Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg
|
|
|
- Judith Sørensen
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg
2 Kva? Opne idrettsanlegg er aktivitetsflater som er opne og gratis for deltakarar som ønskjer å drive eigenorganisert aktivitet. Det er ein sosial og aktiv møteplass for mange barnefamiliar og ungdom. Kvifor? Fysisk aktivitet på eigne premissar er hovudmålet. Gjennom opne idrettsanlegg får også barn og unge som ikkje er medlem av den organiserte idretten eit tilbod om fysisk aktivitet. Korleis! Terskelen for deltaking skal vere låg og ein skal kunne drive på med allsidig eigenorganisert fysisk aktivitet. Tilbodet skal vere rimeleg, nå alle og vere ein møteplass på tvers av alder og kjønn. Suksessfaktorar 1. Forankring For å sikre at opne idrettsanlegg vert eit varig tilbod er det viktig med ei breitt samansett styringsgruppe. Til dømes kan representantar frå kommune, ungdomsråd, idrettsråd, idrettslag, friluftslivsorganisasjonar, frivilligheitsentral, politi, utekontakt vere representert. 2. Lokal tilrettelegging Tilbodet skal vere supplerande og ikkje konkurrerande tilbod til barn og unge lokalt og må såleis ikkje konkurrere med andre tiltak for same målgruppe. Kort reiseavstand til dei opne idrettsanlegga er viktig for at tilbodet blir brukt av barnefamiliar og ungdom. 3. Økonomi Kommunen kan søkje om oppstartstøtte frå Hordaland fylkeskommune på inntil kr Dette krev ein tilsvarande eigenfinansiering.
3 Med omsyn til drift, har mange kommunar gjeve tilskot til idrettslag som driftar opne idrettsanlegg på dugnad. Tilskotet varierer frå kr for open hall for barnefamiliar på dagtid i helgene, til kr for arrangement for ungdommar på kveldstid (krev auka tilsyn). I andre hallar blir open hall tilrettelagt av tilsette i kommunen, med løn etter kommunale satsar. Det er mogleg å søkje om lokale aktivitetsmidlar (LAM) frå idrettsrådet i kommunen. 4. Personell Arbeidsoppgåvene inneber til dømes å klargjere og rydde på plass aktivitetsutstyret, ha oppsyn med deltakarane, koordinere ulike aktivitetsbehov, rettleie i bruk av utstyr og yte førstehjelp ved behov. I tillegg kan dei føre brukarstatistikk som kommunen brukar som dokumentasjon. Ved oppstart av opne idrettsanlegg er det tilrådeleg å trekke med seg røynde aktivitetsleiarar med god kunnskap om gjennomføring av fysisk aktivitet og tryggleik. Kjende personar i nærmiljøet kan gjere det lettare å få folk til å vere med. I Bergen, der det kan vere om lag 500 barn og unge innom hallen ein føremiddag, er idrettslaga pliktig til å ha minimum tre personar tilstades - ein vaksen over 25 år og to ungdommar over 17 år. Kommunen kan gje arbeidsklede til aktivitetsleiarane for å gjere dei meir tilgjengelege for publikum. 5. Kompetanse Det er viktig at dei som skal tilretteleggje for aktivitet i dei opne idrettsanlegga har ein formell kompetanse. T.d. dekker Bergen kommune eit obligatorisk aktivitetsleiarkurs for alle involverte. I tillegg vert det stilt krav om at aktivitetsleiarane skal gjennomgå brannvern- og førstehjelpskurs.
