KRAFTFÔR FRÅ OTTADALEN MØLLE Ottadalen Mølle SA er eit samvirkeforetak stifta i 1976, og har i dag 171 eigarar frå kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Hovudkontor, kornmottak, kraftfôrproduksjon, lager og butikk ligg i Lom. I Vågå har vi ei avdeling med butikk og lager. Vi leverar kraftfôr i nord-gudbrandsdalen og på vestlandet, og har forhandlarar og lager på Lesja, og i Stryn, Ørsta, Sogndal, Hafslo og Byrkjelo. Produksjonsanlegget har heile tida vore under utvikling og utbygging, og vi har i dag eit kraftfôranlegg med ein produksjon på over 33 000 tonn i året. Totalomsetninga i 2015 var på ca 178 millionar, fordelt på ca 21 årsverk. I tillegg er det mange arbeidplassar tilknytta mølla gjennom bl.a. transport. Ottadalen Mølle SA produserar kraftfôr til drøvtyggjarar og svin. Kraftfôr til fjørfè og hest, samt økologisk kraftfôr får vi levert frå andre bedrifter i Norgesfôrkjeda. I kraftfôret er det spesielt fokus på gode råvarer og kvalitet. Gjennom Norgesfôrkjeda tek vi del i fôrutvikling, og saman med lokal forankring og fleksible løysingar kan vi tilpasse vårt kraftfôrsortiment til lokale forhold.
Våre kraftfôrtyper til drøvtyggjarar og svin: DRØVTYGGJARFÔR NEL 20 /kg TS PBV 20 /kg TS AAT 20 /kg TS DRØV TIDLEGSLÅTT 4,2 6,7-9 120 DRØV MIDDELSLÅTT 4,2 6,7 11 118 DRØV ENERGIRIK HØG m/levande gjær 4,2 7,0 34 126 DRØV ENERGIRIK 4,2 7,0 15 126 DRØV ENERGIRIK LÅG 4,2 7,0-3 126 DRØV GENIAL m/levande gjær 4,2 7,2 5 131 DRØV FASE 1 m/levande gjær 4,2 7,5 15 136 DRØV FIBER STORFE 4,2 6,4 10 110 DRØV KJØTTFE 4,2 6,6 7 121 DRØV MUSKEL 4,2 6,1 7 108 DRØV VEKST m/levande gjær 4,2 6,8 15 123 DRØV INTRO m/levande gjær 4,2 7,1 24 128 DRØV FULLGOD 4,2 6,4 102 130 FEm /100 kg PBV /FEm AAT /FEm DRØV GEIT m/levande gjær 4,2 103 5 105 DRØV SAU MJØLKEFOR 4,2 104 0 120 DRØV SAU VINTER 4,2 94-5 110 DRØV LAM 4,2 93-3 112 BYGGPELLETS 4,2 100-60 98 ROEBLANDING 4,2 95-81 97 Pelletsdiameter Pelletsdiameter Pelletsdiameter FEn /100 kg Råprotein % SVINEFÔR IDEAL 50 4,2 104 16,5 IDEAL DIE STRUKTUR 4,2 109 15,3 IDEAL JUNIOR 4,2 112 17,4 IDEAL JUNIOR MILD 4,2 108 16,1 IDEAL 50 MYSEKOMBI 4,2 104 18,0 IDEAL DIE STRUKTUR MYSEKOMBI 4,2 109 16,5 IDEAL GJELDPURKE MYSEKOMBI 4,2 99 13,1 UTEGRIS 4,2 101 15,7
DRØV Kraftfôr til MJØLKEKYR DRØV TIDLEGSLÅTT: Kornbasert kraftfôr til kyr med moderat yting (opptil 7500 kg EKM), kombinert med surfôr av tidleg hausta gras. DRØV MIDDELSLÅTT: Kornbasert kraftfôr til kyr med moderat yting (opptil 7500 kg EKM) saman med surfôr av gras med middels haustetidspunkt. DRØV m/levande gjær! ENERGIRIK HØG: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av seint hausta gras eller der mykje høy eller halm inngår i rasjonen. Mykje vomstabile råvarer for godt vommiljø. Også aktuell saman med rotvekster og poteter. DRØV ENERGIRIK: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av gras med middels haustetidspunkt. Mykje vomstabile råvarer for godt vommiljø. DRØV ENERGIRIK LÅG: Energirik kraftfôrblanding til kyr med høgare ytingar (7000 9000 kg EKM) saman med surfôr av tidleg hausta gras. Mykje vomstabile råvarer for godt vommiljø. DRØV GENIAL: m/levande gjær! Til kyr med høge ytingar (8000-10000 kg EKM), saman med godt grovfôr. Tilsett vombeskytta feitt og levande gjær for godt vommiljø, auka fôrutnytting og auka feittog proteinprosent i mjølka. Er eit godt alternativ til Fase 1 for kyr med høge ytingar i seinlaktasjon, men kan også brukst gjennom heile laktasjonen saman med godt grovfôr. DRØV FASE 1: m/levande gjær! Vår toppblanding til mjølkeku for maksimalt fôropptak og vommiljø! Tilsett vombeskytta feitt, B-vitamin, antioksidantmix og levande gjær for auka fôrutnytting, godt immunsystem, høge mjølkeytingar, auka feitt -og proteinprosent og motvirking av frie feittsyrer i mjølka. Spesielt tilpassa fyrste del av laktasjonen, men kan også brukast gjennom heile året. DRØV FIBER STORFE: Kraftfôrblanding med høgt fiberinnhald (NDF), og kan brukast som grovfôr-erstattar. Ved moderate ytingar kan blandinga brukast som einaste kraftfôr-slag, men til høgare ytingar er det anbefalt med eit anna i tillegg i topplaktasjon. Mengde som kan gjevast er avhengig av grovôrkvalitet, mengde og fôrtildeling. Varmestabil Levucell Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret vil gje betre vommiljø, betre fôrutnytting, og dermed auka mjølkeproduksjon og meir protein-og feitt per ku per dag.
