Sakshandsamar, innvalstelefon Marianne Sandvik, 55 57 21 04 Vår dato 14.01.2014 Dykkar dato 16.12.2013 Vår referanse 2013/16267 423.1 Dykkar referanse 13/707 Kvinnherad kommune Rådhuset 5470 Rosendal Kvinnherad - gnr 115 bnr 21 - Snilstveitøy - flytebryggje Vi viser til oversending av ovannemnde sak, motteke av Fylkesmannen den 16.12.2013. Vedtak: Fylkesmannen stadfestar forvaltningskomiteen sine vedtak datert 28.08.2013, sak 2013/707-6, og 03.10.2013, sak 2013/707-7. Saksgang Kvinnherad kommune v/forvaltningskomiteen gav i vedtak datert 28.08.2013, sak 2013/707-6, dispensasjon frå arealføremål FFNF i kommunedelplan for Snilstveitøy til utlegging av flytebryggje. Vidare gav kommunen i vedtak datert 03.10.2013, sak 2013/707-7, løyve til utlegging av flytebryggje på gnr 115 bnr 21 i Kvinnherad. Vedtaka vart klaga på av advokat Haldor Tveit på vegne av Bjarne Eidsvik og Svein Per Eidsvik i brev datert 23.10.2013. Klaga vart handsama av forvaltningskomiteen i møte den 11.12.2013, sak 2013/174, men vart ikkje teken til følgje. Saka vart etter dette sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Når det gjeld saka i sin heilskap, viser vi til dokumenta i saka, som vi føreset at partane er kjende med. Fylkesmannen finn saka tilstrekkeleg opplyst, jf. forvaltningslova (fvl) 17 første ledd. Fylkesmannen si vurdering Forvaltningslova gjeld for sakshandsaming hos Fylkesmannen, jf. plan- og bygningslova (pbl) 1-9 første ledd. Fylkesmannen har kompetanse til å prøve alle sider av saka, under dette også nye omstende, jf. fvl 34 andre ledd. Nabovarsel Klagar skriv følgjande i klage datert 23.10.2013: «I denne saka er det heller ikkje føreteke nabovarsel til dei aktuelle naboar. Eg vil her visa til at tidlegare medeigar av gnr. 115 bnr. 6, Henry Eidsvik, døydde den 19.11.2012, jf. vedlagde kopi av skifteattest. Heimelserklæring med overføring av heimelen til eigedomen vart tinglyst den 09.04.2013. Eg legg også her ved kopi av heimelserklæringa. Av gjenpart av nabovarsel datert 23.04.2013 går det fram at det her berre er sendt nabovarsel til medeigaren Gerhard Eidsvik. Dei tre sameigarane Svein Eidsvik, Marianne Ytrenes og Svein Helge Ytrenes er Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
såleis ikkje nabovarsla i det heile. For Gerhard Eidsviks vedkomande er nabovarselet også sendt til feil adresse. Det går såleis fram at matrikkelen at hans adresse er Kyrkjevegen 50, 5470 Rosendal. Når det gjeld gnr. 116 bnr. 5 som Bjarne Eidsvik i dag er eigar av, døydde tidlegare heimelshavar Anna Eidsvik den 14.01.2013, jf. vedlagt kopi av skifteattest. Bjarne Eidsvik fekk så skøyte på eigedomen den 05.07.2013, men han har budd på denne eigedomen heile tida. Til denne eigedomen er det ikkje føreteke nabovarsling i det heile. Det ville såleis ikkje vera nokon vanskar med å senda nabovarsel til han eller nokon av dei andre arvingane som også har budd på eigedomen heile tida.» På bakgrunn av det ovannemnde gjer klagar gjeldande at det føreligg ein sakshandsamingsfeil som gjer at vedtaket må opphevast. Det følgjer av pbl 19-2 første ledd andre setning at før vedtak vert fatta, skal «naboer varsles på den måten som nevnt i 21-3.» I følgje pbl 21-3 første ledd skal «naboer og gjenboere varsles av søker hvis ikke disse skriftlig har meddelt at de ikke har merknader til søknaden» før søknad vert sendt inn. Eigar/festar har krav på varsling etter pbl 21-3. I sameige er utgangspunktet at alle sameigarar skal varslast. For det tilfellet at eigar/festar er død, skal arvingar varslast. Det følgjer likevel av 21-3 første ledd siste setning at varsling kan unnlatast «dersom grunneiers adresse ikke er kjent eller ikke finnes i matrikkelen.» I den samanheng følgjer det av forarbeida at ei «slik løsning sikrer ( ) at det ikke oppstår saksbehandlingsfeil dersom man unnlater varsel til de eiere som er "ukjente". ( ). Det bemerkes at unnlatelse av varsling ikke skal være kurant, men anses som et klart unntak, dersom grunneiers adresse er ukjent etter søk i matrikkelen. I motsetning til grunnboken vil matrikkelen jevnlig bli oppdatert i forhold til blant annet folkeregisteret, slik at det lettere fanges opp dersom eiere skifter adresse.» 