4 6. Utstyr i anlegga I utgangspunktet kan ein nytte utstyr som allereie er tilgjengeleg i idrettsanlegget. Utstyr som skapar stor aktivitet i ein hall er m.a. hoppemadrass, ulike ballar, hoppetau, rokkeringar, rulleskeiser, trehjulssyklar, sparkehjul. I Bergen kommune brukar dei om lag kr til innkjøp av aktivitetsutstyr ved oppstart av nye opne halltilbod. Utstyret bør fordelast i ulike sonar av idrettshallen: turn, klatring, sykkel, ballspel, rulleskeiser o.l. Dette kan gjerast ved å trekke ned skiljeveggene i idrettshallen eller dele aktivitetsflata med vant. Soneinndelinga har førebyggjande effekt med omsyn til skadar. Ved oppstart av open hall bør ein syte for god plass til lagring av aktivitetsutstyret. Utlån av utstyret til idrettslag og skular er mindre fordelaktig ettersom leikar, ballar og anna utstyr kan forsvinne. Førstehjelpsutstyr skal vere tilgjengeleg. 7. Kontinuitet Eit regelbunde aktivitetstilbod er avgjerande for å lukkast med opne idrettsanlegg. I Bergen kommune veit publikum at det arrangerast open hall for barnefamiliar frå kl laurdag/ søndag frå september til mai i 15 idrettshallar. Annakvar fredag er det open hall for ungdom. Erfaring viser også at det er viktig med kontinuitet i høve til personell. Det medfører fagleg flinke aktivitetsleiarar som likar å samhandle med barn og unge. Det er viktig at tida som er avsett til open hall vert nytta til open hall og ikkje omfordelt til andre aktivitetar sjølv om det er få deltakarar i byrjinga. 8. Marknadsføring For å få synleggjort tilbodet om opne idrettsanlegg er det viktig å nytte kanalar som målgruppene brukar; m.a nettsidene til kommunen, plakatar, infoskriv til barnehagebarn og elevar i barne- og ungdomsskulen, jungeltelegrafen, sms, annonse i lokalavisa.
5 9. Andre samarbeidspartnarar Det er viktig å inkludere ungdommar i planlegginga og gjennomføringa av opne idrettsanlegg både når det gjeld form og innhald på tilbodet. Idrettskretsen og Olympatoppen vest kan tilby aktivitetskurs, Røde kors tilbyr kurs i førstehjelp og brannvesenet kan bidra i høve til brannvern. I høve til tryggleik kan politi, utekontakt og natteravnar vere naturlege samarbeidspartnarar. 10. Ulike modellar Opne idrettshallar for barn og vaksne. Dette er eit aktivitetstilbod der barn er i fysisk aktivitet saman med føresette. Opne idrettsanlegg for ungdom. Dette er ein aktiv møteplass tilrettelagt spesielt for ungdom som ønskjer å vere i fysisk og/eller sosial aktivitet saman med vener og andre på same alder. Det fysiske aktivitets-tilbodet bør kombinerast med til dømes internettkafé eller andre liknande sosiale aktivitetar slik at det blir ein treffstad for ungdom. Open hall i midttime/etter skuletid. Denne modellen går ut på å opne idrettsanlegget for barn og unge i skuletida eller like etter at skulen er ferdig. Opne idrettsanlegg i feriar. Nokre kommunar i Hordaland har valt å opne nokre idrettsanlegg i skulen sine feriar. Målgruppa for dette har vore både barn og ungdom. Kveldskøyring i Eikedalen. Askøy kommune har gjeve tilbod til ungdom om fellesbuss til Eikedalen alpintsenter. Tilbodet har ikkje vore gratis, men subsidiert av kommunen slik at flest mogleg har kunne fått ski-opplevingar i løpet av vinteren. Basistrening for ungdom. Dette kan vere eit ope tilbod for alle ungdommar m.o.t alder, kjønn, meistring og idrett. Fokus er på allsidig og moro trening av basisferdigheiter. Olympiatoppen Vest kan skulere instruktørar i konseptet.
