Postadresse Postboks 987 2604 LILLEHAMMER Besøksadresse Skjåk utmarkssenter (v/skjåk Almenning), 2690 Skjåk og Luster kommune, Kommunehuset, 6868 Gaupne Kontakt Sentralbord: +47 61 26 60 00 Direkte: +47 fmoppost@fylkesmannen.no http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Statens vegvesen Region vest Postboks 43 6861 LEIKANGER Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Vår ref. 2018/268-2 432.3 Dykkar ref. Dato 15.01.2018 Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av snøskuter for transport av vindmålar, vire og anna utstyr Vi viser til dykkar søknad om bruk av snøskuter for transport av vindmålar, vire og anna utstyr innanfor Breheimen nasjonalpark, datert 12.01.2018. Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte den 15.01.2018. I møtet vart søknaden dykkar handsama. Med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4 fyrste alternativ, jf. naturmangfaldlova 48 fyrste ledd, fyrste alternativ, gjev Breheimen nasjonalparkstyre Statens vegvesen løyve til bruk av ein snøskuter frå nasjonalparkgrensa nord for Vanndalsvatnet, og nord til ryggen aust for Myrhyrna i Jostedalen, derifrå kortaste veg i trygt terreng til til Spørteggbu for frakt av vindmålar, vire, anna utstyr og personell ein dag i januar månad 2018. Vedtaket er gjeve på følgjande vilkår: Løyvet gjeld ein dag i januar månad 2018. Løyvet gjeld ikkje søndagar og andre heilagdagar. Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for å gjennomføre arbeidet, og ein skal nytte kortaste veg frå start til Spørteggbu og retur same vegen. SNO skal varslast seinast dagen før køyring, og vil evt. gi melding om det må takast særlege omsyn i området. Kontaktperson er Liv Byrkjeland, tlf: 992 67 670. Løyvet til motorferdsel og køyrebok skal takast med under transporten og visast ved kontroll. Det skal takast særleg omsyn til dyreliv og annan ferdsel i området. Kortfatta rapport om transporten med opplysningar om dato for køyring, tal turar og formål skal sendast Breheimen nasjonalparkstyre etter at tiltaket er gjennomført, innan 1. august 2018. Søkjar opplyser at det føreligg løyve i medhald av motorferdsellova og frå grunneigar. I vurderinga er det lagt vekt på at tiltaket har eit avgrensa omfang i tid og rom, og at bruken av snøskuter ikkje inneber vedvarande forstyrring eller varig inngrep, men at aktiviteten er av forbigåande karakter og vil skje i løpet av ein dag. Ut ifrå ei samla vurdering med særleg vekt på at bruk av snøskuter ikkje vil kome i strid med verneformålet eller verneverdiane, og med dei gitte vilkåra, meiner ein at til taket kan gjennomførast på visse vilkår med heimel i verneforskrifta 4 første alternativ, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd første alternativ. Nasjonalpark Naturreservat Landskapsvernområde Breheimen Høyrokampen Strynefjellet, Mysubytta, Høydalen, Mørkridsdalen, Vigdalen
Vedlagt dette brevet ligg sak nummer 2/2018 frå Breheimen nasjonalparkstyre. Vi viser til vedlagde utskrift frå saksprotokollen. Klage Nasjonalparkstyret sitt vedtak er eit enkeltvedtak etter kap. V i Lov om behandling i forvaltningssaker (forvaltingslova) datert 17. desember 1967. I medhald av kap. VI i forvaltingslova er det klagerett på dette vedtaket, jf. fvl. 28 fyrste ledd. Ein eventuell klage skal stilast til Miljødirektoratet. Klagen skal sendast til Breheimen nasjonalparkstyre v/fylkesmannen i Oppland, Postboks 987, 2626 Lillehammer, innan tre (3) veker etter at dette brevet er motteke, jf. fvl. 29 fyrste leddet. Med helsing Marit Aakre Tennø Leiar i Breheimen nasjonalparkstyre Etter våre rutinar er dette brevet godkjent og sendt utan underskrift Vedlegg Køyrebok, skjema som skal takast med under transporten og visast ved kontroll. Kopi per e-post til: Luster kommune Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Statens naturoppsyn Luster v/liv Byrkjeland http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 2 av 8
