Gira på å skrive nynorsk i år. Mappeskriving og nynorsklæring. Modell med rom for skriving på nynorsk over lang tid



Like dokumenter
Digitale mapper i norskfaget i lærarutdanninga

Nynorsk i lærarutdanninga 1. og 2. studieår, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk

Frå novelle til teikneserie

Nynorsk er eit bokmål Stemmer om nynorsk frå lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo

Tilsynelatande nynorskundervisning eller reell opplæring?

«Jeg har lært mye å skrive og» Skrivemapper i norskfaget i lærarutdanninga


Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

IKT-kompetanse for øvingsskular

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

mmm...med SMAK på timeplanen

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vurderingsrettleiing 2011

Mappevurdering tilfeldig, tileigna eller tilpassa læring? Ein punktstudie

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Profesjonsskriving på nynorsk

Er endring mogleg? Personlege og yrkesprofesjonelle haldningar til nynorsk hos lærarstudentar i 2005 og i 2016

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Valdres vidaregåande skule

SLIK HAR DEI DET DER

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjon til elevane

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Psykologisk førstehjelp i skulen

Studieplan 2009/2010

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Danning, retorikk og rådgjeving

Årsplan for Norsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Til deg som bur i fosterheim år

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Barnerettane i SKULEN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

skriftlig eksamen i norsk

Nynorsk i lærarpraksis

6. trinn. Veke 24 Navn:

Psykologisk førstehjelp i skulen

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10)

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vurderingsrettleiing 2011

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Halvårsplan, hausten 2011

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Pedagogisk plattform

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lønnsundersøkinga for 2014

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Transkript:

Førstelektor Synnøve Skjong og høgskolelektor Inger Vederhus Gira på å skrive nynorsk i år Mappeskriving og nynorsklæring Det verkar som om alle er veldig gira på å skrive nynorsk i år, skriv ein ung lærarstudent ved Høgskolen i Oslo, då han ved semesterstart hausten 2008 blir beden om å skrive noko om haldningane sine til nynorsk. Han har nettopp fått vite at han i norskfaget det 1. studieåret ved Høgskolen i Oslo skal skrive alle tekstane sine på nynorsk ved hjelp av digital mappedidaktikk. Hypotesen til denne studenten er uvanleg, og klassen som skjular seg bak bruken hans av ordet alle, er ikkje typisk, for der er det svært mange positive til nynorsk og motiverte til å utvikle den skriftlege nynorskkompetansen. Dette er ikkje haldningane til majoriteten av dei om lag 270 nye lærarstudentane som tenkjer seg å undervise i den norske skolen seinare. Dei fleste av desse signaliserer derimot i starten av opplegget hausten 2008 negative haldningar til nynorsk i skolen, til nynorsk i samfunnet og til å lære nynorsk. Slik var det også hausten 2005. Då omstrukturerte vi norskundervisninga ved lærarutdanninga ved HIO. Viktig motivasjon bak omlegginga var kunnskapen om at læraren sin kompetanse og haldning til nynorsk er avgjerande for undervisningskvalitet og læringsutbytte til elevane. Modellen for norskundervisning er framleis den same, med unntak av nokre revisjonar som tar sikte på å utnytte studentresponsen betre. Dette studieåret tar vi modellen i bruk for det fjerde kullet med studentar, og den erfaringa vi har hausta, gjer at vi trur på overføringsverdien for andre nivå i undervisningssystemet. Modell med rom for skriving på nynorsk over lang tid Norsk 1 ved allmennlærarutdanninga i Oslo ( ALU HiO) er lagt over dei to første studieåra i lærarutdanninga med hovudvekt på skriftleg opplæring første studieår ved bruk av skrivemapper. I dette første studieåret skriv studentane no bare nynorsk i norskfaget medan dei tidlegare skreiv like mange nynorsktekstar og bokmålstekstar. Studentane skriv fem tekstar til den digitale arbeidsmappa. Ein av desse tekstane er ein responstekst der studenten som har fått medstudentrespons, skriv om korleis han har utnytta kommentarar og rettingar i omskrivingsprosessen. Gjennom skriving og omskriving av mappetekstane arbeider studentane med å presentere fagleg stoff slik at dei sjølve og andre forstår kva saka gjeld; dei lærer å uttrykke seg godt skriftleg generelt, men også spesielt når det gjeld nynorsk. Dei får respons på tre av tekstane som digitale merknader, skriftleg heilskapskommentar og munnleg samtale. Den digitale vurderingsmappa skal ha med fire tekstar, tre fritt valde frå arbeidsmappa saman med ein refleksjonstekst nyskriven til innleveringa. Sjølve opplæringa i skriftleg nynorsk er knytt til arbeidet med skrivemappetekstane. Hovudfokus for faglæraren i norsk kan beskrivast som eit systematisk arbeid med å formulere rammer for dei ulike tekstane til arbeidsmappa og gje respons på dei tekstane som studentane skriv. Studentane arbeider

