STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND 2011-2015



Like dokumenter
Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland

Biblioteklandskap i endring (Ref # )

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

- print preview

Fear in a librarian s heart

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Strategi for kompetanseutvikling

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Kommunikasjonsstrategi

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og videregående skolebibliotek i Vestfold

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Handlingsplan for biblioteket ved Tornes skule, perioden Skulebiblioteket - eit pedagogisk verkty

Samling hjå fylkesmannen 23.januar 2013

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Vi skal få til meir! STRATEGI

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Kompetanseutvikling i bibliotek Spørjeundersøking i Hordaland Folkebiblioteka- Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

på vegne av barn og unge

Strategi Forord

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Saman for framtida (Ref # )

Strategi for kompetanseutvikling

Nytte og hygge (Ref #1075)

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

Nytt HFK Intranett

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Trygg og framtidsretta

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Innovasjonsmetoden vår

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Poesislam i UKM (Ref # )

Risikorapport SAV 2013

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Saman for framtida (Ref # )

Vi ønsker at lokallaget drøfter denne saken på et lokallagsmøte og sender inn sine forslag til NKF innen 13. mars 2015.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Ny strategiplan for Høgskulen

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Bakgrunn Sentral opplæringsplan blir med dette lagt fram for hovudsamarbeidsutvalet, og gjeld forslag til opplæringstiltak for året 2008.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

Pedagogisk plattform

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Programmet for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

Transkript:

B B I B L I O T E K M E D D U G L E I K F O R F R A M T I D A STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND 2011-2015

Grafisk design og layout:a2g Grafisk, Hild F. Aase. Trykk A2G Grafisk Foto:ISTOCK.com ISBN:978-82-91679-73-8

FORORD Eit personale med brei og oppdatert kompetanse er ein avgjerande faktor for at biblioteka skal utføre sine samfunnsoppgåver og gje eit godt bibliotekstilbod. Innbyggjarane i Hordaland skal møte eit sørvisinnstilt bibliotekpersonale med brei og oppdatert kompetanse. Vi treng å synleggjere kva ressursar biblioteka tilbyr, ved å videreutvikle dei tilsette sin formidlingskompetanse i tale, skrift, digitalt og visuelt. Vi treng å få til samarbeid og nettverk som gir styrke og kontinuitet til formidlingsarbeidet i biblioteka. Vi treng å styrkje merkevaren bibliotek og omdømmet til biblioteka i fylket gjennom å auke kompetansen og danne faglege nettverk for deling av kunnskap og tenester. Vi treng å gjere bibliotektilsette i stand til å meistre bruk og brukaropplæring av: - informasjons- og formidlingssystema i bibliotek - overordna nasjonale tenester - nye media som dataspel og e-bøker - andre nyttige digitale verktøy for samhandling og kommunikasjon Vi treng å utvikle endringskompetansen hjå dei bibliotektilsette i fylket, og skape bibliotek med dugleik på innovasjonsprosessar. Gjennom Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland 2011-2015, som vart vedteken i Fylkesutvalet i juni 2011, ønskjer Hordaland fylkeskommune å ta tak i desse utfordringane. Torill Selsvold Nyborg Fylkesordførar 3

VISJON Innbyggjarane i Hordaland skal møte eit sørvisinnstilt bibliotekpersonale med brei og oppdatert kompetanse. HOVUDMÅL Kompetansestrategien skal bidra til at biblioteka har den kompetansen som er naudsyn for å nå mål, møte nye utfordringar og levere gode tenester til innbyggjarane. Strategien skal bidra til auka motivasjon og læring, og gjere det mogleg for biblioteka å møte framtidige utfordringar. DELMÅL Kompetansestrategien for biblioteka i Hordaland skal : gje mål og retningsliner for satsing på kompetanse i folkebibliotek og skulebibliotek vise til kva kompetanseområde som er prioriterte, på kort og lang sikt vise til kva tiltak som skal iverksetjast innan dei ulike områda 4