Arkivsaksnummer: 2018/268-1 Saksbehandlar: Eldrid Nedrelo Dato: 12.01.2018 Utval Utvalssak Møtedato Breheimen nasjonalparkstyre 2/18 15.01.2018 Sak - Breheimen nasjonalpark - Bruk av snøskuter for transport av vindmålar, vire og anna utstyr - Statens vegvesen Innstilling frå forvaltar Med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4 fyrste alternativ, jf. naturmangfaldlova 48 fyrste ledd, fyrste alternativ, gjev Breheimen nasjonalparkstyre Statens vegvesen løyve til bruk av ein snøskuter frå nasjonalparkgrensa nord for Vanndalsvatnet, og nord til ryggen aust for Myrhyrna i Jostedalen, derifrå kortaste veg i trygt terreng til til Spørteggbu for frakt av vindmålar, vire, anna utstyr og personell ein dag i Januar månad 2018. Vedtaket er gjeve på følgjande vilkår: Løyvet gjeld ein dag i januar månad 2018. Løyvet gjeld ikkje søndagar og andre heilagdagar. Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for å gjennomføre arbeidet, og ein skal nytte kortaste veg frå start til Spørteggbu og retur same vegen. SNO skal varslast seinast dagen før køyring, og vil evt. gi melding om det må takast særlege omsyn i området. Kontaktperson er Liv Byrkjeland, tlf: 992 67 670. Løyvet til motorferdsel og køyrebok skal takast med under transporten og visast ved kontroll. Det skal takast særleg omsyn til dyreliv og annan ferdsel i området. Kortfatta rapport om transporten med opplysningar om dato for køyring, tal turar og formål skal sendast Breheimen nasjonalparkstyre etter at tiltaket er gjennomført, innan 1. august 2018. Søkjar opplyser at det føreligg løyve i medhald av motorferdsellova og frå grunneigar. --- slutt på innstilling --- Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 15.01.2018 Vedtak Med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4 fyrste alternativ, jf. naturmangfaldlova 48 fyrste ledd, fyrste alternativ, gjev Breheimen nasjonalparkstyre Statens vegvesen løyve til bruk av ein snøskuter frå nasjonalparkgrensa nord for Vanndalsvatnet, og nord til ryggen aust for Myrhyrna i Jostedalen, derifrå kortaste veg i trygt http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 3 av 8
terreng til til Spørteggbu for frakt av vindmålar, vire, anna utstyr og personell ein dag i Januar månad 2018. Vedtaket er gjeve på følgjande vilkår: Løyvet gjeld ein dag i januar månad 2018. Løyvet gjeld ikkje søndagar og andre heilagdagar. Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for å gjennomføre arbeidet, og ein skal nytte kortaste veg frå start til Spørteggbu og retur same vegen. SNO skal varslast seinast dagen før køyring, og vil evt. gi melding om det må takast særlege omsyn i området. Kontaktperson er Liv Byrkjeland, tlf: 992 67 670. Løyvet til motorferdsel og køyrebok skal takast med under transporten og visast ved kontroll. Det skal takast særleg omsyn til dyreliv og annan ferdsel i området. Kortfatta rapport om transporten med opplysningar om dato for køyring, tal turar og formål skal sendast Breheimen nasjonalparkstyre etter at tiltaket er gjennomført, innan 1. august 2018. Søkjar opplyser at det føreligg løyve i medhald av motorferdsellova og frå grunneigar. Samrøystes. Dokument i saka Søknad frå Statens vegvesen datert 12.01.2018, om bruk av snøskuter for frakt av vindmålar og utstyr i samband med vedlikehald av verstasjon på Spørteggbu. Søknaden Vindmålaren på verstasjonen på Spørteggbu er kaputt og må bytast. Det