1 Etter forarbeida er såleis ein eigar ukjent viss adressa er ukjent etter søk i matrikkelen. Nabovarsel vart sendt den 23.04.2013. Medeigar av gnr 115 bnr 6, Henry Eidsvik, døydde den 19.11.2012, men heimelserklæringa med overføring av eigedomen til arvingane vart tinglyst 09.04.2013. Dette inneber at arvingane til Henry Eidsvik skulle ha vorte nabovarsla før søknad vart sendt inn. Fylkesmannen finn likevel feilen reparert i klageomgangen, ettersom klaga vart handsama av kommunen og no Fylkesmannen. Når det gjeld medeigar av gnr 115 bnr 6, Gerhard Eidsvik, opplyser advokat Tveit at vedkommande har fått tilsendt nabovarsel på feil adresse. I følgje kvittering for nabovarsling er varsel sendt til Gerhard Eidsvik, 5473 Snilstveitøy. Ettersom Gerhard Eidsvik i følgje matrikkelen har adresse Kyrkjevegen 50, 5470 Rosendal, er utgangspunktet såleis at nabovarselet er sendt til feil adresse. Det må difor vurderast om Gerhard Eidsvik har hatt anledning til å klage på vedtaket. I følgje fvl 29 første ledd er «[f]risten for å klage ( ) 3 uker fra det tidspunkt underretning om vedtaket er kommet frem til vedkommende part.» Fylkesmannen legg til grunn at Gerhard 1 Ot.prp. nr. 45 (2007-08) s. 319 2
Eidsvik ikkje har fått vedtaket ettersom han ikkje har blitt varsla om søknaden og heller ikkje har sendt inn merknadar i samband med handsaming av søknaden. Det følgjer då av fvl 29 andre ledd første setning at «[f]or den som ikke har mottatt underretning om vedtaket, løper fristen fra det tidspunkt han har fått eller burde ha skaffet sig kjennskap til vedtaket.» I følgje fvl 29 andre ledd andre setning er det likevel ein absolutt klagefrist for vedtak som går ut på gje nokon ein rettighet. Klagefristen for andre vil då «senest løpe ut når det er gått 3 måneder fra det tidspunkt vedtaket ble truffet.» Det ovannemnde inneber at klagefristen for Gerhard Eidsvik er overskriden sjølv om han ikkje fekk tilsendt nabovarsel. Når det gjeld gnr 116 bnr 5, døydde tidlegare heimelshavar Anna Eidsvik den 14.01.2013. Bjarte Eidsvik fekk heimel til eigedomen overført til seg den 05.07.2013. Bjarte Eidsvik hadde såleis ikkje krav på å verte nabovarsla. Dispensasjon Det følgjer av pbl 11-6 første ledd at «[k]ommuneplanens arealdel fastsetter framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyrets vedtak bindende for nye tiltak eller utvidelse av eksisterende tiltak som nevnt i 1-6.» Arealet i sjø er satt av til allmenn fleirbruk, FFNF-formål (fiske- friluftsliv, natur og ferdsel), i gjeldande kommunedelplan for Rosendal/Snilstveitøy. Arealet på land er sett av til fritidsbustader. Ettersom det allereie står ein fritidsbustad på den omsøkte eigedomen, og flytebryggja skal nyttast til tilkomst til fritidsbustaden, finn Fylkesmannen at det omsøkte tiltaket ikkje er i strid med formålet fritidsbustad. I følgje Miljøverndepartementet si fråsegn i Planjuss nr. 1 2012 og i brev til Fylkesmannen i Rogaland datert 13.02.2013, skal «kaier og brygger forankret i land behandles etter arealformålet på land, og formålet på sjøarealene vil vanligvis ikke få betydning.» Vidare skriv departementet at «[d]ersom bryggen er avhengig av dispensasjon frå arealformålet på landområdet og den er i strid med arealformålet for sjøområdet, vil den også være avhengig av dispensasjon fra formålet på sjøområdet.» Den omsøkte flytebryggja er i utgangspunktet i strid med formålet FFNF. På