6 Nattcup. Dette er ein cup der ungdom sjølv arrangerer ei mixturnering i ulike aktivitetar på kveldstid/natt. Inntekt på kiosk-sal går til arrangør. Open symjehall/ Funivann. Symjehallen opnast for barn og ungdom, der aktivitetar som undervatn-hockey, dykking, klatring, vatn-diskoket og ulike ballspel vert introdusert. FYSAK Allaktivitetshus. I Bergen finst det ein eigen hall for ungdom som ikkje høyrer til i den organiserte idretten og som ønskjer å drive eigen organisert aktivitet. Hallen opna for publikum 1. oktober 2007 og har utvikla seg til å bli eit populært tilbod for mange ungdommar. Hallen er open frå måndag til fredag frå kl og i helgene frå kl Web-sider/adresser der ein finn meir informasjon
7 FYSAK Allaktivitetshus i Bergen.
8 Kultur- og idrettsavdelinga Agnes Mowinchelsgate 5 Postboks Bergen
Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming
Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming Aktiv kvar dag Vi er skapt for å være i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode
NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10
NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland
Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland Innhald fysisk aktivitet og psykiatri Bakgrunn Kva gjer vi? Kor vil vi? Fysisk aktivitet Kvifor bør vi leggje til rette for fysisk aktivitet for personar
Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kommunar, institusjonar, personar innan psykisk helsevern i Hordaland Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mars 2012 200800612-62/626/HANESPE
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.
HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal
Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.
Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
Ny GIV Oppfølgingsprosjektet
Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Anne Gerd Strand, prosjektleiar Om oppfølgingstjenesten (OT) Utfordringar for OT Samarbeidsavtalen Førmålet med avtalen er å legge til rette for eit styrka og systematisert
KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME
KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering
SØKNAD OM STØTTEKONTAKT
MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama
Rapport Camp Svalbard vinter 2015
Rapport Camp Svalbard vinter 2015 Side 2 av 5 Innleiing Camp Svalbard vinter starta som eit prøveprosjekt mellom Longyearbyen Lokalstye, enhet barn og unge (LL), Arktisk Naturguide (ANG) og Longyearbyen
Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist
Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld
Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013
Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013 Organisasjonen si største utfordring er å skape auka oppslutning rundt orienteringsidretten å ta vare på eksisterande medlemar å rekruttere
Aktiv kvar dag for menneske innan psykisk helsevern
Aktiv kvar dag for menneske innan psykisk helsevern Aktiv kvar dag Vi er skapt for å vere i rørsle. Fysisk aktivitet ei kjelde til glede, velvere og meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gunstige
BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS
BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg
Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist
Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld
Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld. www.hordaland.no
Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld Kvifor skal personar innan psykisk helsevern vere i fysisk aktivitet? Kvifor skal personar innan psykisk helsevern
Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014
Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014 Kristine Mardal, Årdal Frisklivssentral Maren Oldertrøen Enget, Sogn Frisklivssentral Innhald Lovverk folkehelsearbeid Frisklivssentral
Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Foto: NUI / Eivind Senneset Nordhordland
Rekruttering og medlemsutvikling
Rekruttering og medlemsutvikling Eit rikt og aktivt liv. Toppidrett 1970-1984 Maratonlandslaget 1980-84 Har 2 norske rekordar i lange løp NJFF 1985 (29 år) Lærar/rektor 36 år Bjarne Huseklepp NJFF UK-Florø
Sandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
Strandvik Skyttarlag. Agenda. Skytebanesikkerhet
Strandvik Skyttarlag Agenda 1. Om DFS og skytesporten 2. Om Strandvik Skyttarlag Treningstilbod Konkurransetilbud Miljøtiltak & treningssamlinger Landsskytterstevne Lån/kjøp av utstyr og kostnader Krav
Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.
VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418
Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner
Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?
Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell? -eller: korleis rører vi oss, og korleis padlar vi vidare mot 2018? Fjell Noregs beste kystkulturkommune Eit skifte av fokus?
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått
SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL
INFORMASJON HJELPEINSTANSANE
INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
Tilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:[email protected]
Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring
Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin
Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn
Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna
- Offentleg planarbeid
- Offentleg planarbeid Jens Harald Garden, Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga med arbeidet innan idrett, fysisk aktivitet ktiitt og friluftsliv filftli er å skape ein aktiv kvar dag ved
Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.
Giske kommune Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept. Frisklivssentralen i Giske vart åpna 01.10.2012 Organisering/ Lokalisering: Vi held til i Fysioterapi avdelinga ved Giske omsorgssenter,
BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato
Barnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige
LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG 2010-2013
LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG 2010-2013 Innleiing Brusand idrettslag ynskjer å kunna gje ungdom og eldre eit sosialt og idrettsleg tilbod. Planen strekker seg over ein 3-års periode fram til 2013.