same gjeld ein del anna utstyr på den 10 meter høge verstasjonen. I og med at me skal ha med mykje utstyr og verktøy håpar me å få lov til å køyre ein scooter så langt som råd, og evt ta resten av stykket på ski. Ryggen aust for Myrhyrna er jo akkurat innanfor grensa, og hadde me kunne køyrt dit (og om mogleg lenger opp viss føret er godt) hadde det gjort jobben vår betydeleg mykje enklare. Det hastar noko å få dette på plass, og måndag 15. januar er førebels dato for aksjonen. Det er så klart avhengig av veret. Viss det ikkje går å få gjort det den måndagen vil det vere aktuelt å utsette aksjonen, men når er uvisst. Det er i utgangspunktet berre snakk om ein tur. Saksopplysningar Verstasjonen på Spørteggbu vart sett opp i 2017, byggjeløyve vart gjeve av nasjonalparkstyret. Verstasjonen står like ved Spørteggbu (Hytta på Mannen), og ligg på 1550- meters høgde på fjellplatået ved Spørteggbreen like innanfor Breheimen nasjonalpark, aust for Vanndalen i Jostedalen. Blå line i kartet nedanfor viser aktuell trase for bruk av snøskuter, noko avhengig av kvar det er trygt å ferdast. http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 4 av 8
Heimelsgrunnlag Søknaden er vurdert i samsvar med: Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 1. Breheimen nasjonalpark, av 7. august 2009. Naturmangfaldlova av 19. juni 2009 nr. 100. Forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark, Strynefjellet-, Mysubytta-, Høydalen-, Vigdalen- og Mørkridsdalen landskapsvernområde, og Høyrokampen naturreservat. Verneforskrift og verneformål Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta 2 og naturmangfaldlova 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar), samt 7 (prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Hovudformålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Vidare er formålet m.a. å ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald, ta vare på leveområde til villreinstammen i Reinheimen-Breheimen villreinområde, og ta vare på kulturminne. Etter verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, er motorferdsel på land, på vatn og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene 3 pkt. 6.1), med unntak gjeve i pkt. 6.2 og 6.3. Tiltaket vil omfatte motorferdsel i nasjonalparken. Det er ikkje nokon spesifisert dispensasjonsheimel for frakt av materiell, utstyr og personar i samband med vedlikehald av tekniske installasjonar som vèrstasjonen på Spørteggbu. Søknaden må difor vurderast etter den generelle dispensasjonsheimelen i verneforskrifta, 4, jf. naturmangfaldlova 48: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 5 av 8
nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd. I Forvaltningsplan for verneområda i Breheimen er det m.a. gitt følgjande generelle retningsliner for forvaltning og bruk i kap. 3.9 om motorferdsel, og som er relevante i dette tilfellet: Retningsliner for forvaltning og bruk Bruk av motorisert ferdsel bør haldast på eit minimum av omsyn til både verneverdiar og anna ferdsel i området. Eventuelt løyve til motorisert ferdsel skal ta sikte på å ivareta dei heilt grunnleggjande nyttebehova i samband med jordbruksdrift, tamreindrift, frakt av naudsynte materialar, ved, varer og utstyr til hytter og stølshus, samt i samband med vedlikehald og byggearbeid på bygningar og andre installasjonar. Det vert ikkje gitt løyve til rein persontransport. Luftfartøy - Bruk av helikopter vil vere meir formålstenleg og meir miljøvenleg enn snøskuter i ein del tilfelle. Vurderinga om kva for framkomstmiddel som er best, må vurderast frå gong til gong. - Dersom det er mogleg bør flyging samordnast for fleire brukarar så langt