med å lage gode fagtekstar med eit klart mål; dei arbeider med sjanger, syntaks, morfologi og ortografi. I samband med dette er det og rom for meir systematisk undervisning i nynorsk formverk, generelle trekk ved god nynorsk språkføring, sjangertrekk ved fagtekstar og ordlistebruk. Ved sjølv å gje respons til ein medstudent, må studentane utnytte denne kunnskapen i eit didaktisk perspektiv. Samanhengen mellom lesing og skriving ved hjelp av lesing av nynorsk litteratur og fagtekstar er også vektlagt. I 2005 var det og forfattarbesøk av nynorske forfattarar med støtte frå Det Norske Samlaget. Omlegginga representerer altså ei sterk satsing på utvikling av eigenkompetanse i nynorsk. Bak dette ligg ein grunngitt hypotese om samanheng mellom meistring, haldningar og didaktisk kompetanse. For andre utdanningsområde enn lærarutdanning er det kanskje samanhengen mellom meistring og haldning som er mest interessant, og det skal vi konsentrere oss om her. Endra haldningar til nynorsk gjennom konsentrert arbeid med nynorsk? Undersøkingane våre av lærarstudentkullet studieåret 2005/ 2006 konkluderer med at konsentrasjon om nynorsk i skrivemapper endra dei skeptiske og til dels negative haldningane til nynorsk som mange av studentane hadde ved studiestart. Haldningsregistreringa vår er basert på kva dei skreiv om nynorsk i starten av semesteret i tre klassar (om lag 90 studentar) både når dei i opne fritekstar blei bedne om å kommentere haldningane sine til nynorsk, og når dei i studieevalueringar haust og vår svarte på spesifikke spørsmål om haldningar til nynorsk. Vidare har vi intervjua eit tilfeldig utval studentar frå heile kullet, og analysert refleksjonstekstar som studentane har skrive i slutten av studieåret. I 2005, som i år, var dei fleste studentane negative. Om lag 80 % av studentane kom i starten av studieåret i fritekstane med skeptiske fråsegner om nynorsk: Svært mange av dei negative fråsegnene var prega av eit instrumentalistisk perspektivet og gjaldt den manglande nytteverdien: Eg brukar aldri nynorsk, eg brukar det ikkje andre stader enn på skulen, har enda ikkje fått bruk for det den dag i dag, det er jo alltid spørsmål hva vitsen var av å lære nynorsk, trenger det jo ikke. Mange studentar kjenner til kulturarvargumentet, men nokre avviser det også: Min gamle norsklærar meinte nynorsk var ein del var vår kulturarv. Personleg skulle eg ønskje eg var arvelaus. Nynorsk er etter min mening uønsket både av elevene selv, det private næringslivet og en stor gruppe akademikere. I refleksjonstekstane i slutten av første studieår er haldningane meir positive jamt over: Eg hadde i utgangspunktet ikkje eit godt forhold til nynorsk, så dette har vore ei utfordring. Etter mye arbeid med rettskriving, må eg nok stikke fingeren i jorda og innrømme at eg har fått litt sansen for det. Det er fordi eg har fått ei god vurdering, og sjansen til å rette opp og lære av mine feil. Eg synes eg har hatt ein god progresjon, både med nynorsk som språk, og det å skrive tekster. Då eg byrja på lærarskolen, hadde eg aldri trudd at nynorsk skulle bli eit av dei områda eg skulle lika best. Eg likte ikkje nynorsk då eg begynte på skulen i haust. Men undervegs i prosessen så har eg blitt glad i nynorsk. Eg følte at eg fekk mykje betre oversikt undervegs, og det førte til at det blei morosamt å arbeide med tekstane. Eg følte at eg endeleg meistra noko som eg har slite med i mange år. Kjensla av å meistre språket gav meg ein motivasjon til å bruke enda meir tid på tekstane mine. Desse utvalde sitata understrekar samanhengen mellom meistring og haldning. Kanskje er grunngjevinga framleis noko instrumentalistisk, men no er det nytten av å lære som blir understreka. Tilbakemeldingane på tekstane blir framheva som ein viktig faktor i læringsprosessen. Studentane er i eit aksepterande miljø blitt utfordra til å prøve, feile, motta tilbakemeldingar og skrive igjen. Dei er