PRIORITERINGAR Fylkesbiblioteket vil satse breitt på kompetanseutvikling, og gjennomføre kompetansehevande møte, kurs og konferansar på same måte som før. I tillegg skal det satsast på nokre prioriterte kompetanseområde, som svar på ønska som har kome fram i ei kartlegging av kompetanse og kompetansebehov blant bibliotektilsette i fylket. Dei er og sett i lys av dei utfordringane biblioteka møter om endring og utvikling, og dei krava til kompetanse dette fører med seg. Dei strategiske innsatsområda i planperioden er: FORMIDLING MARKNADSFØRING DIGITAL KOMPETANSE ENDRINGSLEIING/ENDRINGSKOMPETANSE Kvart område vil bli følgt opp i ein årleg handlingsplan. 5

FORMIDLING Formidling handlar om korleis bibliotek er aktive mellomledd mellom brukarar og fysiske og digitale samlingar. Å formidle er ei av dei lovpålagte oppgåvene til folkebiblioteka, og ei viktig oppgåve for skulebiblioteka. Formidlinga kan vere instrumentell; å fi nne svar på eit konkret praktisk spørsmål, eller ikkje-instrumentell; å skape lesaropplevingar og bidra til leselyst. MÅL Å synleggjere kva ressursar biblioteka tilbyr, ved å vidareutvikle dei tilsette sin formidlingskompetanse i tale, skrift, digitalt og visuelt. Å få til samarbeid og nettverk som gir styrke og kontinuitet til formidlingsarbeidet i biblioteka. TILTAK 1. Arrangere kurs med ulike tema: - munnlege presentasjonsteknikkar og bokprat - formidle til målgrupper ut frå alder - formidle til målgrupper ut frå interesser - litteraturarrangement og forfattarbesøk - litteraturgruppe/lesesirkel - formidling på nett - utstillingar og visuell presentasjon - Opening the book (eit britisk konsept for innreiing og formidling i bibliotek) 2. Setje spesielt fokus på kurs og metodar for å formidle e-bøker og andre digitale media. 3. Knyte formidlingstiltak til Bok til alle -bibliotek. Primo 2011 deltek 11 bibliotek i ordninga med å formidle bøker som er lette å lese, og ha kontakt med leseombod som les høgt for andre. 4. Utfordre biblioteksamarbeida til å lage formidlingsstrategiar, som kvart bibliotek kan tilpasse og bruke lokalt. RESULTATMÅL Kvart bibliotek har personale som meistrar å formidle i ulike media. Det fi nst formidlingsstrategiar som er i bruk. 6

MARKNADSFØRING/KOMMUNIKASJON Ei av dei lovpålagde oppgåvene til biblioteka er at verksemda skal vera utadretta, og tilboda skal gjerast kjende. Ved å satse på heilskapleg kompetanse på korleis vi møter brukarane i det fysiske og digitale bibliotekrommet, kan vi synleggjere bibliotek som viktige og aktuelle lavterskelarenaer, styrkje posisjonen og få fl eire brukarar. Marknadsføring handlar om å forstå brukarane sine behov, for så å tilby produkt og tenester som møter behova på ein måte som skil seg frå konkurrerande tilbod. MÅL Å styrkje merkevaren bibliotek og omdømmet til biblioteka i fylket gjennom å auke kompetansen og danne faglege nettverk for deling av kunnskap og tenester. TILTAK 1. Seminar om verdigrunnlag 2. Kursrekkje med innleiingar og verkstadar i tema som: - marknadsføring (merkevare, omdøme, marknadsføringsplan) - innreiing/utstilling/kampanje/visuell kommunikasjon/skilting - skriving for nett/bruk av sosiale media - bruk av media i profi lering - politisk arbeid/mediehandtering 3. Utvikle felles marknadsføringsstrategi/verdihandbok for heile fylket, som kvart bibliotek kan tilpasse og bruke lokalt. RESULTATMÅL: Felles verdihandbok for heile fylket som alle biblioteka i Hordaland kan bruke i marknadsføring. Marknadsføringsplanar for kvart biblioteksamarbeid med grunnlag i felles verdiar. 7