det let seg gjere. Aktuelle vilkår ved løyve for bruk av motorkøyretøy - Ved løyve om bruk av motoriserte køyretøy skal det vere maksimal utnytting av lastekapasitet for å redusere talet på turar, og det skal gjerast ei nøktern vurdering av behovet for motortransport. - Det vil det bli sett vilkår om tal turar, køyretrasé og tidspunkt når det er relevant. - Søkjar skal melde frå pr. telefon/sms til Statens naturoppsyn om køyring seinast dagen før køyringa finn stad. - Køyreskjema med dato og rute skal fyllast ut på førehand og takast med under transporten. Etter naturmangfaldlova 7 skal prinsippa i 8 12 leggjast til grunn ved utøving av offentleg mynde, og det skal koma fram av vedtaket korleis prinsippa er vurdert. Vurdering Breheimen nasjonalparkstyre gav i sak 34/16 Meteorologisk institutt løyve til oppføring av ein enkel vèrstasjon like ved Spørteggbu (Hytta på Mannen) i Breheimen nasjonalpark. Spørteggbu, ligg på 1550-meters høgde på fjellplatået ved Spørteggbreen like innanfor nasjonalparken, aust for Vanndalen i Jostedalen. Masta vart montert inntil eksisterande bu. Transporten må vurderast etter verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark 4 fyrste alternativ. Regelen opnar for at det kan gjevast dispensasjon dersom tiltaket ikkje strid mot verneformålet og det ikkje påverkar verneverdiane nemneverdig. I dette tilfellet er det behov for ein tur-retur med snøskuter, ein dag, for frakt av vindmålar, vire, anna utstyr og personell http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 6 av 8
for vedlikehald av vèrstasjonen. Transporten er av forbigåande karakter og løyveperioden er avgrensa. Bruk av snøskuter skjer med utgangspunkt frå Myri i Jostedalen. Kunnskapsgrunnlaget er godt dokumentert gjennom verneplan for Breheimen med kartleggingar og konsekvensutgreiing og etter nær 8 års forvaltningspraksis. Det føreligg såleis god oversikt over kva som påverke natur- og kulturmiljøet i området, jf. naturmangfaldlova 8. Med unntak av Spørteggbu, er det ikkje andre inngrep innanfor nasjonalparken i det aktuelle området. Fråver av motorferdsel og motorstøy er ein viktig kvalitet i utmark generelt, og stort omfang av motorferdsel vil kunne vere uheldig for både fugle- og dyrelivet og kan i tillegg påverke naturopplevinga i verneområdet. Det er difor eit mål å minimere motorferdsel i nasjonalparken og å avgrense motorferdsel til berre det mest naudsynte. Området ligg innanfor beiteområde for villrein i Reinheimen-Breheimen villreinområde. Normalt er det ikkje villrein i dette området. Med transport frå Vanndalen i vest kan ein difor ikkje sjå at motorferdsla vil forstyrre villrein i nasjonalparken. Det er ikkje registrert andre verdifulle naturtypar eller artar, ansvarsartar eller raudlisteartar eller kulturminne i området (jf. Naturbase og Artskart). Ein kan såleis ikkje sjå at bruken av snøskuter i dette tilfellet vil påverke særeigne eller representative økosystem i området eller kulturminne. Bruken av snøskuter vil likevel kunne forstyrre friluftslivet i området. Vanndalen er eit mykje nytta utgangspunkt for toppturar til Vangsen og Spørteggbu vinterstid, og dette er såleis eit viktig område for friluftsliv. Bruk av snøskuter er effektivt og vil likevel vere ei god løysing i dette tilfellet og transporten føregår med ein snøskuter i ein avgrensa periode, ein dag. Ein konstaterer at tiltaket ikkje vil føre til inngrep i landskapet av nokon art. Etter ei konkret vurdering meiner ein at det føreligg tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfaldet og kva effektar tiltaket vil ha på dette mangfaldet. Føre-var-prinsippet får difor lita vekt i saka, jf. naturmangfaldlova 