DRØV Kraftfôr til STORFE I VEKST DRØV INTRO: m/levande gjær! Startfôr for kalv, lam og kje. Smakleg kraftfôrblanding med råvarer og mikroingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst. Inneheld naturleg E- vitamin, prebiotika, levande gjær og mineral tilpassa spedkalven. Anbefalt til kalven er 2-3 mnd. Skifte til anna kraftfôr bør ikkje skje på same tidspunkt som avvenning av mjølk. DRØV KJØTTFE: Til oppfôring av oksar, ammekyr og mellomkalv. Tilsett ekstra kalsium, buffer og vomstabile råvarer for godt vommiljø. Egnar seg for kraftfôrmengder opp til 4-6 kg. DRØV MUSKEL: Til oksar som får ekstra mykje kraftfôr (over 5 kg) ved intensiv fôring og/eller grovfôrmangel. Tilsett ekstra kalsium, buffer og utvalte fiberkilder. DRØV VEKST: m/levande gjær! Eit proteinrikt kraftfôr til kviger og oksar der ein ynskjer høg tilvekst og rask framfôring. Spesialtilpassa vitamin- og mineralinnhald til dyr i vekst. Inneheld levande gjærkultur for optimale mikrobeforhold i vomma og dermed god grovfôrutnytting betre tilvekst. Anbefalt mengde til kviger 0,5 2 kg/dag avhengig av grovfôrkvaliet og alder. Dekkjer dagsbehovet for vitamin og mineral ved ca 1,5 kg/dag (avhengig av innhald i grovfôr og alder på dyret). Anbefalt mengde til oksar: opptrapping til maks 4 kg pr dag. Dekkjer dagsbehovet for vitamin-og mineral ved ca 2,5 kg (avhengig av innhald i grovfôr og alder på dyret). DRØV FULLGOD: Eit pelletert tilskotsfôr til ammekyr. Vitamin- og mineralinnhald tilpassa ammekyr. Anbefalt mengde: 0,5 kg før kalving og gradvis opptrapping til 1,5 kg etter kalving. Maks 1,5 kg pr dyr pr dag. Bør ikkje kombineres med andre vitamin- og mineraltilskudd som inneheld selen og kopar. Må ikkje gjevast til sau. Varmestabil Levucell Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret vil gje betre vommiljø, betre fôrutnytting, og dermed auka tilvekst. DRØV Tidlegslått, Middelslått, Energirik høg/låg Kan også brukast til ungdyr/oksar ettersom ynskt tilvekst og slåttetidspunkt på graset i grovfôret.
DRØV Kraftfôr til SMÅFÈ DRØV GEIT: m/levande gjær! Spesialtilpassa blanding for geit. Høgt energiinnhald for høg avdrått, og moderat AAT-innhald for å halde ei flatare mjølkekurve. Inneheld mykje vomstabile råvarer og levande gjær for høg tørrstoff-prosent i mjølka, auka fôrutnytting og godt vommiljø. DRØV SAU MJØLKEFÔR: Protein og energirik kraftfôrblanding til søyer frå ca 6 veker før lamming og til beiteslepp. DRØV LAM: Fiberrik kraftfôrblanding til oppfôring av kopplam og etterfôring av lam om hausten. Vitamin- og mineralinnhaldet er tilpassa vekst, og vil minske risiko for urinstein. Kan gjevast etter appetitt ved opptrapping over minst 2-3 veker, og det er fri tilgang på godt grovfôr. I tillegg anbefalast det å vaksinere mot pulpanyre. Vomstabile råvarer, antioksidantmix, tilsette B-vitamin og ekstra innhald av vitamin E gjev god mjølkeyting og friske søyer og lam. Blandinga er koparfri. DRØV SAU VINTER Til påsettlam og søyer etter innsett om hausten til overgang til Sau Mjølkefôr om våren. Blandinga er koparfri. Til åringar anbefalast det 0,3 0,6, og til søyer opptil 0,3 kg/dag, avhengig av grovfôr-kvalitet. Sau som får under 0,3 kg kraftfôr pr dag bør få tilskotsfôr i tillegg. ROEBLANDING Tilskotsfôr ved behov for senking av PBV eller meir fiber i rasjonen. Ikkje tilsette mineral/vitamin. Blandinga er koparfri. DRØV INTRO: m/levande gjær! Startfôr for kalv, lam og kje. Smakleg kraftfôrblanding med råvarer og mikroingrediensar som stimulerar til god og tidleg utvikling av vomfunksjon, god helse og høg tilvekst. Inneheld naturleg E- vitamin, prebiotika og levande gjær. Varmestabil Levucell Levande gjær (Saccharomyces cerevisae CNCM I-1077) tilsett i kraftfôret vil gje god vomutvikling på kalv, kje og lam.