inviterte til å ha eit metaperspektiv på eiga skriveutvikling, til å reflektere over det å skrive om fag på nynorsk. Det ser ut til at dette også kan skape nye og meir positive haldningar til å skrive nynorsk, i alle fall så lenge meistringserfaringar sit friskt i minnet. Refleksjonstekstane er skrivne inn i ein vurderingssituasjon, og det kan sjølvsagt påverke kva studenten skriv om eigne haldningar. Ein rituell refleksjon vil alltid hefte ved ein eksamenssituasjon; studentane kan skrive det dei trur gir positiv evaluering. I materialet vårt finn vi likevel også sitat som viser motsette synspunkt, noko som kanskje styrkar truverdet til refleksjonen. Dei negative fortel at nynorskopplæringa som ein skriveprosess gjennom året gjer at gleda med å sitte og skrive ein tekst har blitt noe borte. Men tala frå den elektroniske evalueringa våren 2006 støttar den positive endringstendensen: I dei tre klassane der om lag 80 % var negative til nynorsk ved studiestart, var det 72 % som var positive i slutten av første studieår, altså ein auke på 52 %. Ein av påstandane som studentane skulle kommentere, er: Jeg har fått negativ innstilling til nynorsk ved å skrive mappetekster. Rundt 70 % av studentane i dei tre klassane vi spesielt studerte, seier seg svært ueinige eller ganske ueinige i desse påstandane. Rundt 8 % kryssa av under rubrikken vet ikke. Frå studieevalueringa kan vi altså konkludere at etter eitt år med nynorskskriving i mapper er det rundt 70 % av studentane som er positive til nynorsk. Frå kjensleladde utbrot til meir reflektert haldningar Studerer ein fritekstkommentarane om nynorsk, er dei i starten av studieåret prega av affektive og til dels forkynnande haldningar til emnet. All erfaring viser at spørsmål om haldningar til nynorsk nett utløyser slik språkbruk. Bruken av omgrepet spynorsk kjem ofte nesten automatisk og gjev undervisningsemnet låg prestisje og blokkerer for læring. Dette er i følgje Marianne Dahl i tråd med sosialpsykologiske definisjonar av omgrepet haldning som predispositions to respond to some class of stimuli with certain responses ( Stahlberg og Frey 1988: 143). Når studentane mot slutten av året skriv ein refleksjon over det arbeidet dei faktisk har utført, er dette språkpreget dempa. Refleksjonssjangeren inviterer til det; det som står om nynorsk i denne siste teksten om nynorsk er basert på presis, ny erfaring med skriftleg bruk av språket. Er studentane våre blitt betre til å skrive nynorsk? Studentane sjølv er ikkje i tvil om det. Materialet vår dokumenterer at dei fleste studentane meiner at arbeidet med skrivemappa har vore læringsfremjande. Ved den elektroniske evalueringa i slutten av studieåret, våren 2006, var 85 % av studentane heilt einige eller ganske einige i påstanden: Arbeidet med skrivemappa hjelper meg til å skrive bedre nynorsk. Gjennom refleksjonsteksten i vurderingsmappa og studentintervju er det lett å hente individuelle utsegner som støttar denne vurderinga, slik som desse to frå refleksjonstekstar i to ulike karaktergrupper: Når eg vurderer tekstene formativt, altså vurderer arbeidsprosessen med tekstene, ser eg at språket har forandra seg frå første til siste tekst. Det var ei stor utfordring å skrive nynorsk igjen, og eg var i begynninga heilt avhengig av ordbøker og språkrådet sine nettsider.( ) I denne teksta (om fagartikkelen) trur eg at eg fann språket mitt på nynorsk. Eg har bokmål som skriftlig hovudmål, og eg bestemte meg her for å legge nynorskspråket så nære mitt naturlige skriftspråk som mulig.( ) (student frå A gruppa)