9. Det er lite truleg at bruk av snøskuter i dette tilfellet vil medføre presedens i liknande tilfelle i framtida. Vanlegvis vil ein gå på ski ved ordinært tilsyn med vèrstasjonen. Dette tilfellet er eit sæleg tilfelle utanom ordinært vedlikehald, då vèrstasjonen har falt i bakken og vindmålaren er øydelagd. Det er såleis behov for transport av ny vindmålar og ekstra utstyr. Det er ikkje andre vèrstasjonar i verneområda i Breheimen, og liknande behov i andre verneområde er truleg lite sannsynleg. Ein meiner difor det er lite truleg at det vil oppstå andre tilfelle av same art og at bruken av snøskuter her vil skape presedens i andre saker. Sjølv om tiltaket isolert sett i liten grad vil påverke natur- og kulturlandskapet, må den einskilde søknaden vurderast etter prinsippet om samla belastning, jf. naturmangfaldlova 10. Ved vurdering av samla belastning må alle verneområda i Breheimen sjåast i samanheng. Eksisterande påverknad i desse områda består i hovudsak av bygningar, beiting, utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv, jakt og fiske. Ein er ikkje kjend med andre tilsvarande saker innanfor verneområda i Breheimen, og kan ikkje sjå at aktiviteten vil føre til auka motorferdsel i områda. Med dei vilkåra som er sette meiner ein at den samla belastninga av motorferdsla Statens vegvesen søkjer om, og mogleg framtidig aktivitet i nasjonalparken vil vere akseptabel. Det er ikkje aktuelt å stille fordyrande vilkår. Spørteggbu, ligg på 1550- meters høgde og det er langt frå veg. Naturmangfaldlova 11 og 12 vert difor ikkje vurdert nærare. http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 7 av 8
Etter dette meiner nasjonalparkforvaltaren at tiltaket isolert sett ikkje strir mot formålet med vernet og det første vilkåret i 4, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd er oppfylt. Det andre vilkåret som må vere oppfylt etter 4 i verneforskrifta, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd første alternativ, er at tiltaket «ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig». Verneverdiane er i følgje verneforskrifta 2 å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Vidare er formålet m.a. å ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald, ta vare på leveområde til villreinstammen i Reinheimen-Breheimen villreinområde, og ta vare på kulturminne. Som det går fram av vurderinga av 8 ovanfor, vil det aktuelle tiltaket stort sett ikkje påverke naturverdiar, økosystem, landskap, biologisk mangfald, villrein eller kulturminne nemneverdig. Ein meiner difor at det andre vilkåret i 4, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd, første alternativ, er oppfylt. At vilkåra er oppfylt gir likevel ikkje søkjar krav på løyve. Det må gjerast ei konkret vurdering om det skal gjevast løyve, der ein vurderer fordelar og ulemper ved løyve. Bruk av snøskuter er naudsynt for frakt av ny vindmålar, vire og anna naudsynt utstyr for å få reparert vèrstasjonen. Nasjonalparkstyret har tidlegare gitt løyve til sjølve byggetiltaket. Tiltaket har eit avgrensa omfang i tid og rom, og det er lagt vekt på at bruken av snøskuter ikkje inneber vedvarande forstyrring eller varig inngrep, men at aktiviteten er av forbigåande karakter og vil skje i løpet av ein dag. Ut ifrå ei samla vurdering med særleg vekt på at bruk av snøskuter ikkje vil kome i strid med verneformålet eller verneverdiane, og med dei gitte vilkåra, meiner ein at til taket kan gjennomførast på visse vilkår med heimel i verneforskrifta 4 første alternativ, jf. naturmangfaldlova 48 første ledd første alternativ. http://www.nasjonalparkstyre.no/breheimen Saksbehandlar Eldrid Nedrelo Side 8 av 8