bakgrunn av det ovannemnde treng ein likevel ikkje dispensasjon frå arealformålet i sjø ettersom det omsøkte tiltaket er i samsvar med arealformålet på land. Fylkesmannen finn det difor ikkje nødvendig å vurdere om det kan gis dispensasjon frå arealformålet i sjø. Plassering Når det gjeld eit tiltaks plassering, følgjer det av pbl 29-4 andre ledd at eit byggverk skal ha avstand frå nabogrensa på «ikke under 4 meter.» Det følgjer likevel av pbl 29-4 tredje ledd at: «Kommunen kan godkjenne at byggverk plasseres nærmere nabogrense enn nevnt i andre ledd eller i nabogrense: a)når eier (fester) av naboeiendommen har gitt skriftlig samtykke eller b)ved oppføring av garasje, uthus eller lignende mindre tiltak.» 3
Det omsøkte tiltaket er på under 50 m 2, og er såleis eit mindre tiltak, jf. teknisk forskrift (TEK 10) 6-4. Det inneber at kommunen kan godkjenne ei plassering nærare nabogrensa enn 4 meter. I dette tilfellet har kommunen godkjent ei plassering etter situasjonskart stempla av kommunen den 26.04.2013. Det står fram som uklårt for Fylkesmannen om den godkjente plasseringa er 4 meter frå nabogrensa. Det står likevel fram som klårt for Fylkesmannen at bryggja er godkjent på tiltakshavar sin eigedom. Fylkesmannen viser til at pbl 29-4 skal praktiserast slik at tiltakshavar sine ynskjer om plassering skal imøtekomast der ikkje avgjerande grunnar talar imot dette. Med avgjerande grunnar siktar ein til plassering og høgd som medfører betydeleg ulempe for naboen. I rundskiv H-18/90 heiter det at prinsippet om at byggherrens ønske om plassering skal følgjast der ikkje avgjerande grunnar taler imot, må modererast når det er søkt om plassering nærare grensa enn 4 meter. Tilhøve som omsyn til utsikt og lystilhøve for naboar og brannsikring bør såleis lettare gis avgjerande vekt i vurderinga av om ein skal gi løyve til tiltaket. Klagar gjer gjeldande at tiltenkt plassering på flytebryggja vil gjera tilflot til klagar sin eigedom vanskeleg. I tillegg vil den gjera passasjen gjennom Kalvsundet vanskeleg under vanskelege vertilhøve. Vidare vil flytebryggja bli liggande like ved straumkabelen til Kalven. Den vil også gjere tilkomsten til småbåthamna og ambulansekaien vanskeleg. I følgje kommunen ligg flytebryggja 170 meter frå kai og naust til eigedomen 116/5 og 118 meter frå stranda på eigedomen 115/6. Flytebryggja vil såleis ikkje hindre strandrett eller tilflot til desse eigedomane. Den eksisterande kaien på naboeigedomen ligg lenger ute enn flytebryggja, og det er såleis denne som er styrande for båttrafikken gjennom sundet. Vidare skriv kommunen at Kvinnherad Energi AS har sendt over leidningskart der sjøkabelen ligg 50 meter vest for flytebryggja. Forankringa og kabelen kjem dermed ikkje i konflikt med kvarandre. Fylkesmannen kan ikkje sjå at tilflot til klagarane sine eigedomar eller småbåthamna vert hindra slik det omsøkte tiltaket er ønska plassert. Vi viser i den samanheng til kart på blant anna www.skogoglandskap.no. Ettersom det allereie ligg ei bryggje på naboeigedomen som er lengre enn det omsøkte tiltaket, kan vi heller ikkje sjå at passasjen gjennom Kalvsundet kan verte vanskelegare ved det omsøkte tiltaket. Vidare legg vi til grunn Kvinnherad Energi sitt kart som viser at sjøkabalen ligg 50 meter vest for flytebryggja. På bakgrunn av det ovannemnde har Fylkesmannen ikkje vesentlege merknadar til kommunen si handsaming av saka. Vi er såleis einige i at flytebryggja kan plasserast som omsøkt. Klaga vert ikkje teken til følgje. 4
Fylkesmannen sitt vedtak på side ein er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. fvl 28 tredje ledd. Med helsing Svein Bjerkeng e.f. underdirektør Marianne Sandvik rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Advokat Haldor Tveit Boks 226 5402 STORD Jon Henry Øren 5588 ØLEN 5