hvite hus Ca.1912 1, fredning Eksteriør med trappeanlegg og hage mot vest. - Helse Bergen er i gang med å prosjektere nytt Barne og Ungdomssenter (BUS) i området der Det hvite hus ligg. BUS er det største og viktigaste prosjektet i arealplanen til Helse Bergen. Freding av Det hvite hus inkl. hage/park mot vest, er i landsverneplanen det enkelttiltaket som klårast kjem i konflikt med føretaket sin arealplan. Føretaket meiner derfor Det hvite hus må rivast eller flyttast til ein annan stad. Parken rundt huset vil inngå i BUS. Vi viser her til reguleringsplan for området. - Kledning, vindauge og dører vart malt i 2004. Det blei skifta ein del kledningsbord og lister rundt vindauge der desse var råteskada. I rapport frå 2004 vart det påpeika at det har vore problem med taktekkinga på tilbygget. Ein del andre problem med yttertak blei også nemnt, men innanfor dei økonomiske rammene ein har i dag er det ikkje mogleg å prioritere utbetringane. 9901202 310130 Sentralblokken, hovudauditorium 1983 1, freding Interiør, hovedauditorium i sin heilskap Helse Bergen har ingen merknader 9901210 310136 Undervisningssenteret 1938 2, bevaring Eksteriør/ deler av interiør - Vernet inkluderer inngangsparti, hovudinngang og trappehus i alle etasjar. Vi må gjere merksam på at ny dør vert sett inn som følgje av nødvendig branntiltak. - Det har vore problem med lekkasjar på grunn av dårleg drenering i bakkant av bygget, samt manglande vedlikehald av ytterveggar og yttertak. Nokre mindre utvendige og innvendige tiltak er iverksett for å betre på noko, men svært mykje gjenstår. Nødvendig rehabilitering av yttervegger og yttertak, som bør gjerast dei nærmaste åra, vil koste fleire mill. kr. Skal vi bevare bygget sitt opphavlege uttrykk blir rehabiliteringa dyrare enn planlagt. Innanfor dagens økonomiske rammer har ikkje Helse Bergen moglegheit til å prioritere ein større rehabilitering av dette bygget. Vedlikehald og rehabilitering av bygg med pasientar må prioriterast før Undervisningsbygget. 9901215 Haukelandsbakken 2 1898 2, bevaring Eksteriør/interiør i sin heilskap - Vi må gjere merksam på at sprinkelanlegg er installert i 2007. Dette var eit nødvendig brannsikringstiltak. - Det er også gjort ei ombygging i kjellar i 2007. - I åra som kjem er det i følgje tilstandsrapport behov for å gjere fleire utbetringar, men finansiering er ikkje avklart. Side 5 av 7

Byggnr. Anleggsnamn Oppført Verneklasse Omfang Vern av delar av park og hageanlegg på HUS. - I tillegg til bygga som er nemnt på HUS omfatta vernet også gjenverande delar av opphavleg park og hageanlegg framfor Gamle hovudbygg og Kvinneklinikken, inklusive hage for Overlegebolig. Vi må gjere merksam på Parkbygget, som allereie er oppført inkl. nye uteområder rundt bygget, er innanfor litt av hageanlegget som er skravert utanfor Gamle hovudbygg. Mesteparten av park og hageanlegg er bevart etter at Parkbygget er oppført. - Vi forutset at ordinært vedlikehald, til dømes på buskar og tre, kan utførast utan at det treng avklarast med Riksantikvaren. Dette vil også inkludere fagleg forklarte felling av gamle tre, som til dømes kan vere ein fare for tryggleiken Bygg i område sør, Askviksnes 9901262 og 320302 Gamle hovedbygg 1899 1, freding Eksteriør/interiør 9901266 320306 Vaktmesterbod 1, freding Eksteriør - I Helse Bergen sin psykiatriplan er det konkludert med at institusjonen skal avvikle og funksjonar flyttast. Det er ikkje føremålstenleg at Helse Bergen skal fortsette å eige bygg og bruke midlar på bygg som ikkje skal brukast til helseformål. Helse Bergen ber derfor om at ingen bygg på Askviknes blir omfatta av landsverneplan for spesialisthelsetenesta. Bygg i område sør, Kysthospitalet i Hagavik 9901235 310501 Hovedbygning 1924-1, freding Eksteriør 1973 - Den eldste delen er foreslått i verneklasse 1, freding. Den nyaste delen foreslått i verneklasse 2, bevaring. Hovudbygning inneheld avanserte funksjonar som til dømes operasjonsstover. Det gjer at det i framtida kan bli behov for å gjere tilpassingar på bygget for å drive effektiv sjukehusdrift. Helse Bergen ber derfor om at også den eldste delen blir plassert i verneklasse 2, bevaring. Vi reknar då med at det er litt større rom for å gjere tilpassingar i samråd med Riksantikvaren, enn om denne delen av bygget blir freda. - Tilbygg for ekstra operasjonsstover blir snart sluttført. - Det er dei seinaste åra gjort utbetringar av yttertak og fasade inkl. utskifting av vindauge. Vi har lagt vekt på å ha same uttrykk på bygningsdelane som tidlegare. Byggnr. Anlegg Oppført Verneklasse Omfang Park- og 1, freding Utomhus hageanlegget/uteområdet skal ein bevare og forvalte som ein heilskap. - Vi kan opplyse om at det er utført nødvendig rassikringstiltak på området i 2007. - Vi forutset at ordinært vedlikehald, til dømes på buskar og tre, kan utførast utan å avklare det med Riksantikvaren. Dette vil også inkludere fagleg forklarte felling av gamle tre, som til dømes kan vere ein fare for tryggleiken. Side 6 av 7

9901239 310503 Hytte v/søsterheimen 1930 1, freding Eksteriør/interiør Helse Bergen har ingen merknad 9901241 310505 Kraftstasjon 1930 1, freding Eksteriør/interiør - Reservekraftaggregat frå 1980-talet, som står i rommet ved sida av sjølve kraftstasjonen, skal byttast ut for å få til ein heilt nødvendig auke på reservekraftforsyninga. Vi føreset at aggregatet frå 1980-talet ikkje er omfatta av freding. 9901243 310507 Lager/verksted 1926 1, freding Eksteriør - Helse Bergen har ingen merknad bortsett frå at tilstanden på bygget er dårleg. På grunn av dagens bruk og behov er det ikkje planar om å rehabilitere bygget. 9901244 310508 Naust 1926 1, freding Eksteriør - Bygget datt ned på 1960-talet, men vart sett opp igjen. Forslag til vedtak: Styret i Helse Bergen sluttar seg til merknadene til landsverneplanen gitt i saksframlegget. Vedlegg: 1. Brev datert 19. februar 2008 frå Det kongelige helse- og omsorgsdepartement. 2. Den delen av forslag til landsverneplan som omtalar bygg og anlegg innanfor Helse Bergen. Side 7 av 7