IDEAL Kraftfôr til SVIN IDEAL 50: Slaktegrisfôr tilpassa til bruk frå 25-30 kg levandevekt. Blandinga kan brukast som einaste fôrslag gjennom heile slaktegrisperioda, og til purker i kombinasjonsbesetningar. IDEAL DIE STRUKTUR: Til purker i dieperioda og ungpurker fram til fyrste brunstsimulering. Kan også brukast til drektige purker. Eit energirik fôr som sikrar ein høg mjølkeproduksjon, samt råvarevalg som gjev ein sunn magetarmhelse og godt næringsopptak. Mineral-, protein- og aminosyreinnhald justert for å ivareta purka sine eigne kroppsreserver og støtte ein riktig mjølkesamansetning. UTEGRIS Slaktegrisfôr til bruk gjennom heile slaktegrisperioda. Eit lågare energi- og proteininnhald enn IDEAL 50 vil gje ei svakare framfôring. Kan også brukast som sluttfôr på slaktegris frå ca 60 kg levandevekt. Ekstra mineral -og vitamin er tilsett for at blandinga kan kombinerast med andre produkt som f.eks myse, gras og matavfall i rasjonen. Basert på norske kornråvarer og soyamjølfri. IDEAL JUNIOR: Til smågris frå fyrste leveveke til overgang til slaktegrisfôr i besetningar med stabilt miljø og helseforhold. Eit smakeleg og energirikt fôr, med protein- og aminosyreinnhald tilpasse den unge grisen. Utvalte, lettfordøyelige råvarer, organiske syrer og selekterte enzym vil auke tilgjengelegheita av fôret sine næringsstoff, fremme ein sunn tarm og gje høg tilvekst. IDEAL JUNIOR MILD: Eit skånefôr til smågris i besetningar med miljø- eller helseutfordringar som medfører diare. Kan brukast i deler eller heile gjennom heile smågrisperioda. Fôret har eit lågare innhald av energi- og protein enn IDEAL Junior, og er satt saman for å støtte eit mage-tarmsystem i ubalanse. Tilsett immunstyrkande og prebiotiske stoff. ROEBLANDING Tilskotsfôr til purker eller slaktegris ved behov for meir fiber i rasjonen. Gje tørt eller oppbløytt. Støttar god tarmhelse, bedreg til auka råmjølksproduksjon, førebyggjer svoltstress og halebiting. Ikkje tilsette mineral/vitamin.
IDEAL 50 MYSEKOMBI: Som IDEAL 50 saman med myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL DIE STRUKTUR MYSEKOMBI: Som IDEAL Die Struktur saman med myse i eit våtfôringsopplegg. IDEAL GJELDPURKE MYSEKOMBI: Til ungpurker etter brunststimulering og drektige purker saman med mysei eit våtfôringsopplegg. TILSKOTSFÔR Vi anbefaler at alle drøvtyggjarar heile tida har tilgang på saltstein! Til dyr med ingen eller lite kraftfôr er det anbefalt eit mineral/vitamintilskot. Vi har eit godt utval av ulike saltsteinar og vitamin- og mineraltilskotsfôr i både granulat, bøtter, fat og boluser! Spør oss for meir informasjon om dei ulike produkta!
Ottadalen Mølle SA har også såvare, gjødsel, plantevern og andre butikkvarer til landbruket. For kontakt og kraftfôrbestilling ring oss på telefon 61 21 18 20. Kraftfôrbestilling kan også gjerast via vår heimeside www.norgesfor.no/ottadalen Vi tek gjerne ein prat om fôring, val av type kraftfôr, set opp fôrplanar etc, ring da ein av våre fagansvarlege på kraftfôr: Siv Andersbakken: 952 10 509 eller Ragnhild Løkken: 990 02 770 Vi har også salskonsulent på vestlandet: John Magne Erdal: 947 91 579 For oppdatert informasjon sjå vår heimeside www.norgesfor.no/ottadalen, og fylg oss gjerne på facebook via sida vår Ottadalen Mølle SA!