8

DIGITAL KOMPETANSE Digital kompetanse er summen av enkel IKT-dugleik, og meir avansert dugleik som sikrar ein kreativ og kritisk bruk av digitale verktøy og media. IKT-dugleik omfattar det å ta i bruk programvare, søkje, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon frå ulike digitale kjelder, medan den kritiske og kreative evna også fordrar evna til evaluering, kjeldekritikk, tolking og analyse av digitale sjangrar og medieformer. MÅL Gjere - bibliotektilsette i stand til å meistre bruk og brukaropplæring av: informasjons- og formidlingssystema i biblioteket overordna nasjonale tenester nye media som dataspel og e-bøker andre nyttige digitale verktøy for samhandling og kommunikasjon TILTAK Kurs/verkstadar i samarbeidsregionane med tema som: administrasjon/publisering av programvare for nettstader ny katalogteknologi nasjonale tenester og korleis desse kan nyttast til fordel for bibliotekbrukarane sosiale media, dataspel m.m. RESULTATMÅL Flest mogleg bibliotektilsette i fylket ligg over nivået med grunnleggjande digital kompetanse. Dei er i stand til å tolke kva digitale hjelpemiddel og system som er nyttige for biblioteket.dei kan halde ved like og oppdatere eksisterande system, samt velje ut og ta i bruk nye måtar å organisere og formidle informasjon på. 9

ENDRINGSLEIING/INNOVASJONSKOMPETANSE Endringsleiing består i å leie gjennomføring av endringar, og er knytt til implementering og dei prosessar som skapar ein ny røyndom i organisasjonar. Med innovasjonskompetanse meinest evne til å utvikle idear, fi nne måtar å setje ideane ut i livet på, og å fullføre prosjekt. Entreprenørskap er ein del av denne kompetansen. MÅL Utvikle endringskompetansen hjå dei bibliotektilsette i fylket, og skape bibliotek med dugleik på innovasjonsprosessar. TILTAK 1.Studie for bibliotekleiarar og bibliotektilsette som gjev formalkompetanse i endrings- og innovasjonsprosessar retta særskilt mot bibliotek. Studiet skal gjennomførast i samarbeid med ein utdanningsinstitusjon. 2.Kurs og temadagar for bibliotektilsette om endringsleiing og med fokus på behovet for omstilling i sektoren. RESULTATMÅL Ein omstillingsdyktig folke- og skulebiblioteksektor i fylket, der fl est mogleg bibliotektilsette har kompetanse på endringsleiing og innovasjonsprosessar. 10

ORGANISERING OG ANSVAR Ein kompetanseutviklingsstrategi for biblioteka i Hordaland, vil vedkomme ulike aktørar. Det er følgjande forventningar til kva roller dei ulike aktørane skal ha: FYLKESBIBLIOTEKET SKAL: - vere leverandør av kurs og studietilbod, sjølv og i samarbeid med andre - marknadsføre aktuelle kurs og studietilbod - ha ein rettleiande og rådgjevande funksjon på kompetanseutvikling - kvalitetssikre kompetanseutviklingstilbod - stimulere til at dei interkommunale biblioteksamarbeida fungerer som klyngjer for kunnskapsdeling DET EINSKILDE FOLKEBIBLIOTEK SKAL: - leggje til rette for gode læringsmiljø - sikre at medarbeidarar kan nytte relevante kompetanseutviklingstiltak - bidra med tilgjengelige opplæringstiltak og dele kunnskap og erfaringar med andre bibliotek DEN EINSKILDE MEDARBEIDAR SKAL: - ta ansvar for oppdatering og utvikling av eigen kompetanse - tydeliggjere behov og følgje opp eventuell personleg utviklingsplan i samarbeid med leiar - bidra til kunnskapsdeling, kultur for læring og vere raus INTERKOMMUNALE BIBLIOTEKSAMARBEID SKAL: - arbeide for å fungere som klyngjer for kunnskapsdeling - arbeide for felles kompetanseutvikling - synleggjere kompetansebehov - gjennomføre kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med fylkesbiblioteket 11

INNBYGGJARANE I HORDALAND SKAL MØTE EIT SØRVISINNSTILT BIBLIOTEKPERSONALE MED BREI OG OPPDATERT KOMPETANSE. Agnes Mowinckelsgate 5 5020 Bergen Tlf. 55 23 93 00 www.hordaland.no KONTAKT: Hordaland fylkesbibliotek Tlf. 55 23 93 76 fylkesbiblioteket@post.hfk.no www.hordaland.no/fylkesbibl