Det har vore ein veldig slitsam prosess, men det har vore utrolig lærerikt, og eg føler at eg sit att med masse kunnskap. Eg vil difor seie det at heile denne mappevurderingsprosessen har gitt meg veldig mykje i form av ny kompetanse i norskfaget. Det har til tider vore ekstremt frustrerande å jobbe med oppgåvene og det nynorske språket i tekstane, men eg har heile tida prøvd å tenke positivt på det. Alt i alt så har eg nok fått mykje meir ut av denne prosessen en kva eg hadde trudd på førehand, før eg tok til med mappene. (student frå C gruppa) Kva viser eksamensresultata? Eksamenskarakteren i norsk første år blir (etter omlegginga) sett på grunnlag av dokumentert kompetanse i skriftleg nynorsk. Ved samanlikning med resultat frå dei to tidlegare åra, ser vi at omlegginga i 2005 førte til ei tydelegare polarisering av karakterane for heile kullet. Fleire studentar(22 %) stryk, men fleire studentar får også A, og opphopinga rundt karakteren C er dempa. Dette resultatet kan forklarast på fleire måtar. Ei mogleg tolking er at når vurderingsgrunnlaget bare utgjer tekstar på nynorsk, fører dette til at den formelle språklege kompetansen betyr meir for karakteren enn om tekstane er på både nynorsk og bokmål som dei var i 2004 og 2005. Ei anna mogleg tolking kan vere at vurderinga av skriftleg bokmål og vurdering av skriftleg nynorsk blir gjort etter ulike premiss, noko som m.a. T. Stauri (2001) hevdar. Dette vil vi undersøkje vidare, ikkje minst fordi strykprosenten i 2007 og 2008, er tilbake til normalnivået, dvs 13 % som den også var i 2004 og 2005. Eksamenskarakternivået i åra før og etter omlegginga kan altså ikkje seie noko om studentane er blitt betre eller dårlegare i nynorsk. Endring og revidering av mappetekstar = læring av skriftleg nynorsk? Alle fagtekstane i arbeidsmappa er reviderte minst ein gong før endeleg innlevering. Men mange studentar har fleire utkast av same tekst liggande i mappene sine; ein student i materialet vår har heile ni utkast av ein tekst før innlevering. Ved hjelp av funksjonell grammatikk, (leksikogrammatikk) har vi analysert endringane på mikro og makronivå for å kunne dokumentere mogleg læringsutbytte. Vi har også sett på korleis studenten meistrar eller ikkje meistrar nynorsk formverk i den siste teksten, refleksjonsteksten. Spesielt har vi sett etter om studenten gjentek tidlegare brukte, men retta brot på regelverket i nynorsk i desse tekstane. Dette arbeidet er enno ikkje heilt avslutta for heile kullet, men resultata av det analyserte materialet viser at alle studentane i tre karaktergrupper (A, C og F gruppa) meistrar regelverket i skriftleg nynorsk (bøyingsmønster og ordval)betre ved slutten av første studieår enn ved starten av mappeskrivinga. Dei ulike karaktergruppene har ulike endringsprofilar, der A gruppa utmerkar seg ved endringar både på mikro og makronivå, medan dei fleste studentane i F gruppa bare viser endringar på mikronivå, altså når det gjeld ordval og bøyingar. Eit karakteristisk trekk for F studentane er at dei gjentek (altfor) ofte feil som tidlegare er retta, når dei skriv refleksjonsnotatet. Sjølv om dei er betre til å skrive nynorsk, har dei altså ikkje lært nok til å meistre nynorsk rettskriving og bøyingssystem på eit akseptabelt nivå for ein som skal bli lærar. Å styrke læringa for desse studentane, er ei utfordring for vidareutviklinga vår av mappeskrivinga på nynorsk. Felles for studentane som fekk C som karakter, er eit mangfald av tekstendringsprofilar. Dei fleste endrar mykje på mikronivået i tekstane. Nokre studentar endrar

også sterkt på makronivået medan andre gjer bare mindre tekstlege endringar som omformuleringar og stryking av setningar. Alle i denne gruppa har utvikla seg som nynorskskrivarar, sjølv om det er tydeleg at ein del ikkje har utnytta det læringspotensialet som mappeskrivinga opnar for, noko som dei sjølv skriv om i refleksjonsteksten. Men medvettet om dette er ikkje uviktig i eit større språklæringsperspektiv. Konkluderande kan vi samanfatte forholdet mellom mappeskrivinga og nynorsklæring etter vår modell slik: Studentane har utvikla seg positivt som nynorskskrivarar, og dei har utvikla meir reflekterte og positive haldningar (for dei fleste) til nynorsk som del av norskfaget. Gjennom lesing av refleksjonstekstane ser vi også at det er mogleg å trekkje fram utsegner som viser til ei generell styrking av metaspråkleg medvett. Refleksjonsteksten viser at studentane ser eiga mappeskriving som ein modell for skriftspråklæring og nynorsk/sidemålsdidaktikk som dei kan ta med seg i framtidig lærargjerning. Det betyr at vi ser skrivemapper som godt eigna for utvikling av skriftleg kompetanse i nynorsk. Bruk av nynorsk skriftspråk gjennom mappedidaktikken over tid gir moglegheit for ei utvikling av eit meir reelt forhold til nynorsk enn enkle tekstar skrivne vekselvis på nynorsk og bokmål. Kanskje kan det at alle fagtekstane skal skrivast på nynorsk føre til at studentane vil bli medvetne om at det å bruke eit språk ikkje bare handlar om kommunikasjon, men også om truverde, språkbruken markerer identitet og posisjon. Vi vil trekkje fram to viktige faktorar som medverkar til dette. Rom for mykje skriving på nynorsk er det første vilkåret for meistring av nynorsk skriftspråk. Hos oss arbeider studentane med nynorsk som skriftspråk over ein relativ lang samanhengande tidsperiode, eitt år. Det andre er responsen både frå lærar og medstudent. I følgje vårt materiale opplever studentane sjølve at mappeskriving med respons frå lærar for å utvikle tekstane, kan vere vegen å gå får å bryte skriveblokkeringa til nynorsk. Å gje respons til ein annan styrkar også læringa, dette er noko svært mange studentar sjølve peikar på. Vi trur derfor at dei positive erfaringane vi har hatt med mappeskriving på nynorsk, kan stimulere til utprøving og bruk på andre nivå i skoleverket, også i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Men modellen er ikkje statisk, vår modell endrar seg litt år for år innanfor dei gitte rammevilkåra. Både som støtte for læring og som vurderingsordning er mappeskriving ressurskrevjande dersom arbeidet skal gjerast på ein fagleg forsvarleg måte. Litteratur Dahl, Marianne (2003): Språkholdningsundersøkelser s. 59 78 i Norskrift nr. 106. Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo Skjong, Synnøve og Vederhus, Inger (2005/2007): Nynorsk i lærarutdanninga. 3 rapportar frå Høgskolen i Oslo. www.nynorsksenteret.no Stauri, Tormod (2001): Lærarutdanninga og sidemålet Språknytt 1 2