Kafédialog Ungdommens kommunestyre
Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.
6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.
Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg
Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2016/99-60 Saksbehandlar: Hanne Espe og Britt Karen Spjeld Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 13.04.2016 Tilskot
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
Bjørnehiet SFO - informasjon
Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?
Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk
VEDTEKT av februar 2007
IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...
MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel
Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14
Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv
Trudvang skule og aktiv læring Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1 Fakta om skulen Bjarte Ramstad, rektor 1-5 skule,
FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007
FUSA UNGDOMSRÅD Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007 KVEN ER VI? 7 medlemer 6 ungdomar 13-20 år: 2 frå elevråd på ungdomsskulen 2 frå elevråd Fusa vidaregåande 2 frie representantar 1 folkevald
Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten
Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen
ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009
Plassebakken Barnehage
Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen
Klubbkonferansen Arbeidsgruppe 4 FFO/Ekstratilbud
Klubbkonferansen 2019 Arbeidsgruppe 4 FFO/Ekstratilbud TELENOR XTRA FFO Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning Kva er Telenor Xtra? Fotballfritidsordning Telenor Xtra FFO (fotballfritidsordning)
Retten til spesialundervisning
Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte
Innovasjonskonferansen Helse- og omsorg 20. 21. mai 2014 - Sogndal. Atle Skrede, rådgjevar fysisk aktivitet
Innovasjonskonferansen Helse- og omsorg 20. 21. mai 2014 - Sogndal Atle Skrede, rådgjevar fysisk aktivitet Spørsmål til refleksjon Vil mangelfullt vedlikehaldne anlegg innby til eigenorganisert fysisk
Resept for eit sunnare FørdeF
Resept for eit sunnare FørdeF Trygg i FørdeF Del av folkehelsearbeidet i Førde F kommune April 2009 Folkehelseprosjektet Stortingsmelding nr. 16 (2002-2003) 2003) Auka satsing på p folkehelse dei neste
INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
2015-2019. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram
2015-2019 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Handlingsprogram 2015-2019 Kvinnherad Kommune 2015-2019
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
Spørjeundersøking om sentrumsområde
Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland
Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet
Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til [email protected].
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her
Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke
Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser
Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år
Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Utviklinga i OT Fleire ungdommar i regionen søkjer ikkje vgs / anna opplæring. Fleire ungdommar i regionen er ikkje klar for det ordinære arbeidslivet sine krav.
Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte
Til AMU Møteinnkalling arbeidsmiljøutvalet Det vert med dette kalla inn til møte i arbeidsmiljøutvalet. Møtestad: Stort møterom Foss, Sogndal Dato: Torsdag 17. oktober 2013 Tidspunkt: Kl. 12.15 14.00 Saksliste
Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:
Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For
Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»
Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar
Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018
Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,
Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.
Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna
PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom 16-19 år
PROSJEKTPLAN - TOPP - idrettsutvikling for ungdom 16-19 år Styrke aktivitets, kunnskaps- og kompetanse utviklinga i idretten i Sogn og Fjordane gjennom lokal oppfølging. Ajourført prosjektplan Etter idrettskrinsstyret
Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand 18-19.10.2012
Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand 18-19.10.2012 Fjell kommune Straume lokalmedisinske senter - under planlegging Intermediær eining; 10 senger til restbehandling Observasjonseining; 4 senger
FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/
FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE 2018-2030 Vedteken i kommunestyret 14.12.17, sak 78/17 Innhald: 1 Bakgrunn 2 sin strategi 3 Dei 10 frivilligpolitiske boda 4 Årshjul
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg
SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN
SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande
Ei god framtid for alle!
Demokrati og politisk styring Ei god framtid for alle! * At kommunereforma skal tuftast på frivilligheit og fakta Senterpartiet har som grunnhaldning at samanslåing av kommunar skal vere frivilleg. Vi
TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule
TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Voss kommune, Voss ungdomsskule. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet
