Stryn kommune Arkiv: FA - D11 JournalpostID: 17/14954 Saksbehandlar: Myrtel Janne Thomassen Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval 14.11.2017 146/17 Formannskapet 22.11.2017 Kommunestyret Strynehallen - Leigeprisar 2018 Bakgrunn for saka: Stryn kommune tok over eige og drift av Strynehallen 1.august 2018. I samband med utarbeiding av budsjett for 2018, vert det gjort framlegg om prisjustering av leigesatsar i Strynehallen. Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument: Ikkje vedlagt sakstilfang: KS-109/16 Strynehallen Kommunal overtaking Saksopplysningar: Stryn kommune tok over som eigar av Strynehallen tidlegare i haust. Leigeprisane vart indeksregulert med 2,5% før overtakinga. Tilfeldige leigetakarar fekk prisane justert med 2,5% i januar i år. Prisendringa no gjeld for 2018. Frivillige lag og organisasjonar som leiger hallen har avtale om fastpris. Tilfeldig leige som t.d. Strynemessa og uteområdet i samband med Oktoberfest og Motorfest vert fakturert etter avtale og etter arrangementet er gjennomført. Leigeprisen per i dag er ikkje fastsett etter vedtak om % av bruttoinntekt, men etter gamle avtalar som er blitt prisjustert med ca 2,5% per år. Stryn handball har eigen avtale med Strynehallen om drift av kiosk. Leigeavtalar i Strynehallen kjem som eiga sak over nyttår, og vert ikkje vurdert no. Drifta i Strynehallen har gått med underskot i fleire år. I 2003 tok Stryn kommune på vegne av Strynehallen opp eit lån på 5 250 000. Dei siste åra har styret i hallen hatt problem med å handtere lånet. I perioden Strynehallen ikkje har klart å betale renter eller avdrag på lån, har Stryn kommune betalt dette. Lånet er i dag på ca 2 mill og vert nedbetalt fortløpande per år med ca. kr 280 000.
Det er behov for å styrke økonomien i drifta, slik at utgifter og inntekter kjem i balanse. Det er ei utfordring å få til utan å auke den kommunale overføringa eller auke inntektene i hallen. Leigesatsar per 2017 Type leige Heile året Tilfeldig leige Heil hall 540 ½ hall 270 Stryn vidaregåande skule 781 786 Tonning skule 264 090 Stryn arrangement - Messe Stryn arrangement 100 000 eks. straum 4 000 (uteområdet og garderobar Motorfestival) Stryn handball (Kiosken) 42 799 Stryn handball (uteområdet og garderobar Oktoberfest) Esso Stryn Leige til sal av fyrverkeri 5 125 2 600 Reklameinntekter 21 300 Vurdering: Stryn kommune har som viktigaste mål å tilby barn og unge eit godt trenings- og kamptilbod i Strynehallen. Kommunen vil på best muleg måte vidareføre det gode arbeidet som er gjort i hallen til no, og jobbe for ei god drift og utvikling av hallen vidare. Økonomien har i lengre tid vore vanskeleg og det ligg store utfordringar framover både når det gjeld drift, rehabilitering og utvikling av hallen. Det difor nødvendig å sjå på kva inntekter og utgifter hallen har per i dag. Oppgåvene i hallen er mange og vi har få fast tilsette i hallen å dele dei på, per i dag 1,5 årv. Betalingsmodellen som ligg til grunn for inntektene i hallen har ikkje vore endra på fleire år, det er difor nødvendig å vurdere om den skal endrast for å få til ei betre fordeling av leigekostnader mellom lag/organisasjonar og privat,
samt mellom barn/unge og vaksne. Ein gjer framlegg om ein ny modell for betaling av fastleige og tilfeldig leige i Strynehallen frå 2018. Ny betalingsmodell vil gjere betaling for leige barn og unge billigare enn i dag, medan unge/vaksne over 16 år må betale noko meir. Ein legg og opp til differensiering på leige /trening innabygdslag og utanbygdslag. Dette gjeld og for leige av hallen til utanbygdslag. Tilfeldig leige av Strynehallen og uteområdet bør vere prisvurdert etter brutto inntekt av dei som leiger. Ein gjer framlegg om å innføre eit nytt system som legg opp til att alle arrangement med bruttoinntekt over kr 3000, betalar 10% av bruttoinntekt til Strynehallen. Der billettsal ikkje kan dokumentere salet, skal rekneskap leggast fram. Leige av straum kjem i tillegg. Uteområde skal skjermast for publikum. Eigne avtalar vert utarbeidd for denne type leige i eiga sak. Ein bør og vurdere om merka parkeringsplassar ved hallen skal ha ein type leige om sommaren når tilfeldige bubilar og campingturistar overnattar på området. Leigepris 2018 Type leige Innabygdslag ½ hall Innabygdslag ½ x ½ hall Pris trening per time ½ hall ½ x ½hall Pris per kamp Deltarar under 16 år Deltakarar over 16 år 200 400 400 600 750 300 600 500 700 850 Sogn og Fjordande fylkeskommune / Stryn vgs Leige til sal til undervisning Avtalefesta Vert indeksregulert etter avtale. Pris vert justert i samband med ny avtale Tonning skule Leige til sal til undervisning Avtalefesta Vert indeksregulert etter avtale. Pris vert justert i samband med ny avtale Tilfelding leige av hallen og uteområdet (messer, salsbod, uteområdet i samband med arrangement, dansegalla m.m) Alle arrangement med brutto billettinntekt / inntekt over kr 3000, betalar 15 % av bruttoinntekt som leige Under kr 3000 i inntekt gjeld vanleg leigepris per
time Reklame Drift av kiosk Parkering med overnatting på området frå april-september per merka plass Etter avtale Etter avtale Kr 500. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Leigeprisar for Strynehallen vert endra etter modell ovanfor. Prisane vert gjeldande frå 1.1.2018 tidsrommet 1.april-30.september på uteområdet ved hallen. Ordninga vert å gjelde frå 1.april 2018. Skule- og kulturutval 14.11.2017: Handsaming: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. SK- 050/17 Vedtak: 1. Leigeprisar for Strynehallen vert endra etter modell ovanfor. Alle arrangement med brutto billettinntekt / inntekt over kr 3000, betalar 15 % av bruttoinntekt som leige. Prisane vert gjeldande frå 1.1.2018 tidsrommet 1.april-30.september på uteområdet ved hallen. Ordninga vert å gjelde frå 1.april 2018 Formannskapet 22.11.2017: Handsaming: Skule og kulturutvalet sitt framlegg samrøystes tilrådd.
FO- 146/17 Vedtak: 1. Leigeprisar for Strynehallen vert endra etter modell ovanfor. Prisane vert gjeldande frå 1.1.2018 tidsrommet 1.april-30.september på uteområdet ved hallen. Ordninga vert å gjelde frå 1.april 2018.